1 minute read

NYASTE TILSKOTET I HYTTEFAMILIEN

Børabu er ein ny hytte drifta av Flora Turlag. Den gjer at Flora Turlag no kan tilby medlemmane våre fire forskjellige, men flotte hyttealternativ. Vi har hytter i krevjande høgfjellsterreng, nye Børabu i middels terreng, og ei hytte ved sjøen med enkel tilkomst. Her er noko for einkvar smak!

Børabu ligg idyllisk til 515 meter over havet, midt i mellom Børavatn og Grisebotsvatnet.

Advertisement

Her er 6 sengeplassar, utedo og mogelegheiter til å lage eit godt måltid på gassgrillen på kjøkkenet. Hytta ligg ved foten av majestetiske Haukåbøra, som er eit flott turmål og lett å kjenne igjen frå alle kantar. Mange gode dugnadstimar er lagt ned for å få hytta klar for ein flott sesong! Du er hjarteleg velkommen til å sjekke ut det nyaste hyttetilbodet!

This article is from: