— Attraktivitet er viktig
Kanskje er det lysløypa du har gått turar i mange år, fargane om hausten eller kaféen i sentrum. Ofte veit me ikkje kor sterkt knytt me er til heimstaden vår, før me flyttar.
Arbeid er den fremste trivselsfaktoren – og jobb til to er viktig. Samstundes er mangel på arbeidskraft og kompetanse ein realitet her. Det kan hemma vidare utvikling i næringslivet.
Å tiltrekkja seg arbeidskraft og kompetanse, blant anna gjennom å fremja bustadattraktivitet og inkludering, må vera ein viktig del av utviklingsarbeidet i kommunane framover. Kommunar og regionar kan ikkje direkte påverka befolkningsutviklinga‚ men dei kan styrka attraktivitet.
Attraktivitet inneber utvikling av næringslivet, bustader og bumiljø, stadkvalitet, kultur- og fritidstilbod, møteplassar og fysisk og digital infrastruktur. Det gjeld også transport. Nye infrastrukturprosjekt som Rogfast, Hordfast og E134 vil gjera Etne og Vindafjord meir attraktive.
Koronasituasjonen har gjort desentralisert jobbing meir aktuelt enn nokon gong. Systematisk satsing på kompetansearbeidsplasser og nye kontorløysingar, vil vera avgjerande.
Utgåve nr. 1 2023
Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening
Ansvarleg redaktør:
Nils Einar Steinstø
Redaksjon:
Nils Einar Steinstø
Omega 365 Design:
Astrid E. Hjelmeland
Judith Sørhus Litlehamar
Hanna Maria van Zijp
Design:
Omega 365 Design
Foto:
Astrid E. Hjelmeland
Hanna Maria van Zijp
Framsidefoto:
Hanna Maria van Zijp
Annonsesal:
Christine Rødne Brataas
Opplag:
4 200
Trykkeri:
Haugesund Bok & Offset
Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.
Ofte veit me ikkje kor sterkt knytt me er til heimstaden vår, før me flyttar
Marie Hundhammer
Siglen (25) frå Ølen og Helge Hummervoll (26) frå Ølmedal har etablert seg midt mellom heimbygdene. Nå er dei del av ein ny generasjon som flyttar til Sandeid.
MØTTEST PÅ MIDTEN
Dei speidar utover Vindafjorden, på fjorden og fjella som trekte dei hit. Utsikta frå huset i Sandeid er som eit postkort frå Noreg, med blå himmel over blå sjø. Barnehagelærar Marie Hundhammer Siglen (25) og elektroingeniør Helge Hummervoll (26) vil ikkje vera nokon annan stad enn akkurat her.
— Eg hadde alltid tenkt å bu på bygda, eigentleg. Det er jo her familie og venner er, seier Helge.
— Eg har ikkje angra eit sekund, seier Marie.
Snart blir dei tre. Tempo møter dei første dagen i Marie sin permisjon. Termin nærmar seg, og snart kjem ein liten gut til verda. I skrivande stund er ikkje namnet klart, dei har nokre alternativ å velja mellom. Uansett er dei sikre på at dei vil gi
same gode barndom som dei sjølv fekk, i byggjefelt i høvesvis Ølen og Ølmedal.
Begge har vakse opp med fiske og friluftsliv. For eit par år sidan kjøpte Marie og Helge nabotomta til foreldra sitt naust nedanfor huset, og byggjer nå sitt eige. Draumen om det gode livet er i ferd med å bli realisert.
At valet falt på Sandeid, midt mellom heimbygdene, var langt frå tilfeldig.
— Sandeid tikka alle boksane, seier Helge.
— Det er ein fin plass, passeleg stor bygd. Det er sentralt – og nær Ølen, seier Marie.
At det er sentralt, er Helge samd i, men då tenkjer han mest på nærleiken til Ølmedal i motsett retning. Utanom ein svipptur
til Haugesund på vidaregåande, har han halde til i Imsland. Helge tok elektrikarlinje og fekk læreplass i Nordsjøen. Perfekt for ein som gjerne ville tilbake til Ølmedal. Same året starta kompisgjengen bandet FYK, der Helge er bassist.
Dessutan var det ein veldig hyggjeleg ølensbu i nærleiken, ei som også hadde ein klar plan om å bu i Vindafjord. Etter at dei møttest som 17- og 18-åringar, byrja Marie på bachelor i barnevern ved Universitetet i Stavanger. Etter vidaregåande på Barneog ungdomsarbeidarfag i Ølen og Etne, ville ho inn i barnevernet. Det er ein etterlengta kompetanse lokalt. Men:
— Det er eit tøft yrke der ein må tola å stå i stormen. Men det er også givande då det var fleire suksesshistorier, seier Marie.
Etter tida i barnevernet, kom ho tilbake til barnehagen Småfolk, der ho tidlegare hadde arbeidd som barnehagelærar. Det er i barnehagen ho trivst best.
— Eg likar godt å jobba med barn, seier Marie.
Derfor har ho bygt vidare på det. Trass deira unge alder, har begge to allereie fylt på kompetansen sidan dei kom til Sandeid våren 2019. Marie har éin eksamen igjen til å bli barnehagelærar, som trengst for å få fast jobb. Ved sida av jobben har Helge nyleg tatt bachelorgrad som elektroingeniør via nettstudium på NTNU. Helge likar framleis fleksibiliteten i offshore-jobb. Nyleg gjekk han over i ny stilling som ESD-teknikar i ConocoPhillips, der han arbeider med kontrollsystem på plattform.
Helge har mange venner frå Sandeid gjennom fotball og skule. Mange av desse har og funne seg lokal partnar og slått seg ned i Sandeid.
— Det var ikkje så veldig mange unge folk i Sandeid då me flytta her. Men nå er det blitt veldig mange, seier Marie.
Fleire har samlast i byggjefeltet deira. Søster til Marie har nettopp blitt nabo. Ei god barndomsvenninne flytta nyleg til eit anna byggjefelt. Dei blir stadig fleire unge i Sandeid.
— Når først nokon flytter heim, trur eg er det enklare for fleire å komma hit. Det blir ei snøballeffekt, seier Helge.
Det er herleg å komma tett på folk, vera ein stad der alle kjenner alle. Men små samfunn kan vera gjennomsiktige, vil dei ikkje vera anonyme av og til?
— Eg har ikkje kjent så mykje på det, seier Helge.
— Det er jo ikkje vanskeleg å oppsøkja folk om ein har lyst. Han føretrekk bygdelivet, noko Marie er samd i.
— Eg likar meg best her på bygda. Då eg budde i Stavanger, reiste eg jo heim kvar helg. Her var det sosialt, det skjedde forskjellig eg ville vera med på ilag med venner. Eg var ikkje heilt innstilt på å gå all in i Stavanger, seier Marie.
— Eg var ikkje så flink til å besøkja deg, så då måtte du komma hit, ler Helge.
Utanom natur, familie og venner er det mykje som trekk hit. Det er kort veg til alt. Sandeid har fått kafé der Marie ser fram til å treffa jentegjengen. Marie og Helge skryt av godt miljø og kulturliv. Dei likar godt å gå på konsert, og gler seg over koronafri festivalsommar. Men sjølv om Helge vil spela konsertar med bandet FYK framover, blir det litt rolegare sommar på grunn av guten som snart kjem.
— Eg har alltid tenkt eg vil gje ungane mine same oppvekst som eg har hatt, seier Marie.
Det er fleire fordelar med det, meiner dei komande foreldra. Mindre stader finst ofte tettare oppfølging og betre miljø. Boltreplass-radiusen er større for eit barn her. Det er korte avstandar til venner i same livssituasjon, som kan ha moglege leikekameratar om nokre år.
I mellomtida er ventetida i gang. Snart blir livet snudd oppned, og ein ny generasjon klar for å utforska fjella og fjorden.
Opplev sommaren i #VakreVindafjord
Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen
Biletet er tatt av Nelly Beate Vestbø frå Roatoppen i Ølen
Andre opplevingar? Sjekk ut nettsida vår Vakre Vindafjord på www.vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord
vindafjord.kommune.no
Stolt
• Gjenvinningsfaget
• Service- og administrasjonsfaget
Er du nysgjerrig på karrieremuligheter i en grønn og fremtidsrettet bransje?
Les mer på www.him.as og følg oss på sosiale medier.
him_iks himiks.no
97 33 98 22
post@h-betong.no
Sjoarvegen 7, 5590 Etne
H-Betong
h-betong.no
Solid betongentreprenør
Større bygg innen industri og næring. Betongarbeid innenfor kraftverk, vi har bidratt i flere spennende prosjekter helt fra sjø til langt opp i fjellheimen.
Betongarbeid for både privatbolig og fritidsbolig. Vi har også avansert slipeutstyr for å lage nydelige betonggulv.
Flislegging
Vil du bli med?
Vi er stadig på utkikk etter dyktige kollegaer så kom innom for en prat om du er interessert!
Vi er godkjent lærebedrift
4 SKIPSVERFT MED 6 DOKKER
Riggreparasjon • Skipsreparasjon • Skipsbygging
Karmsund
westcon.no
Yrkesval
Kaprar u ng kompetanse
Nye arbeidsoppgåver i kommunane gir behov for ny kompetanse. Det er kanskje noko av årsaka til at kommunane i Etne og Vindafjord no har sikra seg fleire unge med spanande kompetanse.
Filippo Ballarin (35) er nytilsett kommunedirektør i Etne. I 2020 kom han inn i organisasjonen som økonomisjef, og sidan 1. januar i år har han vore konstituert kommunedirektør. Dei siste åra har han sett stadig fleire unge kome inn i kommuneorganisasjonen.
— Då eg kom inn i leiargruppa for tre år sidan vart den på mange vis etablert på ny, me har på ein måte vakse opp ilag, seier han.
Denne dagen er politisk leiing og kommuneadministrasjonen i Åkrafjorden for å møte reiselivet. Ballarin merkar godt at dynamikken i organisasjonen er i endring, og at dei unge set sitt avtrykk i miljøet.
— Eg merkar at gjengen er yngre. Det er ikkje nødvendigvis slik at alt går raskare, men det er ofte ei ny tilnærming, og ein ny måte å tenkje på. Mange har og vore innom både privat næringsliv og det offentlege, og ein får ein meir kompleks og variert bakgrunn.
— Dei nye kjem ofte med mykje energi, nye tankar og idear. Nett no er me inne i ein prosess der me vil tenkje nytt om profilen til kommunen. Her kunne me sjølvsagt fått inn eit eksternt firma, men plutseleg dukkar det opp tilsette som har ein aktuell bakgrunn eller utdanning, og som ynskjer å jobbe med dette. Det er flott at dei viser interesse.
Ballarin bur i Sauda, men meiner pendlarvegen er verdt det når jobben er så interessant som den er. Han er glad han har hatt nokre år i Etne til å bli kjent med både folk og kultur, no er han leiar for ein administrasjon i utvikling.
— Me har fått veldig mange unge inn den siste tida, men samstundes så har me mange som har vore her lenge, så det er ein god miks. Det er også viktig for oss å ta vare på dei som har lang erfaring i kommunen, dei har og verdifull kompetanse.
— Som leiar ynskjer eg å setje søkjelyset på kva måtar me jobbar saman på. Eg vil bruke dei neste seks månadane til å bli endå betre kjent i kommunen, og ikkje minst til å få inn flest mogleg innspel. Me må risse opp kva type kommune me vil vere og kva organisasjon me vil ha dei neste åra, seier han.
Han trur mange ser på kommunal sektor som ein statisk sektor, og meiner kommunane har fleire spanande stillingar å tilby enn ein ofte kjem på. Dei kommunale oppgåvene er i endring i takt med at kompetansebehovet også endrar seg.
— Slik eg ser det har me to store utfordringar framover. For det første må me legge til rette for at me klarer å levere tenester på det me skal etter lova. For det andre må me finne ut kva som er unikt med oss og gjer oss attraktive. Me må spisse bodskapen skal me klare å rekruttere nye innbyggarar.
Eileen P. Selland har no runda sitt første år som rådgjevar plan i Etne kommune, etter vel ni år som tilsett i Omega 365 Areal. Ho syns mangfald i alder på arbeidsplassen og kan vere med på å ufarleggjere det heile.
— Det er mykje positivt om å få fleire unge inn i organisasjonen, då er det plutseleg ikkje så skummelt lenger. Eg sjølv er i 30-åra og dei øvste leiarane mine er jamgamle med meg. Me har vokse opp på same tid, med likskap i oppvekst og tankegang.
— Det kan vere tøffare å hive seg med i lunsjpraten om du er den einaste som er fødd på 90-tallet, og praten elles går i båt, hus, ski og jakt. Det er ikkje tema som interesserer meg så veldig. Er det fleire på same alder kan ein vere seg sjølv, og praten går og lettare, seier ho.
Selland meiner kommunen er på rett veg, både med tanke på økonomisk utvikling, og ikkje minst strategisk utvikling av organisasjonen. Ho set pris på ein meir fleksibel arbeidskvardag,
og at det er mogleg å ha heimekontor når familielivet krev det.
— Det er veldig viktig at me treffest, og ser kvarandre. Det er jo då me styrkar miljøet, både sosialt og fagleg. Men det er fint at Covid-tida lærte oss ein del om digital kommunikasjon. Sjølv om det faglege miljøet i kommunen ikkje er så stort, så føler eg meg aldri åleine. Eg er ein del av nettverk både i Sunnhordaland og Haugaland, seier Selland som sjølv no føler seg som ein av «dei eldre» mange gonger.
Viss du vil utvikle deg er kommunen ein god arbeidsplass, eg har fått brynt meg og vakse skikkeleg. Det er jo ingen som jobbar i kommunen som ikkje har det travelt, viss du vil kan du få mange sjansar her.
Ho vil og gjerne ta livet av mytane som fortel at arbeidsdagane på kommunehuset kan vere prega av tunge prosessar, og mykje statisk arbeid.
— Det stemmer i alle fall ikkje, slår ho fast.
Mange vel å pendle til jobben, ein av dei som toler halvanna time i bil kvar veg er Åsmund Andersen Sekse (32). Han bur på ein fruktgard på Sekse i Hardanger, men har det siste året jobba som kommunalsjef utvikling og drift i Etne kommune. Sekse gler seg og over eit mangfald i alder på jobb.
— Eg tenkjer det er eit skifte me er i gang med aldersmessig, og det er spanande og givande. Det kjem kanskje inn nokre nye tankar, ein kombinasjon av spekter i alder kan ein kommune som Etne tene på.
— Det betyr ikkje at ein berre skal tilsetje unge folk, eller at ein ikkje har verdi over ein viss alder. Dei som har vore med i mange år har viktig historisk kunnskap som er veldig nyttig. Eg meiner ein treng både dei eldre og dei unge på arbeidsplassen.
Han meiner Etne no har ein gjennomgåande ung drive.
— Her er mange moglegheiter, og eg trur både kommunen
og dei som bur her har vilje til å satse og få ting til. Det er jo då ein kan løfte ting til neste nivå, seier ingeniøren som har bakgrunn frå oljebransjen og vegsektoren. Då han kom til Etne kommune kom han frå jobben som leiar for vedlikehald på tunnel, dekkelegging og veg i Vestland fylke.
32-åringen trur og det kan vere lurt å jobbe i ein annan kommune enn der ein bur. Mange av naboane rundt han veit ikkje kva jobben i Etne går ut på.
— Dei veit berre at eg pendlar og jobbar i ein annan kommune. Og det er heilt greitt, ein treng ei frisone og slik sett er det og enklare å skilje privatliv og jobb.
Dei nye kjem ofte med mykje energi, nye tankar og idear
Filippo Ballarin, Kommunedirektør i Etne kommuneKommunedirektør i Etne kommune Filippo Ballarin og rådgjevar Eileen P Selland gler seg over at administrasjonen i kommune no kan tilby eit yngre arbeidsmiljø med større mangfald.
Også i Vindafjord er det kome til fleire unge dei siste åra, Yngve Folven Bergesen er kommunedirektør og ser at rekruttering blir ei viktig utfordring i åra framover.
— Det er jo ønskeleg at ein får eit større spenn i bakgrunn, kjønn og alder i leiargruppa. Då tenkjer ein truleg breiare, og får eit anna perspektiv. Slik det er nå har me og for få søkjarar på dei stillingane me lyser ut, me skulle gjerne sett at det var fleire aktuelle kandidatar som søkte.
Men somme gonger kjem ein altså i mål, og får tak i kompetansen ein treng. Bergesen dreg fram prosessen med å få ny kommunalsjef samfunnsutvikling, stillinga som Anne Sofie Sandvik no sluttar i. Ny mann er på plass i jobben og startar opp 1. august.
— Halfdan Krohn-Brekke kjem frå jobben som konstituert sals og marknadsdirektør i bustadbyggarlaget BATE og har dermed med seg brei erfaring frå privat næringsliv. Me ynskte å få inn nokon som kunne løfte samfunnsutviklar-stillinga, ikkje minst sidan denne personen skal jobbe tett opp mot næringslivet, fortel Bergesen.
Jobben med å finne rett kompetanse til rett jobb er ikkje alltid så enkel.
— Me har brukt ein del tid på stillingane me har ute, sidan nokre av dei er heilt utan søkjarar. Me såg blant anna det når me hadde ute ei stilling som klima- og miljørådgjevar, og me ser det ofte i helsesektoren. Men me må jo hugse at me har låg arbeidsløyse både i Etne og Vindafjord, og eit særs aktivt næringsliv.
— Kva må til trur du for at kommunane kan konkurrere på lik linje med privat næringsliv?
— Kommunen kan nok aldri bli lønnsleiande i konkurranse med det private næringslivet, og difor må me løfte fram andre ordningar og godar me kan tilby, og som kan vere avgjerande. Samstundes er det nok ei samansett problemstilling, og hadde eg hatt heile svaret, så hadde me kanskje ikkje hatt utfordringar med å rekruttere i det heile, seier han.
Ein av dei som Vindafjord kommune har klart å rekruttere dei siste åra er Thomas Vestbø (35) som 1. september i fjor starta som einingsleiar for areal og forvaltning. Han kom då frå stillinga som moglegheitsutviklar i Haugaland Vekst.
— Eg trivst veldig godt, og har fått eit flott arbeidsmiljø. Det som motiverte meg til å søkje var at eg likar å jobbe med forvaltning, politikk og administrasjon. Så bur me her i Sandeid, og eg tenkte det kunne vere fint å jobbe i eigen kommune.
Å jobbe med forvaltning er ikkje alltid heilt enkelt, ifølge Vestbø. Han viser til at når kommunen seier ja til nokre interesser er det ofte slik at må sei nei til andre interesser. Desse vurderingane kan vere vanskelege.
— Eg trur det er viktig at ein har mangfald på jobb, og får ei blanding av kompetanse som kan handtere vanskelege situasjonar og. Det er krevjande å få tak i folk no, det kjenner både kommunal og privat sektor på.
— Me må auke den generelle attraktiviteten vår, som ein kommune som er god å bu i, og arbeide i. Omdømmet vårt blir påverka av korleis me som jobbar og bur her oppfører oss seier Vestbø. Han viser til at kommunen bør konsentrere seg om å skaffe «jobb til to», sidan det ofte kjem ein partnar med på flyttelasset som og treng ein arbeidsplass.
Vestbø er sjølv glad for at det er mange med lang og variert erfaring i kommunen. Som nytilsett i fjor såg han verdien i det ein ofte kallar «taus kunnskap», altså kunnskap som berre er der, om prosessar, politisk arbeid eller dokumentasjon.
— Det er kjempenyttig, mange kjenner jo kommunen og områda særs godt. Samstundes har ofte unge menneske eit nytt syn på korleis ein gjer ting, og stiller gode spørsmål. Me treng begge deler.
Det er jo ønskeleg at ein får eit større spenn i bakgrunn, kjønn og alder i leiargruppa
Yngve Folven Bergesen, Kommunedirektør i Vindafjord kommuneThomas Vestbø er einingsleiar for areal og forvaltning i Vindafjord kommune. Foto: Vindafjord kommune.
ottarskjold.no
Tjenester innen:
• Vann og avløp
• Veibygging
• Grunnarbeider for privat og næring
Vi har utsalg av masser fra Knapphus industriområde og bistår med transport.
Ferdige blokker for muring i sjø
Tilbehør til forskaling/støyping
Ferdigbetong med renne-/pumpebil
Ta kontakt for pristilbod!
Ta kontakt!
Tlf. 53 76 85 26
Frå skisse til Spotify
Ei krise førte dei til ein hundre år gammal skule. For ABC Studio er lokala det beste varemerket, seier lyddesignar Stig Morten Sørheim og dagleg leiar Nils Halleland.
Dei seier aldri nei til nokon. ABC Studio i Etne leverer til alle som treng lyd, uansett sjanger, bransje eller arrangement i heile regionen. Sidan starten i 2005 har lydstudioet drive nøkternt, med flest mogleg bein å stå på innan teater, festivalar, podkastar og konferansar. Og sjølvsagt musikken – anten det er på scena eller i opptak. Høg kompetanse på lydproduksjon i og utføre studio er noko av grunnen til at ABC Studio har stått støtt gjennom kulturbransjen si verste krise på mange år; koronaen.
I den gamle skulen rett utføre Etne sentrum, sit dagleg leiar Nils Halleland og lyddesignar Stig Morten Sørheim. Frå ei vintage sofagruppe ved miksepulten ser dei tilbake på hektiske år og framover mot nye horisontar. Med til saman femti års erfaring, har dei sett bransjen endra seg drastisk. ABC Studio har følgt etter i same takt. Om nokre dagar arrangerer dei live session, som både blir konsert og innhald til sosiale medium. Etne-artist Anne Lise Frøkedal kjem snart heim for å halda konsert i A-studioet, det største av tre studio.
ABC Studio byrja, som så mykje anna, med ein draum og nokre tilfeldigheiter. Frå før fanst mykje kompetanse lokalt på Lydloftet i Ølen, drive av Reinhardt Toresen, Knut Bjarne Bjørkhaug og Kjetil Ulland. Studioet deira trengte nye lokale samstundes som Halleland og Sørheim flytta heim frå Oslo. Dei fem foreina sine sunnhordlandske krefter.
— Eg kan ikkje hugsa korleis me byrja å snakka saman? Spør Halleland.
— Det var vel på butikken, seier Sørheim.
Dei avtalte ein kaffikopp ein dag i 2005. Ballen byrja å rulla.
— Me fann eit flott hus, Ljoshall ungdomshus ved Etne senter. Så gjekk me i gang og byrja å byggja studio i mange månader, fortel Sørheim.
Så kom tilbakeslaget. Ein feil i det elektriske anlegget førte til at ungdomshuset brann ned til grunnen.
— Me var litt neråt, tilstår Halleland.
Men då ABC Studio stod på bar bakke, opplevde dei enorm støtte frå lokalsamfunnet. Næringsliv, kulturliv og musikkmiljøet kom på banen. Ungdomslaget Fram, som eigde ungdomshuset, delte forsikringsoppgjeret etter brannen. Refrenget var «dette vil me ha i Etne». Det sa også politikarane. Under ein støttekonsert på Byscenen i Haugesund, kom dåverande ordførar i Etne bort til gründerane.
— Han sa «Gamleskulen er ikkje i bruk, her er nøkkelen», seier Sørheim.
Etter eit års bygging kunne ABC Studio opna dørene på gamle Etne skule. Visjonen var å skapa store studio med rom for kreative prosessar der det er mogleg å gå inn i bobla. Sidan Etne har heilt andre kvadratmeterprisar enn Oslo sentrum, går det an her.
— Mange studio i byane er små. Det er trongt, ikkje med den beste lufta og masse pizzaøskjer. Når artisten jobbar over fleire dagar, er fasilitetane avgjerande. Ein kan ikkje berre stikka på kroa og mista fokus. Her kan dei stengja ute forstyrringar, seier Halleland.
— Det er mykje du kan få til på bygda som du ikkje får til i byen, supplerer Sørheim.
— Det beste varemerket er lokala våre, seier Halleland.
Nå engasjerer ABC Studio åtte faste frilansarar, tre studio, éin overnattingsplass og ei rekkje lydoppdrag.
— Bra folk er grunnlaget for ein god gründeridé. Viss du ikkje har dei rette folka på plass, er det ikkje sikkert du kjem i mål, seier Halleland.
— Det handlar mykje om kompetanse. Me hjelper arrangørar med å få løyst ei lydoppgåve. Det kan vera ein kombinasjon av rådgjeving og produksjon, seier Sørheim.
Rådgjevingsbiten kan handla om ein festival, turné eller konferanse som treng lyd. Det kan også vera ein artist som treng hjelp til å vidareutvikla ei låt. Derfor har ABC Studio skreddarsydd eit opplegg for akkurat det. Under konseptet deira ABC Kompsessions er husbandet tilgjengelege i tre dagar, og artistar kan booka inn innspelingstid. Det er ope for alle som vil.
— Det er ein gammal idé som funkar godt i dag. Me har opplevd etter kvart at lista for å ta kontakt ikkje er høg. Har du ei låt på kassegitar skrangla inn på mobil, så er det godt nok, seier Halleland.
— Det er mange som har fine låtar og syng bra, men som ikkje tør, seier Sørheim.
Med sin eigen label ABC Tunes, kan dei dessutan hjelpa artisten frå skisse til Spotify, altså å få musikken heilt ut til lyttarane.
Det har blitt mykje vanlegare. Overgangen frå sal av fysiske format, som cd-en, til strøymetenestene, har endra musikkbransjen. Billettsal på konsertar finansierer studioinnspeling for artisten. Då pandemien avlyste kulturlivet våren 2020, fekk artistane meir tid i studio. Det var god butikk for ABC-teamet, sjølv om utfordringane stod i kø.
— Me sette oss ned og prøvde å tenkja kreativt, kva som var mogleg. Det første me gjorde var å senka kostnadsnivået til eit minimum, seier Halleland.
Konsertarrangørane uteblei, medan studioet var i full drift. Etter kvart som smittepolitikken endra seg, svingte pendelen i heilt andre retninga.
— For eit år sidan blei det plutseleg grøne lys. Det me opplevde, er at alt skulle skje frå april i fjor, og me ikkje hadde kapasitet. Me måtte få tak i folk, seier Sørheim.
Det løyser dei med dyktige frilansarar, derav nokon som også er på eigarsida i ABC Studio. Rekruttering er ifølgje Halleland og Sørheim alltid ei utfordring.
— Her er ikkje uendeleg tilgang på personell. Det er nok lettare i dei store byane, seier Halleland.
— Rekruttering er krevjande, fordi det er så mange ting som skal klaffa. Ein treng folk med erfaring som kan jobba sjølvstendig, seier Sørheim.
— Og så er det det sosiale. Du jobbar med ulike aktørar, kunstnarar, musikarar. Du må vera litt psykolog også inniblant, og vera oppdatert teknisk, seier Halleland.
— Me kan ikkje lova nokon fast jobb eller så og så mange oppdrag. Det kan svinga frå månad til månad, seier Sørheim.
— Sånn har me drive heile vegen, me har vore bevisste på investeringar, på det å leggja stein på stein. Kanskje det var bra i koronaen, at det ikkje blei så dramatisk, legg han til.
Heldigvis. Snart er det altså ny live session, eit konsept ABC Studio begynte med før pandemien. Bandet Frøkedal står snart klare. Konserten blir filma, og deretter legg gründerane ut tre låtar på sosiale medium. Evna til å utvikla seg i tråd med bransjen, har vore avgjerande. Men det er ikkje alt. Hardt arbeid må til. Og så er det haldninga, ifølgje Halleland: — Me er optimistar, elles hadde me aldri halde på med dette her.
Platearbeidar med pågangsmot
Even Rødne (20) byrja på utplassering, fekk lærlingplass – og snart har han fast jobb i Vest Stål og Fasade.
— Eg prøver å vera med på alt, for då blir det kjekkare, seier han.
Etter å ha tatt industriteknologi ved Ølen VGS, har Even Rødne (20) allereie planen klar. Etter at han har tatt fagbrevet i haust, byrjar lærlingen rett i fast jobb hjå Vest Stål og Fasade. Då vil Rødne ha dei same arbeidsoppgåvene, berre med vitnemålet som platearbeidar i handa.
Innan teknologi- og industrifag finst rundt 30 typar fagbrev å velja mellom, og Rødne er klar på at han har valt rett.
— Kvifor akkurat platearbeidar?
— Det verka kjekt og spennande, med mykje forskjellig, seier Rødne.
Tore André Helgevold (26) nikkar. Med sine seks års erfaring i bedrifta veit Helgevold kva han snakkar om. I tillegg til rolla som produksjonsleiar i Vest Stål og Fasade, er Helgevold fagleg leiar for platearbeidarar og sveisarar. Han har vegleia lærlingen Rødne sidan første utplassering på vidaregåande. Nå er Helgevold nøgd med å få han som kollega. Rødne utmerka seg allereie på utplassering.
— Even hadde utplassering her i to veker, og eg trengte nesten ikkje vegleia han. Han tok ting fort, eg forklarte ting berre éin gong — og så gjorde han det. Han er sjølvgåande, seier Helgevold.
Om Rødne si faste tilsetjing frå august, seier Helgevold:
— Ikkje noko å lura på.
Men det byrja allereie før læretida. Utplassering kan vera den beste søknaden på vidare arbeidsforhold. Det var Rødne bevisst på då han entra produksjonshallen til Vest Stål og Fasade for første gong som tenåring.
— Du prøver å gjera ditt beste på utplassering. Du må selja deg sjølv litt, seier han.
Sjølv fekk Rødne eit godt inntrykk av stålbedrifta. Bedrifta har eit lærerikt miljø med tett oppfølging.
— Det er godt arbeidsmiljø med kjekke folk her. Spør du om noko, så får du svar. Eg har mange gode kollegaer her, seier Rødne.
«Her» er i produksjonslokala på Steinsland mellom Sandeid og Ølen. Talet på kollegaer varierer etter oppdragsmengd, nå er dei tolv fast tilsette. Å ta læretida i ei mindre bedrift, meiner Helgeland og Rødne er ein fordel. Du forsvinn ikkje i mengda, og får prøva deg på eit større mangfald teknikkar og oppgåver. Dermed får du mengdetrening i fleire sider av faget. Det inneber alt frå sveising, samanstilling og montering, til matematiske berekningar av areal, volum og vinklar. Storleiken på bedrifta har også andre fordelar.
— Det er såpass lite folk her at du blir sett, seier Rødne.
For sett blir du i Vest Stål og Fasade, ikkje berre reint fagleg. Helgevold veit kva andre kvalitetar som er viktigast i ein slik jobb.
— Kva ser du etter i ein kandidat?
— Eg ser etter vilje, interesser. Det er eigentleg godt nok for meg. Dei kjem hit når dei er 17-18, og kan ikkje alt, men dersom interessa og pågangsmotet er der, har du gode byggjesteinar, forklarer Helgevold.
Det har Rødne – og det har gitt resultat.
— Kva er det viktigaste du har lært her?
— Eg har lært meg mykje om det å jobba sjølvstendig, seier han.
Å ha godt arbeidsmot og gleda seg til å gå på jobb om morgonen, er viktig for Rødne.
— Eg prøver å vera med på alt, for då blir det kjekkare. Det er tungt å gå på jobb viss du ikkje vil, seier Rødne.
Han ser fram til å ha papiret i handa. Men han veit at ingen er utlærte.
— Sjølv om du har fagbrev, så er det ennå nye ting å læra.
Dersom interessa og pågangsmotet er der, har du gode byggjesteinar
Tore André Helgevold, produksjonsleiar i Vest Stål og Fasade
Tidleg
inkludering er avgjerande
Gode opplevingar på utplassering er viktig i valet av læreplass, seier dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor, Bjørn Johannessen.
— Dei fleste lærlingane får vera ein del av gjengen. Dei føler dei er del av produksjonen. Ingen seier dei skal på opplæring, dei skal på jobb. Bedrifta er suksessfaktoren.
Det seier dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor, Bjørn Johannessen, som koplar lærlingar og bedrifter på tvers av bransjar, kommunar og fylke. Johannessen har 25 års erfaring, og fortel om minimal strykprosent og jamt fungerande læretid i regionen.
Han meiner utplassering blir ein stadig viktigare del av det å bli kjend med faget og med arbeidslivet.
— Då er det viktig at bedriftene kjenner si besøkelsestid, seier Johannesen.
Gode opplevingar på utplassering er viktig i valet av læreplass. I praksis fungerer læretida veldig bra i regionen, meiner han.
— Mange i bedriftene er nærmast pedagogar som er flinke til å formidla fag. Lærlingane er motiverte, seier Johannessen.
Dermed er Vest Stål og Fasade inne på rett spor, meiner Johannessen. Det er viktig å få realistiske oppgåver tidleg, slik stålbedrifta gir lærlingane sine. At elevar og lærlingar får opplæring utanom den tradisjonelle undervisningssituasjonen, blir stadig viktigare.
Ny opplæringslov, som nå er på høyring, legg opp til større fleksibilitet i utdanninga. Då blir det større moglegheiter for å ta fleire fagbrev og gjerne enklare å skifta kurs for dei som har behov for det, fortel Johannessen. Det er mogleg å ta heile utdanninga i bedrift, og dermed komma rett frå ungdomsskulen. Johannessen ser positivt på at vegen til fagbrev kan ta endå fleire retningar framover. Samstundes ser han ei utfordring.
— Fleksiblitet i teori-faga er også viktig, seier Johannessen.
Nå er det mogleg for yrkesfagelevar å ta einskildfag som norsk eller matematikk på vidaregåande. Men programfaga, dei praktiske faga, kan vera meir utfordrande – spesielt i små fag. Der ser Johannessen stort potensial via nettundervisning. Utviklinga går den vegen, trur Johannessen.
— Det er for eksempel mogleg å køyra teoretisk undervisning med VR-briller, og deretter praktiske prosjekt ute i bedrifta. Yrkesfag på vidaregåande jobbar jo på same måte med teori først, og så oppgåver i verkstad, seier Johannessen.
— I vår digitale verd kunne ein ha gitt nettbasert tilbod også her, meiner han.
Even Rødne (20)
• Kjem frå Etne
• Lærling ved Vest Stål og Fasade
• Tok VG1 på TIP (teknologiog industrifag) og VG2 i industriteknologi ved Ølen VGS
• Tar fagbrev i platearbeidarfaget i august
Vest Stål og Fasade
• Totalleverandør av stålkonstruksjonar og stålbygg
• 35 tilsette, derav 12 i produksjon
• 140 % vekst i omsetning dei siste tre åra
• Kåra til gasellebedrift i Dagens Næringsliv 2020, 2021 og 2022
• Byggjer for tida ut produksjonshallen på Steinsland mellom Ølen og Sandeid
Lærlingar i Vest Stål og Fasade
• Bedrifta har hatt lærlingar i fem år
• Lærlingar er rekrutteringskanal nummer éin
• Tre lærlingar startar i haust
• Vest Stål og Fasade er godkjent lærebedrift for platearbeidarfaget, sveisearbeidarfaget, byggmontasjefaget og yrkessjåførfaget
Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik.
Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.
ETNE KOMMUNE
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Tlf. 53 75 80 00
post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no
I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane.
Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!
TURISTINFORMASJON:
Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40
Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80
Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00
Kulturberaren
Siri Lundal Hustveit (48) drøymer om slottsferie, «afternoon tea» og store barokkkjolar. Men aller viktigast er det å skape gode smakar og tradisjonsmat i Åkrafjorden.
Ho svarte kjappare ja til å bli intervjua i Tempo enn ein kanskje skulle trudd, at ho tidlegare høfleg hadde takka nei til å stille opp på NæringsGiv for å fortelje om lokalmat-eventyret i Åkrafjorden var kanskje avgjerande. Å bli intervjua skriftleg var langt mindre farleg enn å stå framfor kollegaer frå næringslivet i Etne og Vindafjord på Olalia.
— Eg veit kva NæringsGiv ville ha kosta meg, då hadde eg grudd meg lenge. Dette kan eg heller vere med på, seier Siri som er dagleg leiar i Johs.Lundal AS.
Låtten, den litt spake framtoninga og blikket for kvalitet og tradisjon ser ut til å vere fellesnemnaren i familiebedrifta. Her er det ingen som slår hardt med dørene eller som krev meir tid i skinet frå lyskastaren enn andre. Siri er dagleg leiar, med seg har ho søster Marianne Lundal Berge som sals- og marknadsleiar og broren Johannes Lundal som er pølsemakar og i dag produksjonsleiar i selskapet. Om ikkje det var nok er også mannen til Marianne, Magne Vidar Berge, tilsett som teknisk leiar og distribusjonsleiar, og ikkje minst er far i huset, Johan, framleis med i produksjonen.
— Han er 75 år men har ikkje tenkt å gi seg heilt endå. Mor derimot trekte seg tilbake då me starta å få familiar og det vart større behov for å hjelpe oss med barnepass og andre ting. Me er heldige, slår Siri fast og speidar ut over Åkrafjorden frå terrassen i det store og lyse matrommet.
Her kan ho kaste eit ørneblikk over familiehusa som ligg som perler på ei snor. For ikkje berre jobbar søskena og foreldra saman, dei bur og tett i tett langs sjøkanten. Avstanden opp til Åkrafjordtunet og mannen, John Karsten Hustveit, sin arbeidsplass er og berre eit steinkast unna.
— Me trivst saman heile gjengen. Eg trur nok mange lurer på korleis me får det til å fungere som familie når me jobbar saman, men me er gode på å skru av i familiemiddagar. Det betyr ikkje at me alltid er einige om alt, seier Siri.
Langs ein høg benk er det sett opp barstolar, oppå benken ligg briller, eit papir og ein kikkert.
— Det er far sin plass ja, seier Siri og smiler.
Det var ektemannen John Karsten som blei avgjerande for at dei tok flyttelasset med seg frå Stavanger og heim til Åkrafjorden i 1998. Då hadde Siri gjennomført ei treårig utdanning i økonomi og administrasjon. Etter ein kveld på Gjestegården nokre år tidlegare hadde ho funne tonen med John Karsten frå Ølen og no hadde dei flytta saman i Stavanger. Han studerte, medan ho etter å ha fullført studie hadde hoppa inn i jobben som butikksjef på ein nærbutikk på Sola.
— Etter eit bygdeinitiativ kom ideen om å etablere
Åkrafjordtunet, for å vise fram lokalmaten og for å få fleire gjennomreisande til å stoppe her. Under bygginga av ny europaveg gjennom Teigland blei det opparbeida ei næringstomt til formålet. Då stillinga som dagleg leiar ved Åkrafjordtunet blei lyst ut, søkte John Karsten på den og fekk jobben.
I 1998 flytta dei difor til Siri sin heimplass. Siri hadde ikkje før den tid tenkt så grundig på om ho ville inn i familiebedrifta. Sjølv om ho gjennom barne- og ungdomsåra hadde sprunge rundt i produksjonslokala, hjelpt til med pakking og bidratt der ein kunne så hadde ho aldri stilt seg sjølv spørsmålet: Vil eg ta over bedrifta? Broren Johannes hadde starta i bedrifta allereie som 17-åring og på midten av 90-talet var og søstera Marianne allereie på plass. Det var berre Siri som no måtte ta valet.
— Det blei berre naturleg at eg og starta her då. Far byrja
Namn: Siri Lundal Hustveit (48)
Bur: Teigland
Aktuell: Dagleg leiar i Johs. Lundal AS
Les: Mest nyheiter i ulike medium, men også ein spenningsroman i ny og ne. Høyrer og ser på: Det meste av musikk, men mest i pop-sjangeren. På jobb går det i radio og då helst NRK Vestland, i tillegg til podkast. Har veldig sansen for NRK serien «Hele historien».
Førebilete: Folk som skaper vekst, og som yt for fellesskapen
å bli lei av det aukande administrative arbeidet og det var jo nettopp det eg hadde utdanning i. Så eg starta som dagleg leiar, i alle fall på papiret i 1998. Far var jo framleis her, og styrte nok mykje i oppstarten, men det var berre bra og til god hjelp for meg, seier ho.
Siri er femte generasjon i bedrifta som har runda 150 år med historie. Det heile starta på fjellgarden Lundal oppunder Folgefonna på nordsida av Åkrafjorden. Bonden Johannes Lundal hadde på ein tur til Evanger lært seg å lage spekepølse og røykje den i eldhus, og no starta han å produsere spekepølsa Åkrafjordpølsa av blant anna eigne geiter. Sidan livet på fjellgarden vart tungvindt flytta dei ned til Mosnes i 1923. Der gjekk spekepølseproduksjonen vidare til son og soneson fram til 1966. Då flytta selskapet over til sørsida av Åkrafjorden, til Teigland der den held til i dag. Framleis blir det brukt eldhusrøyk i produksjonen sjølv om fire store moderniseringar i bedrifta har gjort produksjonen meir effektiv og oppdatert i forhold til dagens krav. Då Siri var
liten budde dei saman med besto, onkel og tante og deira familie i ein vertikaltdelt bustad med produksjonslokale og butikk i kjellaren.
— Det har eg gode minne frå, me sprang i dørene til kvarandre. Me søskenbarna vart tette på den måten.
Spekematen og pinnekjøtet er truleg det Lundal er mest kjent for, men i tillegg blir det produsert ei mengde produkt som til dømes lapskaus, middagspølser og bacon. Denne dagen er Siri sjølv oppteken med pakking på fryselageret, å vere dagleg leiar her handlar like mykje om å vere med i den daglege produksjonen som strategiarbeid og skrivebordstimar.
— Tradisjonsmaten står sterkt hjå oss, me ynskjer å lage mat som har naturlege smakar, utan ekstra tilsetjing. Me vil lage ekte mat, som folk kan nyte i mange samanhengar.
— Me ser at kundane våre og endrar seg, dei unge ynskjer meir smak på maten, og kanskje andre smakar enn ein gjorde før. Me må heile tida utvikle oss, og tilføre nye produkt.
I stor grad finn ein Lundal sine produkt på Åkrafjordtunet og i butikkar på Haugalandet og i Sunnhordaland. Bedrifta produserer årleg produkt av 250 tonn råstoff, og kampen om å kome inn i butikkhyllene blir stadig tøffare.
— Før fekk me vere med å setje varene på plass, etter koronatida så får me ikkje det lenger. Det blir stadig tøffare å få gode plasseringar. Eigne hyller for lokalmat er i utgangspunktet veldig positivt, men har og sine utfordringar. Er du på jakt etter pinnekjøt er det ikkje sikkert du sjekkar lokalmathylla, hadde vårt pinnekjøt vore på sida av dei andre hadde kanskje valet ditt som kunde blitt meir reelt? Samstundes er lokalmathyllene kjekke for dei som er bevisste på å sjekke utvalet der først.
— Me er veldig avhengig av kjøpmennene, og dei er positive å jobbe med her lokalt, det må ein berre slå fast.
Siri lener seg tilbake i stolen på møterommet. Tidene endrar seg, og som dagleg leiar må Siri stadig tenkje nytt. Auka kostnadar, spesielt på straum, har sett sitt preg også i lokalmatbedrifta i
Alle har sine faste plassar i matrommet. Her blir ofte nye produkt eller firmastrategiar og diskutert, det er kort veg mellom leiing og tilsette.
Åkrafjorden.
Siri ser opp til dei som skaper utvikling, om det er bedriftsleiarar eller folk på dugnad. Sjølv er ho og med i produksjonen i tillegg til å vere dagleg leiar.
— Volumet i produksjonen har gått litt ned, men sjølv om det er tøffe tider for mange kundar så er me optimistiske. Målet vårt er ikkje å bli så veldig mykje større, men å oppretthalde det me har i dag. Me er og avhengig av gode og stabile leveransar frå Nortura og Fatland som er våre råvareleverandørar. Somme gonger kan det vere utfordrande å få tak i nok kjøt, spesielt geitekjøt.
I år måtte me innsjå at det ikkje var noko pinnekjøtt til påske, sidan me ikkje fekk tak i råstoff.
— Folk vil og ha meir ferdigmat, det ser me er veldig populært. Lapskausen vår til dømes, aukar stadig i volum.
Bedrifta har 9 tilsette, dersom ein «tar med pensjonisten» som Siri smilande seier. Ein stabil og dyktig gjeng som ho gir æra for at selskapet i 2021 hadde ei omsetnad på 30,6 millionar kroner og eit overskot på 1,8 millionar. Jul er høgsesongen og står for omlag 30 prosent av omsetnaden. Fjoråret ser ut til å vere nokså likt 2021, men dei auka kostnadane vil truleg vise igjen i eit litt dårlegare resultat. På sine eigne nettsider samanliknar dei spe-
kemat med vinproduksjon. «Det er trente auge som ser, fintrimma nasar som luktar, følsomme hender som kjenner og kresne ganar som smakar seg til eit førsteklasses resultat», skriv dei.
Siri kan ikkje ha besøk i bedrifta utan å tilby spekemat. Søstera Marianne har laga til eit fat som kan imponere dei fleste. Her er spe kepølseskiver forma som roser, freistande ostar, druer og bringebær.
— De må bite borti, seier Siri og tar på seg den velkjende vertinnerolla på Vestlandet. Ingen gjester skal reise svoltne frå Teigland. Til våren har ho og ektemannen konfirmasjon for tredje gong. Konfirmanten ville eigentleg hatt pinnekjøt på menyen, men sidan det vart utseld blir det skinke i staden for.
— Johannes ordnar maten, slik sett er det enkelt, fortel Siri om broren og den store dagen.
Sjølv blir ho motivert av å vere med å bygge vidare på det som er gjort før henne. Det er ikkje rom i kvardagen for dei store orda, heller ikkje for å reise land og strand på nettverkssamlingar eller konferansar. Nye produkt og tankar om framtida tar dei gjerne over lunsjbordet då alle i bedrifta er samla, her er det kort veg frå leiing til tilsett, og frå ord til handling.
Sjette generasjon er allereie på plass i bedrifta, Lene, som er dotter til Marianne, har starta arbeidskvardagen sin og dermed er kanskje framtida sikra. Om nokre av dei tre jentene, Ingrid (24), Nora (20) og Sofie (15) til Siri og John Karsten blir å finne i familiebedrifta er usikkert, men ikkje utenkeleg. Dei skal få finne ut av kva dei ynskjer å gjere sjølv, utan å kjenne noko form for press.
— Korleis trur du at andre vil skildre deg, Siri?
— Kanskje som tolmodig og omsorgsfull? Eg håpar det!
— Kven er du når du ikkje er på jobb?
— Eg er jo først og fremst mor kanskje, men elles så likar eg å oppleve nye ting og likar godt å ta meg ein helgetur med mann og gode venner, gjerne inkludert eit kulturarrangement, ein konsert
eller teater. Me var i Oslo i haust og fekk med oss konsert med Chris Holsten til dømes.
Skal ein finne pågangsmot til lange arbeidsdagar og stadig nye utfordringar må ein truleg ut for å få påfyll. Inne på kontoret hennar heng eit bilete av bestefaren i ein grøn robåt, han tar stødige åretak med eit fast blikk. På bordet under står ei heil krukke med medaljar frå konkurransar der spekematen frå Åkrafjorden har vunne prisar. Siri blir inspirert av folk som har vilje og kraft til å skape.
— Eg likar at folk skaper utvikling i distrikta, slik at det blir ein betre stad å bu. Om det er næringslivsleiarar, eller folk som stiller på dugnad slik at ein kan arrangere fotballcup og liknande. Me er avhengig av at folk yt til fellesskapen.
— Kva drøymer du om?
— Eg drøymer nok mest om å reise. Veit du, eg har veldig lyst til oppleve slottsferie i England. Aller helst med «Afternoon tea» og store barokk-kjolar. Det hadde vore noko.
— Så spanande, det høyres jo nesten ut som at du er spontan av deg?
— Nei for all del! Det må du ikkje skrive at eg er, då kjem familien til å reagere iallfall.
Eg likar at folk skaper utvikling i distrikta, slik at det blir ein betre stad å bu
Siri Lundal HustvedtSiri viser fram spekepølser som blir produsert med tradisjonelle metodar.
NORSKPRODUSERTE SKINN SIDAN 1951
NORSKPRODUSERTE SKINN SIDAN 1951
Godt utvalg i sauog reinsdyrskinn
Godt utvalg i sauog reinsdyrskinn
Svært godt utvalg i mange typar skinn i vårt fabrikkutsalg - tenk globalt, kjøp lokalt!
Hos Vindafjord trafikkopplæring setter vi eleven i fokus.
Effektiv opplæring
Fornuftige priser Opplæring
VI SØKER
100 NYE KOLLEGER
Helgevold er den ledende automasjon- og elektroleverandøren på Haugalandet. Vi har vært en av vinnerne i vår region takket være solide leveranser fra dyktige og lojale ansatte. Nå rigger vi oss for videre vekst og søker personell til å ta del i både store og mindre prosjekter.
Nyhet! Meld deg på en uforpliktende samtale uten å sende søknad på forhånd. Se egen påmelding inne på våre ledige stillinger.
reisepersonell • elektrikere • energimontører • fagarbeidere elektrostål solcellemontører • ingeniører • serviceteknikere • prosjektledere
E134 - den livgivande vegen
— Hadde denne vegen vore på Austlandet hadde den aldri blitt akseptert, seier konsernsjef i Westcon, Øystein Matre.
Han og Inge Fatland har brei støtte både politisk og blant kollegane i næringslivet når dei krev utbetring av den viktige korridoren E134 som går mellom aust og vest.
— Det er me på Vestlandet som er vane med å drive bedrift «trass» i, og i motvind som toler dette, meiner Matre.
Opprøret i Vindafjord og Etne var til å ta og føle på fredag før palmehelga. Då gjekk Statens vegvesen ut med meldinga om at dei ikkje hadde tatt med strekninga i prioriteringslista for Nasjonal transportplan (NTP) 2025-2036. Strekninga som går gjennom begge kommunane er mykje omtalt, og har trona høgt på lista over samferdsletiltak som trengs for å styrke utviklinga lokalt, både samfunnsmessig og i næringslivet. Matre er klokkeklar på kva som no trengs.
— Vegstandarden vår er knallviktig for å sikre at næringslivet kan utvikle seg. Me treng ein effektiv transportkorridor som gir oss effektiv logistikk. Det skjer alt for mykje ulukker på denne vegen, og det blir for lite handling og for mykje preik, samt lovnader som brist. Med effektive og sikre vegar så bygger ein større bu- og arbeidsmarknad på Haugalandet som igjen er fundamentalt skal me vere ein attraktiv region.
— Det må vere den einaste europavegen som manglar gul stripe, å bygge ny veg tar tid. Styresmaktene har arbeidd med planar å utbetra vegstrekninga i snart 60 år. Kanskje går det nye 60 år utan anna enn gode intensjonar? I mellomtida treng me i alle fall ei utbetring av den me har. Me treng ein trygg veg, seier han og peikar på at ny tunnel mellom Røldal og Seljestad også er eit prosjekt som det blir viktig å få realisert så raskt som mogleg både av omsyn til tryggleik, miljøutslepp, regularitet og for å korte ned reisetid.
— Men når transport-milliardane blir styrt inn mot sentrale strøk utan omsyn til kor verdiane blir skapte, så manglar viktige perspektiv, avsluttar ein oppgitt Matre.
Teknisk leiar i Fatland, Inge Fatland, har engasjert seg sterkt i vegsaka.
— Me treng ein veg å køyre på, slik det er nå er det livsfarleg
å sleppe sjåførane ut på vegen. Eg trur me kan sjå langt etter ny veg Bakka–Solheim, men først må me iallfall få utbetra strekninga slik at me får ei vegskulder me kan bruke og gul stripe. Det er mellom 50 og 100 trailerar innom anlegget til Fatland i Ølen kvar dag. Inge Fatland meiner det er kritisk at sjølve vegen ikkje blir betrakta som ein arbeidsplass.
— Hadde eg hatt ein arbeidsplass på kontor som arbeidstil-
synet ikkje godkjende fordi det var fare for liv og helse hadde den blitt stengt med ein gong. Men det er ingen som stenger vegen om den er farleg, sjåførane våre er på jobb med livet som innsats.
— Det blir stilt krav til bilar og bremser, det er jo kjempebra, men kva med vegen som bilen køyrer på? Vegen vår må utbetrast for at det skal bli trygt for sjåførane å gå på jobb, og i tillegg vil ny veg gjere transporten meir miljøvennleg.
Inge Fatland trur ikkje han sit på kontoret sitt den dagen ny veg mellom Bakka og Solheim blir ferdigstilt.
— Nei, det har eg mista trua på. Det tar i snitt 30 år før ein veg blir realisert.
— Denne vegen betyr kjempemykje for oss, i næringslivet vårt er det mange bedrifter som er avhengige av vegen som går mellom aust og vest, seier ordførar i Vindafjord kommune, Ole Johan Vierdal (Sp).
Han peikar på at mange bedrifter i kommunen er basert på å frakte varer og produkt ut og inn av kommunen og at opninga av Rogfast, som etter planen skal stå ferdig i 2032, også vil medføre ein trafikkauke her lokalt.
— Eg meiner absolutt at kalkylen på trafikk-auken som vil kome er for låg, ein skal jo helst sør for Bryne før det lønner seg å køyre Sørlandet når ein skal austover. Ei løysing av flaskehalsen Bakka–Solheim må på plass, men skal ein basere seg på bompengar her lokalt blir det fort dyrt for folk.
— Me har eit gul stripe-prosjekt frå Ølen og over til Etne, men her er det heller ikkje nok midlar til å kome heilt ned til Etne.
Ordføraren viser til at vegen over Fikse har vist seg som eit stort problemområde i vinter. Den siste tida har ført med seg ei tragisk dødsulukke og fleire dagar med heftig snøvêr, og full stopp i trafikken.
— 13. desember klarte ikkje kommunestyrerepresentantane å kome fram til møtet i Ølen tidsnok, og me måtte utsetje det. Brøytemannskapet vart hindra så dei ikkje kom fram og fekk gjort jobben sin. Det er rett og slett ikkje godt nok at me har det slik.
— No har vegvesenet tatt ut Bakka–Solheim frå sine tilrådingar, og me får ikkje til noko meir i den ramma me har. No må politikarane på banen med meir pengar slik at vegen blir realisert. Eg vågar ikkje å håpe på når den kjem, eg har tippa før og bomma, seier Vierdal.
Vierdal står på attval i lokalvalet til hausten og er motivert for
å jobbe vidare med samferdsle.
— Me må påverke rammene slik at dei blir auka, tunellen på Seljestad var jo nesten gryteklar no før den vart stoppa igjen. Eg trur midlane kjem, men me må stå på fram til kl. 12, ikkje gi oss fem på. Før sa eg alltid at eg skulle vere glad når vegarbeidet starta, no trur eg me må seie me kan vere glade når vegen er opna.
Over kommunegrensa er ein annan engasjert ordførar frå same parti som Vierdal. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er ordførar i Etne kommune, i tillegg sit ho i styret i organisasjonen E134 Haukelivegen.
— Me ser jo at vegvesenet no har kome med tilråding om å ta ut Bakka–Solheim, men dette er til sjuande og sist ei politisk behandling. Vegvesenet grunngir med at dette bør delfinansierast med bompengar.
— Delfinansieringa med bompenger er forankra i prinsippvedtak i Etne og Vindafjord kommune, difor forstår eg ikkje kvifor det står at det må forankrast. Eg har bedt om eit møte med utbyggingsdirektør i vegvesenet for å finne ut kva dei meiner med dette, seier Ekrheim.
— Når den meldinga kom frå vegvesenet rett før palmehelga var nok ikkje eg så god å vere i hus med. Eg er skrudd saman på ein slik måte at eg som regel er optimist, og trur at det meste løyser seg. Men denne gongen blei eg både sint og lei meg, det var ein smell. No må me berre brette opp ermane og gå vidare, meiner ho.
Ekrheim er oppteken av kva vegstandarden har å seie for samfunnet, og næringslivet. Ho viser til at vegen er ei viktig nerve aust- og vestover, men like så viktig at den er ein lokal veg som er avgjerande for dei som bur i dei to kommunane.
— Vegen er både livgivande og livsfarleg, det er ei pulserande åre gjennom kommunane våre. Me er jo heilt og halden avhengig av transportkorridoren. Berre den vesle tida me har prata no så har det gått forbi eit godt tal med vogntog her, fortel Ekrheim og ser ut på vegen frå kontoret sitt i Etne.
— Me har hatt alvorlege ulukker, og me ser stadig vekk alvorlege situasjonar der det kunne gått så mykje verre. Eg har gjennomført ei uoffisiell måling mellom Bakka i aust og den gule stripa ved Fatland i Ølen, på den strekninga var det 17 kilometer utan gul stripe, seier ordføraren som også har takka ja til å stå på topp av Senterparti-lista i Etne ein runde til.
— Dette er ei sak eg gjerne vil fylgje vidare, dette er utruleg viktig for utviklinga i begge kommunane, meiner ho.
Det er ingen som stenger vegen om den er farleg, sjåførane våre er på jobb med livet som innsats
Inge Fatland
“
Berge Sag er Haugalandets og én av landets ledende bolig- og hytteleverandører
I over 100 år har vi levert kvalitetsboliger og hytter til det norske folk, og fornyet utallige hjem
Prosjektavdelingen
Vi har mange spennende prosjekter for salg, sjekk ut på www.bergesag.no/bolig/prosjekter
Hytteavelingen
Vi har stort utvalg av hytter og hyttetomter du kan bygge drømmehytta di på. Les mer på www.bergesag.no/hytte
Bolig
Vi har et stort utvalg av hustyper vi kan bygge for deg – enten du ønsker tilpasning eller skreddersøm. Se vårt store utvalg på www.bergesag.no/bolig/modeller
Byggfornyelse
Vi har flere tiårs erfaring med fornyelse av bolig, hytte og næringseiendom Les mer på www.bergesag.no/fornye
KONTAKT OSS FOR Å SE PÅ MULIGHETENE!
Omega 365
Vi er en global kompetansebedrift som leverer løsninger, ekspertise og personell for å effektivisere prosjekter og drift.
Bli en del av vårt team!
• Spennende kundeoppdrag • Lokale og nasjonale jobbmuligheter
• Sterkt kompetansemiljø
• Engasjerende arbeidsmiljø
• Fantastiske feriehus
• Løsningsorienterte team
• Inspirerende teambuildinger
• Unikt velferdsprogram
omega365.com/jobs
Rekrut tering
Berge Sag
Gunnstein
Westcon Yards
Næringsmagasinet Tempo har tatt ein runde til bedrifter i Etne og Vindafjord om behov, erfaring og utfordring med å rekruttera god og rett arbeidskraft.
1 2
Kva kompetanse treng de framover?
Kva grep har di bedrift gjort for å møta rekrutteringsbehov?
Gunnlaug Habbestad, HR-leiar 1 2
Me kjenner på eit aukande behov for folk i dei fleste fagområde framover. No søkjer me mekanikarar, rørleggarar og målarar med fagbrev eller erfaring frå industrien. Me jaktar også gode leiarar og personar med høgare kompetanse innan tekniske fag og økonomi. Me opplever at det er stor etterspørsel etter folk og høg aktivitet i regionen.
Lærlingar er den aller viktigaste rekrutteringa for å få gode fagfolk. I tillegg oppfordrar me dei som alt er tilsette til å ta vidareutdanning, dette har me og støtta økonomisk. Etter me fekk fagskule i Haugesund har mange blitt med på deltidstilbodet der. Me vil og no starte med traineestillingar, der ein får erfaring frå ulike forretningsområde og blir kjent i bedrifta.
Knudsen Dørfabrikk
Roar Knudsen, Dagleg leiar 1 2
Me treng lærlingar i faga; industrimekanikar, trevaresnekker og CNC-operatør. Folk med fagbrev som trevaresnekker og CNC-operatør er alltid hjarteleg velkomne til å søkja hjå oss, det same gjeld ein faglært malar. Det er også viktig med ulike typar teknisk kompetanse, noko som kan vere alt frå mekanisk til elektro. IT-kompetanse er også noko me vurderer.
Me har vore på skulebesøk, både i Skånevik og på Ølen VGS, i tillegg har me hatt skuleklassar på besøk. Me er og meir synlege på Instagram og Facebook, men har potensiale for å nå ungdommane betre enn me gjer i dag. Me er åtte tilsette som tek fagbrev over ein periode på 2-4 år no, og prøver å vere synlege i samfunnet rundt oss. I tillegg har me laga ei eiga prosjektgruppe som jobbar med rekruttering.
1 2
Me treng byggteknisk kompetanse på ulike nivå, som ingeniørar, teknisk fagskole og tømrarar. Me treng og personell innan prosjektleiing, marknadsføring og sal. Og alle må beherske dataverktøy på eit visst nivå.
Me gjer ulike tiltak, som å jobbe saman med Medvind24 for å lage desentraliserte kus, slik at dei tilsette kan ta kurs og vidareutdaning. Me sender også mange tilsette på kurs for å auke kompetansen, i tillegg til fleire saker i sosiale medium og på andre plattformer for vise fram Berge Sag som ein trygg og spanande arbeidsplass.
5-pluss
Ivar Halvorsen, Dagleg leiar 1 2
Me treng erfarne rekneskapsførarar både innan landbruk og bedrift. Dei bør ha god kompetanse på rekneskap og skatt, og ha erfaring eller ynskjer om å bli rådgjevar og sparringspartnar for kundane våre.
Me har tilsett fleire, men det er vanskeleg å finne folk med erfaring. Det er viktig å vise fram våre styrkar som eit lite kontor med moglegheiter til å lære mykje, samt at ein kan tilby gode lønns- og arbeidsvilkår.
1 2
1 2
Me treng sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Både fast tilsette, men også helge- og ringevikarar. Sjukepleiarstudentar får også økonomisk avtale for å jobba hjå oss.
Me tilbyr ulike turnusordninga og langvakter. I tillegg kan me hjelpe med å finne bustad.
Brødrene Mæland
Anders Mæland, Dagleg leiar 1 2
Me er på leit etter faglærte tømrarar, det gjeld både dei som er nyutdanna og dei som har erfaring. På kontorbasis vil det på sikt bli eit behov for hus og hytteseljar.
Me har søkt etter folk både via Facebook og litt i aviser, me har og ledig stilling-annonser på nettsida vår. Me legg vekt på at me er ein jovial gjeng, som har fleksible ordningar og godt arbeidsmiljø. Me opplever at me er ei bedrift som veks gradvis og utviklar oss, så det vil vere utviklingsmoglegheiter for dei som ønsker det.
Omega 365 Solution
Svein Tore Haraldseid, General manager Norway1 2
Me treng prosjektleiarar for innføring av prosjektstyringsløysninga vår ut til kunder. Dei bør helst ha erfaring med IT og litt kunnskap om eit eller fleire av faga: kost, kontrakt, risk, dokumentkontroll, ferdigstillelse, grensesnittsstyring eller kvalitet. Me ser etter software-utviklarar, gjerne nyutdanna enten som bachelor eller via yrkesfag.
Me har hatt eit samarbeid med yrkesfagleg utdanning på IT/ Programmering i Haugesund og me tar no inn fleire lærlingar årleg i programmeringsfaget.
Arriva Shipping
Sindre Matre, CEO 1 2
Me treng både operativ kompetanse, altså seglande, både på sjø og på land. I tillegg treng me folk med IT og digital kompetanse framover.
Me har fokusert på å vere synlege og tilstades på rekrutteringsmesser, besøk på skular og vore på rekrutteringstokt med skuleskipet MS «Gann». Me vil og fortsetje med, og samt auke, rekruttering av lærlingar, kadettar og tilsvarande.
Ølen Betong
Turid Berge, HR-leiar 1 2
Me har behov for kompetanse innan produksjon, ingeniørar samt administrativt personell.
For å møte behovet og utvide søkjargruppa kan me til dømes no tilby kontorplass både i Ølensvåg og Gismarvik. Me nyttar oss av rekrutteringsbyrå til nokre stillingar, og elles er det jo viktig å framstå som ein attraktiv og solid arbeidsplass. No kan me og freiste med ny kantine i Ølensvåg, som er blitt tatt godt i mot. Me ser og miljøaspektet er viktig for mange som søkjer, då er det fint å kunne vise til gode resultat der grøn betong er i fokus, og vise korleis me arbeider for å få ned CO2avtrykket.
Helgevold Gruppen
Herborg Helland, HR-leiar 1 2
Me har behov for folk, og det blir jobba aktivt med rekruttering. Me treng: elektrikar, ingeniør, automatikar, tavlemontør, prosjektleiar, teknisk teiknar og salskoordinator.
Det er viktig med fokus på employer branding, å vera ein attraktiv arbeidsgivar for både noverande tilsette, aktive og passive kandidatar, i tillegg til å ha gode velferdstilbod. Me nyttar og eit eksternt marknad– og reklamebyrå for å auke marknadsføringa. Byrået skal hjelpe oss med strategi for god rekruttering, me viser fram bedrifta i ulike sosiale medium, der me blant anna bruker historieforteljing. Det blir laga små filmsnuttar der me fortel kva me er gode på og kva som er utviklingsmoglegheiter i Helgevold. Me gjennomfører også faste rekrutteringsmøter i tillegg til at me har ein eigen rekrutteringsplattform der me koordinerer kandidatar. Selskapet har også fokus på kvinner og rekruttering, og me tilbyr fagbrev nummer 2 til tilsette.
Finn læreplass i FINNFAG
APPEN
Last ned Finnfag-appen i AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar.
Bli sett Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar
• Ny E134
• Meir næringsareal
• Forenkla byråkrati
• Betre kommune- og fylkesvegar
• Samhandling skule og næringsliv
• Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»
Bli høyrt
Bedriftene sitt talerøyr
• Gir ut næringsmagasinet Tempo
• Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar
• Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar
Bli med Faglege nettverk og møteplassar
• NæringsGIV på Olalia
• Bransjekoordinator
• Fagseminar
• L.Ærling – for lærebedrifter