2 minute read
Platearbeidar med pågangsmot
from Tempo 1 2023
Even Rødne (20) byrja på utplassering, fekk lærlingplass – og snart har han fast jobb i Vest Stål og Fasade.
— Eg prøver å vera med på alt, for då blir det kjekkare, seier han.
Advertisement
Etter å ha tatt industriteknologi ved Ølen VGS, har Even Rødne (20) allereie planen klar. Etter at han har tatt fagbrevet i haust, byrjar lærlingen rett i fast jobb hjå Vest Stål og Fasade. Då vil Rødne ha dei same arbeidsoppgåvene, berre med vitnemålet som platearbeidar i handa.
Innan teknologi- og industrifag finst rundt 30 typar fagbrev å velja mellom, og Rødne er klar på at han har valt rett.
— Kvifor akkurat platearbeidar?
— Det verka kjekt og spennande, med mykje forskjellig, seier Rødne.
Tore André Helgevold (26) nikkar. Med sine seks års erfaring i bedrifta veit Helgevold kva han snakkar om. I tillegg til rolla som produksjonsleiar i Vest Stål og Fasade, er Helgevold fagleg leiar for platearbeidarar og sveisarar. Han har vegleia lærlingen Rødne sidan første utplassering på vidaregåande. Nå er Helgevold nøgd med å få han som kollega. Rødne utmerka seg allereie på utplassering.
— Even hadde utplassering her i to veker, og eg trengte nesten ikkje vegleia han. Han tok ting fort, eg forklarte ting berre éin gong — og så gjorde han det. Han er sjølvgåande, seier Helgevold.
Om Rødne si faste tilsetjing frå august, seier Helgevold:
— Ikkje noko å lura på.
Men det byrja allereie før læretida. Utplassering kan vera den beste søknaden på vidare arbeidsforhold. Det var Rødne bevisst på då han entra produksjonshallen til Vest Stål og Fasade for første gong som tenåring.
— Du prøver å gjera ditt beste på utplassering. Du må selja deg sjølv litt, seier han.
Sjølv fekk Rødne eit godt inntrykk av stålbedrifta. Bedrifta har eit lærerikt miljø med tett oppfølging.
— Det er godt arbeidsmiljø med kjekke folk her. Spør du om noko, så får du svar. Eg har mange gode kollegaer her, seier Rødne.
«Her» er i produksjonslokala på Steinsland mellom Sandeid og Ølen. Talet på kollegaer varierer etter oppdragsmengd, nå er dei tolv fast tilsette. Å ta læretida i ei mindre bedrift, meiner Helgeland og Rødne er ein fordel. Du forsvinn ikkje i mengda, og får prøva deg på eit større mangfald teknikkar og oppgåver. Dermed får du mengdetrening i fleire sider av faget. Det inneber alt frå sveising, samanstilling og montering, til matematiske berekningar av areal, volum og vinklar. Storleiken på bedrifta har også andre fordelar.
— Det er såpass lite folk her at du blir sett, seier Rødne.
For sett blir du i Vest Stål og Fasade, ikkje berre reint fagleg. Helgevold veit kva andre kvalitetar som er viktigast i ein slik jobb.
— Kva ser du etter i ein kandidat?
— Eg ser etter vilje, interesser. Det er eigentleg godt nok for meg. Dei kjem hit når dei er 17-18, og kan ikkje alt, men dersom interessa og pågangsmotet er der, har du gode byggjesteinar, forklarer Helgevold.
Det har Rødne – og det har gitt resultat.
— Kva er det viktigaste du har lært her?
— Eg har lært meg mykje om det å jobba sjølvstendig, seier han.
Å ha godt arbeidsmot og gleda seg til å gå på jobb om morgonen, er viktig for Rødne.
— Eg prøver å vera med på alt, for då blir det kjekkare. Det er tungt å gå på jobb viss du ikkje vil, seier Rødne.
Han ser fram til å ha papiret i handa. Men han veit at ingen er utlærte.
— Sjølv om du har fagbrev, så er det ennå nye ting å læra.
Dersom interessa og pågangsmotet er der, har du gode byggjesteinar
Tore André Helgevold, produksjonsleiar i Vest Stål og Fasade