Rekrutteringsbrosjyre Bremnes Seashore

Page 1

Gladlaks #bremnesseashore

Ekte arbeidsglede hos den mest spennande lakseprodusenten i verda


Å bryta bølgjer...

2


Flinke folk. Rein sjø. Smakfull sunn fisk. I Bremnes Seashore handlar det om nettopp det. Om menneske som vil og evnar å vidareforedla naturresursane på ein god og miljøvenleg måte. Produkta Bremnes Seashore produserer gjennom sine selskap er kjende for sin unike kvalitet. Unik kvalitet får ein berre ved å ha unike medarbeidarar. Det har me i Bremnes Seashore. Det er me stolte av!

Men me har ikkje for vane å liggje i vindstilla og vere sjølvtilfredse. Me må bryte bølgjer for å vere innovative. Me må utfordre gamle halvsanningar. Me må satse på nye produkt. Og me må gi moglegheiter for nye og spennande menneske. Berre slik kan me utvikle oss vidare. Me går oppstraums. og tru oss: me er klare for å bryta nye bølgjer!

3


Bremnes Seashore

Ein arbeidsplass for deg? Svarar du ja på eit eller fleire av spørsmåla under oppmodar me deg til å lesa vidare på neste side. Ja

Nei

Likar du å arbeide med hendene? Har du interesse for tekniske løysingar? Vil du arbeida i ei verksemd der det er mogleg å gjera karriere? Ynskjer du å ta eit fagbrev? Kunne du tenkt deg å arbeida administrativt innan økonomi eller personal? Er IT – og dataløysingar di greie? Er sal av kvalitetsprodukt noko som fristar? Tenkjer du å ta ei høgare utdanning? Vil du arbeida i ei framtidsretta næring? Betyr gode arbeidsvilkår, velferdsordningar og godt miljø noko for deg?

Vart eit av svara ja? Flott!

4


Folk hos oss har både fagutdanningar, og utdanningar frå universitet og høgskular. Det heile fungerer som eit puslespel. Kvar og ein brikke er naudsynt for å få det komplette biletet av Bremnes Seashore! Og me ynskjer stadig å styrkja vår bedrift med nye engasjerte, arbeidsame og dyktige medarbeidarar. Kanskje me sjåast?

Her er nokre av dei yrkesgruppene me har i bedrifta vår: »» »» »» »» »» »» »» »» »»

»» »» »» »» »» »» »»

Fagarbeidar akvakultur Fagarbeidar fiskeindustri Automatikar Elektrikar Industrimekanikar Kokk Fagarbeidar i kontorfaget Fagarbeidar innan logistikk Ingeniørar innan faga: »» IT »» Biologi »» Automasjon »» Akvakultur »» Bygg og anlegg »» Havbruk Bachelor i biologi – marinbiologi og akvakultur Høgskulekandidat innan akvakultur Høgskulekandidat frå BI Næringsmiddelteknolog Bedriftsøkonom Statsautorisert revisor Revisor

Les meir på www.seashore.no

5


6


Lakseliv Mellom holmar og skjer vest for Bømlo er det stor matproduksjon i den blå åkeren. Hanne Grytdal og Alfred Økland praktiserer kunnskapen som gir god fiskevelferd og den beste avlinga. Bli med dei på båttur i vill vestlandsnatur!

7


09.07

* Oslo Plaza har til samanlikning eit volum på 97 000 m3

– Det er hektisk, krevjande og gøy når me held på. HannE GrYTDaL

8

Alfred set båten i gir. Baugen reiser seg og «Kari» skyt fart ut frå Øklandsvågen og bortover vassflata. Alfred lener seg framover. Justerer gasshendelen slik at båten marsjar på 20 knop. Kursen er sett mot fiskeanlegget vest for Bømlo, der brottsjøane blir knuste mot dei små holmane. – Dette er ein jobb for dei som er sjølvstendige og likar litt røffe forhold, ropar Hanne i baugen. Ho er til dagleg anleggsansvarleg ved oppdrettsanlegget på Talgje i Ryfylke. – Eg kallar anlegget «mitt» i Rogaland for Langholmen Panorama. For det er så fint der. Men no er ho altså saman på oppdrag med Alfred utanfor

Øklandsvågen. Dei skal sjekka nøter, og sjå til at fôringa går som ho skal. Han legg skutesida inn mot merden. Ein liten tøtsj på baug-thrusteren og båten ligg heilt i ro. Hanne hoppar bort på gangvegen som går rundt merden. Rutinert fortøyer ho båten i løpet av ein augneblink. – Det er 72 000 m3 i ei slik not*. Me er sjølvsagt svært nøye med at den til ei kvar tid er 100 %, fortel Alfred. I dag er dei to på oppdrag. Men om nota skulle vore skifta så måtte dei hatt mange fleire kolleager med. – Me er gjerne 10 kollegaer og nyttar 3–4 båtar ved eit notskift. Me klarar to notskift på ein dag, fortel Alfred. – Noko av det kjekkaste eg gjer er å arbeida med notskift. Det er hektisk,


– Hos oss er det 99 % reint vatn og 1% laks i merdane.

krevjande og gøy når me held på, legg Hanne til, medan ho sjekkar at nota på anlegget er som den skal vera. Alt ser ut til å vera i orden. Snart er dei attende i båten. No er det Alfred som tek fortøyingane. Hanne manøvrerer båten med retning föringsflåten på naboanlegget. Vinden tek tak i håret og smilet kjem fram. – Det er ein veldig kjekk jobb dette! Motvinden stikk nesten av med orda. Hanne gir gass. «Kari» pløyer bølgjene elegant. Det er ikkje tvil om at dette er ein jobb der ein kjem i tett kontakt med naturkreftene. Ein får jobba med hendene, og ein får kjøra båt i fantastisk natur. Det er fysisk

God stemning når Alfred og Hanne sjekkar nota på anlegget.

Hanne i arbeid med krana på fôrlektaren.

9


Alfred og Hanne er svært nøye når nøtene skal sjekkast. Det sikrar anlegget mot lakserømming.

10


arbeid og action i same pakke. Og mykje meir. – Her ser du korleis fisken eigentleg har det i merdane. Hanne peikar og forklarar. Borte er flytedress og støvlar. Ho sit i eit varmt kontrollrom på flåten. Her er kjøkenkrok, sofasittegruppe og ei rekke dataskjermar. – Det er utruleg viktig at fisken har det bra heile tida. Her har me skjermar for ulike anlegg og kan overvaka og ha kontroll på anlegget 24 timar i døgeret, fortel Hanne engasjert. Alfred skjenker i ein kopp med kaffi, medan Hanne studerer «live»bileta nede i merden. – Her kjem det fram kor god plass fisken eigentleg har det i våre anlegg. Hos oss er det ca. 1% laks og 99 % reint sjøvatn, fortel Alfred.

Alt ser alt til å væra i orden både over og under vassflata. Så er det på an igjen med flytedressane. Det er meldt uvær med enorme nedbørsmengder. Like greitt å setja kursen innover. Alfred gir gass. I baugen sit Hanne. Ho nyttar høvet til å spleisa eit tau. Tydeleg at ho let tankane fara. Om det er gutar, Langholmen Panorama, eller Stavanger Oilers som går gjennom hovudet på Tau-jenta er uvisst. Alfred ser ut til å kopla ut han og. Om det er bil, fotball eller damer han tenkjer på er ikkje lett å vita. Me trur mest det er det siste. Men han kan tydelegvis gjera fleire ting på ein gong uansett, for han legg båten roleg og kontrollert inntil brygga. Oppdraget er utført!

Med overvakingskamera over merdar og anlegg har Hanne full kontroll på anlegget. Herifrå kan ho og styra fôringa.

11.52 11


Benedikte og Odd Kristian byrja samstundes som lærlingar i Bremnes Seashore. I dag er dei begge fagarbeidarar. Men korleis har dei det eigentleg på jobb?

Duell Det er klart for

– Korleis fekk du vita om lærlingetilbodet i Bremnes Seashore? BEnEDIKTE: – Det var då eg var utplassert frå skulen, og via ei annonse i Bømlonytt. oDD KrIsTIan: – Det var då eg var utplassert frå vidaregåande på Rubbestadneset.

Odd Kristian Habbestad » » » »

12

Yrke: Automatikar Fritid: Fotball Høyrer på: Alt mogleg ser på: Home and Away

– Korleis var første dag på jobb? BEnEDIKTE: – Då var eg her som sommarvikar. Hugsar eg helste på mange tilsette, og at eg var med og lagde blåser på utblødarkar. oDD KrIsTIan: Eg huskar at det var spesielt mange å helsa på den dagen.


– Kva enkeltepisode hugsar du spesielt godt frå lærlingetida? BEnEDIKTE: – Den eine sommaren. Det var skikkeleg fint vêr ute på Hillesøyanlegget. oDD KrIsTIan: – Det var då eg var på sløyemaskinkurs i Ålesund. Lærerikt, og sjølvsagt sosialt på kveldstid! – Når tok du fagprøven? BEnEDIKTE: – I 2012. oDD KrIsTIan: – I 2012. – Korleis er det å væra ung i Bremnes Seashore? BEnEDIKTE: – Veldig kjekt! oDD KrIsTIan: – Det er heilt topp. Me har veldig godt miljø, og får jobba med masse forskjellig. – Kva er mest typisk for Bremnes Seashore? BEnEDIKTE: – Fiskefabrikken! Eg synes det er kult at me kan ha ein slik fabrikk på Bømlo. oDD KrIsTIan: – Salma! Og at det er ei familieverksemd. – Korleis vil du karakterisera din duellant? BEnEDIKTE: – Odd Kristian er høgt og lågt, veldig pratsam, og litt «frampå». Og klart flinkare enn han vil ha det til. I tillegg kan han vera litt småfrekk i kjeften, he he. oDD KrIsTIan: – Sa ho det om meg? Benedikte seier rett ut det ho meiner. Ho er veldig inkluderande, og flink til å organisere. Og blir ho forbanna er det greitt å skygga banen nokre timar!

Benedikte Gåsland » » » »

Yrke: Automatikar Fritid: Vener og hund Høyrer på: Rockemusikk ser på: Kjekke gutar

13


Visste du at... Laks

Laks

Bremnes Seashore er ein del av Bremnes Fryserikonsernet. Verksemda omfattar oppdrett av settefisk og matfisk, samt pakking, foredling og sal av laks. Me er ca. 250 tilsette, har aktivitet i ti kommunar i Hordaland og Rogaland og har hovedkontor og fabrikk i Bømlo kommune. Me omsette i 2013 for 1,4 milliardar kroner. 14

Pakkeriet vårt kan handtera eit volum på

400 tonn laks pr. dag.

Me har settefisk- og matfiskkonsesjonar i Rogaland og Hordaland.

3

Settefisk

21

Matfisk­ konsesjonar

Me eig merkevara

SALMA Noregs einaste merkevare for laks


Det jobbar ca.

Slakteriet vårt

250 6100 gladlaksar har ein kapasitet på

fisk i timen

hos oss

Me pr. nordmann

elar av v

middagar

ks til st o r

da r e

r la

20

portere s k e

ed

Me produserar årleg i gjennomsnitt

Det tek om lag to og eit halvt år frå rogna blir klekt ut til laksen kan haustast. 15


– Eg elskar laks. Eg klarar 20 millionar bitar til! jonas Eide, 6 ür

Me produserer sunn mat av dei beste rĂĽvarene i havet...

16


– Å arbeida med oppdrett er ein spennande jobb. Ein må vera omstillingsdyktig og kunne ta ulike utfordringar! alfred Økland

...og haustar med erfaring og klokskap

17


– Ei annonse med tittelen «Kvalitetsleiar» endra alt. RAGNHILD KRINGELAND 18


Kontroll på kvaliteten For Ragnhild Kringeland er ingen dag lik. Spennet i arbeidsoppgåver er variert, ho arbeider både på kontor og i felten. Men målsetnaden er alltid den same; Topp kvalitet i alle ledd. – Det er ingen problem med for få utfordringar i denne jobben. Ragnhild ler. Ho synest det berre er positivt. Og at kvardagen hennar spenner over mange arbeidsområder er det ingen tvil om. – Eg har blant anna ansvar for interne og eksterne revisjonar. Jobbe med produktspesifikasjonar, risikoanalysar, opplæring, forbetringssystem og kvalitetsrapportering. Og sjølvsagt arbeide med å ha kontroll på alt kvalitetsarbeid i bedrifta. GOD TAKHØGD Ikkje vanskeleg å sjå at Ragnhild stortrives. Men så er ho då også svært nøgd med tingenes tilstand. – Her er mange positive, kjekke og kunnskapsrike menneske som er flinke til å ta vare på kvarandre. Og det er rikeleg takhøgd for ein god diskusjon. Det likar eg! VILLE TIL VESTLANDET Det var nokså tilfeldig at Ragnhild byrja å jobbe i Bremnes Seashore. – Eg tok utdanninga mi ved Høgskolen i Sør- Trøndelag. Etter det jobba eg ei stund i Næringsmiddeltilsynet. Men eg hadde lyst å bu på Vestlandet. Ei annonse

med tittelen «Kvalitetsleiar» endra alt. Det freista å arbeida med akkurat det; Kvalitet! KVIFOR KVALITET BETYR NOKO Og ho og kollegaene må ha gjort noko rett. For frå fabrikken i Øklandsvågen kjem blant anna Salma-produkta som er kjende for å væra noko av det mest velsmakande ein kan få tak i av fersk norsk laks. – Salma viser kor mykje kvalitet betyr for å lukkast. Me har samstundes ei stor oppgåve å følgje opp den kvaliteten Salma og dei andre produkta våre representerer. Me må heile tida ha fokus på å tilfredsstille kundane våre, slår Ragnhild fast.

Ragnhild Kringeland »» Utdanning: Næringsmiddel­ teknolog »» Stilling: Kvalitetssjef

Ein del av Ragnhild sin jobb er å fylja opp kvalitetsarbeidet i produksjonen.

RELEVANTE UTDANNINGAR Og eit verkemiddel er å ha godt utdanna medarbeidarar. – Me treng kompetanse i alle ledd. Folk som vil ta fagbrev. Folk med relevante utdanningar. Enten det er regnskap, teknisk, personal, eller andre fagområde. På den måten kan me halda på posisjonen vår som ein av dei mest attraktive matprodusentane i laksenæringa, avsluttar kvalitetssjefen.

19


EIN KJAPP PRAT MED HEIDER AKBERY

Løysningsorientert formann #1 #2

– Når byrja du å arbeide i Bremnes Seashore? – Den 11. mai 2004.

#3 #4

– Beskriv kollegaene dine: – Dei er hyggjelege og kjekke folk!

20

– Kva moglegheiter har du fått her? – Eg har fått utvikla meg og fått ansvar. Eg har jobba på prosesslinje, vore sjåfør av råstoff, og sidan 2009 har eg vore formann på produksjon og foredling.

– Kva er dei største utfordringane i jobben din? – Her er stort sett ikkje problem me ikkje klarer å løysa. Eg er nøgd.

#5 #6

– Kva må ein vere god på i din jobb? – Å halde god kvalitet på alt ein gjer!

#7

– Anbefaler du Bremnes Seashore som arbeidsplass til andre? – Ja det gjer eg. For det er spennande å arbeide med Salma-produkta og dei andre kvalitetsvarene våre!

– Kva betyr det for deg å vere med å ­produsere sunn god mat? – Det betyr mykje. Eg synest det er flott at me klarar å laga ferske og sunne matprodukt.


...OG EIN MED JIHAD SALIH

Stolt logistikk­ medarbeidar #1 #2

– Når byrja du å arbeide i Bremnes Seashore? – August i 2011.

#3 #4

– Beskriv kollegaene dine: – Dei er vener, og dei er positive og hjelpsame.

#5

– Kva må ein vere god på i din jobb? – Ein må kunne handtere mange baller i lufta på samme tid og heile tida ha evna til å være på «forskot» av situasjonar. I tillegg må ein vere dyktig til å sjå samanhengar og kunne takle stress.

#6

– Kva betyr det for deg å vere med å produsere sunn god mat? – Eg er stolt av det. Dette er dei beste kvalitetsvarene i marknaden. Eg gjev meir enn gjerne Salma-gåver til familie og vener.

#7

– Anbefaler du Bremnes Seashore som ­arbeidsplass til andre? – Eg anbefaler det til alle. To vener av meg har fått jobb her etter at eg oppfordra dei til å søke.

– Kva moglegheiter har du fått her? – Eg byrja som trucksjåfør. Men leiinga såg at eg hadde høgare utdanning og ynskte at eg skulle arbeide meir administrativt. No jobbar eg som logistikkmedarbeidar. Det trives eg veldig godt med!

– Kva er dei største utfordringane i jobben din? – Eg hadde aldri sett ein fiskefabrikk før. Eg er opprinneleg frå Midt-Austen og måtte lære meg alt, blant anna språket. Men eg lærer raskt!

21


Min jobb IDA-KATHRIN NERBØVIK FISKEHELSEBIOLOG

– Kva er din jobb? – Det er å følgje opp helsa til fisken, og då spesielt settefisken. I tillegg er det ein god del prosjektjobbing. – Kva er den kjekkaste delen av jobben? – Det er definitivt feltarbeid. Det å vere ute og arbeide direkte med fisken. – Kva oppleving i Bremnes Seashore gløymer du aldri? – Det var då me var på Aqua Nor 2013 og møtte Kurt Oddekalv. Spesielt!

TERJE SÆVERUD IT-SJEF

– Kva er din jobb? – Eg har ansvar for alt som har med IT å gjera i bedrifta. Det gjeld alt frå kommunikasjonsløysingar som å bygge ut nettverk for oppdrett, og innkjøp av utstyr og programvare. Eg arbeider også med rådgjeving og planlegging av nytt produksjonsutstyr og programvare, samt brukarløysingar i produksjonen og på pc. – Kva er den kjekkaste delen av jobben? – Det er at det er variert. Det er alltid noko nytt å bryna seg på i ei slik stilling. – Kva oppleving i Bremnes Seashore gløymer du aldri? – Havari på en produksjonsserver kort tid etter at eg var byrja i jobben.

22


HMS og velferd

HMS HMS er viktig for Bremnes Seashore. Me vil at våre tilsette skal komme uskadd heim til middag, og i tillegg ha hatt ein triveleg dag på jobb. Arbeid med risikoanalysar, vernerundar, interne revisjonar, eit aktivt arbeidsmiljøutval (AMU), samt stort fokus på bruk av verneutstyr, er skadeførebyggjande arbeid som skjer kvar dag rundt i dei ulike avdelingane. Bremnes Seashore har i HMS-arbeidet tett samarbeid med Ysst HMS som er leverandør av bedriftshelsetenester. Me er også ei IA-bedrift (Inkluderande Arbeidsliv). VELFERD Kantine: I Øklandsvågen er det open kantine kvar dag. Her er tilsett ein eigen kokk som lagar til eit godt middagsmåltid dagleg. I tillegg finn ein eit fast utval av varer i kantinekiosken. Friskus: Bedrifta vår ønskjer å fokusere på helse og trening. Me meiner at ein tilsett som trener

blir sterkare, gladare, får færre belastningsskadar og blir mindre sliten. For å motivere til dette har me eit poengregistreringsprogram som heter Friskus. Ved nok poeng er ein kvalifisert til månadens premie. I tillegg trekk me ein gåvekortvinnar månadleg. Fritidsbustader: På Voss (biletet t.h.) har me hytte som kan leigast av dei tilsette. Denne ligg flott til i Bavallstunet, berre eit steinkast frå skiheisane. Me har også ei fin leilegheit i Altea i Spania (biletet t.v.) som er svært populær.

Bremnes Seashore har fritidsbustader i Altea (Spania) og på Voss som kan leigast av dei tilsette.

FORSIKRINGAR Bremnes Seashore AS har helse­ forsikring og gruppelivsforsikring for dei tilsette, og me er omfatta av ordninga med AFP (avtalefesta pensjon). I tillegg har me utvida yrkesskadeforsikringa med dekning på fritida, samt den lovfesta obligatoriske tenestepensjonsforsikringa med uføredekning. 23


BERGEN

Her finn du oss:

Fusa Jondal

Os

Austevoll

Folgefonna

Tysnes

Fitjar

Kvinnherad

Stord Bømlo Etne

Sveio

Haugesund

Vindafjord

Tysvær

Me har òg salgskontor i Bergen, Oslo, Stockholm og Paris.

Karmøy Bokn MATFIsk

Finnøy

sETTEFIsk PAkkERI/FOREDLING/ADM.

Strand Les meir på www.seashore.no 24

n

jorde

f enes Skud

STAVANGER

Sandnes


Alltid p책 veg mot nye m책l

25


Hei! I ei bedrift av vår storleik treng me folk med ulike eigenskapar og kompetanse. Me treng den gode produksjonsmedarbeidaren, den ryddige økonomen, den motiverte automatikaren, og den fagleg dyktige driftsoperatøren. Men først og fremst; Me treng folk som gjer kvarandre gode! Er du ein person som bidrar til eit godt fellesskap? Er du ein medarbeidar som rosar din kollega? Fell det deg naturleg å dela

26

kunnskapen du har med den du arbeider med? Ei av mine viktigaste oppgåver er å motivera folk til å dra lasset i same retning. Skapa gode utviklingsog karrieremoglegheiter. Skapa entusiasme rundt eit felles mål om at Bremnes Seashore alltid skal vera den mest attraktive aktøren i næringa. Og skal me vera det, er me heilt avhengig av å ha dei gode medarbeidarane. Eg håpar me sjåast!


– Me treng folk som gjer kvarandre gode! OLAV SVENDSEN ADMINISTRERANDE DIREKTØR 27


Bli med på laget vårt!

Les meir på seashore.no send ein e-post til jobb@seashore.no

Bremnes Fryseri as Øklandsvågen, 5430 Bremnes sentralbord: Tlf 53 42 82 00 E-post: bremnes@seashore.no www.seashore.no

OKTAN Stord — Foto: Øyvind Sætre / Magne Langåker / Jan Rabben / Svein Ulvund / Bremnes Seashore

Me er verdsleiande i vår bransje. Me strekk oss heile tida etter nye mål! Gjer du?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.