4 minute read
Frå skisse til Spotify
from Tempo 1 2023
Ei krise førte dei til ein hundre år gammal skule. For ABC Studio er lokala det beste varemerket, seier lyddesignar Stig Morten Sørheim og dagleg leiar Nils Halleland.
Dei seier aldri nei til nokon. ABC Studio i Etne leverer til alle som treng lyd, uansett sjanger, bransje eller arrangement i heile regionen. Sidan starten i 2005 har lydstudioet drive nøkternt, med flest mogleg bein å stå på innan teater, festivalar, podkastar og konferansar. Og sjølvsagt musikken – anten det er på scena eller i opptak. Høg kompetanse på lydproduksjon i og utføre studio er noko av grunnen til at ABC Studio har stått støtt gjennom kulturbransjen si verste krise på mange år; koronaen.
Advertisement
I den gamle skulen rett utføre Etne sentrum, sit dagleg leiar Nils Halleland og lyddesignar Stig Morten Sørheim. Frå ei vintage sofagruppe ved miksepulten ser dei tilbake på hektiske år og framover mot nye horisontar. Med til saman femti års erfaring, har dei sett bransjen endra seg drastisk. ABC Studio har følgt etter i same takt. Om nokre dagar arrangerer dei live session, som både blir konsert og innhald til sosiale medium. Etne-artist Anne Lise Frøkedal kjem snart heim for å halda konsert i A-studioet, det største av tre studio.
ABC Studio byrja, som så mykje anna, med ein draum og nokre tilfeldigheiter. Frå før fanst mykje kompetanse lokalt på Lydloftet i Ølen, drive av Reinhardt Toresen, Knut Bjarne Bjørkhaug og Kjetil Ulland. Studioet deira trengte nye lokale samstundes som Halleland og Sørheim flytta heim frå Oslo. Dei fem foreina sine sunnhordlandske krefter.
— Eg kan ikkje hugsa korleis me byrja å snakka saman? Spør Halleland.
— Det var vel på butikken, seier Sørheim.
Dei avtalte ein kaffikopp ein dag i 2005. Ballen byrja å rulla.
— Me fann eit flott hus, Ljoshall ungdomshus ved Etne senter. Så gjekk me i gang og byrja å byggja studio i mange månader, fortel Sørheim.
Så kom tilbakeslaget. Ein feil i det elektriske anlegget førte til at ungdomshuset brann ned til grunnen.
— Me var litt neråt, tilstår Halleland.
Men då ABC Studio stod på bar bakke, opplevde dei enorm støtte frå lokalsamfunnet. Næringsliv, kulturliv og musikkmiljøet kom på banen. Ungdomslaget Fram, som eigde ungdomshuset, delte forsikringsoppgjeret etter brannen. Refrenget var «dette vil me ha i Etne». Det sa også politikarane. Under ein støttekonsert på Byscenen i Haugesund, kom dåverande ordførar i Etne bort til gründerane.
— Han sa «Gamleskulen er ikkje i bruk, her er nøkkelen», seier Sørheim.
Etter eit års bygging kunne ABC Studio opna dørene på gamle Etne skule. Visjonen var å skapa store studio med rom for kreative prosessar der det er mogleg å gå inn i bobla. Sidan Etne har heilt andre kvadratmeterprisar enn Oslo sentrum, går det an her.
— Mange studio i byane er små. Det er trongt, ikkje med den beste lufta og masse pizzaøskjer. Når artisten jobbar over fleire dagar, er fasilitetane avgjerande. Ein kan ikkje berre stikka på kroa og mista fokus. Her kan dei stengja ute forstyrringar, seier Halleland.
— Det er mykje du kan få til på bygda som du ikkje får til i byen, supplerer Sørheim.
— Det beste varemerket er lokala våre, seier Halleland.
Nå engasjerer ABC Studio åtte faste frilansarar, tre studio, éin overnattingsplass og ei rekkje lydoppdrag.
— Bra folk er grunnlaget for ein god gründeridé. Viss du ikkje har dei rette folka på plass, er det ikkje sikkert du kjem i mål, seier Halleland.
— Det handlar mykje om kompetanse. Me hjelper arrangørar med å få løyst ei lydoppgåve. Det kan vera ein kombinasjon av rådgjeving og produksjon, seier Sørheim.
Rådgjevingsbiten kan handla om ein festival, turné eller konferanse som treng lyd. Det kan også vera ein artist som treng hjelp til å vidareutvikla ei låt. Derfor har ABC Studio skreddarsydd eit opplegg for akkurat det. Under konseptet deira ABC Kompsessions er husbandet tilgjengelege i tre dagar, og artistar kan booka inn innspelingstid. Det er ope for alle som vil.
— Det er ein gammal idé som funkar godt i dag. Me har opplevd etter kvart at lista for å ta kontakt ikkje er høg. Har du ei låt på kassegitar skrangla inn på mobil, så er det godt nok, seier Halleland.
— Det er mange som har fine låtar og syng bra, men som ikkje tør, seier Sørheim.
Med sin eigen label ABC Tunes, kan dei dessutan hjelpa artisten frå skisse til Spotify, altså å få musikken heilt ut til lyttarane.
Det har blitt mykje vanlegare. Overgangen frå sal av fysiske format, som cd-en, til strøymetenestene, har endra musikkbransjen. Billettsal på konsertar finansierer studioinnspeling for artisten. Då pandemien avlyste kulturlivet våren 2020, fekk artistane meir tid i studio. Det var god butikk for ABC-teamet, sjølv om utfordringane stod i kø.
— Me sette oss ned og prøvde å tenkja kreativt, kva som var mogleg. Det første me gjorde var å senka kostnadsnivået til eit minimum, seier Halleland.
Konsertarrangørane uteblei, medan studioet var i full drift. Etter kvart som smittepolitikken endra seg, svingte pendelen i heilt andre retninga.
— For eit år sidan blei det plutseleg grøne lys. Det me opplevde, er at alt skulle skje frå april i fjor, og me ikkje hadde kapasitet. Me måtte få tak i folk, seier Sørheim.
Det løyser dei med dyktige frilansarar, derav nokon som også er på eigarsida i ABC Studio. Rekruttering er ifølgje Halleland og Sørheim alltid ei utfordring.
— Her er ikkje uendeleg tilgang på personell. Det er nok lettare i dei store byane, seier Halleland.
— Rekruttering er krevjande, fordi det er så mange ting som skal klaffa. Ein treng folk med erfaring som kan jobba sjølvstendig, seier Sørheim.
— Og så er det det sosiale. Du jobbar med ulike aktørar, kunstnarar, musikarar. Du må vera litt psykolog også inniblant, og vera oppdatert teknisk, seier Halleland.
— Me kan ikkje lova nokon fast jobb eller så og så mange oppdrag. Det kan svinga frå månad til månad, seier Sørheim.
— Sånn har me drive heile vegen, me har vore bevisste på investeringar, på det å leggja stein på stein. Kanskje det var bra i koronaen, at det ikkje blei så dramatisk, legg han til.
Heldigvis. Snart er det altså ny live session, eit konsept ABC Studio begynte med før pandemien. Bandet Frøkedal står snart klare. Konserten blir filma, og deretter legg gründerane ut tre låtar på sosiale medium. Evna til å utvikla seg i tråd med bransjen, har vore avgjerande. Men det er ikkje alt. Hardt arbeid må til. Og så er det haldninga, ifølgje Halleland: — Me er optimistar, elles hadde me aldri halde på med dette her.