Bremnes Fryseri (norsk)

Page 1

BREMNES FRYSERI

Haustar med erfaring og klokskap


Det handlar om sunn mat. Det handlar om hausting frĂĽ havet. Det handlar om gode arbeidsplassar. Det handlar om berekraftig produksjon. Det handlar om kvalitet og lokal identitet.

Det handlar om oss i Bremnes Fryseri. Â

2


BREMNES SEASHORE AS (100 %) Smolt, matfisk, pakking og foredling SALMON BRANDS AS (100 %) Marknadsføring og sal av SALMA produkt

BREMNES FRYSERI AS Morselskap i konsern, eigedom og aksjar

KALD FISK AS (100 %) FoU selskap SØLVFISK AS (100 %) Konsesjon smoltproduksjon OCEAN QUALITY AS (40 %) Sal og distribusjon av heilfisk og foredla laks SÆVAREID FISKEANLEGG AS (16,67 %) Produksjon av smolt

3


« Olav Svendsen Sr, ca 1965.

4

Det er eit privilegium å få lov til å gje forbrukarane i Noreg og resten av verda kvalitetsfisk på bordet!


Gründer og innovatør Bremnes Fryseri har i alle år vore ei familiebedrift med base på Bømlo. Det var far min, Olav Svendsen Sr. som i 1937, med stort pågangsmot starta opp med mottak av tang og tare på kaiane heime i Øklandsvågen. Då var han berre 14 år gammal. Han hadde sans for kjøp og sal, og det gjekk ikkje så mange åra før min farfar gav han ansvaret for mottaket av villaks og hummar. Dette hadde vore grunnlaget for handelsstaden Øklandsvågen i fleire hundre år. I 1946 vart det sett i gong ei utbygging, og verksemda vart flytta over vågen til Kvednavikjo. Bremnes Fryseri tok i mot makrell, la makrellrogn på boks, og vart mottak for blant anna reker, krabbe, størje og sei. På 1950-talet starta ei epoke på nær 30 år der pigghå vart viktigaste ressurs. Ja, mottaket var på denne tida verdas største pigghåmottak. Parallelt vart det gjort forsøk på å klekkja ut aure. Klekking av rogn på Goddo og matfiskoppdrett i

ein avstengd våg utanfor Øklandsvågen danna grunnlaget for den vidare veksten. Bremnes Fryseri har heile tida stått for fornying, utvikling og berekraftig hausting frå havet. Det er eit privilegium å få lov til å gje forbrukarane i Noreg og resten av verda kvalitetsfisk på bordet. Strenge kvalitetskrav og framifrå dyktige medarbeidarar har gjeve oss Noregs første merkevare på fersk fisk. Me har i dag hand om heile produksjonskjeda for laks, og me er ei av dei største privateigde oppdrettsverksemdene for laks i Noreg. Bremnes Fryseri held framleis til i Øklandsvågen, men er representert med mange oppdrettslokasjonar andre stadar. Salmon Brands held til i Oslo og me har fleire internasjonale salskontor. Dei siste åra har me utvida vårt anlegg på Bømlo med blant anna eit stort nybygg. Det husar moderne slakteri, foredlingsanlegg, kjøleterminal og administrasjonslokale. Det har heile

tida vore svært viktig for oss å halda på vår lokale identitet og vera ein attraktiv arbeidsgjevar. Me ynskjer å visa det gjennom trivselsfremjande tiltak for våre tilsette, og som aktiv støttespelar for lokalt idretts, kultur- og ungdomsarbeid der me har aktivitet. Ser me på vår historie er den prega av gründermentalitet og innovasjon. Me ynskjer å vera marknadsleiande på kvalitet og utvikling også i åra som kjem. Med våre positive og dyktige medarbeidarar er eg sikker på at me vil nå våre mål!

BREMNES FRYSERI

Olav Svendsen jr. Konsernsjef

5


6


Haustar med erfaring og klokskap Grunnfilosofien bak lakseproduksjonen til Bremnes Fryseri er «Look to nature». Heilt frå laksen er rogn til han er vaksen prøver me å kopiera tilhøva i naturen etter beste evne - ut frå det me veit om biologien til villaksen. Målet er å skapa best mogleg fiskehelse og fiskevelferd, to særs viktige byggjesteinar som ligg i botn for heile verksemda vår. Me startar allereie med rogna, som me plasserer på ein kunstig «elvebotn» av plastsubstrat. Denne liknar på oppvekstmiljøet lakserogna har på elvebotnane ute i naturen. Bremnes Fryseri har oppdrettsanlegg på 23 lokalitetar. Fellesnemnaren for alle desse lokalitetane er gode straumtilhøve og reint, friskt vatn. Me justerer anlegga for å sikra optimal plassering på kvar einskild stad.

For å auka trivselen og betra helsa til fisken vår ytterlegare, er me svært opptekne av å halda tettleiken i merdane låg. Difor nyttar me merdar som er ekstra store. Resultatet er at 160 m merdar med fullvaksen laks består av 99 prosent vatn og berre har ein prosent fisk. Dette er om lag halvparten av det styresmaktene set som krav. Eit anna særpreg ved oppdretts­ verksemda vår, er at me også nyttar

ekstra djupe nøter i merdane. På den måten let me fisken sjølv velja kva vassjikt han vil opphalda seg i, og laksen kan symja til den delen av sjøen som har mest optimal temperatur for årstida. Når ein fisk er sett ut i ei merd, let me han bli der frå han vert sett ut til han er fullvaksen. Me verken sorterer eller flyttar laks frå merdane. På den måten unngår me situasjonar som kan påføra fisken unødig stress.

BREMNES FRYSERI

7


Me sikrar trygg produksjon og topp

8

Rogn

Yngel

Smolt-utsetjing

JANUAR 2011

MARS 2011

APRIL 2012

Me har utvikla rogn med spesielt gode eigenskapar i samarbeid med stamfiskanlegg.

Rogna blir klekt ut og yngelen veks fram i eit ferskvatnanlegg.

Laksesmolten pü omlag 100 gram vert sett ut i sjøen der han veks fram til han kan haustast.

BREMNES FRYSERI


kvalitet!

Vekst

Hausting/foredling

APRIL 2012–AUGUST 2013

AUGUST 2013

I merdane våre er det ekstra god plass for laksen. Kombinert med friskt vatn og gunstige straumforhold sikrar me laksen god fiskehelse.

Laksen på omlag 5 kilo blir transportert levande frå dei ulike oppdrettsanlegga, til opptak og handsaming ved fabrikken i Øklandsvåg.

Til forbrukar Ferdige produkt av ulike slag blir klargjort og lasta for distribusjon til kundar over heile verda.

BREMNES FRYSERI

9


Inge Robberstad Leiar settefiskanlegg

10


Bondesonen som vart smoltekspert Inge Robberstad er oppvaksen på ein gard med matproduksjon. Og han ynskte sjølv å bli husdyrbonde. Men ting gjekk ikkje helt etter planen. I staden vart han havets bonde. Han hadde det klart for seg. Inge skulle gå på jordbruksskulen. Men der var det 18 års aldersgrense for å komma inn. Så det enda med at han i 1978, som 17-åring tok turen til Øklandsvågen og spurte Olav Svendsen Sr. om det var mogeleg å få arbeid. Jo, om han kom att neste dag så skulle dei sjå om det ikkje var noko han kunne gjera. Sidan har han hatt sitt daglege virke hjå Bremnes Fryseri. – Det har vore ei rivande utvikling, konkluderer Inge. Rett mann på rett plass Han er leiar for anlegget i Gjeravågen på Bømlo. Eit av Bremnes Fryseri sine tre settefiskanlegg. Årleg har anlegget ein konsesjon på 1,2 millionar fisk. Inngåande

kunnskap er heilt avgjerande for å lukkast med smolt av god kvalitet. Med 35-års erfaring er Inge rett mann på rett plass. – Dette var eit av dei fyrst settefiskanlegga i Noreg. Sidan den gong ha me bygd om 3-4 gonger. Det har me gjort fordi me alltid har som mål om å vera det beste settefiskanlegget i bransjen. Dyrevelferd Inge fortel om eksklusiv befrukta rogn dei har einerett på, om klekking, om dei pinleg nøyaktige krava til temperatur i kara, og om matmengder og vaksinering. På veggane heng ei rekke datablad og prosedyrar. Areala er strøkne og ryddige. Inne som ute.

– Me er oppteken av å ha det ordentleg rundt oss. Det hjelper oss til å ha fullt fokus på dyrevelferd og at fisken får utvikla seg sakte. Det får den hos oss. Og den har dobbelt så stor plass i kara i høve til det som er krava. Blir ikkje arbeidsledige Når smolten reiser frå Gjeravågen med brønnbåt er han i to storleikar. Enten rundt 90 gram eller mellom 100 og 120 gram. Men Inge og hans kollegaer blir ikkje arbeidsledige av den grunn. – Me har heile tida kara våre fylt opp med fisk i ulik storleik og alder. Det er heldigvis nok å henga fingrane i, avsluttar Inge. Odelsguten som vart smoltekspert.

BREMNES FRYSERI

11


Den forsiktige starten Bremnes Fryseri bruker rogn frå Salmo Breed-stamma. Produksjonen av stamfisk og rogn byggjer på målretta avlsarbeid. Avlsarbeidet er målretta for å trygga godt smoltutbytte, høg superiordel og optimalt filetutbytte. Avlsarbeidet har og fokus på helseeigenskapar som gir motstand mot dei biologiske utfordringane fisken møter i produksjonstida.

12

BREMNES FRYSERI

Stamfiskanlegga som leverer rogna er sertifisert etter GlobalGAP-standarden og slik sikrar me at dei har kontroll på produksjonen sin. Rognproduksjonen er basert på familieavl for å få fram ein laks med dei beste eigenskapar. Me kjøper augerogn til våre settefiskanlegg. Resten av produksjonssyklusen styrer me i eigne anlegg.


SETTEFISK

Yngel i tusental Verksemda har tre settefiskanlegg som produserer smolt. Desse anlegga er Gjeravåg og Skålevik i Bømlo, og Trovåg i Vindafjord. I tillegg eig selskapet 16,7% av Sævareid Fiskeanlegg. Ein viktig faktor for å lukkast med lakseproduksjon er å ha smolt med god kvalitet. Me har difor satsa mykje på å byggja ut settefiskanlegga slik at dei held ein god moderne standard.

Dei naturgitte tilhøva ved settefisk­ anlegga våre er ulike og me har derfor lagt vekt på at produksjonen vert tilpassa dei naturgitte føresetnadane. Kvart av anlegga tilpassar sin produksjon av mengde og storleik for å optimalisera utsett og produksjon i sjø. Produksjon av smolt må og ta omsyn til dei naturgitte rammevilkåra for å få ein fisk som er motstandsdyktig mot ulike

biologiske utfordringane og som veks godt i sjøen. Kunnskap er nøkkelen for å lukkast med settefiskproduksjon. Me har medarbeidarar som har tileigna seg god kompetanse og erfaring. Resultatet av gode driftsanlegg, god kontroll på vasskvalitet og ein engasjert arbeidsstokk, gjev gode og stabile driftsforhold og ein optimal smoltkvalitet.

BREMNES FRYSERI

13


14


Vekst i takt med naturen I Rogaland og Hordaland har alle Bremneskonsernet sine 23 ulike lokalitetar gode oppvekstkår for laksen, med skikkelege straumforhold og reint friskt vatn. Det er gjort store investeringar for å sikra gode arbeidsvilkår og god vekst i produksjonen. Vår satsing på ekstra store merdar gjer at fisken trivest betre og me får ei betre fiskehelse. Samstundes har dei som arbeider på anlegga gjort ein stor innsats

i å optimalisere produksjonsmetodar og utnytte produksjonsutstyret på best mogeleg måte. Me arbeider mykje med ulike tiltak for å oppnå lik kvalitet på fisken heile året. Me ynskjer også sterkt å vera innovatørar innanfor miljøtenking, og leggja til rette og arbeida aktivt for å redusera biologiske utfordringar mest mogeleg. I tillegg til drift av eigne

lokalitetar, samarbeider me med lokale oppdrettsselskap gjennom samdrift på fleire lokalitetar. I 2011 la me brakk eit stort område i indre Sunnhordland og i 2012 i ytre Sunnhordland. Resultata av dette viser seg å vera svært positive. Same tiltak vert nytta i andre soner dei kommande åra. «I takt med naturen» er vår målsetnad. Med slike tiltak når me våre mål!

BREMNES FRYSERI

15


Yvonne Sett Fiskoppdrettar

16


­— Eg har draumejobben Det er små bylgjer på sjøen utanfor Øklandsvågen på Bømlo. Yvonne Sett styrer arbeidsbåten stødig mot oppdrettsanlegget og arbeidsplassen sin vest i havet. Hadde nokon for fem år sidan sagt til Yvonne at ho skulle bu i Noreg, arbeida med laks og køyra båt til og frå jobb, ja då hadde ho ledd høgt. Med god grunn. For Yvonne er oppvaksen i Parchen, halvanna times biltur frå Berlin, og er utdanna farmasøyt. Men eit besøk i Noreg gjorde ho nysgjerrig. Kanskje eit år i Noreg kunne vera spennande? Eit år er blitt til 3,5 år, tre månaders intensivkurs i norsk er blitt til flytande bømladialekt. – Eg stortrives med dette arbeidet. Eg får arbeida både inne og ute og det er veldig varierte oppgåver. Eg er svært

oppteken av at fiskane våre skal ha gode oppvekstvilkår og at dei har det bra så lenge dei går i merdane våre, seier Yvonne engasjert. Eit puslespel Ho fortel om fysisk krevjande arbeid, vedlikehald, sikring av anlegg, foringsrutinar og oppfylging av prosedyrar. – Me må vera oppdaterte heile tida. Jobben vår er som eit puslespel. Alle brikkene må på plass, og me må utføra arbeidet vårt på ein trygg måte.

Bodskapen frå Yvonne er ekte. Ho smiler. Eit ærleg smil. Og om Kevin Costner kunne danse med ulvar, ja så kan Yvonne tyde lakseåtferda. – Eg har etterkvart lært meg «å lese» når fisken har det bra. Og det har den! Rognkjeksen Ho legg millimeterpresist til med båten ved oppdrettsanlegget. Fortøyer og stegar lett opp i 2. etasje på fóringslekteren. Peikar på ein av overvakingsskjermane i kontrollrommet. Fortel om kva ein skal sjå etter når ein skal

BREMNES FRYSERI

17


«lesa» fisken. Ein rognkjeks har festa seg til det eine kameraet. – Me har eit spennande prosjekt gåande med rognkjeksen. Den har vist seg å vera effektiv med lakselus, og no vil me prøva han ut i fleire anlegg. Yvonne brenn verkeleg for å gjera ein god jobb for både fisken, kollegane og Bremnes Fryseri. Ho er vald som

18

verneombod i bedrifta og held på å ta fagprøven som driftsoperatør i akvakultur. Berlin vs Bømlo Er ho ein snartur til Berlin, saknar ho den friske sjølufta på vestsida av Bømlo. – Det er her eg likar meg best no. Eg føler meg som ein havets bonde. For det er det eg er. Eg passar på fisken, steller

med den og gjer den fór slik at den veks. Ein sunn matprodusent! Yvonne hoppar lett opp i arbeidsbåten att. Løyser tampen. Gjer gass og set kursen mot neste anlegg vest i havet. Kostar på seg eit lite smil. Dette må jo vera ein av dei beste jobbane ein kan ha!


ÂŤ

Eg stortrives med dette arbeidet!

19


H82

2

1 3

2

1 3

Hausting frå havet 25 000 TONN PR. ÅR

20

Å få til ein mest mogeleg effektiv og god prosess i forbindelse med slakting er viktig for Bremnes Fryseri. Difor har me etablert eit heilt nytt slakterianlegg som er moderne og heilt i verdsklasse. Bygginga av dette starta i 2010 og vart ferdigstilt i 2011. Det nye anlegget gjev ytterlegare betre kvalitet på våre sluttprodukt, og

BREMNES FRYSERI

også større fleksibilitet for oss og våre avtaleprodusentar. I tillegg er det godt hygienisk design på anlegget, det har god ergonomi, og kapasiteten er svært bra. I 2012 vart det pakka om lag 40 000 tonn sløyd vekt på slakteriet. Frå juni 2012 hadde me ein kapasitet på 6100 fisk pr. time, noko som er meir enn ei dobling av kapasiteten frå førre anlegg. I løpet

av 8 timar utgjer det 48 800 fisk og 244 000 kg. Auka produksjonskapasitet har og gjeve oss nye moglegheiter. Me leverer no slaktetenester til ei rekke andre lakseprodusentar. Dette gjev meirverdiar for alle partar. Kvaliteten pakkenummer H 82 er kjend for vert sikra gjennom positive og dyktige medarbeidarar i slakteriet.


Frå råvare til delikatesse Siste produksjonsledd før lakseproduktet vert sendt ut til kunden vert gjort på vår topp moderne foredlingsfabrikk. Den vart teken i bruk i 2009. Det vart lagt spesielt vekt på hygiene ved etableringa av det nye anlegget. På den måten klarar me å tryggja kvaliteten på dei produkta me produserer. I tillegg er fabrikken utstyrt med utstyr av høg kvalitet, og som gjev god fleksibilitet i høve til ordresamansetninga.

I 2012 vart 6 500 tonn råvare foredla i fabrikken. Av dette vart 3 900 tonn ferdige filetprodukt, herav 1 400 tonn Salma. Og nettopp Salma gårFRYSERI gjennom FRÅ BREMNES PR. ÅR som ein raud tråd i produksjonen. Våre tilsette si utmerka haldning til å levera premium-produkt til kundane våre, gjer

25 000 tonn

at me har ein sterk posisjon i marknaden som etterspør meir og meir ferske foredla lakseprodukt. Ein posisjon me vil arbeida hardt for å halda påNORDMANN også i framtida. PR. PR. ÅR

5 kg

15 midda PR. NORDMANN

15 MIDDAGAR

PR. NORDMANN

25 000 tonn FRÅ BREMNES FRYSERI PR. ÅR

5 kg PR. NORDMANN PR. ÅR

21


Hekta på laks For Sissel Innvær er laks nærast blitt ein livsstil. Ho foredlar laks, ho et laks og gjev bort laks. I tillegg er ho sjølve symbolet på stabil arbeidskraft. Sissel er ei dame til å stole på! Det er elleve år sidan Sissel byrja å arbeide i Bremnes Fryseri. Det har ho ikkje angra ein dag på. – Eg synes dette er ein flott arbeidsplass. Sjølv om det tidvis er travelt så trives eg veldig godt. Eg er kry av å arbeida med Salma-produkta. Me som arbeider her er svært opptekne av at kvaliteten skal vera god. Kjekke kollegaer På Salma-linja har dei mange ulike stasjonar som dei rullerer på for å sikra eit best mogeleg produkt. – Når ein arbeider slik me gjer så er samarbeidet veldig viktig. Med dei kjekke og flinke kollegaene eg har så går det fint.

22

BREMNES FRYSERI

Laks på St. Hans Sissel si utprega positive innstilling skin gjennom. Når ho ikkje er på jobb er ho ein aktiv turgåar, og ein stor laksekonsument. – Eg likar å vera i rørsle og er dårleg på å sitta i ro. Difor går eg mykje på tur. Og i matvegen er eg svært glad i laks i ulike variantar. Hos oss grillar me laks i staden for pølser på St. Hans. Og skal eg gje ei gåve til nokon er det gjerne eit Salmaprodukt. Det blir alltid godt motteke. God ambassadør Ja ho er så glad i laks og så stolt over produkta ho er med og produserer, at ho ikkje kan gå forbi ein fiskedisk utan å sjekke om butikkane har nokre

kvalitetsprodukt frå Bremnes Fryseri å tilby kundane. At ho er ein god ambassadør for arbeidsplassen sin er det altså ingen tvil om. God helse har ho også. – I løpet av dei siste 10 åra har eg vore borte ein dag på grunn av sjukdom. Eit betre eksempel på stabil arbeidskraft kan ein vanskeleg finna. Ja, Sissel er heilt klart ei dame til å stola på!


«

Eg er kry av å få arbeida med Salma-produkta! Sissel Innvær Driftsoperatør foredling

23


— Rü laks er det beste eg veit! Jonas Stautland Eide Fiskeglad barnehagegut

24


Jonas (5) elskar laks. Helst vil han ha fisken rå. – Er det lenge til han der fotomannen kjem? Jonas kikkar lengtande mot sashimifatet. Han får ikkje forsyne seg av den rå laksen før fotografen er på plass. Fisk blir berre meir og meir populært blant ungar. Noko av grunnen er nok utvalet i delikate beinfrie produkt. Jonas er ihuga tilhengjar av Salma-laks. – Dyppelaks er det beste eg veit! Det er godt og sunt, og så blir du smart. Tenk kor smart eg blir når eg har ete tusen milliardar fisk, då! «Dyppelaks» er Jonas sitt namn på laks dyppa i soyasaus. Når resten av familien et steikt laks, spør femåringen om han heller kan få fisken rå.

– Det er viktig å ikkje ta på for mykje soyasaus, forklarar han. - Og du må i alle fall ikkje drikke sausen. Då får du mageknip. – Er det noko anna en soyasaus du liker å ha saman med laksen? – Banan. – Banan? – Ja! – Er det sant? Jonas ler og ristar ivrig på hovudet. – Eg berre tullar! Han kikkar bort på dei rotete notata til intervjuaren. – Er det løkkeskrift du prøver deg på, eller?

Fem minutt etter er fotografen på plass. Jonas kan endeleg gå laus på favorittretten; først med etepinnar, etter kvart med hendene. – Eg prøver å lære meg å ete med pinnar, men at det er lettast å bruke hendene. Den unge fiskeelskaren er så opptatt av å nyte laksen at han nesten ikkje har tid til å smile til kameraet. Brått er fatet tomt. – Har me meir? spør fotografen. Mor i huset nikkar, og far skjer nye lakseskiver. – Du klarar eit par bitar til? – Eg elskar Salma-laks. Eg klarar tjue millionar bitar til!

BREMNES FRYSERI

25


Sunn og god mat Oppdrettslaks er sunn og god mat. Laks frå Bremnes Fryseri held høg kvalitet og er trygg å eta, då produkta våre blir kontrollerte og dokumenterte heilt frå rognstadiet og fram til ferdig vare. Bremnes Fryseri er godkjent etter dei internasjonalt kjende standardane GLOBALG.AP, BRC (British Retail Consortium) og Friend of the Sea, i tillegg til at me oppfyller ei rekkje kundespesifikke kvalitetskrav. GLOBALG.AP stiller krav til alle delar av produksjonen vår, og set fokus på matvaretryggleik, miljøvern, helse, miljø og tryggleik, samt dyrevelferd. BRC er ein global standard for næringsmiddel som fokuserer på trygg mat. Friend of the Sea er ein standard som set krav til miljøpåverknad og berekraft. For å sikra at me leverer sunne og førsteklasses produkt, har Bremnes

26

BREMNES FRYSERI

Fryseri eit strengt kvalitetssystem. Dei viktigaste elementa i kvalitetssystemet vårt er grundig opplæring av tilsette, sporbare produkt, og kontroll og overvaking av produksjonsprosessane. Opplæring: Dyktige og engasjerte medarbeidarar er ein føresetnad for å kunna produsera varer av høg kvalitet. Mange av våre tilsette er fagarbeidarar innan fiskeindustri- og akvakulturfaget. Alle nye tilsette får ei innføring i hygiene, HMT (helse, miljø og tryggleik) og dei aktuelle produksjonsoppgåvene dei skal jobba med. Sporbare produkt: I Bremnes Fryseri er alle produkta våre fullt ut sporbare. Det vil seia at me kan følgja historia til kvar einaste fisk. Dette gjer me med eit

kvalitetssystem som merkjer, samlar og tek vare på alle opplysningar om kvar einskild fisk. Desse opplysningane set oss i stand til å følgja bakgrunnen og utviklinga til laksen heilt frå rognstadiet og fram til kunden. Kontroll og overvaking: Bremnes Fryseri fører nøye kontroll med dei ulike produksjonsprosessane. Me utfører mikrobiologiske, kjemiske og sensoriske analysar av produkta, produksjonsutstyret og vatnet me nyttar etter ein fastsett plan. Temperaturmålingar og kontrollar av reingjeringar er også med på å sikra produktkvaliteten. Vidare hjelper regelmessige målingar av kvaliteten, fargen og feittinnhaldet i fisken oss til å produsera laks med jamn kvalitet, i tråd med kundespesifikasjonane.


Omega-3 Omega-3 (EPA+DHA) Omega-3 Omega-3 i v책re lakseprodukt gjev betre effekt p책 helsa enn Omega-3 innpakka i kapslar.

27


Med sans for kvalitet Merkevarebygging er noko av det mest spennande Inger Saxebøl kan arbeida med. Ikkje rart at kombinasjonen Inger og SALMA fungerer utmerka. Som marknadssjef i Salmon Brands har Inger ein av dei mest spennande jobbane innanfor sitt felt i Noreg. Stikkord er anerkjent merkevare, nasjonal og internasjonal marknad, samt gode framtidsutsikter. – Det er gøy å arbeide med ei merkevare som dei aller fleste har eit positivt forhold til, og som dei er stolte forbrukarar av. Eg tør påstå at introduksjonen av Salma på den norske marknaden har endra forbrukarane sin måte å nytta seg av fersk fisk på. Salma har gjort det enkelt for folk flest å lukkast med fisk. Og så er jo ungar veldig glade i Salma-laks! Eit utruleg bra lag Inger leverer bodskapen enkelt og sannferdig. Det er ekte kjensler for

28

BREMNES FRYSERI

produkta, ekte engasjement for kva forbrukarane skal kunne forvente av Salma-fisken, og ekte karakteristikkar om kollegaene hennar. – Sidan eg vart tilsett i Salmon Brands i 2009 har eg heile tida vore del av eit utruleg bra lag som står bak heile verdikjeda til SALMA. Eg ser på meg sjølv som svært heldig som får arbeida med slike spennande menneske og gode produkt. Eg kan med handa på hjarta sei at eg gler meg til å gå på arbeid kvar dag! Salma i kortversjon Om ein ber Inger karakterisera SALMA med eit ord, kjem svaret både raskt og tydeleg. – Kvalitet! Ingen grunn til å utdjupa det nærare. Og framtida ser lys ut.

– Eg ser på SALMA som Noregs aller mest spennande merkevare med internasjonalt potensiale. I dag sel me omlag 80 % av vårt volum i Noreg, og dei resterande 20 % hovudsakleg i Sverige, Sveits og Frankrike. Men det er høgt forbruk av laks i den internasjonale marknaden og potensialet framover er svært godt. For oss er det uansett viktig å vekse i rett tempo, og møte dei marknadane som etterspør våre unike kvalitetsprodukt!


«

Eg ser på SALMA som Noregs aller mest spennande merkevare med internasjonalt potensiale. Inger Saxebøl Marknadssjef Salmon Brands

29


Ut i verda Hovudmarknaden til Bremnes Fryseri sine produkt ligg utanfor landegrensene. Med v책r lokalisering er me tett p책 EU-marknaden og Russland. Kort veg til flyplassar gjer at me og kan f책 v책re ferskvarer raskt av garde til marknadane lenger vekke.

30


31


Salmon Brands Hovudprodukt: Salma-fileter. www.salma.no

32

I 2012 overtok Bremnes Fryseri heile eigarskapen i Salmon Brands og stadfesta med det den langsiktige satsinga innan lakseprodukt av høgaste kvalitet. Salmon Brands eig merkevara SALMA, som er ei sterk merkevare innan fersk foredla laks. Gjennom Salmon Brands har ein klart å bygga ein ny matvarekategori og ei ny merkevare innan fersk fisk. Dette er unikt og basert på god kunnskapsformidling av eit eineståande produkt. Salmon Brands er i dag representert med hovudkontor i Oslo, og har salskontor i Stockholm og Paris. Organisasjonen

BREMNES FRYSERI

består av 15 tilsette på dei tre kontora. I tillegg nyttar selskapet innleigd personell i sals- og marknadsarbeidet. I 2012 hadde selskapet ein omsetnad på om lag 220 millionar kroner, ei volumauke på 28 % frå året før. Auken i salet skuldast auka etterspurnad og utvida distribusjon. I tillegg til ein god posisjon i heimemarknaden, har selskapet opparbeidd seg eit godt kundegrunnlag i Sverige, Frankrike, Sveits og Tyskland.


For å styrkja posisjon i marknaden etablerte Bremnes Fryseri og Grieg Seafood i 2010 eit felles salsselskap, Ocean Quality. Etableringa er ein styrke for begge selskapa gjennom større salsvolum, og eit meir komplett produktspekter. Selskapet er tatt godt i mot i marknaden og har fått ry som ein stor og seriøs aktør. Ocean Quality har direkte kontakt med kundane, og ved å komma tettare på desse får me trygga verdikjeda vår, kundane vert bevisste på kven me er og den unike kvalitet me står for.

Ocean Quality er i dag representert med hovudkontor i Bergen, og salsavdelingar på Bømlo og i Beijing. Organisasjonen er effektiv, med relativt få personar som handterer eit stort volum på ein god måte. I 2012 selde selskapet 73 000 tonn heil og foredla laks for 2,2 milliardar kroner. Laks frå Bømlo Fryseri vart i fjor mat på bordet blant anna i Paris, Berlin, Amsterdam og Tokyo.

BREMNES FRYSERI

Ocean Quality Hovudprodukt: Fersk og fryst heilfisk, samt filetprodukt. www.oceanquality.no

33


BERGEN Fusa

28 ANLEGG I NI KOMMUNAR:

Jondal

Os

BØMLO

Austevoll

Folgefonna

SVEIO

Tysnes

Fitjar

Kvinnherad

KVINNHERAD

Stord Bømlo

JONDAL Etne

VINDAFJORD Sveio

Vindafjord

FINNØY Haugesund

Tysvær

STRAND Karmøy MATFISK

Bokn

SANDNES

Finnøy

SETTEFISK PAKKERI/FOREDLING/ADM.

Strand

34

den sfjor

ene

Skud

STAVANGER

Sandnes

FUSA


Internasjonal salsaktivitet Ocean Quality har hovudkontor i Bergen. Selskapet driv aktivt salsarbeid og har kundar i store delar av verda, men med hovudvekt p책 Europa, Asia og NordAmerika. Med god logistikk g책r det fersk laks til desse marknadane dagleg fr책 Ocean Quality. Salmon Brands har hovudkontor i Oslo og internasjonale salskontor i Stockholm og Paris. Hovudmarknaden til selskapet er i Noreg, med dagleg distribusjon av SALMA-produkt. Selskapet driv utbreidt sals- og marknadaktivitet i store delar av Vest-Europa.

BREMNES FRYSERI

35


Dei som gjer dette mogleg Kjenneteiknet på ei god og veldriven bedrift er flinke og positive folk. Det har me i Bremnes Fryseri. Fleire har du fått eit lite møte med i denne faldaren. Me har kunnskapsrike, arbeidssame og dyktige medarbeidarar i alle ledd. I Bremnes Fryseri er det mange som ope fortel at dei er stolte av å arbeida i verksemda. At dei er stolte av å produsera Salma. Og at dei er stolte av å kunna vera havets bonde og produsera millionar av sunne laksemiddagar til menneske verda rundt. Me er stolte av å ha dei som medarbeidarar!

36

Me veit at folk trivest når dei får interessante og spennande arbeids­ oppgåver. Og at dei tilsette set pris på den flate strukturen i bedrifta, der det er korte kommunikasjonsliner og god takhøgd. Slik ynskjer me det skal vera også i tida som kjem. Saman dreg me den mest spennande og innovative norske lakseverksemda i same retning. Inn i framtida mot nye marknadar. Med mål om å vera den føretrekte leverandøren av norsk laks. Det klarar me med dyktige tilsette som viktigaste ressurs!


Haustar med erfaring og klokskap

BREMNES FRYSERI

37


Høg trivselsfaktor For vår bedrift er det viktig med god trivsel blant dei tilsette. Me har difor ein hovudstrategi for HMT/ personale me arbeider etter. Me vil auke trivselen ved å arbeide med motivasjonsfremjande tiltak, sjukefråværsoppfylging, reduksjon av arbeidsulukker og kompetanseheving. Vår HMT-sjef Silje Kathrine Alvsvåg er tydeleg i sin bodskap. – Me ynskjer at Bremnes Seashore skal vera ein arbeidsplass der dei tilsette merker HMT i praksis, og at ein blir inkludert. HMT skal ikkje berre vera fine ord på papiret. Målingar me gjorde i 2012 viser at trivselsfaktoren er høg, og sjukefråværet har gått ned kvart år sidan 2008. Det er me stolte av!

38

BREMNES FRYSERI

Sjukefråvær

2012:

8% 7%

4,3%

6% 5% 4% 3% 2% 1%

2008 2009 2010 2011 2012


39


OKTAN Stord — Foto: Øyvind Sætre / Magne Langåker / Jan Rabben / Bremnes Seashore

Bremnes Fryseri AS Øklandsvågen, 5430 Bremnes Sentralbord: Tlf 53 42 82 00 — Fax 53 42 82 01 E-post: bremnes@seashore.no www.seashore.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.