3 minute read
DEI TRE SELA I GRAVDALEN, ÅRDAL TURLAG
På 850 moh ligg ei gamal stølsgrend i Gravdalen, ein sidedal av Utladalen, der Årdal Turlag har restaurert tre sel, Avdals-, Trondteigenog Svalheimselet. Desse er tilgjengelege, sjølvbetjente DNT hytter. Her kan du oppleva stillheit og ro i fantastisk natur med prektige Austabotntind, Ringstindane og Stølsmaradalstind som nærmaste ”nabo”.
Til stølen kjem ein lettast frå Hjelle i Utladalen. Følg grusvegen mot Vetti og ta av på god sti mot Avdalen gard og Gravdalen. Dette er normalt ein fottur på 2 – 3 timar.
Advertisement
I tillegg til sela i Gravdalen vert eit stabbur i Avdalen disponert som ei sjølvbetjent DNT-hytte utanfor sesongen til Avdal Gard.
Sogndal Turlag P Tur
TIL JORDALSNUTEN!
Sogndal Turlag har kvart år sidan opprettinga av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap i 2005, arrangert ein tur til ulike stader i verdsarven. Søndag 3. september går turen til Jordalsnuten (937 moh) i Nærøydalen. Det er ein bratt tur, men ein kjem tett innpå det eineståande landskapet i verdsarvområdet slik det er forma av brear og vatn! Besøk heimesida vår for påmelding, og meir info om turen.
BARNAS TURLAG I SOGN OG FJORDANE!
Barnas Turlag arrangerer turar for barn og barnefamiliar både i nærområdet der du bur og på fjellet! Barn fra 0 til 12 år kan vere med i Barnas Turlag. I Sogn og Fjordane Turlag si foreining er det 24 aktive Barnas Turlag. Alle kommunane i Sogn og Fjordane har eit tilbod. Barnas Turlag arrangerer turar og aktivitetar som fengjer både liten og stor. Sjekk ut ditt lokale BT-lag si FB side!
DNT UNG SOGN OG FJORDANE
DNT ung er eit tilbod for deg mellom 13 og 26 år. Vil du dra på tur, sove i snøhole, ta eit klatre- eller kajakkurs? Her kan du bli kjend med andre ungdommar! BaseCamp er eit av dei faste arrangementa Sogn og Fjordane arrangerer kvart år! Vi har også lokale turlag med aktive DNT ung-grupper: DNT ung Sogndal, DNT ung Keipen, DNT ung Midtre Nordfjord, DNT ung Luster, DNT ung Aurland, DNT ung Vik, DNT ung ytre sogn, DNT ung Årdal.
Midtveketurar
Ti lokale turlag har ‘midtveketurar’, enten på dagtid eller ettermiddag. Dette er ofte turar kategorisert som grøn, blå eller raude. Sjå på heimesida eller facebook til ditt lokale turlag for meir info. Disse turlaga har turar midt i veka:
P Tur Med Stad G Lag
Aurland Turlag
Balestrand og Høyanger Turlag
Flora Turlag
Indre Nordfjord Turlag
Indre Sunnfjord Turlag
Årdal Turlag
Midtre Nordfjord Turlag
Sogndal Turlag
Vik Turlag
Ytre Nordfjord Turlag
I 2022 oppretta Midtre Nordfjord Turlag Stad Gålag med stor suksess! Det blei gjennomført 16 turar med over 70 deltakarar melom 40 og 75 år! Avgang frå Nordfjordeid rutebilstasjon kl. 16.30/17.00 på onsdagane. Turane har gått i områda Eid, Bryggja, Stad og Selje, men også i Bjørkedalen og i Vågsøy.
I 2023 blir det tur til m.a. Haugsvarden i Gloppen, turar rundt om i Stad kommune og kanskje samarbeidsturar med INT. Det er m.a. ynskje om at vi set opp att tur til Barmenøya. Fullstendig terminliste kjem når det nærmar seg påske. Turskildring av dei einskilde turane vert kunngjord på facebooksida vår, i tillegg til heimesida til MNT. Her er alle velkomne, bli med oss på tur då vel!
VELKOMMEN TIL HYTTENE I BREMANGER!
Keipen Turlag er stolte over å drifte to eigne DNT-hytter, Moldahytta og Knekkevasshytta. Begge hyttene er godt utstyrte med fleire soverom, solceller, vedfyring, velutstyrt kjøkken, kokemuligheiter på gass, triveleg uteområde med bålfat og benkar. Det er kort gåavstand til begge hyttene. Dei ligg som eit utgangspunkt i område med flotte turmuligheiter.
I Keipen Turlag sitt område er det unik natur; frå «bre til hav». Det er verdt å nemne: Ålfotbreen, som Noregs vestlegaste isbre, sjøklippa Hornelen som er Europas høgste, Ålfoten landskapsvernområde med det unike hyllelandskapet, og i ytre delar av kommunen finn vi eit av få store graskledde sletteområde høgt til fjells. Frå høgfjellet Gjegnen med sine 1670 moh, og ned mot storhavet med flotte sandstrender og rullestein-fjærer. I dette landskapet skaper turlaget aktivitet gjennom året med attraktive ski-, fot-, klatre- og sykkel-turar.
For å sjå meir om turane, og hyttene våre, sjekk heimesida vår!
Hytter Velkomen Inn
P Hyttene V Re
Ubetent hytte
Dette er som regel små hytter. Hyttene er utstyrt med senger og dyner, kokemoglegheiter med kjeler, dekketøy og ved. Hyttene er opne eller låst med DNTs standardnøkkel.
Sjølvbetent hytte
Som ubetent hytte, men med eit matvarelager med middagsrettar, pålegg, knekkebrød og liknande, som kan kjøpast på hytta. Hyttene er opne eller låst med DNTs standardnøkkel.
Betent hytte
Desse er drivne av eit vertskap. Servering av måltid (ofte treretters middag samt vin/øl) og overnatting på rom eller sovesal. Dei fleste hyttene har enkel, god standard med straum, dusj og tørkerom for turkle. Fleire av dei betente hyttene har eit ubetent eller sjølvbetent tilbod utanfor sesong.
Jostedalsbreen
Ta med deg Norges beste reiseforsikring på fjellturen!
Vi er kåra til best i landet på omdømme for 4. året på rad.
EPSI Rating, 2022 ssf.no/reiseforsikring
Med Frende si reiseforsikring er du dekka frå du reiser heimanfrå og heilt til du er tilbake. Den er til og med like god om du mistar telefonen i bakken på veg til butikken.
God tur!