Kværner Systemposten 2015

Page 1

DESEMBER 2015

SY S T EM P

O S T EN

SYSTEMPOSTEN

1


Det lyser i stille grender Det lyser i stille grender av tindrande ljos ikveld, og tusunde barnehender mot himmelen ljosi held.

Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by, den evige himmelsongen som alltid er ung og ny.

Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall, som kom og vart heimsens frelsar som barn i ein vesal stall.

Songen som atter tonar med jubel kvar julenatt. um barnet, Guds son og sonar som myrkret for evigt batt.

Han lüg der med høy til pute, og gret pü si ringe seng, men englane song der ute pü Betlehems aude eng.

Av Jakob Sande


Innhald

4

Kjære kollega

50 Halvtanna år i Kina gav meirsmak

6 Årskavalkade

54 Ein arbeidsmann takkar for seg

12 Siste Kværner-kapittel for Eldfisk

59 Det største trollet er blitt 20 år

14 Edvard Grieg – eit harmonisk prosjekt

62 Våt familiedag på Føyno

18 Framleis stor aktivitet i Nyhamna-

64 Verkstadklubben 70 år

prosjektet

22 Størst på norsk sokkel 26 Reduserer arbeidsstokken 27 Naturleg med omstillingsreaksjonar 28 Me må jobba hardt no for å sikra framtida 29 Mange besøk 30 Roleg vinter på Eldøyane

66 134 jubilantar 69 Takk for samarbeidet 70 Historiegruppa - Årsapport 2015 72 Kværner delte ut 4.500 refleksar 70 Glimt frå gamledagar 71 Julenøtter

32 Aasta Hansteen 33 Notisar frå andre delar av Kværner 34 Forbetringsarbeid viktigare enn nokon gong

36 Harmonerer ­ikkje alltid 38 Det er alltid noko du kan gjera betre 40 Systemposten 70 år 41 Fem om Systemposten 42 Par i tvillingar på HR 45 Dødsulukke på demoleringa 46 Lågare inntak av lærlingar i år 47 36 nye fagarbeidarar

Framsidebilete: Jakob Vik har 50 års jubileum i Kværner i 2015. Han går av med pensjon i 2016, og er omtalt av kollegaer som ein fantastisk arbeidsmann. Les meir om Jakob Vik lenger bak i bladet. Foto: Odd Naustdal

48 Fjerde kull er godt i gang 49 Ingeniørstudiar etter Stord-modellen

SYSTEMPOSTEN

3


Kjære kollega Me har bak oss eit kontrastfullt år. Me har tapt jobb og me har vunne jobb. Me har levert fantastiske prosjekt, men me har også hatt tøffe rundar med nedbemanning. I haust vann me to av tre HMS-prisar i konsernet, men me har også hatt ei dødsulukke dette året.

Den tragiske hendinga 7. mars i år, då 38 år gamle Grzegorz Andrzej Fahl mista livet i ei arbeidsulukke på demoleringsanlegget, har gjort inntrykk på oss alle. Ei kvinne mista mannen sin, og to gutar på 12 og 14 år blei farlause. Hendinga står som ei brutal påminning om kvifor me aldri kan kvila i HMS-arbeidet. I den grad det kan komma noko positivt ut av ei slik tragisk hending, så må det vera nettopp det – at det inspirerer oss til å jobba endå hardare med tryggleiken. Det har vore stor aktivitet i prosjekta dette året. I januar kom Eldfisk i produksjon. Det er alltid godt å sjå at produktet me har levert fungerer og kjem i produksjon som planlagt. Det er det som er den endelege testen. I skrivande stund er det like før Edvard Grieg får olje på dekk. Allereie då me signerte kontrakten i 2012, gjekk me høgt på banen og slo fast at Edvard Grieg skulle vera eit referanseprosjekt for oss. Og det har det blitt. Me leverte 15. april som lova. Produktet var så ferdig som det kunne blitt. Ikkje 99,9 prosent ferdig, men HEILT ferdig. Offshorefasen har gått på skinner, trass periodar i haust med mykje dårleg vêr. 28 dagar tok det før me kunne ta i bruk bustadkvarteret, noko eg trur må vera verdsrekord! Prosjektet kan også visa til god HMS-statistikk. Nyhamna har vore på det aller travlaste dette året, med kring 5000 personar i prosjektet på topp. Det har blitt levert, og blir levert, totalt 54 modular frå seks ulike verft. Det har blitt gjort ein stor civil-jobb på site, og Turnaround-

4

SYSTEMPOSTEN

arbeidet vart gjennomført på ein imponerande måte. No har me framfor oss ein hektisk installasjonsfase. Då er det viktig å ha fokus på tryggleiken. Me har ikkje hatt gode nok HMSresultat dette året, men heldigvis ser me at pilene dei siste månadane har byrja å peika rett veg. Det var ein gledas dag i juni då me kunne signera kontrakt med Statoil for levering av bustad- og utstyrsplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Me trengte meir arbeid, og det er ikkje til å leggja skjul på at det var tøffe rundar for å komma ned på rett prisnivå. Jubelen stod i taket både i Kværner, hos engineerings-partnaren vår KBR og hos Apply Leirvik, som skal levera bustadkvarteret. Eit halvt år ut i prosjektet noterer me at me har fått ein god start og er i rute til fabrikasjonsstart utpå våren. Også dette året har me markert mange jubilantar, som de kan lesa om lenger bak i bladet. I tilknyting til slike jubileumsfestar, blar me gjerne litt i historiebøkene. Mellom anna kom me over ein leiarartikkel i Norges Handelsog Sjølfartstidende, gjengitt i Systemposten, som handla om at Stord Verft hadde vunne kontraktar på bygging av tre skip: «Dette er en stolt dag for norsk skipsbygging. I dag offentliggjøres underskrivelsen av en kontrakt som vel hører til noe av det gledeligste som overhodet har hendt i norsk industri og som er blant de aller største kontraheringer som overhodet er gitt til norske skipsverksteder.


Me har kome langt i omstillingsarbeidet, og står i dag betre rusta til å vinna nytt arbeid enn me gjorde for eitt til to år sidan.

(…) Det er utvidet, det er rasjonalisert, det er modernisert, det er blitt samarbeidet, og bedriftene har satset på opplæring av både arbeidsledere og arbeidere. (…) Både klubbstyrer og fagforeninger bør nevnes med honnør som medansvarlige for fremgang og vekst.» Det er påfallande korleis historia gjentar seg. Me tapar kontraktar, me tek grep og forbetrar oss, for deretter å vinna kontraktar igjen. Slik var det på 60-talet – og slik er det i dag. Internasjonal konkurranse er ikkje noko nytt. Ein må stadig forbetra seg for å henga med. Dette summerer på mange måtar opp året me har bak oss. Det har vore eit år som har handla om forbetringar, kostkutting og – diverre – nedbemanning. Også 2016 ser ut til å bli eit krevjande år, ikkje minst sidan me diverre har for lite å gjera, slik det ser ut no. På den positive sida har me kome langt i omstillingsarbeidet, og står i dag betre rusta til å vinna nytt arbeid enn me gjorde for eitt til to år sidan. Spådomar er farleg, men eg har håp om at næringa i løpet av 2016 vil byrja å stabilisera seg – kanskje også ta seg noko opp. Og eg er optimistisk med tanke på at Kværner skal komma gjennom den tøffe perioden som eit sterkare og meir konkurransedyktig selskap. Med desse orda takkar eg for året som har gått, og ønskjer alle ei god og fredfull julehøgtid. •

Steinar Røgenes

steinar røgenes Foto: aker solutions

Administrerande direktør Foto: Magne Langåker

SYSTEMPOSTEN

5


årskavalkade 2015

Siv Jensen og Tord Lien på vitjing på Kværner Stord for å høyra om framtidige utfordringar og moglegheiter for ­leverandørindustrien framover. Foto: Odd Naustdal

Kick off party for Kværner Stord sitt nye nettverk for dei under 36: Kværner Young Realisers, vart held i februar. Foto: Odd Naustdal

Januar

Februar

Laurdag 3. januar starta ConocoPhillips oljeproduksjonen frå den første brønnen under den nye plattforma Eldfisk 2/7S. Kværner har på det meste hatt vel 1.000 personar i rotasjon offshore for å gjera plattforma produksjonsklar.

Søndag 1. februar arrangerte Turforeningen «kom deg ut-dagen» på Lundarstøl. Der var det quiz, gratis pølser, aking og skigåing.

Tysdag 6. januar vart den første av to hovudgeneratorar på Edvard Grieg-plattforma overlevert til Lundin si commissioning-avdeling. Ei veke seinare vart den andre hovudgeneratoren overlevert. Hovudgeneratorane vil produsera straum både til Edvard Grieg og Ivar Aasen-plattformene. Onsdag 7. januar gav ConocoPhillips gode vinterjakkar til Venelaget for Gruvene på Litlabø. Olav Hellesfjord og Arne Hovland var takknemlege for å overta i alt 60 slike jakkar, som var til overs etter Eldfisk 2/7S-prosjektet på Stord. Torsdag 15. januar fekk ei ny gruppe beviset for gjennomført teknisk fagskule. Dei kan no jobba som ingeniørar gjennom den såkalla Stord-modellen. Fredag 23. januar fekk 36 nye fagarbeidarar utdelt fagbrevet sitt på Stord hotell. Laurdag 24. januar inviterte Velferdsforeininga til årsfest i Nordbygdohallen. Det var mat- og drikkeservering, dansemusikk med Husorkesteret og show med Kjell Bigset.

6

SYSTEMPOSTEN

Finansminister Siv Jensen og olje- og energiminister Tord Lien vitja Kværner på Stord tysdag 3. februar for å høyra verksemda si vurdering av utfordringar og moglegheiter for leverandørindustrien framover. Dei møtte m.a. konsernsjef Jan Arve Haugan og konserndirektøren for forretningsområdet Topsides, Steinar Røgenes, før dei var på synfaring i Edvard Grieg-modulane. Unge medarbeidarar i Kværner på Stord har fått sitt eige nettverk: Young Realisers. Styret består av Øyvind Kyvik, Maiju Karsikas, Hanne Kaldråstøyl, Stian Kleppe, Thomas Dahl og Solveig Amalie Tveita Tingvoll. Meir enn 300 Kværner-tilsette på Stord er under 36 år. Det er desse som no har fått ein møteplass for kunnskapsdeling og nettverksbygging på tvers av prosjekt og disiplinar. Det vert innført ny rutine når det gjeld kontrollen med kven som får tilgang på Kværner Stord sitt verftsområde. Personell som ikkje er registrert ut innan 14 timer etter innregistrering, vert etterlyste. Under nedstenginga av Eldfisk-feltet i februar, vart kontrollen over heile feltproduksjonen flytta frå den gamle 2/7 FTP-plattforma til den Kværner-bygde Eldfisk 2/7S-plattforma. Kværner hadde på det meste 235 personar i sving med


årskavalkade 2015

Hoveddekket til Edvard Grieg-plattforma vart køyrd om bord på lekter 20. mars på Kværner Stord. Foto: Lisa Skram Haktorson

4. mai markerte Edvard Grieg-prosjektet ferdigstillinga av alle modulane, og arrangerte sail-away party for alle tilsette i plateverkstad 3. Foto: Odd Naustdal

ulikt konstruksjonsarbeid under nedstenginga. ConocoPhillips var særs godt nøgd med at jobben vart gjort to døgn raskare enn planlagt!

multihjularar. 1888 dekk vart brukt i operasjonen. Neste dag fylgde «katedralen» etter. 29. mars vart utstyrsmodulen transportert på lekter ved hjelp av 1064 dekk, medan prosessmodulen vart køyrt på lekter i Egersund nokre dagar tidlegare.

I samband med Lundin sin kapitalmarknadsdag for analytikarar og investorar 6. februar, vart det arrangert ein tur til Kværner Stord med synfaring i Edvard Grieg-modulane.

Mars Knut Ove Handeland vart attvald som Hovudverneombod på Kværner Stord for 2015 og 2016. Polske Grzegorz Andrzej Fahl (38) miste livet i ei tragisk arbeidsulukke på Eldøyane om morgonen den 7. mars mens han og ein arbeidskamerat heldt på å kutta ein del av Draugen-lastebaugen med skjærebrennarar. Grzegorz fekk ein tung stålseksjon over seg og døydde av skadane. Han etterlet seg kone og to søner. Det vart halde informasjonsmøte for alle tilsette og underleverandørane på verftsområdet to dagar seinare – og lagt ut kondolanseprotokoll.

April I tilknyting til at Kværner 15. april ferdigstilte Edvard Grieg-plattforma, vart det lansert ein ny rapport på Stord om norsk verdiskaping i store olje- og gassprosjekt. Rapporten, som er utarbeidd av Agenda Kaupang, slo fast at det er 50 prosent meir norsk verdiskaping dersom kontrakten med å byggja plattformdekket går til eit norsk selskap. Olje- og energiminister Tord Lien presenterte rapporten, som var utarbeidd på oppdrag av Olje- og energidepartementet, LO, Norsk Industri og Norsk Olje og Gass.

Mai

14. februar vart det polskbygde flammetårnet til Edvard Grieg-plattforma skidda ut på lekter i Gdansk. Flammetårnet veg ca. 300 tonn og er 105 meter langt.

4. mai var det utseglingsfest for Edvard Griegmodulane. Om lag 2000 menneske deltok på grillfesten i Plateverkstad 3 der Storm Weather Shanty Choir og a capella-koret Edvard Grieg frå Bergen underheldt. Steinar Røgenes, Lundins nye konsernsjef i Noreg; Kristin Færøvik, prosjektleiar Jarle Henriksrud og hans kollega hos Lundin, Bjørn Johnsen, hadde alle ordet.

Trass i kraftig regn og solformørking den 20. mars, vart hovuddekksramma, den største Edvard Griegmodulen, køyrt om bord på lekter ved hjelp av

5. mai starta Sommarløftet, som oppfordra alle til å sykle, jogga eller gå til jobben. Månedlege premiar for innsatsen vart delt ut i løpet av

»

SYSTEMPOSTEN

7


årskavalkade 2015

F.v. : Rune Isdal, Olav Vatna Selvåg, Elisabeth Litlahammer, Martin Lund, Unni Gudmundsen, Åshild Gulliksen, Elisabeth Sætrevik, Eva Bakken Havn, Odd Naustdal, Bjørn Forså, Håvard Kvarme, Øyvind Malmanger og Magnus Furnes. Anners Fjellhaug, Stig Faraas og Bård Wæhle var ikkje til stades då biletet vart teke.

Under signeringa av Johan Sverdrup ULQ-kontrakten. F.v.: Jan Egil Brændeland, KBR; Steinar Røgenes, Adm. Dir. Kværner; Margareth Øvrum, Statoil; og Konsernsjef i Kværner Jan Arve Haugan. Foto: Magne Langåker

sommarmånadane. Kværner stilte med i alt tre lag i årets Holmenkollstafett: Eitt frå Stord og to frå Oslo

Juni

9. mai gjennomførte ein sprek Kværner-gjeng Holmenkollstafetten i Oslo. For første gong sidan 2012 stilte Kværner Stord med lag i Holmenkollstafetten. Gjengen havna på 386. plass av totalt 1700 lag.

15. juni starta forkurs for dei som byrja på teknisk fagskule denne hausten. Forkurset omfattar matematikk, elektro og studieteknikk.

Konsernsjef Jan Arve Haugan vitja Kværner Stord 22. mai i samband med ein Kværner Interactionrunde. Han fekk då innblikk i alle tiltak som bedrifta har gjort for å forbetra effektiviteten.

Einar Fritzvold og Martin Henriksen har skrive si bachelor-oppgåve i samarbeid med demoleringsavdelinga til Kværner Stord. Oppgåva vart presentert under EXPO 2015 i juni. Demolering har positiv erfaring med å samarbeida med studentane og har fått høve til å bruka resultata dei kom fram til.

19. mai starta turnaround på Nyhamna. 1500 personar var i gang med tilkoblingsarbeid for nytt utstyr, vedlikehold og modifikasjonar på området når det var trykkavlasta og fritt for gass. 21. juni var turnaround-operasjonen komplett, og konklusjonen var at alt gjekk etter plan. Det vart installert ti nye modular, gjort modifikasjonar på eit titals eksisterande mekanisk utstyr, installert 278 spools og montert ei rekkje påkoplingspunkt. I tillegg vart elektro- og instrument-systema oppgradert. I alt 34 ulike selskap var involvert.

8. juni: Kværner og KBR har i et samarbeidsselskap inngått ein kontrakt med Statoil for levering av plattformdekket til bustad- og utstyrsplattformen på Johan Sverdrup-feltet. Kontrakten har ein verdi på 6,7 milliarder kroner for Kværner og KBR. Prosjektet vil bli gjennomført som et 51/49 prosent prosjektsamarbeid mellom Kværner og KBR. Personell i dei to selskapa vil arbeida i eit felles, integrert prosjektleiarteam. Engineering skal leiast av KBR i Leatherhead, UK, med full integrasjon av engineering-ressursar frå Kværner.

Kværner står framfor ein situasjon med overkapasitet. Den første runden med nedbemanning vil bli gjennomført før sommarferien. Ein ventar å redusera arbeidsstokken med 120-150 tilsette på Stord og i Oslo. Naturleg avgang er rekna med i det talet.

Kværner Stord skal stå for samanstilling,utrusting og assistera i uttesting og ferdigstillinga av plattformdekket som skal leverast første kvartal 2019. Apply Leirvik skal levera sjølve bustadkvarteret.

8

SYSTEMPOSTEN


årskavalkade 2015

Samankoplinga av Edvard Grieg er i gang i Nordsjøen, og plattforma nærmar seg komplett. Foto: Lundin Norway AS

9. juli fekk Kværner ein tilleggskontrakt på Nyhamna. Foto: AS Norske Shell

Hovuddekket til Edvard Grieg-plattforma forlet Kjøtteinen 29. juni, og set kursen for Nordsjøen.

August

Kværner inviterte til familiedag på Føyno, ein årleg tradisjon. På grunn av dårleg vêr vart arrangementet helde under tak. På programmet stod leikar for borna og underhaldning av Storm Weather Shanty choir.

Juli 4. juli vart hovuddekket til Edvard Grieg-plattforma løfta på plass på jacketen i Nordsjøen. Løftefartøyet Thialf utførte den store operasjonen. 9. juli gav Norske Shell Kværner eit tilleggsoppdrag på Nyhamna gassanlegg. optimalisera av straumforsyninga mellom Nyhamna-anlegget og det norske sentralnettet. Kværner skal også handtera installasjon av eit SVS-system på anlegget. Dette utstyret vert levert av ABB. Arbeidet skal starta umiddelbart, og installasjon av systemet har oppstart sommaren 2016. ABB skal ferdigstilla SVS-systemet i løpet av hausten 2016. 15. juli var alle modulane på Edvard Grieg-plattforma installerte i Nordsjøen. Det markerte ferdigstillinga av Edvard Grieg-prosjektet, og starten på den hektiske hook-up fasen. Rotasjonar starta for fullt, og det var stor aktivitet i havet for å klargjera til oljeproduksjon.

3. august kom skipet HHL «Kobe Venicel» til Kværner Stord med piperacks som COOEC i Kina har bygd for Nyhamna-prosjektet. 11 nye lærlingar hadde sin første dag på Kværner Stord 13. august. Produksjonsleiar Nils Askeland ynskte dei velkomne og spanderte lunsj på dei på Stord Hotell. Dei fekk i tillegg orienteringar frå opplæringsavdelinga i Kværner, og Ytre Sunnhordland Opplæringskontor. 13. august kunne Lundin ta i bruk boligkvarteret på EG-plattforma. Det auka sengekapasiteten på feltet. Med det er ein ny, sentral milepæl nådd på dato. Kværner har for tida 800 i rotasjon til EG, men skal opp i vel 1.000. Styreleiar Leif-Arne Langøy og Konsernsjef Jan Arve Haugan var fredag 21. august på Stord for å kikka nærare på forbetringsarbeidet Kværner Interaction. «Eg har stor tru på at me kan driva fabrukasjon i Norge, men me må jaga produktivitet og vera innstlt på utstrekt bruk av underleverandørar», sa Langøy i møtet med leiing og tillitsvalgte. Det fjerde kullet i teknisk fagskule etter Stordmodellen, tok til på studiane 24. august. Seks av dei 25 studentane kjem frå Kværner Stord, dei andre frå resten av Sunnhordland, Haugalandet og Bergensområdet.

»

SYSTEMPOSTEN

9


årskavalkade 2015

Quiam Emamoddin mottek HMS-pris frå Steinar Røgenes for å ha redda livet til ein medarbeidar. Foto: Odd Naustdal

Frå venstre; Svein Harry Opedal, Kjell Henning Berntsen, Per Rune Langeland, Elisabeth Litlehamar, Jarle Larsen, Stig Magne Tveito, Åshild Gulliksen, Jan Langeland, Tommy Holm og Kari Almås.

September

omkring 3000 tonn når den er ferdig, noko som gjer den til den største modulen i prosjektet. Tirsdag 15. september samla Prosjektdirektør i Nyhamna-prosjektet Lars Eide omkring 400 prosjektmedarbeidarar i Stordhallen for å halda ein Safety stand-down. Møtet vart halde for å ha fokus på uønska hendingar som potensielt kunne fått alvorlege utfall.

Frå og med 1. september vart resepsjonen på Bleikjehaugen lagt ned. Utlevering av pakkar tinga via IT-portalen, og telefonar som har vore til reparasjon, vil heretter skje i Eldøy-vakta. Kværner Stord var godt synleg med 14 deltakarar under årets Rallarritt som gjekk av stabelen laurdag 6. september. Laget vart kåra til «årets lag» under det populære rittet som strekk seg frå Finse til Flåm. På EMT-møtet i Kværner var det delt ut tre HMSprisar for 2014. To av dei gjekk til Stord, nemleg i program- og i den individuelle kategorien. Kværner Stord fekk påskjøning for innsatsen med å redusera sjukefråveret til rekordlåge 4,07 prosent. Det lågaste siden ein starta med systematisk registrering. Lærlingane sitt sjukefråver gjekk ned frå sju til 2,5 prosent! Quiam Emamoddin fekk HMS-pris fordi han den 26. juli 2014 berga livet til ein medarbeidar som fall om på Kværner Stord. Tunga til den medvitslause blokkerte luftvegen, så han ikkje fekk pusta. Quiam reagerte raskt og korrekt og sytte for frie luftvegar. Onsdag 9. september vart Nyhamnas tyngste løft gjennomført på Stord. Løftet av den 570 tonn tunge strukturen gjekk etter planen og landa perfekt på alle dei 20 vertikale punkta, utan behov for justering. Modulen vil vera

10

SYSTEMPOSTEN

Nye kortlesarar i rotasjonsportane til Kværner Stord vert installerte 23. september. Alle tilsette måtte ha nye kort.

Oktober I anledning Rosa Sløyfe-aksjonen var lysa på gangvegen på kranen Storen farga rosa gjennom oktober månad. Tanken med aksjonen var å visa solidaritet med dei som er ramma av brystkreft. 2. oktober vart det gjennomført ei kriseøving for industrivernet og krise-staben på Kværner Stord. Mandag 12. oktober vedtok Kværner ASA-styret å endra strukturen på konsernet til «Eitt Kværner». Det skal vera operativt frå 1. januar 2016. Torsdag 15. oktober arrangerte Kværner i samarbeid med Oktan Stord den femte årlege Refleksdagen. Om lag 400 personar møtte opp utanfor Kulturhuset for å høyra på rapparane Kløver og Skarre R frå Bergen, og få utdelt Kværner-refleksar.


årskavalkade 2015

Storen var dekorert med rosa lys i oktober månad. Foto: Odd Naustdal

Alle jubilantane samla for feiring av 30- 40 og 50 års teneste i verksemda. Les meir om jubilantane lenger bak i bladet. Foto: Magne Langåker.

Kværner Verdal vann kontrakten på bygging av enda eit stålunderstell til Johan Sverdrup-feltet. Totalt skal dei levera tre jacketar til Sverdrup.

Velferdsforeininga inviterte til kulturdag i Kulturhuset lørdag 28.november. På programmet stod juleverkstad for borna og gratis kino.

14. oktober vart eit nytt HMS e-læringskurs lansert i Kværner. Kurset er obligatorisk for alle tilsette.

29. november starta Edvard Grieg-plattforma å produsera olje.

Mandag 19. oktober markerte Nyhamna-prosjektet at Kværner Stord så langt har levert modular av topp kvalitet til rett tid. Shell sin Offsite Construction Manager, Ali Cox, var svært nøgd med kvaliteten på det Kværner har levert til Nyhamna så langt.

DeseMber

nOveMber 4. november vart det første tandemløftet utført på Aukra. Installasjonen av pipe racken var nær perfekt med det største avviket på berre 3 mm. 19. november var det høgtideleg jubilantfest på Stord hotell. Då vart tilsette som har arbeida i bedrifta i 30, 40 og 50 år heidra. 30-årsjubilantane fekk Norges vel sin fortenestemedalje, medan 40-årsjubilantane fekk gåvesjekk frå verksemda. Jakob Vik har arbeida ved verftet i 50 år, og fekk både gavekort og vinglas. Fredag 27. november var det utdeling av gullklokker til 41 medarbeidarar, med 25 års teneste i verksemda. I tillegg til dei 41, så var det 19 stykker som og har vore ved bedrifta i 25 år, men som ikkje kunne delta på lunsjen.

4. desember var det julebord for historiegruppa, som i år feirar 25 år. Statoil tildelte Kværner ein studie for konseptutvikling av ubemanna brønnhovudplattformer, såkalla “Subsea on a Stick”, som kan vera eit alternative til subseainstallasjonar. Arbeidet skal utførast av Kværner sine engineeringskontor i Oslo, Trondheim og Verdal. I månadsmøtet mellom Shell og Kværner den 2. desember mottok Roy Danielsen og Kværner sitt Turnaround team “Goal Zero Hero”-prisen frå Shell, for god HMS under stansen på Nyhamna i sommar. Mellom anna blei det gjennomført 7812 løft utan hendingar. Shell og Kværner inviterte 11. desember til grautfest for å markera sailaway av Nyhamna-modulane frå Stord.

SYSTEMPOSTEN

11


12

SYSTEMPOSTEN

Foto: ConocoPhillips

eldfisk-prosjektet


eldfisk-prosjektet

Siste Kværner-kapittel for Eldfisk 2/7S Av Alf Terje Myklebust

Eldfisk-prosjektet har sidan 2011 vore eit av dei store prosjekta for Kværner. Våren 2015 vart prosjektet heilt ferdigstilt. Ein dyktig Kværner-organisasjon har vore involvert og bidratt til at oppkoblinga av Eldfisk 2/7S vart ein suksess.

Produksjon frå Eldfisk 2/7S Allereie i slutten av 2014 fekk Eldfisk 2/7S olje inn frå dei eldre installasjonane på Eldfiskfeltet, fortel Anton Hove som tok over som Kværners prosjektleiar i sluttfasen offshore. - Den 3. januar 2015 starta oljeproduksjon frå eigne brønnar, noko som var ein stor milepåle for prosjektet. Ved årsskiftet 2014/2015 stod omtrent 10 % av offshore-arbeidet att, og Kværner hadde ein offshore-bemanning på 5 ­ 0-100 personar fram til 1. april 2015 for å utføra arbeidet som stod att.

Revisjonsstopp I året 2015 har Eldfisk-prosjektet handla om å ferdigstilla plattforma i Nordsjøen. Dette har ikkje berre inkludert oppkopling, men også arbeid på dei gamle plattformene på Eldfiskfeltet. - I slutten av februar 2015 vart det gjennomført ein revisjonsstopp på feltet. Kværner hadde

ei sentral rolle både ved utføring av modifikasjonsarbeidet, i tillegg til å sørge for at all styring av dei totalt fem plattformene på Eldfiskfeltet vart flytta til Eldfisk 2/7S, opplyser Hove. - Takka vera ein flott innsats frå Kværner sitt personell, vart produksjonen sett i gong igjen tidlegare enn planlagt.

Godt kundeforhold - Under heile nedstengingsarbeidet gav Conoco­ Phillips gode tilbakemeldingar til Kværner. Ein ting var at jobben vart gjort i tide. Ein annan viktig faktor var at våre leiarar evna å finna løysingar saman med kunden sin driftsorganisasjon. Ei verdifull erfaring som igjen viser at planlegging og førebuing er nøkkelen til suksess, i tillegg til det å ha eit opent og godt samarbeid med kunden, oppsummerer Hove. - Eldfisk-prosjektet er no historie for Kværner, og tilbakemeldinger frå kunden er at produksjonen går som forventa. • SYSTEMPOSTEN

13


Edvard Grieg-prosjektet

Edvard Grieg – eit harmonisk prosjekt Av Alf Terje Myklebust / Odd Naustdal

Edvard Grieg er eit namn som forpliktar. Og oppsummert kan ein seia at prosjektet som ber den kjende Bergens-komponisten sitt namn, har levd opp til desse forpliktingane. Lundin og Kværner fann raskt tonen, og når plattforma no har starta produksjonen, kan ein konkludera med at dette har vore eit harmonisk prosjekt. Mens Vestlandet har hatt ein flott, mild haust med mykje sol og vindstille, har lågtrykka stått i kø ute i Nordsjøen. Tung sjø og høge bylgjer har resultert i at bustadplattforma Safe Boreas med 450 sengeplassar har lege fråkopla mange dagar i strekk. Heldigvis har Kværner hatt folk buande både i bustadkvarteret på sjølve plattforma – og på den oppjekkbare boreriggen Rowan Viking., slik at dei har kunna jobba så å seia kontinuerleg med ferdiggjeringa i havet. På det meste har Kværner hatt rundt 1200 personar i rotasjon for å gjera sluttarbeidet på feltet. Nedbemanninga av arbeidsstyrken starta i månadsskiftet oktober/november. Det er Jostein Totland og Edmund Skålnes som byter på å vera Kværners site-leiar offshore. Då Nyhetsbrevet tidlegare i haust var ein tur ute i havet, var det Edmund som leia Kværnergjengen offshore.

14

SYSTEMPOSTEN

- Å rotera 1200 personar til jobb offshore, er ei kjempestor logistikkutfordring. Men me får fantastisk støtte frå ressursavdelinga, noko som gjer at me kan balansere tett oppunder totalkapasitet. Ressursgjengen har heile tida hatt stålkontroll, og imponerer stort, sa Skålnes. - Sengekapasitet var ei stund ein avgrensande faktor for oss, men etter at boreriggen Rowan Viking kom, var ikkje det lenger noko problem, seier Skålnes. Eit anna heimemiljø som Edmund skryt av, er prefab på Stord. - Mange hook-up spools har lege på Stord. Prosessen er slik at dimensjonskontroll her ute målar og sender heim bestilling. Basert på dette byggjer prefab og sender spools ut til oss. Både når det gjeld kvalitet og tid, har det vore eitt hundre prosent. Dei gjer ein kjempejobb. Mange er ikkje klar over at ein faktisk er avhengig

»


Edvard Grieg-prosjektet Foto: Lundin Norway AS SYSTEMPOSTEN

15


Edvard Grieg-prosjektet

Foto: Fredrik Svendsen

av eit godt prefabmiljø for å kunne gjennomføra ein hook-up jobb, seier Skålnes. Ein av dei Nyhetsbrevet møtte offshore, var Lundin sin byggeleiar i Edvard Grieg: Atle Sætrevik. - Eg har vore i mange prosjekt, men aldri noko liknande som Edvard Grieg, seier han. - Lundin har ein litt spesiell måte å sjå ting på. Det er ein liten organisasjon som er veldig oppteken av kvalitet, og har trygge leiarar som kan ta raske avgjerder. Det fungerer veldig godt saman med Kværner. Me jobbar heilt integrert, mot dei same måla. Det er ein god tone og godt humør . Og så skadar det ikkje at det er ein flott gjeng Kværner har stilt med.

16

SYSTEMPOSTEN

Ny standard Edvard Grieg er gigantprosjektet som har sett ein ny standard for bygging av store, kompliserte oljeplattformar. Det er prosjektet som har levert på framdrift, produktivitet og HMS gjennom heile prosjektperioden, som kunne signera overleveringsprotokoll ikkje berre på dato som lova kunden tre år tidlegare, men på minuttet. Det er plattforma som var så ferdig då modulane blei slept frå Stord og Egersund, at Lundin Norway-sjef Kristin Færøvik måtte ta fram dei aller største superlativa på sailawaymarkeringa før sommaren. Seinare følgde konsernsjef Alex Schneiter opp: «Eit skulebokeksempel på eit godt prosjekt», sa han til deltakarane på årets Pareto-konferanse.

Frå sitt kontor på Safe Boreas skryt Edmund Skålnes av måten arbeidet offshore er organisert på. Kværner og Lundin sine prosjektorganisasjonar har her jobba side om side, integrert i ein sams organisasjon. - Det er stor, gjensidig tillit og ein veldig open og direkte dialog. At Lundin viser oss tillit er ikkje berre slikt dei seier i festtalar, det gjennomsyrer heile samarbeidet, både i prosjektet og i driftsorganisasjonen deira. Det er eit tett og ærleg samarbeid og me kjenner oss alltid velkomne når me har spørsmål eller ynskjer å diskutera noko. Eg har aldri opplevd tilsvarande, og eg er overtydd om at dette er ein av årsakene til at me leverer så bra, seier Edmund Skålnes.


Edvard Grieg-prosjektet

Foto: Billy Jern, Prosafe

Får fram det beste i kvarandre

Sengekapasitet Edvard Grieg dekket veg 22.000 tonn og har ein overnattingskapasitet på 100 senger. I tillegg har Lundin leigt inn det flunkande nye flotellet Safe Boreas, med 450 senger, i tillegg til treningsrom, to store rekreasjonsrom, kinosal, møterom og kontorplassar. Den fem år gamle oppjekkbare boreriggen Rowan Viking skal bora fleire produksjonsbrønner, slik at feltet etter kvart når ein dagsproduksjon på 100 000 fat olje per dag. Kværner har hatt folk innkvartert også på Rowan Viking.

Bustadkvarteret klart på 28 dagar

Mellom disiplinleiar-kontoret og Kværner sitt site-leiar-kontor, ligg kontoret til Lundin sin «Completion Manager». Denne dagen har det vore veksling. Tor Erling Lunde har overtatt for Bjørn Johnsen – begge to erfarne prosjektfolk. Konfrontert med alle godorda om godt samarbeid, fortel Lunde at verken samarbeidsmodell eller kultur er tilfeldig frå Lundin si side.

Ein av milepålane det var knytt stor spenning til, var frigjevinga av bustadkvarteret. Det var ein ambisiøs og viktig milepåle, som ville auka sengekapasiteten med 100 senger. 28 dagar gjekk det, frå arbeidsstyrkene fekk tilgang til bustadkvarteret var klart for innflytting.

- Det er bevisst frå Lundin å leggja til rette for ein open og tillitsbasert kultur. Me køyrer ein integrert modell, som har vist seg positiv. Kværner kjem med all si erfaring, og så sit me her med prosjektfolk som har opne dører. Slik får me fram det beste i kvarandre, og drar i same retning. I tillegg var me godt førebudd, og me har hatt godt vêr, seier han.

- Har du vore borti noko liknande før? - Det var godt gjort å nå den milepålen på 28 dagar. Eg meiner å hugsa at Grane gjekk endå raskare, men dette er det beste eg har vore med på med så stort omfang. Det er ganske krevjande å få så mykje på plass til rett tid. Men alle bidrog. Driftsorganisasjonen til Lundin gjorde også ein kjempejobb, seier Lunde. •

SYSTEMPOSTEN

17


nyhamna-prosjektet

Framleis stor aktivitet i Nyhamnaprosjektet av ODD NAUSTDAL

Direktøren i Kværner sitt største prosjekt får positiv energi av å sjå medarbeidarane veksa med oppgåvene. – Sjølvsagt dukkar det opp utfordringar i eit så stort prosjekt, men me har ein organisasjon som i det store og heile leverer veldig bra, seier Lars Eide.

18

SYSTEMPOSTEN


nyhamna-prosjektet

Foto: AS Norske Shell

SYSTEMPOSTEN

19


nyhamna-prosjektet

Mandag 19. oktober markerte Nyhamna-prosjektet at Kværner Stord så langt har levert modular av topp kvalitet til rett tid. Shell sin Offsite Construction Manager, Ali Cox, sa at det er ein fantastisk kvalitet på det Kværner Stord har levert til Nyhamna så langt. Foto: Elisabeth Sætrevik

Det er var ved juletider i fjor at Lars Eide tok over stafettpinnen som direktør for Nyhamnaprosjektet. Han kan sjå tilbake på eit år som har vore hektisk, med fokus på modulbygging på seks ulike fabrikasjonsverft, stor betongog grunnarbeidsaktivitet på Nyhamna og ein omfattande revisjonsstans på gassanlegget.

54 modular Rundt årsskiftet går den 54. og siste modulen til Nyhamna, og frå nyttår vil alt fokus vera på installasjon på site. – Me har fabrikkert modular i Qingdao i Kina, i Newcastle, to stader i Polen, i Verdal og på Stord. I tillegg har det pågått engineerings arbeid i Oslo, Tromsø, Kristiansund og Mumbai. All modulfabrikasjon er no ferdig, med unntak av Stord og Newcastle som leverer dei siste i desember. Og engineeringsaktivitetane vil bli gradvis trappa ned, seier Eide.

20

SYSTEMPOSTEN

God framdrift og kvalitet Eide er svært tilfreds med modulleveransane. Kvaliteten har vore god, og jamt over har framdrifta vore som planlagt, sjølv om det har vore litt justering på nokre få av dei. – Det har sjølvsagt vore utfordringar, og litt justering av leveransedatoar på nokre av modulane. Men i det store og heile er leveransane bra. Det er lett å bli nærsynt, men dersom ein tar helikopterperspektiv, så ser ein at ting glir godt. Me har god kontroll, og oversikt over kor me er og kor me skal, og me er i stand til å takla endringar som kjem på ein god måte.

5000 i prosjektet Bemanningstoppen vart passert tidlegare i år. Då var det totalt rundt 5000 personar i prosjektet, inkludert eigne tilsette, underleverandørar og innleigte. Det gjer prosjektet til eitt av innanlands-Norges største utbyggingsprosjekt.


nyhamna-prosjektet

Øyvind Epland; Kværner, Sverre Overå; Shell, Lars Eide; Kværner og Ali Cox; Shell under ein HMS-inspeksjon på Stord i oktober. Foto: Elisabeth Sætrevik

Aktiviteten totalt sett er no på veg ned, ettersom fleire av lokasjonane har blitt eller er i ferd med å bli avslutta. Men på anlegget på Nyhamna vil aktiviteten gå opp utover vinteren, før det går litt ned igjen utover våren og hausten. Endeleg overlevering skal skje første kvartal 2017.

Vellukka Turnaround Tysdag 19. mai gjekk startskotet for den store revisjonsstansen på Nyhamna, «Turnaround 2015». 40 dagar var sett av til jobben. Det gjorde revisjonsstansen til den største som er gjennomført på Ormen Lange-anlegget. Metodeleiar Karsten Clausen i Kværner fekk æra av å trykka på knappen som stengte ned gassanlegget. Stansen vart gjennomført på tid, med rett kvalitet og utan alvorlege hendingar. – Me har heile tide visst at Turnaround var enormt viktig for kunden og partnarane. Det at me frå Kværner si side viste oss ansvaret

verdig på ein så god måte, det kan me vera stolte av, seier Eide.

Godt samarbeid med kunden Shell og Kværner har i løpet av året blitt samde om nye kontrakts- og samarbeidsmodellar. Eide meiner at et har vore viktig for samarbeidet. – Eg opplever at me har jobba oss godt saman i dette året me har bak oss. Shell er krevjande, og det skal dei vera, spesielt på HMS. Men dei stiller ikkje berre krav – dei strekker også ut ei hjelpande hand og er med i gode dialogar om kva me bør gjera for å få resultat, seier Eide, og legg til: – HMS vil alltid vera ei stor utfordring i eit så stort prosjekt, og det har det vore også for oss. Men me ser ei god utvikling. Dei siste månadane har det ikkje vore registrert ein einaste skade, verken på Nyhamna, Stord eller i Newcastle. •

SYSTEMPOSTEN

21


JOHAN SVERDRUP LQ

Av Odd Naustdal / Alf Terje Myklebust

Med 260 einmannslugarar blir Johan Sverdrup ULQ det største bustad­kvarteret på norsk sokkel. Det får åtte fleire lugarar enn ConocoPhillips si 2013-nye bustadplattform Ekofisk 2/4L.

22

SYSTEMPOSTEN

Illustrasjon: Statoil

Størst på norsk sokkel


JOHAN SVERDRUP LQ

Engineering-aktivitetane har alt halde på eit halvt års tid i KBR sine kontor i Leatherhead, Surrey, like sør for London. Der sit seniorpersonell frå Kværner og KBR i ein integrert prosjektorganisasjon og samarbeider tett for at ULQ skal bli den suksessen begge partar (og kunden Statoil) håpar på. Det er ikkje første gongen at dei to selskapa jobbar saman: gassbehandlingsanlegget på Kollsnes og utvidinga av Kårstø (KEP2005) er konkrete resultat av tidlegare fellesprosjekt. - Me har funne ein modell som fungerer, og eg trur KBR og Kværner har mykje å tilføra kvarandre, sa Kværner sin kommersielt ansvarlege i Johan Sverdrup ULQ-prosjektet, Per Lütken, tidlegare i haust. Sjølv om utgangspunktet er godt, meiner Lütken at det likevel er ei tilvenning for Kværner å jobba opp mot ein ny engineeringspartnar, og med underleverandøren Apply som skal gjennomføra ein stor del av arbeidet. - Me er mest vane med å jobba langs Oslo Stord-aksen. No er ikkje den der lenger. I tillegg blir det krevjande å få til ein skikkeleg integrasjonen med Apply, som skal levera bustadmodulen. Det er ei kundeforventning at me jobbar heilt integrert, seier Lütken. - KBR og Kværner er som skapt for kvarandre, hevdar forretningsutviklar David Egenes i KBR med bestefar frå Flekkefjord. Ein av pådrivarane for at dei to selskapa skulle slå

pjaltane sine saman og by på Johan Sverdrup ULQ. - Me kompletterer kvarandre veldig godt, ved at KBR har dokumentert engineerings-ekspertise, og Kværner har lang erfaring innan fabrikasjon og samanstilling, seier han.

»

Johan Sverdrup Johan Sverdrup er eitt av dei fem største oljefelta på norsk sokkel. Med forventa ressursar på 1,7-3,0 milliardar fat olje, vil feltet vera eit av dei viktigaste industriprosjekta i Noreg dei neste 50 åra. Utbygging og drift av «elefantfeltet» vil gje inntekter og sysselsetting til nye generasjonar. Produksjonsstart: I slutten av 2019. Feltet vert utbygd i faser. Det er dei fire plattformene som er med i den første fasen som skal utgjera feltsenteret (bore-, stigerøryr-, prosess- og kombinert utstyrs-/bustadplattform). •

Vanndjup: 110-120 meter

Reservoaret ligg på ca 1.900 meter

Olja frå feltet vil bli ført i røyr til Mongstad-terminalen

Samla investeringar i første utbyggingsfase: 117 milliardar kroner

Samla produksjonsinntekter over 50 år: 1.350 milliardar kroner.

(Kjelde: Statoil.com)

SYSTEMPOSTEN

23


JOHAN SVERDRUP LQ Johan Sverdrup ULQ skal løftast av det nye gigantfartøyet "Pioneering Spirit". Foto: Allseas

Om KBR KBR Inc. (tidlegare Kellogg Brown & Root) er eit amerikansk teknologi-, engineeringog fabrikasjonsselskap, med kring 25.000 tilsette i 70 land. KBR har spesialisert seg innan LNG, og har levert 50 prosent av den totale LNG-kapasiteten i verda. Dei har også lang erfaring med bygging av plattformdekk, til både halvt nedsenkbare plattformer, TLP- og FPSO-plattformer. Men Johan Sverdrup blir den første for Statoil. Prosjektet skal gjennomførast frå KBR sitt UK-kontor, som med sine 2500 tilsette er eitt av KBR sine største kontor. KBR-kontoret ligg i den vesle byen Leatherhead, som ligg i Surrey, like sør for London. Leatherhead er vertskap for fleire større verksemder, som Halliburton og ExxonMobil, i tillegg til KBR.

- KBR har jobba så lenge i Noreg at me har ei god forståing av norsk kultur. Kværner og KBR har i tillegg samanfallande verdiar, med fokus på integritet, openheit og tillit. Metodologien til Kværner er å levera på tid. Det viktige no blir å jobba integrert på ein slik måte at me forstår kva Kværner treng for å få det til.

Polen/Stord ULQ består av to modular – ein utstyrsmodul (9.700 tonn) og ein bustadmodul (9.300 tonn). KBR skal gjera både engineering og innkjøp til U-modulen, mens Kværner står for bygging og utrusting. Prefabrikeringa startar alt i første kvartal 2016, både på Stord og i Polen.

24

SYSTEMPOSTEN

Mot slutten av året – og gjennom heile første halvdel av 2017, vil det koma stålseksjonar frå Polen til Kjøtteinen. Alle vert dimensjonerte slik at Kværner får maksimal nytte av Storenkranen. I 2017, den mest hektiske fasen, vil ULQprosjektet ha mellom 1.500 og 2.000 personar involvert.

Sju-etasjes hybrid Apply skal byggja seksjonar til bustadkvarteret på Stord og i Sverige (Emtunga) med helidekk frå Asia. Bustadkvarteret vert ein sjuetasjes hybrid av aluminium og stål med helikopterhangar på toppen. Dei første høgdene vert bygde av Kværner i stål som ein integrert del av utstyrsmodulen - og utrusta av Apply på Kjøtteinen. Resten av bustadkvarteret skal byggjast som seks aluminiumsblokker som vert løfta inn på toppen av utstyrsmodulen ved hjelp av kranen «Storen» i 2018 og gjort ferdige på Kværner Stord.

Feltsenter-hjernen I tillegg til innkvarterings- og rekreasjonsdelen, vil ULQ-plattforma bli utstyrt med eit sentralt kontrollrom som skal styra heile produksjonsprosessen og overvaka heile feltsenteret. ULQ vil også ha fleire sentrale støttesystem for felt-senteret som t.d. nødkraft, brannvannssystem, diesel, varmegjenvinning og ferskvannsproduksjon.

Monsterløft Når ULQ er klar for levering i første kvartal av 2019, vert plattformdekket henta av eit fartøy som ingen har sett maken til.


JOHAN SVERDRUP LQ

«Pioneering Spirit» er det som vert kalla eit «single lift»-fartøy. Eit eitt-løfts-fartøy som i haust har blitt klargjort i Holland. Ein 382 meter lang og 124 meter brei mastodont med to skrog og som kan ta med seg dekkskonstruksjonar på inntil 48.000 tonn og plassera dei på t.d. stålunderstell ute på feltet. Eigarane, Allseas Group, har alt tinga ein større «bror» til «Pioneering Spirit». Den vert 160 meter breid og skal kunna løfta konstruksjonar på heile 72.000 tonn!! •

Vikarierer Frå og med 21. september, har Tom Henningsen fungert som prosjektdirektør for Johan Sverdrup ULQprosjektet i staden for Jan-Tore Elverhaug. Henningsen var plansjef startfasen av prosjektet. Ein funksjon som Jarle Nesbø har overteke i den tida Henningsen leiar prosjektet. Det er familiære grunnar og trongen for ein hofteoperasjon som er årsak til desse justeringane av prosjektleiinga. Det er venta at Elverhaug er tilbake som prosjektdirektør ved utgangen av januar 2016.

SYSTEMPOSTEN

25


OrganisasjonsendringAr

Reduserer arbeidsstokken Av Odd Naustdal

Som et resultat av tapte kontraktar og ein generell nedgang i olje- og gassindustrien, har Kværner dette året vore nøydd til å redusera arbeidsstokken.

Kværner hadde lenge håp om å komma heilskinna gjennom den tøffe perioden som olje- og gassindustrien har vore i den siste tida. Men etter tapet av boreplattforma til Johan Sverdrupfeltet 24. februar, blei det klart at også Kværner måtte ta ned kapasiteten. I mai gjekk det ut melding om at Kværner totalt sett ventar å ha ein overkapasitet på 250-500 tilsette ved utgangen av året, primært innan engineering og andre funksjonærfag. Når året no nærmar seg slutten, ser ein at talet vil vera i nedre sjikt av dette intervallet. Ein stor del av nedbemanninga er også gjennomført ved hjelp naturleg avgang og gåvepensjon, som både funksjonærar og operatørar har fått tilbod om. – Å være nøydt til å seia opp gode kollegaer er ein svært beklagelig situasjon. Fokuset vårt er å gjennomføre kapasitetsreduksjonen på ein skik-

26

SYSTEMPOSTEN

keleg og respektfull måte for å begrense så mykje som mogleg belastninga for dei som vert påverka, pågåande prosjekt og resten av organisasjonen, sa Steinar Røgenes då nedbemanninga vart kunngjort i organisasjonen. I juni vann Kværner saman med KBR oppdraget å levera bustad- og utstyrsplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Dette var ei viktig tildeling, og var på kort sikt ein av få moglegheiter innan plattformdekk. Men allereie før tildelinga, visste ein at dette prosjektet ikkje ville vera nok til å fylla ordreboka. – Denne tildelinga viser at me er konkurransedyktige og gjer oss godt plassert til å vinna også andre kontraktar. Likevel er dei harde realitetane at me trass denne tildelinga framleis vil ha overkapasitet, sa Røgenes. •


orGanIsasjonsendrInGar

naturleg med omstillingsreaksjonar av STIG STIG BERGE MATTHIESEN

– omstilling er ein stressa situasjon for tilsette. Folk reagerer forskjellig. det er viktig at me gjer dei ulike reaksjonane til noko naturleg, ikkje noko negativt som må nedkjempast.

I årets siste IA-samling var fokuset på den utfordrande situasjonen Kværner er i og har vore i dette året. Stig Berge Matthiesen frå BI var invitert til å gje personalansvarlege leiarar, HRapparat og tillitsvalde opplæring i korleis dei kan støtta medarbeidarar og hjelpa organisasjonen gjennom den pågåande nedbemanning- og omorganiseringsprosessen. Matthiesen er psykolog og professor i organisasjonspsykologi.

– Leiarar spelar ei viktig rolle i alle fasar. Vanlege reaksjonar i organisasjonar som står i omstilling er stress og utryggleik, noko som går utover arbeidsmiljøet, sa Matthiesen.

Med utgangspunkt i «omstillingskurven», gav han forsamlinga innsikt i typiske psykologiske reaksjonar personar får når dei er gjenstand for omstilling, og korleis leiarar kan og bør opptre i møte med medarbeidarar som er påverka. «Omstillingskurven» har fire fasar som personar som vert påverka av til dømes nedbemanning går gjennom: Benekting, motstand, nyorientering og tilhøyrsle.

Han understreka at folk har ulikt endringstempo, og at dette vert påverka av kor vidt ein opplever å vera inkludert i prosessen. Difor er informasjon og involvering avgjerande for utfallet. – Det er i tillegg viktig å ha forståing for at folk går gjennom kurven i ulikt tempo. Me er alle forskjellige i høve til kor endringsorienterte me er. Nokre likar det, medan andre helst vil sleppa. •

Stig Berge Matthiesen

Foto: Odd Naustdal

SYSTEMPOSTEN

27


orGanIsasjonsendrInGar

Me må jobba hardt no for å sikra framtida av ODD NAUSTDAL

- me er førebudd på at 2016 blir eit strammare år. men me vonar at dei knepp me no tek i fellesskap kan gjera at me greier å møta prisnivået på kommande prosjekt, seier Flt-leiar christian danmo.

Christian Danmo og Verkstadklubb-leiar Amram Hadida ser tilbake på året som ligg bak. - Det har vore eit veldig spesielt år. Me leverer bra og får skryt av kunden, men me vinn ikkje nok prosjekt. Difor er det utruleg viktig med dei grepa bedrifta tek for å retta oss inn mot ein framtidig marknad. Me står saman om det, og har felles mål. seier Danmo. - Me sa i Nyhetsbrevet for eitt år sidan at me ville strekka seg langt for å bidra til at Kværner skulle styrka konkurransekrafta. Det opplever eg at me har gjort. Me tok ansvar i lønsoppgjeret, og eg sit med ei kjensle av at bidraget vårt har hjelpt, seier Hadida. Førebels er det funksjonærar som har blitt råka av nedbemanninga i Kværner. - Det at me må nedbemanna no gjenspeglar ein marknad i nedgang. Dersom me ikkje greier å ha store prosjekt i kontinuitet, så går ikkje det i lengda. Diverre rammar nedbemanninga

ny kværner-organisasjon frå årsskiftet ei arbeidsgruppe har i haust jobba med å teikna om kværner-organisasjonen, for å få ned driftskostnader og styrka kværner i konkurransen om nye oppdrag. den nye organisasjonen har fått namnet eitt kværner og vil vera operativ frå 1. januar 2016. I skrivande stund er ikkje alle brikker på plass. Men det overordna kartet for ei ny basisorganisajon er ferdig, og inneber at Kværner frå nyttår vil operera i ein tydelegare matrisebasert struktur. Basisapparatet blir slanka, for å redusera kostandene. Forventinga er at den

28

SYSTEMPOSTEN

nye organisasjonen skal gjera Kværner meir konkurransedyktig og mindre byråkratisk. I løpet av første halvår 2016 vil det også bli gjennomført ein prosess for å samla alle Kværner-tilsette i færre juridiske einingar. – Heile industrien gjennomgår fundamentale endringar. Me tilpassar no proaktivt Kværner til dei nye marknadstilhøva. Det er viktig at me gjennomfører desse endringane raskt slik at me kan betra posisjonen vår før viktige prosjekt kjem ut på tilbod, seier konsernsjef Jan Arve Haugan. •


oss hardare denne gangen, ettersom det tidlegare har vore lettare å leiga ut til andre verksemder. No er ikkje den moglegheiten der. I tillegg er permitteringsreglane stramma inn i høve til sist nedgangsperiode. Konjunkturendringar skjer heile tida, men denne gongen er det tøffare, seier Danmo. Hadida er takksam for at nedbemanninga så langt ikkje har gått utover operatørane i Kværner. - Me er privilegerte med tanke på marknaden rundt oss, kor mange er langt hardare råka. Men me må jobba hardt no for å sikra framtida. Me står framfor ein krevjande periode, og det vil nok auka på med permitteringar. Kostnadsreduksjonen vil nok krevja at kvart individ yter meir enn i dag. Men då er det godt å ha fabrikasjonsstart på Johan Sverdrup å sjå fram til om nokre månader. Den er utruleg viktig både for oss og regionen. I tillegg ser me at det på sikt finst ein del moglegheiter i marknaden, seier Hadida, og legg til at han er veldig glad for at Kværner, trass dagens situasjon, tek inn ein del lærlingar. - Det er utruleg viktig for oss å ha kontinuitet og vera ei opplæringsbedrift. Både Danmo og Hadida meiner Kværner står betre rusta i dag enn tidlegare i kampen om nye oppdrag. - Me har kome eit stykke vidare med tiltaka me har gjort dei siste to åra for å gjera oss konkurransedyktige. Eg trur alle her på verksemda har tatt innover seg at situasjonen er endra, seier Hadida. •

AP-leiar Jonas Gahr Støre var ein av mange politikarar som la valkampturnéen innom Kværner Foto: Odd Naustdal

Mange besøk Også dette året var det mange besøk, mellom anna av politikarar før og under valkampen. Ikkje minst var Edvard Grieg-modulane eit populært mål. Mellom dei som vitja Kværner på Stord dette året var kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, finansminister Siv Jensen, olje- og energiminister Tord Lien, næringsminister Monica Mæland, AP-leiar Jonas Gahr Støre, AP sin partisekretær Kjersti Stenseng, KrF-leiar Knut Arild Hareide, stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn, Høgre sin næringsfraksjon på Stortinget og kommune- og fylkespolitikarar som var på valmøte i regi av NHO Hordaland. •

SYSTEMPOSTEN

29


demolering

Roleg vinter på Eldøyane Av Alf Terje Myklebust

Etter at lastebøyen frå Draugen-feltet var demolert og bitane eksportert, har det vore relativt liten aktivitet på demoleringsanlegget på Eldøyane denne hausten. Og slik vert det gjennom vinteren også.

Rett nok har dei hatt Kraken subsea-prosjekt gåande i sommar og har i haust hogge opp stålrammene til to eldre lakseoppdrettsanlegg, men tonnasjen er ikkje så stor. Likevel har Ivan-kranen vore flittig brukt for å løfta på land seksjonar etter kvart som dei var klare for det. Plastringar med stor oppdrift tek over stadig meir av mærd-marknaden i oppdrettsnæringa. - I løpet av 2015 har me hatt gåande undervassarbeid utanfor djupvasskaien på nordsida av Eldøyane, opplyser Eirill Hatlevik, som framleis leiar demoleringsaktivitetane. - Det betyr at me no har 26 meters djupne langs 128 meter av denne kaien. Med større djupne kan kranskipa som kjem med modular/jacketar frå utrangerte plattformer lettare koma inn til oss for å lossa. Overskotsmassen frå sprengingsarbeidet er plassert på tilvist plass i hamnebassenget. - Det er framleis mange nedstengde olje- og gass-installasjonar som skal til lands for demolering, men operatørselskapa har av ulike grunnar venta med å realisera fjerninga.

30

SYSTEMPOSTEN

Heldigvis ser det no ut til at fjerningsmarknaden er i ferd med å ta seg opp att, og me har rekna på fleire tilbod i haust, seier Hatlevik. Tida vil visa om me vinn nokon av dei. Forhåpentlegvis blir det ny aktivitet på demoleringsanlegget alt i 2016. AF Decom i Vats er ein stor konkurrent, og nykomaren Lutelandet Offshore i Fjaler kommune nord for Sognefjorden har vist seg å vera konkurransedyktig også. Dei har inngått ein langstidsavtale med Veolia som for eit år sidan fekk i oppdrag av operatørselskapet Talisman med å fjerna den nesten ubrukte Yme-plattforma. Gjenbruk har vore eit gjennomgåande stikkord for det prosjektet. - Vår erfaring er at det ikkje er alt plattform­ utstyr som har vore i havet ei tid som er like lett å selja – sjølv om det er aldri så lite brukt. Eirill Hatlevik leiar ein liten organisasjon som framleis er sterkt prega av dødsulukka i vår. - Ingen er urørte av denne hendinga, og me skal gjera alt som står i vår makt for å unngå at noko slikt skjer igjen. •


demolering Foto: Jostein Viestad SYSTEMPOSTEN

31


Fotomontasje: Aker Solutions

aasta hansteen-prosjektet

Aasta Hansteen Av Alf Terje Myklebust / Lisa Skram Haktorson

Aasta Hansteen-feltet skal produserast frå verdas største Spar-plattform etter samanstilling i Digernessundet. Men før feltet kjem i produksjon, skal den enorme plattforma innom Kværner Stord for samankopling.

Havdjupet på feltet ligg rundt 1.300 meter. Aldri før har det vore produsert frå slike djup på norsk sokkel (men i Mexico-gulfen produserer dei frå dobbelt så store djup. Den produserte gassen vert sendt til Nyhamna gjennom den 482,4 km lange røyrledningen Polarled, mens kondensatet vert mellomlagra i tankar i plattformskroget og lossa derfrå. I slutten av september 2015 er gassrøyrledningen Polarled lagt frå Nyhamna til Aasta Hansteen-feltet. I første omgang skal den 36 toms store røyrledningen berre transportera gass frå Aasta Hansteen, men den har kapasitet til meir gass frå Norskehavet. I alt 40.000 røyrlengder

32

SYSTEMPOSTEN

a 12 meter er lagt – samla strekning: 482,4 km. Største djup:1.260 meter, er norsk rekord. Kværner held på å oppgradera og utvida kapasiteten til gassanlegget på Nyhamna for å kunne ta imot gass frå Aasta Hansteen-feltet. Kværner skal også snu skroget på Aasta Hansteen-plattforma frå horisontal til vertikal stilling, ankra det opp i Digernessundet og gjera alt klart til at dekket kan løftast på plass. I tillegg skal Kværner gjera onshore og offshore hook-up på Sparplattforma til Aasta Hansteen-feltet. Commissioning-assistanse er også ein del av oppdraget. Kværner sin prosjektleiar er Hans Bruntveit. •


notiser frå andre delar av kværner

Kværner Verdal vinn tredje stålunderstell for Johan Sverdrup 8. oktober signerte Kværner Verdal kontrakten for leveransen av stålunderstellet til prosessmodulen til Johan Sverdrup. Med denne tildelinga, vil Kværner levera dei tre største av dei fire stålstrukturane til Sverdrup-feltet, i tillegg til ei av plattformdekka. Kontraktsverdi er ca. 1 milliard kroner.

Tord Lien vitja Hebron-prosjektet Olje- og Energiminister Tord Lien vitja Hebron-projektet på Bull Arm site (Newfoundland og Labrador) 16. september. “Det er spesielt spanande å sjå at tiår med ekspertise i betongkonstruksjonar, forankra i Noreg, vert brukt i konstruksjonen av eit stort internasjonalt offshoreprosjekt. Eg er imponert over Kværner og kontrakten med Exxon Mobil», sa Lien.

Concrete Solutions vinn feed for verftet i Murmansk 15. juni, vart Concrete Solutions tildelt ein feed-kontrakt for utviklinga av Belokamenkaverftet i Murmansk. Arbeidet inneber ein topside-modulverkstad og tørrdokk for byggjing av betongunderstell, i tillegg til alle naudsynte fasilitetar og infrastruktur. Formålet med verftet er å kunne byggja GBS-baserte LNG-plattformer for Russland.

Concrete Solutions tildelt pre-feed studie for Arctic LNG 2 Concrete Solutions har blitt tildelt eit studie på fem månader for hjelpa til med å modna den tekniske løysinga for ein «nær kysten betongunderstell LNG-terminal» i is-befengte farvatn for Arctic LNG 2-prosjektet i den nordvestlige delen av Russland. Studiet vil bli gjennomført saman med KBR. Erik Stormyr er prosjektleiar.

SYSTEMPOSTEN

33


kværner interaction

Forbetringsarbeid viktigare enn nokon gong Av Lisa Skram Haktorson

Leiar for Kværner Interaction-prosjektet, Thomas Dahl, fortel at trass nedbemanningsprosessar og tøffe tider, så er det viktigare enn nokon gong å halda fram med forbetringsarbeidet. Fokuset er på Nyhamna, og den nye Johan Sverdrup-kontrakten. - Me satsar vidare, og det er no me må bretta opp armane og stå på, sier han. Han skryt over innsatsen som fabrikasjonsorganisasjonen til Nyhamna-prosjektet på Stord har gjort med forbetringsarbeidet. - Dei har gjort ein kjempejobb med implementering av forbetringer på Nyhamna Stord. Blant anna innan logistikk, organisasjonsmodell, multi-disiplin planlegging, koordinering,

34

SYSTEMPOSTEN

styringssystem, ansvarskompetanse, utnytting av arbeidsdagen, møtestrukturar og nye verktøy. Øyvind Epland og Atle Ottesen sin organisasjon har teke ansvar og implementert endringane på ein svært god måte. Forbetringsarbeidet vert målt på produktivitet og indirekte kostnader. Medan det framleis er utfordringar knytta til indirekte kostnader, så er resultatet på produktivitetssida imponerande.


kværner interaction

T.v.: Alle som var med på Kværner-Interaction-runden i mai: Per Gregersen, Knut Johan Malvik, Steinar Røgenes, Thomas Danielsen, Bård Wæhle, Amram Hadida, Jan Arve Haugan, Christian Danmo, Nils Askeland, Rune Rafdal, Hans Fredrik Nes, Sigurd Sævareid, Halvor Stokke og Thomas Dahl. Foto: Lisa Skram Haktorson. T.h.: Nils Askeland, Jan Arve Haugan og Christian Danmo på inspeksjonsrunde på området til Kværner Stord. Foto: Lisa Skram Haktorson.

- I høve til bygginga av Eldfisk og Edvard Grieg har me økt produktiviteten på Nyhamnafabrikasjonen på Stord. Den gode faktoren skal me alle vera stolte av. Nokon spør seg om det er enklare å få ein god faktor på modular for eitt landanlegg enn på ein topside, og det er klart at omfanget er mindre. Men ein skal ikkje undervurdera kompleksiteten på Nyhamnamodulane som ligg i Stordhallen. Dette er absolutt noko som kan førast over til topsidesområdet, forklarar Dahl.

Han oppmodar til innspel og handling. - Det er viktig at alle vurderer sin eigen arbeidssituasjon med tanke på forbetring og utvikling. Bruk kollegaer, din næraste leiar eller tillitsvalde til å få gjort forbetringer der du ser det er mogleg. Alle forbetringer er viktige, både store og små. Dersom alle tar dette på alvor og går i seg sjølv er eg heilt sikker på at me vil sjå resultat, meiner Dahl. Fokuset framover ligg på forbetring av heile EPC-kjeda. - Det er viktig at engineering og procurement (innkjøp) og vert dratt inn i det samla forbedringsarbeidet. Dette vil me spesielt fokusera på under Johan Sverdrup ULQgjennomføringa. Me har etablert eit godt samarbeid med Rune Slettemark og hans organisasjon og vil etter kvart jobba endå tettare og meir integrert, seier han. - Forbetringsarbeidet skal vidareførast på alle framtidige prosjekt – 5S skal og inn på kontora. I tillegg vil me understøtta ved behov og hjelpa til med å få forbetringar inn i nye tilbud, avsluttar Dahl. •

SYSTEMPOSTEN

35


Frå venstre: Lena Folkedal, Cathrine Folgerø, Frode Hafsmo, Kent Heine Spissøy, Maj Engevik og John T. Almås. Foto: Alf Terje Myklebust

Harmonerer ­ikkje alltid Av Alf Terje Myklebust

Det moderne arbeidslivet stiller stadig nye krav til arbeidstakarane. Ikkje minst i periodar med omstilling og mangel på oppdrag, kan krava bli tøffare og alternativa for den einskilde færre. – Det er vanskelegare å leggja til rette for familievenlege ordningar i nedgangstider.

Men skal ein døma etter svara frå eit ungt pendlar/skift/rotasjonspanel på Stord sitt fjerde folkehelseforum i Litlabø og Sagvåg samfunnshus, så finn dei fleste praktiske løysingar på utfordringane. Oftast ved hjelp av nær familie. - Eg har god tru på at treparts-samarbeidet mellom det offentlege, arbeidsgjevar og arbeidstakar kan bidra til å løysa desse utfordringane, sa innleiaren adm. dir Steinar Røgenes i Kværner Stord til dei vel halvthundre deltakarane på forumet. - Det vert stadig vanskelegare å skilla jobb

36

SYSTEMPOSTEN

og fritid. Dei smeltar saman. Færre og færre jobbar frå sju til tre. Me er blitt meir fleksible enn før; mobiltelefon og internett har gjort oss tilgjengelege heile døgeret. Me vil gjerne ta omsyn til familielivet, men lukkast ikkje alltid med det.

Rallarar og fiskarbønder Avtroppande ordførar Liv Kari Eskeland minna om at kvardagslivet på Stord historisk ikkje alltid har vore like strukturert. Gruvesamfunnet på Litlabø trekte t.d. til seg rallarar. Dei kom frå alle deler av landet, frå Finland og Sverige for å


gjera ein jobb; for å tena pengar. Dei hadde med seg ein kultur som Stord har hatt god nytte av seinare. Nokre valde å etablera seg her, dei fleste reiste vidare til nye oppdrag andre stader. Fiskarbonden hadde heller ikkje så veldig strukturerte arbeidstider. I dag er det industriarbeidaren som tidvis må reisa dit arbeidet fins. Dei hentar impulsar ute, og tek dei med seg heim. Heile Stord-samfunnet veks på det. I tider som desse er det viktig å ha gode kommunikasjonar. Alternativet til langpendling og rotasjonar er ­flytting – eller arbeidsløyse.

Tøffe tider - Dette er krevjande tider. Bedrifter som ­Kværner Stord er konkurranseutsette så det held, sa Steinar Røgenes. - Vilkåra for å vinna nye jobbar er beinharde. Rotasjon/pendling/reising er ein viktig del av dette konkurransebildet. Nedbemanning og omstrukturering som må til for å betra konkurranseevna, skapar frustrasjon, påverkar heim, familie og nærmiljø. Det gjer oss

mindre fleksible når det gjeld å leggja til rette arbeid for folk som av ulike grunnar ikkje kan reisa. Me har flinke og kunnskapsrike medarbeidarar som verkeleg står på for bedriften og prosjekta. Det står ikkje på innsatsviljen. Den er tidvis så stor at leiarane våre må passa på at folk ikkje jobbar til dei stuper. Kværner Stord har hatt, og har, eit fantastisk samarbeid med dei tillitsvalde. Dei forstår biletet og bidreg positivt til at me finn gode løysingar. Dagens tema er viktig både for oss og for lokalsamfunnet, sa Røgenes.

Ny møteplass? Seinare i møtet kom det fram forslag om å ­etablera ein møteplass der dei største arbeidsgjevarane og arbeidstakaorganisasjonane kan drøfta lokale utfordringar knytt til arbeids­ takarane sin situasjon. Eit forslag som m.a. Trond Haga frå Kværner støtta. Folkehelseforumet vart arrangert av Stord kommune i samarbeid med Kværner Stord og LO Sunnhordland. •

SYSTEMPOSTEN

37


Alf Sundal etter 10. plass i WorldSkills:

Frå avslutningsseremonien under årets Worldskills. Foto: Worldskills

Det er alltid noko du kan gjera betre Av Alf Terje Myklebust

- Eg kunne nok ha gjort ting annleis og betre, men er likevel godt nøgd med at eg nådde målet mitt om ei topp 10-plassering i WorldSkills i São Paulo, seier Kværner-sveisaren Alf Sundal.

- I konkurransen var det ikkje rom for å gjera feil. Det var ikkje tid til å gjera noko om att, sjølv om me konkurrerte i 18 timar fordelt på fire dagar. Det var berre å stå på og fylgja den planen du hadde lagt på førehand. Eg fekk til ein fin flyt i arbeidet, og hadde ei god kjensle undervegs, seier tysnesingen som runda 22 år i september. I haust har han pendla til Edvard Grieg-plattforma i Nordsjøen og gjort sitt til at den vart gjort produksjonsklar. Han trivest godt med jobben i havet. Etter Edvard Grieg, er han klar for å reisa til Nyhamna. - Alf Sundal har vore, og er, ein fantastisk god ambassadør for Kværner, seier mentoren hans, Leif Ottar Heimro. Med sølv i NM og delt 10. plass i WorlSkills 2015, skulle ein tru at Alf Sundal var nøgd og hadde fått nok av konkurransar, men nei: Han satsar på å delta både i NM og EM neste år. I skrivande

38

SYSTEMPOSTEN

stund er det ikkje klart kvar NM skal arrangerast, men Europameisterskapet går i Gøteborg i desember 2016. - Kva er det som gjer konkurransane så interessant? - Eit ynskje om å gjera det best mogeleg, og å sjå kor langt eg kan nå. Og så lærer eg så sinnssvakt mykje på treninga før konkurransane. Ting eg aldri hadde fått lært elles. Men det krev jo at du legg energi i førebuingane. Til tider kan det vera ganske krevjande, seier Sundal. I internasjonale konkurransar som WorldSkills er det eit utruleg høgt nivå på dei beste. - Medaljevinnarane i sveisefaget hadde trent i tre år og investert i inntil 7.000 timar på å førebu seg til konkurransen. Eg trente i om lag 200 timar eller der omkring før eg drog til Brasil.


WorldSkills Alle deltakarane som oppnådde 500 poeng i WorldSkills, fekk ein spesiell medalje: Medal of Excellence. Med 523 poeng var Alf Sundal velkvalifisert for denne utmerkinga. Berre tre av dei 18 andre norske deltakarane scora høgare. Det vart to norske gull: Jenny Marlen S. Fossan i helsefag (535 poeng) og Martin Østnor i industrimekanikk (534). Ein kvinneleg norsk billakkerar oppnådde 526 poeng og 5. plass, mens altså Sundal fekk 523 poeng og 10. plass i sveising. Ein bilskadereparatør fekk like mange poeng, noko som resulterte i ein fjerdeplass i det faget.

Yrkes-OL, eller WorldSkills 2015, samla i alt 1189 deltakarar under 23 år frå 60 ulike nasjonar. Dei konkurrerte i 50 ulike fag. Sveisefaget hadde samla 38 deltakarar. ­Noreg sende i alt 19 deltakarar til WorldSkills i Brasil.

Politikar-ros - Me er stolte av yrkeslandslaget. Gode fagarbeidarar er viktige, sa statsminister Erna Solberg etter at konkurransen var avslutta. Og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ­supplerte med: - De er fantastiske ambassadørar for yrkesfaga og får opp interessa for desse. Når andre ser kva de presterer og at de synes det er moro å konkurrera, kan det få dei til å ta i litt ekstra på skulen eller i lærebedrifta. De viser kor mange flinke yrkesfagelevar Noreg har. De er også strålande døme på dei mange spennande yrkesmoglegheitane yrkesfaga gjev! •

Leif Ottar Heimro saman med Alf Sundal under worldskills i Brasil.

SYSTEMPOSTEN

39


Systemposten

SYS T EMP OS T EN

Gjennom 70 år har Systemposten fortalt historia til A/S Stord, Stord Verft AS, Aker Stord AS og Kværner Stord AS. Bladet er ein kulturberar og ein raud tråd gjennom skiftande tider.

– Det var Onar Onarheim og Chr. BartzJohannessen som såg det som naudsynt at det vart oppretta betre kontakt mellom leiinga og dei tilsette og etablerte Systemposten, sa tidlegare redaktør Reidar Johannessen då Systemposten intervjua han for fem år sidan. Johannessen var redaktør av Systemposten i heile 30 år, frå 1961 til 1981. “Vi kaller den foreløpig Systemposten”, skreiv den første redaktøren av Systemposten Otto Emil Olsen, utan vidare grunngjeving. – Det er vanskeleg å gje ei forklaring på namnet. Eg trur forslaget kom frå Bergen, men er ikkje heilt sikker. Men eg tykkjer namnet har fungert godt. Det vart i alle fall mitt hjarteborn, sa Johannessen. Fram til slutten av 80-talet kom Systemposten ut fire-fem gongar i året. I dag er det berre julenummeret som kjem ut. Johannessen fortel at Systemposten eitt år stod i fare for å verta nedlagt. – Budsjettsjefen foreslo eit år å leggja ned Systemposten for å spara pengar. Men det aksepterte ikkje leiinga. Dei meinte Systemposten var blitt eit nødvendig ledd i verksemda. •

40

SYSTEMPOSTEN


Fem om Systemposten Kva er ditt forhold til Systemposten?

Peggy Bærøy, Ingeniør jobbsetting Nyhamna

Peggy

Leif

Eg har jobba 47 år i bedrifta, så eg har lese mange utgåver av Systemposten. Eg leser alle frå perm til perm, og synest dei er veldig kjekke. Eg har og vore hos FLT og lest nokre av dei som kom ut før eg starta i verksemda. Eg samlar på Systemposten kvart år saman med dei andre julehefta mine.

Thomas

Leif Ottar Heimro, ansvarleg for lærlingane Eg synest Systemposten er veldig kjekt. Det vert eit slags julehefte som oppsummerer det som har skjedd i bedrifta i laupet av året. Eg samlar på nokre av dei, og eg les dei alltid.

Svein

Jostein

Thomas Dahl, leiar for Kværner Interaction Systemposten er heilag for meg, ungane får ikkje røra han. Eg har lest det som lesast kan – eg har vakse opp med det, og eg samlar på dei. Dei står høgt oppe på bokhylla utilgjengeleg for ungane. Systemposten representerer heile historia til bedrifta og gjev meir innblikk i system og detaljar enn dei vanlege nyheitsbreva. Dersom nokon har gamle blad til overs tek eg gjerne imot dei.

dolitteratur. Kvart år i desember pleidde den 93 år gamle svigermor mi å spørja etter Systemposten. Det var ikkje alltid eg fekk lesa bladet sjølv først. Ho drog tak i det så snart ho høyrde det var kome i hus. Det er eit populært magasin her i huset, og et fantastisk oppslagsverk for historia til Kværner.

Jostein Eldøy, Offsite Construction Manager Nyhamna

Svein Folgerø, avdelingsleiar for innkjøp

Eg er oppvaksen med Systemposten. Pappa jobba som montør på Kjøtteinen så Systemposten har vore i huset vårt frå før eg kunne lesa. I byrjinga kom det fleire utgåver per år. Eg har ein god del av dei gamle utgåvene frå den tida. Då eg traff kona mi så fann eg ut at der i huset hadde dei Systemposten i kjellaren som

I mine 48 år ved verksemda har det å motta Systemposten blitt ein tradisjon og noko som eg ser fram til kvar jul. Bladet gjev eit godt bilete av året som har gått, samt ein god del annan interessant lesning. Eg les den alltid frå perm til perm. Det ville vore noko som mangla dersom eg ikkje fekk Systemposten før jul. • SYSTEMPOSTEN

41


Målfrid Hagen Dramdal, Kristin Vatna Vik, Gunhild Vatna og Bjørnhild Johnsen samla framfor Stordhallen.

Par i tvillingar på HR Av Alf Terje Myklebust

På Kværner Stord jobbar det ikkje mindre enn to tvillingpar på HR: Målfrid og Bjørnhild (52), Kristin og Gunhild (50). Stor kontaktflate, stor kapasitet, høg kompetanse og stabilt godt humør er felles kjenneteikn for dei fire.

Målfrid Dramdal er 10 minuttar eldre enn si einegga tvillingsøster Bjørnhild Hagen Johnsen, fødde på Kvinneklinikken i Bergen 5. juli 1963. Foreldra hadde ein 13 månader gamal son, Gudmund, frå før, og fekk ikkje vita at det var tvillingar på veg før 14 dagar før fødselen. Dei venta fem år før dei fekk sitt fjerde born: Ranveig.

Frå Fana til Fitjar Då Johnsen-tvillingane såg dagens lys, budde familien i Fana. Fire år seinare flytta dei til Fitjar der pappa Atle fekk jobb som rektor. - Me er nok ikkje prikk like, men det er mange som tek feil av oss likevel. Og dersom du berre høyrer oss, er det veeeeldig mange som bommar på kven som er kven, seier Bjørnhild. Foreldra kledde dei to småjentene likt, men gav dei klede med ulike fargar: Raudtonar til Målfrid, blåtonar til Bjørnhild. Og då dei nådde ungdomsskulealder, sytte faren for at dei to ikkje gjekk i same klasse. Dei hamna også i ulike klassar på Stord vidaregåande skule.

42

SYSTEMPOSTEN

Bur i same tunet Som mange andre einegga tvillingar, opplever dei to at dei tenkjer likt, har dei same preferansane, og at dei ler av dei same tinga. Humor og latter har vore kjennemerke for dei to i alle år. Dei gifte seg med to karar som var gode kameratar. Dobbeltbryllaup, naturlegvis. Dei bur i det same tunet på Hystad, «deler» på dei tre borna til Bjørnhild og har bygd felles hytte på Vågslid. Dei har kontor i nærleiken av kvarandre – og når dei er på spinning, sit dei på syklar som står ved sida av kvarandre! Begge likar å reisa, som om det var noko bombe. Bjørnhild trivst godt med matlaging – og slappar gjerne av med eit eller anna handarbeid. Målfrid les mykje, likar å bruke fritida ved sjøen og på fjellet, men vedgår også at ho jobbar mykje i periodar.

Tøffe tider - Dei siste to åra er noko av det tøffaste eg har vore med på. Å bemanna Eldfisk, Edvard Grieg og Nyhamna samstundes – og å rotera alt dette personellet, på land og i havet, har vore ei utfordring. At ConocoPhillips i tillegg ba oss


om å rotera deira personell i offshore-fasen av E ­ ldfisk 2/7S, kom på toppen av alt anna. Men det var ei fantastisk tillitserklæring me ikkje kunne sei nei til. Viktig omdømebygging for Kværner. Og eg trur me kom godt frå den jobben og, seier Målfrid og roser dei røynde medarbeidarane sine for kjempeinnsats.

bygd nytt hus i Kåravikjo same året. Dei hadde alt fått tre born tett på kvarandre. Med tvillingane som avslutning presterte dei å få fem born på fire år - frå oktober 61 til desember 65! Snakk om bleieskift og ammetåke!!

- I SAP har Aker og Kværner utvikla eit rotasjons­system som gjev oss stålkontroll ­samanlikna med måten mange av konkur­ rentane jobbar på.

Dei toegga tvillingane er meir søskenlike enn tvilling­like, men trivst godt i kvarandre sitt ­selskap. Dei har kontor ikkje langt frå kvarandre, dei likar å gå turar i naturen, er med på turorientering og utgjer halvparten av to små turgrupper: «Søndagsenglane» og «stavjentene».

Fem born på fire år!

Valde ulikt

Kristin Vatna Vik vart fødd sju minuttar før tvillingsystera Gunhild Vatna på Vidsteenstunet vesle juleafta 1965. Foreldra visste ikkje at det var tvillingar undervegs. Heldigvis hadde dei

Men der Gunhild i barne- og ungdomstida valde turn/aerobics som utøvar og seinare instruktør, vart det Langeland skulekorps og eufonium for Kristin. Og mens Gunhild dei siste åra har trent SYSTEMPOSTEN

»

43


for halvmaraton, har Kristin samla fjelltoppar. Blant dei er både Galdhøpiggen (2.468 m) og Gaustatoppen (1.883 m). Gunhild har på si side sprunge halvmaraton både i Bergen og i Oslo. Målet i år var å forbetra tida frå Bergen med minst fem minuttar i Oslo. Det greidde ho med glans. Den nye persen er på 1,54,38. No gjeld det å halda formen vedlike. Etter Langeland skule og Stord ungdomsskule valde dei to ungjentene litt ulikt på gymnaset. Det vart språklina for Kristin, samfunnsfagleg line for Gunhild. Men så hamna begge på B ­ ergen Sprog- og sekretærskole. Ei supereffektiv utdanning! Der lærte dei mykje. Relativt kort tid etterpå fekk begge jobb på verftet

Tilleggsutdanning Få år etterpå, tok begge to høgare utdanning. Kristin grunnfag psykologi, grunnfag adm./org – og første avdeling jus ved UiB. Gunhild personal/ adm. ved høgskulen i Stavanger, sosiologi grunnfag ved UiB – og første avdeling jus. Kristin og ektefellen Dag Erik Vik har tre born, Gunhild og Bjørn Tømmervik fire. I all hovudsak har begge to jobba innanfor HR. Men, medan Kristin byrja på engineering og sidan har vore innom marknadsavdelinga og produksjonsleiarleiing, byrja Gunhild på dokumentkontroll og har vore innom fakturamottaket og rotasjon før ho igjen var tilbake på HR. I dag har Kristin mellom anna ansvar for rekruttering av funksjonærar og forhandlar med organisasjonane deira om løns- og arbeidsvilkår. Ho har også lang røynsle med omstillingsprosessar som den Kværner Stord har køyrt i 2015 og jobbar tett på leiarane. Tvillingssøster Gunhild har også vore involvert i desse prosessane. Ho har først og fremst ansvar for å jobba tilsette sin kompetanse. Det vil mellom anna sei at ho har ei hand med all kursing – både fagleg på land – og offshore-kursa.

44

SYSTEMPOSTEN

- Aldri ein kjedeleg dag på jobb. Me får utfordrande og interessante arbeidsoppgåver heile tida, Målfrid fekk sin første Kværner-jobb hos Berit Eldøy på personal. Fotograferte leigefolk med polaroidkamera. I ein periode jobba ho også for Karl Johan «Kolto» Pedersen, men lengst ansiennitet har ho på HR. Målfrid var også med over i Kværner Stord sitt heileigde dotterselskap Stord Montasje som leigde ut fagarbeidarar. Det siste året som fungerande leiar. I mange år har ho leia avdelinga for ressurs, ­rotasjon og ankomst. - Det er viktig å leggja eit godt bemanningsgrunnlag når nye prosjekt er i startfasen. Leggja til rette for korleis me skal rekruttera folk til dei ulike fasane. Rett og slett planleggja bemanning. Det er spennande – og utfordrande. Bjørnhild har jobba med offshore-rotasjon i alle år i Kværner. Først for Aker Elektro, der ho var med på utviklinga av SAP-rotasjon, seinare også for Aker Stord/Kværner Stord. Å flytta frå Podlen til Bleikjehaugen var ikkje verdens undergang, likevel. Og den vidare flyttinga derfrå til adm. bygget på Kjøtteinen berre ei mindre justering av arbeidsstaden. Mens rotasjonskontoret tidlegare brukte timevis i telefonen for å mobilisera folk for utreise, går mykje av kommunikasjonen no via SMS og ­e-post. - Å jobba med rotasjon betyr at ein må vera tilgjengeleg mest heile tida. Når skodde og andre uventa ting endrar planlagt ut- og innreise for offshore-personellet, er det berre å stilla for å løysa problema. Det har hendt at eg har vore på kontoret i bunad 17. mai for å løysa opp transport-flokar! •


Dødsulukke på demoleringa Det var med stor sorg direktør Steinar Røgenes måtte meddela tilsette i Kværner at ein medarbeidar hadde mista livet i ei arbeidsulukke på demoleringsanlegget laurdag 7. mars. Det var 38 år gamle Grzegorz Andrzej Fahl som mista livet i ulykka. Fahl jobba som innleigd til Kværner på Draugen demoleringsprosjekt på Eldøyane. Fahl døydde etter å ha fått ei stålplate over seg. Granskingsrapporten etter ulukka konkluderte med at dei direkte årsakene til ulukka var at seksjonen, som stod oppreist, blei stadig meir ustabil etter kvart som fleire panel vart kappa av. Rapporten gav tilrådingar til forbetringar som har blitt implementert i verksemda. •

Grzegorz Andrzej Fahl til minne Grzegorz Andrzej Fahl var tilsett i Stordbase og leigd inn til Kværner sitt demoleringsanlegg, kor han hadde vore innleigd i fleire omgangar, på prosjekt som Frigg, TOGI demolering og Draugen FLP. Fahl var polsk statsborgar frå byen Rumia i Polen. Han etterlot seg kone og to søner på 12 og 14 år. Fahl var ein erfaren, dyktig og godt likt medarbeidar. Han var alltid på plass, og alltid til å stola på. Kollegaane på demolering omtalte han som ein rolig, sjølvgåande, påliteleg og arbeidsam person. Han var ein arbeidsmann av den gode gamle sorten, og det var aldri noko å utsetta på kvaliteten i arbeidet han utførte. I Stordbase var han først innleigd, men han fekk for tre år sidan tilbod om fast jobb. Då medarbeidarane i demoleringsavdelinga tok kontakt med Stordbase for å leiga personell til Draugen-prosjektet, var dei svært tilfreds med å få Grzegorz Fahl – som dei kjente frå før og visste kva stod for. Fahl var svært glad i familien sin og reiste heim så ofte han kunne. Tankane våre går til Grzegorz Andrzej Fahl sine etterlatte. Steinar Røgenes, administrerande direktør

SYSTEMPOSTEN

45


Lågare inntak av lærlingar i år Av Alf Terje Myklebust

I tillegg til dei 11 lærlingane som Kværner Stord tok inn i haust, kjem tre ferske platearbeidarar som er i gang med sitt andre fag: industri­røyrleggjarfaget. - Desse tre får ein veldig sterk fagkombinasjon når dei er ferdige med sin neste fagprøve, seier produksjonsleiar Nils Askeland. - Etter at me tok inn 50 nye lærlingar både i 2013 og 2014, bestemte me oss i år for å redusera inntaket til mellom 10 og 15 lærlingar. Det vart altså 11+3. Hausten er normalt ein hektisk fagprøveperiode og 2015 har ikkje vore noko unntak i så måte. Det betyr at Kværner Stord ved utgangen av året har rundt 60 lærlingar. - Får dei nye fagarbeidarane tilbod om fast jobb ved Kværner Stord? - Dei som har skikka seg vel, og det er dei aller fleste, får tilbod om jobb. Men me gjer dei samstundes merksam på at dei har kortast ansiennitet og at dei dermed står utsett til når det t.d. kjem til permitteringar/nedbemanning, seier Askeland. •

46

SYSTEMPOSTEN

Frå venstre: Finn Madssen Jr, Lisa Kyvik, Lars Odland, Roy William Helland, Lars Matre, August Kolberg, Oskar Bø Hallaråker, Espen Mæland, Murtadha Azam og Thomas Borgen. Christian Slettemark var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Odd Naustdal

Sveisefaget Finn Madssen jr Oskar Bø Hallaråker Espen Mæland Thomas Borgen

Industrirøyr­ leggarfaget Lisa Kyvik Lars Odland Roy William Helland Lars Matre Christian Slettemark

Industrimalerfaget August Kolberg Murtadha Azam


36 nye fagarbeidarar Av Alf Terje Myklebust

Kværner Stord har ein lang og god tradi­ sjon med å utdanna eigne fagarbeidarar. Gjennom tidene har tusenvis av lærlingar og hjelpearbeidarar fått si fagutdanning på Kjøtteinen. I 2014 vart denne lista utvida med 36 nye fagarbeidarar som fredag 23. januar fekk utlevert sine fagbrev etter ein betre middag på Stord Hotell. Med seg inn i yrkeslivet fekk dei 36 både gratulasjonar og lukkeynskje frå leiarane sine, frå skuleverket og frå fylkeskommunen sitt opplæringskontor.

Automatiseringsfaget Rolf Kristian Almås, Jarle Horneland, Ronny Sørdal Misini, Jørgen Aleksander Teige, Torbjørn Pettersen Økland, Frederik Myklebust

Elektrikarfaget Thorbjørn Grov Berger, Atle Ersland, Andrè Isdal Fitjar, Odd Arne Hella, Thomas Irgens

Industriell overflatebehandling Andreas Sangolt Johansen

Industrimekanikarfaget Frank Bergsvåg, Morten Norheim, Simon Lillevik Brunborg

Industrirøyrleggar­ faget Aleksander Brekke, Terje Jensen Anders Almås Koppang, Khaing Maung Lwon, Ole Martin Mehl, Eirik Sætre

Platearbeidarfaget Tharald Horneland Hildal, Jostein Solheim Agersborg, Marius Grøsvik Vinsjevik

Stillasarbeidarfaget Morten Skare Ulvatn, Johnny Sandnes Ottesen

Sveisefaget

Bak frå venstre: Torbjørn Pettersen Økland, Atle Ersland, Terje Jensen, Sindre Katla, Erik Sætre, Rebekka Fjæra, Anders Koppang, Andreas Johansen, Ole Martin Mehl og Rumen Angelov. Midten frå venstre: Maung Khaing Lwon, Iway Halcid, Marius Vinsjevik, Kristina Melin, Jostein Agersborg, Abdi Karim Warsame, Rafal Marszalek og Nadim Sharif. Framme frå venstre: Dan Nguyen, Odd Arne Hella, Rolf Kristian Almås, Ronny Sørdal Misini, Jørgen Aleksander Teige og Aleksander Brekke.

Rumen Petrov Angelov, Rebekka Fjæra, Halcid Cimafranca Iway, Sindre Katla, Christian Lunde, Rafal Kazimierz Marszalek, Kristina Melin, Sharif Nadim, Dan Hoang Nguyen, Abdi Karim Jama-F Warsame

SYSTEMPOSTEN

47


F.v.: Kenneth Bjelland, Morten Nesse, Marius Hjelmeland Olsen, Espen Hjellbakke og Narve Nordtveit. Tone Rolfsen Rimmereide var ikkje til stade då bilete vart teke. Foto: Tore Mathiesen

Fjerde kull er godt i gang Av Alf Terje Myklebust

Alt den 24. august i år starta det fjerde Stordmodell-kullet på teknisk fagskule i Stord vidaregåande skule sine lokale på Heiane. Denne gongen er det 25 yrkesaktive personar som har takka ja til dette litt spesielle utdanningstilbodet. Seks av dei er tilsette på Kværner Stord. Resten kjem frå Sunnhordlandsområdet, supplert av tre frå Haugalandet og to frå Bergenskanten. Avdelingsleiar Reidar Bøen er Bergen Tekniske Fagskule sin kontaktperson mot Stord-miljøet og ynskte studentane velkomne til BTF. Det same gjorde klassekoordinator og lærar Tam Toppe. Men så var markeringa av studiestarten over og det bar rett i undervisninga for dei 19 som hadde møtt fram opningsdagen. Wilfred Rye starta umiddelbart med si hovudoppgåve i dette undervisningstilbodet: Norskundervisning!

48

SYSTEMPOSTEN

Dei fire bedriftene Kværner Stord, Wärtsilä, Apply Leirvik og Advantec er framleis viktige sponsorar for dette utdanningstilbodet, støtta av Hordaland fylkeskommune/Stord vidaregåande skule. Når årets kull er ferdige med sitt to-årige løp mot vitnemål frå teknisk fagskule, vil rundt rekna 100 personar teke ei slik utdanning samstundes som dei har vore i arbeid. Etter Stord-modellen jobbar dei som vanleg i to veker, og er heildagsstudentar den tredje veka, med undervisning på Stord. Studentar frå det tredje kullet får sine vitnemål på nyåret 2016 og er dermed kvalifiserte til å gå rett vidare på forkurs våren 2016 og kan starta på ingeniørstudier ved HSH i august. Framme i 2018 ligg ein bachelor-grad og ventar på dei som vel å starta ingeniørstudiane etter sommar-ferien. •


Ingeniørstudiar etter Stord-modellen Av Alf Terje Myklebust

Sidan 2011 har 100 studentar teke eksamen frå teknisk fagskule etter den såkalla Stord-modellen. No er alt klart for neste fase av eit fullverdig, lokalt utdanningsløp på Stord.

I skrivande stund har vel 30 personar meldt seg på forkurset i matematikk som HSH skal gjennomføra i vårsemesteret 2015. I august startar så HSH ingeniørutdanning innan maskinfag og elektro/automasjon etter Stordmodellen. Det betyr at studentane kombinerer jobb og studier. To veker på jobb, så heiltidsstudent i ei veke – og 80 prosent løn i heile studieperioden. Kværner Stord, representert ved Trond Haga og Tore Mathiesen, har vore pådrivarar for å få til eit slikt utdanningsløp i Sunnhordland. Saman med Wärtsilä, Apply og Advantec – og i tett samarbeid med Bergen tekniske fagskule, Hordaland fylkeskommune/Stord vidaregåande skule og no også Høgskulen Stord/Haugesund. - Gjennom tett samarbeid med HSH er me blitt samde om at eitt år av fagskulen kan godkjennast som ein del av ingeniørutdanninga (60 studiepoeng). Det betyr at dei som har fagskuleeksamen kan oppnå bachelorgrad ved HSH i løpet av to år, opplyser Trond Haga. Utan fagskule er studietida tre år.

Sjølv om den låge oljeprisen har skapt nedgangstider i leverandørindustrien, har dei fire samarbeidande bedriftene vald å halda fram med å satsa på kompetansehevingstiltak som dette for sine tilsette. I haust vart det klart at finansieringa av det nye ingeniørstudiet ved Høgskulen Stord/Haugesund er på plass. Kunnskapsdepartementet tildelte HSH midlar i det reviderte statsbudsjettet for 2015. Det betyr at ingeniørstudiet kan starta straks kandidatane har gjennomført forkurs i matematikk. Det er sikra finansiering av i alt fire kull med rundt rekna 30 studieplassar pr kull. Høgskulen har nyleg tilsett prosjektleiar for dette spesielle studiet. Undervisninga for dei 30 ingeniørstudentane vil fylgja vanleg mønster etter Stord-modellen. Det vi seia at dei er i ordinær jobb i to veker, så er dei heildagsstudentar i ei veke. Undervisninga foregår på Stord.

SYSTEMPOSTEN

49


Nyhamna fabrikasjonsområde hos COOEC. Nyhamnamodular.

Halvtanna år i Kina gav meirsmak Av Alf Terje Myklebust

Kværner Stord-ingeniøren Øystein Pedersen tok med seg sambuaren Janne og borna Jakob og Tora då han drog til Kina for å fylgja produksjonen av 2.000 tonn piperacks til utvidinga av Shell sitt gassbehandlings-anlegg på Nyhamna.

- Opphaldet i Kina gav meirsmak. Dette er noko eg absolutt kunne ha gjort ein gong til, seier Øystein.

- Å produsera 2.000 tonn røyrgater til Nyhamna, var i volum eit lite oppdrag i høve til det enorme verftsanlegget. Men det var akkurat passeleg stort til å verta deira første leveranse etter norske spesifikasjonar og krav, fortel Pedersen.

Familien kom heim i slutten av juli i år etter å ha vore halvtanna år i den kinesiske hamnebyen Qingdao. Då var jobben gjort i aust og dei fire kunne ta opp att kvardagslivet i Kviteluren.

- Dei prosjekta som dominerte på verftsområdet, var topsides til Kinas eigen sokkel – og modular til dei australske landanlegga Gorgon og Ichtys. Medan me var der, starta dei også på bygging av seksjonar til eit kjempestort russisk land anlegg.

Kværner hadde 12 utstasjonerte på det kjempestore verftsområdet til COOEC i Qingdao i tillegg til lokalt tilsette og tidvis innleigde konsulentar på nokre fag. Leiar av site-teamet var Tom Chr. Dahl. Når han av ein eller annan grunn var bortreist, var det engineering-leiaren Øystein Pedersen som vikarierte for han.

Det gigantiske verftet er organisert på ein heilt annan måte enn Kværner Stord, og det tok litt tid å finna ut korleis «David» og «Goliat» skulle samarbeida best mogeleg i prosjektet. Mellom anna skulle datasystemet MIPS brukast – eit system som kinesarane ikkje er vane med. Ettersom COOEC er organisert ganske annleis enn oss her heime, var det tidvis ikkje rett fram å

Øystein Pedersen

50

SYSTEMPOSTEN


Byen Qingdao

implementera systemet som hos KST. Eit døme er at produksjonen ikkje hadde tilgang til datamaskiner. Difor kunne dei ikkje rapportera framdrifta fortløpande i MIPS, slik ein gjer i Kværner. Men det gjekk seg til etter kvart. COOEC leverte eit stabilt mannskap som var dedikert til Nyhamna-prosjektet. Snittalderen var meir enn 10 år lågare enn på Kværner Stord. - Ein annan skilnad på COOEC-verftet og Kværner Stord er at mens me i våre prosjekt gjerne spanderer kake (kvit dame) på medarbeidarane ved oppnådde milepælar, sender kinesarane opp fyrverkeri. Det var ikkje få rakettar som vart sende til vers over Qingdao i samband med gjennomføringa av vårt prosjekt!

ligg søraust på Shandong-halvøya i Kina og er mellom anna kjent som Kinas seglar­ by. Den ligg ved Jiaosbukta som vender ut mot Det gule hav. Under sommar-OL i 2008 vart segl-konkurransane arrangert i denne bukta. Basen for den kinesiske nordflåten ligg også i denne byen som har godt og vel 2,5 millionar innbyggjarar. Huangdao er ein bydel under Qingdao (innbyggartalet i «heile» Qingdao er omlag 8 millionar).

Dei utstasjonerte Kværner-tilsette vart innkvartert i bydelen Huangdao, om lag ei mil frå verftet. - Me som hadde familie med oss, budde i einebustader av bra standard. Ingen av dei prosjekttilsette fekk lov til å køyra bil sjølve, me vart skyssa til og frå jobb av lokalkjende sjåførar.

»

SYSTEMPOSTEN

51


T.v.: Familien Ertresvåg Pedersen opplevde mykje nytt på marknaden i Kina. T.h.: Jakob Ertresvåg Pedersen (6), gjekk første klasse på internasjonal skule i Huangdao, her saman med lokalbefolkninga. Foto: Øystein Pedersen.

Når eg såg på det trafikkbildet og den trafikkulturen som var i denne kinesiske storbyen, var det veldig greit at me ikkje gav oss i veg på eiga hand, seier Pedersen. Sambuaren Janne jobbar til dagleg med QA for Apply Leirvik. I Kina jobba ho med same fagområde i Kværner-prosjektet. Dei to borna, Jakob (no snart sju år) og Tora (fire), var opptekne med internasjonal skule og barnehage på dagtid. - Etter at dei hadde «knekt» språkkoden, gjekk det veldig greitt med begge to. Dei fleste av dei andre utlendingane som gjekk i førsteklassen til Jakob, var born av koreanarar som jobba i Huangdao-området. Desse hadde me ein god del omgang med også på fritida. - Det kunne av og til bli litt vel mykje merksemd for ungane. Det var mange av av kinesarane som ville kjenna på håret og huden deira. Gjerne løfta dei og ta bilete i lag med dei også. Norske born er enno eksotiske i Qingdao. Stordabuane nytta sjølvsagt høvet til å sjå seg om andre stader også, når dei først var i Kina. 17. mai 2014 feira dei saman med andre nordmenn i den norske ambassaden i Beijing. Då var Øystein

52

SYSTEMPOSTEN

& co også ein tur oppom den kinesiske muren. Elles vart det utvida helgeturar til Shanghai (om lag 1 time med fly) og Hongkong. Dei besøkte også hovudstaden i Sør-Korea som ligg ein times flytur frå Qingdao – på andre sida av Det gule hav. - Utruleg spennande og interessant å oppleva. Men ei av dei mange erfaringane eg fekk i Asia er: Me har det utruleg godt i Noreg! •

COOEC er forkorting for China Offshore Oil Engineering Co. Ltd – eit av de største offshore engineering/fabrikasjons-selskapa i Asia. Selskapet eig mellom anna tre store verft som samla har areal på meir enn to millionar kvadratmeter. I april 2013 signerte Kværner ein 10-årig strategisk samarbeidsavtale med COOEC, og i juli 2014 etablerte dei to selskapa eit engineering-samarbeid (joint venture): Kvaerner COOEC Engineering & Technology Ltd (KCET) i byen Qingdao.


- Utruleg spennande og interessant 책 oppleva. Men ei av dei mange erfaringane eg fekk i Asia er: Me har det utruleg godt i Noreg!

SYSTEMPOSTEN

53


Ein arbeidsmann takkar for seg Av Odd Naustdal

– Eg er sikker på at den dagen Jakob Vik sluttar, vil Kværner sin aksjekurs gå ned. Jakob Vik er personifiseringa av Kværnerkvaliteten. Han er den erfarne fagmannen som leiarane kan lita på, som utrøytteleg monterer plater, bjelkar og profilar, og set si ære i at stålseksjonar skal bli levert til rett tid og med rett kvalitet. I over 50 år har han jobba som platearbeidar og vore ein del av fabrikasjonsmiljøet på Kjøtteinen. No skal han gå av med pensjon. Han har slite ut nokre kjeledressar, men for Jakob Vik har det aldri vore eit spørsmål om å halda ut. Han trivst med arbeidsoppgåvene, likar seg i miljøet og har aldri hatt problem med å stå opp om morgonen. – Viss ikkje eg hadde trivst, så hadde eg ikkje vore her. Men før eller seinare må eg vel gje meg. Eg tykkjer eigentleg at eg har gjort mitt. Får håpa dei er tilfreds med det eg har gjort. Eg har ikkje fått direkte klagar, i alle fall.

Enorm arbeidskapasitet Tvert imot. Leiarane kan ikkje få fullrost han. Sitatet innleiingsvis, som kjem frå arbeidsleiar Jarle Larsen, seier litt om kor høgt dei set han som medarbeidar. – Jakob er ikkje ein som skryt av seg sjølv, men slike som han veks ikkje på trer. Han skulle vore klona. Det er ikkje den ting han ikkje gjer. Og han seier aldri nei, seier Larsen.

54

SYSTEMPOSTEN

Elisabeth Litlehamar, som er personalansvarleg leiar for Vik, omtalar han som ein maskin og «ein av dei beste me har», medan prefab-leiar Kjell Henning Berntsen tykkjer det er vemodig at Vik no skal takka for seg. Berntsen fekk sjølv opplæring av Vik då han byrja som lærling for nokre tiår sidan. – Han blir ikkje enkel å erstatta. Han er ein veldig dyktig fagmann, og eit arbeidsjern med enorm arbeidskapasitet, seier Berntsen.

Til Stord som 14-åring Jakob Vik kjem opphavleg frå Fjellberg. 14 år gamal flytta han til Stord, for å gå på realskulen, det som i dag er Stord Ungdomskule. Dette var i 1962, same året som Gunnar Berge tok fagbrev som platearbeidar. Industrien var i medvind, og på Stord Verft var det satsa store pengar for å utvida og modernisera skipsbyggeriet. Aker hadde kome inn på eigarsida, og både ny tørrdokk og nye fabrikasjonshallar var få år tidlegare teke i bruk. Med unntak av nokre få månader offshore på Statfjord A i 1978, var det i desse hallane at Jakob Vik skulle vera det aller meste av sitt yrkesaktive liv. Men den aller første jobben hans var som sjømann. Etter ferdig skulegang, fekk Vik jobb som ferieavløysar på ein fraktebåt som gjekk langs kysten. Båtmannskapet var tilfreds med denne ungdomen frå Fjellberg, og gav han hyre vidare

»


Han har lært opp mange gjennom åra. – Det er viktig å læra å lesa teikningar, og tenkja gjennom kva rekkjefølgje det er enklast å gjera ting i. Eg likte å ha med meg lærlingar, men etter kvart som eg lærte dei opp så forsvann dei og eg måtte byrja på nytt att, seier Jakob Vik.. Foto: Odd Naustdal SYSTEMPOSTEN

55


Sprek pensjonist: - Jakob er kanonsprek. Eg trur ikkje det er ein einaste på heile prefab-en som hadde slått han til toppen av Borgundøynuten. Men så har han gode genar - mora på 93 har akkurat kjøpt seg elektrisk moped som ho køyrer rundt på, seier arbeidsleiar Jarle Larsen. Foto: Odd Naustdal

utover vinteren og våren. Men hausten 1965 gjorde han som faren sin, og fekk seg jobb på Stord Verft. Der gjekk han først i lære i fire år, med ei startløn på 3,45 kroner timen. I 1969 fekk han fagbrev som platearbeidar.

Tilpasningsdyktig I dag er det få, om nokon, som kan matche erfaringa hans. Han kjenner kvar ein krok i Plateverkstad 3, og han er vaksen opp i lag med

Jakob Vik har vore platearbeidar på Kjøtteinen sidan før dei fleste kollegane hans vart fødd. No går han straks av med pensjon, etter over 50 år som platearbeidar. Foto: Odd Naustdal

dei gamle maskinane i Plateverkstad 2. Han kan alle arbeidsoppgåvene til fingerspissane. Boring, sveising, sliping og maskinering – alltid utført samvitsfullt og presist. Han meiner at trivsel og det å gjera jobben skikkeleg er to sider av same sak. – Det er viktig å gjera arbeidet så godt som mogleg. Samstundes må ein vera open for nye ting. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein må gjera som før

Facebook Han likar godt å jobba med unge kollegaer, og har hatt med seg mange lærlingar opp gjennom åra. Men han er nølande til å gje dei unge råd. – Eg syns dei må læra av sine eigne erfaringar. Det er jo når ein sjølv utfører oppgåvene, at ein lærer. Ikkje berre ved at nokon peikar og fortel. Men kanskje dei kunne vore litt mindre opptatt av mobiltelefonen sin. Ein del av desse ungdomane skal liksom sjekka kva som skjer på Facebook og liknande heile tida. – Du er ikkje på Facebook? – Nei, men sambuaren min har Facebook. Eg har kommentert litt der innimellom når eg ikkje har lov. Det er ikkje alltid like populært, men som oftast blir det gjennomskoda, seier han med eit flir.

Speloppmakar Dei ertande kommentarane sit laust hos Jakob Vik. Alle veit kven han er – han har glimt i auget og er godt likt av arbeidskollegane. Berntsen omtalar han som ein speloppmakar. Det går historier om påfunna hans, som den gongen han

56

SYSTEMPOSTEN


fortalde ein stakkar sveiselærling som sveiste løfteøyre på ein konstruksjon at det var best ho sveiste skikkeleg, for ho var vel klar over at ho måtte gå under hivet etterpå. Eller den gongen han på fraktebåten kasta ølflaska til ein kollega over bord, noko som resulterte i at dei batt eit tau rundt han og heiste han uti sjøen for å hente flaska opp att. – Det var kanskje meir før. Det er jo artig å skremma litt av og til. Men eg trur ikkje eg har hamna i så mykje trøbbel – ikkje som eg kan hugsa i alle fall.

Meir samleband med båtar Det er i år 40 år sidan Stord Verft byrja med plattformer. Vik minnest at det var mykje å venna seg til, då ein skulle gå over frå bygging av supertankarar til plattformer.

– Det var meir standardiserte arbeidsoppgåver på båtane, i alle fall her i Plateverkstad 3 kor eg var mest. Delane var like frå båt til båt, så det var meir samlebandproduksjon. På seksjonane midt på båtane, som var flate i alle retningar, hadde me det slik at me la platene ut på ein stasjon, hefta dei saman, og så blei dei dratt til neste stasjon som sveiste, og deretter til neste stasjon som sette på stivarar. Slik gjekk dei frå stasjon til stasjon, heilt til dei kom til døra. På plattformer er alt forskjellig, seier han.

X-aksen, y-aksen og Isaksen Vik fortel at når dei skulle orientera seg på båtane, gjekk dei ut frå styrbord og babord. Men då dei tok til med plattformer, hadde dei to liner – x-aksen og y-aksen – til å måla avstandar på plattforma. – Me fleipa om at det var x-aksen, y-aksen og

»

SYSTEMPOSTEN

57


I 50 år har Jacob Vik hatt arbeidskvardagen sin i desse hallane. No går han snart av med pensjon. Foto: Odd Naustdal

Isaksen ein måtte ta omsyn til når ein skulle byggja plattform, seier Vik. Han hugsar godt den ruvande direktøren Hans A. Isaksen, nordlendingen som tok over etter Onar Onarheim, og som leia verftet gjennom ei av dei største ekspansjonsperiodane i den snart 100 år lange historia. I løpet av dei 12 åra Isaksen var direktør, dobla Stord Verft talet tilsette, og storleiken på tankskipa vart bortimot tredobla. – Det var kanskje litt meir avstand mellom arbeidarar og leiing på den tida – eller kanskje me berre hadde meir respekt for dei. Eg hugsar at Isaksen kom forbi ei jul eg stod ute og venta på eit hiv. Då var han ute og ønskte folk god jul.

Heidra av direktøren Femti år og åtte direktørar seinare er det Steinar Røgenes som sit i stolen til Isaksen. På Kværner Stord sin medaljeseremoni 19. november, vart det lagt merke til at Kværner dette året hadde ein 50-årsjubilant. Vik fekk ståande applaus då Røgenes takka for innsatsen og overrekte blomar, gåve og gåvekort.

58

SYSTEMPOSTEN

– Viss ikkje eg hadde trivst, så hadde eg ikkje vore her. Får håpa dei er tilfreds med det eg har gjort.

– Du skal ikkje sjå vekk i frå at me ringer deg når aktiviteten tek seg opp at, sa Røgenes. – Det spørs om me blir samde om konsulenthonoraret, var svaret frå jubilanten. •


Det største trollet er blitt 20 år Av Alf Terje Myklebust

Troll er eit samleord for fleire slag menneskeliknande vesen i nordisk folkedikting og eventyrtradisjon med røter til norrøn mytologi. Dei kan vera store eller små, men er oftast både farlege og dumme. Trolla held gjerne til i utilgjengeleg og urørt natur, t.d. i fjellholer, i skogen eller i havet.

Vår troll held til i havet. Der har det stått sidan 21. mai 1995 og produsert gass for store deler av Europa frå 28. mai året etter. Statoil, som har vore operatør for Europas største gassfelt til havs i alle desse åra, opplyser at kjempa no produserer gass til ein verdi av 60.000.000.000 kroner i året! På initiativ frå Arnt Knudsen i Kværner, arrangerte ein del av den «gamle» betonggjengen ei samling på Oljemuseet i Stavanger i sommar for å markera at det då var 20 år sidan Troll-plattforma «landa» på feltet. 10 svære slepebåtar drog plattforma ut frå Vats til hennar nye posisjon åtte mil nordvest for Bergen. Det tok sju døgn, men på sjølvaste nasjonaldagen i 1996, var ho framme ved målet. Klokka 03.24 natt til den 21. mai landa plattforma på havbotnen og dei 36 meter høge skjørta vart pressa ned i lausmassane på vel 300 meters djup. Alt er stort med Troll A. Det er som når norskamerikanarane kom heim og fortalde om kor stort og fint alt var i Amerika. På berre tre

sekund produserer Troll A all den energien ein norsk gjennomsnittsfamilie treng til lys og varme eit heilt år! Trollet har fått fleire utmerkingar, som det sømer seg «det absolutte høgdepunktet for det norske Condeep-konseptet». Plattformkonstruksjonen representerer det ypperste av byggjeteknologi for betong, har fått arkitekturprisen Betongtavla (1995) og vart kåra til Århundrets ingeniørbragd av lesarane til Teknisk Ukeblad i 1999. Aker Stord/Kværner Stord sitt bidrag til dette eineståande byggverket, er sjølve topsiden, dekket. Ikkje det største dei har bygd. Heller ikkje det tyngste. Men det plattformdekket på heile kloden som er bygd med lengst levetid: Heile 75 år. Etter 20 år i havet, har gassplattforma framleis 50 år att før det gigantiske feltet er tømt og kontinentet må sjå seg om etter nye leveransar. Då plattformdekket vart slept til Vats for å verta sett på toppen av det gigantiske betongunderstellet, fylgde Aker/Kværner med som «nissen på lasset» for å gjera så mykje av samankoplingsarbeidet som råd var medan Trollet framleis låg

»

SYSTEMPOSTEN

59


Troll A. Foto: Statoil.

under land. Og då dei 10 slepebåtane fyrte opp motorane og greidde å få giganten opp i eit knop eller to på veg ut i havet, fylgde Aker/Kværner etter. Dei skulle gjera offshore hook-up, ju si! Og det gjorde dei til gagns. Ved St. Hans-leitet i 1996, starta gassproduksjonen der ute. Det er smått utruleg, men likevel sant, at norske styresmakter selde Trollgassen til energiselskap i Europa alt i 1986. Og at dei 31. mai same år signerte kontraktar på at Noreg skulle levera gass frå dette feltet frå og med 1. oktober 1996 - 10 år seinare! Norwegian Contractors starta ikkje arbeidet med det 369 meter høge betongunderstellet før i mars 1991, og Aker Stord fekk ikkje dekkskontrakten før 22. juni 1992 og starta fabrikasjonen i 1993. Snakk om iskalde forhandlarar med tru på norsk teknologi!! Og i mål kom dei, med god margin. Den 19. juni 1996 kunne Hans Majestet Kong Harald offisielt opna Troll Gass. Ikkje berre plattforma, men heile Troll-prosjektet med prosessanlegg på Kollsnes

60

SYSTEMPOSTEN

og røyrledning mellom hav og land. Og Postverket klinte til med to nye frimerke med både plattform og røyrledningar på: eitt til kr 3,50 og eitt til kr 25! Då hadde Troll alt produsert gass for Europa i nokre veker. Prøveproduksjonen starta nemleg 28. mai og få dagar etterpå kom den første Troll-gassen fram til Kontinentet. 19. juni 1996 var også den dagen Statoil tok på seg operatøransvaret for Troll frå utbyggjarselskapet Norske Shell. For det var Shell si innleigde boreplattform «Borgny Dolphin» som i 1979 fann første delen av det store Troll-feltet sommaren 1979. På første forsøk! Alt den 26. august same år var det klart at Shell hadde gjort eit kjempefunn av gass og olje i blokk 31/2. Men først i 1983 vart det sagt å vera økonomisk drivverdig. I mellomtida hadde staten reservert naboblokkene til Statoil, Norsk Hydro og Saga Petroleum.


Under t.v.: Katie Melua hadde konsert frå botnen av det eine Troll-beinet i 2007. Foto: Statoil. Under t.h.: Troll A er nesten 500 meter høg, frå botn av understellet til toppen av flammetårnet.

Det har seinare vist seg at «berre» 32 prosent av reservoaret ligg i blokk 32/1. Resten ligg i naboblokkene. Som alle veit er dei tre eigarane der blitt fusjonert. Først Saga, den minste bukken Bruse, inn i Hydro, så den mellomste bukken Bruse, Hydro, inn i den største bukken Bruse, operatørselskapet Statoil. Og Trollet, som ikkje låg under brua, men langt under havbotnen, har lytt seg temja og tøma. At artisten Katie Melua hadde ein direktesend TV-konsert frå botnen av det eine Troll-beinet, 300 meter under havflata den 14. januar 2007, er omtalt både her og der. Men at det var Kolto Pedersen som losa dekks-prosjektet i hamn på Stord, og sytte for at dekket vart slept til Vats for «mating» den 3. januar 1996, finn du knappast på YouTube. Du kan googla så mykje du vil.

Det var forresten den same Kolto som fortalde til Systemposten at prosjektet på det travlaste måtte ha ut minst 55.000 planlagte timar i veka på Aker Stord. Det var ny verftsrekord. I haust er det installert to digre kompressorar på Troll A-dekket og gjort store ombyggingar både der og på Kollsnes. Når dei no er tekne i bruk, vil utvinninga frå feltet auka med 83.000.000.000 kubikkmeter gass. Det er meir enn den samla produksjonen frå gassfelt som Valemon og Aasta Hansten! Heretter kan Troll-plattforma eksportera heile 30.000.000.000 kubikkmeter gass kvart år. Det tilsvarar forbruket til 10 millionar hushald i Europa! •

SYSTEMPOSTEN

61


Foto Ingeborg Strand og Odd Naustdal

Våt familiedag på Føyno Av Alf Terje Myklebust

Velferdsklubben hadde ikkje vergudane på si side den 15. august – dagen for årets familiedag på Føyno. Det vart lite sol – og mykje regn – slik det var i store deler av fellesferien.

I alt 215 personar hadde trassa vêret, kledd godt på seg og teke turen til Føyno. Familiedag er familiedag. Føyno er Føyno og kombinasjonen familiedag og Føyno er noko veldig mange Kværner-tilsette vil ha med seg. Velferdssekretær Ingeborg Strand hadde fullklaff med artistane ho hadde leigd inn til å underhalda i år: Storm Weather Shanty Choir. Men sjølv med eit slikt namn, søkte songarane inn i eitt av partytelta og spelte og song derfrå. Shantykoret har runda 15 år i år, og har i tillegg til Føyno gjesta London i Storbritannia, Appingedam i Nederland, Bergen, Oslo, Trondheim og Bømlo i jubileumsåret. Primus motor Håkon Vatle i Stord Weather Shanty Choir fall pladask for samlingsstaden på Føyno: - Dette er ein perfekt stad for store konsertar!!! Blant aktivitetane på familiedagen 2010, var rebusløp for familiar; det var grilling av kjøt og

62

SYSTEMPOSTEN

pølser; utdeling av is og brus – og servering av kaffi. Alt gratis, naturlegvis. Velferdsklubben hadde engasjert skeisegruppa og nokre av Stord sine handballjenter til servera maten. Ungdomane tente ein del pengar til sine eigne fritidsaktivitetar på den måten. Maten vart servert innomhus i Verkstadklubben sitt felleshus på Føyno. Ingeborg Strand slo til og kledde seg ut som det ho sjølv kallar «verdas største kylling» (sjå bilete) og delte ut snop og godsaker til alle som ville ha – og det ville dei fleste. - Mange av ungane var «speeda» før dei hadde smakt på godteria i det heile, så stemninga var høg gjennom alle dei fire timane me heldt på. Velferdsklubben arrangerer kvart år juletrefest i desember/januar, vårfest i februar, familiedag i august – og kulturdag i Kulturhuset siste veka i november. •


SYSTEMPOSTEN

63


Verkstadklubben 70 år Verkstadklubben fyller 70 år i år. Håvard Kvarme, som er sosialtillitsvalt og redaktør av klubbavisa, har laga denne oppsummeringa av klubben si historie.

Det er mykje historie knytt til fagrørsla. Kværner Stord og Verkstadklubben har hatt tradisjon for godt samarbeid og friske forhandlingar opp gjennom åra. At det har gått ei kule varmt, er det ingen tvil om, men partane har i alle år behandla kvarandre med respekt. Tradisjonen for godt samarbeid «sit i veggane» ved Kværner Stord. Det er 70 åringen Verkstadklubben stolt over. Verkstadklubben vart stifta på Folkvang 11 sept. med Lars Dybvik som formann i 1945. Klubben heitte den gongen Stord jern og metallarbeiderforening. 1952 vart eit vendepunkt for arbeidarrørsla på Stord ,der tyngda ikkje lenger låg på Litlabø. Det var den lokale fagrørsla i Leirviksområdet ein fann framtidsvonene og det var planar om oppretting av verkstadklubbar i området. Laurdag 9. februar gjekk to møte av stabelen på Folkvang hospits. Først årsmøte til Stord Jern og metall. Deretter vart møtelyden sitjande og det var klart

64

SYSTEMPOSTEN

for stiftingsmøte for verkstadklubben på A/S Stord. Knut Handeland vart samrøystes valt til leiar også her. Klubben har no 632 medlemmer. Sidan desse åra har det vore mykje godt arbeid, og mykje gode folk har vore innom Verkstadklubben. Me kan nemna namn som Hans O. Gravdal, som var klubbformann 1957-58, Aksel Kloster 76-77, mange hugsar nok Leif Furre i perioden 81-85. Atle Tranøy som no er konserntillitsvalt i Aker ASA var klubbformann 88-97. Jarle Helland som i dag er ressursutviklar har både vore i klubbleiarstolen 97-04 og har også hatt vervet som sosialtillitsvalt. Dagens klubbadministrasjon består av klubbleiar Amram Hadida, nestleiar Hans F. Nes og


sosialtillitsvalt Håvard Kvarme. Klubbstyret med tillitsvalte for dei ulike avdelinga er med og gjer ein god innsats i det daglege arbeidet ute i felten. Å vere tillitsvalt kan stundom vere ein tøff jobb, og det å representere dei tilsette på ein best mogleg måte er ikkje alltid like lett. Og det er ikkje fritt for at ein kjem mellom barken og veden i enkelte saker. Å vera løysningsorientert er viktig, og me vil alle det beste for verksemda til sjuande og sist.

Klubbstyret 2014 (bilete for 2015 er ikkje tatt) Framme frå venstre: Thomas Varghese (vara for Ole Aleksandersen), Kaj Rydningen, Torfinn Dagsland, Lisbet Pettersen, Lena Petterteig (vara for Jan Egil Føyen), Nils Haugen og Håvard Kvarme. Bak frå venstre: Jan Erik Økdal, Knut Ove Handeland, Hans F. Nes, Amram Hadida, Pål Ankervold, Håvard Petterteig, Reodar Thorbjørnsen og Inge Bucvold.

Klubbleiar Amram Hadida seier Verkstadklubben i dag er ein sterk og god 70-åring, som vil arbeide for dei tilsette sine rettar i mange år framover. Me er stolt over vår tradisjon og historie, og no er det vår oppgåve å lage ny historie. •

SYSTEMPOSTEN

65


134 jubilantar Av Lisa Skram haktorsen

Totalt 134 medarbeidarar vart dette året heidra for lang og tru teneste. Av desse var det ein tilsett som markerte 50 år i verksemda, ti som markerte 40 år i verksemda, 63 som markerte 30 år i verksemda og 60 som fekk gullklokke for 25 år i verksemda.

Torsdag 19. november vart 30- 40 og 50-årsjubilantane heidra på tradisjonelt vis med gåver og middag på Stord hotell. Ei snau veke seinare vart det arrangert klokkelunsj, med utdeling av gullklokker til 25-årsjubilantane. Administrerande direktør Steinar Røgenes mimra litt om kva som gjekk føre seg i verksemda i 1965, 1975 og 1985, åra då jubilantane hadde teke til i verksemda. Deretter vart dei ropt opp til podiet ein etter ein, medan HR- og administrasjonssjef Holger Iversen las opp eit kort resyme av den enkelte si erfaring i verksemda.

Jakob Vik saman med Adm. dir. Steinar Røgenes. Foto: Magne Langåker

66

SYSTEMPOSTEN

50-årsjubilanten


30-årsjubilantane

Bak frå venstre: Kjell Jarle Anglevik, Arnfinn Eriksen, John Robert Buchvold og Roger Brufladt Svendsen. Nest bakerst frå venstre: Roy Henry Johansen, Peder Kjeka, Kjell Magne Røsvik, Kjell Anker Korsvik, Kjell Gunnar Ådnanes, Rune Mykkeltvedt, Bjørn Are Tyse, Stein Grindstad, Jostein Eldøy, Jan Helge Sørfonn og Tore Fjelland. Nest framste rekke frå venstre: Harald Malmo, Magne Førland, Atle Ottesen, Bjarni Falk, Odd Breirem, Jan Langeland, Terje Rolfsen, Inge Haugland (31 år), Per Vidar Skumsnes, Jon Olav Mala og Kjell Henning Berntsen saman med Adm. dir. Steinar Røgenes. Framme frå venstre: Marianne Røsvik, Maren Vad, Gro Vinsjevik Aasheim, Britt Kristin Balchen, Ingunn Larsen, Gjertrud Almås, Mai Britt Sandtorv, Siw Tove Vik og Ingrid Mongstad. Foto: Magne Langåker

40-årsjubilantane

Svein Skåla, Arne Halsteinsen, Steinar Jæger, Jarle Ansgar Helland og Osvald Miljeteig saman med Adm. dir. Steinar Røgenes. Foto: Magne Langåker

SYSTEMPOSTEN

67


Årets jubilantar 50 år Jakob Vik. 40 år Holger Solberg, Arne Halsteinsen, Osvald Miljeteig, Ernst Arne Sælevik, Jarle Ansgar Helland, Tore Edmund Landa, Njål Tore Berger, Svein Skåla, Steinar Jæger, Per Øyvind Simlenes. 30 år Ingunn Larsen, Lars Malvin Monsen, Tore Fjelland, Marianne Røsvik, Anita Sæbø, Siw Tove Vik, Helge Gravdal, Arnfinn Olav Eriksen, Britt Kristin Balchen, Kjell Magne Røsvik, Ingrid Mongstad, Svein Inge Aarskog, Stein Grindstad, Kjell-Jarle Anglevik, Bjørn Are Tyse, Bjarni Falk, Roy Henry Johansen, Laila Thorland Innvær, Per Arne Rolfsnes, Rolf Waldemar Langnes, Per Vidar Skumsnes, Frode Tesdal, Tor Raymond Brady, Jens Georg Fosen, Jan Mossefin, Rune Mykkeltvedt, Jon Olav Mala, Aud Margrethe Litlabø, Reidar Hjalmar Halvorsrud, Ragnar Sortland, Jarle Bjørnebøle, Kjell Anker Korsvik, Maren Vad, Jan Langeland, Peder Kjeka, Einar Onarheim, Gro Vinsjevik Aasheim, Kåre Røssland, Nils Askeland, Jostein Eldøy, Kjell Gunnar Ådnanes, Kjell Henning Berntsen, Trond Eriksen, Øyvind Røgenes, Øyvind Aasheim, Roger Svendsen Brufladt, Vidar Bjelland, Leif Helge Hallaråker, Atle Ottese, Odd Breirem, Magne Førland, Øystein Halvor Hoff, John Robert Buchvold, Vidar Johnny Olsen, Terje Rolfsen, Harald Malmo, Jan Vedå, Mai Britt Sandtorv, Sigve Ølfernes, Jan Helge Sørfonn, John Dahl, Rune Olsen, Gjertrud Almås. 25 år Lars Eide, Torbjørn Lier, Job William Stokken, Geir Bjørnevik, Torgeir Totland, Reidar Vinsjevik, Knut Helge Grønningen, Karsten Totland, Sissel Haraldsen, Ortiz Nelson Rojas, Nestor O. Putian, Geir Atle Matre, Harald Kristian Gjøsæter, Audun Dagsland, Amram Hadida, Hogne Haaland, Edvin Ersland, Stojan Javanovic, Kjell Nordheim, Evy Grov, Hjørdis-Kristine Fosse, Karin Aksdal, Svein Vesterheim, Karsten Mehammer, Lillian Strøm, Hilde Bleie Ramsdal Steen, Kjell-Rune Mattson, Per Inge Eithun, Tor Arne Amundsen, Karl Johan Steen, Ronny Hernes, Frode Hafsmo, Karl Vidar Straume, Kent Åge Lien, Anders Tore Børtveit, Rune Hjelen, Rune Aadland, Jan Erik Økdal, Knut Bjarne Fylkesnes, Ronny Flatås, Turid Steinsland Nilsen, Øyvind Stokke, Christian Danmo, Eivind Hovland, Rita Troland Hauge, Normann Meling, Torfinn Dagsland, Svein Kjetil Svensen, Yngve Irgens, Runar Danielsen, Rita Borgenvik Hansen, Sigurd Stokka, Thomas Varghese, Dag-Ove Fauskanger, Daniel Vespestad, Ragnhild Dahl Almås, Toril Bergsvåg, Kenneth Slålie, Eivind Eikeland, Rune Blåsternes

68

SYSTEMPOSTEN


Takk for samarbeidet Av Lisa Skram Haktorson

Då Systemposten gjekk I trykken i midten av desember var det kome inn meldingar om at følgjande personar har gått eller skal gå av med pensjon i 2015. Kværner takkar for samarbeidet gjennom mange år og ønskjer lukke til med pensjonisttilværet.

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Rolf-Jørgen Rasmussen Kjell Pedersen Leif Arne Skogseide Jarle Georg Danielsen John Ditlef Simonsen Terje Thoresen Frank Breistein Reinert Arne Rød Geir Bjørnevik Jan Erik Hillestad Lars Ole Skumsnes Johannes O. Skorpen Odd Edvardsen Stanley Ingvaldsen Håkon Abrahamsen Helge Sønstabø Øyvind Lilleheie Sveinung Huglen Osmund Korneliussen Roar Valvatne Tor Matre

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Arild Hjellbakke Paul Skjønberg Georg Halstensen Magnar Engevik Ketil Dale Bendik Vinsjevik Per Åge Dahl Atle Fjell Nils Ingmar Hageberg Kåre Røssland Egil Koppang Jarle Natvik Sigmund Johannes Kroka Trond Sunde Jan Roger Pettersen Salomon Helge Kalvenes Svein Skåla Per Øyvind Simlenes Arne Halsteinsen Vebjørn Lien Reidar Borgenvik

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Karsten Eide Bernt Ervik Kai Birger Veivåg Leiv Arvid Bærøy Leif Egil Helland Oddmund Sævareid Helge Vermund Hope Konrad Karstein Hillestad Geir Terje Skjetne Jan Roger Pettersen Alt Trygve Sørenes Trond Sunde Salomon Helge Kalvenes Kjell Halsteinsen Per Airlie Arne Fossås Tore Simon Grønås Roy Gustav Kronstad Rolf Egil Ottesen Sven Olaf Revne Stein Bratseth

SYSTEMPOSTEN

69


HISTORIEGRUPPA VED KVÆRNER STORD INDUSTRIMUSEUM

ÅRSRAPPORT 2015

Øverst: Frå julebordet til historiegruppa. Bak frå venstre: Hans Christian Furevik, Dagfinn Lyngvær, Magnar Engevik, Lars Kårevik, Håvard Liset og Arne Aas Haugland. Framme frå venstre: Jan Åge Vikanes, Terje Pletten, Edmund Hystad, Leif Nilsen, Helge Austlid og Rolf Hammerbeck. Foto: Odd Naustdal

Historiegruppa har i år fått to nye medlemmer, Lars Kårevik og Magnar Engevik, og har pr. i dag 13 medlemmer.

Vi har møte/dugnad hver tirsdag. Følgende oppgaver har vi arbeidet med i 2015:

Offshorerom Offshorerom består av 2 rom som ble ferdig i september. I oktober fikk vi plassert modellen av H6e. Det gjenstår å skrive «historien» om denne hvor tekniske data og andre opplysninger blir tatt med. Vi takker Verftet for at vi fikk denne modellen til Industrimuseet vårt. Vi skal ta godt vare på modellen. Takk.

Brennemaskinrom Det består av to rom. Merketårnet hadde en prosjektor og denne har nå fått sin plass i rommet.

vare på løftekroken. Denne er nå plassert utenfor Industrimuseet, hvor man kan lese historie og tekniske data om Goliat.

Skanning av Bilder og Historien til disse bildene Vi er kommet godt i vei med dette arbeidet, men mye arbeid gjenstår

Bilder mottatt fra Kværner Stord Bildene er nå sortert, systematisert og plassert i nummererte arkivskap som er merket for enklere gjenfinning.

Bibliotek Arbeidet fortsetter

Film Arbeidet fortsetter

I oktober ble en styringsenhet for numerisk skjærbrenning av stålplater plassert i rommet. Arbeidet fortsetter til neste år.

Bok om Industriavdelingen Historiegruppa er nå i gang med å samle material for å lage en bok om Industriavdelingen fram til 2006.

Løftekrok GOLIAT Etter at Goliat kranen ble demolert, fikk vi ta

70

SYSTEMPOSTEN

Utvidelser av Industrimuseet Vi har planer om å bygge ut resten av «rampen». Utvidelsen blir ca. 40 m2 Vi har i dag flere gjenstander som ikke kan stilles ut pga. plassmangel. Bl.a. har vi en stor modell av Statfjord A som skal monteres og stilles ut. Vi håper på å få et møte med Verftet med det aller første for å diskutere utvidelsen.


Fiskebåten Sigurdson Dette er den første fiskebåten som ble bygget på A/S Stord. Modellen er nå på plass blant de andre skipsmodellene på Industrimuseet.

Besøk Vi har også i år hatt besøk i Industrimuseet bl.a. av: • Norbygdo Ungdomsskule den 7. April (30 personer) • Frontica Buisness Solutions AS den 20. Mai (30 personer) • Aker Solution Pensjonistforening 28. Mai (30 personer) • Kværner Stord HMS avd. 2. Juni (20 personer) Det har i tillegg vert besøk av enkeltpersoner, til sammen ca 200 besøkende. Vi ser gjerne at flere Kværner ansatte kommer på besøk. Ring mobil 41 53 10 42 eller 534 10 676 så ordner vi omvisning.

Leiar for Historiegruppa, Leif Nilsen, mottek blomar frå Adm. dir. Steinar Røgenes. Foto: Odd Naustdal

Stord 24. november 2015 Leif Nilsen Leder av Historiegruppa v/ Kværner Stord •

SYSTEMPOSTEN

71


Kværner delte ut 4.500 refleksar Av Alf Terje Myklebust

Det var HMS-leiar Torill Møklebust som delte ut refleksar til publikum utanfor Kulturhuset, saman med Helga van der Hagen og Elisabeth Sætrevik. Dette var femte året på rad at Kværner Stord gjer ein slik omfattande innsats for å sikra at born og vaksne stordabuar vert sett av bilistane når dei er ute og går i haust- og vintermørket. Dei tre siste åra har reklamebyrået Oktan Stord vore medspelar på aksjonen. Kløver og Skarre-R heiter eigentleg Kris Andre Drageset og Daniel Wiig Andersen og møttest på ein kristen ungdomsklubb i Bergen for ein del år sidan. Den fann «tonen» ganske raskt. Kjemien

72

SYSTEMPOSTEN

stemte og dei tok til å opptre saman. Det har førebels resultert i meir enn 300 konsertar ulike stader i landet. •

Alle tilsette

Alle barneskulane i Stord

Alle som var innom Amfi Stord og Heiane Storsenter

Og alle dei vel 400 som møtte fram til konserten med Bergens-rapparane «Kløver og Skarre R» fekk gratis refleksbrikker av Kværner på årets refleksdag den 15. oktober.


SYSTEMPOSTEN

73


glimt frå gamledagar

Systemposten 1975

Systemposten 1985

Tiande skip til Reksten

59 greidde fagprøven

Akergruppa har i løpet av eit halvt år mist kontraktar på vel 4 mill. t.dw, og Stord Verft dermed arbeid for fleire år. At Aker har satsa på offshoreområdet, kjem no oss på Stord, ja heile Sunnhordland til gode. Takk vera det moderne anlegget vårt, har me gode utsikter til å få oppdrag med å byggja dekk til Condeep-plattformer. (adm. dir. Hans A. Isaksen mars 1975)

33 lærlingar og 26 hjelpearbeidarar greidde fagprøven ved Aker Stord i 1984. Åtte av dei nye fagarbeidarane er kvinner. Alle kvinnene er sveisarar.

Milliardomsetning

Personlig service

Systemposten 1995

Merkbar betring Vernetenesta melder om merkbar betring frå 1974 til 1975. Talet på fråversdagar pr. skade gjekk ned frå 14,5 til 13,7, og skadefrekvensen pr. 100 tilsette gjekk ned frå 7,1 i 1973 til 5,8 i 1974.

Smalfilmgruppe Fotoklubben ynskjer å starta ei smalfilmgruppe. Arnulf Grov tek seg av gruppa til leiar er vald. Gunnar Hollund er leiar av fotoklubben.

Prosjektleiar Visedirektør Arne van der Hagen, vår tidlegare innkjøpssjef, er frå 1. mai flytta over til Stord for eit tidsrom av ca 1 år. Han skal vera prosjektleiar for bygg nr 729, Condeep-plattforma, og vil administrativt vera underlagt direktør H. A. Isaksen.

74

SYSTEMPOSTEN

Omkring 150 medarbeidarar ved Aker Stord gjekk i mai gjennom kurset «personleg service gjennom personleg utvikling» - også kalla «smilekurs» av personar som ikkje var med på kurset.

Mange besøk Mellom dei mange som besøkte Aker Stord våren/sommaren 1985, var 180 personar frå Norsk Petroleumsforening; Technische Universität, Berlin; Norges Handelshøgskule; Chalmers Tekniske og Norges Tekniske Høgskule.

Gullstril til Stord Sidan slutten av april har snøggbåten «Gullstril» gått i rute mellom Hjellestad og Aker Stord dei fleste vekedagane. Passasjerane er dels Gullfakspendlarar frå Oslo, dels Statoiltilsette frå Sandsli. Båten tek 24 passasjerar.

Investeringar Stordhallen var største investeringa i 1985 (67 mill. kr). I tillegg kjem ny verkstadhall for

industriavdelinga (1.500 kvm) og «Akerhus» med 384 hyblar.

For første gong i Stord Verft/ Aker Stord si historie passerte årsomsetninga ein milliard kroner!

Kapasitets- og kompetansejusteringar Aker Stord har som siktemål å halda oppe eksisterande kapasitet på direkte fag (800 operatørar). Men endringar i belastning mellom faga, gjer at inntil 150 operatørar kan overførast frå stålfaget til røyr, mekanisk og commissioning assistanse. Spesielt er det trong for fleire røyrsveisarar. Kapasiteten på funksjonærsida må reduserast med ca. 25 stillingar. (Breisteins-utvalet)

Norsk sveisemeister Atle Aga Fosse (19) vart norsk meister i sveising.

Reduserte oljeinvesteringar - Me treng nye ordrar tidleg på nyåret 1996 om me skal fylla kapasiteten i 1997, men konkurransen er svært hard. Dei totale investeringane på norsk sokkel er på veg nedover og fleire av konkurrentane våre er svært svoltne for tida. (Adm. dir. Jon Lund)


julenøtter

1.

2.

Kor mange lærlingar tok Kværner Stord inn i 2015?

3. Kor gamal er leiaren av Historiegruppa, Leif Nilsen?

4.

12. Kor lågt var sjukefråveret til Kværner Stord i 2014?

13. Kvar ligg Leatherhead? 14. Kvar er Sørøyståno?

Kor mange år er «Systemposten»?

15. Kor mange personar har Kværner Stord

5. Kven er Kværner sin prosjektleiar på

hatt i rotasjon offshore for å gjera Edvard Grieg-plattforma produksjonsklar?

Nyhamna?

6. Kva heiter engineeringsselskapet som

16. Kva år skal Johan Sverdrup-feltet komma

Kværner samarbeider med om Johan Sverdrup ULQ?

7.

Kven er dette?

i produksjon?

Kva står trebokstav-forkortinga ULQ for?

8. Kor stor er kontraktsverdien på Johan Sverdrup ULQ?

9. Kven er det som leiar arbeidsmiljøutvalet til Kværner Stord i 2015?

17. Kva heiter stordabuen som er konserntillitsvald i Kværner?

18. Kor lenge har Kværner Stord vore ein leiande leverandør til olje- og gass­ industrien?

19. Kor mange år er det sidan Aker Stord leverte dekket til Troll A?

10. Kva tid var Edvard Grieg-modulane

20. Kva tid starta oljeproduksjonen frå det nye

ferdigstilte?

feltsenteret på Eldfisk?

Kor mange refleksar delte Kværner Stord ut på refleksdagen i oktober?

1. Sveisar på Kværner Stord som vart nummer 10 i WorldSkills 2015 i São Paulo. 2. 11.

3. 92 år. 4. 70 år – starta i 1945. 5. Lars Eide. 6. KBR. 7. Utility and Living Quarter.

8. 6,7 milliardar kroner. 9. Knut Ove Handeland. 10. 15. april 2015, som planlagt. 11. Rundt 4.500. 12. 4,07 prosent.

13. I Surrey, like sør for London. 14. Ytst på Eldøyane. 15. Vel 1.000. 16. 2019 17. Rune Rafdal.

11.

SYSTEMPOSTEN

75

18. I 40 år – sidan 1975. 19. 20 år (1995). 20. 3. januar 2015.


Returadresse: Kværner Stord AS, boks 2000, 5409 Stord

tysdag 5. januar kl. 17.00 Underhaldning ved chiclets, kaffi og kaker til dei vaksne, brus og snop til borna. påmelding innan 4. januar til ingeborg.strand@kvaerner.com

Velkomen!

Bedriftsorgan for Kværner Stord AS | Desember 2015 – 70. årgang

76

Opplag: Redaktør: Telefon: E-post: Adresse:

2700 Odd Naustdal 534 18 103 / 905 76 079 odd.naustdal@kvaerner.com Kværner Stord AS, boks 2000, 5409 Stord

SYSTEMPOSTEN

Redaksjonen:

Lisa Skram Haktorson, Alf Terje Myklebust Odd Naustdal Bidragsytarar: Elisabeth Sætrevik, Kari Haktorson, Ingeborg Strand, Leif Nilsen og Håvard Kvarme Layout: Oktan Stord Trykk: Bodoni


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.