20
Hatteland Lyse utsikter
10 Innovativ satsing Havbruk
Portrettet
Nina Kaltwasser
28 NR. 2 2016
Mat for alle anledninger
FIRMAGÅVER Lokale gåver til lokale bedrifter
Litt av kvart
Full pakke
Gourmet pakke
Pølsepakke
Kjerringpakke
Spekepakke
Fenalår
Hardangercide
Firmagåver.no tilbyr fleire kjekke gåvepakningar i ulike prisklassar, med smakfullt innhald. I våre pakkar har me valgt ut populære og premierte produkt frå lokale produsentar. Me skreddarsyr gjerne gåver til dine ansatte og forretningsforbindelsar.
Sjekk vår nettside for aktuelle tilbud. cateringpar tner.no Tlf. 53 77 50 32
For meir informasjon og bestilling: www.firmagåver.no Våre gåveesker er flotte i seg sjølv, men ønskjer ein å legge på ei personleg helsing og eigen logo, så lar dette seg gjera mot eit lite tillegg.
6-7 10-13
28 16-17
20-23
26-27
INNHALD 5
Leiar
16–17
6–7
Jobb og yrkesval Fersk i tannlegestolen
20-23
Bedriftsprofil: Teknologiklynga
10-13
Havbrukssatsing
25
Kommentar: Merete Vårvik Matre
Lærlingen og gamlingen: Stolte av frisørfaget
26-27
Utviklingsklynga
28-31
Portrett: Nina Kaltwasser
35
Kortnytt frå bedrifter
2 • 2016
3
www.helgevold.com
52 76 60 00 / kontakt@helgevold.com
Drømmer du om
filterdk.no
SMARTHUS? Skal du bygge nytt hus er det viktig å tenke på gode og langsiktige løsninger. Et smarthus gir deg mulighet til å styre både lyd, lys, varme og låsemekanismer ved bruk av mobiltelefon. Gir deg med andre ord en enklere og mer komfortabel hverdag.
Kontakt oss for mer informasjon om Smarthus.
elektro - telecom - automasjon
Frihet
Litt sånn er det å være kunde i Tveit. Vi ønsker at du skal bruke all din tid på det du er god til. Velger du oss, legger vi til rette for at tiden din blir brukt mest mulig effektivt. Med vår kompetanse innen regnskap, rådgivning og taksering, og nærhet til våre kunder kan vi sammen skape verdier. Finn ditt nærmeste avdelingskontor på www.tveit.no eller kontakt oss på 52 76 71 00.
4
2 • 2015 1 2016
““
I tillegg til læretid er vidaregåande oppKort sagt læring tidaønskjer og staden me invitera til derånæringsliv ogå unge er tettast på arbeida og bu her. kvarandre.
Ansvarleg utgivar: Fikse Næringsutvikling Ansvarleg utgivar:
Fikse Næringsutvikling Ansvarleg redaktør: Asbjørnredaktør: Moe Ansvarleg
Asbjørn Moe
foto: Foftootgor:aFf otograf N No o rd rdt tv ve ei i
t
Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland,
Redaktør:
t
Asbjørn Moe Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling Fikse Næringsutvikling
Filter design & kommunikasjon Astrid Eidhammer Hjelmeland,
Filter design&kommunikasjon Redaksjon: Filter design & kommunikasjon: Redaksjon: Astrid Eidhammer Hjelmeland Astrid Eidhammer Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar, astrid@filterdk.no
Kari Aakra
Kva skal du bli DETdu NESTE STEGET når blir stor?
Formgjeving: kari@medvind24
Det er stas å ta det neste steget for næringsmagasinet TEMPO, i det me nå gir ut andre Me gir ut næringsmagasinet Tempo for å synleggjera eit attraktivt næringsutgåva etter gode tilbakemeldingar på piloten i haust. Me ønskjer med dette å synlegliv med interessante yrkesmoglegheiter, antenog lesaren er ung og skal velgja gjera næringslivet og jobbmoglegheitene, bustadfritidsvilkår i Vindafjord og Etne. utdanningsveg, etablert med jobb og her, familie annan og vurderer Kort sagt ønskjereller me å er invitera til å arbeida og bu saman medstad oss andre som har å flytta det mesåkan tilby av bustad fritid i Etne og Vindafjord. funne til området attraktivt atarbeid, ein har valt å bli, og flytte til, eller tilbake til.
Fotograf Nordtveit
II vinter gjorde av menæringsmagasinet første runde av ei størrevilkartlegging av alle yrkesgrupper denne utgåva TEMPO du stifte nærare kjennskap til persome i dei lokale bedriftene, og om for desse peikar ned i nar har og bedrifter, nokre som heile tida harbehovet tatt små steg og kome langtopp overeller tid, andre eit hartre-års-perspektiv. tatt store steg ut i verda, og så finnest det dei som har tatt eit steg tilbake og til Først ogstaka fremst avdekka mangfald dei lokale bedriftesida, og ut ein heilt nykartlegginga kurs for seg ogeit sinstort bedrift. Alle harigjort seg sine unike ne, med samla over 200 ulike Vidare fann me stor fagbreidde erfaringar som dei deler med ossyrkesgrupper. her. internt i svært mange av bedriftene. Kort fortalt har me altså jobbmoglegheiter kvar smak i vårt næringsliv. Resultatet avlokale kartlegginga du lesa I vårfor vil ein Fikse Næringsutvikling ta eit steg til, og inviterer bedrifterkan til næringsmeir om for på åvåre nettsider www.etnevindafjord.no. seminar, møtast, bli betre og ta nye steg i lag. I friluftslivets år synest me det er på sin plass at det lokale næringslivet, som bidrar så mykje til dette området, set kursen
Kontakt og til samhandling mellom skule og inæringsliv er ein viktig for ut i naturen eit viktig symbol for friluftslivet Etne og Vindafjord; Olaliamåte Fjellstove. unge og føresette å bli kjent med kva yrkesmoglegheiter me har lokalt. Det er også ein viktig arena for bedriftene å bli kjent medsom framtidig Takk til gode samarbeidspartnarar, annonsørar og til deg les dettepotensielle magasinet. arbeidstakarar. I tillegg læretid Me håpar du er klar for ditttilneste steg.er vidaregåande opplæring tida og staden der næringsliv og unge er tettast på kvarandre. Næringslivet er avhengige av eit godt, lokalt vidaregåande opplæringstilbod for framtidig rekruttering av gode hovuder og hender. I år vart Etne VGS vedtatt nedlagt med fleire attraktive utdanningar for næringslivet, og me har jobba for at tilbodet i størst mogleg grad skal bli vidareført lokalt, på ein styrka Ølen VGS. Siste signal frå Rogaland fylkeskommune er positive, om auka investeringar og vidareføring av utdanningsprogram. Me ser fram til eit framleis fruktbart og enno betre samarbeid mellom skule og næringsliv. Nokre av desse får du ein smakebit av i denne utgåva av Tempo.
Filter design & kommunikasjon
Formgjeving: Foto:
Filter design & kommunikasjon Meister Fotografi
Foto:
Framsidefoto:
Meister Fotografi
Meister Fotografi Opplag: 6 000
Framsidefoto: Meister Fotografi Trykkeri:
Haugesund Bok & Offset
Opplag: 6 500
Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vindafjord.Elles på Trykkeri: messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stadKai Hansen Trykkeri er i distriktet.
Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vindafjord. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.
God lesning!
1 • 2015
5
2 • 2016
5
JOBB OG YRKESVAL
– Yrket er utruleg variert, og eg får brukt mykje ulik kompetanse gjennom dagen. Eg er jo og psykolog ofte, mange er redde når dei kjem i tannlegestolen, seier Halfdan–Emil Færø.
TANNLEGE I MARAT Den nye tannlegen i Etne likar seg aller best med joggeskoa på. Halfdan-Emil Færø (25) meiner detaljane er viktige, både når ein skal finpusse tenner og maratonform.
Halvdan-Emil Færø starta som tannlege i Etne i august, og har allereie engasjert seg i frivillig arbeid som trenar i friidrettsgruppa Etne.
6
2 • 2016
Halfdan–Emil kjem frå ein stor og engasjert familie i Lindås i Hordaland. Han er nyutdanna tannlege og både yrkesvalet og valet om å byrje jobb–karrieren i Etne var truleg litt tilfeldig. – På vidaregåande bestemte eg meg for å studere enten til lege eller tannlege. Etter kvart fall valet på tannlegeyrket, det er meir praktisk og har fleire tekniske utfordringar, det likar eg. – Å vere tannlege er nesten som å vere urmakar, det er mange små detaljar som skal stemme. – Yrket er utruleg variert, og eg får brukt mykje ulik kompetanse gjennom dagen. Eg er jo og psykolog ofte, mange er redde når dei kjem i tannlegestolen, seier Halfdan–Emil og meiner det og er ein god
stad å kome i kontakt med nye menneske på ein ny stad. – Men kvifor Etne? – Heilt ærleg, så kjente eg ikkje til Etne som kommune, men eg hadde lyst til å arbeide og bu i Hordaland, og søkte difor då jobben vart ledig her. Eg vart overraska då eg flytta ned her, sidan de er så orientert mot Haugesund og Rogaland, eg trudde kanskje de trakk meir mot Skånevik og Odda. Det er nok eit potensiale å fortelje fleire om kva ein kan tilby i Etne, det er ikkje så mange som veit om denne flotte plassen, seier den unge tannlegen. Sjølv har han flytta til kommunen utan familie,
“
Å vere tannlege er nesten som å vere urmakar, det er mange små detaljar som skal stemme. Halfdan-Emil Færø
Det er nok eit potensiale å fortelje fleire om kva ein kan tilby i Etne, det er ikkje så mange som veit om denne flotte plassen, seier den unge tannlegen.
TONFORM og ser at det sosiale livet stort sett er tilrettelagt for familiar. Det er få unge vaksne, som han kallar det, som bur i bygda, og fritidstilbodet blir deretter. – Eg skulle gjerne sett at det skjedde meir for denne gruppa. Dei som ikkje har ungar å fylgje på aktivitetar, men som framleis er ungdommar. Men for all del: det kan og godt hende det skjer ting eg ikkje har rukke å få med meg endå, seier Halfdan–Emil som flytta til Etne i august. – Men eg likar meg på landet, eg er oppvaksen i ei bygd sjølv. Eg kunne ikkje tenkt meg å flytta til byen, slik som dei aller fleste på min alder. Han har tatt initiativ sjølv og er nå friidretts–trenar for dei som går i 4 til 7. klasse i Etne, noko han sjølv meiner var ei heilt naturleg rolle å hive seg i kast med. Som nummer fire i ein søskenflokk på seks der alle er i over normalt god form har han i følgje seg sjølv ikkje noko val. Halfdan–Emil er som dei andre søskena oppvaksne med mykje aktivitet og trening, og heile familien deltek i løp. Sjølv har han til dømes sølv på 3000 meter innandørs for senior i NM, og mange såg han nok også som deltakar i Etne Duathlon, NM–medaljane heng tett i familien Færø der konkurranseinstinktet ser ut til å gå i arv. I 2015 deltok heile familien i Bergen City Marathon, med slagordet «Færø–klanen spring frå deg» på ryggen, og med bestemor som heiagjeng frå sidelinja. Dei kom inn til ein heiderleg andreplass. – Oppveksten og interessene mine gjer jo at eg set fritida mi høgt. Og at det er viktig for meg å finne ein god arena å drive med idrett og friluftsliv. Eg kunne ikkje tenkt meg å jobba som privat tannlege, dei jobbar for my-
kje, i det offentlege er det meir struktur på arbeidsdagen og enklare å få tid til aktivitetar på fritida, slår han fast. Han trivest på tannlegekontoret, der arbeidsdagen kan bli hektisk. Og avgjerslene han tar for pasientane kan vere avgjerande medisinsk. – På ein mindre stad som dette så får ein jo alle moglege tilfelle, her er det lenger til spesialisten. Eg likar det, eg likar utfordringar, meiner han. Og sjølv om det somme gonger kan vere utfordrande å kome inn i det sosiale miljøet i bygda, så likar han også å bu i Etne. – Kanskje ein kunne vist meir fram av dei flotte Etnefjella ein har her? Eg som likar så godt friluftsliv eg har jo oppdaga desse fjella som ein liten skatt. Dei er nydelege fine, og det er mange flotte turar her ein kan gå. Eg trur mange kunne tenkt seg å budd på ein plass som Etne, sjølv om det betyr at ein må pendle litt for å få ein attraktiv jobb, seier Halfdan–Emil. – Men eg trur slett ikkje alle veit nok om kva Etne har å by på, seier han og kastar utfordringa vidare. AV Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
2 • 2016
7
Support from Ideation to Production Arrow is a global $23B technology company with thousands of engineers, exclusive online design tools, warehousing and distribution services, marketing and supply chain expertise all set up to support you. We’re teaming up with Indiegogo, the global platform for entrepreneurs to bring their ideas from concept to market, to put every resource at our disposal in the hands of entrepreneurs. We’ll give you the confidence that you’re ready for production, Arrow and Indiegogo have your back at every step. Arrow Norway AS - Åmsosen, Nedre Vats
BrMaelandByggefirma
ALT INNAN BYGG & BETONG BETONG Ole Eirik Mæland 41 78 04 50
BYGG Anders Mæland 90 96 67 11
EPOST post@br-meland.no
arrow.com
Improving business via innovation We deliver innovations that make your business more efficient, reliable and secure.
Everything connects
Securing Your Values
Stop airhousing, start warehousing
hatteland.com
SATSAR PÅ HAVBRUK FA K TA Settefiskanlegg i Trovåg Bremnes Seashore investerer no om lag 600 millionar, og byggjer fire nye hallar som skal stå ferdige i 2019, etter planen vil ein ha full produksjon i anlegget i 2020. Målet er å produsere meir, og ikkje minst større smolt. Produksjonen skal også gå på kortare tid og den blir mykje mindre ressurskrevjande enn den var før. Frå å produsere om lag 150 tonn settefisk kan ein i det nye anlegget produserer opp mot 3000 tonn. Det er mykje takka vere ny aquateknologi, ved å resirkulere vatnet. Her blir det 15 – 20 nye arbeidsplassar. Fiskefella i Etne Fiskefella i Etneeleva er amerikanskprodusert og er den einaste i sitt slag i Europa. Her blir fisken slusa inn i ei felle av flyterister, der blir fisken håva opp for måling, veging og ulike prøvar, og dermed utsortering av rømt oppdrettslaks. Fella var finansiert av havbruksnæringa og forvaltninga, medan Havforskingsinstituttet har gjennomført og finansiert følgeforsking og dokumentasjon. Lukka oppdrettsmerd i Skånevik Forskingsmerden Neptun som er verdas største lukka oppdrettsmerd. Haugesundsfirmaet Aquafarm Equipement har designa og laga merden som nyleg vart tatt i bruk ved Marine Harvest sitt sjøanlegg på Molnes i Skånevik. Merden, som er laga i glasfiber, har ein diameter på 40 meter, 126 meter i omkrets, er 22 meter djup og rommar 20 000 kubikk vatn. Settefiskanlegg i Fjæra Nyleg starta også Marine Harvest opp eit av dei største og mest moderne settefiskanlegga i landet, dette skjer i den vesle bygda Fjæra i Etne kommune. Anlegget som delvis er tatt i bruk har kapasitet på 7,5 millionar smolt. I løpet av vinteren blir også resten av anlegget ferdigstilt.I bygda bur det opphavleg seks personar, no har det flytta inn 3,5 millionar nye individ. I tillegg til at anlegget også gav bygda 15 nye arbeidsplassar.
10
2 • 2016
– Gode lakseprisar og auka etterspørsel etter varene me produserer gjer at næringa kan investere og satse, meiner Øyvind Haraldseid i Bremnes Seashore. Ei brei satsing på havbruksnæringa skaper arbeidsplassar og gode økonomiske ringverknadar i regionen.
“
Før var det jo meir slik at «alle» kunne arbeide på oppdrettsanlegg, slik er det ikkje lenger. Øyvind Haraldseid Driftsleiar og prosjektleiar for anlegget i Trovåg
Bremnes Seashore investerer no om lag 600 millionar i nytt settefiskanlegg i Trovåg. Her er f.v. Ida Katrin Nærbøvik, fiskehelsebiolog (Bremnes Seashore), Inger Lise Breivik, ansvarleg biolog (Trovåg) og Marijann B. Larsen, driftsoperatør (Trovåg) i full sving.
Bremnes Seashore investerer no om lag 600 millionar i nytt settefiskanlegg i Trovåg, Vikebygd. Her skal dei bygge opp fire nye hallar som skal stå ferdige i 2019, etter planen vil ein ha full produksjon i anlegget i 2020. Målet er å produsere meir, og ikkje minst større smolt. Produksjonen skal også gå på kortare tid og den blir mykje mindre ressurskrevjande enn den var før. Klarer ein å produsere større smolt før den blir sett ut i sjøen kan ein klare å redusere produksjonstida i sjøen frå 18 – 19 månadar og ned til om lag eit år. Frå å produsere om lag 150 tonn settefisk kan ein i det nye anlegget produserer opp mot 3000 tonn. Det er mykje takka vere ny aquateknologi.
– Dette er eit anlegg som er basert på resirkulering av vatn, noko som gjer at me har behov for mykje mindre vatn enn før. I staden for å bruke gjennomstrøymingsmetoden me brukte før, brukar me no ny teknologi som gjer at vatnet som blir sett inn i anlegget blir resirkulert og brukt på nytt. Slik klarer me å resirkulere opp mot 98 prosent av vatnet, fortel Haraldseid som er driftsleiar og prosjektleiar for anlegget i Trovåg. – Dette gir også ein tryggare produksjon, med tanke på sjukdom. Det er ei biologisk utfordring med produksjon i sjø, her kan ein raskt bli angripen av smitte og lus. Investering i settefisk gjer at
moglegheitene er større. Når fisken er 500 gram før den bli sett ut i sjø får den mindre produksjonstid i sjøen, og dermed sparer ein tid og ein får mindre smitterisiko. I dag har dei fått på plass to av dei fire nye hallane og Haraldseid meiner prosjektet skal klare å halde tidsplanen. Anlegget har fått konsesjon til å produsere 10 millionar smolt, når ein når full produksjon spår Haraldseid at ein vil produsere om lag 6,5 millionar smolt, som vil vere om lag 500 gram. Det er ei satsing som viser igjen, også elles i regionen. Byggeperioden gir også ifølgje regionsjefen godt grunnlag for vekst og ringverknadar i lokalsamfunnet. Han
2 • 2016
11
Frå venstre: Ida Katrin Nærbøvik, Inger Lise Breivik og Øyvind Haraldseid ser på smolten som blir produsert i setteanlegget.
trekk fram lokale krefter som har bidratt både på elektronikk, røyrlegging og som maskinentreprenør. I tillegg er det naturleg at eit prosjekt i dette omfanget også kastar av seg når det gjeld overnatting og mat. – Det er klart dette gir mykje større verdiskaping enn berre byggeprosjektet isolert. Det nye anlegget vil også gi nye arbeidsplassar. I dag er dei ni tilsette, men Haraldseid meiner ein kan sjå for seg ein stab på 15 – 20 menneske til slutt. Her vil ein trenge medarbeidarar med brei og variert kompetanse, slik som biologar og elektromontørar for å nemne nokre. – Før var det jo meir slik at «alle» kunne arbeide på oppdrettsanlegg, slik er det ikkje lenger. No krevst det mykje kompetanse, ikkje minst i mange fagfelt. Det gjer jo også at mange av desse arbeidsplassane blir attraktive. Haraldseid gler seg over gode tider i oppdrettsnæringa. – Kvifor trur du det blir satsa så breitt innan havbruksnæringa i regionen vår? – Skal ein investere må ein tene pengar. Gode lakseprisar og god etterspørsel etter varer gir oss betre økonomi. Dermed blir det også satsa på ny og betre teknologi som igjen gir oss ein betre og meir effektiv produksjon. 12
2 • 2016
– Og for å ha ei levande næring må me vere innovative, det verste som kan hende er at ein stoppar opp i utviklinga. Då er det gjort, meiner Haraldseid. – Lakseoppdrettet er også eit godt tiltak i det grøne skiftet. Sjølv om me er i ferd med å skape store anlegg, og mange vil meine dette er industri, trur eg likevel næringa er sunn og at produksjonen er fornuftig. Det er ikkje berre i oppdrettsnæringa ein ser på nyvinningar og ny teknologi for å auke veksten. Prosjektleiar Øystein Skaala i Havforskingsinstituttet slår fast at den unike fiskefella i Etneelva har gjort stor suksess. Til motsetnad til Øyvind Haraldseid i Bremnes Seashore som ikkje ser dei store problema mellom vill-laksen og oppdrettsnæringa meiner Øystein Skaala og ei samla forvalting at rømt laks er saman med lakselus dei største miljøutfordringane knytt til havbruksnæringa. Skaala legg vekt på at næringa meiner oppdrettslaksen gjennom generasjonar er avla for å leve i eit beskytta merdmiljø med rikeleg mat og utan fiendar, han har difor andre eigenskapar enn villaksen. Det er vist at det har vore innkryssing i mange norske laksebestandar, og det er også vist at slik innkryssing har negative konsekvensar for villaksen, seier
Øystein Skaala. Likevel meiner både han og Øyvind Haraldseid at dei to næringane er gode på samarbeid og dialog. Fiskefella i Etneeleva er amerikanskprodusert og er den einaste i sitt slag i Europa. Her blir fisken slusa inn i ei felle av flyterister, der blir fisken håva opp for måling, veging og ulike prøvar, og dermed utsortering av rømt oppdrettslaks. Fella var finansiert av havbruksnæringa og forvaltninga, medan Havforskingsinstituttet har gjennomført og finansiert følgeforsking og dokumentasjon. – Etneeleva er eit viktig lakse-vassdrag på vestlandet. Og her har me hatt opp mot 25 prosent innkryssing, noko som er heilt uakseptabelt, og sjølvsagt alt for mykje. Fella har hatt ein fantastisk god effekt, i fjor klarte ein å ta ut opp mot heile 98 prosent av den rømte fisken, fortel Skaala som no håpar tiltaket vil vise igjen i arvemateriellet til den ville fisken, og at den dermed vil klare seg betre i naturlege forhold. – Fiskefella er er ein viktig infrastruktur og plattform for arbeidet med å talfesta mengda av rømt og vill laks slår Skaala fast. Havforskingsinstituttet vidarefører no arbeidet etter av pilotprosjektet vart avslutta i 2015.
Forskingsmerden Neptun er verdas største lukka oppdrettsmerd og held til ved Marine Harvest sitt sjøanlegg på Molnes i Skånevik.
Bak frå venstre: Fiskehelsebiolog Øystein Staveland, driftsteknikar Tor Kleppa og driftsleiar Jan Eirik Jensen matar smolten.
Atle Presthaug i Aquafarm Equipement gler seg over at ein no har fått på plass forskingsmerden Neptun som er verdas største lukka oppdrettsmerd. Haugesundsfirmaet har designa og laga merden som nyleg vart tatt i bruk ved Marine Harvest sitt sjøanlegg på Molnes i Skånevik. Merden, som er laga i glasfiber, har ein diameter på 40 meter, 126 meter i omkrets, er 22 meter djup og rommar 20 000 kubikk vatn. – Målet er at ein skal produsere fisk som er både rein og sunn, og som ikkje blir utsett for den same smitterisikoen som i open merd. Fiskehelse og miljø er dei viktigaste faktorane for dette prosjektet, meiner Presthaug, som også viser til at dette truleg vil gi ein økonomisk vekst i form av meir forutsigbar produksjon av laks. – Me pumpar også inn vatn frå ei djupna på om lag 25 – 30 meter, der er smitterisikoen mindre, fortel Presthaug, som også viser til at avfall frå fisken blir samla opp. Marine Harvest legg vekt på at ein samanlikna med opne merdar vil dette gi meir kontroll på ei rekkje parameter. Her kan ein styre oksygen og kor raskt straumen går. Anlegget i Skåneviksfjorden har forsking– og utviklingskonsesjon til å kartlegge meir om oppdrett av laks i lukka merd. Fisken skal etter
Driftsleiar Jan Eirik Jensen fortel at fisken etter planen skal vere i lukka merd til den blir ein kilo, før den blir sett over i vanleg merd.
planen vere i lukka merd til den blir ein kilo, før den blir sett over i vanleg merd. Planen var opphavleg å setje ut smolt i anlegget i mai i år, men tekniske utfordringar gjorde at Marine Harvest og Aquafarm Equipement bestemte seg for å gjennomføre fleire testar, og utsette med det oppstarten til november. – Me treng meir forsking, utvikling og kunnskap om lakseproduksjon i lukka konstruksjonar. Molnes skal gi oss viktig erfaring på dette området. Me har testa ut tidlegare versjonar av denne merden på Molnes, og tar med oss lærdommen herifrå vidare, seier Ragnar Joensen, teknisk sjef i Marine Harvest ASA i ei pressemelding frå Marine Harvest. – Det blir satsa mykje på havbruksnæringa langs heile kysten for tida. Noko av denne satsinga kjem av at næringa har utfordringar knytt til lus i opne merdar i sjøen. Ulike typer teknologi kan løyse denne utfordringa, kva som er det beste verktøyet for framtida har me ikkje eit klart svar på i dag, seier Marine Harvest vidare. Nyleg starta også Marine Harvest opp eit av dei største og mest moderne settefiskanlegga i landet, dette skjer i den vesle bygda Fjæra i Etne kommune. Anlegget som delvis er tatt i bruk
har kapasitet på 7,5 millionar smolt. I løpet av vinteren blir også resten av anlegget ferdigstilt. I bygda bur det opphavleg seks personar, no har det flytta inn 3,5 millionar nye individ. I tillegg til at anlegget også gav bygda 15 nye arbeidsplassar. – Planlegging av prosjektet i Fjæra starta for snart 10 år sidan. For oss er dette eit prosjekt som aukar kapasiteten vår i tillegg til at me tar i bruk ny teknologi. For Marine Harvest er dette den største investeringa me gjer innanfor smoltproduksjon i vårt område, fortel Bjarte Sævareid som er produksjonssjef smolt i region sør i Marine Harvest. – Fjæra skal vere med å auke produksjonskapasiteten vår for smolt. Me har eit mål om å auke snittvekta frå om lag 100 gram til 200 gram, seier han. Han meiner det viktigaste no er at næringa greier å løyse utfordringar knytt til lus i sjøen, og meiner ein treng dyktige tilsette som ynskjer å jobbe ute i distrikta. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
2 • 2016
13
I FK BUTIKKEN HAR ME
JULEGÅVER TIL ALLE Kiel 6.–9. jan. 2017
Hochfilzen, Østerrike 16.–19. feb. 2017
Trekkspelcruise til Kiel
VM i skiskyting
Pr. pers. fra kr.
4220,-
Pr. pers. fra kr.
2 døgn fullspekka med god mat, hyggeleg atmosfære og trekkspelmusikk med Lindesnes trekkspillklubb.
BATTERIDRILL
METABO BS 18 2 X 2 BATTERIER OG HELE 74 TILBEHØRSDELER
SPAR 400,-
13200,-
Buss • Fly tur/retur • Hotell inkl. frokost • Middag 3 dager • Inngang arena tre dagar • Skandinavisk guide
1499,(1899,-)
HODELYKT LED
HL-152 NOR-TEC PRO
VARMESÅLE OPPLADBAR
499,499-
399,-
(799,-)
(799,-)
Aksdal 10. feb. 2017
Stavanger 17.–18. juni 2017
Lindesnes Trekkspillklubb
Mods på Viking stadion
Pr. pers. fra kr.
1050,-
Pr. pers. fra kr.
Humørfylt show med 40 trekkspelerar. Busstur i turistbuss, middag og dessert, gode bilettar i Tysvær Kulturhus.
2400,-
Opplev MODS live. Avreise frå Ryfylke og Haugalandet. Transport, hotell og konsertbillettar inkludert i prisen.
299,GRAVEMASKIN CAT 1:16
589,-
LUE M/LED-LYS
GRÅ/SORT
Oslo 29. sep. 2017–1. okt. 2017
Den fantastiske musikalen
Les Misérables Pr. pers. fra kr.
3500,-
Pakketur med bussreise, hotellovernattingar, lunsjar og billettar.
PÅMELDINGAR til Suldal Billag tlf. 52 79 04 00 eller post@suldal-billag.no. Meir info om arrangementa på suldal-billag.no eller våre facebooksider. Nyt turen – me ordnar resten!
14
2 • 2016
GENSER STIHL X-FIT
JULE-GAVE! TIPS
Str. S-XXL
699,(830,-)
ETNE Tlf. 53 77 11 30
Ferdigbetong, betongvarer og elementer
Transport og pumping. 26 mobile og stasjonære betonganlegg i Norge. ig-rør og kummer, kabelkanaler og trekkekummer. Murblokker, kantstein og belegningsstein. Elementer for alle typer bygg, samt sikkerhet i tunnel. Tlf 53 77 52 00
mail@olenbetong.no
N Y B YG G
www.olenbetong.no
T I L B YG G
R E PA R A S J O N E R
R E S TA U R E R I N G
VI BYGGER FOR ALLE Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, men også bygg til det private marked. Vi skilter med bred erfaring og tar totalentrepriser for hele prosjekter.
53 76 91 55 post@bdl.no bdl.no
2 • 2016
15
LÆRLINGEN OG GAMLINGEN
STOLTE FRISØRAR For syskenbarna Renate Selland Ramsvik (30) og Marie Håheim (31) har det vore heilt sjølvsagt å ta inn lærlingar i frisørsalongen dei driv i Etne. Dei meiner lærlingar er avgjerande for utvikling både av frisørsalongen og for frisørbransjen.
Frisørane Marie Håheim (t.v) og Renate Selland Ramsvik har sidan oppstarten av eigen frisørsalong i Etne i 2012 satsa og tatt inn lærlingar, som dei meiner er avgjerande for utvikling av frisørsalongen og bransjen. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)
16
2 • 2016
Sidan oppstarten av frisørsalongen Diamanten Frisør midt i Etne sentrum i 2012 har dei hatt vilje til å satsa og pressa seg sjølv ut av komfortsona. Fyrste lærling var på plass allereie eit år etter oppstart. – Me må jo alltid jobba for å utvikla oss, smiler Marie. Me må halda oss oppdaterte i kva som rører seg i bransjen, samstundes som me må læra vidare både fag, teknikkar, og bidra til å skapa gode haldningar og stolte frisørar. Klipp, farge, styling, rådgjeving, lytting og bygging av sjølvtillit - oppgåvene til ein frisør er varierte og mange. Heile pakken dei tilbyr kundane i salongen er viktig. Begge brenn for yrket og er stolte læremeistarar og formidlarar av frisørfaget. Dei har litt for ofte opplevd at det i for stor grad blir fokusert på dei negative sidene med frisørfaget i staden for potensialet som ligg i yrket. – Det kan vera like skadeleg for ryggen å sitte på kontor som å vera frisør, meiner Renate. Dei meiner det bør koma meir fram at ein som frisør har potensiale til å utvikla seg og styra sin eigen arbeidsdag. – Me blir aldri utlærte, seier Marie. Den dagen du trur du er ferdig, då er du ferdig, følgjer Renate opp. Veronica Vik (25) fekk fagbrev (svennebrev i frisørfaget) i februar 2015, og er i dag ein del av staben på Diamanten, der ho i tillegg er negledesignar, som ho og har utdanna seg til. Veronica fortel at ho starta på lærarutdanning, men kjende at ho var klar for eit meir kreativt yrke
der ho fekk jobba med hendene. Ho tok fem månadars frisørskule via Norsk Frisørskole i Sandnes, og har hatt tre år og tre månadars læretid før ho gjekk opp til fagbrev hjå Diamanten Frisør i august 2015. – Eg har ikkje angra på valet eg tok, seier Veronica. Her får eg sjå resultat av det eg gjer med ein gong. Ho meiner fordelen med utdanningsmodellen, der ein har kortare tid på skulebenken og fleire månadar med praksis som lærling i salong gir auka sjølvtillit og eit betre grunnlag for å gå opp til fagprøven. For halvanna år sidan starta Irene Hjelmtveit (22) læretida si i salongen og skal ta fagprøven i september neste år. Ho gjekk same frisørskule som Veronica før ho starta læretida. Før det hadde ho eit år på Helse og Sosial og eit år med påbygg på Ølen Vidaregåande skule. Ho er glad for å kunne få tilbod om lærestad i heimbygda. – Det er ikkje like lett å få læreplass på bygda, fortel ho. Ho trivs godt som lærling hjå Marie og Renate. Irene fortel at ho i starten fekk veldig tett oppfølging av læremeister, har ho gradvis fått jobba meir sjølvstendig og få ta meir ansvar. Men kvar torsdag er det lærlingdag, der ho får jobba med modell og tett oppfølging. For lærlingar er observasjon ein viktig del av jobben, understrekar læremeistrane Marie og Renate. Det er viktig at lærlingane er ein del av det som skjer i salongen og observerer korleis ein ter seg og
Irene Hjelmtveit 22 år Læretid: Har vore 1,5 år i lære av totalt 2 år og 9 mnd. Utdanning: 1 år på restaurant og matfag 1 år helse/sosial 1 år helsefagarbeidar 1 år påbygg 5 mnd Norsk Frisørskule (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)
“
Er lærlingen der dei skal vera ved endt læretid, så får dei jobb Marie Håheim, medeigar Diamanten Frisør
Det er mykje som skal stemma når ein klypper og fargar hår. Irene Hjelmtveit (t.v) følgjer godt med når læremeister Marie Håheim ved Diamanten Frisør ser over og rettleiar i prosessen.
Veronica Vik sørger for at Vetle L. Hovda blir fin i luggen. Ho tok svennebrev i frisørfaget hjå Diamanten Frisør i februar i fjor, og jobbar nå i salongen både som frisør, i tillegg til at ho har utdanning som negledesignar.
yt service i tillegg til å læra seg teknikkar for klypp. Det nyttar lite å bruka tida på jobb til å spegla seg sjølv, om du ønskjer jobb eller lærlingplass hjå Diamanten Frisør i Etne. – Målet vårt er at kundane skal gå ut herifrå og kjenna seg fine. Som frisør er det ein viktig eigenskap, seier Renate. Det er fleire måtar å landa fagbrev som frisør, og Marie og Renate har ulike bakgrunnar. Medan Marie drøymde om å bli frisør som liten, var Renate mest interessert i å bli politi eller bonde til ho i niande klasse bestemte seg for å bli frisør. Då var ho var så lei av at frisørane klypte håret
hennar kortare enn ho ønskte. Ho tok vegen via grunnkurs og frisørlinja på Stord Vidaregåande skule. Deretter hadde ho to år i lære før fagbrev og to år som frisør hjå E.T hårstudio i Åsane og i Bergen-sentrum. Dette er ein salong dei har god kontakt med den dag i dag, då eigaren er president i Norske Frisør- og Velværebedrifter (NFVB). Deretter flytta Renate heimatt til Etne og starta hjå Vigdis Hansen og var der frå april 2008. Marie tok tre år på allmennfag ved Ølen Vidaregåande skule, før ho innsåg at det verkeleg var frisør ho ville bli. Deretter gjekk ferda til Sandnes Frisørinstitutt der ho gjekk fem månadar, før ho gjekk store deler av læretida i Skjold hjå Siri M. Hårstudio, før ho avslutta læretida hjå Vigdis Hansen i Etne frå juni 2008, der Renate allereie var på plass. Her jobba dei begge til dei bestemte seg for å satsa saman og med eigen salong, som dei opna 2012. Dei fortel at dei har gode samarbeidspartnarar og støttespelarar i Verdant, som og er leverandør av produkta dei nyttar i salongen. – Dei er på lag med oss, og vil bygga oss opp. Marie og Renate opplever at sjølv om dei er ei lita bedrift, så blir dei tatt seriøst og med på kurs. I 2017 er dei klare for nye utfordringar og skal flytta salongen over i det gamle expert-bygget i Etne, som dei har investert i saman med mennene sine. Her er det rom for å utvikla salongen etter dei behova dei har, basert på erfaringar gjort så langt. Og her vil bli rom for fleire frisørar og lærlingar på sikt. – Er lærlingen der dei skal vera ved endt læretid, så får dei jobb, seier Marie. Det veit dei godt. Det viktigaste i tillegg til kvaliteten på arbeidet du leverer som lærling, er at du må ville sjølv. Du må ha vilje til å læra og arbeida sjølvstendig, du skapar som frisør din eigen arbeidsplass i ein salong. Me gir rom for å utvikla seg som frisør, dersom me ser at det er kvalitet og vilje til å arbeida, avsluttar dei. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi
2 • 2016
17
20 leiligheiter
13 einebustadar
Din nye heim står klar på Roastrand Innflyttingsklare bustadar med utsikt over fjorden i Ølen. Her bur du i gangavstand til skule, barnehage, idrettsanlegg og butikkar i sentrum.
1.
BYGGETRINN ER SNART FERDIG.
6
BUSTADAR RESERVERT /SELD
Ta kontakt for å realisere bustadsdraumen!
Roa Tomteselskap AS
Morten Helland 458 65 508
morten@minbit.no
minbitno
minbit.no
!
HUSBANKFINANSIERT
KURS
PR
DESIGN
INNHALD
design & kommunikasjon
18
2 • 2016
NETTSIDE
DRIFT
Starte Bedrift
Leie Kontor
Kurs
Bo og Jobb
Din Bedrift
DU KJEM FORTARE FRAM MED MEDVIND I RYGGEN BUR DET EIN GRÜNDER I DEG? VIL DU VIDAREUTVIKLA BEDRIFTA DI? I Medvind Næringshage får du den blesten som trengst for å starta di eiga bedrift. Leier du ei lita eller mellomstor bedrift, kan me hjelpa deg å finna den rette vindretninga for vidare vekst. Er du på jakt etter kontorplass, ønskjer me deg hjarteleg velkommen i vår blømande næringshage.
Medvind Næringshage gir deg starthjelp ved etablering av bedrift rådgiving til bedriftsutvikling av små og mellomstore bedrifter plass i kontorfellesskap med meir enn 25 andre bedrifter
Me treng alle litt starthjelp av og til. Eller litt vind i ryggen.
Kontakt Merete Vårvik Matre Mobil
99 32 54 12
Epost
merete@medvind-neringshage.no
Nettside medvind-neringshage.no
2 • 2016
19
BEDRIFTSPROFIL
“
Korleis ein skal møta behovet til kundane og gjera produkta og tekniske løysingar best mogleg er og har alltid vore ei drivkraft. Stig Hatteland, dagleg leiar RamBase
Utviklingsfilosofien i Hatteland-konsernet er enkel. Har du eit problem, så løyser du det og utviklar det til eit produkt du kan selja.
Miljø for utvikling Utfordringar har aldri vore eit problem, men heller eit grunnlag for nytenking og nyutvikling for å skapa gode løysingar, som kan nyttast av fleire, understrekar Stig Hatteland. Han er son av Jakob Hatteland og ant eldst i syskenflokken på seks. I dag er han dagleg leiar for forretningssystemet RamBase, som er eit av fleire Hatteland-produkt som opplever stor vekst. Utviklinga i bedrifta har heilt sidan oppstarten i 1971 vore basert på ei genuin interesse og ein filosofi om å ta tak i tekniske utfordringar ein har støtt på, og gjerne bruke ny teknologi for å løyse utfordringane. Herifrå har dei kome opp med universelle og salgbare løysingar og produkt i ein internasjonal marknad. Stig meiner faren sin sans for business og sal ligg i blodet og at kjøp og sal har vore ein naturleg del av tankegangen når ein har vakse opp med drift av ein kolonialhandel, som foreldra dreiv i Åmsosen. Eit av Hatteland-produkta som er i vinden for tida med ein kalkulert marknadsverdi på rundt fem milliardar kroner er lagersystemet AutoStore. Stig fortel at utviklinga og satsinga av lagersystemet AutoStore kom av at Ingvar Hognaland, som er svoger til Jakob og medeigar i Hatteland, fekk for lite lagerplass til komponentar dei produserte på kaien i Åmsosen. Han kom fram til at det som tek mest plass i eit lager er luft. Dermed starta Hatteland utviklinga av AutoStore-systemet for maksimum utnytting av areal i eit lager. Derav slagordet; Stop Airhousing, start Warehousing. AutoStore var klar for lansering i 1996, men
20
2 • 2016
det tok rundt åtte år før bedrifta starta å tene pengar på løysinga, etter at nettbutikken Komplett.no investerte i lagersystemet i 2007. RamBase blei lansert som eige system i 1992. Målet med RamBase var å gjera informasjon tilgjengelig, og legge til rette for at alle hadde rett informasjon til ei kvar tid. Løysinga blei laga for distribusjon av elektronikk, men systemet passar og andre næringar som har fokus på varelogistikk. Nyleg inngjekk Hatteland partnaravtale med firmaet Mazeppa som skal stå for distribusjon og implementering av forretningssystemet RamBase for kundar innan logistikk og produksjon. Strategien til RamBase er basert på at vi utviklar produktet og driftar tenesten, medan partnarar gjer leveranse og oppfølging av sluttkunde. Partnarsamarbeidet gir oss større salskrefter, samtidig som me kan fokusera på funksjonaliteten og teknologien i datasystemet, seier Stig. Stig meiner ein av suksessfaktorane for Hatteland-konsernet er at familiene som eiger konsernet har hatt et langssiktig fokus utan innblanding av ytre interesser og interessentar med mål om kortsiktig gevinst. Frå oppstarten har det vore ei rivande utvikling og opparbeiding av ein stabil arbeidsstokk over mange år. Tal frå i fjor syner at Arrow har ein gjennomsnittsansiennitet på 17 år og eit aldersnitt på rundt 46 år, fortel Frode Robberstad. Han blei med over frå Electronics til Arrow i 2000,
I dag fjerndriftar Hatteland EMP datalagring for rundt 200 kundar. Stig Hatteland (t.v) er dagleg leiar for RamBase medan Knut Dommersnes leiar datasenteret EMP Secure i Nedre Vats.
2 • 2016
21
Lagerstystemet AutoStore er i dag i spel og Finansavisen kalkulerer Hatteland-produktet til å ha ein marknadsverdi på rundt 5 milliardar norske kroner.
FA K TA Hatteland Etablert i 1971 Tilsette 2016: 275 Omsetning 2016: 470 millionar kroner Businessområde: AutoStore RamBase EMP Secure Hatteland fokuserer på forsking og utvikling av ny teknologi – løysingar som skal forenkla kvardagen til kundane. Sidan 70-talet har Hatteland vore kritiske til tungvinte arbeidsprosessar. Dette har ført dei til å utvikla sin eigen portefølje av unike produkt og gjort dei til ein verdsomspennande leverandør av teknologi, samt ein lokal tilbydar av IT-løysingar for bedriftsmarknaden.
22
2 • 2016
og er dagleg leiar for avdelinga i Noreg, som har hovudkontoret i dei gamle Electronics-lokala i Vats. Han fortel at den langsiktige avtalen i si tid sikra ti års leige av bygningen i Åmsosen i tillegg til at dei tilsette i Hatteland Electronics fekk tryggja arbeidsplassar og bedriftsbarnehagen fekk halda fram i Åmsosen. Han meiner det vart særs unikt at fleire av Hatteland sine folk følgde med i sjefsstillingar til avdelingar i heile Norden. Den dag i dag er banda mellom bedriftene tette. – Eg tar ofte med Hatteland-historia når eg er ute og fortel om Arrow, fortel Frode entusiastisk. Eg har gått i skule hos Hatteland og har så og seia vakse opp i gangane her. Kundane er særs interessert i historia til både Arrow og Hatteland, og difor er det ofte god stemning når ein viser reisa til desse flotte selskapa. I dag er det ei elv og ein to hundre meter lang tunnel under elva som skil bygningane i Åmsosen. Her er og inngang til datasenteret i fjellhallen, som vart bygt i 2002. – Alt er basert på langsiktig framtidsretta tenking, understrekar Robberstad. Utviklinga og investering i datasenteret i fjellhallen og it-drift tenesta EMP secure, vart ei
satsing, då Jakob Hatteland tidleg såg behovet for sikker lagring av data og Arrow sat med behov for trygging av sensitiv informasjon for store internasjonale kundar. I dag fjerndriftar Hatteland EMP datalagring for rundt 200 kundar. – Det krevs sikringsklarering for å koma innafor dørene her, fortel Knut Dommersnes. Det må til når me handterer datalagring for over 200 bedrifter i datasenteret i fjellhallen vår. Knut er dagleg leiar for Hatteland si satsing på EMP Secure (Datasenter / IT-drift). Han fortel at optimismen er stor i konsernet for tida, og at det inspirerer å få vera med å byggja selskapet vidare. Datasenteret vårt fjernar usikkerheten rundt lagring av data. Kundane dei handterer opererer innan alt frå shipping til bank og finans. Dei har alle til felles at dei set ut ansvaret for datalagring til Hatteland EMP, for å bruke tid og kapasitet til å fokusera på sine hovudområde. – I dag fins det mange skyløysingar for datalagring, legg Stig til, men me fokuserer på sikring og trygg lagring av sensitiv informasjon. Stig understrekar at det er mange ulike typar skyer der ute av ulik kvalitet.
Då Hatteland selde ut Hatteland Electronics Electronics Inc til Arrow i 2000, blei Frode Robberstad med på overgangen og er i dag dagleg leiar i Arrow Norway, som framleis har hovudkontor i Nedre Vats.
“
For oss handlar det òg om å marknadsføra oss via sluttprodukta me er stolte av. Frode Robberstad, dagleg leiar Arrow Norway.
Salet av Hatteland Electronics til Arrow Electronics Inc i 2000 gav Hatteland kapital til å investera ytterlegare i nyutvikling og nye produkt. I 2000 såg Jakob Hatteland at han hadde to val med komponentavdelinga si Hatteland Electronics, som då hadde ein dominerande posisjon i Norden. Anten selja eller bli del av noko større. For Hatteland vart sal til den argaste konkurrenten på verdsbasis, Arrow Electronics Inc., som var det firmaet Jakob Hatteland meinte ville skjøtta firmaet hans best. Ein integrasjon som leiinga og dei tilsette den dag i dag definerer som ein av dei beste på verdsbasis. I dag produserer Arrow Norway i Åmsosen ingenting, men sit på ein kompetent sal- og ingeniørstab og ressursar tilsvarande grossistar i daglegvarehandelen, for å formidla best moglege tekniske løysingar for produktutviklarar. – Me definerer oss som «sherpaer» for elektronikkindustrien, me rettleier kundane våre i produktutviklinga, og hjelper dei til å nå måla sine. For oss handlar det òg om å marknadsføra oss via sluttprodukta me er stolte av, fortel Robberstad. Sjølv om ambisjonane i dag er store for alle produkta og tenestene, er alle tre samde om at Jakob Hatteland aldri har hatt tanken om å etablera milliardbedrift, som drivkraft for oppstarten og utviklinga opp gjennom åra. – Korleis ein skal møta behovet til kundane og gjera produkta og tekniske løysingar best mogleg er og har alltid vore ei drivkraft, understrekar Stig. Målet om å tilby dei beste løysingane og å vera i forkant av konkurrentane, driv oss. Kundeforhol-
da våre er basert på tillit og at me er opne og ærlege. Frode, Stig og Knut meiner Hatteland som arbeidsstad har vore gode på å gje dei tilsette fridom under ansvar. – Samstundes som me set rammer og forventningar, får dei tilsette fridom til å møta og koma opp med forslag til problemløysing, fortel dei. Jakob Hatteland har delegert ansvar og frontar ikkje produkta og tenestene i Hatteland i like stor grad i dag som tidlegare. Likevel smiler sonen Stig lurt på spørsmål om far er involvert og engasjert i produkta, og om han klarar å sleppe heilt taket. Men vegen til gode økonomiske tider har ikkje alltid vore like lett, understrekar Knut. Kvar vekstfase har hatt si økonomiske utfordring, i og med at desse utviklingsfasane i stor grad har vore sjølvfinansiert av konsernet. Til dømes tok det mest ti år før Hatteland kunne hanka inn avkastning på investeringane i AutoStore. Då dei endeleg var klare for lansering og sal, var marknaden ramma av finanskrise. Eit av dei fyrste systema dei selde var i 2007, til Komplett.no, gjorde at det fekk merksemd i marknaden. Det er fyrst dei to til tre siste åra at Hatteland – konsernet har tent på lagersystemet, fortel Stig. – Det har vore krevjande, men absolutt verdt det, avsluttar Stig. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi
2 • 2016
23
Lyst å flytte til Etne? - Kort veg til alt!
Salgsklare tomter Fitja Fitja er eit sentrumsnært område med fjordutsikt i Etne. Av totalt 59 tomter er vel 40 klare ved utgangen av 2016.
Snittpris 850.000,-
Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne Kommune for utvikling og salg av tomter i Etne.
Telefon: 97 77 17 55 Epost: post@tomteselskapet-etne.no Nettside: tomteselskapet-etne.no
Foto: Kari Aakra, Medvind24
KOMMENTAR
MERETE VÅRVIK MATRE Daglig leder, Medvind Næringshage
MED VIND I RYGGEN I en årrekke har næringslivet i regionen vår vært i en særklasse og vi har vært annerledes-distriktet med opptil flere store, nasjonale og internasjonale hjørnesteinsbedrifter. Vår egen nyhetsportal Medvind24 har hatt et flust av imponerende historier å fortelle i form av internasjonale suksesser, teknologiske nyutviklinger og gode prosjekter fra fremadstormende bedrifter. Men her i denne spalten vil jeg dra fokus over på noe helt annet som foregår i Medvind Næringshage. I andre enden av bedriftsskalaen. Det vi på fagspråket kaller førstelinje- og andrelinje-tjeneste, eller etablererstøtte og bedriftsutvikling om du vil. Vi i Medvind Næringshage har gleden av å være leverandør av førstelinje- og andrelinjetjeneste mot vårt lokale næringsliv. Det vil si at vi står klar i første rekke for å kunne bidra med etablererstøtte, rådgivning og veiledning til de som står i startgropa med sin forretningsidé. Da setter vi av timer til gjennomgang av idéer, tanker og forretningsplaner. Vi informerer om muligheter, søkeordninger og formaliteter. I tillegg stiller vi spørsmål. Mange spørsmål. Det er et privilegium å få møte nyetablerere og gründere i denne fasen. De kommer med sine idéer i ulik modningsfase og stadium, og med ulik motivasjon for å starte bedrift. Noen har tygd på idéen i årevis, mens andre har hovedsakelig et brennende ønske om å skape sin egen arbeidsplass. Og for oss handler det om å hjelpe på beste vis uavhengig av modningsgrad og motivasjon. I tillegg til førstelinjetjeneste tilbyr vi også andrelinjetjeneste. Det er bedriftsutvikling til allerede etablerte bedrifter, enten gjennom rådgivningstjenester og/eller gjennom næringshageprogrammet. I følge det nasjonale næringshageprogrammet skal næringshagen legge til rette for bedriftsetableringer, videreutvikling
og vekst i eksisterende bedrifter. Vi skal legge til rette for økt verdiskaping hos bedriftene som er med i programmet. Vi fokuserer på økonomisk merverdi for bedriftene tilknyttet det enkelte næringshagemiljøet, samtidig som vi skal bidra til kobling av relevante nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Dette gjør næringshagen gjennom veiledning, kurs, nettverkssamlinger og ulike prosjekter. Både når det gjelder «syretesting» av forretningsidéer, veiledning rundt nyetableringer og bedriftsutvikling så skal ikke vi i Næringshagen på noen måte påberope oss «heila vetet». Men, vi skal vite hvor vettet befinner seg. For det å kunne koble riktig kompetanse til riktig behov, det anser vi som en av våre aller viktigste oppgaver. Og nettopp da er det en fordel med samlokaliseringen i Næringshagen med 28 ulike bedrifter, forankring hos våre store eierbedrifter og ikke minst et aktivt og kompetent nettverk. Og i disse gruppene finnes det mye vett. Lokalt næringsliv trenger nyetableringer, og vi trenger små og mellomstore bedrifter med ønske, vilje og gjennomføringsevne til å vokse og feste grepet om sitt marked. Og vet du, da kan vi forhåpentligvis bidra med litt medvind. Og alle vestlendinger vet hvordan det føles å sykle med Medvind i ryggen – det er deilig det!
“
Det er et privilegium å få møte nyetablerere og gründere i denne fasen.
2 • 2015 1 2016
25
– Om det gjeld nyetablering, bedriftsutvikling, talerøyr, nyskaping, distriktseller tomteutvikling – velkommen til oss. Døra er open.
Dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre, dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling, Asbjørn Moe og redaktør i Medvind24, Kari Aakra arbeider alle for å fremja og utvikla næringslivet i Etne og Vindafjord.
FIKSE UTVIKLING OG NYSKAPING I MEDVIND – Me arbeider alltid på oppdrag frå næringslivet, med saker der bedriftene ynskjer å få fram konsekvensar for næringslivet. Mellom anna er Fikse Næringsutvikling talerøyr for næringslivet sine interesser rundt ny E134 og arealbruk i Etne og Vindafjord, seier Asbjørn Moe. Han er dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling som er ein interesseorganisasjon av og for bedriftene i Etne og Vindafjord. – Når ein først er samla i eit nettverk av så mange dyktige bedrifter, jobbar me ut i frå at ein skal bli betre saman enn kvar for seg. Dette gjer me ved skapa faglege møteplassar, som NæringsGIV på Olalia er eit døme på. – For vårt næringsliv er rekruttering av gode hovuder og hender avgjerande for vidare utvikling og vekst. Difor arbeider me med å synleggjere regionen som ein attraktiv stad å arbeida og bu. Dette gjer me ved å møta potensielle arbeidstakarar på studiestadar i Noreg, på skular og andre møteplassar lokalt, og ved å gi ut næringsmagasinet Tempo. Fikse Næringsutvikling er i dag ein av 28 bedrifter som er samla i Medvind Næringshage. – Me skal gi vind i ryggen til alle som ynskjer å skape noko i det lokale næringslivetet, seier 26
2 • 2016
Merete Vårvik Matre, som nyleg tok over jobben som dagleg leiar i næringshagen. Med seg har ho Morten Helland og Arne Gunnar Habbestad som forretningsutviklarar.
gangane, meiner Matre. – Me har framleis plass til fleire i næringshagen, og er i gang med å frigjera ytterlegare kontorplassar.
Næringshagen har som mål å legge til rette for nyskaping og vekst i nytt og eksisterande næringsliv. Dette gjer næringshagen gjennom rådgjeving, prosjektleiing og kompetanseheving. Både gründarar og bedrifter som ynskjer å vekse eller utvikle seg, kan ta kontakt med næringshagen for å få rettleiing. – Hjå oss kan bedriftene kome innom med sine utfordringar. Me kartlegg kor dei er i løypa, og kva som må til for å nå dei måla dei har sett seg. Me tilbyr også etablerar–rettleiing, noko som betyr at alle potensielle gründerar får gratis rådgjeving for å finne ut om ideen deira held vatn, seier Matre. Ho legg også vekt på at dei gjerne bidreg dersom bedriftene treng attraktive kontorplassar. Medvind–bygget har omlag 80 kontorplassar. – For mange bedrifter er det viktig å kunne ha kontor i ein fellesskap der ein har «kollegaer» å diskutere og sparre med. For mange er alternativet heimekontor, og her vil ein kunne byggje eit nyttig nettverk og hente mykje god input i
Medvind24 er ei samla kommunikasjonsavdeling for og om næringslivet i distriktet. Dei produserer nyhende og innhald til nyhendeportalen medvind24.no, samstundes som dei lagar innhald til bedriftene sine eigne kommunikasjonskanalar. – Eg meiner me har klart å løfte fram mange sider av eit unikt næringsliv, og me ser at mange ynskjer å lese om kva som rører seg i distriktet. Medvind24 jobbar for å synleggjere det attraktive næringslivet, og vise kva moglegheiter som finst i distriktet, seier redaktør i Medvind24, Kari Aakra. – Målet vårt er å halda lesarane våre oppdaterte på nyhende frå næringsklynga, fortelja dei gode historiene og gje lesarane eit innsyn i utviklinga og innovasjonen som har gjort og gjer næringslivet her så unikt, fortel ho. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland
Med felles mål om lokal knoppskyting, næringsvekst og innovasjon har næringslivet i Etne og Vindafjord foreint krefter under eitt og same tak. Medvind Næringshage, Fikse Næringsutvikling, Medvind24, Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og to tomteselskap dreg saman for eit ekspansivt næringsliv. Både for dei veletablerte tungvektarane, så vel som nyskapande gründerspirer.
FIKSE NÆRINGSUTVIKLING
MEDVIND NÆRINGSHAGE
• Interesseorganisasjon eigd av bedriftene i Etne og Vindafjord • IArbeidar for næringslivet sine interesser ved å vere næringsliv et si stemme inn mot offentlege styresmakter • Skapar nettverk og møteplassar for næringslivet • Synleggjer ein attraktiv arbeidsregion
• 28 ulike bedrifter er samlokalisert i Medvind-bygget i Ølensvåg • Lokale bedrifter og Vindafjord kommune eig næringshage • Næringshagen leverer førstelinjetenesta til nye gründerar • Legg til rette for nyskaping og vekst i nytt og eksisterande næringsliv
• Kommunikasjonsavdelinga for og om det lokale næringslivet • Produserer nyhende og innhald til nyhendeportalen medvind24.no • Lagar også innhald til bedriftene sine eigne kommunikasjons kanalar • I Medvind24-redaksjonen: Kari Aakra, Torleif Heggebø og Ellen Marie Hagevik
etnevindafjord.no
medvind-næringshage.no
medvind24.no
ETNE TOMTESELSKAP
VINDAFJORD TOMTESELSKAP
VINDAFJORD ARBEIDSGIVERFORUM AS (VAF)
• Arbeider for å utvikla og selja nye tomter i Etne kommune • Er eigd av fleire lokale bedrifter og kommunen
• Vindafjord tomteselskap utviklar og sel tomter i kommunen • Eigarane er eit spleiselag av kommune og fleire lokale næringslivsaktørar • Dagleg leiar er Morten Helland
• Administrerer kompensasjons midlar som regionen er tildelt i samband med auka arbeidsgivaravgift • Midlane nyttast til tiltak som styrkar næringsutviklinga i regionen • Hovudprosjekta til VAF er kompetanseprosjektet (kurs og føredrag), regionale støtteprosjekt, etablerarstøtte og Medvind24
tomteselskapet-etne.no
minbit.no
arbeidsgiverforum.no
MEDVIND24
2 • 2016
27
PORTRETT
“
Eg har alltid sett potensialet i å utvikla turisme rundt Langfoss til ein berekraftig leveveg i framtida. Nina Kaltwasser
Nina Kaltwasser (54) såg tidleg potensialet i å utvikla eit næringsgrunnlag tufta på turisme då ho flytta inn med Øystein Eljervik, saman med sonen for femten år sidan.
Fjordentusiasten Nå er ho og sonen klare for å investera og utvikla eit anlegg for turisme ved Langfoss, som dei skal eiga og drifta. – Eg har alltid sett potensialet i å utvikla turisme rundt Langfoss til ein berekraftig leveveg i framtida, fortel Nina. Draumen er å skapa eit ekte og særprega tilbod som skal gi gjestene ei god oppleving med kulturhistorisk verdi. Fjella ruvar rundt garden Eljervik, der han ligg som ei perle i enden av Åkrafjorden, like før ein kjem til Fjæra, frå vestsida. Frå tunet har dei panoramautsikt over fjorden, som glitrar utetter langs fjellsidene. Langfoss stuper seg buldrande nedetter fjellsida, sjølv om han ikkje er på sitt største når Tempo er innom. Med sitt 612 meter fossefall er Langfoss Noregs femte høgaste foss, og vart i 2011 kåra av den amerikanske TV-kanalen CNN til eit av verdas ti vakraste fossefall. Gardstunet har husa turistar i mange år og familien til Øystein drifta i 1947-1959 Langfoss-kiosken ved den gamle E134. I dag er det Nina som driv kiosken ved Langfoss, eit augnekast frå gardstunet heime på Eljervik. I tillegg driv dei serveringsstaden Eljervik, der dei tilbyr servering og historieformidling. I det renoverte gamlehuset «Heimvik» nærast fjorden kan dei ta i mot grupper på bestilling, for opptil 50 gjester. Nina har erfaring både med handverksdesign og interiørsaum og har vore leiar i fleire år for ein interiørbutikk i Haugesund. Etter ho flytta til Eljervik, starta ho opp med systove heime på garden, men potensialet som ligg i naturen rundt ho, gjorde at ho ikkje klarte å slå seg til ro med syinga.
28
2 • 2016
– I dag har me attraksjonen Langfoss, men me må legga til rette for at fleire vegfarande og turistar kan stoppa, og føla seg trygge for den høge trafikkauken, seier Nina. I dag er fasilitetane ved fossen for dårlege og utdaterte. Planane for å utvikla ein ny rasteplass, og eit nybygg er på trappene. Ei satsing og investering dei gjer i samarbeid med Statens Vegvesen. Statens vegvesen har vedteke at Langfoss er ein av dei 5 rasteplassane som skal ha høg standard i strekningen mellom Drammen og Haugesund. Nina fortel at endeleg konklusjon bør koma i løpet av desember. Dei må landa på nokre endelege byggjekostnadar, som for deira del inneber ei investering på rundt åtte millionar. Bygget skal innehalda toalettfasilitetar, utsal, turistinformasjon og rasteplassareal disponibelt på taket. I alt 170 kvadratmeter kompaktbygg, som dei skal eiga og drifta med Statens vegvesen som leigetakar for deler av arealet. Dersom det blir semje om byggjekostnadar, er planen å koma i gong med bygging hausten 2017. Statens vegvesen prosjekterer parkeringsarealer, trafikksikringstiltak og rasteplass, og planlegg oppstart våren 2017. – Det er viktig at me ikkje tek oss vatn over hovudet, smiler Nina. Men tidsmessig er det rett tid for satsing, meiner ho. Åkrafjorden har opplevd ei massiv auke i besøkjande dei siste åra og Nina Kaltwasser har deltatt aktivt på denne reisa. Ho omtalar seg sjølv som urokråka i familien. Men både sambuar og sonen har forståing for at turistsatsinga kan vera berekraftig for framtida. Sonen som no har overtatt vurderer ei mogleg omstrukturering av garden, som har husa både sau og gris og er i tankeboksen for ei eventuell nysatsing. For at gardsdrifta
2 • 2016
29
– Me sel i dag Åkrafjorden via Åkrafjorden Oppleving, fortel Nina Kaltwasser. Langfoss har blitt ein stor attraksjon, som ligg strategisk til mellom Preikestolen i Ryfylke og Trolltunga i Hardanger. Ho er dagleg leiar for Eljervik Gard, og marknadsansvarleg for Åkrafjorden Oppleving, som har hatt stor vekst og frå cruiseturismen dei siste par åra.
skal kunne gå rundt økonomisk, må ein investera i ny driftsbygning for å handtera fleire dyr og koma nye landbrukskrav i møte. Ho fortel at tankar og draumar fekk høve til å bli sett ut i live, då Etne kommune tilsette ny reiselivsleiar, Egil Ørjan Thorsen. Han såg saman med dei grunnlaget for å utvikla Eljervik-garden til eit turistmål. Tankar om servering og utleige heime på garden vart lufta og konkretisert. Omtrent på same tid fekk dei ein avtale med Statens Vegvesen om å overta kioskutsalet og ein leigeavtale om å drifta Langfoss rasteplass. – Eg fekk tidleg høyra at suvenirar ikkje sel. Eg tenkte det måtte vera motsett, og valde å satsa på sal av suvenirar, lokalmat, skinn- og handverksprodukt. Dette saman med eigendesigna Langfoss-produkt har gitt klingande mynt i kassen. Trass i lite parkeringsplass har Nina auka omsetninga i kiosken ved Langfoss, kvart år sidan ho tok over ansvaret for drifta. Åkrafjorden Landskapspark såg og dagens lys på denne tida. Dette var reiselivssatsinga til Etne kommune i samarbeid med landbruksavdelinga i Hordaland Fylkeskommune, og stiftinga var basert på friviljug innsats med samarbeid frå grunneigerar. Nina fortel at bygda samla seg for å sjå kva ein kunne få til, for å selja inn Åkrafjorden som eit mål for turistar, og kva opplevingar ein kunne tilby. Men det mangla eit salsledd i stiftinga som kunne setja saman pakkar, marknadsføra og selga produkta. Dette førte til etableringa av Åkrafjorden Oppleving i 2007 for å samla aktørar under ein felles paraply, der ein kunne samla seg rundt felles marknadsføring og sal av produkt frå Åkrafjorden. Her er John Karsten Hustveit dagleg leiar medan Nina Kaltwasser er salgs- og marknadsansvarleg. – Me sel i dag Åkrafjorden via Åkrafjorden Oppleving AS fortel Nina.
30
2 • 2016
Åkrafjorden Oppleving bidreg til å få høgare verdi på produktet. Skulle kvar og ein av oss aktørane selt seg inn kvar for seg, ville ein ikkje sett same effekt. Men på same tid er er det viktig at kvar og ein aktør lagar sine eigne produkt og pakkar, understrekar Nina. Desse kan Åkrafjorden Oppleving selja inn som opplevingar turistane kan velja i. I dag kjem hovudmengda av besøkjande som kjøper opplevingar til Eljervik og Åkrafjorden via cruisebyråa. Dette er turistar som har fått smaken på roen og tett-på-naturen opplevinga ein får på Eljervik, som ramar inn den spektakulære naturopplevinga. Mykje av det som hender i livet kjem av lagnaden, meiner Nina. Etter å ha jobba i mange år for å marknadsføra Åkrafjorden, var det ein telefon frå ein spansk turist via ein direktemail til Eljervik Gard i 2014 som verkeleg blei døropnaren for oss. Nina fortel at dei i fyrste omgang vart utfordra i mailen til å ta imot seksten personar som skulle reisa på cruisetur til Norge og til Haugesund hamn og da ville dei sjå Langfoss. Dei ønskte eit to-timars privatopphald i fjorden og eg starta med å tilby ein minibuss – men det enda opp med to fulle busslaster, ler ho. Hadde eg ikkje tatt initiativet og våga organisera turen så kan det henda me hadde brukt fleire år på å bygga opp volumet mot cruiserederia. Her var det berre å hive seg rundt å få med Åkrafjorden Oppleving og John Karsten Hustveit for å laga ein pakke som innebar guida busstur frå Haugesund med Knapphus buss, «Hikingtrip Langfoss» inkludert nistepakker av lokalmat, båttur på fjorden, der turistane kom tett på Langfoss. Gruppa vart delt i to, der seksti prøvde seg på tur opp langs Langfoss medan resten var med på fjordtur og gardsservering. – Me var jo litt stolte av at me klarte å hive oss rundt og organisera ein slik dag, guideteksten på Engelsk som skulle omhandla høgdepunkt
I gamlehuset på Eljervik Gard tar Nina Kaltwasser i mot grupper på 20-40 personar, og serverer mat og formidla lokalhistorie.
FA K TA frå Haugesund til Åkrafjorden laga eg på ein natt, smiler ho. Det blei ein fantastisk dag for gjestene og glimrande tilbakemeldingar. Resultat av denne dagen var at cruisesjefen i Haugesund snakka med Costa Cruise sin agent og dei inviterte oss med i helikopter frå Haugesund hamn og fauk oss inn til Åkrafjorden. Me fekk synt fram og forklart kva me kunne tilby tilreisande cruiseturistar, som skulle gå i hamn i Haugesund. Dei har vanlegvis 7,5 timar dei kan nytta på dagsutflukt før skipet tek dei vidare. For selskapet er det viktig å tilby cruiseturistane møte med lokalt vertskap og at opplevingane skal vera så autentiske som råd. Me starta med 100 cruisegjester august 2014 og i 2017 kan me forventa ei auke til omlag 6000. – Åkrafjorden har noko unikt, understrekar Nina. Langfoss har blitt ein stor attraksjon, som ligg strategisk til mellom Preikestolen i Ryfylke og Trolltunga i Hardanger. Me sel eksklusive og gode opplevingar som vekkjer sansane både via inntrykk og matopplevingar. Sjølv om den nye given i turistnæringa til tider kan vera hektisk, stortrivs ho i rolla som vert og marknadsførar for Åkrafjorden. – Eg er glad i folk og likar å knytta meg til folk, samstundes som eg ønskjer å gje folk gode opplevingar – og i Åkrafjorden har me mykje å tilby. Men medan energien og satsinga for Nina og familien nå er sentrert rundt Langfoss og utbygginga der, klarar ho ikkje gje heilt slepp på draumen om ei framtidig satsing på Eljervik-garden. Ein draum som inneber overnatting og hotelltankar – eit Naturhotell hadde vore heilt fantastisk, avsluttar ho. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi
Nina Kaltwasser (54) Er dagleg leiar for Eljervik Gard og salgs- og marknadsansvarleg for Åkrafjorden Oppleving. Sambuar med Øystein Eljervik Ein son på 32 år Ei dotter på 31 år Hobby: Handarbeid Er: Entusiast som glør for det eg jobbar med. Set pris på idéutvikling og løysingar på kva me kan få til. Blir inspirert av å reisa. Tar med meg idear og inspirasjon heim igjen.
2 • 2016
31
BU I VINDAFJORD
Dei ser lyst på det – folk i Vindafjord
Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:
· · · · · · · · · 32
Imponerande tal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag
Det er god glid i Vindafjord Nokon likar hausten, andre våren og sommaren. Nå er det vinteren sin tur. Då er mange opptekne av god glid. Dei som bur i Vindafjord har gode tilbod året rundt, og mange er dei som ser fram til flotte skiturar til Olalia, Mettebu, Vikestølen eller andre sjarmerande plasser. Folka som arbeider i og driv det lokale næringslivet gjer også sitt beste for å ha god glid, sjølv om det av og til kan «lugga litt». Vindafjordingar har mange gode grunnar til å sjå lyst på det. Dei som arbeider i Vindafjord kommune gjer også sitt beste for at alt skal gli godt, og me ynskjer alle Vindafjordingar ei god førjulstid og ein flott vinter.
arbeider for å yta på sitt høgste nivå Levande bygder – der den enkelte er særs viktig
vindafjord.kommune.no 2 • 2016
VITAL OG SENTRAL
Vin nars k al l e.no
Kariann Eide har hatt fast jobb som feiar i Vindafjord kommune sidan 2014, men kosar seg nå i barselpermisjon. Er frå Yrkje i Tysvær, men har tatt med seg mann og kjøpt seg hus i Skjold.
Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere
MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV NÆRINGSLIV I VEKST
Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i
Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.
Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01
trygg • raus • engasjert
post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no 2 • 2016 33
KORTNYTT FRÅ BEDRIFTER I ETNE OG VINDAFJORD – året som gjekk og året som kjem 2016/2017
Responsa:
Ølen Betong:
- I vekst og skal utvide med nytt kontor i Haugesund (Nordsjø Kontorpark) fra nov. 2017. - Leter etter dyktige jurister til kontorene i Isvik og Haugesund. - Frokostsamlinger for lokalt og regionalt næringsliv.
- Lars Arvid Norekvål er ny økonomi- og administrasjonsleiar før Ølen Betong og Ølen Betong Transport. - Ølen Betong gjekk dette året inn som største eigar av nye Sandnes & Jærbetong, ei samanslåing av tidligare Sandnes Betong og Jærbetong.
Knudsen Dørfabrikk:
Bremnes Seashore AS avd. Trovåg:
- Det er i år 70 år sidan Ragnar Knudsen starta opp bedrifta Ragnar Knudsen Trevarefabrikk. Bedrifta er no i tredje generasjon. - Me jobbar kontinuerleg med effektivisering. Akkurat no er det fokus på karmproduksjonen og lakklinja.
- Har i 2016 fedigstilt 2 hallar. - Ida Helene Funderud Kallevig er tilsett som biolog. Nytilsette: - Ørjan Haraldseid, automasjon og elektro. - Lars Gunnar Økland, automasjon og elektro.
Oland AS:
MCE:
- Tilsett Henriette Karlsen i deltidsstilling for salg og oppgaver innen prosjektene. - Vi jobber nå mer med CE-merking for stålbygg og litt mindre med ISO9001.
- Nytilsett daglig leder Jan Terje Hovda - Ny HMSK/kontormedarbeider Trine Byggstøyl - Vi søker to mekanikere og én prosjektleder.
Småfolk Barnehage:
Knapphus Kjøkkensenter:
- Er blitt Noregs fyrste EQ barnehage (emosjonell intelligens). - Har satsa tungt på kompetanseheving av tilsette, der alle får ei ettårig utdanning innan Relasjonskompetanse.
- Ferdigstilt ny utstilling: «Knapphus Leiligheten» Alt er selvprodusert på Knapphus: Kjøkken innredning, Baderoms innredning, Walk in, Garderobe innredning, Soveroms innredning, Vaskerom innredning, til og med TV benk.
Joakari AS
Vinnarskalle
- Joakari AS har fått ny ung daglig leder i Line Nesheim Andersen
Har gjort dette i 2016: - Nytt navn, slagord, profil og nettsida til Tungesvik Hytto - Ny profil, merkevarestrategi, brosjyre og nettsida til Skakkelaks - Levert magasinet iSveio - Foredrag for Personalhuset sine kundar
- Joakari AS har fått kontrakt på drift av kantina til AF Decom på Raunes i Nedre Vats.
34
2 • 2016
RØRLEGGER NILS TORGRIMSEN
EN STØDIG LEVERANDØR OG SAMARBEIDSPARTNER SIDEN 1977 Totalleverandør av bad og våtrom Utfører alle vvs- og rørleggertjenester Jobber med prosjekt for privatpersoner, næringslivet og offentlige aktører
KONTAKT OSS RØRLEGGER NILS TORGRIMSEN
BESØK OSS
ÅPNINGSTIDER
En familebedrift som i dag har 9
Du finner oss på
man-tor 10:00-16:00
ansatte i tillegg til innlede rørleggere.
Sandeidsvegen 15
fredag 10:00-16:30
5580 Ølen
lørdag 10:00-13:00
KONTAK OSS telefon 53 76 80 62 epost post@ntorgrimsen.no nettside bademiljo.no
SAMARBEIDSPARTNERE Ølen Byggeservice
Helgevold Elektro
Gundersen Flis
Berge Sag og Trelast
© Ellen Marie Hagevik/Medvind24
©Meister Fotografi
©Kari Aakra/Medvind24
©Meister Fotografi
- av og for næringslivet Bidreg til nyskaping
Representerer næringslivet
Frontar ein attraktiv arbeidsmarknad
Samlar eit sterkt bedriftsnettverk
Påverknad og gjennomslag hjå styresmakter via ei samla stemme
Synleggjering av ein attraktiv og mangfaldig arbeidsregion
Faglege møteplassar for bedrifter i Etne og Vindafjord
• Ny E134
• Gir ut næringsmagasinet Tempo
• NæringsGIV på Olalia
• Sentrumsutvikling
• Meir næringsareal
• Arrangerer møteplass for lokale
• Bransjekoordinator
• Tomteutvikling
• Fagseminar
• Forretningsutvikling
• Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv
bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar
• Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord
•Koplar bedrifter og jobbsøkarar
Fikse påverkar vegen vidare Med 12 milliardar i omsetning og 3500 arbeidsplasser, sørger dei 145 medlemsbedriftene i Fikse Næringsutvikling for å setje regionen på kartet. Ved å samla interesser og ressursar står me betre rusta for å møte framtida. Me står betre og sterkare i lag.
Samarbeid mellom lokale bedrifter, interesseorganisasjonar og offentlege myndigheter
Dagleg leiar Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling SA Tlf. 977 71 755 post@etnevindafjord.no Facebook.com/EtneVindafjord
etnevindafjord.no