4 minute read
Thors kåseri
Pengar veks på tre
Vi nordmenn er glade i skogen. Det viser vi gjennom å fjerne den.
Advertisement
Eg er glad i skogen. Eg veit ikkje heilt kva tid eg først fekk desse kjenslene for grupperingar av tre. Kanskje kom det snikande over tid, slik det ofte er når ein blir glad i noko.
Du trur kanskje at eg er glad i skogen fordi han husar over halvparten av artane vi har i Norge. Altså omkring 26 000 påviste artar, og truleg nokre tusen til som vi ikkje har oppdaga. Sikkert bra det, men det er ikkje derfor eg er glad i skogen.
Kanskje trur du at eg er glad i den norske skogen fordi vi reknar med at han lagrar 20 millionar tonn CO2 i året. Eller at eg er fascinert over at skogen lagrar CO2 på så finurlege måtar at vi ikkje heilt har forstått det, og at talet for naturleg karbonlagring i skogen kanskje er enda høgare enn vi har trudd?
Men nei, det er ikkje derfor eg er glad i skogen.
Du trur kanskje at eg er glad i skogen fordi den kan lagre milliardar av liter med vatn når det verkeleg dundrar på frå himmelen, slik at vi unngår at verda vår flaumar over. Eller så tenker du at eg er glad i skogen fordi vatnet som den lagrer i periodar med mykje regn, kan tilførast oss menneske når det er tørke og slikt, slik at det ikkje blir så ille som det kunne blitt.
Nei, sorry ass, det er nok ikkje derfor eg er så glad i skogen.
Men det at skogen også kan reinse vatnet, slik at det blir trygt å drikke, det tenker du kanskje gjer at eg er glad i skogen.
Men nei, det er nok ikkje det heller. Då tenker du kanskje at grunnen til at eg er så glad i skogen er fordi den kan hindre snøskred, eller skape gode forhold for å stå på ski i megadigg pudder?
Nei, det er ikkje derfor eg er glad i skogen.
– Ååååh! Seier du irritert. Men då er det kanskje fordi røtene i skogen gjer at jorda held seg på plass, slik at ho ikkje blir erodert bort? Du må då vere einig i, tenker du, at det at landmassene vi har blir flytta på og vaska ut i havet vil vere eit stort problem for både vegar, jordbruk, hus og mykje anna.
Joda, det er sikkert viktig det, seier eg. Men det er ikkje derfor eg er glad i skogen.
– Viss ein ikkje hadde hatt desse trea, hadde det lettare vore jordskred i bratte skråningar i Norge, men trea i skogen motverkar det og gjev bakken meir stabilitet, det må eg då vere glad for!
Nja, det har eg aldri tenkt på. Det er jo ikkje derfor eg er glad i skogen.
– Okay, men er det fordi skogen gjev oss enorme mengdar mat i form av viltkjøtt, bær eller sopp, der elgjakt i Norge aleine skapar samfunnsverdiar for 1,1 milliard kroner, i tillegg til mange andre artar?
Nei, det er ikkje derfor eg er glad i skogen.
– Er det fordi folk får andre friluftsopplevingar og at skogen er viktig for folkehelsa?
Nei.
– Fordi skogen er kulturelt viktig for norsk folkekultur, då?
Nope.
– Er det fordi vi kan hente medisinar frå dei ulike artene i skogen?
Niks.
– Er det fordi skogen lagar oksygenet vi pustar?
Lol, nei.
– Men kva er det då? Kvifor er du glad i skogen? Spør du.
Eg får eit vagt smil om munnen, retter meg litt opp og trekk ein god innpust. Eg er glad du spør. Skogen, venen min, grunnen til at eg er så glad i skogen er fordi eg kan hogge den ned.
Det som er så kjekt med skogen, er at han berre står der klar til vår disposisjon. Og når vi menneske finn ut at vi har lyst til å fjerne den, så kan vi berre gjere det, og i tillegg tene pengar. Er ikkje det fantastisk?
Når vi til dømes vil bygge ny E6 langs Mjøsa, så hogger vi berre ned skogen, grev opp jorda, legg grus og asfalt over og har ein veg der i staden. Det same er det dersom vi vil bygge hytter eller kontorlandskap eller industripark eller kjøpesenter eller andre ting som faktisk er veldig viktige! Skogen berre står der og passer på plassen for oss, klar til å forsvinne.
Den tanken er som balsam for sjela mi. Tenk at Gud skapte slike organismar som står der og passer på plassen for oss heilt fram til kommunestyret regulerer tomta til utbygging. Så skal eg vere ærleg på at det ikkje er det einaste ein kan gjere med skogen. Ein kan også til dømes fly over den med helikopter og dumpe kunstgjødsel og andre kjemikaliar over den. Eller så kan ein bytte ut flesteparten av dei 26 000 artane med ein eller to artar - mykje enklare! Så kan ein også male den til flis og putte på tanken til bilar og slikt.
Poenget mitt er at skogen berre står der utan å seie eit kvekk, og vi menneske kan gjere kva vi vil med den. Den er eit depot av materialar, plass og potensielle pengar vi berre kan forsyne oss av.
Så jo da, det er greitt nok med alle dei tinga du nemnde her, kva var det no igjen, ja det der med oksygen å puste og halvparten av alle artene vi har og mat å ete og vatn å drikke og alt sånn. Eg er jo for miljøet, det er ikkje det. Men det viktigaste er no ein gong at vi kan tene pengar. Viss ikkje går jo ikkje verda rundt.