Tempo 1 2024

Page 1

Bedriftsprofil Instruo 26 I lære Matrosfaget 18 8
Portrettet Turid Berge-Olsen Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord
2 1 • 2024 INNHALD 4 25 3 8 25 18 26 30 34 4 12 Leiar Maritim læretid Utan lastebilen stoppar AS Noreg Vil skapa gode lokalsamfunn Spirande jobbskifte Jobb er nøkkelen til integrering Hestekviskraren Min CV Betongdronninga 30 34 26 8 18 12

På denne måten kan ein bidra til å utvikle lokal kompetanse og sikre tilgang på kvalifiserte kandidatar på lang sikt

Nils Einar Steinstø

Fikse Næringsforening

Samarbeid gir rekruttering

Rekruttering ute i distriktet kan vere ei utfordring, spesielt dersom det er avgrensa med tilgang på kompetanse i nærområdet. Ein strategi for å få tak i nødvendig kompetanse kan vere å etablere utdannings- og trainee-program, samen med lokale bedrifter eller høgare utdanningsinstitusjonar. På denne måten kan ein bidra til å utvikle lokal kompetanse og sikre tilgang på kvalifiserte kandidatar på lang sikt.

Ein annan moglegheit er å etablere pendlarkontor i større byar som ligg tett på, der ein kan rekruttere nødvendig kompetanse og samstundes tilby fleksible arbeidsordningar. Dette kan vere ein måte å sikre tilgang på kompetanse samstundes som ein bidrar til å styrke lokal økonomi og sysselsetting.

Det viktigaste for å lukkast med rekruttering ute i distriktet er å ha ein klar strategi og vere aktiv for å tiltrekke seg nødvendig kompetanse. Ved å samarbeide med lokale aktørar og legge til rette for fleksible arbeidsformer, kan ein bidra til å styrke konkurransekrafta til bedrifta, og samstundes bidra positivt til lokalsamfunnet.

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr. 1 2024

Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening

Ansvarleg redaktør: Nils Einar Steinstø

Redaksjon: Nils Einar Steinstø

Omega 365 Design: Astrid E. Hjelmeland

Judith Sørhus Litlehamar

Hanna Maria van Zijp

Amalie Crowo

Design:

Omega 365 Design

Foto:

Hanna Maria van Zijp

Kristian Risanger

Astrid E. Hjelmeland

Framsidefoto:

Hanna Maria van Zijp

Annonsesal:

Sandra Hegerland og

Eirik Odin Salmo Pedersen

Opplag: 4 200

Trykkeri: Haugesund Bok & Offset

Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.

3 1 • 2024
f to o : A EH

– Jobb er nøkkelen

til integrering

Både Mikiele Guelay Gebresilasie (33) og Yaroslav Huriev (24) meiner det er viktig å kome seg raskt inn i arbeidslivet for å legge grunnlaget for god språkopplæring og integrering.

4 1 • 2024
Mikiele Guelay Gebresilasie meiner det er avgjerande å få jobb for å lære seg godt språk. Sjølv har han to jobbar medan han utdannar seg til helsefagarbeidar.

Integrering

Mikiele er opphavleg frå Eritrea, men har budd i Noreg i sju år. Dei fem siste har han og kona og dei tre barna budd i Ølen, noko Mikiele trivst godt med.

— No går eg på skule i Haugesund for å bli helsefagarbeidar, samstundes jobbar eg både som taxisjåfør hjå CircleK i Ølensvåg og som butikktilsett på Extra på Knapphus. Slik møter eg mange menneske, og får god språktrening, fortel han.

Mikiele var i kontakt med mange bedrifter før han nådde målet om jobb, no håpar han det ordnar seg med jobb i helsevesenet når utdanninga er over.

— Det viktigaste for meg no er å bli endå betre i norsk, eg snakkar mykje med kollegaene mine på norsk, og ein får mykje automatisk språklæring på jobb. Fleire bedrifter burde ha opne dørene for å ta inn flyktningar i arbeidstrening, meiner han.

I juni 2025 er han ferdig på vidaregåande opplæring, og klar for ein ny kvardag som lærling som helsefagarbeidar.

— Eg likar godt å jobbe med menneske, og gi omsorg. Då var det lett å velje seg jobb i helsevesenet, seier Mikiele.

Yaroslav Huriev er frå Ukraina, og har med seg erfaring og utdanning som systemutviklar. No har han fått jobb i Omega 365 Core, noko han stortrivst med. Det siste halvanna året har han budd i Etne, etter ein liten periode i Stavanger då han kom til Noreg.

— Kva som er god integrering, er eit godt og vanskeleg spørsmål. Eg trur mange frå Ukraina slit litt med å lære seg norsk, det er eit vanskeleg språk som er ganske mykje annleis enn engelsk. Heldigvis har eg ein jobb der eg kan snakke både engelsk og norsk, seier han.

Yaoslav søkte på om lag 10 jobbar før han kom inn i Omega 365. Han er samd med Mikiele at jobb er nøkkelen til språktrening og integrering.

— Det er mange dyktige kandidatar til jobbane her i distriktet., så eg var veldig heldig. På lang sikt drøymer eg naturlegvis om å reise heim igjen til Ukraina, men enn så lenge har eg det veldig bra her, fortel 24-åringen.

Integreringsarbeidet i Vindafjord og Etne er organisert som ei eiga avdeling i NAV, der Miriam Aareskjold er avdelingsleiar. Avdelinga har ansvar for heile prosessen frå busetjing, oppfølging og arbeidstrening ute i bedriftene, og held tett kontakt og oppfølging dei 5 første åra flyktningane bur i regionen. Sjølve språkopplæringa er eit samarbeid med vaksenopplæringa i kvar kommune. Vindafjord kommune skal ta i mot 105 flyktningar i 2024, medan Etne skal ta imot 15.

— Kva som er god integrering, kan variere. Det er ofte ein kombinasjon av å delta i arbeid, aktivitetar på fritida og føle tilhøyrsle til den plassen ein bur, fortel Miriam.

— Me har sterkt fokus på at flyktningar så raskt som mogleg skal kome seg ut i arbeidslivet. Men me er avhengige av at det finst arbeidsplassar der ute, og heldigvis er det mange som er flinke til å seie ja, og ta inn opptil fleire på språk- og arbeidstrening, seier ho.

Miriam ser at manglande språktrening og arbeidsplass kan bli ein vond sirkel, ein får ikkje jobb fordi ein er for dårleg i språk, og ein får ikkje betre språk fordi ein ikkje har jobb.

— Me ser at fleire vågar å ta inn flyktningar i jobb før dei snakkar flytande norsk, og det er veldig bra. Så er det stor skilnad på kva bakgrunn folk har med seg, og om utdanninga dei har lett kan omsetjast til den norske arbeidsmarknaden. Ho ser ingen klåre skiljelinjer på kor ein lettast kan få seg jobb

som flyktning, men at både oppvekst – og helsesektoren sårt treng arbeidskraft framover.

— Det viktigaste er at den framtidige jobben din skal vere basert på kva du er god på og kva du ynskjer å jobbe med. Då hjelper det lite om andre har tenkt ut svara for deg, seier Miriam.

Flyktningane som kjem frå Ukraina skal etter retningslinjene ut i praksis etter tre månadar, medan det elles er mest vanleg med praksisplass etter seks månadar.

— Korleis håpar du regionen jobbar med integrering om 10 år?

— Eg håpar me har gode rutinar og gode system, og så har me lyst til å få på plass faste avtalar med bedrifter om praksisplass, då treng me ikkje å starte på null kvar gong det temaet kjem opp.

5 1 • 2024
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Kristian Risanger og Astrid Eidhammer Hjelmeland Yaroslav Huriev er glad han både kan få jobbe med faget sitt IT-utvikling, og samstundes lære seg meir norsk.

Ta turen til Vadhytta i sommar!

Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen

Sjekk ut våre opplevingar på nettsida: www.vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord

6 1 • 2024
Opplev sommaren i #VakreVindafjord Omega 365 Design
vindafjord.kommune.no
foto: Rogaland fylkeskommune

Vi er på jakt etter

Tømrere

Vi har mange spennende oppdrag på hele Haugalandet.

Som tømrer hos Berge Sag er du en del av et stort og solid konsern med mange og varierte byggeprosjekt.

Hos oss er det også store utviklingsmuligheter for den som ønsker en videre karriere innen byggebransjen.

Vi trenger også andre typer ansatte.

Skann QR-koden for mer informasjon om våre ledige stillinger og våre prosjekter

7 1 • 2024

Maritim læretid

— Eg drøymer om å bli kaptein, no trivst eg godt som matroslærling på T/B Sirius, fortel Frederik Matre

Søvik (19) som er lærling hjå bestefar og kaptein Reidar Matre.

Frederik har vore med på sjøen sidan han var liten, og yrkesvalet var ikkje så vanskeleg å ta.

— Eg har visst det heilt sidan barneskulen at eg ville jobbe på sjøen. Det er kjekt med varierande arbeid og ein veit aldri korleis dagane blir. Eg likar å jobbe praktisk, og så blir ein godt kjent rundt kysten vår, seier lærlingen som no er i ferd med å avslutte læretida. Etter planen går han opp til læreprøve i juni.

— Det blir spanande, men dette går nok bra, Frederik er veldig flink. Han er flink til å sjå arbeidsoppgåvene og prøver seg på det meste, det er ein fordel, meiner bestefar og sjef Reidar.

Reidar kjøpte båten T/B Sirius frå Finland i 2011, og i dag går slepebåten på ulike arbeidsoppgåver og strekningar. Det handlar mykje om slep av lekterar, mottak av båtar eller arbeid rundt

8 1 • 2024

riggar. Reidar Matre er nok av mange og kjent som medeigar og dagleg leiar i sertifiseringsselskapet Chainco AS som sertifiserer kjetting til offshore – og landbasert industri. Som fødd og oppvaksen inn i Westcon-selskapet og bror av Matre-brødrene som i dag styrer den skuta var det heilt naturleg å satse på ein arbeidsveg på sjøen.

— Ein god matros må ha stå på-vilje, og lyst til å jobbe. Det er særs viktig å vere nøye med tryggleiken og vere svolten på å lære seg nye ting. Her på båten får han jo prøve seg på det meste sidan me berre er tre tilsette, fortel Reidar.

På T/B Sirius er dei på jobb når det trengs, turnusen er dermed ikkje fastlagt på forhand. Med tre tilsette kan dei gå seglasar på opp til 12 timar. Tilrettelegging for ferie og fri er heller ikkje problem da vi får fri når vi ønsker det.

— Det går eigentleg heilt fint for meg, eg likar variasjonen, og det er ikkje så nøye for meg endå med faste rutinar på friperiodane, meiner Frederik.

I lære

Eg har visst det heilt sidan barneskulen at eg ville jobbe på sjøen
Frederik Matre Søvik

Frederik Matre Søvik (19) er lærling og trives godt på sjøen saman med bestefar og kaptein Reidar Matre.

Etter ferdig læretid vil Frederik gå på skule vidare, målet er først og bli dekksoffiser, før han ynskjer å sikre seg papir som styrmann. Det store målet om å bli kaptein når han etter litt meir fartstid som styrmann, her varierer kravet til fartstid alt etter storleiken på båten han ynskjer å bli kaptein på.

— Dette er jo ein kjempegod måte å kome inn i bransjen på, eg trur nok ein burde fått fram moglegheita til å vere lærling på sjøen på ein endå betre måte. Og ikkje minst dei ordningane som finst for litt spesielle løp, du kan jo vere lærling i fleire år enn to om du slit med å få fullført skuleåra som krevst. Det er mange som er flinke til å jobbe, men som ikkje passar inn i skulesystemet, meiner Frederik.

Det er noko bestefar Reidar støttar.

— Alle passar ikkje på kontor med dataskjermen. Men det er ei utfordring at dei no må vere 18 år før dei får prøve seg på mange ting. Her burde ein slept ungdommane litt tidlegare til, då lærer dei best, meiner han.

9 1 • 2024

Reidar trur bransjen framover kan få utfordringar med å rekruttere nok, og rett kompetanse. Dyrtid, lågt lønnsnivå i bransjen og somme gonger uheldige turnusar kan vere utfordrande for mange.

— Men eg er jo optimist likevel, det må i alle fall gode støtteordningar og finansieringsordningar på plass dersom me skal klare investeringane som trengs for å kome over det grøne skiftet. Eg trur ikkje betalingsviljen er på plass hjå kunden til å betale det som trengs framover.

— Men eg må jo ha tru på framtida, og det er kjekt at Frederik går i fotspora mine her.

Frederik på si side trekk fram alt han har lært i læretida, her er det kunnskap om alt frå egen sikkerheit, tryggleikstiltak på båten, knutar, og kunnskap om tau, wire og kjemikaliar. Skulle han ha gått ein anna utdanningsveg måtte det blitt mekanikar.

— Ja, eg likar å skru på motorar. Men det får eg jo og gjere ein del av her på båten sidan me er så få. Det er jo heilt perfekt for meg, slår han fast.

Ikkje overraskande handlar og mykje av fritida til Frederik om båt.

— Eg har kjøpt meg ein gamal båt på 16 fot, som eg skal pusse opp og male. Det blir kjekt å få den på sjøen i sommar og.

Nye lærefag

Dagleg leiar på Haugaland Opplæringskontor, Anette Lauareid Hovda, fortel at det kom nokre endringar når det gjeld opplæring i bedrift etter kunnskapsløftet i 2020. Nokre programområde fekk nye namn, og nye lærefag vart oppretta. I 2021 fekk ein også læreplan i særløpsfag, og i 2022 vart det innført læreplan for VG3 i andre yrkesfag. Av nye lærefag finn ein blant anna yrkestitlane IT-drifsteknikar, IT-utviklar, innhaldsprodusent, mediedesignar, medieteknikar, service- og administrasjonsmedarbeidar i tillegg til nye lærefag i hest- og dyrefag.

— På nasjonalt plan er det helsefagarbeidarfaget som har fått flest søknadar til læreplass, deretter kjem industrimekanikarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og tømrarfaget. Dette er også det som viser igjen her lokalt, seier Lauareid Hovda og viser til at nye lærefag alltid er velkomne.

— Det er spanande med ei utvikling der ein får eit større utdanningsprogram og fagbrev i fleire yrke. Eg ser ingen ulemper med nye lærefag, men det krev alltid meir i startfasen av slike program. Bedriftene som skal tilby desse læreplassane har ingen som har trakka opp stien i forkant, og ein treng å prøve og feile i større grad for å finne gode interne læreplanar som fungerer godt for lærlingen og bedrifta.

Det er spanande med ei utvikling der ein får eit større utdanningsprogram og fagbrev i fleire yrke.
Anette Lauareid Hovda
10 1 • 2024
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Hanna Maria van Zijp Frederik Matre Søvik har tru på ein yrkesveg til sjøs, draumen er å bli kaptein.
11 2 • 2023 Din lokale hus og hytteleverandør! Din lokale leverandør 187x132.indd 1 22/04/2024 09:33 Me har ledige kontorplassar i Ølensvåg, Sandeid, Etne og Skjold. Stikk innom eller kontakt oss på post@medvind24.no medvind24.no LITT MEDVIND I HVERDAGEN? Vi har ledige kontorplasser i Etne, Skjold, Sandeid og Ølensvåg. Stikk innom eller ta kontakt med oss. Treng du litt medvind i kvardagen?

Hestekviskraren

Hovslagar Eirinn Steffensen (29) skor hestar over heile regionen. Men ho er like opptatt av gode sko som resten av hesten.

«Hestenerd», kallar ho seg. Hovslagar Eirinn Steffensen er eks-bergensaren som emigrerte til Etne, og starta for seg sjølv for å kunna nerda på fulltid. At hesteinteressa har følgt henne heile livet, var ein viktig grunn til at Steffensen ville utdanna seg i hovslagarfaget.

Hestar treng ofte hovstell.

Det kan ikkje gjerast av kven som helst.

– Det er utruleg vanskeleg å få tak i hovslagarar. Spesielt gode hovslagarar med utdanning, forklarer ho.

— Kva er ein god hovslagar?

— Ein som er god med hesten i den sårbare stillinga der dei må løfta foten, som er god på å sjå korleis ein kan vedlikehalda best mogleg, seier Steffensen.

— Det er nokon som ikkje berre driv melk- og brød-skoing, men som er opptatt av korleis maksimera komforten for hesten.

— Me jobbar med levande dyr. Dei har rett på komfortable bein. For det er det det handlar om. Om dyrevelferd, om den beste kunden, nemleg hesten, den mest takknemlege kunden ein kan ha, ifølgje Steffensen. Den treng hovstell kvar eller annakvar månad. Dårleg oppfølging på fotfronten får større konsekvensar enn manglande pedikyr. Som på oss menneske, vil godt stell og gode sko hindra smerter, feilstillingar og skader. Hestane Steffensen jobbar med, er gjerne brukt på gard, i sprang og dressur

– eller til pynt, som ho seier.

Det er også ein marknad i det store islandshest-miljøet på Haugalandet. Kundane er fordelt over Vestlandet. Steffensen har funne ein balanse på faste kundar som ho held sko-intervallet på. Resten av timeplanen blir sett opp deretter.

Hovslagarfaget er ikkje vegen til å bli millionær. Steffensen si drivkraft er dyrevelferd og moglegheit til å vera tett på hest dagleg, i tillegg til dei to hestane ho har sjølv. Å sjå at eigaren får større forståing, og at hesten fungerer betre saman med hen, er givande.

— Eg får prata masse om hest dagleg. Så eg er fullt utprata når eg kjem heim, ler Steffensen.

Steffensen meiner kunnskap er nøkkelen. Sidan ho tok den kursbaserte utdanninga i 2017, har hovslagaren investert tid og pengar i kursing årleg, med spesialisering i hov og musklar.

— Dei heng jo saman frå topp til tå. Det er interessant å vita korleis hovane pregar kroppen – og motsett, forklarer ho.

Målet er ei mest mogleg heilskapleg forståing for heile dyret, også det som skjer ‘over kneet’, som ho seier. Hestemassasje, anatomi, rehabilitering og laserterapi er av kurs og sertifiseringar Steffensen har tileigna seg. Kunden får ein heil pakke med Steffensen i stallen.

12 1 • 2024

Det er utruleg vanskeleg å få tak i hovslagarar. Spesielt gode hovslagarar med utdanning

Eirinn Steffensen

Sidan ho tok fagbrevet som hovslagar, har Eirinn Steffensen investert i stadig meir kunnskap om hest. Nå tilbyr Steffensen både hovstell, hestemassasje og laserterapi. Draumen er å starta eit senter for heilskapleg behandling og rehabilitering for både hund og hest.

Men laser?

— Det er ein kald-laser som aukar energien i celler, og skapar raskare rekonvalesens og mindre smerter for hesten. Laseren kan brukast på sår, sener eller ledd, forklarer Steffensen.

For:

— Eg er hestenerd og likar å grava meg ned i ting og læra meir om dei, forklarer ho.

— Den augneblinken du trur du er ferdig utlært, då kan du pensjonera deg, seier Steffensen.

Meir kunnskap er også viktig for å forstå hesten sin kommunikasjon. Det kan førebyggja skader og smerter.

— Dei prøver, men kan ikkje vårt språk. Før hunden var vår beste venn, så var det hesten.

Dei skuldar ikkje oss så veldig mykje, me skuldar dei mykje. Hestar er fine dyr som fortener det beste, seier Steffensen. Kunnskap om hest har gitt Steffensen nokre aha-opplevingar gjennom karrieren.

— Du kjenner på dei, les litt på kroppen om dei får spasmar i muskelen eller trekk seg litt vekk. Dei eg trudde var ulydige, hadde vondt. Berre tenk deg korleis du reagerer når du sjølv har vondt, resonnerer Steffensen.

At Steffensen les hesten sitt kroppsspråk meir presist, skapar tillit blant kundane – både folk og dyr. Eigaren kan vera trygg på at hesten er i dei beste hender. Ikkje alle vil la ein hovslagar vera åleine med hesten. Kundar som seier at ‘akkurat deg kan eg la sko hesten utan å vera der’, er derfor den beste attesten for Steffensen.

Og derfor tar Steffensen seg alltid god tid til eit oppdrag. I tillegg lønner det seg å vera roleg som person.

— Eg er open med eigaren om det er vanskeleg, om hesten treng beroligande. Det er viktig å setja av god tid til han, ha mykje pausar. Eg pressar aldri hesten ut av komfortsonen. Dei få gongene det ikkje har vore trygt, at hesten har vore fare for seg

14 1 • 2024

Eg jobbar med noko eg er lidenskapleg opptatt av.

Eirinn Steffensen

sjølv og andre, har eg sagt at me prøver igjen ein annan dag, at dette vinn ingen på, seier Steffensen, og legg til:

— Det er veldig få av dei tilfella. Så lenge hesten ikkje har vondt i kroppen, går det stort sett bra.

Sjølv har ho sjeldan vondt i kroppen, trass at hovslagarfaget er fysisk krevjande. Det vil seia, om ho har det, så går det sjeldan ut over jobb.

— Tidlegare kunne eg jobba svært lange dagar. Nå hjelper ungane meg med balansen. Du må vera på plass i barnehagen, seier Steffensen.

Dersom ungane er dårlege, er terskelen derimot låg for å vera heime. Kundane forstår veldig godt akkurat det.

— Dei fleste eg skor for er mødrer, seier Steffensen. Elles blir det lite langfri i bransjen.

— Eg har ikkje vore på ferie sidan 2019! I år skal eg halvannan veke til Kristiansand saman med ungane, seier ho.

Men ho er heldig i jobben som hovslagar, presiserer ho.

— Eg jobbar med noko eg er lidenskapleg opptatt av. Viss eg berre får slappa av litt mellom slaga, så går det fint.

Framover er målet å kunna tilby fleire typar heilskapleg behandling av hesten, med rehabilitering i tillegg til hovstell. Ho ser føre seg eit senter for rehabilitering for både hest og hund. På grunn av mangelen på læreplassar i hovslagarfaget, ser Steffensen føre seg å bli godkjent lærebedrift om nokre år.

I år vil ho fordjupa seg i smiing av hestesko. Kurset er bestilt og Steffensen er klar for å konkurrera på stemne.

Elles held ho på ambisjonen ho har hatt sidan starten:

— Eg vil bli så god som mogleg, behandla flest mogleg, læra mest mogleg – og vita meir korleis hjelpa dyra å ha lange, sunne liv.

Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp

15 1 • 2024

Vi er en global kompetansebedrift som leverer løsninger, ekspertise og personell for å effektivisere prosjekter og drift.

Bli en del av vårt team!

• Spennende kundeoppdrag • Lokale og nasjonale jobbmuligheter

• Sterkt kompetansemiljø • Løsningsorienterte team

• Engasjerende arbeidsmiljø • Inspirerende teambuildinger

• Fantastiske feriehus • Unikt verferdsprogram

omega365.com/jobs

16 1 • 2024 Omega 365

Seatbelts are safer for men. Diseases are more easily detected in men. Even o ce temperatures are calibrated for men, because scientists are using men as a reference point.

We think an unfair world is an unsafe world – let’s end the reign of Reference Man.

Women needed in engineering.

17 1 • 2024
autostoresystem.com
Join us.

Betongdronninga

Turid Berge-Olsen (43) stoler ofte på magekjensla når viktige avgjersler skal tas. Det har vist seg å gi suksess for HR-leiaren i Ølen Betong.

Det var heilt naturleg at eg skulle jobbe her

Turid Berge-Olsen

18 1 • 2024
Turid Berge-Olsen har vakse opp blant betongrøyr og blandeverk. No er ho ein av dei som tek arven vidare.

Turid Berge-Olsen stiller i knallgrøn dressjakke denne dagen, noko som neppe er tilfeldig viss ein tar Ølen Betong-logoen i betraktning. Møtebordet er fullt av grøne reiseeffektar etter selskapet sin firmatur til Palma. 350 tilsette var på tur, og sjølvsagt var HR-leiar Turid reiseansvarleg. Såpass må ein unne seg når ein feirar 50 år i bransjen.

— Turen gjekk kjempefint, og eg har vel sjeldan vore så roleg. Det kjem med alderen det der, eg stressa meir med sånt før, seier ho.

På bordet ligg kvite stråhattar som vart delt ut under festmiddagen, bagasjelappar som sonen har brukt ettermiddagar på å setje saman, solkrem med logo og på stolane rundt møtebordet heng grøne «flysetelappar».

Turid Berge-Olsen (43)

• Bur i Ølensvåg

• Utdanna økonom og jobbar i dag som HR-leiar i familiebedrifta Ølen Betong. Der jobbar ho og tett med brørne Svein Atle og Eiolf Berge.

• Gift med Øystein Berge-Olsen, og har to sønner på 14 og 17 år.

— Eg skjønar jo ikkje heilt kvifor eg tok dei med meg heim, men eg tenkte eg kunne sikkert bruke dei til noko.

Turid ler godt og ristar på hovudet. Det skal vise seg å bli mange slike låttar i løpet av intervjuet.

Fotografen ville gjerne ha Turid ut av jobb-sona. «Kor går du når du skal slappe av og hente deg inn igjen», var spørsmålet. Turid sjølv ser ut som ho ikkje forstår spørsmålet ein gong, og ein kan nesten sjå korleis topp-etasjen jobbar for å finne ein eller anna lokasjon som kan minne om fritid og avslapping.

— Tja, eg har jo blitt litt glad i hagearbeid etterkvart. Deler eit drivhus med naboen, der eg dyrkar chili og diverse grønsaker, men der er det ikkje klargjort nok til å ta bilete no. Og så har me hytta vår på Hervik, der er det fint, men litt langt å køyre for eit bilete? Men det er nok her eg er mest, seier ho.

Ho set seg sjølv raskt i båsen med dei «som likar å jobbe mykje», ho tel ikkje timar, men tar seg ein fripause på ferietur når ho har lyst.

— Påskedagane var heile familien i jobb her. Då demonterte me eit kjøkken, dette er eit fellesprosjekt, seier ho som deler eigarskapet i bedrifta med dei to brørne sine: Svein Atle og Eiolf.

— Det handlar mykje om jobb for oss alle tre, men me drar det ikkje så veldig med oss inn i familielivet. Me likar godt å vere i lag på fritida og, det har og vore pappa sitt håp heile tida: at me må halda på vennskapet.

Pappa er Ølen Betong-gründer Atle Berge. Han har mykje av æra for at Ølen Betong i dag er marknadsleiande på ferdigbetong, betongvarer og betongelement i store deler av landet. No

19 1 • 2024
Portrettet
FAKTA

Fellesskapen rundt matbordet er viktig for Turid, her går drøsen i alt anna enn jobb.

fortel Turid at mange selskap sjølv tar kontakt for å høyre om det er mogleg å bli ein del av konsernet.

— Det har endra seg det der, mange kjenner nok på at dei blir for små i forhold til dei krava som kjem, og korleis ein må rigge seg for å nå fram i marknaden. Då er det nok lettare å vere ein del av noko større, meiner ho.

Atle Berge er også mannen som i 2007 investerte i blandeverk i Murmansk i Russland. Ei satsing som kom i russisk søkjelys, på grunn av det Berge meiner var kontakt frå norske styresmakter for å sikre seg informantar i Russland. I seinare tid har Murmansk-satsinga blitt utskilt frå Ølen Betong, no driv han dette vidare åleine. Tida etter krigen mellom Russland og Ukraina starta opp har og vore ei krevjande tid for betongsatsinga i Russland, og mange har meint at Atle Berge er for Russlands-vennleg.

— Korleis er det å ha ein så frittalande far?

— Kommunikasjon er krevjande. Eg forstår ofte kva pappa seier og kor han kjem frå, men det er leit når han blir misforstått eller pålagt meiningar. Det er jo kanskje slik med eldre menn: dei snakkar og så tenkjer dei lite på konsekvensane?

— Generasjonsskiftet er gjennomført og no er det me tre søskena som eig og driv dette. Og våre barn er jo snart store, det er allereie snart tid for å tenkje på korleis me skal ta dette vidare.

Ølen Betong AS vart etablert i 1974 som et samarbeidsselskap mellom Berge Cementstøperi og Sunnhordland Støperi & Bygg, begge selskap som hadde produsert betongvarer sidan 1950-talet. I 1977 flytta Ølen Betong AS inn i produksjonslokalet på Bergsneset i Ølensvåg. Bedrifta inngår i Nordic Concrete Group, som er landets største produsent av betongprodukt. For

Turid har arbeidsplassen alltid vore der, som ein slags SFO-erstatning og seinare plassen der ho fekk sin første sommarjobb.

— Eg hugsar veldig godt min første lønnsslipp i nåleprint, der mamma hadde stappa oppi ein 100-lapp. På lønnsslippen sto det «laga til møterom og kokt kaffi», eg hugsar eg følte meg heldig sidan dei andre ikkje fekk pengar inni på den måten, seier Turid og smiler. Mora var også delaktig i drifta, fram til ho starta eigen karriere i FixProfil. Selskapet som Turid kallar «hoffleverandør» av effektar og arbeidsklede.

— Pappa meinte at eigentleg burde me hatt litt mindre i timelønn enn andre, sidan me hadde så god tilgang på jobbane. Det er litt synd at me ikkje kan tilby jobbar som dette til ungdommane som ynskjer det. No går det meste på data, så arkivering, makulering og kopieringsoppgåver finns ikkje lenger. Også utearbeid er vanskelegare nå enn før. Me køyrte både truck og hjullastar i «tenåra», men det går ikkje i dag.

Sjølv lærer ho og mannen, Øystein, begge gutane sine å jobbe for pengane. Minstemann på 14 skal ha sommarjobb i kantina til Ølen Betong i sommar, medan eldstemann på snart 17 er heldig og har fått diverse måleoppdrag her, samt nokre vaktmeisteroppgåver hjå Omega 365.

— Han er faktisk den første i storfamilien som tar ein praktisk yrkesveg, resten av oss er jo stort sett økonomar, seier ho og ler.

På kontoret har ho bilete av seg sjølv som liten, sitjande på fanget til onkel Monrad. Han var økonomisjef i selskapet, men gjekk bort i 2018. Det var her i gangane Turid lærte om arbeidsmoral og innsats. Heile tida kjem ho tilbake til at ho er vane med å «ta ansvar».

— Det betyr ikkje at me vart pressa til å gå inn i dette. Eg trur

20 1 • 2024

Eigen song måtte til når avdelinga til Turid skulle heidre leiaren sin. Turid tel ikkje arbeidstimar på kontoret, ho ser på familiebedrifta som eit fellesprosjekt der alle bidreg det dei kan.

aldri at eg tenkte så mykje på at eg skulle eige i bedrifta då eg var yngre, men det var heilt naturleg at eg skulle jobbe her.

Turid kom inn fulltid i bedrifta sommaren 2003, akkurat då Ølen Betong for alvor etablerte seg i Nord-Noreg, og oppstart av Snøhvit-feltet gav betongjobb på gass-anlegget på Melkøya.

— Då var Svein Atle allereie på plass, og det hadde kome nokre telefonar der han lurte på når eg var klar til å starte. Selskapet var i stor vekst då, det passa godt å starte her med han som leiar.

Det låg i korta at dei tre søskena skulle jobbe skulder mot skulder. Eiolf kom inn i 2007.

— Kva kunne du tenkt deg å gjera viss det ikkje blei Ølen Betong-jobb på deg?

— Ja, det er jo litt vanskeleg å sjå for seg. Men eg trur eg ville gjort noko kreativt, kanskje noko grafisk? Form og estetikk interesserer meg. Og språk!

— Veit du – eg hadde ei brev-veninne då eg var lita, me utveksla brev på barneskulen som me las heime og svara på. Ho har fortalt at ho fekk eit av sine brev i retur frå meg med korrektur på skrivefeil med rød penn. Det seier jo litt, og er eigentleg ganske flaut, seier Turid og ristar på hovudet.

Familiebedrifta betyr mykje for Turid, og grønnfargen fylgjer med i kvardagen.

Under firmaturen til Palma fekk Turid sin eigen song frå gjengen på kontoret, songen var signert og framført av Jon Niklas Rønning og i siste vers ventar dei i spenning på kor mange skrivefeil Turid har funne.

I songhyllesten kallar gjengen henne ein «skikkeleg helt», som er «dyktig, fleksibel og best på sitt felt». Dei avslører også at ho «elskar karaoke og har sports-BMW».

— Du likar fart og spenning?

— Ja, det må eg vedgå. På besøk i nord i vinter fekk eg den største og tyngste snøscooteren då me skulle på tur. Etter kvart fekk eg bytta til meg ein mindre som gjekk ganske mykje raskare, han som lånte den til meg fekk ikkje den tilbake for å seie det slik.

— Er du modig, og hiv deg raskt ut i ting?

— Eg veit ikkje det, men eg stoler veldig godt på magekjensla, så eg treng sjeldan lang tid på å bestemme meg. Det gjeld både shopping, kva turar me planlegg eller på jobb.

Lang tid tok det heller ikkje før ho og mannen Øystein vart kjærastar. Ho fann mannen i sitt liv allereie som 13-åring, etter eit danse-kurs visste ho at den to år eldre Ølensbuen var den ho skulle satse på.

— Øystein var gitarist i Ten Sing, og ein kul fyr som ikkje tok

21 1 • 2024
Firmaturen til Palma krevde Ølen Betong-stasj i mengder, på kontoret til Turid ligg restene på utstilling. Onkelen til Turid, Monrad, var økonomisjef i selskapet. I dag tronar biletet av han og Turid på kontoret hennar

seg sjølv så høgtideleg. Me er ganske sjølvstendige begge to, trur nok det er noko av det som har gjort at dette har vart. Eg er glad me ikkje hadde sosiale medium på den tida, det er ikkje så lett å ha kontroll på kor den andre er når du må ringe. Han fekk seg tidleg personsøkjar, men han ringde jo sjeldan opp igjen. Me hang absolutt ikkje saman 24-7.

— Eg har aldri følt på at eg har gått glipp av noko sjølv om me vart ilag tidleg. Me har gjort det me ynskjer begge to, og familielivet er me to om. Eg kan faktisk ikkje seie at me kjenner på denne tidsklemma så veldig, då ingen av gutane våre har farta så mykje rundt på organiserte aktivitetar, så me har ikkje vore så låst til treningstider og køyring her og der.

Ho har aldri jobba redusert, med unntak av eit år på Gran Canaria og ein periode der ho kom tilbake frå permisjon tidlegare enn planlagt.

Eg hugsar veldig godt min første lønnsslipp i nåleprint, der mamma hadde stappa oppi ein 100-lapp.

Turid Berge-Olsen

Oppgåvene er mange og varierte, HR-ansvar, marknadsføring, sosialt liv på jobben og rekruttering for å nemne noko. Som leiar for dei på personalavdelinga er ho opptatt av føresegelege arbeidstider, dei skal ikkje jobbe døgeret rundt sjølv om eit bedriftsoppkjøp kjem bardust på. Sjølv er ho sjeldan avlogga.

— Eg som mange andre, har gjerne PC med på ferie, og er tilgjengeleg på telefon, men eg er blitt flinkare til å ta litt fri innimellom og.

Det kjem stadig nye lover og krav innanfor HR-faget og, nå sist endringane for ansatte i selskap som tilhøyrer konsern. Det gjer straks alt blant anna rundt bemanning litt meir omfattande og tidkrevjande.

— Då hender det eg tenkjer at eg heller skulle tatt meg meir av marknadsføringsoppgåver eller arrangement, men så er det vel tross alt blandinga av mykje forskjellig som gjer jobben interessant.

— Eg har tenkt lenge at eg må få tid til å reise meir rundt på avdelingane for å treffe tilsette. Det er jo HR-arbeid det også, å sjå korleis det står til med dei kollegaene du ikkje treff i lunsjen.

— Er du typen som kan namnet på alle tilsette?

— Nei, men det er ikkje så mange år sidan eg kunne det. Eg er nok framleis den som kan flest namn i bedrifta, trur eg.

På kveldstid går det litt i trening, samt fjelltur med kollegaer frå kontoret. Ho går i to «klubbar», altså veninnegjengar som treffest jamnleg, og slik får ho det sosiale behovet stetta. På jobb er ho glad alle framleis kan bli invitert på same firmatur, sjølv om logistikkjobben er stor når ein har avdelingar over heile landet.

— Det er litt styr og ein del arbeid, men verdt det når folk er så fornøgde. Denne turen kunne me overraske med privat Åge Aleksandersen konsert, eg såg fleire med blanke auge då han entra scena, så det var kjekt.

Så var det dette med ansvarskjensla då. Som medeigar i Ølen Eiendom og styremedlem i Christiansen Bakeri, kjenner ho på ansvaret for å få dette til å gå rundt, og at senteret har eit kafetilbod tilgjengeleg. Det kan og godt tenkjast at du ser henne bak disken, ein kveld bakeriet opnar for uteservering i sommar.

— Eg er blitt flinkare til å tenkje at eg ikkje kan gjere alle til lags, det stikk ikkje så djuptsom det gjorde før viss eg ikkje når over alt. Men ein skal ta folk på alvor, søkjer du etter nye tilsette til dømes så skal du ha tid til å fylgje dei opp. Det er mange sterke bedrifter her lokalt, så konkurransen er sterk uansett om ein søkjer etter folk til Ølen Betong eller ny dagleg leiar til bakeriet.

— Eg håpar at folk ser på meg som ei som lyttar til dei når dei kjem innom meg, det skal vere rom for å snakka om det meste på kontoret mitt.

22 1 • 2024
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Hanna Maria van Zijp Turid ynskjer at dei tilsette skal føle at dei kan kome innom kontoret hennar med dei strevar med. Sjølv drøymer ho om å reise meir rundt på avdelingane.

Hei, du som bur i Etne og Vindafjord!

Ta kontakt med oss. Me vil g�erna vera banken din og disse vil vera rådgivarane dine.

Lokal, nær og personlig

haugesund-sparebank.no

23 1 • 2024
Etne
Ølen
Skjold Siren Haugland Gundersen Wenche V Thorson Siri Tungesvik Vestbø Randi Steinsland Lars Olav Larsen Grethe Solheim Marit Synnøve Frantsen Wenche Helen Søndenå

Etne Betong tilbyr:

Strukturblokker for støttemur

Ferdige blokker for muring i sjø

Tilbehør til forskaling/støyping

Ferdigbetong med renne-/pumpebil

Ta kontakt for pristilbod!

Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 • post@etnebetong.no www.etnebetong.no

KVALITET SIDEN 2001

4 SKIPSVERFT MED 6 DOKKER

Riggreparasjon • Skipsreparasjon • Skipsbygging

Karmsund

Tørrdokk: 120x30x8,1 meter

2 dypvannskaier for skip

Florø

Dokkhall: 200x40x7 meter 1 dypvannskai for skip og rigg

Helgeland

Dokkhall: 97x25,5x7 meter

Tørrdokk: 120x28x9 meter 4 dypvannskaier

Ølensvåg

Flytedokk ØD: 76x13,25x6 m Flytedokk WD: 150x26.5x6.8 m 4 dypvannskaier for skip og rigg

24 1 • 2024 westcon.no
Omega 365 Design
Omega 365 Design mce.no Tlf 53 77 12 70 INDUSTRI INDUSTRIGASS PÅBYGG LANDBRUK & ANLEGG

Ingeborg Johansen (34)

Frå økologi til IT har Ingeborg Johansen navigert gjennom ei mangfaldig karriere. Driven av ei kontinuerleg søk etter fagleg vekst, har ho òg starta si eiga bedrift, DeBoss AS, som trenar fuglar til å plukke søppel.

— Kan du fortelje korleis du endte opp i din noverande rolle innan IT, og korleis vegen gjekk til å starte ditt eige selskap?

— Eg studerte økologi og naturforvaltning med ei interesse for byutvikling, berekraft, natur og formidling. Etter studiane sendte eg ein open søknad til Omega 365 Solutions, og vart kontakta raskt etterpå. IT var ein nytt fagfelt for meg, men med nokre timar med forsøk på apputvikling og nokre rundar med intervju fekk eg jobb hos Omega 365, der eg arbeider i dag. Nå jobbar eg som IT-konsulent, er Team Lead og har starta opp det nye selskapet, DeBoss AS. DeBoss kjem til å bli eit heilt nytt konsept på mange nivå, der eg får moglegheit til å utforske mine idear, skape nye ting og lære om å byggje opp selskap.

— Kva slags drivkraft kan vi lesa ut frå CV-en din?

— Eg har mange drivkrefter, mellom anna nysgjerrigheit, impulsivitet og ein dedikasjon for det eg jobbar med. Eg har gjort mykje ulikt. Mellom anna starta eg mitt eige firma for 10 år sidan som heitte Sunn-Hund, der fokuset var på rådgjeving og rettleiing innan hundetrening og problematferd. Etter det har eg bytta jobbar og etterutdanna meg. Å skape ein balanse er òg viktig for meg, både når det gjeld jobb og privatliv.

— Kva motiverer deg for fagleg utvikling?

— Eg søkjer alltid etter meir sjølvutvikling, det har blitt ein stor del av livet mitt, og etter kvart også ein hobby. Denne utforskinga driv meg videre og utviklar meg og fagleg. Nysgjerrigheita mi for andre menneske og korleis ting fungerer, motiverer meg til å setje meg nye mål. Eg er opptatt av å sjå kva som motiverer andre og korleis eg eventuelt kan motivere dei. Når eg møter på problem, ser eg dei som små prosjekt som gir meg motivasjon til å gå i ei bestemt retning for å løyse det.

— Kva har du lært mest av, arbeidserfaring eller skule, fagbrev og utdanning?

— Arbeidserfaringa er det som verkeleg har gitt meg mest. Det er utruleg kva ein kan lære når ein har tid, trygge omgjevnader og ro til å utforske. Det er som når ein lærer å køyre bil - det er først når du er ute på vegen at ein verkeleg lærer. Det same gjeld når det kjem til jobb, der ein får moglegheita til å samarbeide med menneske, lære frå ulike kulturar og praktisere det ein jobbar med. Men skulen har òg sin verdi, når det gjeld fag som interesserer meg.

— Kva er det vi ikkje ser på CV-en din?

— Engasjementet mitt og interessene mine. Eg ønskjer alltid å utvikle meg vidare og forstå både meg sjølv og det som skjer rundt meg. Eg har mange idear og tankar som ikkje kjem fram på ein CV. Når eg møter eit problem eller jobbar med eit konsept, har eg som mål å alltid finne ei løysing og å utvikle idear for å skape noko nytt og tilføre verda noko bra.

Tekst:

CURRICULUM VITAE

Arbeidserfaring

• DeBoss AS Grunnleiar og dagleg leiar 02.2022 – d.d.

• Omega 365 Solutions AS 02.2019 – d.d

• Aker BP, Support Coordinator og Team Leder 03.2019 – d.d.

• ConocoPhillips, Pims Coordinator 10.2019 – 11.2023

• Harbour Energy, Support for Pims 10.2019 – 11.2023

• Equinor, Support for Pims 10.2019 – 04.2022

• Total Support for Pims m.m 04.2019 – 10.2019

• Hatteland Display, Operatør 02.2014 - 06.2015

• Sunn-Hund (ENK) Leiar, eget firma 05.2013 - 08.2015

• Posten Norge AS, Distribusjon (80% stilling) 11.2009 - 06.2013

• Bro og Tunnelselskap, Bomvakt (80% stilling) 10.2008 - 10.2009

• Vakt og Alarm, Evakueringsvakt (vikar) 08.2009 - 01.2010

• Vakt og Alarm, Brannvakt (vikar) 10.2008 – 02.2009

• Etne og Vindafjord Avløysarlag 06.2007 – 07.2008

• Felleskjøpet Rogaland Agder, Butikk, (fast 10% og ringevikar 02.2007 – 07.2008

Utdanning

• Bachelor i Økologi og naturforvaltning med fordypning i GIS, USN 08.2015 - 12.2018

• Geografisk informasjonssystemer, Universitetet i Sørøst-Norge 08.2017- 12.2018

• Økologi og naturforvaltning, Universitetet i Sørøst-Norge 08.2015 – 06.2017

• Generell studiekompetanse, Studieforbundet, AOF Haugaland 09.2014 – 05.2015

• Hestelinja, Tveit Vidaregåande Landbruksskule 08.2005 – 06.2007

I serien Min CV fortel lokale profilar om eigne vegval og bakgrunn.

25 1 • 2024
Min CV

— Utan lastebilen

stoppar AS Noreg

— Eg treng ikkje ein

sjåfør som har seksar i matte, men ein som stiller på morgonen og vil jobbe, seier Sigve Lervik.

Instruo-gründeren og den tidlegare yrkessjåføren er sentral i NAVprosjektet der arbeidsledige får ein sjans til å kurse seg inn i sjåførstolen.

Samarbeidet mellom NAV og Norges Lastebileier-Forbund, Rogaland og Agder (NLF) var heilt nytt i fjor. Då hanka NAV inn 12 kandidatar i nord-fylket som var utan jobb, men som hadde lyst til å bli sjåfør. Lervik var ein av dei frå bransjen som fekk gjennomføre intensive intervjurundar med kandidatane for å finne ut kven som var mest motivert for å gå vidare, og faktisk gjennomføre utdanninga.

— Me sette oss ned med kvar enkelt og måtte finne ut kven som hadde potensiale til å bli ein god sjåfør, og kven som ville dette nok. 10 av dei 12 gjekk vidare i løpet, og fekk kurs på Haugaland transportskole i Haugesund. I dag er åtte av desse i full jobb, og eit nytt kull er klare. Det er heilt fantastisk med tanke på rekruttering, seier Lervik.

NAV betaler sertifikat-utgiftene til dei som kjem vidare, det er også gjennomført kurs i sørfylket.

— Og det er så kjekt å møte desse kandidatane. Me har jo eit samfunnsproblem når me ynskjer at alle skal passe inn i ein skulekvardag, og forventar dei same resultata av alle.

Då blir det mange som sit i eigen kjellar utan å vite kva dei

26 1 • 2024
Det meste handlar om vegen for tidlegare yrkessjåfør Sigve Lervik. No driv han undervisning av sjåførar gjennom selskapet Instruo.

skal foreta seg. Mange av desse kan bli gode sjåførar. Når eg ser eit vitnemål ser eg kun på fråvær og oppførsel, det er det einaste som betyr noko.

Det meste handlar om store bilar og landevegen for Sigve Lervik. Etter mange år som langtransportsjåfør starta han som trafikkleiar i Hustvedt & Skeie Transport i 2000. I 2012 ville han prøve noko nytt, og starta då med kursing av yrkessjåførar, før han i 2017 kom tilbake til Hustvedt & Skeie, der skulle han jobbe med HR, HMS og internkontroll. Dermed var og ideen om eit eige opplæringsselskap starta.

— Me fann fort ut at det hadde vore lurt å få godkjenning for å drive med etterutdanning av yrkessjåførar (YSK). Det vart starten på selskapet Instruo, som har som mål å gi sjåførane dei kursa og den etterutdanninga ein treng for å halde seg relevant. Målet var å tilby kurs for alle bedrifter i Vindafjord, Etne, Kvinnherad, Suldal og Sauda. Etterpå har utviklinga vore enorm, fortel Lervik engasjert.

I dag er dei blant anna i Aksdal for å gjennomføre kurs i livredning og førstehjelp. Lervik har kurslokale over heile nord-fylket, og er blitt ein naturleg samarbeidspartnar for alle som skal kurse sjåførar.

— Eg trur ikkje me hadde halde på meir enn eit halvt år før dei ringte frå Sapio i Aksdal, og lurte på om me kunne få til eit samarbeid, sidan dei tilbyr kurs innan varmt arbeid, arbeid langs veg, sertifisert opplæring og HMS-kurs. Kvifor ikkje prøve det, tenkte me. Det skulle vise seg å fungere kjempegodt. Då kunne me tilby våre kurs i deira lokale i Aksdal, og dei kunne tilby sine kurs i våre lokale i Sandeid.

Somme dagar saknar Lervik livet som yrkessjåfør. Livet på landevegen ligg i blodet, meiner han på, og er ein jobb du raskt finn ut om du likar eller ikkje. Han likar det godt, og prøver så ofte han kan å få lov til å ta ein ekstratur for Hustvedt & Skeie, som framleis er ein av eigarane bak opplæringsselskapet Instruo.

— Livet som langtransportsjåfør er fritt og godt, men det er ikkje mykje familievennleg. Eg må vedgå at eg gjerne skulle sett meir av oppveksten til barna enn eg har gjort. Eg trur langtransporten må få ordningar som liknar meir på offshore. Meir tid heime, og meir system på friperiodane. Skal ein rekruttere nye sjåførar må det gå den vegen, slår han fast.

— I tillegg må lønna bli betre, i forhold til den tida du er vekke som sjåfør burde jobben vore mykje betre betalt. Men for å få til detta, må prisane på transport opp, sidan marginane i bransjen er små.

Lervik vedgår at statusen til sjåføryrket godt kan løftast, det er slett ikkje alle som ser kor viktig transportsektoren er for samfunnet generelt.

— Utan lastebilen stoppar AS Noreg ganske kjapt. I korona-perioden vart yrket hausa litt opp, og mange påstod dei forstod kor viktige sjåførane er. Eg er ikkje så sikker på om dei framleis tenkjer slik diverre, folk gløymer raskt.

Han meiner transportbransjen burde framsnakke seg sjølv meir, og rett og slett ta meir plass i den offentlege samtalen. Sjølv har han jobba mykje med sikker veg og drive lobbyering inn mot politikarane.

— Me må få fleire til å forstå kor viktig det er med betre standard på E134, det er kontoret til mange sjåførar. Her køyrer dei på smale og svingete vegar til dagleg, det er slett ikkje risikofritt. Bakka-Solheim har vore på trappene i mange år, no må me få dette til. Det er ein skandale viss me får på plass både Røldalstunnelen og Rogfast før me får Bakka-Solheim, trafikkveksten austover her kjem til å eksplodere.

Bedriftsprofil

Når eg ser eit vitnemål ser eg kun på fråvær og oppførsel, det er det einaste som betyr noko.

I 2007 sat dei og rekna på kor mykje det ville koste oss å køyre frå Korlevoll til Texaco i Røldal i dag sett opp mot ny tunnel.

— Me fann ut at ein ville få ein innsparing på heile 90 prosent i utslepp med ny tunnel. Det er jo enormt. Det er vegstandard og rekruttering som er og blir dei to store utfordringane i bransjen framover, ingen tvil om det.

Sjølv har Lervik fått styreplass i NLF og viser til fleire viktige grep som er gjort for å auke rekrutteringa dei siste åra.

— Eg er godt nøgd med at me fekk på plass eige opplæringskontor for sjåførar i 2019. Lærlingane våre er fantastiske og viktige, og det er jo litt av eit ansvar for ein 18-åring som køyrer eit vogntog på 50 tonn. Men eg meiner dei er klare for det. Camilla Grindheim styrer opplæringskontoret som Suldal Transport AS, Hustvedt & Skeie Transport AS, Bøviks Transport AS, Gangstø Transport AS og Toth Transport AS står bak. Målet er å etablere eit opplæringsmiljø som er spesialisert på yrkestransport og logistikk i Nord-Rogaland.

— Det har vore ein kjempesuksess, i dag har me 80 lærlingar og 55 medlemsbedrifter. Det viser at det var eit stort behov for fleire lærlingar og læreplassar. Det er og alt for få skuleplassar på desse linjene, og i dag er det og dyrt å betale for sertifikatet sjølv. Så her må ein gjere noko, meiner Lervik.

Han er og oppteken av at overvakinga i kvardagen ikkje må bli for stor, som sjåfør må ein ikkje føle at alle får med seg alle bevegelsar ein gjer. Skal ein ta vare på ungdommane i yrket, og få flest mogleg til å bli må ein skape ein trygg og sikker arbeidsplass, meiner Lervik.

— Me ser jo sjåførmangelen i mange deler av bransjen, spesielt i buss og persontransport. Der kan det bli veldig mange færre ruter om nokre år dersom me ikkje får fleire til å satse på sjåføryrket.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Kristian Risanger

27 1 • 2024

• MEKTIGE OG SPENSTIGE

NATUROPPLEVINGAR

• TRYGG OG GOD OPPVEKST

• RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

Turistinformasjon

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane.

Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

Etne kommune Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 • post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no

28 1 • 2024
Jettegryter, Rullestad Gary Moore, Skånevik Langfoss Strikkhopp, Trolljuv Via Ferrata Etnefjorden

Opplev lynraskt internett og førsteklasses TV-underhaldning, uansett kvar du er.

Med vår teneste kan du nytte Altibox i Tysnes og Etne - Utforsk ei verd av moglegheiter med oss!

Les meir på enivest.no/tysnes-etne

29 1 • 2024
og TV-tenester. VOOKAL.NO
Mange stader på Vestlandet leverer vi både internett

VIL SKAPA GODE LOKALSAMFUNN

Flest mogleg, lengst mogleg, er Ølen IL sitt motto. Dei vil byggja nye idrettsbanar, miljø, møteplassar – og gode lokalsamfunn.

— Sidan 1935 har det vore eit viktig prinsipp. Flest mogleg lengst mogleg i organisert idrett. Det er bra for både lokalmiljøet og dei som er med, både ungar og ungdommar. Dei siste åra har me jobba vel så mykje med det sosiale. Det seier leiar i fotballgruppa, Mats Årvik, og leiar i idrettslaget, Johnny Vik. Begge er engasjert i fleire delar av idrettsmiljøet i Ølen, som tilbyr alt frå symjing til handball og fotball — men presiserer at Ølen IL si gode utvikling er resultat av laginnsats.

Ølen IL arrangerer aktivitetar som byggjer opp under kjerneverdiane til idrettslaget, som er glede, meistring, samhold og respekt. Derfor snakkar Årvik og Vik vel så mykje om akkurat det sosiale, om korleis eit idrettslag kan driva samfunnsbygging og attraktiv stadutvikling. Ope klubbhus er for eksempel eit populært tilbod der ungdomsskuleelevar får tilgang til huset utan at vaksne passar på heile tida, med PlayStation, Premier League-kampar eller dart. Kampane er dessutan ein viktig møteplass for alle aldrar.

— Å vera på kamp skal vera ekstra kjekt. I både handball og fotball er det mange som kjem på A-lags-kampane. Der kan både vaksne og unge treffa andre, seier Vik.

— Det er noko heilt eige på handballkamp når det er hundre stykk i hallen og kjempestemning, legg han til.

For å lukkast med rekruttering og langtidsmedlemskap, meiner Årvik og Vik at gode forslag gjerne kan testast ut.

— Litt av løyndommen er å ikkje vera redd for å prøva. Sjølv om du ikkje har heilt detaljplanen på plass, så kan den som har lyst og evner, dra i gang, seier Vik.

— Tør å prøva og feila litt! Sjølv om det ikkje alltid blir perfekt, så lærer me litt kvar gong, seier Årvik.

Ulike forslag og initiativ er alltid velkomne, og dei som vil, kan bidra med det dei kan. Ein treng både dei som kan skriva søknader og dei som kan grava.

— Det er så mange som kan forskjellig, som brenn for at det skal vera bra, og som seier at ‘det kan eg ta ansvar for’. Dette er ein god plass å vera, og det må vera meiningsfullt når alt blir drive friviljug. Når folk opplever det, glir det mykje lettare, resonnerer Vik.

Nå er Ølen IL i planleggingsfasen for å utvida tilbodet på idrettsbanen i Ølen. Nå ønskjer Ølen IL å byggja fotballhall. På

30 1 • 2024

sikt ønskjer dei banar for både sykkel, padel og andre aktivitetar. Innføre ein radius på 200 meter vil ein kunna driva med mykje forskjellig. Kontingenten er den same, uansett kva og kor mykje ein driv med.

— Me ønskjer samtidig å behalde ei låg kontingent, slik at alle kan delta på aktivitetane våre, presiserer Vik. Årvik og Vik meiner den planlagt fotballhallen vil vera eit regionalt trekkplaster og viktig for utviklinga av fotballmiljøet i både Etne og Vindafjord kommunar.

Særleg på jentesida har samarbeid mellom kommunane Etne og

Vindafjord ført til ei god, sportsleg utvikling. Målet har vore endå betre fotball-tilbod til jente- og damelaga, og løftet har gitt resultat. I 2023 fekk dei felles A-lag med spelarar frå begge kommunar, og dei siste åra har det vore fin vekst i rekrutteringa. Der fleire idrettslag slit med at særleg jenter fell frå i 14-årsalderen, har trenden snudd i Ølen IL.

«Kjempepositivt,» seier Vik om utviklinga. Ei av gulrøtene er treningsleir til Malaga for spelarar i vidaregåande-alder, med gutar og jenter som reiser annakvart år.

— Det lokkar litt ekstra. Du må ha jobba dugnad og slikt, men

uansett fortset effekten, seier Vik. På leirane er det både det sportslege og samhald i laget like viktig. Og for å byggja opp under fotballen vidare, har Vik og Årvik stor tru på den planlagde fotballhallen.

Me jobbar med å få til finansieringa. Me er heilt avhengige av å få til ein god og langsiktig leigeavtale med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune eller begge, seier Vik. Aktørar i næringslivet har meldt seg på spleiselaget.

— Me har fått positive signal frå fleire i næringslivet. Etter at me har fått avklart om kommunen og fylket er med, så vil me jobba vidare med å få til resten av finansieringa. Det er store beløp, 40 millionar er førebels estimat, slik at me er heilt avhengige av å få næringslivet og finansinstitusjonar med på laget, seier Vik. På sikt vil næringslivet få mykje igjen for investeringane.

— Det viktigaste me kan gjera som idrettslag for å skapa gode lokalsamfunn, er å bidra til gode fritidsaktivitetar og møteplassar, avsluttar Årvik.

31 1 • 2024
Leiar i Ølen IL, Johnny Vik, trenar for A-laget Ølen/Etne Anne Elise Aarekol Kirketeig, og leiar i fotballgruppa, Mats Årvik, er alle nøgde med satsinga på jente- og damefotballen. Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp

Det er ikke få milliarder som er avtalt i Vindafjord og Etne gjennom et godt måltid mat. For ikke å snakke om deling av strikkeoppskrifter, diskusjon rundt turstien mellom Rus og Olalia, lekser for barna, vinklubb… Et kjøkken der du virkelig trives gir verdier langt over det du betaler.

Lyst på nytt kjøkken?

Vi har kjøkken som gir ”dei gode stundene”

Frid er merkenavnet på et konsept vi designer, utvikler og produserer selv. Frid er et gammelt ord som betyr «vakker». Sjekk mer på fridkjøkken.no

Knapphus Kjøkkensenter har levert over 10.000 kjøkken som vi ønsker skal gi ”dei gode stundene”. Vi ser frem til at du stikker innom eller kontakter oss for en kjøkkenprat.

knapphus-kjokkensenter.no

tigne.life

32 1 • 2024 vinnarskalle.no
Anne Mai Øyvind Tore

1974-2024

år

Ølen Betong 50 år!

I 2024 feirer vi 50 år og står støtt ved vårt motto: «en solid framtid» og ambisjonen om å være en ledende betongprodusent i Norge. Dette har vi fått til takket være våre ansatte. De er «likandes folk» - fleksible og uhøytidlige – som tar ansvar for oppgavene og har høy arbeidsmoral!

I dag har vi produksjon på over 20 steder i hele landet og er passert 350 ansatte. Vi er en del av konsernet Nordic Concrete Group, som har lokasjoner over 70 steder og sysselsetter 860 ansatte.

Vi søker nå LØNNSANSVARLIG

Vi søker deg som liker å jobbe med lønnsfaget og har god kjennskap til gjeldende avtaleverk. Du bør ha gode IT-ferdigheter, samt kunne lede og organisere lønnsavdelingen vår.

Les fullstendig utlysning på våre hjemmesider.

Vil du bli med på laget?

Se ledige stillinger på: olenbetong.no/om-oss/jobb

33 1 • 2024

Spirande jobbskifte

— Det medmenneskelege er det som skil denne bedrifta frå andre. Spira utvikling er ei bedrift som har sterke og rause verdiar og rom for alle enkeltmenneske, seier nytilsett dagleg leiar Kenneth Karlsen.

Karlsen har bakgrunn frå industrimekanikk og er i dag kvalitet– og teknisk leiar hjå Knudsen Dørfabrikk i Skånevik, ein jobb han stortrivest i. I tillegg er det nok mange som tenkjer på politikk når Karlsen sitt namn kjem opp, han har nemleg markert seg i Etne-politikken dei siste åra, både som kommunestyremedlem og førre periode der han også var varaordførar. Sjølv trur han ikkje jobbskiftet over til Spira utvikling nødvendigvis overraskar så mange. — Eg kjem jo og frå ei produksjonsbedrift, så det er ikkje nytt, og mykje av det eg har jobba med i Knudsen Dørfabrikk er overførbart til dette selskapet. Åra i politikken har og gitt meg mykje kompetanse på folk og leiing, så det vil og passe meg godt trur eg, fortel Karlsen som absolutt ikkje var på utkikk etter ny jobb, til det trivs han altfor godt hjå Knudsen Dørfabrikk. Men då spørsmålet om han ville søkje dagleg

34 1 • 2024
Spira utvikling har nyleg lansert nytt namn, profil og nettside. No går også Kenneth Karlsen inn som ny leiar i selskapet.
Eg vil vera ein trygg og
stødig leiar for alle som

arbeidar rundt meg

Kenneth Karlsen

Jobbskiftet

leiar-jobben dukka opp vart han likevel freista til å prøve.

— Dette blei ein fantastisk sjanse til å få vidareutvikla ei allereie godt driven bedrift. Spira utvikling er eit tilbod i NAV sin tiltakskjede og ein arbeidsplass med stor takhøgde og gode utviklingsmuligheter for både dei som arbeider der og kva arbeid som blir utført.

Karlsen er opptatt av verdiane tryggleik, rausheit og utvikling som Spira utvikling løftar opp som sine viktigaste.

— Alle kan bidra med noko, og Spira er ein arbeidsplass som betyr mykje – ikkje berre for dei som arbeider der, men samfunnet generelt. Samfunnet har alt å tena på at me har eit tilbod som Spira utvikling i vår region og at det lukkast.

Spira utvikling har den siste tida lansert nytt namn, ny profil og nye nettsider. I tillegg har selskapet vore gjennom ein stor snuoperasjon dei siste åra der raude tal har blitt friskmeldt, og driftsgrunnlaget ser betre ut enn på lenge. Bedrifta, som er eigd av Vindafjord og Etne kommune, arbeider med varig tilrettelagt arbeid, arbeidstrening samt kommunalt tilrettelagt aktivitet som inkluderande arbeidsmarknadsbedrift. Bedrifta har eige vaskeri, dei jobbar og med hjelpemiddel, reinhald, transport og logistikk, kjøkken, markullering og trearbeid for å nemne noko. I tillegg driv dei Litledalen Lys. Den nye daglege leiaren har allereie vore innom for å helsa på alle og presentert seg sjølv, og satsar no på minst ein fast arbeidsdag i veka fram til han startar opp for fullt etter sommarferien.

— Eg vonar at eg skal få Spira utvikling endå meir synleg i regionen, og at ein slik og kan kome i kontakt med nye kundegrupper, det må vere eit mål. Då dei tilsette vart spurt om dei gledde seg til jobb kvar dag svarte alle eit bestemt ja, det er slett ikkje alle arbeidsplassar der ein ville fått det svaret.

Det var ingenting å seie på mottakinga Karlsen fekk då han kom til Spira utvikling første gong.

— Eg fekk ein fantastisk god velkomst. Det var mange som ville prate med meg. Eg blei og utfordra på kva fotball-lag eg likte best, den interessa har vore litt brakk ei stund, det spørst om eg ikkje må engasjere meg der på nytt.

— Eg vil vera ein trygg og stødig leiar for alle som arbeidar rundt meg. Via erfaring med produksjon i fabrikk, effektivisering, systematising og tida som politikar så trur eg at eg skal bidra godt i Spira si framtidige utvikling. Eg gler meg til å ta fatt på arbeidsoppgåva så raskt som mogleg, seier Karlsen.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland

35 1 • 2024

læreplass

Last ned Finnfag-appen i

AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar.

Bli sett

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

• Ny E134

• Meir næringsareal

• Forenkla byråkrati

• Betre kommune- og fylkesvegar

• Samhandling skule og næringsliv

• Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

Bli høyrt

Bedriftene sitt talerøyr

• Gir ut næringsmagasinet Tempo

• Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar

• Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

Bli med Faglege nettverk og møteplassar

• NæringsGIV på Olalia

• Bransjekoordinator

• Fagseminar

• L.Ærling – for lærebedrifter

Omega 365 Design
Finn
i FINNFAG APPEN
/ EtneVindafjord etnevindafjord.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.