Midtfjellet Vindkraft - Omvisnings brosjyre 2014

Page 1

-


Den fornybare energien frå Fitjar Dei majestetiske vindmøllene på Midtfjellet er nye landemerke i Sunnhordland, på same måte som vardane var det før i tida. Vindmøllene set Fitjar på kartet. Dei er symbol på korleis me lokalt kan vera ein bidragsytar for ei framtidsretta verd globalt. Der rein fornybar energi er einaste farbare veg for å sikre kommande generasjonar eit godt og levedyktig miljø. Vindparken på Midtfjellet er ein av dei største og mest moderne i Noreg, og kan produsere opptil 110 000 kW pr.time ved full produksjon. Det gjer at du som forbrukar kan lade nettbrettet og bilen din, varme vatnet og koke mat, samt ha straum til varmepumpa di med rein fornybar energi produsert på Fitjar. Nyttar du straum frå Midtfjellet Vindkraft er du med og bidrar til eit betre miljø du også.

Fitjar Kraftlag AS 33,33 % EB Kraftproduksjon Eigarar Østfold Energi Vind AS

16,67 %

33,33 % 16,67 % Vardar Boreas



Milepælar

2005 Konsesjonssøknad sendes, Midtfjellet Vindkraft dannes, og det innledes et samarbeid med danske Energi E2 (Dong). 1990

2000

2008 28. mai: Rettskraftig konsesjon 2010

1997

2004

2006

2010

4. desember: Oppstart vindmåling

8. mai: sendes forhåndsmelding

Starter reell planlegging av prosjektet.

Enova gir støtte til halve prosjektet.


2011

2012

2013

2014

• 6. April: Invisteringsstøtten verifiseres av ESA.

• 10. september: Midtfjellet Vindkraft spenningssettes.

• 27. juli: den siste av vindturbinene montert.

• Driftsfase

• 2.juni: Dong trekker seg ut av Norge og Midtfjellet Vindkraft.

• Det fattes invisteringsvedtak for fase 2. Dette er det første store norske vindkraftverket som vedtas bygd med finansiering basert på sertifikater.

• 17. september: Klokka 11.00 blir vindparken offisielt opna ved møllepunkt B7 av fylkesordførar TomChrister Nilsen.

• 6. juli: Nye eiere: EB Kraftproduksjon, Vardar og Østfold energi inviteres til å delta. Det fattes invisteringsvedtak 2 mnd etter at de nye eierne ble introdusert for prosjektet. • 5. september: anleggsfasen startet.

• 22. september: produserer mølle nr. 13 aller første kilowattimen fra Midtfjellet.

• Midtfjelletdagen arrangeres


Eit eldorado- for både turistar og fastbuande Få om nokon stad i Noreg opplever du at fortid møter framtid på ein meir spektakulær måte enn på Midtfjellet. Det er vilt, vakkert, og samstundes framtidsretta. Med ein framifrå infrastruktur av vegar er fjellet no lett tilgjengeleg for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, skileik, fisketurar og familieturar i omgjevnader der dyreog fuglelivet er rikt. Kulissane med dei majestetiske vindmøllene gjer det heile unikt og spesielt. Me ynskjer å sjå unge og gamle brukarar av fjellet kvar dag, heile året. Håpar me sjåast!

27 km veg

Midtfjellet er eit heilårsope “tilbod” for alle. Det er fritt tilgjenge i heile fjellet.

God mosjon gir god helse.



Møllene som utgjer ein forskjell Midtfjellet Vindpark tel i dag 44 vindmøller. Dei har ei navhøgd på 80 meter, og ein rotordiameter på opptil 100 meter. Vindmøllene produserer årleg rundt 350 GWh. Det gir nok energi til om lag 17 500 husstandar, eller sagt på ein annan måte, nok straum til heile Sunnhordland. Omlag 60 000 innbyggjarar.

350 GWh/år

44 vindmøller

Nok energi til om lag 60 000 innbyggjarar.

Navhøgd 80 meter og rotordiameter opptil 100 meter.

45-50 meter

80 meter


Berekraftig og framtidsretta Vindkraft gir rein energi og lokal verdiskaping. Til forskjell frå fossile kraftkjelder er vind ein fornybar energiressurs. På Midtfjellet vil det aldri “gå tomt” for vind. Kraftkjelda er uttømmeleg, og på den måten veit me at me kan gje innbyggarane straum i generasjonar framover. Dette er energiproduksjon på ein berekraftig måte. Heilt utan utslepp som skadar lufta me pustar inn. Heilt utan å bidra til global oppvarming.

fornybar energiressurs

Ei verksemd utan skadelege miljøutslepp av CO2 og NOX i lokalmiljøet.


Design: OktanStord, foto: Elisabeth Tønnesen. Trykka på miljøvenleg papir.

Midtfjellet Vindkraft AS Årskog, N-5419 Fitjar, Norge Tlf +47 53 45 76 00 www.midtfjellet.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.