1 minute read

– Litt «cringe» å sjå seg sjølv

Selena Alexandria

Sekse (32) frå

Måløy synest det har vore veldig kjekt å vere ein del av det lokale maskedramaet.

– Responsen har jo vore enorm. Folk hukar tak i meg på Rema for å dele sine teoriar om kven som er bak maskene, ler ho.

Det var Måløydagene-komiteen og Bjørn Tungevåg som hadde ideen om å lage sendingar frå øving og eit liveshow à la Maskorama med lokale artistar. Dei hadde starta jobben med å få tak i artistar og band.

I tillegg skulle Sekse vere kostymeansvarleg.

Ho har kosa seg med arbeidet og fortel om ein herleg Måløydagene-gjeng og mykje latter på møta.

– Kanskje det blir ein date?

For å lage konseptet meir lokalt og eige utvikla Fjordenes Tidende ideen vidare til ein større serie og tok inn andre aktørar enn artistane. Sekse fekk også ei større rolle der, og blei med i serien.

– Eg skal ærleg innrømme at det er litt «cringe» å sjå seg sjølv på skjermen. I alle fall når eg presenterer meg som singel og desperat Eurovisionfan. Men det er trass alt ikkje alle som får si eiga kontaktannonse i Fjordenes Tidende! Kanskje det blir ein date eller to på meg? ler ho. Sjølv om Maskedramaet no har påverka Sekse så mykje at ho har begynt å drøyme om det om natta, er ho spenn klar dersom det blir ein ny sesong. No jobbar Sekse og Måløyda- gene-komiteen intenst med liveshowet søndag 11. juni.

Har band og vokalcoach

Frode Helgestad som i utgangspunktet var hyra inn for å øve med artistane som ønskte det, enda også opp i serien.

– Det har vore ei fantastisk oppleving å få jobbe litt med folk som ikkje har stått åleine på scena før. Då eg gjekk på byen etter at episoden eg var med i blei vist, er det tydeleg at det har vore store diskusjonar i dei forskjellige heimane. Folk veit at dei ikkje kan spørje meg, men likevel prøver dei å fiske etter kven det er. Det er veldig kjekt, seier Helgestad.

Roadtrip for maskeshow

Bandet Cool Valley All Star Band frå Kjølsdalen visste ikkje heilt kva dei gjekk til då dei takka ja til eit oppdrag litt utanom det vanlege. Men dei hadde det veldig kjekt. Bandet som består av Atle Oen, Thomas Hals, Ole Telvik og Leif Telvik gler seg til livekonsert. Og ikkje minst gjer Håkon Kongshaug frå Måløy ein kjempejobb som den heilt rette programleiaren for Måløy maskedrama.

KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no

Torget Mat

Spisested | Thai | Norsk | Sushi | Take-away

Tlf: 454 13 604

This article is from: