SKL Magasinet Kraftlinjer November 2014

Page 1

NOVEMBER 2014

KRAFTLINJER MAGASIN FRÅ SKL

MED UTSIKT MOT VERDA ENERGIKJELDE FOR MORGONDAGEN KORTREIST KRAFT KREV SMARTE NETT

En e rgi t i l u t v i k l i n g


KRAFTLINJER 2014

KONSERNSJEFEN

Utgjevar SKL Adresse: Postboks 24, 5401 Stord Telefon: 53 49 60 00 E-post: post@skl.as www.skl.as

SKL MØTER FRAMTIDA

Ansvarleg redaktør Jan Petter Myhre

Eg har på leiarplass ved fleire høve vore innom dei endringar bransjen vår står framføre. Nokre av brikkene byrjar å falla på plass, medan andre framleis er noko uklare. Men eitt er i alle fall sikkert: - Det blir endringar i framtidige rammevilkår for vår bransje!

Redaksjon Anne - Gro Fiveland Magne Heimvik Dagfinn Vatne Magne Andresen

Den beste måten vi kan møta dette på er å vera offensive og posisjonera oss for dei endringar vi ser vil kome. SKL har allereie gjort ein del viktige val i så måte. Vi har spissa fokuset vårt og vi har ein vekststrategi innan både vasskraft og nett. Dette fordi aktivitetane er fagleg krevjande, og fordi det krev eit visst volum av oppgåver for å vera i heile verdikjeda, som i dag. I vekststrategien vår må vi oppnå synergiar for å sikra at vekst også fører til auka verdi og verdiskaping.

Foto Tom Haga, Øyvind Sætre og SKL Grafisk utforming Oktan Stord Trykk Bodoni

Det inneber at vi må søkja etter gode vasskraftprosjekt og styrka nettaktiviteten tilpassa nye rammevilkår. Arbeidet med Blåfalli Fjellhaugen kraftverk, og eit stadig tettare samarbeid på nett i regionen, er gode døme på det. I tillegg må vi sikra at andre aktivitetar i konsernet får rom for utvikling. Gjerne saman med andre.

Kraftlinjer vert trykt på miljøvennleg papir

24

1

Ø M E R KE T ILJ

Samarbeid med andre er ein viktig berebjelke i SKL sin vekststrategi. Vi ser at det er nødvendig for å møta rammevilkåra, særleg innan nett. Dette er ein krevjande strategi då den nødvendigvis er avhengig av andre sine val. Her er det viktig med god dialog og tydelege avklaringar av premiss og forventningar.

0 Trykksak 7

7

M

INNHALD 2 5 9 10 12 14 16 18 20 22

SKL møter framtida Ny nettkvardag Den gode vasskrafta Meir kraft når det trengs Ein kjøp- og salsavtale utanom det vanlege Kortreist kraft krev smarte nett Stor vassføring i Blådalsvassdraget Komplett ladestasjon Vannes har ein plan Med utsikt mot verda

2


På kort sikt er det difor viktig å sjå kva vi kan gjera internt. SKL 2018 er starta opp og vil halda fram som planlagt. Målet er å gjera SKL robust for ei ny framtid, både med omsyn til kostnadsnivå, effektiv drift, organisering, kompetanse og aktivitetar tilpassa vår storleik. Dette er både viktig og nødvendig for å skapa vekst og nye moglegheiter, og posisjonera konsernet for framtida. Vi har klare ambisjonar på SKL sine vegne! Magne Heimvik, konsernsjef SKL.

3



NETT

NY NETTKVARDAG SKL er som nettaktør, del av ein stor familie - altfor stor meiner mange!

sjeldan enkle løysingar på kompliserte oppgåver, noko rapporten er eit godt døme på. Gjennomføring av tilrådingane vil likevel ta oss eit godt steg mot eit betre organisert straumnett. SKL støttar difor ekspertutvalet sine tilrådingar.

Mange nettselskap er svært små. Med forventning om ei sikker, effektiv og miljøvennleg straumforsyning vert spørsmålet stilt om me klarer oppgåva; kan me med dagens struktur gjennomføre store investeringar, takle krevjande teknologiske endringar og møte kundane sine forventningar om mest mogleg like pris? Gir vi som bransje våre kundar eit nett som fortent?

Naturlege monopol som straumnettet stiller strenge krav til nøytralitet. Vi som nettselskap må ta dette innover oss, og i praktisk handling sikre at krava vert etterlevd. Nett som naturleg monopol er ofte tett integrert med konkurranseutsett verksemd som produksjon og breibandutbygging. Integrert verksemd gir mange fordelar som er viktige å ta vare på. Difor må krava til nøytralitet sikrast gjennom regulering av nettaktørane. Tilrådingane i Reitenrapporten balanserer desse omsyna på ein god måte.

Sentrale premissgjevarar som Olje- og energidepartementet og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) svarer nei på desse spørsmåla. Nytt regelverk og ny organisering må på plass for å møte kundeforventningane. Den førre regjeringa oppnemnde Reiten-utvalet der oppdraget var å rydde i ein fragmentert og uoversiktleg nettstruktur. Ekspertgruppa har levert sin rapport om korleis nettorganiseringa bør vere. NVE er alt i gang med innskjerping av regelverk, parallelt med og uavhengig av tilrådingane.

SKL har lenge arbeidd for ny nettstruktur i vår region. Dette for å sikre ei effektiv nettdrift med god beredskap og like prisar i eit område der tariffane til kundane i dag varierer med opptil 60%. Store prisskilnader kan vere eit hinder for å slå seg saman, og kundar i vår region kan oppleve inntil 30% prisauke. Kundegrupper med høg tariff pressar ikkje på for å nå ein lågare tariff, men kundegrupper vil truleg motsette seg å få auka sine kostnadar gjennom fusjon med andre.

Ekspertutvalet sitt mandat var å vurdere ei hensiktsmessig nettorganisering, med særleg fokus på: • Sikre gjennomføring av store nettinvesteringar • Vurdere verkemiddel for å ivareta nøytralitet, effektiv drift og meir harmoniserte tariffar.

Dersom det er eit politisk mål å oppnå større og meir robuste nettselskap, og dermed meir harmoniserte prisar, trengst verkemiddel. Eitt forslag er å sjå på utjamningsordninga for kundar i område med dei høgaste tariffane, ei ordning som ekspert-utvalet vil behalde, men som politisk er signalisert vert avvikla. Denne ordninga kan ein målrette som virkemiddel der det vert dokumentert at store prisskilnadar faktisk

Rapporten gir ei god og balansert framstilling av dagens organisering og utfordringar for nett, og kjem med forslag til tiltak for omstilling. Det finst 5


hindrar fusjon. Utjamningsordninga kan bli eit direkte verkemiddel for strukturendring, og eit indirekte virkemiddel for tariffharmonisering.

NETTSELSKAPA GÅR INN I EI TID MED KRAV TIL OMSTILLING. NETT SOM NATURLEG MONOPOL SKAL SKILLAST TILSTREKKELEG FRÅ ALL ANNA VERKSEMD.

Nettaselskapa går inn i ei tid med krav til omstilling. Nett som naturleg monopol skal skillast tilstrekkeleg 6


VERKEMIDLA

SKL støttar Reiten-utvalet sine tilrådingar for god nettorganisering. Her er hovudpunkta som direkte og indirekte påverkar SKL som nettselskap. Tal på nettnivå: Regionalnettet skal vere ein del av distribusjonsnettet. Med to nettnivå, som i EU, blir dette plassert der det ut frå sin funksjon naturleg høyrer heime. Nettselskapet pliktar å byggje nødvendig anlegg fram til produsent eller kunde, og distribusjonsnettet får behalde inntektene frå produsent for innlevering av kraft i nettet. Organisering: Konsernmodellen vert tillaten, men alle får krav om selskaps- og funksjonelt skilje mellom nett og all anna verksemd. Det vert føreslått strengare reglar for tenestekjøp i konsern. Dette skal i hovudsak skje etter konkurranse for å sikre gode marknadsvilkår, og avgrensar morselskapet sitt høve til å detaljstyre nettselskapet. NVE tek inn nye reglar om dette i den direkte nettreguleringa. Reiten–utvalet seier altså nei til kravet om fullt eigar- og selskapsmessig skilje. Systemoperatør: Det skal utpeikast systemoperatørar for distribusjonssystemet (DSO’ar). Oppgåvene skal vere planlegging, koordinering og rangering av investeringar i straumnettet. Dette for å sikre at rette investeringar vert gjort, sett i eit overordna bilete. Talet på systemoperatørar er ikkje definert. SKL meiner at logisk samanhengande nett bør vera styrande kriterium ved utpeiking av DSO. Nettstruktur og harmonisering av tariffar: Rapporten viser at det ikkje er lett å sikre strukturendring og like tariffar med direkte reguleringar og inngrep. Det viktigaste verkemiddelet er kravet om selskapsmesseg og funksjonelt skilje. Rapporten har tiltru til at en når definerte mål gjennom indirekte verkemiddel.

frå all anna verksemd i sterke og effektive selskap. Kvar enkelt av oss har eit ansvar for å gjere kloke val som innfrir kundane og samfunnet si forventning om ei sikker og påliteleg elforsyning til lågast muleg kostnad.

7


8


KRAFT

DEN GODE VASSKRAFTA

Vasskrafta i Noreg har vore og er den mest verdifulle ressursen me har. Den er rein og fornybar, den er evigvarande, og den er bygd ut med volumrike magasin som gjer det mogleg å lagre vatnet. Store maskinar med rask start og stopp gir produksjon når behovet for straum er størst. Med andre ord; vasskrafta er unik! Det same er fleksibiliteten og reguleringsevna i situasjonar der skiftande forbruk av straum må balanserast på sekundet. Ferjene kan i si trafikkavvikling regulere ved å la bilar stå att på kaia. Den løysinga har ikkje straumnettet.

Parallelt gjer teknologiutvikling innan solkraft det mogleg med småskala solkraftproduksjon. No kan kvar einskild bedrift og husstand bli kraftprodusent. Resultatet av desse nysatsingane er stor produksjon når det er vatn i elva, sol på himmelen og vind. Det kan gje rikelig med energi, men mindre evne til å regulere balansen mellom produksjon og forbruk. Me går altså frå storskala- til småskalautbygging. Det gjev også større fokus på kvantitet enn kvalitet. Produksjonsapparatet i Norge vert mindre unikt. Den gode vasskrafta med dei unike eigenskapane er heilt avgjerande for SKL sine planar om ny vasskraftutbygging. Satsing på eit nytt stort kraftverk som Blåfalli Fjellhaugen Kraftverk er krevjande, men er basert på ei tru om at stor fleksibilitet gjer produktet ettertrakta. Me trur på kvalitet. Me meiner det løner seg i lengda.

Vasskrafta har vore grunnlaget for SKL si verdiskaping og verdiutvikling sidan oppstarten rett etter krigen. Etableringa av eit solid og stabilt straumnett har også gjeve store ringverknader. Straum til husstandar, industri og næringsliv, har vore ein avgjerande faktor for regional verdi- og velstandsutvikling. Klimakrisa har sett fokus på vasskrafta på ny. Vasskrafta er ein del av løysinga, som rein og fornybar ressurs, til erstatning for oljebasert forbruk. Krav til fornybardel har utløyst storstilt utbygging av meir fornybar energi i Noreg. Spesielt har det vore fokus på vasskraft og vindkraft. Resultatet er utbygging av småkraftanlegg. Dette er reine elvekraftverk utan magasin. Dei gir straum, men er lite fleksible.

9


KRAFT

MEIR KRAFT NÅR DET TRENGS

SKL har sendt konsesjonssøknad om å byggja eit nytt stort kraftverk i Blådalsvassdraget. Blåfalli Fjellhaugen skal nytta fallet mellom Midtbotnvatn og Fjellhaugvatn, og kan bli ei viktig og fleksibel kraftkjelde for framtidas kraftmarknad.

i den energikrevjande smelteverksindustrien som etterspør jamn og sikker energitilgang. Men samstundes ser me at etterspurnaden i marknaden varier over døgeret, og i ulike delar av året. Temperatursvingingar gjer at kraftprisane varier mykje. Sjølv om sommaren kan varme dagar auka kraftforbruket monaleg, sidan me har stadig fleire installasjonar av kjølesystem, både i private hus og næringsbygg. Men framleis er det slik at når gradestokken kryp godt nedover den blå delen av skalaen, er behovet for tilstrekkeleg kraft størst.

Det nye kraftverket er planlagd med eit aggregat på om lag 150MW. Krafta skal koplast saman med sentralnettet i koplingsstasjonen ved Blåfalli III, og på årsbasis vil kraftstasjonen produsera om lag 325GWh. Av dette er 70GWh ny energi, noko som er nok til å forsyne 4.000 husstandar. I ei tid med stor utbygging av uregulert kraft, er magasinkraft med stor reguleringsevne viktig for kraftmarknaden.

Også for systemoperatøren Statnett er det viktig å ha nok tilgang til kraft for å balansere kraftsystemet. Elektrisk energi er ei ekstrem ferskvare. Den må produserast i same sekund som den vert brukt. Difor er store vassmagasin som batteri å rekna i denne samanhengen. Når lagra vatn kan setja i gang store kraftstasjonar med høg effekt, med stor roterande masse, er det ein viktig reiskap for Statnett som skal syta for at etterspunaden etter energi til ei kvar tid kan stettast. Ord som kortslutningsyting og spenningsregulering er viktige i denne samanhengen. Eit nytt stort kraftverk, med stort aggregat er svært verdfullt for marknaden – og ikkje minst for dei som eig det.

Me har i dag utanlandsforbindelsar til Sverige, Danmark og Nederland. Det er vedteke at det skal byggjast to store forbindelsar til Tyskland og Storbritannia. Når dei står ferdige vil det verdiauke magasinbasert vasskraft og store kraftstasjonar. Det er god verdiskaping for SKL, eigarane våre og heile samfunnet Kraftmarknaden er i utvikling, og evna til å regulera produksjonen ut frå etterspurnaden til ei kvar tid, er viktig. Me har store kraftforbrukarar 10



NETT

EIN KJĂ˜P- OG SALSAVTALE UTANOM DET VANLEGE Eit sentralt punkt i EU sitt Eldirektiv III er kravet til strukturelt skilje mellom straumnett og produksjon. Det inneber at det berre er Statnett som kan eige og drive sentralnettet i Noreg i framtida.

12


I dag er SKL Nett ein stor eigar i sentralnettet. Mellom Husnes – Stord – Spanne (Haugesund) og Håvik (Karmøy) eig SKL nettet saman med Haugaland Kraft. SKL har konsesjon og driftsansvar for linja som vart bygd i perioden 1982 - 1986.

sine interesser. Styresmaktene (OED og NVE) har så langt ikkje avklart for oss akseptable reglar og retningslinjer for desse transaksjonane. For SKL er bildet klart; dette er ekspropriasjon, og SKL skal ha full kompensasjon for det økonomiske tapet som følgje av at vi må selje sentralnettet og avvikle denne nettverksemda. Innanfor eit slikt prinsipp vil SKL bidra til å etablere ryddige avtalar som regulerer eigedomsovergangen. Det gjer vi for å sikre kontinuitet og god forsyningstryggleik. Dette er svært viktige nettanlegg for regionen, seier Tverdal vidare.

- Det er eit nettanlegg i god teknisk stand Statnett skal overta fortel administrerande direktør, Asbjørn Tverdal, i SKL Nett. For ettertida er det berre Statnett som får lov til å eige anlegg i sentralnettet. SKL, som i dag har konsesjon til 2032 for desse nettanlegga, blir fråteken retten til å drive slikt nett og plikter å selje dei til Statnett som einaste kjøpar. Eit slikt tvangssalg må skje på ein måte som sikrar også seljar

SKL har etter mange års drift god kunnskap om anlegga, og vi kan gjerne og bidra med vår kompetanse i tenesteleveranse til Statnett etter at salget er gjennomført, avsluttar Tverdal.

FOR SKL ER BILDET KLART; DETTE ER EKSPROPRIASJON OG SKL SKAL HA FULL KOMPENSASJON FOR DET ØKONOMISKE TAPET

13


KRAFT

KORTREIST KRAFT KREV SMARTE NETT

Kva med ei lita vindmølle oppe i mønet på bustaden? Eller taket fullt av solcellepanel? Utradisjonell kraftproduksjon tvingar fram nye og smarte nettløysingar.

kan det bli aktuelt å byta ut varmtvasstanken med såkalla gjennomstraumsvarmar. Denne varmar opp vatnet medan vatnet strøymer gjennom varmaren. Slike er etterspurte fordi dei tek liten plass og ikkje har varmetap. Men dei brukar mykje effekt når dei er i bruk. Desse tre døma viser at det difor er ein del faktorar som talar for høgare straumuttak i ein tidsperiode, per husstand.

Sola sender ut imponerande 1366 Watt per kvadratmeter. Ja, like mykje som ein ganske stor panelomn. I Tyskland er dei godt i gang med å nytta varmen frå sola. Det er det landet i verda som har installert mest solpanel, og i 2012 sette dei verdsrekord i solkraft med 22 gigawatt produksjon. Trenden med å installere solpanel er også sterkt aukande i mange andre land.

Denne uvissa om korleis energibruken vert i framtida gjer det vanskeleg å planleggje langsiktig. For me, som nettselskap, ønskjer å planleggje og byggje ut så energieffektive kraftnett som mogleg. Me veit også at samfunnet forventar ei sikker straumforsyning med god kvalitet. For å møta desse forventningane vil me å gjere kraftnettet «smartare».

Denne trenden er på full fart til Norge. Dersom det blir installert mange solpanel vil dette påverke det generelle behovet for kraftnett. Hus som er sjølvforsynte med energi kallar me passivhus eller plusshus. Ein stor auke i denne type bustader talar for at energibruken per husstand vil gå ned og samtidig redusere behovet for energi frå det lokale kraftlaget.

«Smarte nett» er eit omgrep som no er mykje nytta. I dette ligg det at nettdrifta betre må tilpassast skiftande behov og raskare omveltingar. Me treng å veta meir om tilstanden i nettet til ei kvar tid. Difor må det installerast måleutstyr og sensorar ulike stadar i nettet. I framtida vert det større behov for å kunna styra nettet betre, og det skal difor leggjast til rette for installering av ulikt styringsutstyr. Energilagring ulike stader i nettet kan også bli aktuelt for å møta skiftande strømforbruk, det er tenkjeleg

På den andre sida så veit me at det vert stadig fleire elbilar her til lands. Desse treng lading. Det er også meir og meir populært med kraftige induksjonstoppar på komfyren, noko som krev meir straum. I tillegg 14


at elbilar med sine store batteri kan bidra. For å få til alt dette trengs det kommunikasjon ut til sentrale knutepunkt, og komponentar i nettet.

NYTT BYGG FOR POLITI OG VEGVESEN

Som eit første steg i det å gjera kraftnettet smartare skal SKL installere nye målarar til alle husstandar. Dette blir gjort i samarbeid med Haugaland Kraft, BKK og mange andre nettselskap i Noreg. Dei nye målarane vert kalla for AMS-målarar eller smarte straummålarar. Det er fordi dei automatisk kan registrere målarstanden og annan nyttig informasjon om tilstand i nettet, og kommunisere dette inn til nettselskapet sin sentral. Informasjonen vert også tilgjengeleg for kundane. Dei nye straummålarane skal installerast ein gong i perioden 2016 - 2019.

Bygget skal reisast på Vabakken på Stord, og skal vera eit «plusshus». Plusshusmålsetjinga er å produsere meir energi enn det bygget brukar pr år, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg. Energioverskotet skal over tid tilsvare energimengda som gjekk med til å bygge bygget, inkludert produksjon og transport av materiala.

15


KRAFT

STOR VASSFØRING I BLÅDALSVASSDRAGET Regnvêret som sette inn tidleg i veke 44, hadde ikkje dei høgaste verdiane for døgnnedbør, men det kom jamt og trutt i meir enn 3 døger, og saman med høg temperatur førte det til stor auke i vasstanden i Blådalsvassdraget. Tidleg om morgonen 28. oktober kom meldingane om overlaup

på meir enn 1,5 m i fleire av dammane våre. Då sette produksjonsselskapet gul beredskap, etter planverket vårt. Vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) Sture Karlsen sette kursen mot Matre, der våre tilsette alt var «på tå hev», og i ferd med å undersøka korleis vassmengdene ville påverke anlegga våre.

16


På Stord fann ein fram reknemodellar, og starta kalkulasjon av korleis dette ville utvikle seg ut frå varsla vêr. Ut frå tilgjengelege data, ville toppen av vassføringa inntreffa til kvelden. Styresmakter var allereie varsla, både kommune, fylkesmann og NVE.

-Me hadde stor vassføring i vassdraget. Mykje vatn passerte overlaupsdammane våre, men ikkje på noko tidspunkt var det fare for damanlegga våre, eller tryggleiken innan det vassdragtekniske området, seier VTA Sture Karlsen.

I fjellet tok fire av våre tilsette seg fram til dei inste reguleringsmagasina, og kraftstasjonar. Vassstand vart målt, og ein sette i verk førebuande tiltak for å vera klar til å handtere topp vasstand. I mellomtida auka vassføringa, og fløymde fleire stader over anleggsvegen, slik at den etter kvart vart uframkommeleg. Vegen vart stengd ved Fjellhaugvatn. Godt kommunikasjonsutstyr og flinke folk gjorde at ein heile tida var på høgde med situasjonen. På Stord kunne beredskapsleiinga fylgje med i utviklinga. Vasstanden nådde sitt høgaste rundt kl 20, og takka vera stor innsats frå dei som var på post i fjellet, makta ein å halda vatnet unna vitale deler i kraftstasjonane. Vegen fekk stygg medfart nokre stader, kunne ein konstatera under synfaring neste dag, men i det store og heile kom me frå denne hendinga utan større skadar.

-Store nedbørsmengder må me vera førebudde på i tida som kjem, og denne hendinga syner kor viktig det er med godt planverk, rett innstilling og «stå-påvilje» frå alle som er involvert. Samstundes ser ein at når naturkreftene set inn er me i stor grad tilskodarar og må fokusere på å førebyggje og hindre skadar på anlegg og utstyr, konkluderer administrerande direktør og beredskapsleiar i SKL Produksjon AS, Kjetil Harestad.


KRAFT

KOMPLETT LADESTASJON

SKL har sett i drift ny hurtigladar for elbilar med europeisk ladestandard, og har med det komplettert ladestasjonen på Heiane. No kan alle ladebare bilar nytta stasjonen.

japanske produsentar nyttar CHAdeMO. Ladaren på Stord handterer begge standardar. Samarbeid SKL har saman med Hordaland Fylkeskommune og Transnova investert i ein hurtigladar som er tilrettelagt for CCS-lading. Spleiselaget kostar ein halv million kroner, SKL har sytt for halve beløpet. Samarbeidet har vore naudsynt for at me på Stord skal kunne tilby elbilistane eit komplett tilbod.

Våren 2012 vart den fyrste hurtigladaren satt opp på Heiane. Ladestasjonen har vore mykje nytta, og er heilt naudsynt for reisande med elbil mellom Bergen, Haugesund og Stavanger. Grønn Kontakt Då elbil-salet tok av gjekk mange energiverk saman og stifta Grønn Kontakt. Selskapet har som mål å bidra til å redusere utslepp av klimagassar og vere ein pådrivar for utbygging og drift av eit felles ladesystem i Norge. SKL er medeigar i Grønn Kontakt, som driftar stasjonen på Heiane.

Merk dykk at også Tesla-eigarar kan lade på 22 kW på Heiane. Tilbodet er ikkje hurtiglading, men eit godt alternativ for litt påfyll. SKL har fått god omtale av ladestasjonen, som ligg vegg i vegg med Shell bensinstasjon. I tillegg tilbyr SKL naturgass, og Shell bensin og diesel for dei som nyttar det.

Ingen felles standard for lading Det er stort fokus på elbilar i Norge. Fleire bilmerker som VW og Kia, har lansert nye modellar. Men dessverre klarar ein ikkje å samlast om eit felles ladesystem, noko som gjer utbygging av ladestasjonar krevjande. Europeiske bilprodusentar nyttar eit system som vert kalla CCS, medan

Nasjonale media har omtala Heiane som den mest komplette stasjonen i Norge.

18



REKRUTTERING

VANNES HAR EIN PLAN

Vannes har samarbeidd med SKL-tilsette i samband med studentoppgåva som er direkte knytt til reelle SKL-prosjekt. Arne Helleland og Eirik Ulvenes gav meg verdifulle data om småkraftanlegg i Uskedalen, som er under prosjektering – data eg nyttar i prosjektoppgåva. Samarbeidet er gull verdt for meg. Å arbeide med prosjekt som skal realiserast gjev fagleg forståing og muligheiter ein berre kan drøyme om, seier ein særs nøgd Vannes.

Bernhard Inge Vannes, student Elkraftteknikk, Høgskulen i Bergen

Det byrja med ei arbeidsveke i 9. klasse. Sidan vart det sommarjobb. No skal Bernhard Inge Vannes starte på bacheloroppgåva i elkraftteknikk. I alle fasar med SKL involvert. Studenten i elkraftteknikk hugsar arbeidsveka i 9. klasse med glede. Han fekk innsyn i konsernet sine fagområde. Alt frå krevjande arbeid i høgspentmaster saman med montørar, til arbeid på driftsentralen og kundesenteret.

Han tek sikte på å arbeide med eit SKL prosjekt i bacheloroppgåva også - Samla sett gjev prosjekta meg god ballast og forståing for kva kraftselskapa driv med, meiner Vannes.

- Det var veldig gøy og lærerikt, fortel Vannes. Ved neste korsveg fekk han jobb som sommarvikar. Bernhard vart kjent med bransjen og SKL-konsernet sine primæraktivitetar; kraftproduksjon, overføring og omsetning av energi.

Han rosar folk han har samarbeidd med i SKL. Inkluderande og fagleg dyktige, er ord Vannes nyttar om dei tilsette. Når eg no tek til med å skrive avsluttande bacheloroppgåve ser eg at sommarjobbane i SKL har bidrege til at eg veit kva eg vil; eg vil inn i kraftnæringa! Om det blir innan produksjon eller nettverksemd er eg ikkje sikker på, men eg skal arbeide i kraftnæringa, og gjerne i SKL.

- SKL er veldig tverrfagleg. I fjor fekk eg til dømes gjere oppgåver på Drifssentralen som overvaker og syt for sikker straumforsyning. Eg har fått prøva meg som hydrolog, eg har fått høve til å rekna falltap i SKL sine vassvegar og eg har tatt del i prosjektering av høgspentlinje i Blådalen. 20


STORT REKRUTTERINGSBEHOV MOT 2020

Kraftbransjen har planlagde investeringar for om lag 140 milliardar i kraftnett. Samstundes viser tal frå Energi Norge at 30 % av dei tilsette i bransjen vil gå av med pensjon innan 2020. Skal ein nå måla i bransjen betyr det eit årleg rekrutteringsbehov på 1500 tilsette. - Rekruttering er langsiktig arbeid. Me må vera synlege på utdanningsmesser og etablere kontakt med dei unge og engasjerte, seier HR-sjef i SKL, Silje Rullestad. - Me knyt kontaktar og følgjer studentar gjennom utdanninga ved å tilby arbeidsveker, sommarjobbar og invitere til bransjerelaterte samlingar. Vel du å søke jobb i SKL, tek du eit val for framtida. Fordi me produserer noko som er viktig for verda; rein og fornybar energi. Rullestad gler seg over at systematisk arbeid og nære relasjonar til studentar gjev gode resultat. - Vannes er eit godt døme. Eg er viss på at ein dyktig elkraftingeniør snart er jobbsøkande i bransjen vår, avsluttar HR-sjefen.

21


SAMFUNNSANSVAR

MED UTSIKT MOT VERDA

Det er noko med kjensla av å vera tett på naturen. I ein renovert trafokiosk er det nesten magisk.

etter kvart arkitektstudent ved NTNU og prosjektet vart ein del av masteroppgåva hennar. - For fem år sidan ville eg aldri trudd at ombygging av ein 57 år gammal trafokiosk ville bli mitt første realiserte prosjekt, seier Gunnhild.

På Stovegolvet på Stord står ein trafokiosk. Ein betongkloss. Bygd i 1957 for å forsyna ein radiosendar med straum. Dei siste 46 åra har den stått som eit minne om ei faren tid. Einsam og forlaten, høgt til fjells. Men det var heilt til Asbjørn og Gunnhild Tverdal for om lag 10 år sidan fekk ein idé. Dei syntest det var for gale å la den gamle kiosken stå til forfall.

Varme, mat og panorama Det var reine folkevandringa til Stovegolvet for å sjå den “nye” trafostasjonen då den vart offisielt opna i august. - Det er imponerande og utruleg kjekt at både vaksne og born tek turen til utkikkstårnet på Stovegolvet, legg ein kubbe i omnen, kosar seg med niste og nyt utsikta mot Langenuen, seier Gunhild.

Frå idé til realitet Far og dotter ville byggje den nedlagde trafokiosken om til ei varmestove, sikringsbu og utkikkstårn til glede og nytte for turgåarar. Gunnhild Tverdal vart

22


Eit felles løft Superlativa har kome tett frå fjellfolka som har besøkt det heilt spesielle bygget. Sjølv er far og dotter Tverdal heilt klare på ein ting;

Nye fjellfolk gir lykke Asbjørn Tverdal har bidrege med hundrevis av dugnadstimar i prosjektet. Utan Asbjørn sitt pågangsmot og utrøttelege innsats ville landemerket truleg ikkje vorte ein realitet.

- Dette hadde aldri gått utan dugnadsgjengen! SKL og Stord-Fitjar Turlag slo seg saman om å byggje om den gamle trafokiosken. Gunnhild vart også arbeidsleiar for prosjektet, og saman med energiske sommarvikarar i SKL og dugnadsgjengen frå turlaget vart fjellkiosken renovert.

Asbjørn håpar at tårnet skal bidra til meir aktivitet i fjella han sjølv set så stor pris på. - Det er fint med alle gjengangarane som kjem med positive tilbakemeldingar, men om dette prosjektet kan bidra til at folk som vanlegvis ikkje går på tur kjem seg ut, ja då blir eg lykkeleg!

- Når eg tenkjer meg om, står dette prosjektet veldig i stil med meg. Eg er glad i naturen og set pris på å kunne nytta ressursar som allereie eksisterer. Og det er ekstra kjekt å få det til i samarbeid med andre, seier Gunnhild.

23


SKL Postboks 24, 5401 Stord Telefon: 53 49 60 00 E-post: post@skl.as www.skl.as

Returadresse: SKL, Postboks 24, 5401 Stord

E n e rg i t il u t v i k l i n g


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.