WEST SIDE STORY JEROME ROBBINS ARTHUR LAURENTS MUSIKK TEKSTAR AV LEONARD BERNSTEIN AV STEPHEN SONDHEIM ORIGINALPRODUKSJONEN KOREOGRAFERT AV JEROME ROBBINS DENNE PRODUKSJONEN ER LISENSIERT I NOREG AV JOSEF WEINBERGER LTD PÅ VEGNE AV MUSIC THEATRE I NEW YORK REGISSØR / DIRIGENT KOREOGRAF LISA KENT HÅKON BERGE SCENOGRAF/ KOSTYMEDESIGNER INGEBORG KVAMME PRODUSENT KJELL ARNE RØKSUND BASERT PÅ EI OMARBEIDING AV
ETTER EI BOK AV
PREMIERE I MOSTER AMFI 6. AUGUST 2014 www.westsidestory2014.no
Kjære publikum! Velkomen til Moster Amfi og West Side Story! Det er langt frå Manhattan til Moster, men i Bømlo Teater er alt mogleg. Det er ikkje få dugnadstimar som er lagt ned for at me her kan presentera 50 talets New York i Nord-Europas vakraste og mest intime utescene. Me siktar høgt – og satsar stort! For oss er mottoet “ingenting er umogeleg, det umogeleg tek berre litt lenger tid” ei viktig ledestjerne. Ei 40 årig teaterhistorie på Bømlo, og over 15 år med musikalar i Moster Amfi har gjeve Bømlo Teater ein unik kompetanse og pågangsmot. Store produksjonar i amfiet gjer oss til eit teater for heile Sunnhordlandsregionen. Dette er me sjølvsagt stolte av, men ikkje mindre audmjuk for den posisjonen me har skaffa oss. Me veit at ingenting utviklar seg utan gode støttespelarar som bidreg både med si tid, kompetanse og økonomiske ressursar. Eg ser med takknemleg begeistring på dei som prioriterar vekk oppspart ferie for at de skal få oppleve magiske netter i Moster Amfi! Kommune, fylkeskommune og sterke representantar for vårt lokale næringsliv gjev oss óg eit uvurderleg økonomisk grunnlag. Eg er stolt av vår West Side Story! Takknemleg for alle som har bidrege på og bak scenen for å få dette til. Dei gjev alt for at du skal få ei fin oppleving. For du veit det sikkert ? utan deg og dei andre i benkeradene i kveld, ville dette blitt ei heller tam forestilling. Varmt velkommen skal du vera! Helsing Linda Hellen Styreleiar i Bømlo Teater
West Side Story, musikalen som har alt! Bømlo Teater har vidareført arven etter Bømlo Musikallaug sine mange år med musikalar i Moster Amfi, og me har igjen gleda av å få presentera ein ny verdskjend musikal i vårt praktfulle amfiteater. West Side Story er ein av dei mest spelte og mest sette musikalane verda over, og er den som inneheld alt. Med fantastisk musikk og dans, kjærleik og action, gler me oss til å ta dykk med til 50 –talets New York, og til å formidle denne historia i norsk drakt og med norsk tekst. Forestillinga er ein av våre største produksjonar til no, der me på ny blandar idealisme og visjonar med talent og kreativitet. Ei unik scene, gode samarbeidspartnarar og dei beste aktørane skapar i lag store opplevingar, men grunnsteinen vår er som alltid det store dugnadskorpset som har opplevinga som si einaste løn. Bømlo Teater er eit svært aktivt teater med mange eldsjeler. Me er ekstra stolte av at me i år kan presentera totalt 11 framsyningar av WSS i vårt vakre amfiteater. Velkomne skal de vera! Helsing Kjell Arne Røksund Produsent
West Side Story hadde premiere i New York i 1957, og er skapt av Leonard
Bernstein (musikk), Stephen Sondheim (songtekstar), Arthur Laurents (manus) og Jerome Robins (dramatisering og koreografi). Handlinga er ei fri tolking av Shakespeares Romeo og Julie, og handlar om dei to rivaliserande gjengane Sharks og Jets på vestsida av Manhattan, der umogeleg kjærleik mellom Maria og Tony endar på tragisk vis. Tony har trekt seg ut av gjengen Jets, men blir teken inn att av kameraten Riff. På ei dansetilstelling møter han Maria, søster til Sharks-leiaren Bernardo. Tony og Maria forelskar seg momentant, men hamnar midt i konflikten mellom Jets og Sharks. Medan dei to elskande møtest i løynd, førebur gjengane ein siste kamp som skal gjera slutt på all vald mellom dei. Musikalen vart svært kjend for den utstrakte bruken av dans som forteljande element, samt for den tragiske slutten som skil den frå andre amerikanske skodespel og filmar frå same tid. Songar som Somewhere og America er klassikarar frå West Side Story. Musikalen vart etter urpremieren i 1957 framført i sin opphavelege versjon heile 732 gonger. Suksessen førte til fleire nye produksjonar i London, ein landsomfattande turné i USA og ein filmversjon som vann 10 Oscarprisar. Seinare er musikalen satt opp utallege gonger over heile verda og oversett til tolv språk. Urpremieren i Noreg var i 1962 på den Norske Opera (Folketeateret), men då på engelsk. Første gong musikalen vart framført på norsk (nynorsk) var i 1965 på Det Norske Teateret. Han vart sett opp på Oslo Nye Teater i 2006 og Kilden Teater- og Konserthus i 2012.
Regissør/koreograf: Lisa Kent
Piano: Torgeir Koppang
Musikalsk leiar: Håkon Berge
Piano/synth: Knut Aabø
Scenograf/kostymedesigner: Ingeborg Kvamme
Fiolin: Senja Hawken
Lysdesigner: Trygve Andersen
Fiolin: Gunvald Ottesen
Lyddesigner: Lasse Eriksen
Fiolin: Oda Habbestad
Maskør: May Liss Larsen/Cecilia R. Thormodssæter
Cello: Werner Bryn
Scenekampinstruktør: Søren Poppel
Kontrabass: Jan Mathiasson
Graffiti-dekor: Bergen Graffiti v/Dake & Azyl
Fløyter: Bjørnar Habbestad Fagott: Corinne Camillo
Koreografassistent: Sharron Roberts
Treblås: Arild Stav
Regiassistent: Nina Sele
Treblås: Jan Kåre Hystad
Kostymedesignerassistent: Freya Busby
Treblås: Michael Barnes
Manusadaptasjon: Runa Våge Krukhaug
Horn: Brit Johnsrud Trompet: Marius Haltli
Inspisient: Nina Ruud
Trompet: Anne Marit Harbek
Scenemeister/teknisk sjef: Sigurd Lars Haldorsen
Trombone: Even Kruse Skatrud
Teknisk konsulent: Finn Bakke og Tore Alvsvåg
Gitar: Joakim Vikanes
Teknisk teikning: Vidar Vedå
Perkusjon: Bjørn Christian Svarstad
Byggeleiar: Joachim Mathiassen
Slagverk: Erik Smith
Sjaueleiar: Torbjørn Hammersland Handtverkarar/sceneteknikarar: Øystein Gjerde, Nils Himle, Asgeir Totland, Per Torsvik, Sigurd Bråthen, Martin Vika, Tore Alvsvåg, John Olav Habbestad, Steinar Halleraker, Vegard Mathiassen, Bjørnar Solås Leiar systove: Ingrid Fylkesnes Systove: Aud Lægreid, Marta Kolstø, Målfrid Aga, Wenche Landmark Steinsbø, Marie Habbestad, Aud Jorunn Mjånes Rekvisitør: Renate Torvund Hamre/Martha Kristensen Sminkørar/frisørar: Cecilie Grønås, Oddbjørg Steinsland, Alida Steinsland, Marte Hellen, Katrine R. Hovland, Hanne M. Larssen, Anita Nedrebø, Kristin Alfsvåg, Kristine Stokkvik Repetitør: Torgeir Koppang/Petter Kragstad, Trond Lindheim/Bendik Eide Podieinspisient: Silje K. Alvsvåg Produksjonsassistent/myggansvarleg: Gunn Lægreid Haldorsen Dansekaptein: Stacey Ayana Rasch-Olsen Scenekampkaptein: Henry Alarcon
Produsent: Kjell Arne Røksund Produsent-assistent/dagleg leiar Bømlo Teater: Brynjar Stautland Produksjonsleiar: Maren Laurhammar Gilje Produksjonsleiarassistent: Maria Lægreid Haldorsen Bevertningsansvarleg: Trine Vangen Innkvarteringsansvarleg: Unni Seim Vertskap: Jofrid Østensen Landmark og Sissel Johannesen Velferdssjef: Geir Ersland Marknadssjef: Brynjar Stautland Personalansvarlege: Cathrine Nesse Aakre og Linda Hellen Sanitetslag: Torhild Taraldsøy, Jannecke Torkelsen, Mette N. Hansen, Heine Hillesvik Valvatna Takk til Torleif og Sunniva Stokke for karateworkshop.
Ein stad - Finst eit rom for oss, ďŹ nst tid og rom for oss.
Hald mi hand, og eg leier vart. Hald mi hand, og vi er der snart. Ein dag. Ein gong.
Ein stad!
Lisa Kent er ein britisk teaterregissør og koreograf, som stadig har glede av ein spennande og variert teaterkarriere innan dans, opera, teater og musikalar. Lisa føler seg privilegert som har arbeidd, ikkje berre i sitt heimland England, men óg i Sør-Afrika, Tyskland, Danmark, Noreg, Austerrike, Canada og USA. Som koreograf samarbeidde Lisa over ein lang periode med The New Shakespeare Company, Open Air Theatre, London der ho koreograferte The Music Man, Paint Your Wagon, Kiss Me Kate, A Funny Thing Happened On The Way To The Forum og Gentlemen Prefer Blondes. Ho regisserte Royal Gala si gjenopning av Shakespeare’s Globe Theatre og koreograferte New Edna the Spectacle med Dame Edna Everage ved Haymarket Theatre, London, samt London Palladium sin produksjon av Scrooge med Tommy Steele og USA-turnéen av same produksjon med Richard Chamberlain i hovudrolla. Ho har regissert mange pantomimeframsyningar i Storbritannia, mellom anna Peter Pan ved Theatre Royal, Plymouth, Snow White ved Manchester Opera House og Mother Goose, Chichester Festival Theatre. I Wien koreograferte Lisa ein danse/teaterframsyning av Mozart sitt Requiem ved Schönbrunn-palasset og regisserte Massanet sin opera Cherubin for Wien sin Kammer Opera. I Danmark har Lisa regissert/koreografert Me and My Girl, Crazy for You, Broadway Pirates of Penzance, Miss Saigon og Be Bop A Lula ved Aarhus Teater. Andre danske produksjonar er Grease, High School Musical, og ved Det Ny Teater i København, den første danske produksjon av Beauty and the Beast, The Producers, Wicked, Mary Poppins i tillegg til produksjonar som The King and I, Les Misérables og Singin’ In The Rain. Ved Den Nationale Scene i Bergen har ho regissert/koreografert Les Misérables og La Cage Aux Folles, ved Nationaltheatret i Oslo Folk og røvere i Kardemomme By, og nyleg Evita, Carmen og Les Misérables ved Kilden Teater- og Konserthus. Sistnemnde i samarbeid med Sandnes kulturhus og Festiviteten i Haugesund. I Moster Amfi har Lisa tidlegare regissert og koreografert Miss Saigon og Musikalske Høgdepunkt. Håkon Berge musikalsk leiar og dirigent. I Håkon Berge har me Noregs beste musikaldirigent som orkesterleiar. Han er utdanna ved Rogaland Musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole, og har gjort ei rekkje oppsetjingar ved Rogaland Teater, Den Nationale Scene, Nationaltheatret samt for NRK. Han har skrive ei rekkje bestillingsverk, m.a. til opninga av Biblioteket i Alexandria og Nobels Fredssenter i Oslo. Berge skreiv òg musikken til dokumusikalen Byterminalen i forbindelse med Stavanger2008. Han har hatt ei rekke verv i norsk musikkliv, m.a formannsvervet i Norsk Komponistforening og styreleiar i TONO. Ingeborg Kvamme scenograf og kostymedesigner. Ingeborg Kvamme er utdanna scenograf og kostymedesignar i New York, og er busett på Halsnøy. Ho har lang fartstid frå filmbransjen og fekk Amandaprisen for scenografi til filmen Isslottet. Som scenograf for teater har Ingeborg Kvamme hatt oppgåver ved dei aller fleste store norske teaterhus, og har m.a. motteke Pernilleprisen for sitt arbeid på Den Nationale Scene. I dei seinere åra har ho arbeidd med produksjonar som Peer Gynt i Egypt (2006), Opningsgallaen på Den Norske Opera & Ballett, Panikk i kulissene, Mascarade, La Cage aux Folles m.fl, filmen Kompani Orheim og Les Misérables i Sandnes kulturhus, Festiviteten i Haugesund og Kilden Teater- og Konserthus i Kristiansand.
Nina Hammarklev
Ole Morten Velde
Samuel Brandt
Solveig Andsnes
Pål Jensen
Espen Hana
Sigurd Sele
Geir Ersland
Simen Gloppen
Sivert Hauge
Ave Granli Johnsen
Kristoffer Grua Pedersen
Atle Solberg
Sindre Bjørke Høyang
Olav Børreson Fossdal
Anita Myhre
Christel Blunck
Caroline Glomnes Johansen
Cecilie Marjatta Välinen
Gundelie Waage Nøstbakken
Veslemøy Flotve
Maria Grindheim
Margareth Wiik
Jenny Larsen
Maren Edvardsen
Emma Rolfsnes Sele
Miguel-Angel Fernandez
Henry Alarcon
Jon Torger Storsnes
Finn Arne Ottesen
Mikkel Gythfeldt
Marius Vik
Sondre Landvik
Stacey Ayana Rasch-Olsen
Tonje Bakken Kvasbø
Benedicte Barra
Anette Lauenborg Waaler
Karen Bernardino
Vilde Stokke
Mathilde Sele
Nina Sele
Nina Hammarklev (MARIA) er musikalartist og dansar frå Sverige med familie på Vestlandet. Ho har utdanning frå Balettakademien i Gøteborg, og har hatt hovudroller i musikalar som My Fair Lady, Peer Gynt, Les Misérables (Oslo Nye Teater) og Mamma Mia! (Cirkus Stockholm) samt medverka i West Side Story på Gøteborgsoperaen. Ole Morten Velde (TONY) er oppvaksen på Karmøy. Han starta si musikkutdanning på Griegakademiet i Bergen og fortsette i 2008 ved Konservatoriet i København. Sommaren 2013 fullførte Ole Morten eit tre års operastudium ved den Kongelege Opera i København, der han også gjorde sin debut i 2013 som Remendado i Carmen. Samuel Brandt (RIFF) har spela i musikalar som Evita, Fame the Musical, Jesus Christ Superstar, Skønheden og Udyret, We will rock You, Spelemann på taket, West Side Story og Les Miserables. Har dansa i den svenske Melodifestivalen og gjort show for 2Entertain. Solveig Andsnes (ANITA). Karmøyjenta er utdanna ved Ballettpedagoglinja v/Høgskolen i Stavanger samt Steps on Broadway. Ho har medvirka i fleire musikalar ved norske teaterhus, og spela den kvinnelege hovudrolla i Mostraspelet (Vigdis) i 2012. Pål Jensen (BERNARDO), er utdanna musikalartist ved Balettakademien i Göteborg, samt Bårdar Akademiet i Oslo. Har jobba innog utland som dansar, songar og showartist, m.a. High School Musical, Evita, La Cage aux Folles og Les Miserables. Espen Hana (SCHRANK) er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og er tilsett ved Rogaland Teater. Han har lang erfaring frå teater-, film og musikalar, og var med både i Chess og Musikalske Høgdepunkt i Amfiet. Espen er òg tekstforfattar, komponist og songar. Sigurd Sele (DOC) er bømling og nærast oppvaksen i Moster Amfi. Han har vore freelance skodespelar og songar dei siste femten åra, og har markert seg som musikalartist på mange av landets teaterscenar. Sigurd er ei søyle i den sterke musikaltradisjonen på Bømlo. Geir Ersland (KRUPKE) er ein aktiv amatørskodespelar med lang fartstid i Bømlo Teater og andre teatergrupper i regionen. Geir er til dagleg førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi v/UiB. Simen Gloppen (ICE) er utdanna skodespelar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og Bårdar Akademiet. Simen har medverka i fleire musikalar, og er songar i a cappellagruppa The Monday People. Sivert Hauge (ACTION) gjekk som barn i Ballettskolen Sandefjord. Utdanna ved Balettakademien i Göteborg, og har arbeidd i ei rekke store oppsetjingar i Norge og Sverige. Ave Granli Johnsen (A-RAB) er utdanna ved Bårdar Akademiet og har ein Bachelor i dans frå The Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA). Han har medverka i fleire musikalar, show og tv-program, og har jobba som koreograf og showartist i utlandet. Kristoffer Grua Pedersen (BABY JOHN) er utdanna ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo og Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag. “West Side Story” er Kristoffer si første store oppsetjing. Atle Solberg (DIESEL) er utdanna ved Bårdar Akademiet og KhiO. Han har jobba på Operaen i tidsrommet 2004-2014, samt medverka i musikalar som Cats, Spamelot, A Chorus Line.
Medverka i den prislønte kortfilmen “Blikkfang”. Blir å sjå i Billy Elliott hausten 2014. Sindre Bjørke Høyang (BIG DEAL) var ferdig utdanna frå Bårdar Akademiet våren 2014. Sommaren 2013 mottok Sindre stipend til Jacob’s Pillow i Massachusetts, der han fekk studere musikaldans med nokre av Broadway’s fremste koreografar. Olav Børreson Fossdal (GEE-TAR) er elev v/ Stord vgs, Musikklinja med gitar som hovudinstrument. Har vore med i fleire barne- og ungdomsteateroppsetjingar på Stord og Bømlo. Anita Myhre (ANYBODY’S), frå Stord. Har gått Romerike Folkehøgskole og Musikkteaterhøgskolen i Oslo. Har delteke i fleire show-, film- og musikalproduksjonar. Christel Blunck (GRAZIELLA) er utdanna ved Balettakademien i Gøteborg. Ho har medverka i ei rekke musikalar i Noreg og Sverige. Christel har òg satt opp eigne framsyningar og er den norske røysta til Disneys Kim Possible. Caroline Glomnes Johansen (VELMA) er utdanna ved musikallinjen ved Balettakademien i Göteborg. Har medverka i oppsetjingar i Norden, m.a. Wicked, Evita og A Chorus Line. Til hausten er ho å sjå som Camilla Holmen i Hotel Cæsar. Cecilie Marjatta Välinen (MINNIE) er utdanna ved Bårdar Akademiet og har bachelorgrad i dans frå Universitetet i Stavanger. Ho har tidlegare medverka i ei rekke musikalar, m.a. Oliver!, og The Sound of Music. Er koreografassistent på Billy Elliott på Folketeateret 2014. Gundelie Waage Nøstbakken (PAULINE) er frå Moster. Tidlegare elev ved Bømlo Kulturskule, no lærarstudent. Har vore elev og stipendiat ved Danselinja på Sunnfjord Folkehøgskule, og er no dansar i Terpsichore Dansekompani. Veslemøy Flotve (JEAN), stordabu med erfaring frå dans og kultur på Stord. Går no Danselinja ved Skeisvang vgs, og har ambisjonar innan koreografi og samtidsdans. Maria Grindheim (SHEILA). Mostrajente som har vore med i fleire av Bømlo Teater/Bømlo Musikallaug sine oppsetjingar. Har studert pedagogikk og danseteater i København, samt gått Skolen for Samtidsdans i Oslo. Margareth Wiik (CLARICE) er nyutdanna ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo. Under utdanning har ho medverka i Czardasfyrstinnen på Folketeateret og danseframsyninga Utfor Stupet. Margareth medverka i Musical Highlights i 2011. Jenny Larsen (SUSIE), frå Bømlo. Har gått Musikklinja v/Stord vgs og har solid erfaring frå Bømlos teaterliv. Spelte Simon Zeloten i Stord vgs si oppsetjing Jesus Crist Superstar (2014). Maren Edvardsen (NANCY) frå Stord. Går på musikklinja ved Stord Vgs. og har fartstid frå kulturskulen. Spelte Maria Magdalena i Stord vgs si oppsetjing av Jesus Christ Superstar. Emma Rolfsnes Sele (DEBRA) bømlajente som komande haust byrjar ved Musikklinja ved Stord vgs med song som hovudinstrument. Oppvaksen i scene- og kulturmiljøet på Bømlo. Miguel-Angel Fernandez (CHINO) er freelance musikalartist og koreograf. Har gjort musikalar og show i bl.a. Nationaltheatret, Stadsteatern i Gøteborg, Ettlingen - Tyskland, og Kilden i Kristiansand. Har tidlegare vore med oss i musikalar i Moster Amfi.
Henry Alarcon (PEPE + scenekampkaptein) har musikalutdanning frå Balettakademien i Stockholm. Har turnert i Spania, gjort musikal i Norge, dinnershow i Danmark samt koreografi og artistcoaching i Sverige. Er på iTunes og Spotify under artistnamnet Unicorn. Jon Torger Storsnes (INDIO) har gått Danselinja ved Stange vgs, Spinoff studie i dans samt Musikkteaterlinja ved Bårdar Akademiet. Har hatt engasjement ved dei store teaterhusa i Oslo, samt gjort show og oppdrag for tv. Finn Arne Ottesen (JUANO) har gått musikklinja på Stord vidaregåande skule. Har delteke på fleire kappleikar i hallingdans. Spelte Pontius Pilatus i Stord vgs’ Jesus Christ Superstar. Mikkel Gythfeldt (LUIS) er frå Hønefoss. Han har si utdanning frå Bårdar Akademiet og har vore engasjert i musikalar og show etter ferdig utdanning. Marius Vik (TORO) kjem frå Stord, har gått musikallinja på Bårdar Akademiet og studert musikk v/Universitetet i Agder. Marius var med i Bømlo Teater si oppsetjing av Miss Saigon. Sondre Landvik (ANXIOUS), mostragut med solid erfaring frå kulturskulen. Går musikklinja på Stord vgs med song som hovudinstrument. Kora for Rolling Stones i Spektrum 2014. Stacey Ayana Rasch-Olsen (CONSUELA + dansekaptein) studerte ved London Studio Centre. Ho jobbar som musikalartist, dansar, modell og dansepedagog og har medverka i Bollywoodfilmar, musikkvideoar, prisutdelingar og konsertar i inn- og utland. Tonje Bakken Kvasbø (ROSALIA) er utdanna ved Balettakademiet i Göteborg og Bårdar Akademiet. Ho har jobba ved ei rekke scener i Skandinavia, og medverka i Evita, Les Miserables og hatt roller ved DNS. Dette er tredje gongen Tonje medverkar i amfiet. Benedicte Barra (FRANCISCA) gikk ut frå Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA) i 2007 og har jobba som showartist og i fleire norske musikalar. Hausten 2014 er ho å sjå på DNS i musikalen Hellemyrsfolket. Anette Lauenborg Waaler (ESTELLA) er utdanna ved Bårdar Akademiet og har spelt i fleire musikalar og TV-seriar som m.a. EVITA, High School Musical, A Chorus Line og Johnny & Johanna. Ho dubbar også teikneseriar og –filmar. Karen Bernardino (MARGARITA) har hatt hovudroller i musikalar både i Moster Amfi og i Danmark, m.a. Kim i Miss Saigon, har turnert som songar og arbeidd i store dinnershows. Er óg musikar med eige materiale. Vilde Stokke (JADE), bømlajente med erfaring frå Bømlo Teater og Bømlo Kulturskule (m.a. Hair, Grease), samt gått musikklinja på Stord Vgs (Spelemann på taket). Mathilde Sele (ANGELIQUE) er stordajente som nettopp er ferdig på musikklinja v/Stord vgs. Har delteke i små og store oppsetjingar i og utanfor skulen. Nina Sele (JUDITH JOHNSTON), bømling med bakgrunn i Bømlo Teater og med skodespelarutdanning frå NISS. Har medverka i mange framsyningar ved Haugesund Teater, og er medlem av teaterkompaniet Scenekraft. Nina har skrive to teatermanus for Bømlo Teater.
Layout/design: OKTAN Stord Fotograf: Leif Kristian Vorland Trykk: Bodoni
Oppsetjinga er gjort mogleg med hjelp frå Bømlo Teater sine trufaste hovudsponsorar
samt våre offentlege sponsorar
Prosjektsponsorar for WSS