5 minute read

E134 - den livgivande vegen

Next Article
Kulturberaren

Kulturberaren

— Hadde denne vegen vore på Austlandet hadde den aldri blitt akseptert, seier konsernsjef i Westcon, Øystein Matre.

Han og Inge Fatland har brei støtte både politisk og blant kollegane i næringslivet når dei krev utbetring av den viktige korridoren E134 som går mellom aust og vest.

Advertisement

— Det er me på Vestlandet som er vane med å drive bedrift «trass» i, og i motvind som toler dette, meiner Matre.

Opprøret i Vindafjord og Etne var til å ta og føle på fredag før palmehelga. Då gjekk Statens vegvesen ut med meldinga om at dei ikkje hadde tatt med strekninga i prioriteringslista for Nasjonal transportplan (NTP) 2025-2036. Strekninga som går gjennom begge kommunane er mykje omtalt, og har trona høgt på lista over samferdsletiltak som trengs for å styrke utviklinga lokalt, både samfunnsmessig og i næringslivet. Matre er klokkeklar på kva som no trengs.

— Vegstandarden vår er knallviktig for å sikre at næringslivet kan utvikle seg. Me treng ein effektiv transportkorridor som gir oss effektiv logistikk. Det skjer alt for mykje ulukker på denne vegen, og det blir for lite handling og for mykje preik, samt lovnader som brist. Med effektive og sikre vegar så bygger ein større bu- og arbeidsmarknad på Haugalandet som igjen er fundamentalt skal me vere ein attraktiv region.

— Det må vere den einaste europavegen som manglar gul stripe, å bygge ny veg tar tid. Styresmaktene har arbeidd med planar å utbetra vegstrekninga i snart 60 år. Kanskje går det nye 60 år utan anna enn gode intensjonar? I mellomtida treng me i alle fall ei utbetring av den me har. Me treng ein trygg veg, seier han og peikar på at ny tunnel mellom Røldal og Seljestad også er eit prosjekt som det blir viktig å få realisert så raskt som mogleg både av omsyn til tryggleik, miljøutslepp, regularitet og for å korte ned reisetid.

— Men når transport-milliardane blir styrt inn mot sentrale strøk utan omsyn til kor verdiane blir skapte, så manglar viktige perspektiv, avsluttar ein oppgitt Matre.

Teknisk leiar i Fatland, Inge Fatland, har engasjert seg sterkt i vegsaka.

— Me treng ein veg å køyre på, slik det er nå er det livsfarleg å sleppe sjåførane ut på vegen. Eg trur me kan sjå langt etter ny veg Bakka–Solheim, men først må me iallfall få utbetra strekninga slik at me får ei vegskulder me kan bruke og gul stripe. Det er mellom 50 og 100 trailerar innom anlegget til Fatland i Ølen kvar dag. Inge Fatland meiner det er kritisk at sjølve vegen ikkje blir betrakta som ein arbeidsplass.

— Hadde eg hatt ein arbeidsplass på kontor som arbeidstil- synet ikkje godkjende fordi det var fare for liv og helse hadde den blitt stengt med ein gong. Men det er ingen som stenger vegen om den er farleg, sjåførane våre er på jobb med livet som innsats.

— Det blir stilt krav til bilar og bremser, det er jo kjempebra, men kva med vegen som bilen køyrer på? Vegen vår må utbetrast for at det skal bli trygt for sjåførane å gå på jobb, og i tillegg vil ny veg gjere transporten meir miljøvennleg.

Inge Fatland trur ikkje han sit på kontoret sitt den dagen ny veg mellom Bakka og Solheim blir ferdigstilt.

— Nei, det har eg mista trua på. Det tar i snitt 30 år før ein veg blir realisert.

— Denne vegen betyr kjempemykje for oss, i næringslivet vårt er det mange bedrifter som er avhengige av vegen som går mellom aust og vest, seier ordførar i Vindafjord kommune, Ole Johan Vierdal (Sp).

Han peikar på at mange bedrifter i kommunen er basert på å frakte varer og produkt ut og inn av kommunen og at opninga av Rogfast, som etter planen skal stå ferdig i 2032, også vil medføre ein trafikkauke her lokalt.

— Eg meiner absolutt at kalkylen på trafikk-auken som vil kome er for låg, ein skal jo helst sør for Bryne før det lønner seg å køyre Sørlandet når ein skal austover. Ei løysing av flaskehalsen Bakka–Solheim må på plass, men skal ein basere seg på bompengar her lokalt blir det fort dyrt for folk.

— Me har eit gul stripe-prosjekt frå Ølen og over til Etne, men her er det heller ikkje nok midlar til å kome heilt ned til Etne.

Ordføraren viser til at vegen over Fikse har vist seg som eit stort problemområde i vinter. Den siste tida har ført med seg ei tragisk dødsulukke og fleire dagar med heftig snøvêr, og full stopp i trafikken.

— 13. desember klarte ikkje kommunestyrerepresentantane å kome fram til møtet i Ølen tidsnok, og me måtte utsetje det. Brøytemannskapet vart hindra så dei ikkje kom fram og fekk gjort jobben sin. Det er rett og slett ikkje godt nok at me har det slik.

— No har vegvesenet tatt ut Bakka–Solheim frå sine tilrådingar, og me får ikkje til noko meir i den ramma me har. No må politikarane på banen med meir pengar slik at vegen blir realisert. Eg vågar ikkje å håpe på når den kjem, eg har tippa før og bomma, seier Vierdal.

Vierdal står på attval i lokalvalet til hausten og er motivert for å jobbe vidare med samferdsle.

— Me må påverke rammene slik at dei blir auka, tunellen på Seljestad var jo nesten gryteklar no før den vart stoppa igjen. Eg trur midlane kjem, men me må stå på fram til kl. 12, ikkje gi oss fem på. Før sa eg alltid at eg skulle vere glad når vegarbeidet starta, no trur eg me må seie me kan vere glade når vegen er opna.

Over kommunegrensa er ein annan engasjert ordførar frå same parti som Vierdal. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er ordførar i Etne kommune, i tillegg sit ho i styret i organisasjonen E134 Haukelivegen.

— Me ser jo at vegvesenet no har kome med tilråding om å ta ut Bakka–Solheim, men dette er til sjuande og sist ei politisk behandling. Vegvesenet grunngir med at dette bør delfinansierast med bompengar.

— Delfinansieringa med bompenger er forankra i prinsippvedtak i Etne og Vindafjord kommune, difor forstår eg ikkje kvifor det står at det må forankrast. Eg har bedt om eit møte med utbyggingsdirektør i vegvesenet for å finne ut kva dei meiner med dette, seier Ekrheim.

— Når den meldinga kom frå vegvesenet rett før palmehelga var nok ikkje eg så god å vere i hus med. Eg er skrudd saman på ein slik måte at eg som regel er optimist, og trur at det meste løyser seg. Men denne gongen blei eg både sint og lei meg, det var ein smell. No må me berre brette opp ermane og gå vidare, meiner ho.

Ekrheim er oppteken av kva vegstandarden har å seie for samfunnet, og næringslivet. Ho viser til at vegen er ei viktig nerve aust- og vestover, men like så viktig at den er ein lokal veg som er avgjerande for dei som bur i dei to kommunane.

— Vegen er både livgivande og livsfarleg, det er ei pulserande åre gjennom kommunane våre. Me er jo heilt og halden avhengig av transportkorridoren. Berre den vesle tida me har prata no så har det gått forbi eit godt tal med vogntog her, fortel Ekrheim og ser ut på vegen frå kontoret sitt i Etne.

— Me har hatt alvorlege ulukker, og me ser stadig vekk alvorlege situasjonar der det kunne gått så mykje verre. Eg har gjennomført ei uoffisiell måling mellom Bakka i aust og den gule stripa ved Fatland i Ølen, på den strekninga var det 17 kilometer utan gul stripe, seier ordføraren som også har takka ja til å stå på topp av Senterparti-lista i Etne ein runde til.

— Dette er ei sak eg gjerne vil fylgje vidare, dette er utruleg viktig for utviklinga i begge kommunane, meiner ho.

This article is from: