Stord Hotell ferie & fritid brosjyre

Page 1

STORD HOTELL

Stord Hotell

- EIT BESØK DU VIL HUGSE





Stord Hotell

Velkomen til eit hyggeleg opphald! Stord Hotell er eit fullservicehotell som ligg i hjarta av Sunnhordland - midt mellom Bergen og Stavanger. Hos oss er det kort avstand til alt det Sunnhordland kan by på av spanande natur og kultur. I tillegg ligg me sentralt i forhold til ei rekke bedrifter, samt Høgskulen Stord/ Haugesund. Hotellet er difor ein utmerka stad for både konferanse-, forretning- og fritidsgjester.

Welcome to a memorable stay!

Stord Hotel is a fully licensed hotel conveniently situated midway between Bergen and Stavanger, in the heart of the scenic Sunnhordland region.

Hos oss finn du moderne kurs- og konferansefasilitetar, flotte selskapslokale, eit kreativt og spanande kjøkken, og komfortable rom. Når du er vår gjest ynskjer me at du skal oppleva ei venleg og avslappa atmosfære ved hotellet. Me legg alt til rette for at du skal trivast og ha ei vellykka stund her hos oss.

Whether you are a tourist, a business traveller, or planning a special occasion, you will find everything you need and want. We offer comfortable rooms, good dining based on the very best local ingredients, pleasant banqueting rooms for private parties, a spacious banquet hall, and well-equipped conference facilities.



mat & drikke

Kortreist og godt Gode matopplevingar er viktige for hotellet og me er stolte av å servera deg mat som hovudsakleg er basert på kvalitetsråvarer frå vår region. For å gje deg ein god og energirik start på dagen, får du servert ein velsmakande og delikat frukostbuffé. Til middag tilbyr me ein smakfull a la carte meny, samt ein dagens 3-rettars meny. Måltida blir servert i vår hyggelige restaurant i 1. etasje, like innanfor resepsjonen.

Select local ingredients

Everyone appreciates good dining, and Stord Hotel takes great pride in preparing tasty dishes based on the very best ingredients of our region. Meals are served in our pleasant restaurant on the ground floor,

I samband med restauranten finn du også vår lobbybar. Her slappar du av i rolege og stemningsfulle omgjevnader. Det vert servert gode smårettar og smørbrød, samt noko forfriskande å ha i glaset. I Bonaparte pianobar er det levande musikk kvar dag, med unntak av søndagar.

just beyond the reception – or in a private room just for you and your guests.

For a good pint, relaxing drink and good conversation, we invite you to visit our Lobby Bar and the Bonaparte Piano Bar.



SELSKAP

Fest med god atmosfære Hos oss får selskapet flotte rammer. Hotellet er veleigna for både små og store arrangement med inntil 200 gjester. Me har erfaring med alt frå klassejubileum og julebord, til firmafestar, familieselskap, og mykje anna. Våre dyktige og serviceinnstilte medarbeidarar hjelper deg med planlegginga, og skreddarsyr etter dykkar ynskjer slik at dagen blir eit hyggeleg minne å sjå tilbake på. Hos oss får du den gode atmosfæren og vårt mål er alltid å yte best mogeleg for at ditt selskap skal bli vellykka. Italiensk fiskesuppe med salma, indrefilet av okse, hasselnøttparfait. Høyres ikkje det godt ut? Vårt kjøkken tryllar fram dei lekraste rettar av førsteklasses lokale råvarer. Du kan velja mellom våre mange velsmakande selskapsmenyar, eller saman med vår kjøkkensjef komponera din eigen draumemeny.

Celebrations in pleasant surroundings

Stord Hotel is perfect for intimate parties, as well as celebrations with up to 200 guests. We will provide just the right ambience. Our chef offers a range of exciting menu options, and would be happy to compose something extra special in close cooperation with you.



BRYLLAUP - DÅP – KONFIRMASJON

Dagar for minneboka Days to remember Planlegg du bryllaup, dåp eller konfirmasjon? Me dekker gjerne opp til fest i eit av våre hyggelege selskapslokale. Detaljar er viktige i høve store feiringar, og våre tilsette gjer alt for å legga til rette for at dagen skal bli ei uforgløymeleg oppleving. Me ordnar med oppdekking, blomar og servering. Alt de treng å tenkja på er å ta med bordkort og hyggelege gjester. Då me utvida hotellet i 2010 la me og til rette for enno eit nytt og flott selskapslokale. Gjøa i 9. etasje har tilgang til stor terrasse og ein fantastisk utsikt over Sunnhordland sine fjordar og fjell. Det set ei flott ramme for di storslåtte feiring.

Are you planning your wedding or anniversary, or perhaps a christening or confirmation? Please let us prepare our banqueting rooms for your festivities. Our staff pays careful attention to every detail, to make your celebration a memorable occasion. We will

Blant våre andre selskapslokale er kanskje vårt nyrenoverte selskapslokale i 1. etasje interessant? Det har inventar frå den anerkjende lokale og internasjonale møbeldesignaren Olav Eldøy. Ei perle synes me!

plan the menu, beverages, floral arrangements and table setting according to your wishes. Just bring your guests, and place cards (or leave that to us as

Uansett kvar på huset de vel å ha feiringa dykkar, så finn me saman den beste løysninga for at de skal få ei flott oppleving!

well). Together we will make this a day to remember!



KURS & KONFERANSE

I gode omgjevnader kjem gode resultat Stord Hotell har 10 fleksible møtelokale i ulike storleikar. Det gjer at me kan legga til rette for små og store grupper, alt etter ditt behov. Møteromma har gode planløysingar, dei er utstyrt med alt du treng av tekniske fasilitetar, og dei er tilrettelagde for ei profesjonell gjennomføring. Hotellet sine hyggelege og erfarne medarbeidarar er heile tida tilgjengelige og gjer sitt aller beste for ditt kurs eller konferanse vert inspirerande. Uansett kva type konferanse du er er ute etter; Me kjem opp med ei god løysning!

The right surroundings inspire fruitful results

Stord Hotel offers 10 flexible conference and meeting rooms of various sizes. Whether you are holding a board meeting or brainstorming session, or planning a larger kick-off or conference, we will fulfil your every need. Each meeting room has a convenient layout and is equipped with all the audiovisual aids and technical finesses you might need for a successful result.



HOTELLROM

Alltid noko som passar for deg Hotellet har 309 senger fordelt på 161 rom. Dei har varierande storleik, standard og pris. Alle rom har flislagde bad, skrivebord med arbeidslys, tv, telefon, hårfønar og trådlaust internett. Me har og fleire rom tilpassa allergikarar, samt 6 rom som er spesialtilpassa funksjonshemma. Alle hotellromma våre er røykfrie.

Facilities – for every guest

Stord Hotel has 161 rooms of varying size, standard and price, with a total of 309 beds. Every room is equipped with a tiled bathroom, a desk with

Ynskjer du høgare komfort og større plass kan me tilby businessrom. Desse romma er nyrenovert og har minibar og vatnkokar med gratis kaffi og te, du får også inkludert eit utval av velværeprodukt på rommet. For gjester som ynskjer litt ekstra luksus utover dette, er våre superiorrom eit godt alternativ. Desse romma er frå 2010 og her får ein i tillegg badekåpe på rommet. Dei fleste superiorrom har god utsikt over Sunnhordland.

good lighting, TV, telephone, hairdryer and complimentary wifi. Some of our rooms are especially furnished for guests with allergies, and 6 rooms are specially tailored to the needs of disabled guests. We also offer extra spacious and even more comfortable rooms, for business travellers and other guests. Please note that the hotel has a no smoking policy, but smokers are invited to use convenient designated areas outside.


Aktivitetar PÅ HOTELLET Alle våre gjester kan fritt nytta hotellets symjebasseng, sauna og solarium. Me kan òg tilby eit nytt og lyst treningsrom, og gratis utleige av syklar. I NÆROMRÅDET Hystadmarkjo naturreservat Idylliske Hystadmarkjo er eit svært populært turområde og området er det største med svartorskog i Nord-Europa. Stien gjennom eit av dei mest særmerkte natur- og kulturområdene i Hordaland er 2 km lang. Landåsen turområde Landåsen er ein av dei mest brukte naturstier på Stord, og det er kun 10 min. gange til turområdet frå hotellet. Terrenget er lett og passar derfor godt til både sykling og barnefamilier. Kattnakken Fjelltoppen Kattnakken er 724 m.o.h. og når det er fint vér er det flott utsikt frå toppen. Turen tar ca. 1-2 timar og høgdeforskjellen frå parkeringsplassen til toppen er på 300 meter. GOLF Kristtornskogen Golfpark - www.kristtornskogengolf.no Stord Golfpark - www.stordgolf.no

Activities at our hotel All guests have free use of our swimming pool, sauna and solarium. Our hotel also offers a pleasant new gym, and has complimentary bicycles for your excursions and explorations. Nearby • Hystadmarkjo Nature Reserve • Landåsen – recreational area • Kattnakken – a mountain walk • Kristtornskogen Golfpark • Stord Golf Park



Attraksjonar Sunnhordland Museum På Sunnhordland Museum kan du besøka 11 gamle bygningar i rolege omgjevnader i Vidsteensparken. Det er kafé og aktivitetar for barn kvar laurdag og søndag. Stord Maritime Museum På Stord Maritime Museum får du eit innblikk i Sunnhordlands industrielle maritime historie dei siste 100 åra. Museet ligg på Nattrutekaien og har kafé og aktivitetar for barn.

Gruvemuseet – Litlabø (Stordø Kisgruber) På Gruvemuseet er det fleire aktiviteter å vera med på. Her kan besøkande ta gruvetoget rundt på uteområdet og eit stykke inn i fjellet. Ein har også guida turar i gruvegongane og ein kan sjå utstillinga i arbeiderbustaden. Venelaget for Gruo tar imot grupper etter avtale.

Galleri Giga Eit kunstgalleri med separatutstillingar av kjende norske kunstnarar. Galleributikken tilbyr eit breidt utval av bilete, skulpturar og kunsthåndverk.


Attractions • Sunnhordland Museum • Stord Maritime Museum • The Mining Museum at Litlabø • Gallery Giga


KONTAKT

Reservasjon Epost: booking@stord-hotel.no Tlf: +47 53402500 Kjøtteinsvegen 67, 5411 STORD Epostadresse: info@stord-hotel.no Nettside: www.stord-hotel.no

Fly: 45 min.

Hurtigbåt: 1 time 30 min. Bil / buss: 2 timar 30 min.

BERGEN

Bil / buss: 45 min.

Stord Hotell

OSLO

Hurtigbåt / bil / buss: 2 timar 30 min.

HAUGESUND

STAVANGER


BERGEN

Os

Austevoll

Folgefonna

Tysnes

Stord

Bømlo

Haugesund

Karmøy

en

fjord

enes

Skud

STAVANGER

Kvinnherad


Stord Hotell




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.