Stordfest 2013 – mai

Page 1

VELKOMEN TIL TIDENES FEST PÅ STORD!

Vennebyen med premiereshow!

Ein Kaizer vender heim

Janove Ottesen lovar eit spektakulært show når Kaizers Orchestra avsluttar Stordfest laurdag 29. juni. SIDE 4

Verdas beste liveband til Stordfest Sigøynerpunkbandet frå USA er kjend som verdas beste liveband. Du treng ikkje kjenne ein låt for å hoppe til musikken deira. Til Stordfest kjem Gogol Bordello med eit solid mannskap på 24. SIDE 5

Verdas flottaste skuter SIDE 8

Animasjonsfilmane om Vennebyen er seld til 185 land. Under Stordfest kjem Apa, Ted og Elfie til Leirvik med premiere på nytt show! SIDE 11

Festkonsert med Gullberg Jensen Under Stordfest kjem Eivind Gullberg Jensen heim til Stord for å dirigere Sjøforsvarets Musikkorps på Leirvik kai. Han har med seg flotte solistar og skal få heile Stord med på allsong. SIDE 7


Velkomen til Stordfest 2013!

27.–30. JUNI

Gjennom lang planlegging har me lagt til rette for at siste helga i juni bør bli tidenes festivalhelg på Stord. Aldri har me hatt eit så heftig konsertprogram med store norske og internasjonale artistar!

STORDFEST 2013

2

Kjære fastbuande og gjester frå inn og utland – me seglar mot Stordfest 2013!

Nokre artistar er meir kjende for ålmenta enn andre, men me garanterer for å gi deg fantastiske konsertopplevingar uansett kva band du ynskjer å få med deg. Ny utekonsertarena blir ved Stord Kulturhus og me gleder oss til å ta den i bruk. Stordfest er meir enn store artistar. Leirvik hamn vil bli fylt opp av Noregs flytande kulturskattar og nokre av verdas største seglskuter.

Busshaldeplassen i sentrum må vike plass for eigen marknadsplass og familieområde med masse underholdning og aktivitetar for store og små, piratar og landkrabbar. Stordfest er eit omdømeprosjekt og me håpar stordabuen og alle tilreisande ser fram til denne festhelga i slutten av juni. Me skal gjere vårt beste for å legge til rette for dykk, men det er de, gode publikum, som gjer festen mogleg.

Suksessen byrja i 2007, første Stordfest gjekk av stabelen og markerte 10-årsjubileet for Stord som by. Då me såg akterenden på skipa sigla ut frå Vikafle, og me kunne sjå attende på ei helg som var eit eventyr for oss alle, var talen klar – dette ville me gjerne ha i reprise. 2010 gjentok suksessen seg, og no står me framom Stordfest 2013. Det er bestilt fint ver, og med eit program spekka av høgdepunkt, er det berre å bu seg på ei helg ein seint vil gløyme. Ei rekke skuter frå fjern og nær, og artistar som får blodet til å bruse. I tre år er det blitt jobba i kulissene,

og dei siste vekene har det vore hektisk aktivitet for å få dei siste detaljene på plass. Heldige er me som har slike initiativtakarar i byen vår. Takk også til dei som tek sin del av dugnadsarbeidet denne helga. Ta del i arrangementet, då vil me kunne gle oss til ny Stordfest når me etterkvart vinkar den siste skuta ut frå hamna. God fornøyelse! Liv Kari Eskeland Ordførar i Stord

S t o r t a k k t i l v å r e s p o n s o r a r, samarbeids­partnarar, festival­leiing og frivillige som ser verdien av å bli med og skape ei super festivalhelg på øya vår. Hjartans velkomen til uforgløymelege dagar på Herlege Stordøy! Med ynskje om god vind! Haakon S. Vatle

Takk til sponsorane som gjer Stordfest 2013 mogleg:

ANSVARLEG REDAKTØR Jostein Sydnes GRAFISK DESIGN Espen M. Kvalheim, oktan stord TEKST Atle Berge, oktan stord Stordfest TRYKK Bladet Sunnhordland

Stord Hotell twitter.com/stordfest facebook.com/stordfest

www.stordfest.no

Leirvik Sentrum

Leirvik Sentrum

UTESTADANE I SENTRUM


Torsdag 27. juni UTESCENA KULTURHUSET

Loe Bjørnstad Trio plays Kate Bush 18.00

L’Angelus (US)

20.00

First Aid Kit (SE) 21.00

CC Cowboys 22.30

Fredag 28. juni UTESCENA KULTURHUSET

D’AccorD 19.00

Eva & The Heartmaker 20.00

Karpe Diem 21.00

Gogol Bordello (US) 22.30

DJ Stian Stratocaster 00.00–02.30 CLUB KULTURHUSET NB! TRANGT OM PLASSEN, FØRSTE MANN TIL MØLLA

Laurdag 29. juni UTESCENA KULTURHUSET

Yuma Sun 18.30

Storm Weather Shanty Choir 19.30

Kvelertak 21.00

Kaizers Orchestra 22.30

DJ Stian Stratocaster 00.00–02.30 CLUB KULTURHUSET NB! TRANGT OM PLASSEN, FØRSTE MANN TIL MØLLA

Karpe Diem klar for meir Stord-suksess I mars 2011 selde dei ut Arena på ein blunk, og i juni same år rappa dei for 4 000 i plateverkstaden på Kværner. No er Karpe Diem er klar for Stordfest. – Me gler oss til å koma tilbake, seier Chirag Rashmikant Patel som saman med Magdi Ytreeide Abdelmaguid utgjer rapduoen Karpe Diem. Chirag hugsar Kværner-konserten godt: – Det var stas å få sjå dei svære oljeriggane, og å få ha på industri­­arbeidarhjelm! KJENDIS PÅ DEN SUNNE MÅTEN

Chirag og Magdi platedebuterte i 2004 med Glasskår – eit album som låg seks veker på VG-lista og selde til gull. Duoen var med andre ord ikkje framand for suksess då det verkeleg tok av i 2010. For Aldri solgt en løgn (2010) fekk dei den gjeve tittelen «Årets spellemann», medan neste og til no siste plate Kors på halsen, Ti kniver i hjertet, Mor og Far i døden (2012) vart kåra til beste popalbum på årets Spellemann-utdeling. – Kvifor har det tatt så enormt av etter 2010? – Eigentleg har det vel skjedd gradvis, meiner Chirag. – Det trur eg er

– Me gler oss til å koma tilbake! chirag

sunt. Mange blir rikskjendis på to månader i eit eller anna TV-show. Det er ikkje alle som taklar det… SJELDEN RAPSUKSESS

Aldri solgt en løgn (2010) er det første hiphopalbummet som har kapra førsteplassen på VG-lista, og Karpe Diem er ei av få rap-grupper som er headlinerar på dei største festivalane. Ingen andre norske rapparar har heller klart å fylle Oslo Spektrum slik Chirag og Magdi gjorde i mars i år.

– Kva er det de gjer som andre rapparar ikkje får til? – Kvaliteten på live-showet har nok mykje å seie. Me har halde på i 13 år uten å bli mette, og invisterer mykje i showa våre. Chirag synest det er stor stas og ei ære å vere blant dei som får bandnamnet i størst font på festivalplakatane: – No gjer me alle dei fantastiske tinga me har tenkt på sidan me var små. Det var spesielt fint å avslutte Øyafestivalen. Samtidig er det eit stort ansvar å vere headliner. Faktisk så stort at vi vurderte å ringe festivalsjefen og trekke oss. Det gjorde dei heldigvis ikkje. Konserten fekk terningskast seks i alle dei største avisene, og vart ein magisk hiphopkveld som viste at festen er i trygge hender når Chirag tar med seg Magdi ut på hovudscena i Leirvik 28. juni.

28

Karpe Diem UTESCENA KULTURHUSET

KJØP FESTIVALPASS PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN ELLER POSTEN!

Storm Weather Shanty Choir

Valkyrien Allstars

Fenomenet frå Stord har konkurrert med Led Zeppelin og Rihanna på Itunes sin listetopp, turnert i heile Europa, Japan og USA, blitt invitert av ambassadar og vore på fleire av dei største festivalane i Noreg. Ikkje verst for eit kor frå Stord. Dette blir pur glede, skrikande allsong, og eit rockekor med storm i blodet og rom i støvlane.

Tre hardingfeler. Som erobrar Noreg og utlandet og spelar seg inn på alt frå hitlister via ambassadar til undergrunnsklubbar og konsertsalar. Høyrt det før? Vel, kanskje ikkje! Valkyrien Allstars har sidan oppstarten i 2005 vore heilt unike i norsk musikk, og har blitt ein attraksjon over store delar av verda. Vokalist Tuva Syvertsen er kjend frå Korslaget og Stjernekamp på TV.

UTESCENA KULTURHUSET LAURDAG 29. JUNI

UTESCENA KULTURHUSET TORSDAG 27. JUNI

3 STORDFEST 2013

Valkyrien Allstars

27.–30. JUNI

19.00


Ein Kaizer vender heim Eva & The ­Heartmaker

27.–30. JUNI

Det er allereie gått sju år sidan Eva Weel Skram, sammen med ektemann Thomas Stenersen plate­d ebuterte som Eva & The Heartmaker. Etter ein solid smakebit på 100Dagar i mars er bandet klar for Stordfest 2013. Singelen deira Joanna har vore A-lista på P1 heile våren. Me gler oss til eit herleg gjensyn med dei mange hitsa og det strålande bandet. UTESCENA KULTURHUSET FREDAG 28. JUNI

STORDFEST 2013

4

Janove Ottesen (38) var stordabu til han fylte eitt år. Det har ført til «eit lass med nachspieltilbod» når Kaizers Orchestra står for den musikalske avslutninga på Stordfest 29. juni.

Kvelertak Dei siste to og eit halvt åra har vore heilt eventyrlege for Kvelertak. Etter å ha levert det som mange meinte var årets beste norske album i 2010, og som av Asbjørn Slettemark ble omtala som ei «perfekt plate», har dei turnert land og strand her heime og sett store deler av verden saman med dei aller største banda innan rocken. Andreplata deira Meir som kom i vår er endå steg på veg mot rockehimmelen for Kvelertak. Like før dei kjem til Stordfest varmar dei opp for Kiss. Me ser fram til ein heftig og energifylt konsert! UTESCENA KULTURHUSET LAURDAG 29. JUNI

Fotoutstilling Stord fotoklubb har med utgangspunktet i «Herlege Stordøy» funne fram til mange vakre og varierte motiv frå øya vår. Bileta kjem du til å få sjå på utstillinga deira på konsertområdet og som postkort. Plukk med deg eit kort under festivalen.

Det begynte i Bergen: Rett etter tusenårsskiftet starta ein kompisgjeng frå Rogaland eit band som frå første slag på oljefatet var prega av ein uvanleg estetisk sjølvtillit. Tretten år etter har oljefat, gassmasker og ei original blandinga av sigøynarmusikk og rock, gjort Kaizers Orchestra til eit av dei største banda i norsk musikkhistorie. 14. september spelar Kaizers sin siste konsert i DNB Arena i Stavanger, men først skal dei altså til Stord, til øya vokalist Janove Ottesen vart fødd på.

Ottesten vil ikkje ut med kva låtar frå den omfangsrike discografien publikum kan vente seg på hovudscena 29. juni: – Det kjem ikkje alltid an på kva me spelar, men like mykje korleis me spelar det. Innstilling og haldning på kvar låt er viktigare enn å berre lire av seg Hjerteknuser utan å meine det.

FØRST BUSINESS, SÅ PLEASURE

– Betyr det noko ekstra å spele på Stord sidan du har røtene dine her? – Det betyr i alle fall eit lass med nachspiel­tilbod. Vorspieltilboda takkar me nei til. Først business, så pleasure. – Kva kan publikum vente seg når orkesteret går på scena på Stordfest? – Me har alltid lyst til å vere gode. Me kjem til å gjere alt me kan for å vere nettopp det. Gode.

– Me har alltid lyst til å vere gode.

– TRIST OG DEILIG

14. september spelar Kaizer Orchestra altså sin siste konsert i DNB Arena. Janove seier at det både blir trist og deilig, men understrekar at dei fleste i bandet har andre musikalske prosjekt på gong. Stordfest-journalisten foreslår at Ottesen-familien kan flytte tilbake til barndomsøya no som orkesteret tar pause. – Du kan kjøpe deg ein liten båt og sitte med beina på ripa og lese Sunnhordland? Forslaget viser seg å ikkje vere langt unna sanninga: – Dersom gamlingen kjøper hytte på øya, så har eg sagt at eg kjøper piano og ein liten båt til å trene seiling med, fortel Kaizeren.

29

janove ottesen

Kaizers Orchestra UTESCENA KULTURHUSET

Nytt konsertområde Stordfest flyttar konsertområdet til Stord Kulturhus. Nyt smakfull sushi frå Fengselet, nydeleg thaimat frå Soradas eller ein god pizza frå Pizzabakeren i

fantastiske omgjevnadar. Parken rundt Kulturhuset er den perfekte hangoutstaden mellom konsertane. DJ Stian Stratocaster spelar mellom konsertane.

Etter konsertane fredag og laurdag vert det afterparty inne i Kulturhuset. Gjer deg klar for tidenes fest!

FØLG OSS PÅ FACEBOOK.COM/STORDFEST


GOGOL BORDELLO (US)

Verdsstjerner og festløver

Gogol Bordello frå USA er verdskjende for sine heilt elleville konsertar med tunge balkanrytmar og ekstatiske publikummarar. Musikken deira kan minne om ein raskare og meir punka stil enn Kaizers Orchestra, og dersom du likar Kaizers Orchestra vil du garantert gå av hengslene når du høyrer Gogol Bordello live! Stord blir ikkje det samme etter dette bandet har gått av scena. Det blir garantert den store snakkisen under festivalen.Du treng ikkje kjenne ein låt for å hoppe til musikken deira. Til Stordfest kjem Gogol Bordello med tunge balkangrooves og eit solid mannskap på 24.

Gogol Bordello

L’Angelus (US)

Loe Bjørnstad

Yuma Sun

Tilbake! L’Angelus vart ein skikkeleg publikums­ fa­voritt sist dei vitja Stordfest i 2010. Cajunbandet L’Angelus frå USA består av fire søsken frå Nashville. Dei var festivalbandet under Stordfest 2010, og var seinast i Noreg under The Tall Ships Races 2011 Stavanger, der dei sjarmerte tusenvis av publikummarar til heftig dansbar musikk utført av fire genieærklerte musikalske søsken.

Loe Bjørnstad tok Stord publikummet med storm då dei tolka Kate Bush under Øyo festivalen i 2011. Konserten Don’t Push Your Foot On The Heartbrake/ Loe Bjørnstad tolkar Kate Bush får ein oppleve på ny under Stordfest den 27. juni. Dei tre søskena er alle kunstnera innan sine ulike områder og når dei slår seg saman får ein oppleva eit unikt uttrykk.

UTESCENA KULTURHUSET TORSDAG 27. JUNI

UTESCENA KULTURHUSET TORSDAG 27. JUNI

Dei store vinnarene av 100Dagar er klare for Stordfest 2013. Ein samstemt festivalbransje ønska at Yuma Sun skulle få bli Œrets vestlandssatsing. Det finnes få band her til lands som trakterer westernrocken like elegant som Yuma Sun fra Norges villeste vest, Bergen. Dei fem lovlause har sidan eit vellukka rømningsforsøk plyndra norske byar og publikum med rå energifylt karisma og sjarm utan grenser.

FIRST AID KIT (SE)

Suksessfull musikalsk førstehjelp I 2008 la Johanna og Klara Söderberg ut ein coverversjon av Fleet Foxessongen «Tiger Mountain Peasant Song» på You Tube. Fem år etter er dei to søstrene i First Aid Kit for tida det største bandet i Sverige og blant landet sine mest vellukka eksportvarer. Frå første YouTube-klipp har Söderberg-søstrene hatt ein klar identitet: Nydelege volkalharmoniar kombinert med country- og folkemusikkinspirerte melodiar. Duoen platedebuterte i 2010 med «The Big Black And The Blue», før dei i 2012 verkeleg vart superstjerner med «The Lion’s Roar» og monsterhiten «Emmylou». Andreplata var på dei fleste listene over

årets plater i 2012, og vart kåra til årets album på «Nordic music awards» med denne historiske grunngjevinga: For 150 år sidan vandra 1,2 millionar fattige svenskar til Amerika, og tok med seg felene og folkesongen sin. No er musikken tilbake. Dei unge søstrene Klara og Johanna Söderberg syng som englar i Amerika, vekkjer forfedrene sine til live. Det er med andre ord musikalsk førstehjelp av første klasse som kjem til Stord torsdag 27. juni.

27

First Aid Kit UTESCENA KULTURHUSET

UTESCENA KULTURHUSET LAURDAG 29. JUNI

CC COWBOYS

Cowboyen frå «Hver gang vi møtes» Med klassikarar som «Harry» og «Tigergutt» har CC Cowboys vore allemannseige sidan 1990-talet, men då vokalist Magnus Grønneberg i vinter var ein av sju artistar i TV2-hiten «Hver gang vi møtes», vart bandet på nytt hyperaktuelt. Grønneberg har kanskje norsk rock si mest karakteristiske stemme, og formidla tekstane til så ulike artistar som Ole Paus og Marion Ravn med ein intensitet som fekk tårene fram hos både artistkollegaar og tv-sjåarar. «Hver gang vi møtes» viste også kor sterkt låtmaterialet til Grønneberg og

KJØP FESTIVALPASS PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN ELLER POSTEN!

dei andre cowboyane er. Med strålande norskspråklege rockelinjer som «Vill, vakker og våt» og «Kanskje du behøver noen som trenger deg», ligg alt til rette for allsong frå første til siste låt når CC Cowboys avsluttar torsdagskvelden under Stordfest 27. juni.

27

CC Cowboys UTESCENA KULTURHUSET

27.–30. JUNI

UTESCENA KULTURHUSET

5 STORDFEST 2013

28


Buss

KAIEN

LE HM

KU

HL

Marknadsplass AA D

uset

FREDAG 28. JUNI Skutene kjem Marknadsplass 10–22

ST AT SR

Rådh

TORSDAG 27. JUNI Me ventar på skutene. Gratis inngang på marknads­ plassen 12–18

ek ut

Buss

NG

AN

G

CHS ØRIR SLT AIAN ND REAT DI CH

LAURDAG 29. JUNI Herlege Stordøy Marknadsplass 10–22

DIN HO VU

ILD

STORD KULTURHUS

SVANH

E MATHILD

andskaien

Sunnhordl

TORSDAG 27. JUNI Portane opnar kl. 17.00 Konsertområde stenger kl. 00.00

ING

Su

PR

EN

DO

LA

SE C

IFI

E

so

rte

N

R TO

OL

SC

on Sp lt rte

I RD

Ve nte k

STO

aie

n

so on Sp

INTERNAS

E AN XIT/ SP OR T TR

Politi Brann

RK

JONAL MA

Bytunet

h

KV

lt

RKNAD

1

LAURDAG 29. JUNI Portane opnar kl. 17.30 Konsertslutt k. 00.00 DJ Club til kl. 02.30

an dl or

nn

VER

FREDAG 28. JUNI Portane opnar kl. 17.30 Konsertslutt k. 00.00 DJ Club til kl. 02.30

ien

ka

ds

SER

RT

KNM HITRA

Notahaugs

NG

et

HO

VU

DI

NN

GA

M AT

M AT

H

FO

kaien

SE

RV

ER

IN

G

EX TRAN IT/ SPO

DJ

RV SE

2

ING

MERCH

VER

ER

IN

G

SER

NG

G

BO

BON

INNGA

rh us

SC

EN

E

NG

tu

STORDFEST 2013

Konsertområde

Ku l

27.–30. JUNI

Kjøp billett ved inngang kr. 100/50 (under 10 år) pr. dag

6

en

ai

ttr Na

USS

ARTISTB

USS

ARTISTB

ART

ISTO

MR

ÅD

E

NG GA T INN RTIS A

G AN IG NG LL IN RIVI F

Am

fi St ord

Familien Frivillig

Familien Johannesen får Stordfest til å gå rundt. Dei vil gjerne ha deg med på laget! Lisbeth og Per Vidar Johannesen jobba som Stordfestfrivillig både i 2007 og 2010, sonen Torgeir er i år med for første gong. – Eg er matansvarleg i år, fortel Per Vidar som skal ha med seg frivllig­ debutant Torgeir på laget. – Ansvaret mitt er å passe på at publikum, frivillige og artistar får seg noko å ete. Eg laga også mat første gong eg var med. I 2010 hadde eg ansvar for sceneskiftgjengen. Lisbeth fortel at ho tidlegare har vore «kulien» til Grethe Brask: – Eg

registrerte inn og ut dugnadsfolk og frivillige. I år har Lisbeth utvida ansvar, og samarbeidar med festivalleiinga om å få arrangementet til å gå knirkefritt: – Eg skal organisere vaktlister, i forkant, og i gjennomføringa på sjølve dagane, og telle dugnadstimar. Stordfest manglar framleis fri­villige, og frivilligfamilien anbe­falar andre å bli med. – Ja, bli med på festen! seier Torgeir. – Festivalpasset kjem godt med, og berre det å få hjelpe til med

at folkefesten går som den skal, er motivasjon for meg. – Ja, det er kjekt å vera ein del av heile settingen, seier Lisbeth. – Alle dei flotte folka, folkefesten. Eg er stolt av å få vera ein del av det heile! – Som Torgeir nemnde får alle frivillige gratis festivalpass, er det konsertar på årets Stordfest de ser spesielt fram til? – Kvelertak blir nok røft! seier Torgeir. – Og så får eg vel kjeft av vennegjengen viss eg ikkje seier Kaizers.

Lisbeth er ikkje heilt sikker på kor mykje ho får tid til mellom jobbinga, medan Per Vidar gler seg til Kaizers Orchestra og Gogol Bordello.

Bli med på laget! MELD DEG SOM FRIVILLIG PÅ STORDFEST.NO


«Herlege Stordøy Mellom Bakkar og Berg»

Festkonsert på kaien med Gullberg Jensen

1 Marknadsplass 2 Konsertarena Innganger

27.–30. JUNI

UTSIKTSPUNKT

STORDDØRA

Eivind Gullberg Jensen (over), Berte Rommetveit (øverst til høgre), Sigurd Sele og Mari Eriksmoen bidreg på allsong på kaien.

Til vanleg er han sjefsdirigent for Radiofilharmonien i Hannover. Men under Stordfest kjem Eivind Gullberg Jensen heim for å dirigere utekonsert på Leirvik kai.

Herlege Stordøy KAISCENA

ØY RD

ØY

RD

STO

29

STO

Med atterhald om endringar i kartet!

HER GE LE

skaien

Skotaberg

HER Lær deg Bli med på den store hendinga! teksten på Herlege Stordøy og Mellom bakkar og berg. Alle er med og syng første vers. Første verset blir repetert mot slutten av songen. Mellomversa blir sunge av solist. Her blir det «Pomp & Circumstances»! GE LE

LOYAL

SWAN UK

NE AF CAROLI ES SANDN

Stordfest er musikk og maritim kultur side om side. Når Sjøforsvarets musikkorps under leiing av Gullberg Jensen spelar konsert på Leirvik kai 29. juni, er legeringa mellom tonar og båtliv sterkare enn nokon gong. Repertoaret spenner frå Verdi, Brahms og Grieg til Bernstein og Bjørnstad. Det heile vert avslutta med allsong med Mellom Bakkar og berg og Herlege Stordøy. – I tillegg til Sjøforsvarets musik­ korps, er Mari Eriksmoen med som solist, fortel stjernedirigenten frå Kåravikjo. – Me får også med oss bl.a. Berte Rommetveit og Sigurd Sele. – Kva type musikk er det publikum kan vente seg? – Komponist Knut Vaage kjem til å lage eit arrangement med utgangs­ punkt i kjende songar som Mellom bakkar og berg og Herlege Stordøy. Det er heller ikkje utenkjeleg at me spelar noko av Grieg, og kanskje kjem det også smakebitar frå West Side Story som skal setjast opp på Moster Amfi sommaren 2014. Gullberg Jensen understrekar at det blir rikeleg med moglegheiter for allsong, og kryssar fingrane for godt vêr og mange songglade festivalgjestar: – Det blir ikkje kjekkare enn fest på kaien, veit du!

HERLEGE STORDØY (OLAV O. HOLDHUS)

MELLOM BAKKAR OG BERG (IVAR AASEN)

Herlege Stordøy, herlege Stordøy! Fager og fin millom fjordane blå Stig du or havet – bjart som ei solmøy, toppar og tindar mot skyene nå. Skogen han susar songen so lint: «Å, her er utifrå fagert og fint».

Mellom bakkar og berg ut med havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå deim.

Bygdi seg breider ven i frå sjøen, speglar seg av i det djupaste blå. Gardane logne ligg upp på bøen, sjølve so kan dei i djupni seg sjå. Kjærlege heimar – ljos yver liv, soli ho lyser og skuggane driv. Herlege Stordøy, segnrike strender, minne frå Håkon den Gode si tid. Inn i vår soga hev dine grender, skrive sitt namn i ein ærefull strid. Ransmann laut røma, Skrøya du batt, fridom du elska og fri stod du att.

Han såg ut på dei steinute strender; det var ingen som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eiga me rydningen trygt» Han såg ut på det bårute havet; der var ruskut å leggja ut på, men der leikade fisk ned i kavet, og den leiken, den ville han sjå. Mellom bakkar og berg ut med havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå deim. Og når liene grønkar som hagar, når det laver av blomar på strå, og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå.

KJØP FESTIVALPASS PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN ELLER POSTEN!

STORDFEST 2013

7


Skuter og skip KAIEN

Anløp av skipa FREDAG 28. JUNI 14.00–16.00

Eliasbåten tar turar med born FREDAG 28. JUNI 12.00–16.00 LAURDAG 29. JUNI 12.00–16.00

Sjørøvartur med S/S Christian Radich

27.–30. JUNI

LAURDAG 29. JUNI 10.00–13.00 LEDIGE BILLETTAR!

STORDFEST 2013

8

Ope skip på S/S Statsraad Lehmkuhl S/S Christian Radich LAURDAG 29. JUNI 14.00–15.00

Ope skip på S/S Statsraad Lehmkuhl S/S Christian Radich SUNDAG 30. JUNI 12.00–14.00

Utandørs gudsteneste på SS Statsraad Lehmkuhl

Frå Lerwick til Leirvik:

113 år gamal svane legg til kai Mange flotte skuter legg til kai i Leirvik under Stordfest, men nokre har ei meir imponerande historie enn andre. Med 113 år på sjøen, er seglskuta The Swan ei av dei.

SUNDAG 30. JUNI 11.00–12.00

KJØP BILLETTAR PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN ELLER POSTEN!

Swan vart sjøsett i mai 1900 på verftet Messrs Hay & Co i Lerwick på Shetland, og er med sine 67 fot framleis den største båten bygd i byen. Dei første 60 åra vart svana nytta til fiske, først og fremst sildefiske, før ho

på 1960-talet vart gjort om til husbåt i den engelske hamnebyen Grimsby. På 1980-talet hamna skuta i hendene på eigarar som ikkje tok vare på svana si, og båten sank ved fleire høve ved kaien grunna dårleg stell. I 1991 vart Swan flytta tilbake til Shetland, og 11. mai 1996 – 96 år etter at båten først vart sjøsatt – kunne den restaurerte skuta på nytt sjøsetjast i Lerwick hamn. Frå og med det har The Swan seilt som skuleskip både rundt Shetland, langs franskekysten og i norsk farvatn. Kjelde: www.swantrust.com

D/S Stord I jubilerer Veterandamp­skipet Stord I fyller 100 år i 2013. D/S Stord I vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1913, og gjekk i rutefart fram til 1969. Denne levande maritime kultur­skatten kallar fram minner fra ein over 100 årig epoke i rutebåttrafikken med dampskip på Vestlandet. I jubileumsåret for STORD I er ho eit naturleg midtpunkt ved hamna under Stordfest. Skipet vert liggjande ved kai ved marknadsplassen.

FØLG OSS PÅ FACEBOOK.COM/STORDFEST


ANDRE SKUTER DU KAN SJÅ UNDER STORDFEST 2013

Den har vore eit fast innslag på Stordfest i 2007 og 2010 og er i våre auge verdas vakraste skute. Vestlandets stolte skute er sjølvskriven gjest også ved Stordfest 2013.

Skuleskipet som seglar med lang norsk maritim tradisjon i segla, har vore på sjøen sidan 1937 og blir omtala som ei av dei vakraste fullriggarane i verda.

Prolific

Caroline

Svanhild

KNM Hitra

Prolific, kjend som pøbelskipet, vart bygd i 2005 som ein hyllest til dei gamle kutterane som segla på 1800talet. Skuta har eit klassisk design med ein moderne struktur.

Caroline, originalt namngjeven Trine, vart bygd i 1885 i Kristiansund. Fram til 1939 gjekk skuta for seil langs kysten med saltfisk, men set no kursen mot Leirvik.

Svanhild har heimehamn i Florø, og er ei 76 fot lang hardangerjakt, bygd i Surnadal på Nordmøre i 1889. Ho er i dag eit av dei mest autentisk restaurerte fartøya me har i Noreg.

Ubåtjagaren frå andre verdskrig var i 1943 brukt av Shetlandsgjengen, og har nok redda mange liv, både under krigen og i jobben som kystvakt og kystoppsyn. Båten vart restaurert her på Stord på Oma båtbyggeri i 1983, og er idag eit seilande museum.

Seladon

Mathilde

Nortun

Loyal

Seladon er ein to-mastra kutter på 58 fot, bygd i 1937. Dei fleste seglskutene er knytt til feminine verdiar, men Seladon er meir som ein gresk, maskulin gud, og namnet gir klare assosiasjonar.

Om sommaren seilar hardangerjakta Mathilde tokt langs kysten, ho set no kursen mot Leirvik og Stordfest2013.

Loggeren Nortun er ei fantastisk skute frå Stavanger, bygd på Nordseeverftet i Emden i 1905 for drivgarnsfiske etter sild.

Allereie då ho vart sjøsett, gjekk det gjetord om denne flotte skuta, og mellom sjøfolk fekk ho fort kjælenamnet «Kvitegaleasen».

ØNSKER DU Å LEIGE SKUTE, TA KONTAKT PÅ STORDFEST@STORDFEST.NO

9 STORDFEST 2013

S/S Statsraad Lehmkuhl S/S Christian Radich

27.–30. JUNI

LEDIGE BILLETTAR TIL SJØRØVARTOKT! KJØP PÅ BILLETTSERVICE


Marknadsplassen TORSDAG 27. JUNI 12.00–18.00 Boder og internasjonalt marked og serveringsområde. Me ventar på skutene. Gratis inngang på marknads­ plassen. FREDAG 28. JUNI 09.00–21.00 Boder og internasjonalt marked og serveringsområde.

27.–30. JUNI

LAURDAG 29. JUNI 09.00–21.00 Boder og internasjonalt marked og serveringsområde.

STORDFEST 2013

10

Kaiscena FREDAG 28. JUNI 09.00–10.00 Familie Bootcamp 10.00–11.00 Justin Bieber Tribute Dance Academy 12.00–13.00 Vennebyen Premiere på nytt show! 13.30–14.30 Familiebandet L’Angelus (US) 16.00–17.00 Brygga 11 v/meisterkokken Geir Skeie – for store og små 17.00–18.00 Maritimt vorspiel v/Jarle Andhøy og Alex Rosen

«Vis meg reilo di!» Då kunstnargruppa Puls inviterte stordabuarar til å vere med å pynte Stordfest med reiler, starta Sæ barnehage arkitektkontoret Arkitull. FRAM OG TILBAKE

Det er ikkje tilfeldig at det er reiler kunstnargruppa Puls ønskjer seg: «Mange av ungdommane på Stord har eit ambivalent forhold til øya, og eit sterkt ønske om å flytte vekk så snart dei blir gamle nok. Mange av dei som flyttar vekk, kjem derimot tilbake til Stord for å slå seg til ro,» skriv prosjektgruppa i ei pressemelding. Reilo er eit bilete på denne tendensen: «Du rører deg i ein bestemt rytme, i en puls. Fram og tilbake.» ARKITEKTKONTORET ARKITULL

Alle kan legge inn bilete av reilene sine på Facebook-sida «Vis meg reilo di!», men Sæ barnehage i Grindavikjo vart

18.00–19.00 Evolver 21.00–22.30 Familiebandet L’Angelus (US) spelar til dans LAURDAG 29. JUNI 09.00–10.00 Familie Bootcamp

Følg oss på Facebook: STORDFEST VIS MEG REILO DI

saman med andre lokale barnehagar spesielt invitert til å kome med forslag. – Eigentleg dreiv me på med eit anna prosjekt, men då me spurde ungane om dei ville lage reiler, tok dei heilt av, forklarer Torill B. Falk. Falk er overhovud i arkitektkontoret Arkitull. Ho forklarar at kontoret har gått systematisk fram i arbeidet med reilene: – Me har laga både tankekart og teikningar.

– Det beste med prosjektet er at ungane har sett kor mykje som er mogleg å få til dersom ein vil, meiner Falk. – Det er tydeleg at prosjektet har opna nye moglegheiter for dei. Dei vakraste, raraste og mest imponerande eksemplara av reilene vil kunstnargruppa Puls presentera under Stordfest.

«RULLESTOLREILO»

Magne Kjellesvik

Ungane viser ivrig fram reilene som er hengt opp i skogen ved barnehagen i Grindavikjo. – Favorittreilo vår er «Kitla i magen», fortel Linea (6) og Aksel (5). Reilo med det svært talande namnet er ei slengsdisse med ei bøye i enden. I skogen heng også ein gullfarga rullestol. Det er stor rift om å få vere den som skal sitje på «Rullestolreilo» når fotografen tar bilete.

AKVARELL

20 år sidan siste separatutstilling på Stord! Opning ved Otto Ersland. GALLERI GIGA TORSDAG 27. JUNI KL 16.30

10.00–11.00 Dansetime med Kulturskulen 11.00–12.00 Kortime Stord Ungdomskor/Corona 14.00–15.00 Herlege Stordøy v/Eivind Gullberg Jensen, m.fl. ALLSONG av «Mellom Bakkar og Berg» og «Herlege Stordøy» 16.30–17.00 Sjørøvar show for borna 17.00–18.00 Maritimt vorspiel v/Guttene, allsong og r­ øvarhistoriar 18.00–19.00 Orgelfall 21.00–22.30 Familiebandet L’Angelus (US) spelar til dans

KJØP BILLETT VED INNGANG KR. 100/50 (UNDER 10 ÅR) PR. DAG

Dansarar varmar opp til Stordfest2013 Magdalena F. Delis og Stordfest sitt eige danseensemble «Justin Bieber Dance Academy Tribute» stiller på Stordfest for å lære publikum Justin Bieber-koreografi. Dansarane er også

med på skattejakt når sjørøvarane leia av Torill B. Falk og Cathrine B. Eriksen kaprar Christian Radich og legg frå kai i Leirvik laurdag kl. 10.00, og på sjørøvarshowet same dag.

KAISCENA 28. JUNI KL. 10.00 29. JUNI KL. 10.00 OG KL. 16.30


Andre aktivitetar som fyller hamna med glede under Stordfest2013 INTERNASJONAL MARKNAD

CAOS

Under Stordfest blir sentrum forvandla til ein internasjonal marknad der du kan oppleve spennande smakar og luktar frå heile verda, kjøpe kunsthandtverk, brukskunst og mykje meir.

Kunstnargruppa CAOS vart danna i 2012 og består av tre kunstnarar og ein kunstformidlar som alle har bakgrunn frå det skandinaviske seglskipsmiljøet. Under Stordfest stiller dei ut måleri, teikningar, foto og keramik.

­ nimasjonsfilmane om Vennebyen er A seld til 185 land. Under Stordfest kjem Apa, Ted og Elfie til Leirvik med eit flunkande nytt show! Showet heiter «Verdens beste venner» og er eit underhaldande musikalsk show som tek føre seg venskap og samarbeid med humor og glimt i auga. Her kan store og små vera med å synga og dansa til Vennebyen sine kjende songar, samstundes som dei lærer gode verdiar av bestevenene Apa, Ted og Elfie.

Vennebyen sine tidlegare show har blitt sett av over 35 000 menneske og med det nye showet «Verdens beste venner» gler me oss til å underhalda både nye og gamle vener over heile landet, fortel skaparen av Vennebyen, Carl Christian Hamre.

KAISCENA 28. JUNI KL. 12.00

Elias-båten Du har nok sett tv-serien om Elias og dei andre båtvennane hans? Rednings­ selskapet sin eigen Elias-båt kjem til Stordfest, og du kan få sitje på!

Instruktørar frå Sport-Treff serverer fredag og laurdag eit variert treningsprogram for alle former i alle aldrar. Ein perfekt start på dagen frå kl. 09.00 ved scena på kaien. SJØRØVARSHOW

Laurdag vert det sjørøvarshow for dei yngste på kaiscena. Hiv og hoi og pass på skattane dine når dei seks sjørøvarane legg til kai kl. 16.30! BRYGGA 11 OG GEIR SKEIE

Geir Skeie presenterer spennande kjøkkentips for store og små på fredagen. DANSE- OG KORTIME

Lokale dansegrupper og kor kjem til å spre glede og presenterar delar av repertoaret sitt på kaien fredag og laurdag. Corona og Stord Ungdomskor er blant dei som kjem. HISTORISK VANDRING

KAIEN FREDAG OG LAURDAG

SJÅ OPP FOR! Det vert innslag i gatene kvar dag på festivalområdet. Sjå opp for gatepiratar og Max Normal!

Laurdag kl. 10.00 har du mogleg­ heit til å vere med på ulike historiske vandringar. Det vert byvandring og vandring til Gu l l b e r g . D e s s e t u r a n e h a r avgrensa plassar, meld deg på til pamelding@stordfest.no for ei unik og innhaldsrik oppleving.

EVOLVER

Evolver er på trappene med ny EP som vert sluppen i løpet av sommaren. Deira solide opptreden under 100 Dagar både i 2012 og 2013 har gjort at bookingsjef for Hovefestivalen, Toffen Gunnulfsen, har kome med lovord om den unge gjengen. Allereie i 2011 varma dei opp for sjølvaste Karpe Diem då dei spelte på Stord. Dette er funky og variert musikk med høg kvalitet. ORGELFALL

Orgelfall har allereie sluppe sin EP og hadde ein strålande sleppefest på Arena berre for ein månad sidan. Med medlemmer frå heile Sunnhordland og med ulike bakgrunnar er Orgelfall blitt ein skikkeleg smeltedigel av musikalske innfallsvinklar med det felles at dei ønsker å lage god fengande musikk og elleville liveopplevingar for publikum. EKSKLUSIV TUR TIL GRUO MED VETERANBUSS

Meld deg på denne ekslusive og unike turen tilbake i tid. Med veteranbuss til Gruvene på Litlabø får du høyra historiar frå korleis ting var før og oppleva dei unike Gruvene våre. Få plassar! Laurdag kl. 10 -13 Meld interesse til pamelding@stordfest.no

Berserk på Stordfest Dei har reist verda rundt og gjort ting me berre drøymer om. No tek Alex Rosen og Jarle Andhøy turen til Stordfest og held eit ekte maritimt vorspiel med mykje humor og glede. Dei moderne folkepiratane Jarle Andhøy og Alex Rosén vitjar Stordfest! Folkekjær og kontroversiell er to ord ein ikkje ofte høyrer saman, men om Jarle Andhøy og Alex Rosén er det nok beskrivande. Med mot og humor har desse to villstyringane vokse seg inn i nordmenn sine hjarter. Felles for dei begge er deira stadige jakt på nye utfordringar og den utrulege evna til å møte alle moglege folk med samme ekte interesse og begeistring. Dei snakkar rett frå hjarta og har ein sjeldan innleving for det dei held

Jarle Andhøy.

på med. På Stordfest får du oppleve desse to vaske-ekte moderne piratane frå kaiscenen fredag 28. juni akkurat i det dei mange fantastiske skutene har lagt til kai i Leirvik Hamn. Ei heilt rett ramme for eit vidunderleg heilsprøtt maritimt vorspiel under Stordfest 2013.

KAISCENA 28. JUNI KL. 17.00–18.00 Alex Rosén.

27.–30. JUNI

PREMIERE!

11 STORDFEST 2013

FAMILY BOOT CAMP


UTESCENA KULTURHUSET  TORSDAG 27. JUNI

FREDAG 28. JUNI

LAURDAG 29. JUNI

18.00 Loe Bjørnstad 19.00 L’Angelus (US) 20.00 Valkyrian Allstars 21.00 First Aid Kit (SE) 22.30 CC Cowboys

19.00 D’AccorD 20.00 Eva & The Heartmaker 21.00 Karpe Diem 22.30 Gogol Bordello (US)

18.30 Yuma Sun 19.30 Storm Weather Shanty Choir 21.00 Kvelertak 22.30 Kaizers Orchestra SPAR KR 600,-

KJØP FESTIVALPASS NO! MARKNADSPLASSEN  TORSDAG 27. JUNI

FREDAG 28. JUNI

LAURDAG 29. JUNI

10.00 Open marknadsplass med boder, internasjonal marknad (med bl.a. Paella, oliven, ost, pølser, med meir) og serveringsområde. Ope for alle på marknads­plassen. Sceneunderhaldninga startar fredag

09.00 Marknadsplassen opnar med kulturelle innslag, sponsortelt, boder, internasjonal marknad og serveringsområde.

09.00 Marknadsplassen opnar med kulturelle innslag, sponsortelt, boder, internasjonal marknad og serveringsområde.

09.00 Familie Bootcamp

09.00 Familie Bootcamp

10.00 Justin Bieber Tribute Dance Academy

10.00 Dansetime med Kulturskulen

22.00 Stengt

12.00 Vennebyen (premiere på nytt show 13.30 Familiebandet L’Angelus (US) 14.30 Anløp av skutene

SUNDAG 30. JUNI 10.00 Open marknadsplass med boder og internasjonal marknad (med bl.a. Paella, oliven, ost, pølser, med meir) 14.00 Stengt

16.00 Brygga 11 v/meisterkokken Geir Skeie – for store og små 17.00 Maritimt vorspiel v/Jarle Andhøy og Alex Rosen – røvarhistoriar frå Berserk, m.m 18.00 Evolver Kjøp billett ved inngang kr. 100/50 (under 10 år) pr. dag

11.00 Kortime Stord Ungdomskor/Corona 15.00 Konsert v/Eivind Gullberg Jensen, Sjøforsvarets Musikkorps, Mari Eriksmoen, Berte Rommetveit, Sigurd Sele, ALLSONG av «Mellom Bakkar og Berg» og «Herlege Stordøy». Ordføraren opnar konserten 16.30 Sjørøvar show for borna 17.00 Maritimt vorspiel v/Guttene, allsong og røvarhistoriar frå Bergens beste showmakere 18.00 Orgelfall Kjøp billett ved inngang kr. 100/50 (under 10 år) pr. dag

SKUTENE  TORSDAG 27. JUNI

FREDAG 28. JUNI

LAURDAG 29. JUNI

SUNDAG 30. JUNI

10.00 Ankomst S/S Statsraad Lehmkuhl

14.00 Bli med og ta i mot skutene!

10.00 Sjørøvartur S/S Christian Radich

11.00 Utandørs gudsteneste S/S Statsraad Lehmkuhl

17.00 Skjergardstur S/S Statsraad Lehmkuhl (fullbooka)

16.00 Skuter på skjergardstur

14.00 Ope skip på S/S Christian Radich og S/S Statsraad Lehmkuhl

12.00 Ope skip på S/S Christian Radich og S/S Statsraad Lehmkuhl

Sjå oppdatert program, nyhende og informasjon på www.stordfest.no Me tek atterhald om endringar i programmet.

Følg oss på Facebook!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.