Tempo 2 2022

Page 1

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord 18 Portrettet Martin Berge sr. 10 Nye krisetider Bedriftene spår framtida 30 Bonden som bedriftseigar Satsar på svin
2 2 • 2022 INNHALD 10 4 14 18 26 30 3 10 18 26 30 34 4 14 Leiar Grisegod gardsutvikling Spår om framtida Berekraftige energiløysingar Endeleg heime Med fagbrev som mål Kvardagshelten Skapar verdi gjennom trivsel

Me treng bedrifter som kan trygga jobbar og sikra velferd.

Nils Einar Steinstø

Fikse Næringsforening

Bedriftene treng gode rammer

Ekspertar spår resesjon. Det er krig i Europa, høg inflasjon, auka renter og energikrise. Det er krisetider i mange bedrifter og privatøkonomien. Auka kostnader på produksjon og transport, samt mager refusjon av energikostnader gjer at ein del bransjar vil slita tungt denne vinteren.

Nå ser me stadig fleire konkursar månad etter månad. I oktober er auken på 16,3 prosent samanlikna med tid i fjor. Fleire større bedrifter går over ende. Arbeidsløysa aukar i takt med konkursane. Så langt i år har 13 664 personar mista jobben som følgje av at arbeidsplassen har gått konkurs eller blitt tvangsavvikla. Nokon bedrifter har bukka under – og nokon av dei kjem kanskje aldri tilbake.

Derfor kjenner fleire på uro i lokalsamfunnet. Det gjer bedriftene også. Me treng bedrifter som kan trygga jobbar og sikra velferd samt føreseielege rammer som bedriftene, kommunen og innbyggjaren kan forhalda seg til.

Utgåve nr. 2 2022

Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening

Ansvarleg redaktør: Nils Einar Steinstø

Redaksjon: Nils Einar Steinstø

Omega 365 Design: Astrid E. Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar Hanna Maria van Zijp Amalie Crowo

Design: Omega 365 Design

Foto: Astrid E. Hjelmeland Hanna Maria van Zijp Amalie Crowo

Framsidefoto: Hanna Maria van Zijp

Annonsesal: Christine Rødne Brataas

Opplag: 4 200 Trykkeri: Haugesund Bok & Offset

Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.

3 2 • 2022
f to o : A EH
Ho uds rbeidspa tna
Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Endeleg heime

4 2 • 2022
Frederic Bull-Tornøe og Marie Kristiansen har vore ute og opplevd mykje, men rett før pandemien var tida inne for å dra tilbake. I Skånevik vil dei både byggja sitt eige liv og utvikla bygda saman med dei andre eldsjelene. – Me vil vera med å passa på at bygda blir god å bu i, seier Marie. – Det er kjekkare å bu ein plass jo fleire tilbod det er, legg Frederic til.

Begge skulle alltid heim til Skånevik. Nå vil Marie Kristiansen (29) og Frederic Bull-Tornøe (33) ha med seg fleire hit.

– Eg personleg skulle aldri finna meg ein frå Skånevik. Det seier Marie Kristiansen, som denne hausten planlegg husbygging saman med forloveden Frederic Bull-Tornøe.

Ja, han er også frå Skånevik. Og ein av dei tinga begge ville, var å komma heim etter eventyr i byen. Rett før pandemien pakka dei sakene og flytta frå Bergen til Skånevik. Ikkje fordi det er noko gale med Bergen, tvert imot. Det er berre det at hjarta er ein annan stad.

– Me elskar Bergen, seier Marie. – Ja, kva er det med Bergen?

– Det er først og fremst nærleiken til Skånevik.

Bergen har visstnok andre kvalitetar paret set pris på, som gode venner, fjord, fjell og familietilknytning. Paret har lenge hatt eit nært forhold til det dei kallar ein koseleg storby. Det er også den første staden dei budde saman. Etter å ha møttest i Skånevik ei helg for nesten ti år sidan, budde dei fleire år kvar for seg. Dei første åra følgde dei eigne draumar. Etter studiar i reiseliv og leiing i Kristiansand, fekk Marie raskt jobb i Bergen. Marie var der litt over tre år, Frederic i seks. I 2019 flytta Marie etter å ha fått vikariat som dagleg leiar på Etne senter, før ho fekk jobben på Skånevik Fjordhotel. Frederic fekk jobb som prosjektleiar i byggjebransjen og flytta éi veke før Noreg stengte ned.

– Flaks, seier Frederic.

– Me ville enda opp i Skånevik, men det er viktig å komma seg ut og møta nye folk, oppleva litt i storbyen, seier Marie.

Så kvifor Skånevik? Det er dei tre f-ane fjord, fjell og familie. For begge har all familie i Skånevik. Foreldre, tanter, onklar, be steforeldre. Dessutan har dei gode minne frå oppveksten i Skå nevik. Det er dei tydelege på, at dersom dei får barn i framtida, så er Skånevik staden å veksa opp også for neste generasjon. – Eg kunne aldri tenkt meg å vera innelåst i byen dersom me får barn. Det er for mykje betong, seier byggingeniøren Frederic.

– Det kan ikkje eg sjå føre meg heller. Dei må kunna gå ut utan tilsyn, parerer Marie.

For Frederic, som er oppvaksen på gard, har fridomen i na turen vore viktig heile livet. Det ønskjer han også for eventuelle eigne barn.

– Her er så mange moglegheiter for båtturar, skogturar, jakt og fiske.

Kan hende det var derfor han fridde akkurat på toppen av Leknesnepo, med utsikt over heile Skånevik.

– Det var litt planlagt. Eg var heldig med at ho sa ja til fjelltur den dagen, seier Frederic.

Så sa Marie ja til han også.

Men det blir hus først, seier Marie. Etter mange år i små leiligheiter og kollektiv, ønskjer Marie og Frederic seg god plass i drøymehuset dei nå vil byggja. Paret har allereie drøymetomta ved bøkeskogen i Skånevik.

Råflaks at byggingeniør Frederic kan kunsten å teikna hus. Det vil han bruka god tid på.

– Det er om å gjera å få det rett første gongen, seier han.

– Me skal jo skapa ein heim, og då vil me ha noko heimsleg, seier Marie.

– Kva er heimsleg?

– Det er det som både er praktisk og estetisk fint og passar

5 2 • 2022
Jobb og bu
Eg brenn for å utvikla bygda og få liv i bygda.
Marie Kristiansen

omgjevnadene, seier Frederic.

– Det er jo ein heim me skal bli gamle i. Då må me tenkja at for eksempel alt det essensielle skal vera på eitt plan, svarer Marie.

– Eg har nokre barndomsdraumar om kva eg vil ha i eit hus. Han har allereie teikna inn bibliotek, seier Marie og peikar på Frederic.

Dessutan teiknar han inn ekstra rom om dei blir fleire. Kva som er smarte løysingar nå og på sikt, ein prosess. Det må også vera kostnadseffektivt, når material, straum, renter og alt anna kostar. Planen er byggjestart neste år.

– Me må berre få oversikt over kostnader og laga rammer på det, seier Frederic.

– Me skal prøva å gjera litt sjølv også. Me har familie som driv med bygg og elektro, så der er me heldige.

– Ein er likevel avhengig av mange ledd og har faktorar å ta omsyn til, seier Frederic.

Huset hastar ikkje.

Dei har og andre prosjekt på si.

– Eg brenn for å utvikla bygda og få liv i bygda, seier Marie.

I jobben på fjordhotellet lagar ho ulike arrangement og ønskjer sterkt å bidra til turismen i Skånevik. Det engasje mentet strekk seg også ut på fritida. På plenen utføre hotellet skjer det nemleg store endringar. Marie sit i styret til eit nytt utebasseng-prosjekt ein gjeng ildsjeler, Sjøkanten trivsel, meiner vil komma bygda og turistar til gode. Utebassenget blir nå bygt på dugnad med støtte frå både private og bedrifter. I tillegg blir det finansiert gjennom ein bruktbutikk driven på dugnad i den gamle sardinfabrikken i sentrum.

– Me vil vera med å passa på at bygda blir god å bu i, seier Marie.

– Det er kjekkare å bu ein plass jo fleire tilbod det er, legg Frederic til.

Frederic og Marie skryt av dugnadsanda og eldsjelene i Skåne vik, og moglegheitene i det å skapa noko saman.

– Du kan gjera så mykje i forhold til i byen, og skapa ulike prosjekt, seier Marie.

– Me har bruk for alle. Alle har kunnskap andre ikkje har, seier Frederic.

Sjølv sit han i Skånevik bygdeutviklingslag, finansiert av kraftlaget. Bygdeutviklingslaget deler ut midlar til sam funnsnyttige prosjekt, som bassenget, brukthandelen eller leikeplassar.

Drivkrafta er å få fleire skånevikbuar på sikt.

– Me må prøva å få fleire til å flytta hit. Då må me sørgja for at det er ein attraktiv plass å bu, seier Marie.

Det er det iallfall for Marie og Frederic. Dei elskar naturen og kulturen i Skånevik. Etter å ha funne seg til rette her, saknar dei ikkje Bergen by. Men sushi og venner må dei ha. Då er byen berre ein kort båttur unna.

Det er heldigvis Skånevik også.

6 2 • 2022
Tekst: Hanna Maria van Zijp Foto: Amalie Crowo Frederic Bull-Tornøe og Marie Kristiansen er mykje på heimegarden til Frederic. Nærleik til både natur og kultur er viktig. Drøymetomta dei har kjøpt ligg rett ved skogen.Denne hausten sit Frederic ved teiknebordet for å skapa drøymehuset saman med Marie.
westcon.no Florø Dokkhall: 100 x 25 x 7 meter med 100 t kran 1 dypvannskai for skip og rigg Helgeland Tørrdokk: 200 x 40 x 7 meter 4 dypvannskaier Omega 365 Design 4 SKIPSVERFT MED 5 DOKKER Karmsund Tørrdokk: 120 x 30 x 8 meter 2 dypvannskaier for skip Ølensvåg Flytedokk WD: 150 x 26.5 x 6.6 meter Flytedokk ØD: 76 x 13 x 5.7 meter 4 dypvannskaier for skip og rigg Riggreparasjon • Skipsreparasjon • Skipsbygging • Regnskapsføring • Årsregnskap • Rapportering • Rådgiving Bedre økonomistyring på 1-2-3 Vår visjon er å skape “Gode historier” – hver dag CEGAL Finans AS cegal.com Etne Betong tilbyr: Strukturblokker for støttemur Ferdige blokker for muring i sjø Tilbehør til forskaling/støyping Ferdigbetong med renne-/pumpebil Ta kontakt for pristilbod! Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 • post@etnebetong.no www.etnebetong.no
I’m not a robot

Ferdigbetong

Bygg, mur og hage

Betongelementer til alle formål

Legoblokk og Big Block støttemur • Mini Trønderblokk og Forskalingsblokk • Heller, belegningsstein og kantstein

Vann og avløp • Kummer, ig-rør, kabelkanaler, slamavskillere, sandfangskummer, lokk og rister

Telefon 5377 5200 mail@olenbetong.no www.olenbetong.no

Det du treng til kulda kjem Me har KLIKK & HENT Etne / ope 8-18 (9-15) tlf. 53 77 11 30 bondekompaniet.no Omega 365 Design
• Blandeverk i Sauda, Suldal, Vindafjord, Tysvær og Stord • Transport og pumping av erfarne sjåfører
Omega 365 Design / Økland Foto INDUSTRI STORBILVERKSTED PÅBYGG LANDBRUK & ANLEGG • Avdelingsleder industri og offshore • Platearbeidere • Sveisere • Chassispåbyggere VI SØKER MCE AS er en mekanisk produksjonsbedrift med moderne produksjons- og administrasjonslokaler lokalisert i Etne. Les mer her: www.mce.no

Grisegod gardsutvikling

Bonde Johannes Silde i Etne meiner fleire bønder burde sett på seg sjølv som bedriftseigarar. Sjølv har han satsa på å utnytte garden sine ressursar maksimalt.

Johannes meiner mykje om kva som trengs for å få god utvikling i norsk landbruk. Sjølv driv han det som ein må kalle «eit stort gardsbruk» sett i lokal målestokk. På garden Bruflat driv han i dag med 200 avlspurker og sel om lag 1500 livdyr i året medan resten vert seld som smågris. Han har grising kvar femte veke og har status som foredlings– og formeiringsbe setning. Frå garden blir det levert 80-100 testråner til test for sædproduksjon, samt eksport av levande råner til store deler av verda. Då han tok over garden i 1997 var det både kyr og gris på bruket, etter kvart tok han valet om å satse fullt og heilt på gris.

– Det var ei vurdering på kva drift me såg mest moglegheiter i, og som ville gi mest avkastning for oss, med tanke på ressur sane på ein liten gard. Sjølve overtakinga av garden kom litt brått på, sidan far min døydde for tidleg, seier Johannes.

– Du må vere på hogget og stå på skal du få til noko, slår han fast.

Då var han ferdig utdanna kart- og oppmålingsingeniør og trudde han skulle få nokre år ute i arbeidslivet før det vart aktuelt med gardsdrift.

– Det låg i korta at eg skulle overta, men det skjedde raskare enn eg trudde. Tregar ikkje på det, eller på utdanninga. Sjølv om det stort sett er studielånet eg hadde igjen etter den, seier Johannes og ler godt.

Han er kjent for å satse, og for å bygge garden som bedrift. Stein på stein har gardsdrifta vakse i omsetnad og overskot, i dag har han to tilsette på fulltid. Noko som sikrar Johannes og familien fri i helger, kveldar og feriar. Det er eit heilt anna liv enn den driftsforma han starta opp med.

– Det kjekkaste opp gjennom åra har vore å utvikla verk semda maksimalt ut frå føresetnadane. Eg likar å setje meg mål, både kortsiktige og langsiktige, det handlar om kor bedrifta skal vere om eitt, fem eller 10 år, alt ut frå det handlingsrommet ein har.

– Me som bønder må bli flinkare til å sjå på oss som bedrift seigarar og handle deretter.

Johannes trur på moglegheiter i landbruket framover, men det vil krevje meir og meir kapital for å henga med i utviklinga. Han trur det ofte går i hop for dei som er etablerte, men at det er tøft å starta frå botnen med investeringar i dag for unge utan eigenkapital.

– Men me treng vel mat i framtida og? Ein er avhengig av goodwill i befolkninga og politisk støtte. Eg syns det har vore motiverande å få vere med å eksportere norsk genetikk til heile verda. Det byggjer sjølvtillit om at me gjer noko rett og produserer eit ettertrakta produkt på grunn av høg helsestatus, langsiktige mål i avlsarbeidet og god dyrevelferd. Det er viktig for meg, seier Johannes og viser til at bransjen var i sterk storm når NRK sendte dokumentaren som viste dyrevelferdsbrot i grisenæringa.

– Media var på døra her tidleg morgonen etter, det er ikkje noko kjekt at bransjen har fått det ryktet. Men det er og viktig å vise at det ikkje er normalen.

Då Johannes tok over garden var det om lag 48 mål med dyrka jord, i dag disponerer han om lag 300 mål inkludert leigd areal. For nokre år sidan valde han også å satse på sauer, som han har hatt på fjellbeite i Etne- og Saudafjella. I dag er det sonen Eirik på 17 år som har overteke den delen av drifta.

10 2 • 2022
Bedriftsprofil

Du må vere på hogget og stå på skal du få til noko Jonannes Silde

– Det er modig som 17-åring?

– Ja, men han likar dette, og ser på det som ein jobbmogleg heit. I vår kunne eg reise til fjells og slappe heilt av i lemminga, han tok heile ansvaret. Det var herleg, og han sit faktisk igjen med litt timebetaling på dei 60-70 sauene også, fortel Johannes og viser dermed at han i motsetnad til mange andre bønder faktisk tenkjer timebetaling.

– Ein må sitje igjen med noko, ein kan ikkje berre slite seg ut og så ikkje tene noko. Eg er i 50-åra no, det blir stadig viktigare å kunne slappe litt av og leve livet. No har me til og med fått oss hytte på Haukeli, og prøver å koma oss vekk så ofte me klarar. Eg tenkjer det er haustetid no etter den satsinga me har hatt, eg kan gjere dette sidan eg driv såpass stort og har dyktige folk i arbeid.

Dei siste 25 åra har han i snitt hatt utbyggingsprosjekt kvart femte år, og meiner sjølv han totalt har investert om lag 20-30 millionar kroner. Bonden i Etne har gitt seg med grasproduk sjon og konsentrerer seg berre om griseavl, no leiger han ut mesteparten av den dyrka jorda. Men noko litt uvanleg veks rundt garden, han er nemleg ein av bøndene som er med i eit testprosjekt for å dyrke mais som skal brukast til dyrefor. Om lag 50 mål har Johannes sett av til mais-produksjon som er lite ressurskrevjande for hans del.

– Her kjem dei med spesialmaskiner både for såing og snit ting av maisen, før resultatet hamnar i store plansiloar. Det er andre året me prøver på dette, i år var resultatet dårlegare enn i fjor som var eitt kronår. Mais er sårbart med tanke på varme og korleis sommaren og hausten blir.

Livdyr med høg helsekvalitet har blitt eit ettertrakta produkt i heile landet, og omsetnaden veks jamt og trutt og er nå komen opp i 16 millionar.

– Det passar jo litt dårleg med at eg seier eg vil trappe ned, men det vil eg eigentleg, og jobbar med saken. Men dette er ein prøvelse sidan det er mykje å passa på. Eg er ikkje så oppteken av om ungane vil overta, vil dei ta over er det sjølvsagt kjekt, og vil dei gjere noko anna er det og fint. Eg har skapt arbeidsplass til meg sjølv og to til, eg er ikkje nostalgisk på det.

– For meg er det viktig å vere ein god motivator for dei som jobbar her, slik at dei har lyst til å vere med å utvikle dette vidare.

– Kva drøymer du om vidare?

– Når ein jobbar med gris er det viktig med god kvalitet, så det er alltid eit mål: At ein skal produsere og selje topp kvalitet over tid, og samstundes ha ein kjekk og leveleg kvardag.

Johannes har stått i spissen for sanering av alle svinebeset ningar, og auke delen med SPF-gris, noko som er den høgaste helsestatusen grisen kan få. Her blir det tatt jamlege prøvar for å sikre at grisene er frie for diverse smittestoff, samt desinfisering og sanering av bygg.

– Det er jo ein grunn til at Etne blir kalla grisebygda. Me har jobba strategisk med dette, og no har alle svinebønder i Etne statusen som SPF-produsent. Det er stas.

Foto:

12 2 • 2022
Johannes Silde t.v har to fast tilsette på bruket, som tek seg av det daglege arbeidet, Igor Yatsenk og Ruslan Sagaidak Først og fremst har Johannes satsa på gris på garden sin, det har gitt resultat. Mais-produksjon er eit artig sideprosjekt, Johannes er ikkje redd for å prøve noko nytt. Som bonde og bedriftseigar kan dagane bli lange. Johannes er likevel blitt flinkare til å ta seg fri. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Astrid Eidhammer Hjelmeland
!
En jobb å være stolt over! En trygg arbeidsgiver
I over 100 år har Berge Sag levert kvalitetsboliger og hytter til det norske folk. Er du på jakt etter jobb? Se hvilke ledige stillinger vi har ute nå på bergesag.no, eller send en åpen søknad til bergesag@bergesag.no
bergesag.no
!
VI ER ALLTID PÅ JAKT ETTER NYE TALENTER

Her får eg god opplæring og får jobbe praktisk

- Eg merker at hos lærlingane våre ligg dei digitale kunnskapane veldig naturlig inne, som er utruleg gøy, fortel fagansvarleg Jane Havn Skrunes.

I kontorlandskapet til Tveit Regnskap i Skjold er det nå tre lærlingar som held på med sitt fagbrev.

Ein av dei er Sebastian Aanderaa Jensen (20), som får rettleiing av blant anna fagansvarleg Jane Havn Skrunes. Han er den femte lærlingen dei har tatt imot, og starta sin læreperiode i august i år.

– Det har vore utruleg spennande. Med eit så kjekt miljø og kjekke tilsette har det gått veldig fint, fortel han.

Sebastian gjekk første året av utdanninga si på Salg, service og reiseliv ved Haugaland vidaregåande skule i Haugesund. Deretter søkte han seg vidare på service og sikkerheit. Då han fekk læreplass i Tveit Regnskap nå i haust nølte han difor ikkje med å takke ja.

For Tveit Regnskap er det travle dagar på kontoret.

– Det har det vore veldig fint å få inn lærlingar her hos oss, for tel Skrunes. Eg merkar at dei digitale kunnskapane ligg veldig naturlig inne hos lærlingane våre. Det gir dei høve til å bidra i miljøet med ein enda breiare kompetanse, held ho fram.

For Sebastian har det alltid vore klart kva han ville utdanne seg til.

– Eg har alltid hatt lyst til å jobbe på kontor, derfor tenkte eg at det var betre å kunne ta fagbrev tidleg i staden for å sitte på skulebenken. Her får eg god opplæring og får jobbe praktisk. Det gir meg den kunnskapen eg treng videre, fortel han.

Lærlingane som kjem til Tveit Regnskap får prøvd seg på fleire ulike område. Blant anna har Sebastian fått arbeida med innkjøp og varemottak, rekneskap, planlegging av kurs og arrangement og service retta mot kundane. Han har og jobba ein del på sentralbordet, som er ein viktig del av jobben.

For Sebastian er det viktigaste nå å ta fagbrevet. Planen for vegen videre er han framleis litt usikker på.

– Eg har tenkt litt på å ta vidareutdanning ved eit universitet eller høgskule, men har ikkje landa på noko enda. Sidan eg framleis er veldig tidleg i utdanningsløpet mitt har eg heldigvis tid til å tenke meg godt om, fortel han.

14 2 • 2022
Sebastian Aanderaa Jensen får rettleiing av fagansvarleg Jane Havn Skrunes. Han er den femte lærlingen Tveit Regnskap har tatt imot.

Med fagbrev som mål

I administrasjonen til Omega 365 i Ølensvåg sit Brita Ljusnes Sævareid (21). Ho arbeidar blant anna med løn og fakturering for Omega 365 Solutions, saman med to andre lærlingar. Brita blei lærling i mars i år med AnneGunhilde Oma som fagansvarlig.

– Eg tok denne læreplassen fordi eg tenkte at det var gode moglegheiter vidare. Omega 365 er ei bedrift i utvikling, der det blir tilsett stadig fleire folk. Med ei så stor utvikling håpar eg jo derfor at jeg får jobb her etter læretida mi er over, for eg trivst veldig godt her. Det er utrulig kjekke folk eg jobbar saman med og eg får ei veldig god opplæring og har ein spennande arbeidsdag, fortel ho.

Sævareid starta utdanninga si ved Lundeneset vidaregående skule i Ølen. Der gjekk ho Salg og service-linja første året sitt. Vidare bestemte ho seg for å søke påbygg til generell studie kompetanse då ho var usikker på vegen videre. Planen hennar var å studere vidare på skule, men fann etter kvart ut at ho heller ville ut i jobb med ein gong. Dermed leita ho seg fram på læreportalen finnfag.no, der lærebedrifter, lærlingar og rådgjevarar i Sunnhordland og på Haugalandet kjem i kontakt med kvarandre.

Der blei ho ble kjent med Omega 365, som var på utkikk etter fleire lærlingar i mange ulike avdelingar. Med yrkesfag i botn bestemte ho seg for å søke.

– Eg har alltid vore god i matte på skulen og har ei stor interesse for tal. Derfor tenkte eg at ein slik læreplass ville vore gøy, smiler ho.

I Omega 365 får ho testa korleis det er å starte i arbeidslivet, og har gjort seg nokre tankar om fordelen med å være lærling.

– Eg tenker at å ta fagbrev er like bra som ei grad frå høg skule eller universitet. Her får eg testa meg på ulike arbeidsopp gåver og det er ein veldig variert arbeidsdag. Fordelen er at eg kjem meg raskt ut i jobb, fortel ho.

Da Anne-Gunhilde Oma blei spurt om å ta fagansvar for ein kontorlærling, som skulle koma til Omega 365, såg ho på det som ein spennande moglegheit

– For mange av lærlingene er dette første møtet med arbeidslivet, så det er ein del ting som dei ikkje kjenner til, som me tar som ei sjølvfølge. I Omega 365 tar me inn lærlingar fordi me føler det er ein veldig god måte å rekruttere folk på. Dei er unge, dei er vitelystne, dei er lærevillige og dei har masse guts og inspirasjon. Dei kan og tilføre bedrifta mykje, samstundes som me får forma dei inn i vår kultur, fortel Oma.

Tekst og foto: Amalie Crowo

15 2 • 2022
Lærlingen og gamlingen
Eg tenker at å ta fagbrev er like bra som ei grad frå høgskule eller universitet.
Brita Ljusnes Sævareid
Brita Ljusnes Sævareid (21) arbeidar med blant anna lønn og fakturering for Omega 365 Solutions.
Flytt til Etne kommune! -Kort veg til alt! Epost: post@tomteselskapet-etne.no Telefon: 458 65 508 PMS uncoated Omega 365 Design Tomteselskapet Etne har salgsklare, sentrumsnære tomter fleire stader i Etne og Skånevik Salgsklare tomter PRESTALIO FITJA KAMBE Stikk innom eller ta kontakt med oss! Telefon 971 88 516 - post@medvind24.no Me har kontorplassar og møterom i Etne, Sandeid, Ølensvåg og Skjold. Litt Medvind i kvardagen?

Etne kommune er omringa

variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST Etne kommune SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL SKAKKESENTERET ETNE OMSORGSSENTER SKÅNEVIK FUGL FØNIX HOTEL, ETNE FOTO: LARS GUNLEIKSRUD FOTO: SONJA FRAFJORD FOTO: SONJA FRAFJORD FOTO: ROAR BÆVRE FOTO: SONJA FRAFJORD ETNE KOMMUNE Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no TURISTINFORMASJON: Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00
av flott og
FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B VIA FERRATA, FJÆRA

Kvardagshelten

Han er 87 år, men møter likevel på jobben kvar einaste dag. Martin Berge sr. er aller mest glad i den gode kvardagen.

– Å ja! Han er komen, alltid presis han veit du, seier Torhild Vormestrand Klungland som sit i skranken hjå Berge Sag og Trelast. Ho viftar vennleg mot ei open kontordør tre steg lenger nede i gangen.

Det står Martin Berge sr. på døra, men han som sit på inn sida minner lite om ein pensjonert bestefar i alderen 87. Martin kikkar over brillekanten medan han roleg legg ned hytte-teik ningane han held i handa.

– Stemmer, det var i dag det var intervju ja, seier han like lettvint som om det var lunsjen han skulle nå.

Martin har ikkje hatt mange dagar vekke frå jobb sidan han starta i bedrifta i 1947. Då var Berge Sag og Trelast lokalisert på andre sida av fjorden, på den gamle vassdrivne mølla ved Bergselva. I etterkant har Martin vore med på opp og nedturar, han har vore med på produksjon av båtar, dører, vindauge, hus og hytter. Etter kvart flytta byggefirmaet over fjorden, og det naturlege «nye møllo» - namnet kom på plass.

– Det har vore mange lange dagar ofte, i den travlaste tida var eg berre innom for å ete middag før eg måtte ned igjen på kontoret. Det var ikkje alltid like populært hjå ho som sat heime med fem barn.

– Har du skrive timar gjennom åra?

– Nei, det var då eg blei pensjonist eg måtte byrje med det. Jo, det har nå blitt ein del jobbing, men det var slik det var. Me har arbeidd så lenge me har kunna, eg hugsar godt når eg var gutunge og fekk prøve å høvla material, det var stort.

Mange andre minne har og sett seg godt fast.

– Eg hugsar me fekk material-last før me fekk truck, den kom med båt bort til mølla og så tok me plank for plank inn vindauga. Det gjekk det og.

Han gifta seg som 25-åring med kona Eldbjørg.

– Korleis møttest de?

– Nei, ho sto nå på butikken til Olaf Heggen i Ølen, eg såg henne der, så blei det berre slik, fortel han sindig.

Martin kikkar tankefullt ut i lufta. I 15 år har han vore åleine no. Eit annleis liv, men rutinane er der endå. Framleis lagar han middag kvar dag, annakvar dag er det fisk, annakvar dag kjøt.

– Jo, eg må jo det. Det går greitt det, men du må nå få med at eg har kjekke døtre, svigerdøtre og vener som ofte svingar innom til meg med noko då.

Sjølv bygde han hus eit par steinkast unna «den gamle møllo», etter kvart bygde og sønene hus her. Åra har gått med til familiebedrifta, noko som har vore både heilt naturleg og ønskt frå Martin sjølv. Nokre år var han likevel vekke på han

delskule og yrkesskule.

– Eg gjekk på yrkesskulen på Sand som 18-åring. Der laga me våre eigne møblar, spisebord med fem stolar og gyngestol. Eg hugsar eg henta dei med lastebil, nokre av møblane eksis terer endå trur eg, seier han og ser ut i lufta. Eit fag saknar han framleis skulegang i.

– Eg tregar ofte på at eg ikkje har lært meg meir engelsk, det skulle eg gjerne hatt meir av.

Martin Berge er seniorrådgjevar i Berge Sag og Trelast, eller dreng, som han kallar seg sjølv. Trass sin høge alder driv han framleis med kalkulering og mengderekning av hus og hytter –og det kvar einaste dag.

Namn: Martin Berge sr (87)

Bur: Ølensvåg

Aktuell: 87 år, men framleis på jobb i familiebedrifta Berge Sag og Trelast kvar einaste dag

Les: Bøker, og då gjerne historiske Høyrer og ser på: NRK P1+ frå 5.30-8.00 kvar morgon. På kvelden ser han på Dagsnytt 18, Dagsrevyen med lokale nyhende, natur- og debattprogram, samt Viasat Historie Førebilete: Far min, Petter Berge, som og vart kalla Mølle-Pitter

18 2 • 2022
Portrettet
FAKTA

– Men eg har litt kortare dagar då, seier han med det vel kjende og lune smilet.

08.30 er han på plass, før det blir middagslaging i 11-tida. Lange lunsjpausar må ein nesten kunne unne seg når ein er 87 år, men ikkje ynskjer å bli pensjonist heilt endå. I 13-tida er han tilbake, og klar for nye arbeidstimar. Framleis er det mange kundar som spør etter Martin og ynskjer at han skal sjå på prosjektet. Han er imponerande treffsikker med papirteikning og blyant.

– Eg brukar ikkje datamaskina så mykje, den står no berre her, seier han og nikkar mot skjermen som er skuva litt til sides. Naboen her får prise det eg kalkulerer, han er betre på det, seier Martin og ler medan han ristar på hovudet.

– Eg likar meg best med penn og papir, men eg kan jo jobbe sjølv om straumen går og eg.

Martin Berge sr. er i den eldste enden av bedrifta Berge Sag og Trelast, han veit kva som krevst for å selje produkt, skaffe kundar og ikkje minst korleis ein gjennomfører prosjekt på ein best mogleg måte. Han har erfaring med både folk, hus og hytter, han veit at det er dei som skal bu i husa som er dei aller viktigaste.

– Det er mykje som har forandra seg på dei åra eg har halde på. Når eg bygde hus kosta huset 72 000 kroner, og me innreia

ikkje fleire rom enn det me høgst måtte. Eg starta faktisk med minkproduksjon ei lita stund, slik at eg tente nok til å innreie loftet.

– Det er jo ikkje slik lenger, no blir alt innreia med ein gong, og på toppen har dei ofte dyrt billån. For ikkje å snakke om hyttene som er meir som hus. Eg er ikkje vane med det der, seier han og smiler.

Og nettopp hytter har stadig blitt viktigare for Berge Sag og Trelast. Etter ein tung oppstart med felt i Vågslid på starten av 2000-talet løyste det seg opp i 2004. No har dei bygd 400 hytter på Vågslid. At dei ikkje hadde særleg tru på at Håradalen kunne vere aktuelt for hyttebygging sidan det var «altfor bratt» er ei anna historie, som dei no ser tilbake på med eit smil i Berge Sag og Trelast.

Marknaden har svinga gjennom åra. På starten av 90-talet var det så tøft at dei var glade for kvar minste prosjekt dei klarte å selje inn. Det blir fortalt at teljing av varelager blei gjennomført på ein litt utradisjonell måte.

– Då køyrde me gjennom lageret og sa «omtrent som i fjor», så me var litt slepphendte der. Men totalen vart alltid rett til slutt, seier Martin og smiler. Gjennom dei åra han har arbeidd i bedrifta har det aldri vore raude tal. Det står det respekt av.

– Men tøffe tider har det vore. Nokre år prøvde me oss og

20 2 • 2022
Martin Berge ser tilbake på nesten 70 år i arbeidslivet. Det har vore tøffe tider også. Martin taklar kvar dag slik den kjem, slik kjem han seg stadig vidare.

med internasjonal satsing. Me hadde til dømes eit prosjekt i Tyskland som var suksess. Per Berge og Terje Halleland var nede der og selde på hus, tre er ikkje lenger så mykje i bruk nede i Europa, så det var populært.

– Det blir sagt at du og var på internasjonale messer, utan at du nødvendigvis kunne så mykje engelsk?

– Haha, ja, det stemmer det. Det var andre som kunne snakke, men eg var nå med ja. Det var ei artig tid, seier han og tar ned ein ekte stresskoffert i tre som ligg øvst på hylla på kontoret. Den har framleis ein reiselapp frå Spania hengande på seg. Kofferten fekk han som ei artig gåve frå ein samarbeids partnar som meinte at reisefølget måtte vise godt igjen.

På 90-talet tok også dei tre sønene, Per, Geir og Jan over kvar sine deler av drifta. Då var Martin klar for å sleppe ansvaret over på dei, og gjekk sjølv inn i ei anna rolle.

– Det var jo då det verkeleg sette fart, dei har vore gode på å bygge opp alt dette, seier han og slår rundt seg med handa.

Hadde han ikkje vore her med material, byggevarer og hus kundar skulle Martin gjerne vore til sjøs. Han likar seg i båt, og draumen om å kunne vere med på fiske i nord har aldri slept taket. Det har heller ikkje gleda over å køyre lastebil på svingete vestlandsvegar, det vart eit velfortent pustehol.

– Eg veit ikkje kvifor, men fiske har alltid interessert meg. Eg trur det handlar om oldefar Petter som var notbas. I tillegg hadde han 21 ungar med tre koner, det var litt av ein flokk.

Martin smiler og peikar på biletet av den eldre versjonen av Petter med flokken rundt seg. Møterommet viser at historia framleis sit i veggane i bedrifta, her er bilete av sagmeister Helge Berge på den gamle Sajo på Berge Bruk og bilete frå korleis bru ket med båtbyggjeri såg ut i 1948. Far til Martin, «Mølle-Pitter», som han vart kalla, starta i Berge Sag som 16-åring. Petter var og arkitekten i bedrifta, og sat ofte lange kveldar med teikne bordet. Martin starta like tidleg som faren i bedrifta, og var raskt i gong med jobb på kveldar og i helger. I 1947 fekk han si første lønning: 1 krone i timen. Vegen frå andelslaget som vart starten på familiebedrifta i 1888 og fram til det profesjonelle byggefirmaet som i dag har om lag 200 tilsette har vore utruleg, framleis veks selskapet jamt og trutt.

– Det blir fortalt at du gjekk heim for dagen når det kom for dagen at de skulle slutte med å selja kjøken på 90-talet?

– Jo, hehe, det kan nok hende eg gjorde. Me hadde jo alltid seld kjøkken, men eg kom raskt igjen, me må tåla forandring heile tida.

Det er mykje historie i vegger og skuffer hjå Berge Sag og Trelast. Den gamle møllo viser at utviklinga i bedrifta har vore enorm, og at det er ei tid for alt.

21 2 • 2022

Martin er glad i kvardagen. I dagane der han kan kome på jobb, snakke med kundar, gi gode råd og ta ein kaffikopp på nabokontoret. Den siste tida har han og vore prega av kreftsjukdom, men no ser det lysare ut, og sjukehusdagar er bytta ut med nye økter på kontoret. Dagen er også best om han får lest i ei av dei mange bøkene som ligg klare på stovebordet.

– Eg les vel ei bok i veka, trur eg. Det kan vere alt mogleg, men eg er nå glad i historiske bøker, eg likar og Erika Fatland. Ho skriv godt.

Interessa for historie har og ført til mange interes sante utanlandsreiser. Martin har etter kvart blitt ein reisevande mann. To gonger har han vore i Egypt og sett på pyramidar, han har vore i Israel og besøkt både Jeru salem og Betlehem, i tillegg har han besøkt historiske plassar i både Kina, Russland, Kypros og fleire andre land.

Han ruslar ut på kaien slik at fotografen kan få tatt bilete av han med den gamle møllo i bakgrunnen. Plutseleg hiv han neven opp i lufta og helsar på ein nabo som fer ut med båt.

– Han skal ut og sjå om teinene sine han, seier han og lar blikket gli over fjorden.

Martin veit at mørket finst. Han veit at livet kan føre med seg tøffe tider, og stunder der det er vanskeleg å sjå lyset langt der framme. Han taklar kvar dag slik den

kjem, slik kjem han seg stadig vidare. Av dei tre sønene som overtok drifta i selskapet er det berre to att. Saknet etter Per er med Martin kvar einaste dag, og slik vil det alltid vere. Det er ikkje alltid ein treng å setje så mange ord på nettopp det.

– Nei, det er slik det er. Det er tungt, seier han og tørkar tårene som renn. Tårene skal få lov til å vere ein naturleg del av kvardagen, også i dag.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: : Hanna Maria van Zijp Martin Berge sr. likar seg aller best med husteikningar utover arbeidsbordet. Framleis stiller han på kontoret kvar einaste dag.
– Eg likar meg best med penn og papir, men eg kan jo jobbe sjølv om straumen går eg.
Martin Berge sr.
23 2 • 2022
Foto:
vindafjord.kommune.no Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen Sjekk ut våre opplevingar på nettsida: vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord/opplev-vindafjord Opplev vinteren i VakreVindafjord
Omega 365 Design •
Bodil Imsland

NÅR DU BYGGER NYTT HUS MED VIGOR BYGG

FÅR DU:

Draumehuset skapt for deg og din famile. Hus tilpassa tomt, sol- og vindforhold. Moderne, tradisjonelle og herskapelege hus frå Systemhus. Stor påverknad og mogelegheit for endring på kataloghusa.

Tryggleik i byggeprosessen med tett oppfølging.

Kvalitet på sluttprodukt med erfarne tømrarar Mogelegheit til eigeninnsats.

Hos Vindafjord trafikkopplæring setter vi eleven i fokus. Omega Design Foto: Økland Foto Tlf. 52 76 20 10 - www.vindtraf.no Kontorer i Ølen, Skjold og Haugesund Effektiv opplæring Fornuftige priser Opplæring i de fleste klasser Kontakt oss Telefon: 90 69 16 14 post@vigorbygg.no vigorbygg.no
bygger på heile Haugalandet og i Sunnhordland
Vi
Fra beite til bord; Fra rådgivning hos produsent, via slakting og skjæring, til produksjon av gode matvarer. Fatland - vi betyr en forskjell. Ring oss 97 97 21 20 Lundeneset VGS er en kristen internatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr - IT og medieproduksjon - Salg, service og reiseliv - Studiespesialisering - Påbygging til generell studiekompetanse I tillegg til en god skolegang gir vi deg et trygt miljø, varierte fritidstilbud og venner for livet! Les mer om oss på www.lvs.no
men ikke alene! Omega 365 Design / Foto: Istoria ® ® ® God mat God stemning Kvalitet til kvardag og fest
Hjemmefra,

Skapar verdi gjennom trivsel

Coach og mentaltrenar i Zenit Businesscoach, Linda Bøthun, vil at fleire skal trivast på jobb. – Arbeidsplassane her er like viktige som i store bedrifter der ute. Og menneska er like viktige, seier Bøthun.

Det veit Bøthun veldig godt. Med seg i sekken har ho nesten 30 år i lokalt næringsliv, derav 15 år som dagleg leiar i Skånevik blomster og interiør. Der såg ho eit udekt behov for nærings drivande. Ho hadde eit stort, fagleg nettverk av andre bedrift sleiarar og næringsdrivande. Men ho ønskte den nøytrale sparringspartnaren. Derfor tok ho kurs for å bli den coachen ho sjølv sakna. Tanken var å bruka kunnskapen i bedrifta, men ho måtte endra karriereveg då ho utvikla allergi mot blomar.

Ei rekkje sertifiseringar seinare, satsar Bøthun nå fullt som coach, mentaltrenar og teamutviklar. Ho held kurs, verkstader og føredrag for leiarar og leiargrupper, for bedrifter, og for folk som er eller kan bli utbrende. Bøthun brenn nemleg for å forvalta det ho meiner er bedriftene sin viktigaste ressurs: Menneska.

– Coaching og mentaltrening er veldig mykje brukt i store bedrifter der ute. Oljefondet er ein av dei som nyleg har henta inn ny mentaltrenar. Internasjonalt har Canva ei heil avdeling. Så kvifor ikkje bruka det her? Spør Bøthun.

Bedriftene i Etne og Vindafjord skal også ha gode resultat. Det oppnår dei i mykje større grad om menneska har det bra i job ben med kollegaer, og om alle motivasjonsfaktorar blir ivaretatt, forklarer Bøthun.

– Her finst store og små bedrifter i ulike bransjar. Kva har bedriftene du jobbar med til felles?

– Menneske. Det handlar om menneska i og bak bedrifta

som skapar verdi. Det er deira viktigaste ressurs. Når menneska trivst og har det bra, skapar det verdi for bedrifta, seier Bøthun.

Det er avgjerande for lokalsamfunnet også, meiner Bøthun. Det har stor innverknad på bygda at du har det bra på jobb. Kvar var einaste arbeidsplass i distriktet sørgjer for at folk har jobb og kan bu her, og dermed at familien kan vera der. Det opprettheld skuletilbodet, barnehage, helsevesen, legekontor, fritidsaktivitetar.

– Ryk handballaget, kan det vera den siste dropen som gjer at folk flyttar, og at bedrifta mistar nøkkelpersonar, forklarer Bøthun.

– Eg vil at kvar og ei bedrift i distriktet vårt skal blomstra. Det er det mange av dei som gjer allereie. Det er ufatteleg mange dyktige bedriftsleiarar med dyktige medarbeidarar, som jobbar og står på, skryt ho.

Likevel er det mogleg å henta ut større potensial om ein for eksempel jobbar med ulike typar leiing i ei bedrift, trur Bøthun.

– I mange år har administrativ og økonomisk leiing vore viktig. Nå er tida komen der den administrative og økonomiske leiinga i mykje større grad skal tilførast emosjonell leiing, og her kan eg støtta dei på alle plan, seier Bøthun.

Bøthun er opptatt av å hjelpa folk til å få eit meir bevisst for hold til kva ein kan gjera noko med, og kva ein ikkje kan gjera noko med.

26 2 • 2022
Coach og mentaltrenar Linda Bøthun har kundar på både Vestlandet og Austlandet. Ho tilbyr ulike tenester også via videolink frå kontoret i Skånevik sentrum

• Sertifisert businesscoach, føredragshaldar og tidlegare blomsterdekoratør

• Erfaring som seljar i byggjebransjen og frå reiseliv

• 15 år som dagleg leiar i Skånevik blomster og interiør

• Bur og jobbar i Skånevik

kvar og ei bedrift i

– Det handlar om kva er innføre og kva som er utføre ansvarsområdet ditt, seier Bøthun.

– Javel?

– Målet treng ikkje vera at dei skal jobba mindre, men dei kan jobba smartare. Ein av tinga me gjer, er å rydda opp i tankespinn og ta eit bevisst val for kva ein bruker energi på. Med dette styrkar dei evna til å vera til stades med familien når dei først er det. Sjølvsagt vil dette også komma bedrifta til gode med betre fokus når ein er på jobb, seier Bøthun. Som coach er Bøthun si rolle å vera ein spegel. Om kunden –anten det er ein enkeltperson, ei leiargruppe eller eit team – kan dra nytte av Bøthun sin kompetanse, blir avgjort i ein ufor pliktande introduksjonssamtale. Dei begynner med å avdekkja ønskje og mål. Kor det er smart å begynna for å få best effekt og synergiar, finn dei ut saman. Det første målet er lite, slik at det motiverer til vidare arbeid.

– Meistringskjensle gjer oss glade. Det skapar motivasjon, seier coachen.

Bøthun vil hjelpa kunden å sortera litt i skuffene, i kva som skal få påverka livet, i staden for å spinna rundt i noko som ikkje funkar.

– Du kan ikkje løysa problema med same tankegang du hadde då du skapte dei, seier Bøthun.

Sjølv om dette kan provosera nokon, er det eigentleg ganske logisk å prøva på nettopp det. Hjernen vår leitar automatisk etter noko liknande me har opplevd før, og så finn han ting som kan stadfesta vår oppfatning av røynda. Å skapa endring, vil faktisk seia å skapa nye hjernebanar, forklarer Bøthun.

Der folk jobbar saman for å skapa verdi, trengst sjølvinnsikt, forståing og respekt for ulikskapar. Bøthun bruker ulike meto dar for å kartleggja typar og kompetanse i eit team. Det handlar ikkje om personlegdomstestar der nokon evner er meir verdsett enn andre. Det handlar om å kartleggja preferansar.

– Då kan me avdekkja om bedrifta for eksempel har veldig mange som er sterke på kvalitetssikring og gjennomføring, men manglar nokon som er sterke på innovasjon. Eller omvendt,

FAKTA

Kva er coaching?

Coaching er ein prosess som handlar om å henta ut det beste i enkeltpersonar, grupper og bedrifter basert på behov

Ein sertifisert coach har utdanning i å lytta, observera og tilpassa prosessen til kundens behov

Coaching er handlingsfokusert og støttar kunden i å finna løysingar og strategiar på veg mot målet.

at dei oppdagar at ingen plar den analytiske sjekken. Det er kjempespennande, seier coachen. Ikkje minst å finna svaret på spørsmålet: Kva er din beste funksjon i teamet?

Eit anna viktig spørsmål er korleis teamet kan spela kvaran dre gode. Derfor har Linda Bøthun utvikla konseptet Glade arbeidsdagar.

– Då snakkar eg ikkje vinlotteri og fruktkorg.

– Kva snakkar du om då?

– Då snakkar eg om at jobben blir meiningsfull der det er respekt og forståing, der folk gjer kvarandre gode. Glade med arbeidarar og tydelege leiarar motiverer seg sjølv og andre. Det skapar nøgde kundar og god framdrift, seier Bøthun.

– Det går an å jobba både med økonomi, teamutvikling og trivsel samstundes.

27 2 • 2022
Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp – Eg vil at distriktet vårt skal blomstra, seier Linda Bøthun. Ho jobbar på tvers av bransjar og industriar, fordi alle bedriftene har éin ting til felles: Menneske. CV Linda Bøthun
Lær om løsningen i vår YouTube-kanal Et helhetlig verktøy for virksomhets- og prosjektstyring Omega 365 Vil du bli en del av teamet? Sjekk jobbmulighetene på omega365.com/jobs youtube.com/omega365 omega365.com

SMV har sitt hovedmarked innen egenutviklede produkter og systemløsninger til smelteverksindustrien. Bedriften har 6070 MNOK i omsetning og pr. i dag 40 ansatte.

Nye medarbeidere blir med på laget som leverer spennende produkter, kjøretøy og innovative løsninger til blant annet smelteverksindustrien nasjonalt og internasjonalt.

SMV er en fleksibel og kompetent organisasjon som har en god markedsposisjon og klare planer om å videreutvikle selskapet fremover. I den forbindelse tilbyr vi flere spennende stillinger og vi forventer stor aktivitet og solid vekst de kommende årene.

Serviceteknikker Mekanikere/ Industrimekanikere/ Industrieletriker Ingeniører innen mekatronikk, automasjon og elektro Prosjektleder Lars Hovda daglig leder tlf.: 908 40 855 lars@smv.as Vidar Ølfarnes teknisk sjef tlf.: 959 66 233 vlo@smv.as John Brakstad produksjonsjef tlf.: 911 47 935 john@smv.as Kontakt oss! www.smv.as Vi ønsker fortløpende å ansette aktuelle, motiverte og dyktige kandidater: Søknader sendes til vlo@smv.as Frist: 16. des. 2022 Omega 365 Design
Ledige stillinger

Bedriftene spår om framtida

Me har møtt eit knippe nye og unge leiarar i lokalt næringsliv for å høyre kva dei trur om året som ligg framfor oss. Høge straumprisar, rekruttering, alternative energikjelder og skatte-utfordringar er nokre av stikkorda dei er opptekne av.

Erle Mæland Aasheim er fersk dagleg leiar i MCE AS i Etne. Etnes buen kom frå stillinga som leiar for areal og forvaltning i Vindafjord kommune, og har tid legare blant anna jobba som sjefsingeniør, pro sjektleiar og rådgjevar i Oljedirektoratet. No er ho spent på korleis 2023 vil utarte seg for den mekaniske bedrifta. – Det blir høge drifts utgifter i åra som kjem, både på energi og lånerenter blant anna. I tillegg er rekruttering ei utfordring me ofte jobbar med, me håpar å finne gode folk til stillingane me har ute no og, seier ho og viser til at bedrifta er på jakt etter både fagarbeidarar, sveisarar, platearbeidarar i tillegg ein ny avdelingsleiar for industri og offshore. MCE har i dag om lag 50 tilsette, noko som har vore stabilt dei siste åra. I 2020 omsette dei for 85,4 millionar kroner.

– Rekruttering er jo ei utfordring alle bedriftene her lokalt kjenner igjen. Me er mange som søkjer etter flinke folk.

Aasheim skulle gjerne sett at det kom på plass ein breiare straum-pakke frå staten, som og vil dekke inn produksjonsbe

drifter som MCE.

– Det ville ha letta på driftsutgiftene våre dersom me fekk ei straumstøtte-ordning, det vil også hjelpe oss til å ta berekraftige val. Me har til dømes vurdert å bestille ein energianalyse for å vurdere ulike klimatiltak i bedrifta, fortel ho.

Ho meiner den europeiske krigssituasjonen også fører til ein usikker energi- og råvaremarknad, og då spesielt for stål og aluminium som er dei materiala MCE arbeider med.

– Før kunne ein forutsjå inflasjonsraten, det er mykje vanskelegare no når den er på det høgaste sidan 80-talet, seier Aasheim.

– Trass i ein del usikre punkt så ser me likevel lyst på 2023.

Før kunne ein forutsjå inflasjonsraten, det er mykje vanskelegare no når den er på det høgaste sidan 80-talet Erle Mæland Aasheim, Dagleg leiar MCE

30 2 • 2022
Erle Mæland Aasheim, dagleg leiar i MCE AS, etterlyser ei breiare straumpakke frå staten.

Me har god aktivitet, stor etterspørsel og fulle ordrebøker i ei av avdelingane.

Det er ikkje berre i MCE at høge straumprisar er eit aktuelt tema. Konsernsjef i Fatland Anders Hundseid er klar på kva dei største utfordringane vil bli framover. Den unge leiaren starta i leiarjobben i fjor, berre 29 år gamal. Likevel har han fleire år i leiargruppa til Fatland-systemet bak seg i tillegg til at han har erfaring frå blant anna SR-Bank.

– Me treng forutsigbare rammer å forhalda oss til, og betre støtteordningar for å klare oss økonomisk. For oss som driv med matproduksjon er det også viktig at me klarer å henge med på nye trendar og korleis etterspørselen ute hjå kundane endrar seg. Kundane ynskjer seg fleire alternativ enn dei har hatt før, seier han.

Nye produkt og vanar hjå kundane er også motivasjonen for at Fatland er til stades på det meste av messer både i inn- og utland. Det er viktig å reise rundt for å få gode impulsar og bli inspirert til kva produkt ein bør utvikle i tida framover.

– Her ser me også at berekraft og miljø blir stadig viktigare, og korleis me klarer å bruke fornybare ressursar frå produk sjonsanlegga våre.

Fatland-sjefen har tidlegare vore ute å kritisert mangelfulle straumstøtte-pakkar frå styresmaktene, i tillegg til at han meiner fordelinga av kostnadsauken mellom nord og sør er bekymringsfull og legg grunnlaget for ulike konkurransevilkår i landet.

– Men når det er sagt så meiner eg at me bur i eit rikt og godt land. Me har andre og betre føresetnadar enn mange andre til å klare oss, eg har skikkeleg tru på at me skal kome oss ut av dette på ein god måte.

– Kva gler du deg mest til i 2023?

– Det er å satse vidare, sjølv om ting er tøft er det viktig å ha prosjekt på gang. Det er spanande å jobbe på tvers i bransjen, utvikle produksjonen og løfte den gode standarden me allereie har, meiner Hundseid.

Det er store utbyggingar i gang på Mowi sitt settefiskanlegg i Fjæra. Driftsleiar Andrè Risnes byrja i jobben i september i fjor og har allereie fått med seg ei rivande utvikling på anlegget.

– Heile min karriere så langt i Mowi har vore eit eventyr, ikkje minst med tanke på verdsbiletet me har i dag, og kor viktig det er at me klarer å produsere sunn og god mat på ein berekraftig måte.

Anlegget i Fjæra er eit moderne rasanlegg der så godt som alt vatnet blir resirkulert og brukt på nytt. Opphavleg hadde anlegget ein konsesjon på 1325 tonn årleg, etter at nybygget som er under arbeid kjem på plass vil konsesjonen bli på inntil inntil 4600 tonn settefisk og postsmolt. Etter planen skal anlegget stå ferdig neste sommar, og gi grunnlag for sju ekstra arbeidsplassar.

– Me blir totalt 24 tilsette her når alt er på plass, me har gode søkjarar til stillingane, men det er ofte ei utfordring å finne kompetansen lokalt. Dette er jo ein arbeidsplass der me treng det meste frå røyrleggar, elektrikar og mekanikarar til folk med

31 2 • 2022
For driftsleiar på Mowi Fjæra, Andrè Risnes, er det grunnrentesatsen, som nyleg vart lansert i budsjettforslaget frå regjeringa, som påverkar dei mest med tanke på utsiktene for 2023. Foto: Amalie Crowo
Dette er jo ein arbeidsplass der me treng det meste frå røyrleggar, elektrikar og mekanikarar til folk med høgare utdanning i akvakultur eller biologi.
Andrè Risnes, Driftsleiar Mowi Fjæra

høgare utdanning i akvakultur eller biologi. I tillegg har Mowi blant anna eigen veterinær som reiser rundt på anlegga for å sikre dyrevelferd og mattryggleik.

– Kva tenkjer du om neste år?

– I utgangspunktet ser me lyst på framtida, og ein skulle gjerne trudd at høge energiprisar og avgrensa tilgang på råmateriale er hovudbekymringa for framtida, men det som påverkar oss mest er grunnrentesatsen som nyleg vart lansert i budsjettforslaget frå regjeringa, seier Risnes.

– Eg er veldig glad for at betongbilane allereie har vore i Fjæra, for eg trur det kunne ha blitt veldig vanskeleg no dersom det blir noko av denne skatten. Denne skatten blir ein brems for næringa viss den går gjennom.

Det er eit enormt bra næringsliv lokalt med dyktige leiarar som kjem til å fokusere på moglegheitene som no finst.

Anne Marit Helgevold Heggebø, Dagleg leiar Helgevold Elektro

I sitt framlegg til budsjett gjekk regjeringa inn for å innføre ein grunnrenteskatt på havbruk med ein effektiv sats på 40 prosent. Dette skal gjelde for produksjon av laks, aure og regnbogeaure, noko som samla vil gi skatteinntek ter på om lag 3,7 milliardar kroner årleg.

– Men me får sjå korleis budsjettforhandlingane går. Det største lyspunktet vårt framover er at det skal bli veldig spanande å starte produksjon av postsmolt i

nybygget som er basert på sjøvatn. Det er alltid knytt ein viss risiko med oppstart av nye anlegg, så det blir spanande.

I fjor tok Anne Marit Helgevold Heggebø over som dagleg leiar i Helgevold Elektro etter faren Johannes. Ho har økonomi utdanning og mange år bak seg i blant anna Gjensidige, Omega 365 og Tveit Regnskap før ho kom til Helgevold i 2013. Ho er oppteken av alternative energikjelder og rekruttering.

– Den spesielle tida me er inne i nå gir og mange mogleghei ter i forhold til energieffektivisering som er midt i satsingsfeltet til Helgevold. Difor jobbar me framover med å få tak i nok arbeidskraft. Me har mange spanande ting på gang, og treng endå fleire dyktige tilsette, seier ho.

– Det er eit enormt bra næringsliv lokalt med dyktige leiarar som kjem til å fokusere på moglegheitene som no finst. Men dei utfordringane me har i samfunnet no vil ramme skeivt og nokre vil slite meir enn andre. Løysingane frå sentrale styres makter vil vere ein nøkkelfaktor. Eg håpar det kjem på plass ei løysing for balansen mellom skatteordningar og støtteordnin gar til næringslivet generelt, det er viktig og det må kome raskt nok slik at det gir den rette effekten i forhold til bedriftene sine behov for kapital.

– Kva tenkjer du om neste år?

– For vår del er det positivt å sjå historisk høg ordrereserve for neste år, fortel Heggebø.

32 2 • 2022
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Privat/ Amalie Crowo Konsernsjef i Fatland Anders Hundseid meiner det trengs forutsigbare rammer å forhalda seg til, og betre støtteord ningar for å klare seg økonomisk. Anne Marit Helgevold Heggebø, dagleg leiar i Helgevold Elektro håpar det kjem på plass ei løysing for balansen mellom skatteordningar og støtteordningar til næringslivet generelt.

– 2023 kan bli eit tøft år

Magne Christiansen i Sparebank 1 SR Bank, Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank og Erling Åsheim i Sparebanken Vest er samde om at 2023 kan bli eit tøft år for næringslivet, likevel finst det lyspunkt.

Sparebank 1 SR Bank, Haugesund Sparebank og Sparebanken Vest trur 2023 kan bli eit tøft år for næringslivet. Likevel finst det lyspunkt.

– På grunn av høge faste utgifter kan det bli utfordringar med å oppretthalda ordinær drift, samt også å gjera tiltak for å vidareutvikla aktivitet innan den enkelte bedrift, trur Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank.

Han meiner stadig aukande finansutgifter vil bidra til utfor dringar for mange, i tillegg til dei høge straumutgiftene me har sett det siste halvåret.

– Desse slår direkte ut på drifta månad for månad – her blir det viktig å få styresmaktene med på tilfredsstillande ordningar som kan hindra avvikling og flytting av gode og levedyktige bedrifter til andre område med rimelegare straum. Utfordringa blir å få slike ordningar på plass raskt nok, slår han fast.

– Drivstoffkostnader er endå ein utgiftspost som mange merkar. Rundt oss har me store og viktige bedrifter innan anlegg og transport som kjenner på dette dag leg. Og det er ikkje berre lett å snu seg rundt og finna alternativ. Store deler av bransjen lever alt i dag med små marginar, og ikkje alle har andre alternativ med omsyn til drivstoff.

Det er viktig å tenkja tilpas sing for si eiga bedrift. Det kan vere kostnadssparande tiltak, energiøkonomisering og redusera investeringsnivå for å nemna noko, men likevel prøve å oppretthalda aktivitet

Lars Olav Larsen, Haugesund Sparebank

Magne Christiansen i Sparebank 1 SR Bank trur også auka utgifter blir ei utfordring.

– Eg trur at dei auka kostnadane vil demp kjøpe krafta til hushaldningane, som kan føre til at omset naden til ulike bransjar fell. Men, på kort sikt kan det vera utfordrande å få tilsett arbeids folk, sidan arbeidsløysa er veldig låg.

– Kor tøft trur du året blir økonomisk?

– Det er vanskeleg å seia, sidan det også er bransjar som vil gjera det veldig godt i 2023. Dette avheng veldig av kva bransje ein driv i. Byggevarebransjen kan få det tøffare framover, etter nokre veldig gode år. I motsetnad til energibransjen som har gode tider nå. Ein bør tenke på kva kostnadar ein kan redusere og gjere grep ut frå dette. Dei ulike bedriftene må sjå på mog legheita for å utvikle seg for å møte framtida og tilpassa seg etter behov og etterspørsel, seier Christiansen.

Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank meiner ein i verste fall vil sjå at bedrifter må setja i gang alvorlege tiltak som flytting, redusering av aktivitet eller å setje aktivitet på vent dei neste åra.

– Lokalt er likevel næringslivet kjent for å tilpassa seg ulike økonomiske tider, og sjølv i «tøffe» periodar vil nok dei fleste ri stormen av også framover. Men for mange vil det bli vanskeleg å gjera alle tilpassingar utan hjelp frå aktuelle styresmakter, seier Larsen.

– Næringslivet i området er totalt sett svært solid, men mange bedrifter vil nok framover merka andre økonomiske tider. Dette gjeld også i stor grad servicenæringar som er avhengige av det totale næringslivet, og at dette går rundt, ifølgje Larsen.

Vestlandsindeksen for tredje kvartal i år, Sparebanken Vest sin temperaturmålar på næringslivet i vest, viser brei nedgang i bedriftsleiarar sine forventningar til dei neste seks månadene. Erling Åsheim i Sparebanken Vest, trur forventningane vil vera delte.

– Dette gjeld alle bransjar, men overnattings- og serverings verksemdene har lågast vekstforventningar, seier Åsheim.

– Delar av næringslivet vil framleis vera negativt påverka av prisstigning på energi og varer, i tillegg til renteauke. Etterspur naden etter varer og tenester i ulike bransjar vil truleg synka, med bakgrunn i redusert kjøpekraft og det uklare risikobiletet, forklarer Åsheim.

– Aktørar som leverer varer og tenester til olje- og gassekto ren vil derimot ha andre utfordringar, som eksempelvis få tak i nok arbeidskraft, seier Åsheim.

Han har tru på dei mange solide bedriftene med dyktige bedriftsleiarar lokalt i Etne og Vindafjord.

– Dei kjem til å ta gode avgjerder for å rigga eiga verksemd for det som sannsynlegvis vil vera eit noko meir utfordrande år, trur Åsheim.

Uansett kor tøft 2023 blir, vil dei som bank kunna tilby gode råd. Det er Lars Erik Larsen i Haugesund Sparebank samd i. – Kva bør bedriftsleiarane tenkja på no?

– Det er viktig å tenkja tilpassing for si eiga bedrift. Det kan vere kostnadssparande tiltak, energiøkonomisering og redusera investeringsnivå for å nemna noko, men likevel prøve å opp retthalda aktivitet, seier Larsen.

Det har også Åsheim i Sparebanken Vest tru på.

– Eg meiner det kan vera lurt med auka fokus på likviditet og ordrereserve i tida framover, samt vurdera korleis bedrifta er rigga til å møta mindre etterspurnad, seier Åsheim.

33 2 • 2022
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Kva berekraftige energiløysingar planlegg di bedrift for 2023

I samband med at regjeringa legg opp til at ein må ha ein energitiltaksplan og iverksetje noko for å få støtte stiller me nokre lokale bedrifter følgande spørsmål:

Kva trur de blir framtida innan alternative/berekraftige energiløysingar?

Kva konkrete planar har di bedrift innan energieffektivisering i 2023?

Ottar Skjold Maskin as

– For vår bedrift er ikkje auka prisar på energi i form av elektrisitet noko stor utfordring. Det som derimot har vore ei utfordring for oss, er auka prisar på drivstoff. Dette utgjer over 99 prosent av våre CO2-utslepp. Dieselprisane har auka med 80 prosent denne haus ten. Dette har skjedd fort og me har ikkje fått tilpassa våre eigne prisar etter dette. Når dette kom i tillegg til stor prisauke på andre varer som røyr og asfalt, har dette vore ei stor økonomisk utfordring for oss.

De er vanskeleg og sei kva som vil være framtida. Men elekriskdrivne maskinar er allereie komt langt. Hydrogendrivne maskinar er og under utvikling. Så det er mykje spennande som skjer. Men felles for desse er at kostnaden ved kjøp og drift av desse er svært høge. Og effektiviteten er også noko under i fohold til maskinar som er dieseldrivne. Ein er her heilt avhengig at oppdragsgivarar er villig til å betale meir for at desse skal brukast, eller at staten har gode støtteordningar. Elektrisk drift vil nok være eit godt alternativ i framtida, men die seldrivne maskinar vil nok vera det som blir mest brukt i mange år til.

Vi har gjennom 2 ½ år hatt stort fokus på økonomikjøring i vår bedrift. Der me har jobba med å få ned unødvendig tomgang på maskinar og lastebilar. Me har klart å redusere tomgangen på grave maskiner frå 38% til siste rapport frå oktober viste eit gjennomsnitt på 16,6%. Her får ein nødvendigvis ikkje ned CO2 utsleppet heilt, men ein tar vekk unødvendig utslepp og utnyttar kvar liter diesel mykje betre. Dette resulterer også i at levetida på maskina er lenger.

Me tur og det vil bli eit auka fokus på gjenvinning av massar. Pr. i dag nyttar me oppgravd asfalt, ved å knuse og gjenbruka denne som veigrus/ bærelag. Me har kontinu erleg fokus på effektiv utnytting av massar internt på prosjekt og mellom ulike prosjekt. Me sorte rer og gravemassar til brukbare fraksjonar. Ubrukbare masser blir deponerte til nytt jordbruksland. Her trur me det vil vere ei spen nande utvikling framover, som vil kome miljøet og bedrifta til gode.

34 2 • 2022
1 2

– I 2021 og 2022 har me tatt ein formidabel oppgradering og inves tert i nye vindauge og isolering i første etasje. Me må ta tæring etter næring når det gjeld planar for 2023. Men me vil halda fram med oppgradering av andre etasje.

– Me har utstyrt oss med varme pumper fleire stader i huset, for å få ned elkostnadane. Derfor har me etter forholda, altså type hus og storleik, akseptable utgifter trass dei høgaste straumprisane. Me er for små til og har for lite forbruk til å koma inn under støtteordnin gane til regjeringa. I forhold til at me gjorde tiltaka på huset, har me merka stor forskjell i både varmen og kostnadane. Det er utfordrande med eit gamalt skulebygg frå 1920talet, som er krevjande med tanke på oppvarming og energi. Eit ener gitiltak, som me har snakka om å få på plass, er solcelle på tak mot sør.

Skakke Røykeri Jurgita Folkedal dagleg leiar

– Me har veldig enkle planar for tida framover. Me skal ikkje bruka meir energi enn me må, noko me har alltid vore bevisste på. Sam stundes må me sjå på lønsemd av totaldrifta, der me stadig er innom avviklingstanken. Me tar ut minimalt med lønn og jobbar 12-15 timarsskift sju dagar i veka.

– Eg trur at framtida innan alter native og berekraftige energiløy singar vil tvinga seg fram uansett. Omfanget og tidsperspektiv er meir avhengig av korleis staten vil angripa det politisk. Grunnen til at Noreg er eit av verdas leiande land innan elbilar, regjeringa sine tiltak og langsiktige plan. Så her har me heldigvis gode eksempel å gå etter.

Knapphus Kjøkkensenter

Vegard Nordtveit regnskap og marknadsføring

– Noko av det som har vore oppe som tema for energitiltak for 2023 er følgande:

• Skifte ut nokre lyskjelder, og legge opp til sensorer på lager t.d. Nokre lyskjelder må skiftast men me legg opp sensorar, som til dømes på lager.

• Unngå varmetap ut portar, som må stå opne, ved bruk av «gardi ner».

• Me vurderer fyringsanlegg for kapp etter produksjon. Og me har eit tilbod liggande på solcellean legg.

35 2 • 2022
ABC-Studio Nils Halleland dagleg leiar
Omega 365 Design Last ned Finnfag-appen i AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar. Finn læreplass i FINNFAG APPEN • Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe» • Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar • NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter Bli sett Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar Bli høyrt Bedriftene sitt talerøyr Bli med Faglege nettverk og møteplassar / EtneVindafjord etnevindafjord.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.