2 minute read

TUR2023

Det Fins Ein Stad

Sogn og Fjordane Turlag dekker heile gamle Sogn og Fjordane og består av 14 lokale turlag. Dei lokale turlaga arrangerer turar, driv hytter og undergrupper. Totalt har vi 24 Barnas Turlag, 6 seniorgrupper, 3 Fjellsportgrupper og 26 hytter som vert drifta av frivillige i alle krikar og krokar av Sogn og Fjordane.

Advertisement

I 2023 er eitt av DNT sine prosjekt«det fins ein stad», og kva stad er vel betre eigna enn Sogn og Fjordane til det? Vi har raudmerka turar og aktivitetar i kvar ei bygd , og i rundt alle dei flotte fjordane våre. Kor hen du dreg finn du eldsjeler som står på for å ta vare på- og gjere friluftslivet, og verdas flotteste natur tilgjengleg for akkurat deg! Ta ein kikk på turprogrammet vårt, og la deg bli inspirert og fascinert av turane våre, hytter og naturområde! Bli med oss på fellestur, eller besøk UT.no for inspirasjon til aleinetur. I årets turprogram finn du QR-kodar som sender deg rett til turlaga sine heimesider, der finn du oppdatert info om turar og aktivitet. Og hugs, turen starter med T.

God tur, helsing Sogn og Fjordane Turlag

Medlemsfordeler

Som medlem av DNT støtter du dei frivillige, og alt dei gjer for å gjere friluftslivet tilgjengleg for deg. Vi arbeider etter DNT sin visjon som er enkelt, allsidig og naturvennleg friluftsliv. Som medlem får du blant anna medlemspris på alle DNTs 550 hytter, rabatt på turutstyr, medlemsbladet Fjell og Vidde, tilbud om turar og kurs over heile landet, og ei rekke gode medlemsrabattar. Sjekk www.dnt.no/medlem for prisar og innmelding.

Kurs Og Fjellsport

DNT fjellsport er ein av Noregs størtste arrangør av klatrekurs, brekurs, kajakk og andre aktitivtar som krev spesiell kompetanse. Kurs og Fjellsport har tilbod til alle- frå nybyrjar til instruktørar. Sogn og Fjordane Turlag si fjellsportgruppe arrangerer kurs på etterspørsel frå våre medlemmer og lokallag. Du finn lokale fjellsportgrupper i Indre Sunnfjord Turlag, Indre Nordfjord Turlag, og Årdal Turlag, som arrangerer lokale turar og aktivitetar! Her ser du kva kurs du kan vera med på i løpet av 2023!

Skredkurs

Kva: 3 dagar NF godkjent skredkurs

Kor: Jostedalen, 3–5. februar

Kven: For alle med interesse for vinterferdsel, krevjer randoneeutstyr.

Når: 3.–5. februar 2023

Dagskurs skred

Kva: 1 dag

Kor: Nordfjord, Sunnfjord, Sogn

Kven: For ungdom som er intressert i å ferdast i vinterfjellet, nybegynnar.

Når: Mars 2023

Turleiar

Kva: Grunnleggande Turleiar

Kor: Sunnfjord/ Nordfjord

Kven: Du som ynskjer kompetanse til å halde korte dagsturar.

Når: vår/sommar 2023

Stimerkekurs

Kva: 3-timars teorikurs

Kor: Teams

Kven: Ope for alle

Når: 8. mars 2023 kl 17–20

Sjå meir info om kursa våre på https://www.sftur.no/kurs--og-fjellsport/

BASECAMP FOR UNGDOM MELLOM 12-17 ÅR!

Sjå for deg ei lita veke utan straum, mobildekning og mas om prestasjonar, til fordel for ein primitiv kvardag der sosiale aktivitetar, meistring og der vill natur står i fokus! BaseCamp tilbyr ei slik oppleving for ungdom på Fivlehyttene, Tungestølen eller i havgapet på Værlandet. Tek du utfordringa?

BaseCamp Vinter

Når: 2. april–5. april

Kor: Fivla i Jostedalen, Luster kommune

Kva: Frikjøring, Topptur, Skredkurs og påskekos!

BaseCamp Sommar

Når: 19. juni–23. juni

Kor: Tungestølen i Luster kommune

Kva: Brevandring, klatring og leirliv!

Sjå meir info om BC på www.sftur.no

BaseCamp Kyst

Når: 7. august - 11. august

Kor: Værlandet i Askvoll kommune

Kva: Fridykking, kajakk og kystliv!

BLI MED AURLAND TURLAG PÅ MIDTSUMARTUR!

Øvre Stigen har blitt ein populær tur, rundt midtsumar for aurlendingane. I år går turen den 12. august! Det er alltid rift om plassane for å vere med. Ein må først i båt frå Undredal. Det er ein middels lett tur å gå til Øvre Stigen. Stien er luftig og bratt, med flott utsikt utover fjorden. Nokon stoppar på Øvre Stegen, nyt utsikta og helsar på vertskapet. Andre går vidare opp på Åsen og ut til Beitelen. Turen dit blir rekna som krevjande. Frå Beitelen er det magisk utsikt inn Nærøyfjorden, inn Aurlandsfjorden og utover Sognefjorden. Ned igjen, på Øvre Stigen er det matservering i tunet.

This article is from: