1 minute read
Her er dei fem lokale artistane som er med i Måløy maskedrama
I serien Måløy maskedrama møter du Den sorte enke, Bjørnekongen, Spåkona, Trollmannen og Nøtteknekkeren. Her kan du bli litt betre kjent med dei.
Den sorte enke
Den sorte enke har tre barn.
Personen som skjuler seg inni kostymet synest også det er vanskeleg å komme på noko om seg sjølv som ingen veit, fordi han eller ho har vanskar med å la vere å fortelje andre om ting som skjer i livet sitt.
Den sorte enke er heldigvis ikkje redd for edderkoppar.
I eit svart kostyme med korsett har Den sorte enke sunge for oss.
Bjørnekongen
Bjørnekongen er ein person som veldig mange har eit forhold til. Det vil seie at veldig mange i lokalmiljøet veit kven han eller ho er i alle fall.
Personen som skjuler seg inni i bjørnen har ein gong ridd på dromedar i Afrika. Og det var skikkeleg avslappande.
Like avslappande var det ikkje å ha på seg det store maskehovudet til Bjørnekongen. Der inne var det vanskeleg både å puste og synge.
Spåkona
Den fargerike Spåkona i lilla, oransje og rosa har to favorittfargar: gul og blå.
Artisten har også loge på alderen for å få vere skodespelar i ein familiepark.
Det gjekk dårleg den gongen og artisten fekk avslag.
Men Spåkona blei ikkje sparka ut av vårt lokale maskedrama.
Der har han eller ho fått både synge og danse på scena.
Trollmannen
Trollmannen trivst langt over gjen- nom å ferdast langs landevegen og har førarkort på det aller meste. Trollmannen har også ein gong fått køyre hurtigbåten Fjordprins i 38 knop.
• Klarer du gjette kven dei er?
Nøtteknekkeren
Nøtteknekkeren ser eigentleg på seg sjølv som ein ganske kjedeleg person. Som ung var han eller ho ein del av ein gjeng som restaurerte amerikanske bilar og reiste rundt på treff. Det er jo ikkje kjedeleg.
Nøtteknekkeren er også glad i nøtter.
KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no