3 minute read

MØTTEST PÅ MIDTEN

Next Article
Rekrut tering

Rekrut tering

Dei speidar utover Vindafjorden, på fjorden og fjella som trekte dei hit. Utsikta frå huset i Sandeid er som eit postkort frå Noreg, med blå himmel over blå sjø. Barnehagelærar Marie Hundhammer Siglen (25) og elektroingeniør Helge Hummervoll (26) vil ikkje vera nokon annan stad enn akkurat her.

— Eg hadde alltid tenkt å bu på bygda, eigentleg. Det er jo her familie og venner er, seier Helge.

Advertisement

— Eg har ikkje angra eit sekund, seier Marie.

Snart blir dei tre. Tempo møter dei første dagen i Marie sin permisjon. Termin nærmar seg, og snart kjem ein liten gut til verda. I skrivande stund er ikkje namnet klart, dei har nokre alternativ å velja mellom. Uansett er dei sikre på at dei vil gi same gode barndom som dei sjølv fekk, i byggjefelt i høvesvis Ølen og Ølmedal.

Begge har vakse opp med fiske og friluftsliv. For eit par år sidan kjøpte Marie og Helge nabotomta til foreldra sitt naust nedanfor huset, og byggjer nå sitt eige. Draumen om det gode livet er i ferd med å bli realisert.

At valet falt på Sandeid, midt mellom heimbygdene, var langt frå tilfeldig.

— Sandeid tikka alle boksane, seier Helge.

— Det er ein fin plass, passeleg stor bygd. Det er sentralt – og nær Ølen, seier Marie.

At det er sentralt, er Helge samd i, men då tenkjer han mest på nærleiken til Ølmedal i motsett retning. Utanom ein svipptur til Haugesund på vidaregåande, har han halde til i Imsland. Helge tok elektrikarlinje og fekk læreplass i Nordsjøen. Perfekt for ein som gjerne ville tilbake til Ølmedal. Same året starta kompisgjengen bandet FYK, der Helge er bassist.

Dessutan var det ein veldig hyggjeleg ølensbu i nærleiken, ei som også hadde ein klar plan om å bu i Vindafjord. Etter at dei møttest som 17- og 18-åringar, byrja Marie på bachelor i barnevern ved Universitetet i Stavanger. Etter vidaregåande på Barneog ungdomsarbeidarfag i Ølen og Etne, ville ho inn i barnevernet. Det er ein etterlengta kompetanse lokalt. Men:

— Det er eit tøft yrke der ein må tola å stå i stormen. Men det er også givande då det var fleire suksesshistorier, seier Marie.

Etter tida i barnevernet, kom ho tilbake til barnehagen Småfolk, der ho tidlegare hadde arbeidd som barnehagelærar. Det er i barnehagen ho trivst best.

— Eg likar godt å jobba med barn, seier Marie.

Derfor har ho bygt vidare på det. Trass deira unge alder, har begge to allereie fylt på kompetansen sidan dei kom til Sandeid våren 2019. Marie har éin eksamen igjen til å bli barnehagelærar, som trengst for å få fast jobb. Ved sida av jobben har Helge nyleg tatt bachelorgrad som elektroingeniør via nettstudium på NTNU. Helge likar framleis fleksibiliteten i offshore-jobb. Nyleg gjekk han over i ny stilling som ESD-teknikar i ConocoPhillips, der han arbeider med kontrollsystem på plattform.

Helge har mange venner frå Sandeid gjennom fotball og skule. Mange av desse har og funne seg lokal partnar og slått seg ned i Sandeid.

— Det var ikkje så veldig mange unge folk i Sandeid då me flytta her. Men nå er det blitt veldig mange, seier Marie.

Fleire har samlast i byggjefeltet deira. Søster til Marie har nettopp blitt nabo. Ei god barndomsvenninne flytta nyleg til eit anna byggjefelt. Dei blir stadig fleire unge i Sandeid.

— Når først nokon flytter heim, trur eg er det enklare for fleire å komma hit. Det blir ei snøballeffekt, seier Helge.

Det er herleg å komma tett på folk, vera ein stad der alle kjenner alle. Men små samfunn kan vera gjennomsiktige, vil dei ikkje vera anonyme av og til?

— Eg har ikkje kjent så mykje på det, seier Helge.

— Det er jo ikkje vanskeleg å oppsøkja folk om ein har lyst. Han føretrekk bygdelivet, noko Marie er samd i.

— Eg likar meg best her på bygda. Då eg budde i Stavanger, reiste eg jo heim kvar helg. Her var det sosialt, det skjedde forskjellig eg ville vera med på ilag med venner. Eg var ikkje heilt innstilt på å gå all in i Stavanger, seier Marie.

— Eg var ikkje så flink til å besøkja deg, så då måtte du komma hit, ler Helge.

Utanom natur, familie og venner er det mykje som trekk hit. Det er kort veg til alt. Sandeid har fått kafé der Marie ser fram til å treffa jentegjengen. Marie og Helge skryt av godt miljø og kulturliv. Dei likar godt å gå på konsert, og gler seg over koronafri festivalsommar. Men sjølv om Helge vil spela konsertar med bandet FYK framover, blir det litt rolegare sommar på grunn av guten som snart kjem.

— Eg har alltid tenkt eg vil gje ungane mine same oppvekst som eg har hatt, seier Marie.

Det er fleire fordelar med det, meiner dei komande foreldra. Mindre stader finst ofte tettare oppfølging og betre miljø. Boltreplass-radiusen er større for eit barn her. Det er korte avstandar til venner i same livssituasjon, som kan ha moglege leikekameratar om nokre år.

I mellomtida er ventetida i gang. Snart blir livet snudd oppned, og ein ny generasjon klar for å utforska fjella og fjorden.

This article is from: