2 minute read

Tidleg

Inkludering Er Avgjerande

Gode opplevingar på utplassering er viktig i valet av læreplass, seier dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor, Bjørn Johannessen.

Advertisement

— Dei fleste lærlingane får vera ein del av gjengen. Dei føler dei er del av produksjonen. Ingen seier dei skal på opplæring, dei skal på jobb. Bedrifta er suksessfaktoren.

Det seier dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor, Bjørn Johannessen, som koplar lærlingar og bedrifter på tvers av bransjar, kommunar og fylke. Johannessen har 25 års erfaring, og fortel om minimal strykprosent og jamt fungerande læretid i regionen.

Han meiner utplassering blir ein stadig viktigare del av det å bli kjend med faget og med arbeidslivet.

— Då er det viktig at bedriftene kjenner si besøkelsestid, seier Johannesen.

Gode opplevingar på utplassering er viktig i valet av læreplass. I praksis fungerer læretida veldig bra i regionen, meiner han.

— Mange i bedriftene er nærmast pedagogar som er flinke til å formidla fag. Lærlingane er motiverte, seier Johannessen.

Dermed er Vest Stål og Fasade inne på rett spor, meiner Johannessen. Det er viktig å få realistiske oppgåver tidleg, slik stålbedrifta gir lærlingane sine. At elevar og lærlingar får opplæring utanom den tradisjonelle undervisningssituasjonen, blir stadig viktigare.

Ny opplæringslov, som nå er på høyring, legg opp til større fleksibilitet i utdanninga. Då blir det større moglegheiter for å ta fleire fagbrev og gjerne enklare å skifta kurs for dei som har behov for det, fortel Johannessen. Det er mogleg å ta heile utdanninga i bedrift, og dermed komma rett frå ungdomsskulen. Johannessen ser positivt på at vegen til fagbrev kan ta endå fleire retningar framover. Samstundes ser han ei utfordring.

— Fleksiblitet i teori-faga er også viktig, seier Johannessen.

Nå er det mogleg for yrkesfagelevar å ta einskildfag som norsk eller matematikk på vidaregåande. Men programfaga, dei praktiske faga, kan vera meir utfordrande – spesielt i små fag. Der ser Johannessen stort potensial via nettundervisning. Utviklinga går den vegen, trur Johannessen.

— Det er for eksempel mogleg å køyra teoretisk undervisning med VR-briller, og deretter praktiske prosjekt ute i bedrifta. Yrkesfag på vidaregåande jobbar jo på same måte med teori først, og så oppgåver i verkstad, seier Johannessen.

— I vår digitale verd kunne ein ha gitt nettbasert tilbod også her, meiner han.

Even Rødne (20)

• Kjem frå Etne

• Lærling ved Vest Stål og Fasade

• Tok VG1 på TIP (teknologiog industrifag) og VG2 i industriteknologi ved Ølen VGS

• Tar fagbrev i platearbeidarfaget i august

Vest Stål og Fasade

• Totalleverandør av stålkonstruksjonar og stålbygg

• 35 tilsette, derav 12 i produksjon

• 140 % vekst i omsetning dei siste tre åra

• Kåra til gasellebedrift i Dagens Næringsliv 2020, 2021 og 2022

• Byggjer for tida ut produksjonshallen på Steinsland mellom Ølen og Sandeid

Lærlingar i Vest Stål og Fasade

• Bedrifta har hatt lærlingar i fem år

• Lærlingar er rekrutteringskanal nummer éin

• Tre lærlingar startar i haust

• Vest Stål og Fasade er godkjent lærebedrift for platearbeidarfaget, sveisearbeidarfaget, byggmontasjefaget og yrkessjåførfaget

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik.

Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane.

Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40

Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80

Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00

This article is from: