7 minute read
Kaprar u ng kompetanse
from Tempo 1 2023
Nye arbeidsoppgåver i kommunane gir behov for ny kompetanse. Det er kanskje noko av årsaka til at kommunane i Etne og Vindafjord no har sikra seg fleire unge med spanande kompetanse.
Filippo Ballarin (35) er nytilsett kommunedirektør i Etne. I 2020 kom han inn i organisasjonen som økonomisjef, og sidan 1. januar i år har han vore konstituert kommunedirektør. Dei siste åra har han sett stadig fleire unge kome inn i kommuneorganisasjonen.
— Då eg kom inn i leiargruppa for tre år sidan vart den på mange vis etablert på ny, me har på ein måte vakse opp ilag, seier han.
Denne dagen er politisk leiing og kommuneadministrasjonen i Åkrafjorden for å møte reiselivet. Ballarin merkar godt at dynamikken i organisasjonen er i endring, og at dei unge set sitt avtrykk i miljøet.
— Eg merkar at gjengen er yngre. Det er ikkje nødvendigvis slik at alt går raskare, men det er ofte ei ny tilnærming, og ein ny måte å tenkje på. Mange har og vore innom både privat næringsliv og det offentlege, og ein får ein meir kompleks og variert bakgrunn.
— Dei nye kjem ofte med mykje energi, nye tankar og idear. Nett no er me inne i ein prosess der me vil tenkje nytt om profilen til kommunen. Her kunne me sjølvsagt fått inn eit eksternt firma, men plutseleg dukkar det opp tilsette som har ein aktuell bakgrunn eller utdanning, og som ynskjer å jobbe med dette. Det er flott at dei viser interesse.
Ballarin bur i Sauda, men meiner pendlarvegen er verdt det når jobben er så interessant som den er. Han er glad han har hatt nokre år i Etne til å bli kjent med både folk og kultur, no er han leiar for ein administrasjon i utvikling.
— Me har fått veldig mange unge inn den siste tida, men samstundes så har me mange som har vore her lenge, så det er ein god miks. Det er også viktig for oss å ta vare på dei som har lang erfaring i kommunen, dei har og verdifull kompetanse.
— Som leiar ynskjer eg å setje søkjelyset på kva måtar me jobbar saman på. Eg vil bruke dei neste seks månadane til å bli endå betre kjent i kommunen, og ikkje minst til å få inn flest mogleg innspel. Me må risse opp kva type kommune me vil vere og kva organisasjon me vil ha dei neste åra, seier han.
Han trur mange ser på kommunal sektor som ein statisk sektor, og meiner kommunane har fleire spanande stillingar å tilby enn ein ofte kjem på. Dei kommunale oppgåvene er i endring i takt med at kompetansebehovet også endrar seg.
— Slik eg ser det har me to store utfordringar framover. For det første må me legge til rette for at me klarer å levere tenester på det me skal etter lova. For det andre må me finne ut kva som er unikt med oss og gjer oss attraktive. Me må spisse bodskapen skal me klare å rekruttere nye innbyggarar.
Eileen P. Selland har no runda sitt første år som rådgjevar plan i Etne kommune, etter vel ni år som tilsett i Omega 365 Areal. Ho syns mangfald i alder på arbeidsplassen og kan vere med på å ufarleggjere det heile.
— Det er mykje positivt om å få fleire unge inn i organisasjonen, då er det plutseleg ikkje så skummelt lenger. Eg sjølv er i 30-åra og dei øvste leiarane mine er jamgamle med meg. Me har vokse opp på same tid, med likskap i oppvekst og tankegang.
— Det kan vere tøffare å hive seg med i lunsjpraten om du er den einaste som er fødd på 90-tallet, og praten elles går i båt, hus, ski og jakt. Det er ikkje tema som interesserer meg så veldig. Er det fleire på same alder kan ein vere seg sjølv, og praten går og lettare, seier ho.
Selland meiner kommunen er på rett veg, både med tanke på økonomisk utvikling, og ikkje minst strategisk utvikling av organisasjonen. Ho set pris på ein meir fleksibel arbeidskvardag, og at det er mogleg å ha heimekontor når familielivet krev det.
— Det er veldig viktig at me treffest, og ser kvarandre. Det er jo då me styrkar miljøet, både sosialt og fagleg. Men det er fint at Covid-tida lærte oss ein del om digital kommunikasjon. Sjølv om det faglege miljøet i kommunen ikkje er så stort, så føler eg meg aldri åleine. Eg er ein del av nettverk både i Sunnhordaland og Haugaland, seier Selland som sjølv no føler seg som ein av «dei eldre» mange gonger.
Viss du vil utvikle deg er kommunen ein god arbeidsplass, eg har fått brynt meg og vakse skikkeleg. Det er jo ingen som jobbar i kommunen som ikkje har det travelt, viss du vil kan du få mange sjansar her.
Ho vil og gjerne ta livet av mytane som fortel at arbeidsdagane på kommunehuset kan vere prega av tunge prosessar, og mykje statisk arbeid.
— Det stemmer i alle fall ikkje, slår ho fast.
Mange vel å pendle til jobben, ein av dei som toler halvanna time i bil kvar veg er Åsmund Andersen Sekse (32). Han bur på ein fruktgard på Sekse i Hardanger, men har det siste året jobba som kommunalsjef utvikling og drift i Etne kommune. Sekse gler seg og over eit mangfald i alder på jobb.
— Eg tenkjer det er eit skifte me er i gang med aldersmessig, og det er spanande og givande. Det kjem kanskje inn nokre nye tankar, ein kombinasjon av spekter i alder kan ein kommune som Etne tene på.
— Det betyr ikkje at ein berre skal tilsetje unge folk, eller at ein ikkje har verdi over ein viss alder. Dei som har vore med i mange år har viktig historisk kunnskap som er veldig nyttig. Eg meiner ein treng både dei eldre og dei unge på arbeidsplassen.
Han meiner Etne no har ein gjennomgåande ung drive.
— Her er mange moglegheiter, og eg trur både kommunen og dei som bur her har vilje til å satse og få ting til. Det er jo då ein kan løfte ting til neste nivå, seier ingeniøren som har bakgrunn frå oljebransjen og vegsektoren. Då han kom til Etne kommune kom han frå jobben som leiar for vedlikehald på tunnel, dekkelegging og veg i Vestland fylke. ottarskjold.no
32-åringen trur og det kan vere lurt å jobbe i ein annan kommune enn der ein bur. Mange av naboane rundt han veit ikkje kva jobben i Etne går ut på.
— Dei veit berre at eg pendlar og jobbar i ein annan kommune. Og det er heilt greitt, ein treng ei frisone og slik sett er det og enklare å skilje privatliv og jobb.
Også i Vindafjord er det kome til fleire unge dei siste åra, Yngve Folven Bergesen er kommunedirektør og ser at rekruttering blir ei viktig utfordring i åra framover.
— Det er jo ønskeleg at ein får eit større spenn i bakgrunn, kjønn og alder i leiargruppa. Då tenkjer ein truleg breiare, og får eit anna perspektiv. Slik det er nå har me og for få søkjarar på dei stillingane me lyser ut, me skulle gjerne sett at det var fleire aktuelle kandidatar som søkte.
Men somme gonger kjem ein altså i mål, og får tak i kompetansen ein treng. Bergesen dreg fram prosessen med å få ny kommunalsjef samfunnsutvikling, stillinga som Anne Sofie Sandvik no sluttar i. Ny mann er på plass i jobben og startar opp 1. august.
— Halfdan Krohn-Brekke kjem frå jobben som konstituert sals og marknadsdirektør i bustadbyggarlaget BATE og har dermed med seg brei erfaring frå privat næringsliv. Me ynskte å få inn nokon som kunne løfte samfunnsutviklar-stillinga, ikkje minst sidan denne personen skal jobbe tett opp mot næringslivet, fortel Bergesen.
Jobben med å finne rett kompetanse til rett jobb er ikkje alltid så enkel.
— Me har brukt ein del tid på stillingane me har ute, sidan nokre av dei er heilt utan søkjarar. Me såg blant anna det når me hadde ute ei stilling som klima- og miljørådgjevar, og me ser det ofte i helsesektoren. Men me må jo hugse at me har låg arbeidsløyse både i Etne og Vindafjord, og eit særs aktivt næringsliv.
— Kva må til trur du for at kommunane kan konkurrere på lik linje med privat næringsliv?
— Kommunen kan nok aldri bli lønnsleiande i konkurranse med det private næringslivet, og difor må me løfte fram andre ordningar og godar me kan tilby, og som kan vere avgjerande. Samstundes er det nok ei samansett problemstilling, og hadde eg hatt heile svaret, så hadde me kanskje ikkje hatt utfordringar med å rekruttere i det heile, seier han.
Ein av dei som Vindafjord kommune har klart å rekruttere dei siste åra er Thomas Vestbø (35) som 1. september i fjor starta som einingsleiar for areal og forvaltning. Han kom då frå stillinga som moglegheitsutviklar i Haugaland Vekst.
— Eg trivst veldig godt, og har fått eit flott arbeidsmiljø. Det som motiverte meg til å søkje var at eg likar å jobbe med forvaltning, politikk og administrasjon. Så bur me her i Sandeid, og eg tenkte det kunne vere fint å jobbe i eigen kommune.
Å jobbe med forvaltning er ikkje alltid heilt enkelt, ifølge Vestbø. Han viser til at når kommunen seier ja til nokre interesser er det ofte slik at må sei nei til andre interesser. Desse vurderingane kan vere vanskelege.
— Eg trur det er viktig at ein har mangfald på jobb, og får ei blanding av kompetanse som kan handtere vanskelege situasjonar og. Det er krevjande å få tak i folk no, det kjenner både kommunal og privat sektor på.
— Me må auke den generelle attraktiviteten vår, som ein kommune som er god å bu i, og arbeide i. Omdømmet vårt blir påverka av korleis me som jobbar og bur her oppfører oss seier Vestbø. Han viser til at kommunen bør konsentrere seg om å skaffe «jobb til to», sidan det ofte kjem ein partnar med på flyttelasset som og treng ein arbeidsplass.
Vestbø er sjølv glad for at det er mange med lang og variert erfaring i kommunen. Som nytilsett i fjor såg han verdien i det ein ofte kallar «taus kunnskap», altså kunnskap som berre er der, om prosessar, politisk arbeid eller dokumentasjon.
— Det er kjempenyttig, mange kjenner jo kommunen og områda særs godt. Samstundes har ofte unge menneske eit nytt syn på korleis ein gjer ting, og stiller gode spørsmål. Me treng begge deler.
Tjenester innen:
• Vann og avløp
• Veibygging
• Grunnarbeider for privat og næring
Vi har utsalg av masser fra Knapphus industriområde og bistår med transport.
Ferdige blokker for muring i sjø
Tilbehør til forskaling/støyping
Ferdigbetong med renne-/pumpebil
Ta kontakt for pristilbod!
Ta kontakt!
Tlf. 53 76 85 26