Anette Lauareid Hovda
Fungerande dagleg leiar
Fikse Næringsforening
Anette Lauareid Hovda
Fungerande dagleg leiar
Fikse Næringsforening
Rekruttering har aldri vore viktigare for næringslivet i Etne og Vindafjord. Våre lokale bedrifter står midt i ei tid med store moglegheiter, men òg utfordringar. Ein av dei største utfordringane er å sikre tilgangen på god arbeidskraft. For mange bedrifter kan den rette medarbeidaren vere forskjellen på vekst og stagnasjon.
Her i vår region har me mykje å vere stolte av. Bedrifter innan landbruk, industri, teknologi og tenesteyting er ikkje berre viktige arbeidsgjevarar, men òg hjørnesteinar i våre lokalsamfunn. For desse bedriftene er det avgjerande at dei har tilgang på kvalifiserte og motiverte medarbeidarar – folk som ikkje berre kan, men som vil jobbe og bu i bygdene våre.
Dette gjer at rolla til dei lokale vidaregåande skulane er heilt sentral. Vidaregåande opplæring gir ungdommen vår ikkje berre fagleg kompetanse, men òg ein inngangsport til yrkeslivet i nærområdet. Elevane som går ut frå desse skulane, er framtidas fagarbeidarar, teknikarar, helsearbeidarar og ingeniørar –menneske som er med på å sikre livskraftige lokalsamfunn og eit konkurransedyktig næringsliv.
Ein lokal vidaregåande skule gjer òg noko meir: Han knyt unge menneske tettare til regionen vår. Når dei får utdanninga si her, skapar det band og røter. Dette aukar sjansen for at dei vel å bli verande eller kome tilbake – og at dei bidreg til utviklinga av våre bedrifter og lokalsamfunn i mange år framover.
For at me skal kunne møte morgondagens behov, er det derfor viktig at både bedrifter, skule og offentlege aktørar samarbeider om å styrke koplinga mellom utdanning og arbeidsliv. Me må sikre at elevane får relevant praksis og erfaring, og at bedriftene våre har ein klar strategi for å ta imot lærlingar og nyutdanna.
Ei investering i rekruttering og utdanning er ei investering i framtida – ikkje berre for den enkelte bedrifta, men for heile regionen vår. Tilgangen på god arbeidskraft er ikkje noko som kan takast for gitt; det er noko me må jobbe for, kvar dag.
La oss saman skape ein region der folk ikkje berre kan finne arbeid, men der dei òg finn ei framtid.
Utgåve nr. 2 2024
Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening
Ansvarleg redaktør: Anette Lauareid Hovda, Fungerande dagleg leiar
Redaksjon:
Omega 365 Design: Astrid E. Hjelmeland
Hanna Maria van Zijp
Inga K. Wangensteen
Annika Ørnes Mæhle
Jonas Sandsgård
Design:
Omega 365 Design
Foto:
Kristian Risanger
Marcus Rødne
Jonas Sandsgård
Framsidefoto:
Kristian Risanger
Annonsesal:
Sandra Hegerland og Eirik Odin Salmo Pedersen
Opplag: 4 100
Trykkeri: Skipnes
Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.
Nitten år etter Thomas Berge flytta heimanfrå for studium har han og sambuaren Iselin Brandal Berge tatt steget og flytta frå byen tilbake til bygda Ølensvåg, saman med to døtre.
Det er eigentleg middagstid når me ringer på døra i Vågshagen. Tiril (5) og Agnes (2) er nett henta i barnehagen, som ligg rett nedi bakken frå der dei bur. I hagestova i Vågshagen er alt lagt til rette for leik og lesing, og togbanen engasjerer systrene til leik.
Thomas og Iselin fortel at det har vore fleire rundar der dei har vurdert å flytte frå Stavanger tilbake til ein stad som kan gi borna ein oppvekst meir lik den dei sjølve hadde i sin barndom. Siste året har dei latt seg inspirere og fått gode råd av vener som flytta tilbake til Lillehammer året før.
— Me har snakka mykje om kor me vil bu, og nå var me leie av å prate om det og klare for å prøva, seier Thomas. Me har begge kjent oss litt vêrsjuke kvar gong vintersesongen har kome, smiler Thomas. Det har blitt mange helger å sette seg i bilen, for å koma seg opp i fjellet og snøen og for å treffe familie både i Ølensvåg og på Sunnmøre.
Thomas Berge og Iselin Brandal Berge har allereie funne seg godt til rette i Vågshagen i Ølensvåg, med fjorden og fjella tett på.
— Nå har me eit romsleg hus der det er plass til å ta imot både vener og familie som kjem langvegsfrå.
Det var ei ledig stilling som idrettslærar på Ølen vgs., som vart lyst ut påsken denne våren, som fekk dei til å ta steget.
Iselin søkte og fekk tilbod om stilling frå i haust, så då var det berre å hive seg rundt, legge huset ut for sal og starta å sjå etter bustad.
Huset i Stavanger vart seld etter fyrste visning til ein småbarnsfamilie, og i Vågshagen kom eit hus for sal som var midt i blinken for familien på flyttefot.
Thomas har ikkje måtta søkja seg over i ny jobb, men tok ein runde med arbeidsgjevaren han har hatt dei siste elleve åra, som har hovudbase i Stavanger.
— Det er jo ikkje optimalt å flytte vekk frå arbeidsplassen, seier Thomas, men ein fordel eg opplever er meir tid til fokus
I heimen er det godt med plass til leik for døtrene Tiril (5) og Agnes (2), og til å ta imot besøk.
og framdrift. Det vart lagt til rette for at han kan jobba i Ølensvåg og at han reiser til kontoret i Stavanger ein dag i veka. Han er glad han fekk høve til å halda fram i jobben, sjølv om han flytta heim.
— Hovudeigar kjem sjølv frå ei lita bygd og var positivt innstilt til å opprette ei avdeling på bygda, fortel han.
— Det er ekstra kjekt å få halda fram med ein jobb ein utdanna seg til og har erfaring med sjølv om ein flyttar, understrekar Iselin. Ho har jobba som idrettslærar ved St. Svithun vgs. si idrettslinje sidan 2015, der ho trivst særs godt. På same tid har ho og vore innstilt på at det ikkje alltid vil vera lett å finne seg relevant jobb om ein vel å flytte på seg.
Nå er ho komen seg godt i gong i jobben på Ølen vgs., og opplever å ha blitt godt tatt imot sidan dei kom til Ølensvåg i juli. Ho har til og med blitt invitert med på dameturn på Vågen skule av damer frå bygda.
— Folk har vore særs imøtekomande, understrekar Iselin, som og på jobb opplever at kollegaer er interesserte og ber ho ta kontakt om det er noko ho lurer på. Men det er klart det tek tid å landa på ein ny stad, for både store og små.
Iselin er van med å koma til nye stader og gjera grep for å integrera seg i nye miljø. Som ung student i Stavanger kjende ho ingen, men, fekk seg jobb ved Studentsamskipnaden (SIS) sitt sportssenter.
— Her hadde ho ansvar for både gruppetimar og barnepass, fortel Iselin. Det vart mest som ein familie.
At det vart idrettsfag på Iselin har samanheng med at ho alltid har hatt ein sterk lidenskap for dans, trening og friluftsliv. Ho har dansa aktivt sidan ho var ung og vaks opp blant fjord og fjell i tettstaden Brandal i Møre og Romsdal. Medan ho gjekk på musikk, dans og drama på Fagerlia vgs. i Ålesund hadde ho og ei deltidsstilling som danselærar i kulturskulen.
Etter vgs. gjekk ho på danselinja på Trøndertun folkehøgskule i Melhus. Draumen var lenge å kunne utdanna seg som dansar, men med tanke på framtid og yrke valde ho vekk dansen og vurderte om politiyrket kunne vera noko for henne. Som ein del av vegen vidare tok ho årsstudium ved NTNU i Trondheim. Men eit pauseår i Orlando, der ho arbeidde ved Epcot-senteret fekk ho på andre tankar. Ho valde å studere idrett ved Universitetet i Stavanger og fekk tilbod om å ta del i eit nyoppretta prøveprosjekt for master i same fag, der pedagogikken blei ein del av det femårige utdanningsløpet.
Thomas har installert seg med kontor i Medvind sine lokaler i Ølensvåg. Han fortel han set pris på å ha eit kontorfellesskap
å gå til, der han kan eta lunsj med tidlegare skulekameratar som nå jobbar i Omega, og slå av ein drøs med tilsette i andre bedrifter som held til der.
— Eg hadde sytt med å berre sitte på heimekontor, seier han og understrekar at han set stor pris på og meiner det er kult å sjå korleis bedrifter i Vindafjord har satsa. Han opplever at «alle» rundt han i Stavanger har høyrt om gründermentaliteten i heimkommunen.
— Det er kult at Medvind finst og at Omega og andre bedrifter satsar. Det er ein kultur for bedriftsutvikling og vekst i Vindafjord.
Thomas sin yrkesveg, der han i E-plug jobbar med å utvikle elektromekaniske produkt for brønnintervensjon, kom frå hans interesse for finmekanikk, som han fortel starta i tidleg alder. Alt som kunne skruast frå kvarandre og monterast var av interesse.
Mogleg fekk denne interessa vidareutvikla seg då han fekk seg ekstrajobb på tidlegare Diversen i Ølen medan han gjekk på Ølen vgs. på studiespesialiserande. På Diversen fekk han skru og reparere syklar i tillegg til sal og vaktmestertenester. Dette oppsøkte han og då han vende nasen mot Stavanger etter endt vidaregåande.
— Eg var litt skulelei og var heldig å få meg jobb på SPINN, der eg kunne halda fram med sykkelreparasjon. Der vart eg i to år før eg starta med studiar.
Studiane som maskiningeniør ved Universitetet i Stavanger såg han for seg skulle ta maks tre år, men eit godt miljø bidrog til at det og vart ein master i subsea-teknologi. Etter eit par år i Ålgård CNC, byrja han i E-plug, som han vart kjend med via ein studiekamerat. Der har han nå vore i 11 år og fått tatt del i veksten frå rundt fem tilsette til rundt 70 tilsette i dag.
Mange år i by har sett sine spor, med gode vener og interesser. Men både Thomas og Iselin oppmodar alle som går og vurderer å flytte heimatt om å ta steget.
– Det er ikkje verre enn å prøve, seier dei samstemt. Dersom ein ikkje trivst eller får det til, så er me ikkje låste og kan snu. Men så langt har denne familien på fire funne seg godt til rette og nyt å ikkje ha suset frå motorvegen nær, ha fjorden og fjella tett på og høve til å gå til barnehage og jobb, om ein ønsker det.
Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland
Foto: Marcus Rødne
Etne Betong tilbyr:
Strukturblokker for støttemur
Ferdige blokker for muring i sjø
Tilbehør til forskaling/støyping
Ferdigbetong med renne-/pumpebil
Ta kontakt for pristilbod!
Riggreparasjon • Skipsreparasjon • Skipsbygging
Karmsund
Tørrdokk: 120x30x8,1 meter
2 dypvannskaier for skip
Florø
Dokkhall: 200x40x7 meter
1 dypvannskai for skip og rigg
Helgeland
Dokkhall: 97x25,5x7 meter
Tørrdokk: 120x28x9 meter
4 dypvannskaier
Flytedokk ØD: 76x13,25x6 m Flytedokk WD: 150x26.5x6.8 m 4 dypvannskaier for skip og rigg
Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen
Sjekk ut våre opplevingar på nettsida: vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord/opplev-vindafjord
vindafjord.kommune.no
I ei tid der både fylkeskommunar og kommunar ser på skulestrukturar og eventuelle nedleggingar, er det distrikta som ber den største børa. Her lokalt står likevel Ølen vidaregåande skule på stødige bein.
Rektor Ruth Sæle gler seg over nylege satsingar og elevane som strøymer gjennom studieløpa hjå dei.
– Søknadstala frå elevane er stabile og Rogaland fylkeskommune har investert mykje hjå oss dei siste åra. Me har mellom anna fått ein ny verkstadhall med klasserom for byggfag og teknologi- og industrifag, samt pussa opp store delar av det gamle skulebygget. Det er ingen tvil om at me vert satsa på, seier rektor Ruth Sæle nøgd.
Ho viser oss rundt i eit skulebygg som nyleg framstod i ny drakt i samarbeid med arkitektar frå Vikanes Bungum. Det gamle skulebygget frå 1989 er blitt ombygd og tilrettelagd for nye behov med fleire grupperom, ei større kantine og mellom anna butikk der ei elevbedrift sel eigenproduserte produkt. Dei rosa-lilla fargane frå åttitalet er byta ut med grøne og blå nyansar, eit veksthus verdig.
– Me hadde ikkje trudd at det gjekk an å gjere store endringar då det er tjukke betongveggar her, men alt viste seg å gå an, fortel den nøgde rektoren.
I nybygget som ligg nærast vegg-i-vegg med skulen, held fleire av dei yrkesretta linjene til. Med ein mangfaldig industri i distriktet, er det stor etterspurnad etter arbeidskraft med fagbrev. Sæle skryt over samarbeidet med næringslivet og gler seg over engasjementet deira. Eit konkret innspel har ført til nytt studietilbod ved skulen.
Når dei tek vidaregåande saman med andre frå det same distriktet knyter dei nye kontaktar og får breiare nettverk.
Ruth Sæle
– I 2022 hadde me eit møte i saman med Medvind og lokale bedrifter. Der kom det inn mange ønske frå næringslivet, mellom anna vart det vektlagt eit behov innan anleggsteknikk. Me starta difor å jobbe administrativt og politisk for å prøve å få eit tilbod om det hjå oss, og frå i haust kunne me tilby anleggsteknikk som programfag på vg2. Det er me veldig glade for!
Vg2 anleggsteknikk handlar om å bygge, vedlikehalde og drifte veg, bane, vatn, avløp og annan infrastruktur. Programfaget skal gjere elevane i stand til å bruke maskinar og utstyr, risikovurdere arbeidsprosessar og gjennomføre tiltak som førebygger ulykker. Per i dag har skulen tilsett ein lærar til anleggsteknikkfaget, og i første kull som starta i år, er heile 50 prosent jenter.
– Me har 15 samarbeidsbedrifter i dette faget, og elevane er ute hjå bedrift tre dagar i veka. Dei er i same bedrift i tre månadar, før dei startar praksis i neste bedrift. Då får dei oppleve ulike bedrifter og oppgåver, samt at bedriftene får treffe fleire elevar. Modellen er henta frå Austrheim vidaregåande skule i Nordhordland, som har hatt suksess med dette. Tredje året søker elevane lærlingplass, fortel Sæle. Også på andre linjer har ein laga kontaktpunkt mellom næringslivet og elevane.
– Det er bedriftsbesøk i fleire fag, alle yrkesfagelevane får praksisplass hjå bedrifter og me skal no i gong med ei yrkesmesse i samarbeid med Medvind og Fikse næringsforening. Kvart år inviterer også lokale bedrifter til «Rulling med russen», der avgongselevane våre blir bussa rundt på bedriftsbesøk. Det har vore eit særs populært arrangement.
Det er ikkje berre etterspurnad frå næringslivet skulen møter. Kva elevane søkjer seg til, samt fylkeskommunen sin tilbodsstruktur, er med på å forme tilbodet deira.
– Det er stort sett stabilt elevtal på rundt 300 elevar hjå oss, med nokre svingingar på enkelte linjer. Søkartala til studiespesialisering har gått litt opp og ned, men no er det mange som søker seg dit og det er veldig kjekt. Samstundes har yrkesfag hatt ei jamn stiging dei siste åra, særskilt på teknologi- og industrifag og elektrofag. På helsefag varierer det litt om me har ein eller to klassar frå år til år.
Sjølv om bornekulla over heile landet vert mindre, er ikkje dette ei hovudutfordring i Etne og Vindafjord.
– Når me ser på statistikkane for kulla framover, er ikkje elevtilfanget alarmerande med tanke på kull. Men me er avhengige av at elevane søker seg hit, understreker Sæle. Det er ikkje kun for skulen sin del ho ser fordelar med at elevane bur heime tre år ekstra.
– Når dei tek vidaregåande saman med andre frå det same distriktet knyter dei nye kontaktar og får breiare nettverk. Det gir eit grunnlag for gode oppvekstår. Det gir også sterkare røter som kan fremje heimflyttarlyst. Det er bra for kommunane og næringslivet.
Ølen vidaregåande skule
• Elevar: 298
• Tilsette: 75
• Utdanningstilbod:
• Studiespesialisering
• Påbygging til generell studiekompetanse
• Elektro og datateknologi
• Teknologi- og industrifag
• Idrettsfag
• Bygg- og anleggsteknikk
• Helse- og oppvekstfag
• Tilrettelagt opplæring
Allereie no er skulen tett på lokalsamfunnet. Kvart år har dei temaveke. I år var temaet Bærekraft, der dei mellom anna trakk inn lokale foredragshaldarar, inviterte flyktningar til språkkafé i kantina og hadde sponsorløp til inntekt for Dagsverk Korosten. Det er heller ikkje kun yrkesfagelevane som er i praksis utanføre skuleveggane.
– I idrettsfag har dei faget treningsleiing, og der har fleire elevar hatt praksis på Ølen skule og i Sandeid fengsel, kor dei har blitt nytta i undervisning og fysisk aktivitet.
Med over 70 tilsette er skulen ein stor arbeidsplass og ei lærarkrise har dei ikkje merka noko til enda.
– Me har stort sett dei folka me treng. Samstundes ser me somme gonger at det er vanskar med å rekruttere til deltidsstillingar og tilsette på yrkesfag. Næringslivet går som det susar og bedriftene treng fagfolk. Det merkar me, men elles er det eit stabilt kollegium med lite utskifting.
Sjølv om framtidsutsiktene ser gode ut for Ølen vidaregåande skule, vil det vere vanskeleg å skalere opp.
– Me kunne gjerne tenkt oss ein til klasse på teknologiog industrifag, men har ikkje plass. Me vil nok ikkje vere prioriterte til utbygging hjå fylkeskommunen, så her er me avhengige av næringslivet om me skal investere vidare, eventuelt ha klasserom andre stader.
Kvart år leverer Statistisk sentralbyrå (SSB) ein indikator på gjennomføring i vidaregåande opplæring. I år kunne dei melde at på landsbasis fullfører 82 prosent av elevane med studie- eller yrkeskompetanse. I Rogaland, som saman med Oslo var dei fylka som låg høgast på statistikken, var andelen 84,8 prosent. I Ølen er gjennomføringsgraden heile 92,5 prosent. Kva er årsaka til det gode resultatet?
– Eg trur me har lite fråfall fordi elevane trivst godt her. Det er små, tette forhold og elevane opplever at dei vert sett. Utfordringar som ekskludering og press under russetid som me les om andre stader, ser me svært lite av her. Dei aller fleste har nokon å vere saman med, og dei vil helst vere alle i lag under russetida. Me har også eit tett samarbeid med helsesjukepleiar og sosialrådgjevar, samt fleire satsingar som MOT, VIP-makkerskap i klassane og oppstartssamtalar med foreldre/føresette og elev når dei startar hjå oss. Det ser me ber frukter, også gjennom gode resultat i Elevundersøkinga, fortel ho.
Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen
Foto: Kristian Risanger
Det er stort sett stabilt elevtal på rundt 300 elevar hjå oss, med nokre svingingar på enkelte linjer.
VG1, Teknologi- og industrifag
– Eg valte å søke her fordi Ølen var nærast, men også fordi det verka som ein kjekk skule med kjekke elevar. Det stemte! Det har vore knallkjekt heile vegen og mykje å gjere på. På TIF var det meir praksis enn eg trudde det skulle vere og eg har blitt kjend med mange nye folk. Alt i alt er det ein bra skule med greie lærarar og elevar.
blitt kjend med folk frå Vikedal, Sandeid, Skjold og litt her og der.
VG1, Bygg- og anleggsteknikk
– Eg starta først på studiespesialisering, men etter ei veke var eg lei av å sitte i ro og byta til byggfag. Det har vore meir praktisk og no vil eg bli tømrar/eigedomsinvestor. Det er kjekt miljø her og ein blir kjend med elevar både i klassen og på tvers av klassar.
fordi det er lokalt, og eg hadde høyrt at det er eit godt miljø og at folk likar seg her. Lærarane er veldig gode og følger oss opp på ein skikkeleg måte. Eg hadde høyrt at ein var meir på eiga hand på vidaregåande, men eg har inntrykk av at lærarane følgjer godt med. Eg har også blitt kjend med mange nye folk. Alle er lokale, men me kjende ikkje kvarandre frå tidlegare.
Opplev lynraskt internett og førsteklasses TV-underhaldning, uansett kvar du er.
Med vår teneste kan du nytte Altibox i Tysnes og Etne - Utforsk ei verd av moglegheiter med oss!
Les meir på enivest.no/tysnes-etne
Direktør i Distriktssenteret, Marit Mellingen, ser nedgangen i barnekull som den største utfordringa for kommunane, men veit også kor kommunane bør satse for å lokke til seg tilflyttarar.
Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
– Kva tenkjer Distriktssenteret om nedlegginga av fleire skular og skulestadar i Innlandet, og at dette er eit politisk tema også fleire andre stader i landet?
– Det er ein realitet i veldig mange fylke, kommunar og bygder. Det har det vore også tidlegare og kjem til å fortsette å vere, og det handlar om endringar i demografi. Barnekulla blir mindre og nokre stader blir det færre folk. Samstundes er det fleire stader i landet at ungdommane må flytte på hybel når dei skal starte på vidaregåande opplæring, men no i Innlandet kom det så brått på. Det er stor skilnad på å vekse opp og vere klar over at ein må flytte vekk på vidaregåande, og å brått måtte endre planar når ein har sett for seg å bu heime. Denne saka viser at i all endring er det ekstremt viktig med gode prosessar. Ein må drive planlegging over tid for å finne gode løysingar og alternativ, og her bør også den lokale arbeidsmarknaden bli invitert med i samarbeidet.
– Kva for ein verdi har ein vidaregåande skule i Distrikts-Noreg?
– Først og fremst produserer dei vidaregåande skulane i distrikta verdifull arbeidskraft til den lokale arbeidsmarknaden. Alle sektorar i kommunane, både privat og offentleg, vil ha eit stort behov for arbeidskraft i framtida. Her spelar dei vidaregåande skulane ei utruleg viktig rolle. Samstundes er skulane ei viktig brikke når ein bygger stadsidentitet. Gjennom utdanningsløpet vert stoltheit av å kome frå ein stad og staden sine lokale kvalitetar ofte forsterka. Me pleier å seie at lærarane er viktige samfunnsutviklarar. Dei er særs viktige for ungdommane i formative år, og tilknyting til heimplassen er noko ein bygger gjennom skuleåra.
– Ser ein nokon samanheng mellom elevar som bur heime når dei går på vidaregåande og auka heimflyttarlyst i vaksen alder?
Vi har ikkje studiar som slår fast at det finst ein slik samanheng. Her trengst det meir forsking, men me gjorde for nokre år sidan ei stor ungdomsundersøking
i både bygd og by. Dei ungdommane som flytta ut for å utdanne seg, som hadde gode oppvekstopplevingar i bagasjen, dei var mykje meir positive til å flytte heim att etter enda utdanning. Dei opplyste ofte at dei ville gje framtidige born den same gode oppveksten som dei hadde hatt. Å investere i gode oppvekstvilkår kan kort og godt vere ein nøkkel til å få ungdommen til å flytte heim att og. Ein annan ting som bidreg positivt, er dersom ungdom i tidleg alder vert bevisst på kva som finst i den lokale arbeidsmarknaden. Dei ser kontorbygningane og fabrikkbygningane, men veit ikkje kva som er inni dei. Om ein opnar dei opp og viser fram moglegheitene i den lokale arbeidsmarknaden og kva utdanning som gjer det mogleg for dei å flytte heim og få ein spanande jobb, gjer ein noko viktig.
– Kva for nokre faktorar ser de at er viktigast når unge vurderer om dei skal busette seg i ein distriktskommune?
– Vi pleier å seie at det er nokre «bli-faktorarar» og «flytte-heim faktorar».
Det første er jobb som er relevant for utdanning og interesse. Vidare er eit variert bustadtilbod viktig. Det bør vere mogleg å både kjøpe, leige og vere ei blanding av einebustadar og leilegheiter. Nærleik til familie og venar er særs viktig for heimflyttarar, og er ofte viktigare enn kva kommunen kan påverke gjennom kampanjar. Elles er også tilgang til sosiale møteplassar og aktivitetar viktige, at ein vert inkludert og får eit nettverk.
– Kva tilrår de distriktskommunar å satse på om dei ønskjer fleire tilflyttarar?
– Ein bør jobbe systematisk for å gjere born og unge tidleg kjende med moglegheitene som finst i den lokale arbeidsmarknaden. Meir langsiktig bør ein jobbe for ein bustadmarknad med variasjon og sirkulasjon. Dette er ei utfordring i mange bygdekommunar.
Det aller viktigaste er å ta godt vare på dei tilflyttarane som kjem og jobbe systematisk for å inkludere dei. I distrikta skjer mykje i nettverk som tilflyttarar ikkje har tilgang til. Informasjon om arrangement og aktivitetar kan gå gjennom jungeltelegrafen, det same med jobbutlysingar med meir. Her er det viktig å vere bevisste, opne opp og tenkje på inkludering.
Kom innom for en kaffe og prat!
Det er mange ting som kan skje i livet, hvor det er lurt å snakke med en av våre dyktige lokale rådgivere. Når du skal kjøpe bolig eller hytte, begynne å studere, bli samboer, bli foreldre, blir alene, hjelpe barna med å komme inn på boligmarkedet, du vil i gang med sparing, eller sørge for at du har de rette forsikringene.
Da skal du vite at vi er her for deg.
Lokal, nær og personlig
Etne Skjold Ølen
haugesund-sparebank.no
Asbjørn Moe var leiar av Fikse næringsforening då første utgåva av Tempo vart sendt i trykken i 2014. Han var, og framleis er oppteken av å fortelje dei gode historiane om eit attraktivt næringsliv og arbeidsliv, -så vel som buliv.
— Kvifor kom de på idéen å starte eit magasin?
— Me fekk tilbakemeldingar frå fleire bedrifter om at ei av dei største utfordringane deira var å jobbe med langsiktig rekruttering. Dei største bedriftene fekk det gjerne til, men marknadsføringa gjaldt kun seg og sine stillingar. Dei mindre bedriftene begrensa seg gjerne til ei annonse i avisa når dei hadde ei stillingsutlysing. Det var lite som var sett i system og her kunne me fylle eit rom. Langsiktig rekrutteringsarbeid gjer ein mykje betre i lag. Sjølv om fleire bedrifter gjerne konkurrerer om dei same hovuda og hendene, bør dei likevel samarbeide om å få fleire å konkurrere om. Dess fleire som kjenner til regionen og bedriftene, dess fleire søker på jobbane. Ein bakar kort og godt ei større kake i lag. Å gi ut eit magasin vart ei brikke i satsinga, då me kunne nå fleire grupper samstundes. Me ønskte å nå både elevar i ungdomsskulen og vidaregåande, studentar og potensielle heimflyttarar. I tillegg ønskte me sjølvsagt at lokale i alle aldrar skulle ha glede og nytte av stoffet.
— Kva er det Tempo kan som ikkje ei jobbannonse eller ein reklamekampanje kan gjere?
— Gjennom eit magasin kan ein vise fram mange ulike sider av Etne og Vindafjord, som kan gjere det attraktivt å busetje seg. Å busette seg i ein distriktskommune er ikkje berre eit jobbval. Det er også ofte eit livsstilsval, særskilt for dei som bur i by og vurderer å flytte på seg. Dette er også noko dei unge tenkjer på opp i gjennom når dei skal velje yrkesveg.
Ofte er det også ein familie som flyttar heim med to vaksne og det er ikkje berre ein som skal ha jobb. Ein treng også ein jobb nr. 2. Då er det nyttig å ha eit magasin som kjem ut regelmessig, og som byr på aktuelt og oppdatert stoff om arbeidsmoglegheiter så vel som bu- og fritidsmoglegheiter.
— Har magasinet fylt rommet de tenkte?
— Me har fått mange tilbakemeldingar på at Tempo har blitt mykje lest og er ein populær publikasjon. Det har blitt eit magasin som er interessant for folk flest og som held høg kvalitet på stoffet. Det er noko du like gjerne plukkar opp for å lese når du hygger deg på hytta, som når du funderer på om du er der du vil vere, anten det gjeld jobb eller der du bur.
I ei tid der kunnskap er under press, er montessoripedagog Roe Lauvås jr. (35) først og fremst optimist.
– Kjempegøy!
– Veldig gøy!
– Eg tok den gøyaste karakteren sjølv!
For Roe Lauvås jr. finst det mykje gøy i vitskap og læring. Som pedagog, føredragshaldar og programleiar, har den tidlegare etnebuen eit nesten utanomjordisk tempo. Med humor og lang erfaring innan forskingsformidling, er Roe ei slags naturkraft på feltet. Han ønskjer elevar som er nyfikne på forsking og fakta – for drivkrafta er å skapa eit meir kunnskapsbasert samfunn. Når Roe snakkar med Tempo, har han den veka hatt alt frå konferanseleiing og vitskapskonsert med Bergen filharmoniske orkester, til jobben som assisterande rektor på daVinci montessoriskole i Bergen.
Korleis Roe blei kongen av kunnskapsformidling, veit han ikkje heilt sjølv. Som mange andre hardtarbeidande fagfolk, kallar han seg «heldig» som har fått jobba med så mykje forskjellig. Det starta iallfall på Bergen vitensenter under studietida: Som lærarstudent gjekk han frå å jobba deltid til å halda vitenshow på fulltid. Nå kjem det igjen:
– Det var kjempegøy! Eg fekk vera med å utvikla undervisningsopplegg, og etter kvart skreiv eg Skandinavias første vitskapsmusikal! Det var ein gøyal formidlings-leikeplass på Vitensenteret, seier Roe.
Etter kvart byrja han med minishowet «Roe møter», der han intervjua alt frå nevrolog til insektekspert. Vitskapsmusikalen «Vilde Vite og Halemysteriet» var resultat av frie tøylar til å
skapa noko nytt, som altså blei ei førestilling med berekraftstema. Roe elska kvart steg av den kreative prosessen. Då førestillinga skulle setjast opp, tok han altså «den gøyaste karakteren sjølv!». Etter at Bergen vitensenter hadde spelt vitskapsmusikalen, blei den kjøpt av Den nasjonale scene i Bergen, som sette den opp sjølv. Det var i denne perioden Roe kom i kontakt med daVinci montessoriskole i Bergen.
Sidan montessoripedagogikk og det ein driv med på Vitensenteret er ganske likt, ville skulen ha ein uforpliktande prat med formidlaren Roe.
– I montessori-pedagogikk jobbar ein fritt med det ein tenkjer er viktig, innføre ein læreplan. Dei tar forsking på alvor, seier Roe.
– Når du jobbar på vitensenter, er det utruleg gøy, men du har ikkje moglegheit til å følgja opp klassane over tid, seier Roe. Som mykje anna Roe tar i, enda praten med Montessoriskolen med eit nytt oppdrag:
– I 2019 var eg så heldig at eg fekk moglegheit til å starta opp ein Montessori-ungdomsskule i Bergen. Der har eg jobba sidan, seier han.
Etter kvart tok han vidareutdanning som montessoripedagog, og starta eige firma som tilbyr konsulentverksemd, vitenshow og føredrag.
Det store oppdraget til Roe er altså eit meir kunnskapsbasert samfunn.
– Det er så mykje usemje rundt i verda. Me har store utfordringar med klima. Då trur eg verkeleg løysinga er kunnskap
og ny teknologi. Samstundes køyrer me barn og unge gjennom eit rigid skulesystem, der dei ikkje får moglegheit til å vera så geniale som dei er, seier Roe.
– Eg er redd for at det er fleire oppfinnarar og forskarar enn me trur. Kanskje kreftgåta hadde vore løyst om me såg dei som ikkje passa heilt inn i klasserommet?
Der vil Roe at ungdomsskulen hans skal vera eit reelt alternativ, på grunn av ein heilt annleis vurderingspraksis utan talkarakterar eller nasjonal eksamen. Montessori-ungdomsskulen skal kunna spegla samfunnet, og byggja opp under den nyfikne eleven som vil testa ut nye ting og søkja ny kunnskap. Elevrådet har stor påverknad på prioriteringar og skulekvardagen. Læraren skal få vera ein autoritativ leiar, som formidlar med både autoritet og varme.
Førebiletet til denne typen lærar kjem frå Etne. Når Roe fortel om si eiga skuletid på Enge skule i Etne, kjem smilet og låtten. Han mimrar om Prøysen-musikal og Ingvar Moe-dikt.
– Eg treivst eigentleg veldig godt. Det var kjempegøy, eg tenkjer tilbake på gøye ting i Etne, med mykje song og mykje kreativt. Det sette eg veldig pris på, seier Roe.
Han hugsar lærarane på barne- og ungdomsskulen som fine og dyktige. Det var spesielt ei som har blitt lærar-førebilete:
– Kan eg nemna einskildpersonar?
Eg hugsar då eg fekk Solgunn Håheim på mellomtrinnet. Ho hadde kontroll, autoritet og varme, og kunne vera kjempetydeleg. Både det og ein enorm varme og omsorg, er ein supervanskeleg balansegong, men det skapar eit miljø der alle blir sett. Det plar eg ofte tenkja tilbake på, seier Roe.
Det største lærarforbiletet er nok likevel mora, Hanne Lise Lauvås. Med lang fartstid både i skulen og som spesialpedagog, har ho vore ein viktig støttespelar i utviklinga av Roe sine pedagogiske verdiar og forståing for korleis alle barn kan inkluderast og lukkast.
Portrettet
Me har store utfordringar med klima. Då trur eg verkeleg løysinga er kunnskap og ny teknologi.
Roe Lauvås jr.
– Dei prinsipp og refleksjonane som driv meg innan utdanningsfeltet, kjem frå frukostane på Silda. Der utvikla eg eit tankesett og ei forståing som pregar arbeidet mitt, seier Roe.
Han trekk også fram ballasten frå oppveksten, der både advokatfaren og spesialpedagog-mora formidla ein sterk arbeidsmoral: Ting skal gjerast skikkeleg. Og dersom ein får gøye moglegheiter, er det berre å hiva seg på. Det har ført Roe frå scene til scene.
Det har også gjort at Roe har engasjert seg i arbeidet med nasjonale retningslinjer for blant anna vurdering og bruk av ikt for Montessori Norge, og med å etablera internasjonalt Montessori-elevråd. – Eg har så vondt av barn og unge, verda er så tilgjengeleg, og dei har veldig oversikt over det som skjer. Barn og unge treng ein plattform til å utrykka seg og bidra. Med det internasjonale elevrådet har dei moglegheit til ein kanal inn til land som kanskje har opplevd kriser, seier Roe.
Trass mykje negativ mediedekning om nye generasjonar, ser han dagleg kor dyktige og innovative barn og unge kan vera. Roe håpar at dei kan bidra til å skapa det kunnskapsbaserte samfunnet han ønskjer seg. Vitskap og kunnskapsformidling si rolle bør styrkast, meiner han.
– Dersom eg kan velja, håpar eg at elevane mine blir forskingspolitikarar eller politikarar som forskar, innan alle typar vitskap. Dersom me har same fakta, har me same utgangspunkt – og eit språk alle snakkar, seier Roe.
– Eg er positiv til framtida, eg då.
Roe Lauvås jr. (35)
• Assisterande rektor på daVinci Montessoriskole i Bergen
• Føredragshaldar, programleiar og konsulent, i tillegg til montessoripedagog
• Styremedlem i Montessori Noreg og Montessori Europa
• Held vitenshow for barn og unge
• Kjem frå Etne
Vi er en global kompetansebedrift som leverer løsninger, ekspertise og personell for å effektivisere prosjekter og drift.
Bli en del av vårt team!
• Spennende kundeoppdrag • Lokale og nasjonale jobbmuligheter
• Sterkt kompetansemiljø • Løsningsorienterte team
• Engasjerende arbeidsmiljø • Inspirerende teambuildinger
• Fantastiske feriehus • Unikt velferdsprogram
omega365.com/jobs
Skift dekk hos oss. Vi har også dekkhotell!
Vi står for riktig utført og prisgunstig verkstedsarbeid. Alt arbeid utføres med reservedeler av originalkvalitet, og selvfølgelig gjelder alle bilens garantier fortsatt når bilen har vært hos oss.
Ditt lokale Meca verksted for alle typer bil i Sandeid og Haugesund!
Effektiv opplæring Fornuftige priser
Opplæring i de fleste
Mirian Hegerland Engelsgjerd dreiv lenge Etne naturterapi i Etne, før ho tok ein pause i praksisen. Ti år etter tok ho sats og starta opp att.
Ho angrar ikkje på valet om å drive for seg sjølv og heier på alle som drøymer om å gjere det same.
– Ein må tørre! Viss ein har eit konsept som ein har tru på, er det berre å hive seg uti. Det er kjekt å vere sin eigen sjef og skape noko sjølv. Generelt inspirerer folk meg som tør, som vågar å gå for det dei trur på. Som ikkje lar seg stoppe av at andre seier dette ikkje er ein god idé. Dette har eg kjent på sjølv. Når du driv for deg sjølv, mister du ein del tryggleik. Du må mellom anna spare til eigen pensjon, men det er fleire ein kan støtte seg på. Eg er til dømes med i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon som er viktig for oss som jobbar i dette feltet.
Ho ser gjennom virket sitt eit aukande behov for stressmeistring, og brenn for å hjelpe folk med å finne meir ro, fokus og velvære i kvardagen.
– Eg driv mykje med massasjebehandlingar i kombinasjon med soneterapi. Alle behandlingar startar med ein samtale. Då blir eg kjend med kunden, helsesituasjonen og me finn ut kva for ei behandling som kan vere best.
I klinikken sin i det raude huset vis-a-vis hotellet i Etne, har ho fulle ordrebøker og mange faste kundar. Ho tilbyr ulike massasjeformer, som aromaterapi, klassisk massasje, muskelmassasje og refleksologi/soneterapi. I tillegg til massasjetenester, tilbyr ho også coaching.
– Grunntanken i behandlingane mine er å ha ei heilskapleg tilnærming. Ein skal jobbe for å styrke kroppen som heilheit, ikkje berre behandle plager isolert. Alt heng saman med alt. Å sjå heile mennesket er viktig for henne både før, under og etter behandling. På benken i det lyse og lune lokalet ønskjer ho at kundane skal få lande, legge bort mobilen, puste og kjenne at dei kjem ned i kroppen.Nysgjerrigheita på korleis kropp og sinn heng saman, kom då ho starta arbeidskarrieren i helsevesenet.
– Eg har ein helsefagleg bakgrunn som hjelpepleiar og autorisert tannhelsesekretær. Eg har også tatt vidareutdanning i miljøarbeid. I 1999 tok eg første massasjeutdanning som aromaterapeut. Dette kombinerte eg med jobb på sjukeheimen, og eg starta praksis heime hjå meg sjølv.
Undervegs tok ho også refleksologiutdanning,grunnmedisin, samt klassisk massasje på Axelsons i Oslo i 2008. Til hausten ventar to år med deltidsstudier innan nevrorefleksologi.
– Utdanninga eg opprinneleg tok for 18 år sidan var refleksologi, og no er den vidareført i oppdatert form og har fått nam-
net nevrorefleksologi. Eg elskar å utvikle meg sjølv og gler meg til å gå tilbake til skulebenken for å oppdatere meg. Det likar eg særskilt godt med denne jobben, ein blir aldri utlært.
Praksisen ho hadde heime vart flytta til Fjordformbygget i 2006 og frå 2008 var ho på plass i det raude huset i Sjoargarden. Praksisen blomstra og fram til 2012 dreiv ho på fulltid. Då hadde ho fått ungdommar i hus, og det var ei travel tid på heimefronten. Ho trengte ein pause og starta i jobb innan helse i Vindafjord kommune. Likevel låg praksisen og faget heile tida i bakhovudet, og i 2022 opna ho opp att.
– Det var litt skummelt å starte på ny. Eg hadde drive godt tidlegare, men det var ikkje sikkert det skulle gå like godt no. Samstundes er faget så kjekt og eg er veldig glad i å jobbe med menneske, så det vart drivkrafta. Etterspurnaden viste seg å fortsett vere der. Eg har gjerne litt ventetid på timar, men det ordnar seg alltid om ein tek kontakt.
Ho ser at det gjerne ikkje er rom for dei pustepausane me treng, i kvardagen i dag.
Etterspurnaden hjå kundane var like stor då Mirian Hegerland Engelsgjerd starta oppatt Etne naturterapi i 2022.
“
At folk kjem tilbake, er den beste tilbakemeldinga ein kan få.
Mirian Hegerland Engelsgjerd
– Eg jobbar mykje med muskel- og skjelettplager. Kundane kjem i stor grad med stressrelaterte plager og eg trur det har mykje med samfunnet me lever i. Me skal vere effektive både på jobb og privat. Ho ser særs positivt på framveksten av yoga, meditasjon og mindfulness.
– Det er bra for folkehelsa at folk finn meir ro. Når me lyttar meir innover, då er me meir tilstades og kan kjenne betre korleis me har det. Då er det lettare å finne svar på spørsmål som «Kva treng eg i dag?», «Kva er viktig for meg?»
Det er ikkje mykje som skal til for å redusere stress i kvardagen, påpeikar ho.
– Det er viktig å ha fokus på å puste. Stopp gjerne opp og ta mikropausar gjennom dagen. Ta nokre minutt der du pustar inn og ut av nasa, med lengre utpust enn innpust. Gjerne beveg deg litt, gå ein tur ut og la mobilen også få pause. Det er berre nokre små avbrekk som skal til for å roe ned kroppen og hovudet. Mirian brenn for faget sitt og at ein skal legge minst like stor vekt på helsevern når folk er friske, som å reparere når dei vert sjuke.
– Eg er veldig oppteken av at me i større grad jobbar førebyggande med folkehelsa, at me jobbar med friskvern. Her er massasje eit godt verktøy. Eg utøver trykk og tøying på vev, muskulatur, blodkar og hud. Dette påverkar nervesystemet og aukar blodsirkulasjonen. Musklane blir smidige og elastiske, samt ein kan påverke ro-hormonet oksytocin ved berøring. Dette er gunstig for å redusere stress i kroppen.
Kundane kjem både privat og via bedriftene dei jobbar i – og dei kjem igjen og igjen.
– At folk kjem tilbake, er den beste tilbakemeldinga ein kan få. Kanskje eg fungerer som ein mikropause i kvardagen. Folk kjem innom og får eit pusterom.
Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen
Foto: Kristian Risanger
Eit sunnmørsk fenomen smitta kjapt over på Etne og Vindafjord for ikkje så alt for mange år sidan.
No er det å finne over alt i Vestland- og Rogaland fylkeskommune. Dette til store glede for store og små.
Fenomenet me snakkar om er dagsturhyttene i Etne og Vindafjord, som før pandemien ikkje eksisterte i kommunane. «Vadhytta» og «Leiteshaugen» blir brukt som «pitstop» for lengre turar, fleire har også hyttene som turmål. Å gå opp skal ikkje vere krevjande, det skal vere for alle, uavhengig av alder og funksjonsevne, ifølgje kommunane.
—Den er ganske populær. For oss barnefamiliar er det ein kjempelett og tilgjengeleg tur – der du kjem deg til fjells utan å slite ut ungane. Det merkar me også i hytteboka – at den stadig er i bruk, seier styremedlem i Barnas turlag, Linda Giersch, om bruken av dagsturhytta i Etne, «Leiteshaugen».
Barnas Turlag har sjølv arrangert tur dit ved fleire anled-
ningar, seinast i midten av november. Då var dei hovudlykttur når mørket hadde lagt seg. På veg opp fekk ungane prøve seg på fleire spørsmål og utfordringar. I enden venta premie til alle som deltok. Kakao, lesestund og bål-kos stod på agendaen då turmålet var nådd.
Å motivere barn, og ikkje minst foreldre til å gå på tur, er hovudføremålet med å arrangere slike turar, seier Linda. Då er dagsturhytta til god hjelp.
—Akkurat når det gjeld dagsturhytta, så er det den som er mest populær. For to år sidan var det stjerneklar himmel og rett og slett magisk. På hovudlyktturane pleier det å vere godt oppmøte.
Barnas Turlag tok i november turen opp til dagsturhytta. Der koste dei seg med kakao med krem samtidig som dei blei leste for av Ingeborg Sørheim.
“For
Det er eit breitt utval med nynorskbøker som born og foreldre kan lese i når dei har kome fram til dagsturhytta i Etne.
oss barnefamiliar er det
ein kjempelett og tilgjengeleg tur –der du kjem deg til fjells utan å slite
Linda Giersch, styremedlem i Barnas turlag
Det er ikkje berre barn, og barnefamiliar som dreg nytte av hyttene som har teke plass ved Leiteshaugen i Etne og Kolbeinshauglia i Vindafjord. Også turlag for den eldre garde drar nytte av tilbodet.
Det er som regel hytta som er turmålet, men om det er vêr til det så går me gjerne lenger, seier Anne Karin Rolfsnes.
Hytta i Vindafjord ligg på fjellet mellom Ølensvåg og Bjoa. Frå Ølensvåg blir turen rekna å ta omlag ein time, med eit også til tider forhaldsvis bratt terreng. Frå parkeringa på Bjoa er du framme på 20 minutt. Sistnemnde passar utmerka for alle.
—Eg trur fleire har kome seg ut på tur, og spesielt eldre folk. Turen er perfekt for alle, og det er ikkje noko sti og krevjande terreng du må gå i, seier Anne Karin.
Dei ivrige turgåarane merkar også at folk frå andre plasser rundt om tek turen. Gjerne turgåarar som har vore på andre dagsturhytter.
—Mange av dei som er her skryt veldig av hytta. Dei seier det var så fint inni. At det var ryddig og reint.
At hytta er godt tatt vare på, er ikkje tilfeldig. Hytta blir vekentleg, året rundt, sett godt etter og stelt med av initiativtakarar frå Bjoa og Ølensvåg. Fleire drar det fram som noko positivt at det er mogleg å kome seg til hytta frå fleire plasser.
Tekst og foto: Jonas Sandsgård
Barnas Turlag arrangerte i november hovudlykttur til dagsturhytta i Etne.
• Dagsturhytta-fenomenet oppstod nord på Vestlandet, i Sogn og Fjordane, for åtte år sidan (2016). Det smitta kjapt over på andre kommunar og fylke. Deriblant Vestland og Rogaland, og no også Agder.
• Hyttene har som føremål å stimulere til mosjon, uavhengig av fysiske føresetnadar. Det skal vere eit lågterskeltilbod som er tilgjengeleg for alle. Det er ulike kriterium som må oppfyllast. Mellom anna god utsikt, få inngrep i naturen og lett tilgjengelegheit.
• Hyttene er finansierte gjennom spelemidlar (1/3), tilskot frå Sparebankstiftinga og dugnad. Både kommunane og fylkeskommunane har bidrege.
• Det er 28 dagsturhytter i Rogaland fylkeskommune, og 58 i Vestland fylkeskommune.
• Hyttene er opne til ei kvar tid, og alle som vil kan ta dei i bruk. Den einaste regelen er at det ikkje er lov til å overnatte.
Heimefrå, men ikkje åleine!
Lundeneset er ein kristen internatskule i Ølensvåg.
I tillegg til ein god skulegang gir vi deg eit trygt miljø, varierte fritidstilbod og vener for livet!
AdvokatfirmaetEurojurisHaugesundASerHaugalandetsstørsteadvokatfirma. Våre19advokatertilbyr kortreistjuridiskbistand tilkonkurransedyktigepriserinnenfor deflesterettsområder.Vibistårprivateogoffentligekundermedsolidkompetanse innenforsåveldet person-somdetforretningsjuridiskeområdet.Detglobale Eurojuris-nettverketsikrerossettett,fagligsamarbeidmedandrekontorernasjonaltog internasjonalt,tilbesteforvårekundermedbehovogoperasjoneroverheleverden.
Medlemsfordeler:
HAUGESUND Haraldsgata 90 | ÅKREHAMN Stongsvingen77 | ETNE Sjoarvegen 7 www.eurojurishaugesund.no / Sentralbord 52 70 10 30
Norsk Maskinformidling AS i Ølen bidreg til at norske bedrifter lettare kan omstille seg, samstundes som dei viser at berekraft kan vere god butikk.
– Det heile er ein god historie på korleis me kan få ut meir av dei maskinane som finst.
Aleksander Stople fortel engasjert om gravemaskina dei kjøpte av eit firma i Trøndelag. Maskina var utdatert for entreprenøren og stod først på lager hjå dei i Ølen ei stund. Etter kvart kom ein førespurnad frå rederiet Eagle offshore. Dei hadde kjøpt opp ein eldre båt som hadde gått som supply-båt i Nordsjøen. No skulle den byggast om til å kunne drive miljø- og geoundersøkingar på havbotn. Båten skulle utstyrast med eit moon pool (luke i golvet på dekk) som dei kunne heise utstyr opp og ned av. Til det trengte dei ei maskin som kunne operere på dekk. Gravemaskina skulle få ei ny rolle. Den vart bygd om og tilpassa for å handtere røyr og anna utstyr, og er i dag i full bruk.
– Den har fått forlenga levetid og ingenting er betre enn det, fortel Stople. Hadde dei sett om bord ei ny maskin, ville den sannsynlegvis ikkje hatt lenger levetid enn denne som er brukt, då maskina skal brukast i hardt miljø, kor korrosjon vil øydelegge den før den er oppbrukt elles.
Bedrifta i Ølen har bygd opp ei blomstrande bedrift basert på ein sirkulær tankegang gjennom reparasjon, oppgradering og gjenbruk av maskinar. Å bidra til større sirkulasjon i marknaden ser dei på som gunstig både for ein konkurstruga bransje, samt klima og miljø.
Historia om gravemaskina skulle også vere eit godt døme på kva fleire norske bygg- og anleggsbedrifter står i no.
– Den trønderske bedrifta me kjøpte gravemaskina av, møtte stadig utfordringar med nye krav til maskinar og teknisk utstyr. Som hjå mange andre, er det dyrt å vere liten eller mellomstor aktør når det stadig kjem nye krav i offentlege anbod. Fleire må kaste inn handkledet då dei ikkje har råd til investere i nytt utstyr i det tempoet som krevst. Bedrifta er i dag konkurs, og det er diverre ikkje unikt.
Konkursnivået i bygg- og anleggsbransjen var i september 2024 femten prosent høgare enn same månad i 2023. Over 1000 selskap innan bygg- og anleggsbransjen står i fare for å gå konkurs det neste året. Dette viser nye tal frå data- og analysefirmaet Dun&Bradstreet. Høgare kostnadar og krav til modernisering, vert peika på som nokre av årsakene.
– Nye maskinar er kapitalkrevjande. Me ser at bransjen i større og større grad går over til utstyrspoolar og leasing av dei maskinane dei treng. Tidlegare gjekk entreprenørane etter dei tilboda som passa maskin- og utstyrsparken dei hadde. I dag er målet at dei i større grad skal leige inn det dei treng, når dei treng det. Her ønskjer me å vere ein god samarbeidspartnar.
Å sørge for større sirkulasjon av maskinar i marknaden, og at alle ikkje treng å eige alt, resulterte også i Bærekraftprisen 2023. Prisen vert delt ut av Haugesund sparebank.
– Det har ikkje vore ein konkret plan å vinne prisen, men det var veldig kjekt. Me har sett bærekraftperspektivet i det me gjer, men det er ikkje gitt at andre ser det. Samstundes er denne kabalen med at ting blir fasa ut og krav til nye maskinar vert heva, ikkje alltid berekraftig. Av og til er det ikkje rett at maskinar blir fasa ut, andre gonger er det, – men ein må følgje offentlege krav.
Dei er klåre på at berekraft må gå hand i hand med lønnsamheit, for at ein skal få til varige endringar.
– Utan lønnsamheit får du korte prosessar. Me kan drive med berekraft på mange måtar utan at det blir lønnsamt. Men skal du får til større endringar, må det vere økonomisk gevinst. Ingenting er berekraftig utan at det er lønnsamt.
– Det er det som ofte er litt vanskeleg, understrekar han.
– Det er enkelt å sjå isolert på klima- og miljøtiltak, men samstundes er det ofte feilen. Når det er isolert, får ein mindre volum. Klarar du å få til ein sirkulasjon der meir heng saman, kan ein få til større bevegelsar. Me står i ei spanande tid der heile samfunnet skal gå i same retning, og då går det an å gjere butikk av det samstundes som du får til store endringar.
Forretningsmodellen har vist seg å bere frukter. Per i dag er det ni engasjerte ved bedrifta i Ølen og eit nytt selskap er på veg. Truck Norge er registrert og køyrer snart ut tenestene sine, der føremålet er kjøp, sal og utleige av truckar til kundar over heile Noreg.
Det er ingen tvil om at framtidsoptimismen er høg på kontoret i Ølen og på spørsmål om kor dei får energi og stå-på-vilje frå, er svaret enkelt.
– Stå opp og stå på. Eg trur livet er så enkelt at om du står opp, står på, og har noko som driv deg, blir livet bra, smiler Stople.
Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen
Foto: Kristian Risanger
Norsk Maskinformidling AS evner å kombinere berekraft og lønnsemd. - Det er avgjerande for å få til varige endringar, seier medeigar Aleksander Stople.
Logistikk og transportavdelingen hjå Westcon Power & Automation (WPA) er mest å rekne som hjarta på bedrifta i Ølensvåg.
Her ekspederer lageransvarleg Sunniva Yndestad Edland og lærling Hanne Arstein, saman med to andre fast tilsette dagleg mellom hundre og to hundre ordrar.
— Me handterer alle type bestillingar, frå to skruar til eit tonn kabel som skal til prosjekt, fortel dagleg leiar i Westcon Power & Automation (WPA) Bjørnar Tveit.
I lagerhallen hjå WPA er reolar fulle med varer klare for sending til prosjekt– både inn- og utanlands, men og til båt- og riggprosjekt like utanfor.
— Våre sendingar av utstyr blir sendt til båtar, riggar onshore og offshore, og via containerar til prosjekt rundt om i heile verda, fortel Sunniva Yndestad Edland.
På logistikkavdelinga hjå WPA får ein tak i alt som trengs av utstyr for å få hjula til å rulle på det store verftet, både lokalt i Ølensvåg, men og for oppdrag på anlegga rundt om i landet og prosjekt offshore.
Det er stor variasjon i ein arbeidsdag fortel Sunniva og Hanne, som set pris på høgt tempo og mykje å gjera.
— Mykje av arbeidsdagen går med til å køyre truck, fylle på vare, vedlikehald og kontroll, innsending av instrument som skal kalibrerast, avfallshandtering og halda lageret reint og ryddig til ei kvar tid.
Sunniva tok fagbrev i logistikk-faget hjå WPA i perioden 2019-2021 og er i dag fagansvarleg for Hanne Arstein, som nyleg har starta eit fagutdannings-løp over på 3,5 år etter å ha vore busett i Skjold i 2 år. Med ein påbyrja Bachelor i barnehagelærar og medie- og kommunikasjonsstudie frå VGS har ho nå vald ein ny yrkesretning.
— Eg høyrde via ein slektning av sambuaren min at WPA søkte lærling i logistikkfaget, fortel Hanne. Det virka interessant for meg då eg har jobba i butikk ved sida av skulegang og har trivst godt med det.
— Ein arbeidsdag er særs variert, med alt frå å hjelpa kundar med bestillingar av varer, ofte eigne tilsette og kundar frå båtar som ligg til.
Synniva fortel og at Hanne snart er i mål med truck lappen, som er eit must når ein skal handtere store leveransar med varer som skal frå lager til kai.
Logistikk-faget og jobben inneber mykje administrasjons- og papirarbeid for å halda kontroll på alt frå bestillingar av varer til pakking og sending både inn- og utanlands. Bjørnar Tveit understrekar at ein jobb som dette ikkje er for kven som helst.
— For å jobba med logistikk og transport hjå WPA krevs det personlege eigenskapar som god struktur, god ordenssans, at ein kan jobba sjølvstendig og at ein kan forhalda seg til andre folk.
Han fortel at det er eit mål å få inn ein lærling annakvart år. I dag er det fire stykk på lager og logistikk, og ein innkjøpar i tillegg.
— Me styrkar nå teamet med ein ekstra innkjøpar, dette er i takt med veksten selskapet opplever i omfang og omsetning, understrekar han.
WPA har opplevd ein positiv vekst sidan WPA vart delt som selskap i 2021, og har sidan vakse frå å vera 80 tilsette til rundt 110 tilsette i 2024. Av desse er rundt 14 tilsette ved Westcon-verftet i Florø og 35 på reiseavtale.
— Me opplever ein stor vekst og auke innan elektro og instrument-reparasjon og vedlikehald, og klassing av riggar før dei skal ut på nye oppdrag offshore, fortel Bjørnar. Han fortel at WPA har elektrikarar som opererer både på eigne verft, på eksterne verft, og elles i Nordsjøen, Europa og Afrika.
Det er eit stort lager og mykje å halda styr på. Til dømes er det til ei kvar tid rundt 150 000 meter med kabel på lageret i ulike dimensjonar.
— Alt som skal ut frå lager må dokumenterast og registrerast. Konsekvensene av feil i sendingar frå lager kan føra til forsinkelsar i oppdrag, som igjen kan ha store økonomiske
• 2017-2020 Medie- og kommunikasjon, Vågen VGS i Sandnes -
• 2020-2022 Påbyrjande bachelor i barnehagelærar ved UIS
• Juli 2024- dd.: Lærling i logistikkfaget
konsekvensar, fortel Bjørnar Tveit. Alt som skal med ut på oppdraga skal bestillast, klargjerast og pakkast frå butikken hjå logistikk og tranport-avdelinga ved WPA i Ølensvåg. Her må haldast kontroll på alt frå verneklede, klatreutstyr til måleutstyr.
— Gode rutinar er avgjerande for å unngå feil i desse bestillings- og pakkingsrundane, understrekar Synniva.
Synniva er oppvaksen på Klepp og flytta til Tysvær då ho starta på ungdomsskulen. Ho gjekk Transport og logistikk på Haugaland VGS. Der vart ho introdusert for WPA, som var på skulebesøk, og fekk ho til å søke læreplass hjå bedrifta i Ølensvåg. I dag er ho både fagansvarleg og lageransvarleg.
Bjørnar Tveit fortel at satsinga på å nå ut til potensielle tilsette via skulebesøk og yrkesmesser er rekrutteringsarena nummer ein, i tillegg til å tilby praksisplasser.
Sjølv om logistikkfaget er relativt nytt som lærefag i WPA, har Bjørnar Tveit god erfaring med å rekruttere etter endt læretid, både innan elektro- og logistikkfaget.
— Me har fleire tilsette som starta i lære, som nå er avdelingsleiarar og har meir enn 20 års fartstid hjå oss. Det betyr mykje, understrekar han.
Siri Tungesvik Vestbø (36) vart nylig sjef for Region Øst i Haugesund sparebank, med ansvar for tre kontor i Skjold, Ølen og Etne.
Frå å vere finansrådgjevar i Haugesund sparebank, har ho på kort tid gått vegen via avdelingsleiarstilling ved filialen i Etne, til nyutnemnd regionleiar for region Øst, kontora til Haugesund sparebank i Etne og Vindafjord. Ho var særs motivert for å søke.
– Det er mange flinke folk hjå oss og eg var veldig motivert for jobben. Sjølv om stillinga ikkje var avgjerande for å fortsette i jobben, kjende eg at eg hadde noko å tilføre. Det var veldig kjekt å få anerkjenning for jobben ein har gjort tidlegare.
I jobben som leiar meiner ho relasjonane til dei tilsette er like viktig som god service til kundane.
– Eg er nok veldig relasjonsmotivert og vil at alle skal ha det bra! Samstundes vert eg sjølv motivert av andre som tek i eit tak, bidreg, jobbar på og engasjerer andre med seg. Eg håpar at eg kan gjere dette.
Ho omtalar kontora ho skal leie som velsmurde maskineri.
– Folk kan jobbane sine og har lang erfaring. Det er ein takknemleg jobb eg går inn i.
Framover er fokuset hennar å finne den rette balansen.
– Me skal kombinere god, gamaldags service og mellommenneskeleg kontakt med kundane sine forventningar til moderne, digitale løysingar, samt vere ein god og attraktiv arbeidsplass. Me må finne balansepunktet samstundes som me har ein klår vekstambisjon lokalt og regionalt.
Teft for god service og relasjonsbygging vart vegen inn i ein bransje som ho ikkje hadde tenkt på under utdanning.
– Eg reiste til Stockholm der eg studerte sosialantropologi og etter det tok eg eit år i England som aupair. Under opphaldet studerte eg også engelsk på college, fortel ho.
Vel heime starta ho på ein bachelorgrad i reiselivsleiing ved BI i Oslo. Tre år vart til fire, då ho jobba mykje attmed studiane. Ikkje alle jobbane gav meirsmak.
– Først prøvde eg meg på marknadsføring. Eg fekk jobb i eit firma der me skulle dele ut produktprøvar på kjøpesenter på Austlandet. Eg køyrte rundt i ein bil frå «Rent a wreck» og delte ut alt frå majones til babyolje. Det var ikkje så kjekt, men eg vart veldig godt kjend på kjøpesenter på Austlandet, ler ho. Via ei venninne fekk ho deltidsjobb i resepsjonen på eit hotell i Nydalen i Oslo. Denne jobben skulle vise seg å vere midt i blinken og etter kvart vart deltidsjobb til heiltidsjobb som avdelingsleiar for resepsjon – med studiar på si. – Hotellbransjen var ein fantastisk bransje å starte yrkeslivet i. Her fekk eg mange mogelegheiter eg er svært takksam for, og som har definert mykje av korleis eg er som person. Eg har framleis nokre av dei beste venene mine frå denne tida.»
Ho kunne gjerne ha fortsett bylivet, men heimlengselen var sterk. Ikkje hjå henne, men hjå sambuar og ungdomskjærasten som opprinneleg var frå Sandeid.
– Leif bestemte oss for at me skulle flytte heim, fortel ho og ler.
Det bar heim til Vestlandet og Vestbø. Leilegheit vart byta ut med einebustad og strandlinje. Siste eksamen var avlagd og hotelljobben sagt opp. Ho starta å saumfare arbeidsmarknaden og søkte på det som var ledig. Mellom anna ei stilling som kunderådgjevar i den nyopna bankfilialen til Sparebanken Vest på Etne senter. Ho søkte utan å ha erfaring frå bankvesenet. Likevel skulle det gå vegen.
– Ho som intervjua meg beit seg merke i at eg ubevisst omtala kundane som «gjester» og var særs oppteken av service. God servicekultur er like viktig i bank som i hotellbransjen, og eg fekk jobben.
Det vart bank for alle pengane. Etter nokre år i Sparebanken Vest i Etne, tok ho vegen til SR-Bank i Ølen og så til ei stilling
som investeringsrådgjevar i Haugesund i SR Bank, samt filialen deira i Aksdal. Etter dette gjekk ho over til Haugesund sparebank i Ølen, før ho flytta inn saman med den nye filialen deira på Etne senter. Å ha hatt arbeidsplass hjå tre ulike bankkjeder har ikkje vore heilt ideelt.
– Eg har vore ramma av ein del omstrukturering og negative prosessar i bank. Eg søkte meg til stillinga som investeringsrådgjevar, men elles har årsaka til jobbskifta vore nedskaleringar og omorganiseringar hjå bankane.
Då ho stod i siste omorganiseringsrunde i SR bank såg ho mørkt på det og var klar for å skifte bransje. Likevel vart ho litt til.
– Den noverande leiaren min overbeviste meg om at eg likevel skulle gi det ein sjanse og at personlege banktenester også var del av framtida. Det viste seg at Haugesund sparebank var ein god match for meg. Banken står stødig og eg ser lyst på framtida, men me skal gjennom store endringar. Det blir spanande å bli med på det som skjer og erfaringa mi no er at det løyser seg. Endringar er bra. Erfaringane mine har gitt meg ein annan ro og eg ser for meg å vere i rolla lenge og lage eit godt fotfeste.
Ho er glad i å jobbe, både ut mot kundane, i samarbeid med dei tilsette og å halde seg oppdatert på den fagleg utviklinga. Familien sørger for balansen i livet.
– Eg kunne sikkert ha jobba så mykje eg ville, men ungane er aktive og i ein alder der det ikkje er mogleg å jobbe frå seks til seks. Tida mellom kl. 16 og 20 er heilag på kvardagane, då vil eg ete middag med familien og følgje opp ungane på deira fritidsaktivitetar. Eg koblar gjerne av med ein joggetur eller rundt eit middags,- eller kaffibord. Det sosiale er viktig for meg.
Sjølv om ho er oppteken av å finne rom for ro, er ho også engasjert på fleire nivå i lokalsamfunnet.
– Eg er styremedlem i Sandeid handelslag, Vindafjord idrettslag og Etne senter. I tillegg er eg lagleiar for fotballaget til Jenter 9. Eg kan ingenting om fotball men er god på administrasjon, ler ho.
etter studiene?
4 Kva skal til for å flytte heim?
5 Kva tenker du om forslaget i statsbudsjettet om å gi studentar som flyttar til distriktskommunane (Etne og Vindafjord inkl.) 25 000kr årleg trekk på studielånet?
Går integrert master i farmasi på Universitetet i Bergen.
Bergen var ein av dei få byane som tilbydde integrert master i farmasi og så hadde eg høyrt mykje bra om Bergen som studentby, alt fra bra studentmiljø til bra kollektiv transport. Eg kjente også nokon som hadde gått på UiB før, som var nøgde med studieforløpet.
Etter studie ønsker eg å reise og oppleve verda. Det freistar og å prøve å jobbe i eit anna land. Det kan og friste å ta litt ekstra fag/årsstudium innenfor Fiskehelse og akvamedisin. Så kjem eg nok heim til Etne, etter kvart når eg er klar for å finna meg til ro.
4. For at eg skal flytte må eg få tilbud om ein jobb som eg trivst godt med og kan ha lenge. Det er og viktig for meg at me har barnehage, skule og andre fritidstilbud for både store og små. Det er viktig for meg å ha familie rundt meg og ikkje minst at vennene mine også flytter heim.
5. Det er eit veldig fint tilbud for oss som ønsker å flytte heim, det skadar jo ikkje å få 25 000kr sletta. Eg trur dermed ikkje at det vil dra alt for mange studentar til distriktskommunane, då ein god bonus ikkje er hovudgrunnen til at eg vil flytta heim.
1. Medie- og interaksjonsdesign
2. Kjente nokre som skulle her, perfekt størrelse på by å studera i.
Forhåpentligvis få meg jobb. Seier ikkje nei til å kunne få jobb i nærområde hima heller.
4. Om eg får jobb i området heima er det ikkje lang veg til å seia ja til det. Ellers er eg usikker på kva som hadde påverka heimflytting.
5. Eit godt forslag for å få folk tilbake til heimen sin og andre til å koma seg ut i distriktet, men om det er nok har eg ikkje peiling på.
Eg tar ein bachelor i Politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen, men denne hausten studerer eg på Boston College i USA. Eg valde å studere i Bergen fordi eg hadde høyrt mykje bra om byen for studentar og det det var eit veldig bra studenmiljø der. Eg visste kva retning eg ville gå etter VGS, så då eg fann ei utdanning som virka spennande i Bergen var valet lett.
3. Etter eg er ferdig med graden min i Bergen, vil eg ta ein mastergrad med fokus på samfunnssikkerhet og krisehandtering, og kan tenke meg å studere vidare i Oslo, København eller Stockholm, eller å bli verande i Bergen.
4. Eg er ganske sikker på at eg ikkje flyttar heimatt til Etne etter eg er ferdig med studiene, då det ikkje er nokre interessante jobbtilbod for meg basert på kva utdanning eg tar. I tillegg trivs eg godt med bylivet.
5. Forslaget til regjeringa om å redusere studielånet til studentar som flyttar til bygdene tenker jeg er fint for dei det gjeld og som ønsker å flytte heimatt. Men om det er eit forsøk på å lokke folk til bygdene trur eg det skal meir til enn ein reduksjon av studielånet. For dei fleste som vel å bli buande i byane er det nok heller jobbtilbod som er det viktigaste.
1. Eg studerar nå sisteåret på Organisasjonspsykologi, HR og Ledelse ved Handelshøyskolen BI
2. Eg har budd i både Stavanger og Oslo før eg endte opp i Bergen, og eg stortrivs! Kanon kjekk by med mange av vennene mine, supre mulighetar innan fritidstilbod og berre alt i alt ein veldig hyggelig by.
3. Planen min etter bachelor er å gå videre på master, også vil eg heim igjen til Ølen, om eg klarar å få meg ein god jobb der. Om ikkje - så blir det nok litt utanfor Bergen, eller oppover mot Balestrand, der sambuaren min er frå. Då er det uansett familielivet som står på agendaen
4. Eg flyttar berre heim til Ølen om eg kan finne eit godt jobbtilbod der. Eg er avhengig av å ha ein jobb eg kan trivast i, og ha i mange år, og gjerne med ulike utfordringar. I tillegg vil eg fokusere litt på fritidstilbodet dei har der, då det er sakna når eg er heime hos foreldra mine på besøk nå.
5. Dersom forslaget i statsbudsjettet blir vedtatt er jo det ein rein lykkerus, spesielt dei som har tatt litt dyrare utdanningar, og kjem til å bruke ei stund på nedbetaling.
Det gjer absolutt lokalbygda meir attraktiv, og det er fleire av vennene mine som kan tenke seg å flytte heim på grunn av det. Det er eit supert lokkemiddel!
Johanne Rafdal Lauritsen
1. Eg studerer rettsvitenskap ved UiB
2. Eg valde i hovudsak Bergen fordi eg hadde høyrt mykje bra om jusstudiet her. Då eg starta å studere var mastergrad i rettsvitenskap berre eit tilbod i Oslo, Bergen og Tromsø, og då blei Bergen det naturlege valet. Bergen er og ein veldig fin studentvy, særleg med dei små avstandane. Regn er eg van med, så det går greit.
3. Eg er ferdig utdanna våren 2025, så då er planen å flytte til Oslo for å jobba som advokatfullmektig.
4. Eg trivst veldig godt i Bergen, så for min del er nok det mest aktuelle å flytte tilbake her etter å ha budd i Oslo. Dessuten er det viktigaste for meg når eg skal velge bustad, kva jobbar som finst. Då stiller nok både Oslo og Bergen ein god del sterkare enn Etne, når ein er advokat. Så sjølv om eg er veldig glad i Etne, og er heime på besøk ofte, så skal det det litt til for at eg flyttar tilbake med det fyrste.
5. Det syns eg er eit godt forslag. Eit økonomisk insentiv til å flytte heim vil nok vera av betydning for dei som ikkje er fast bestemte på å bli verande i byen. Det kan og vere utslagsgivande for dei som er i tvil, eller har tenkt å flytta heim, men ikke har bestemt seg for når.
Treng du hjelp til å ta vare på huden din?
Nå kan du bestille time direkte på nettsida mi.
Min kompetanse og kunnskap gir deg tryggleik og kvalitet.
Bestill ein konsultasjonstime hjå meg, der du får rettleiing om dei beste produkta og behandlingane for din hud.
Informasjon om prisar og behandlingar finn du på nettsida: etnehudhelseklinikk.no
Klem Nina Hudsjukepleiar
Etne Hudhelseklinikk, Haugen, Etne mob 911 13 304 • hei@ninakristinhaugen.no etnehudhelseklinikk etnehudhelseklinikk
læreplass
Last ned Finnfag-appen i
AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar.
Bli sett
Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar
• Ny E134
• Meir næringsareal
• Forenkla byråkrati
• Betre kommune- og fylkesvegar
• Samhandling skule og næringsliv
• Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»
Bli høyrt
Bedriftene sitt talerøyr
• Gir ut næringsmagasinet Tempo
• Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar
• Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar
Bli med Faglege nettverk og møteplassar
• NæringsGIV på Olalia
• Bransjekoordinator
• Fagseminar
• L.Ærling – for lærebedrifter