4 minute read
Rekrut tering
from Tempo 1 2023
Berge Sag
Gunnstein
Advertisement
Westcon Yards
Næringsmagasinet Tempo har tatt ein runde til bedrifter i Etne og Vindafjord om behov, erfaring og utfordring med å rekruttera god og rett arbeidskraft.
1 2
Kva kompetanse treng de framover?
Kva grep har di bedrift gjort for å møta rekrutteringsbehov?
Gunnlaug Habbestad, HR-leiar 1 2
Me kjenner på eit aukande behov for folk i dei fleste fagområde framover. No søkjer me mekanikarar, rørleggarar og målarar med fagbrev eller erfaring frå industrien. Me jaktar også gode leiarar og personar med høgare kompetanse innan tekniske fag og økonomi. Me opplever at det er stor etterspørsel etter folk og høg aktivitet i regionen.
Lærlingar er den aller viktigaste rekrutteringa for å få gode fagfolk. I tillegg oppfordrar me dei som alt er tilsette til å ta vidareutdanning, dette har me og støtta økonomisk. Etter me fekk fagskule i Haugesund har mange blitt med på deltidstilbodet der. Me vil og no starte med traineestillingar, der ein får erfaring frå ulike forretningsområde og blir kjent i bedrifta.
Knudsen Dørfabrikk
Roar Knudsen, Dagleg leiar 1 2
Me treng lærlingar i faga; industrimekanikar, trevaresnekker og CNC-operatør. Folk med fagbrev som trevaresnekker og CNC-operatør er alltid hjarteleg velkomne til å søkja hjå oss, det same gjeld ein faglært malar. Det er også viktig med ulike typar teknisk kompetanse, noko som kan vere alt frå mekanisk til elektro. IT-kompetanse er også noko me vurderer.
Me har vore på skulebesøk, både i Skånevik og på Ølen VGS, i tillegg har me hatt skuleklassar på besøk. Me er og meir synlege på Instagram og Facebook, men har potensiale for å nå ungdommane betre enn me gjer i dag. Me er åtte tilsette som tek fagbrev over ein periode på 2-4 år no, og prøver å vere synlege i samfunnet rundt oss. I tillegg har me laga ei eiga prosjektgruppe som jobbar med rekruttering.
1 2
Me treng byggteknisk kompetanse på ulike nivå, som ingeniørar, teknisk fagskole og tømrarar. Me treng og personell innan prosjektleiing, marknadsføring og sal. Og alle må beherske dataverktøy på eit visst nivå.
Me gjer ulike tiltak, som å jobbe saman med Medvind24 for å lage desentraliserte kus, slik at dei tilsette kan ta kurs og vidareutdaning. Me sender også mange tilsette på kurs for å auke kompetansen, i tillegg til fleire saker i sosiale medium og på andre plattformer for vise fram Berge Sag som ein trygg og spanande arbeidsplass.
5-pluss
Ivar Halvorsen, Dagleg leiar 1 2
Me treng erfarne rekneskapsførarar både innan landbruk og bedrift. Dei bør ha god kompetanse på rekneskap og skatt, og ha erfaring eller ynskjer om å bli rådgjevar og sparringspartnar for kundane våre.
Me har tilsett fleire, men det er vanskeleg å finne folk med erfaring. Det er viktig å vise fram våre styrkar som eit lite kontor med moglegheiter til å lære mykje, samt at ein kan tilby gode lønns- og arbeidsvilkår.
1 2
1 2
Me treng sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Både fast tilsette, men også helge- og ringevikarar. Sjukepleiarstudentar får også økonomisk avtale for å jobba hjå oss.
Me tilbyr ulike turnusordninga og langvakter. I tillegg kan me hjelpe med å finne bustad.
Brødrene Mæland
Anders Mæland, Dagleg leiar 1 2
Me er på leit etter faglærte tømrarar, det gjeld både dei som er nyutdanna og dei som har erfaring. På kontorbasis vil det på sikt bli eit behov for hus og hytteseljar.
Me har søkt etter folk både via Facebook og litt i aviser, me har og ledig stilling-annonser på nettsida vår. Me legg vekt på at me er ein jovial gjeng, som har fleksible ordningar og godt arbeidsmiljø. Me opplever at me er ei bedrift som veks gradvis og utviklar oss, så det vil vere utviklingsmoglegheiter for dei som ønsker det.
Omega 365 Solution
Svein Tore Haraldseid, General manager Norway
1 2
Me treng prosjektleiarar for innføring av prosjektstyringsløysninga vår ut til kunder. Dei bør helst ha erfaring med IT og litt kunnskap om eit eller fleire av faga: kost, kontrakt, risk, dokumentkontroll, ferdigstillelse, grensesnittsstyring eller kvalitet. Me ser etter software-utviklarar, gjerne nyutdanna enten som bachelor eller via yrkesfag.
Me har hatt eit samarbeid med yrkesfagleg utdanning på IT/ Programmering i Haugesund og me tar no inn fleire lærlingar årleg i programmeringsfaget.
Arriva Shipping
Sindre Matre, CEO 1 2
Me treng både operativ kompetanse, altså seglande, både på sjø og på land. I tillegg treng me folk med IT og digital kompetanse framover.
Me har fokusert på å vere synlege og tilstades på rekrutteringsmesser, besøk på skular og vore på rekrutteringstokt med skuleskipet MS «Gann». Me vil og fortsetje med, og samt auke, rekruttering av lærlingar, kadettar og tilsvarande.
Ølen Betong
Turid Berge, HR-leiar 1 2
Me har behov for kompetanse innan produksjon, ingeniørar samt administrativt personell.
For å møte behovet og utvide søkjargruppa kan me til dømes no tilby kontorplass både i Ølensvåg og Gismarvik. Me nyttar oss av rekrutteringsbyrå til nokre stillingar, og elles er det jo viktig å framstå som ein attraktiv og solid arbeidsplass. No kan me og freiste med ny kantine i Ølensvåg, som er blitt tatt godt i mot. Me ser og miljøaspektet er viktig for mange som søkjer, då er det fint å kunne vise til gode resultat der grøn betong er i fokus, og vise korleis me arbeider for å få ned CO2avtrykket.
Helgevold Gruppen
Herborg Helland, HR-leiar 1 2
Me har behov for folk, og det blir jobba aktivt med rekruttering. Me treng: elektrikar, ingeniør, automatikar, tavlemontør, prosjektleiar, teknisk teiknar og salskoordinator.
Det er viktig med fokus på employer branding, å vera ein attraktiv arbeidsgivar for både noverande tilsette, aktive og passive kandidatar, i tillegg til å ha gode velferdstilbod. Me nyttar og eit eksternt marknad– og reklamebyrå for å auke marknadsføringa. Byrået skal hjelpe oss med strategi for god rekruttering, me viser fram bedrifta i ulike sosiale medium, der me blant anna bruker historieforteljing. Det blir laga små filmsnuttar der me fortel kva me er gode på og kva som er utviklingsmoglegheiter i Helgevold. Me gjennomfører også faste rekrutteringsmøter i tillegg til at me har ein eigen rekrutteringsplattform der me koordinerer kandidatar. Selskapet har også fokus på kvinner og rekruttering, og me tilbyr fagbrev nummer 2 til tilsette.