1 minute read

BLI MED LÆRDAL TURLAG PÅ SKITUR TIL BLEIA!

Den 29. april 2023 går turen til Bleia. Du har kanskje sett fjellet frå vegen mellom Sogndal og fergekaia? Det ser frykeleg bratt ut, men frå baksida er det ein flott skitur! Lærdal Turlag tek deg meg på tur frå Vardahaug bru forbi Modlaugsvatnet og heilt inn Modlaugsbotnen, mot Nord og til Daumannsvatnet. Vidare går turen ned i Bleiaskaret før me byrjar på vegen opp fjellet og toppen på 1717 moh. Nokre plassar er det bratt, me legg ruta utenfor utløpssona til hengeskavlen. Etter det bratte partiet flatar det litt ut, og etter ei lang og slak stigning skimtar me toppen.

Advertisement

Utsikta er fenomenal i alle himmelretningar!

Turen ned att går unna, og dei som nyttar randoneski har det svært morosamt! Eit lite parti kan vera litt kronglete, men ikkje vanskeleg. Siglinga ut Modlaugsbotnen er ein draum, ein må berre passa på å halda rett høgde så farten vert passe. Meir info om turen finn du på heimesida og FB!

RUNDTUR LÅNEFJORDEN-BRUDALEN- ERIKSDALEN-HØYANGER

Balestrand og Høyanger Turlag arrangerer denne flotte fotturen 5. august 2023. Bli med! Den er berekna som ein heildagstur, sjølv om dei raskaste sikkert vil klare turen på få timar.

Utgangspunktet for turen er på 20 moh i Lånefjorden, og den endar opp på 120 moh innerst i Dalen i Høyanger. Ruta startar på stølsvegen, som i 1905 vart sprengt ut for å bli meir framkommeleg. Turen fortset opp frodige og vakre Brudalen, der vi kan sjå restar av tidlegare tiders stølsdrift. Etter ei litt bratt oppstigning opp Dyreskardet, openberer det flotte Kaldosvatnet seg på andre sida. Vi er no på turens høgste punkt på 860 moh.

Langs sørsida av vatnet går det tydeleg sti, som passerer dei velhaldte Lånestølane. Ruta fører oss vidare over den heilt nye demningen og brua, til vi kjem inn på anleggsvegen på nordsida av ‘Kaldosen’. Resten av turen på fjellet går på grusveg i omlag 7 km. Her ligg det flotte fjellvatn som perler på ei snor: Blankevatn, Høgsvatn og Roesvatn. Vatna har godt med fisk, og eignar seg svært godt til bading!

Anleggsvegen stoppar på Nova, der eit anna underlag ventar: ca 2500 trappetrinn i tre. For deg med høgdeskrekk eller redsel for gangsperr, er stien langsmed trappene eit godt alternativ.

This article is from: