Årsplan Olderdalen

Page 1

Ã…RSPLAN 2018-2019


Årsplan FUS-kjeden sin visjon: «Saman gir me barndomen verdi: leik og glede, kvardagsmagi og vennegaranti»

FUS-kjeden sine verdiar: ….glødande….skapande….tilstedeverande….

2


Innhald Velkommen til oss ... ...................................................................... s. 4 Personalet .... ................................................................................. s. 5 FUS-kjeden, visjon og verdiar ...................................................... s. 6-7 Rammeplanen ................................................................................ s. 8 Barnehagelova ..... .......................................................................... s. 9 Prosjekt...... .................................................................................. s. 11 «Egenledelse i lek og læring» ................................................. s. 12-13 SmartMat ..................................................................................... s. 14 Kundeløfte – Alle barn er best . .................................................... s. 15 Nærmiljøet vårt ............................................................................ s. 17 Tradisjonar i Olderdalen.... ........................................................... s. 18 Samarbeid barnehage - heim... ..................................................... s. 20 Samarbeid barnehage – skule .. .................................................... s. 21 Barna sin medverknad ... .............................................................. s. 23 Planlegging, dokumentasjon og vurdering............................... s. 24-25 Kompetanseplan 2017 - 2020 ....................................................... s. 27 Omsorg, leik, danning og læring .. ........................................... s. 28-29 Progresjonsplanar i forhold til fagområda i rammeplanen ....... s. 30-43

3


Velkommen til oss Olderdalen FUS kulturbarnehage opna i mars 2008 me held til i Myrateigen på Heiane.

Olderdalen FUS kulturbarnehage vart bygd som ein open basebarnehage, men fungerar no som avdel­ ings­ barnehage med tre småbarnsavdelingar og tre ­avdelingar for store barn. Me har valgt å dela barna inn i faste grupper etter alder –så langt det lar seg gjera- og med faste vaksne på gruppene. Hausten 2018 er det 89 barn i Olderdalen, og det er 24 fast ansatte - fordelt på ulike stillingar. I tillegg kjem praksisplassar, språkopplæringsplassar og vikarar. Nokre av pedagogane er praksislærarar, og i løpet av året er det studentar i praksis hos oss. Me har valgt å vera kulturbarnehage og er kultur­ formidlarar i kvardagen med fokus på arv og tradisjon, leik og gode opplevingar. I Olderdalen er det fem aldersinndelte grupper, som har navn etter ei barneregle: Akka Bakka (1 og 2) Bonka Rakka (1 og 2) - Etla Metla - Sjong Dong ­Fillifjong - Issa Bissa

4


Personalet Anne Mari Vestvik Matre Dagleg leiar

Marianne Nøtland Kontormedarbeidar / assistent

Anette Molde Ottesen Fagarbeidar

Gabriella Johansen Assistent

Solveig S. Stokka Fagarbeidar

Irene Johansen Assistent

Elin K. Nygård Pedagogisk leiar

Cathrine Aa. Olsen Assistent

Mariann Sørli Fagarbeider

Merete Langeland Pedagogisk leiar

Marianne L. Grov Fagarbeidar

Patitta Sivertsen Assistent

Marit Aa. Grutle Assistent

Renate Lorentzen Pedagogisk leiar

Kristel Aarskog Fagarbeidar

Rita Brandvik Pedagogisk leiar

Solfrid Furre Pedagogisk leiar

Elisabeth L. Lunde Assistent

Torill S. Heggøy Pedagogisk leiar

Hilde Irgens Pedagogisk leiar

Trude Matre Pedagogisk leiar

Renate Eide Kjøkken/assistent

Anette Løklingholm Pedagogisk leiar

Merete Auestad Assistent

Hilde Aa. Olsen Vikar/assistent

Anne Grethe Risnes Vikar/assistent

5


FUS-kjeden, visjon og verdiar Barnehagen vår er ein av mange FUS-barnehagar, som er eigd av Trygge Barnehager AS. Dei byggjer/eig ­mange barnehagar i heile landet, og du kan lesa meir om dei på heimesida deira dersom du ynskjer det: www.tryggebarnehager.no

Alle FUS-barnehagane har i samarbeid med FUS-­ leiinga utarbeida felles visjon og verdiar. Det er laga eit hefte - ei serviceerklæring - kor det står meir ut­ fyllande om dette. Dette hefte vert delt ut til foreldra på foreldremøte om hausten.

FUS-kjeden er Norges største private barnehageaktør.

Personalet jobbar jamnleg med serviceerklæringa.

FUS har som ambisjon å bli Noregs beste barnehagekjede og gjera kvar barnehage til Noregs beste! Me ynskjer at barnehagekvardagen skal vera prega av eit glødande, tilstedeverande og engasjert personale som gir barna ein skapande kvardag. Gjennom leik, omsorg og læring i eit trygt miljø skal barna få utvikle seg, oppleve meistring og få nye utfordringar.

Kvardagen til enkeltbarna i ein FUS barnehage skal vera god, og barna skal vera i fokus.

FUS betyr «først» og hos oss vil alltid barna vera i første rekke – altså FUS!

FUS-kjeden har nokre felles mål for FUS-barna: • at barna har eit positivt sjølvbilde • at barna skal vera trygge og forskande, trivast i leik og ha vennekompetanse • at barna skal gleda seg til resten av livet

Trygge Barnehager: Trygge Barnehager er Noregs største etablerar og ­eigar av barnehagar. Selskapet starta i 1987 og har sidan starten etablert nærare 400 barnehagar over heile landet. I dei senere åra har Trygge Barnehager satsa sterkt på drift av eigne barnehagar gjennom driftsselskapet FUS as. FUS barnehagane er organisert som sjølvstendige selskap, med stor grad av frihet til å utforme eit eige driftskonsept. Barnehagane driftast med ikkje-­ økonomisk formål, og eit evt. overskudd på drifta ­forblir i barnehagen.

• at barna skal tenke tilbake på barnehagetida med glede • at barna skal ha det kjekt i barnehagen Kvardagen i Olderdalen skal pregast av vaksne som er glødande og tilstades, og som gir barna ein skapande kvardag. Barna skal få utvikla seg gjennom leik, omsorg og ­læring i eit trygt miljø, samtidig som dei skal oppleve meistring og få nye utfordringar. Personalet i Olderdalen har diskutert og komme fram til korleis me skal jobba med FUS sine verdiar for at dette skal prega vår kvardag saman med borna.


EG ER GLØDANDE:

EG ER SKAPANDE:

EG ER TILSTEDEVERANDE:

 når me får gjera aktivitetar som engasjerar saman med barna

 når gode relasjonar vert danna

 når me deler i grupper

 når eg kan vera spontan

 når eg er «pålogga» på jobb

 når me går på turar  når det er samhold og godt arbeidsmiljø  når det er nok vaksne på jobb  når det er gode relasjonar mellom barn og vaksne  når eg får gode tilbakemeldingar  når eg kan vera spontan  når eg trivst  når eg kan gjera samlinga personleg  når barna er i flytsonen og har det bra -> det er ein god følelse for barn og vaksne



 når det er fokustid

 når det er kvalitet  når eg har gjort gode forberedelsar  når me har godt grunnlag og god bemanning  når det er rom for kreativitet  når eg kan bidra til eit godt arbeidsmiljø



 når eg er ein god rollemodell  når eg er anerkjennande  

når eg er engasjert når eg ser enkeltbarnet




Rammeplanen Rammeplanen seier: «Samfunnsmandatet til barnehagen er å tilby barn under opplæringspliktig alder et omsorgs- og lærings­ miljø som er til barnas beste. Den skal både være en pedagogisk virksomhet og et velferdstilbud for småbarnsforeldre.» Kapitteloversikt, Rammeplanen: • Verdigrunnlaget til barnehagen • Ansvar og roller • Formålet med og innhaldet i barnehagen • Barns medverknad • Samarbeid mellom heimen og barnehagen • Overganger • Barnehagen som pedagogisk verksemd • Arbeidsmåtane til barnehagen • Fagområda til barnehagen

Øvrige styringsdokument • barnehagen sine vedtekter • FN’s barnekonvensjon • etiske retningslinjer for ansatte i FUS barnehagene • forskrift om miljørettet helsevern • progresjonsplan for fagområdene i rammeplanen • månadsplaner • langsiktig kompetanseplan for personalet • lokale planer for den enkelte barnehage; Informasjonsfolder, prosjektplaner etc. • forskrift om miljøretta helsevern • progresjonsplan • overgangsplan barnehage – skule 8


Barnehagelova Stortinget har i barnehagelova 17. juni 2005 nr. 64 fastsett overordna føresegner om formålet og innhaldet i barnehagen. Kunnskapsdepartementet har 01. mars 2006 fastsett føreskrift om Rammeplan for barne­ hagen sitt innhald og oppgåver. Den nye Rammeplanen trådte i kraft 01.08.17

Barnehagelova §1: «Barnehagen skal gi barn under opplærings­ pliktig alder gode utviklings- og aktivitets­ muligheter i nær forståelse og samarbeid med barna sitt hjem.» Olderdalen FUS kulturbarnehage as vert driven i samsvar med gjeldande lover, reglar, forskrifter og retningslinjer.

9


10


Prosjekt Prosjektarbeid er ein arbeidsmetode me brukar i Older­ ­ dalen FUS kulturbarnehage, og me jobbar ­grundig med dette. Prosjekta har ulikt innhald og ulik lengde – i forhold til barna sin alder og modning. Det kan vera prosjekt med tema som barn og vaksne kjem fram til i fellesskap, konkrete ønsker frå barna eller tema som er naturleg å ta opp med bakgrunn i barna si interesse, evt. årstid. Prosessen vert planlagt og konkretisert ved hjelp av t.d. tankekart og/eller teikningar/bilete, samtalar, og barna sine innspel. Etterkvart som barna blir eldre og utviklar språk, kan dei delta aktiv i den prosessen. Me har gode erfaringar med prosjektarbeid – det gir barna gode muligheter for utvikling, oppleving, leik og læring innanfor mange områder. Deler av prosjekta utviklar me saman på plan­ leggingsdagar og personalmøter, kor heile personalgruppa er deltakande. Kvar gruppe brukar tid saman med barna for å komme fram til korleis dei skal jobbe med prosjektet. Dei eldste gruppene brukar tankekart kor barna sine ­ ­ønsker blir tatt omsyn til. I forhold til dei yngste barna må personalet sin kompetanse i forhold til små barn nyttast ved valg av måtar/metodar å jobbe med. Prosjektarbeid utgjer ein stor del av vårt pedagogiske arbeid, og me brukar mykje tid/pengar på dette. Me evaluerar prosjekta i ettertid for vidareutviklinga av neste prosjekt. Gjennom hefte «Prosjektmal» dokumenterer perso­ nalet mål for prosjekta og korleis dei ulike fagområda som står i Rammeplanen vert ivaretatt. Heile barnehagen jobbar med prosjekt som varierar i tid. Prosjektet kan verta avslutta på ulike måtar: fram­ syning av drama/teater, utstilling, sommarfest e.l. for foreldre, søsken og besteforeldre. Fellesprosjekt 2018/2019: Årstidene

11


«Egenledelse i lek og læring» Heile FUS-kjeden har «Egenledelse i lek og læring» som fellesprosjekt. Ansatte i alle FUS-barnehagane har starta eit kompetansehevingsprosjekt som handlar om barna sin eigen­ledelse i leik og læring. Den vaksne skal vera deltakande og støttande i leik og samhandling for å utvikle barna sin egenledelse både i leik og læring, og dei fire viktigaste punkta i egenledelse er: • vaksenrolla

Vaksenrolla jobbar me kontinuerleg med. For å bli betre i forhold til FUS sin visjon og verdiar skal ­ ­personalet spesielt ha fokus på: • ….å sjå barna – meir enn berre å «sjå» på dei…. • ….å høyre barna – meir enn berre å «høyre» på dei…. • ….å forstå barna • ….å anerkjenne barna

• leik

• ….å respektere barna

• sosial kompetanse

• ….mellommenneskelege forhold

• språk Eigenledelse er evnen til å vera aktiv og sjølvstendig i ei oppgåve over tid. Begrepet eigenledelse vert brukt som ein fellesnevnar på overordna funksjonar i ­hjernen som set i gong, styrer og regulerer adferden vår. God eigenledelse er avgjerende for at eit barn skal fungere godt saman med andre barn og få utnytta eige potensiale og evner på best mulig måte. Den positive følgen av sterke eigenledelsesfunk­sjoner, kjem til syne i barnehagekvardagen gjennom barn som meistrar utfordringar, forstår sosiale situasjoner, i rimelig grad kan regulere sine kjenslesmessige uttrykk, kommunisere godt og har evner til å sam­arbeide. I Olderdalen er me bevisst på rolleleiken og har til­ rettelagt for små og gode leikekrokar. Den vaksne kan vera aktivt med i leiken eller kan følgja leiken på sidelinja. Me jobbar for å gjera barna sjølvstendige og la dei få mulighet til å utøve oppgåver sjølv – dei må kunne starte opp, planlegge og organisere eiga åtferd når de skal løyse daglegdagse utfordringar.

12

• ….læring og personleg utvikling • ….rolla vår som gode rollemodellar overfor barna, foreldra og kvarandre

Vaksenrolla i leik: • Å vera tilgjengelig i leiken • Å vera til stades og sjå kva som eigentleg skjer. • Å vera i forkant • Skjerme leiken • Ha fokustid • Rolleleik skal prioriterast med tilrettelegging av tid, rom og å vera til stades. • Å vera positive rollemodellar, å ha positive haldningar, kroppspråk • Vera drivkraft i leiken og ha ansvar for framdrift i leiken


Samarbeida Løyst konfliktar

Øvd på turtaking

Brukt krop�en

«I dag har eg ber�e leika....»

Op�levd den gode barndom

Brukt fantasien

Øvd på nye ord og ut�ryk�

Utvikla vennskap

Utvikla sosial kompetanse

13


SmartMat SmartMat er eit felles satsingsområde i FUS-kjeden, og SmartMat handlar om å:  fremma matglede  gi rom for mangfald  gi inspirasjon til betre kosthold  ha desse retningslinjene: • vatn som tørstedrikk • grønsaker til alle måltider • i størst mulig grad naturleg søtning (honning, banan) • rein fisk eller fisk med mest mulig fiskeinnhold -> det er målet • reint kjøt eller kjøt med mest mulig kjøtinnhold -> det er målet

• mest mulig næringsrike korn

• god balanse mellom varm mat og brødmat 14


Kundeløfte – Barnet først! Leikekompetanse • ha små grupper • vaksne som gode rollemodellar • vaksne som støttespelarar • lukke dørar inne, skjerme leiken • gruppesamansetting • laga/ha innbydane og inspirerande utemiljø -> det er målet God kommunikasjon • stille spørsmål som fører til refleksjon • tørre å stilla vanskelige spørsmål når barna er felles, t.d. i samlinga • ta barna på alvor • ha balansegong mellom det som er vanskelig og det som er kjekt • dei yngste barna: - tolke kroppsspråk og andre signal Vennegaranti • den gode hjelpar • snakke om dei som ikkje er i barnehagen (fri, ferie, sjuke) -> både barn og vaksne. Synleggjere ved t.d. bruk av klossar: alle barn har kvar sin klosse med navn, lagar tårn av klossane til barna som er i barnehagen, eit anna tårn med klossane til dei som manglar. • bruke navnesongar • barna øver seg på å sei positive/fine ting til kvarandre • stille spørsmålet: kva syns du er kjekt å gjera ilag med……? Eventyrlyst • dramatisering/meir drama • vaksne som gode rollemodellar • ha rekvisita tilgjengelig • starte med at barnet har rolle i lita gruppa

15


16


Nærmiljøet vårt Barnehagen ligg plassert i ytterkant av industriom­ rådet Heiane - næringsområde på den eine sida, og meir landlege omgjevnader rundt Hatland/Digernes. Det er og bustadfelt og gardar på Horneland i nær­ miljøet vårt. Mykje i nærmiljøet har endra seg sidan oppstarten i 2008. Heiane er eit område med stor utbygging, noko som har ført til at våre turområder er blitt annleis. Områda som vert mest brukt til ulike turar er Digernesskogen, Rabbafossen, Hornelandsvågen, Valvatnaskogen, Skjepåsen og Hatland - som alle er fine tur­ områder, og som ligg i gåavstand frå barnehagen. Me disponerer eit skogsområde på Horneland som er like i nærleiken av barnehagen. Her har me satt opp gapahuk og bålpanne, og det er tilrettelagt for grovmotorisk leik og fysisk fostring. Me har gåavstand til Heiane næringsområde kor det er stort vareutval, og barna kan vera med på deler av innkjøpa – gjerne i forbindelse med prosjekt. I nærleiken av barnehagen har me bussforbindelsar som går til «Vikjo».

17


Tradisjonar i Olderdalen

18

September:

Brannvernveke

Oktober:

Tema: Haust Bålhusdag

November:

Lage kort til nokon ein er glad i Bake hjerter til advent

Desember:

Adventsstund og fellessamling Luciamarkering og julespel Nissefest Juleverkstad Julebord for Issa Bissa Kyrkjevandring for Issa Bissa

Januar:

Brannvernveke Pysjamasfest Tema: Vinter

Februar:

Temafest Laga kort til nokon ein er glad i Samefolkets dag Fastelavn

Mars:

Markere bursdagen til Olderdalen Barnehagedagen

April:

Påskeverkstad Påskesamling Tema: Vår FUS-dagen

Mai:

Frigjeringsdagen, Norge som demokrati Tema: Nasjonaldagen

Juni:

Tema: Trafikk Fotballturnering for Issa Bissa Sommarfest for foreldre og søsken Sommaravslutning for Issa Bissa


Samarbeid barnehage - heim Eit godt samarbeid mellom barnehage og heim er ­viktig for at foreldra skal føle seg trygge på personalet og det som skjer i barnehagen. Me har to formelle organ for samarbeid mellom heim og barnehage: • Foreldreråd og samarbeidsutval (su) Foreldreråd består av foreldre og føresette til alle ­barna i barnehagen. Den viktigaste oppgåva til for­ eldrerådet er å ivareta fellesinteressa til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og heim skapar eit godt barnehagemiljø. Det vert valt representantar frå foreldreråd til å vera med i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet består av representantar frå for­ eldra, frå tilsette og dagleg leiar. Su skal bl.a. ivareta barnehagen, foreldra og eigar si interesse og sjå til at drifta av barnehagen er innanfor gitte rammer. Medlemane til samarbeidsutvalet vert valt på foreldremøte. Dagleg kontakt med foreldre i bringe- og hentesituasjon ligg til grunn for godt samarbeid. Foreldra kan snakke med personalet kvar dag, i tillegg til at telefonkontakt, sms og mail er ei vanleg kontaktform. Andre former for samarbeid/kontakt er:

Foreldra kan ta kontakt med oss dersom det er noko dei lurar på i forkant av oppstart, og både telefon­ kontakt og besøk vert gjennomført. Foreldremøte for nye foreldre blir gjennomført i juni måned. Barna/barnehagen sine viktigaste og næraste er ­foreldra. Grunnlaget for eit godt samarbeid blir lagt i den daglege kontakten når barnet vert bringa og ­henta. Denne kontakten betyr mykje for oppbygginga av eit fortruleg forhold mellom heim og barnehage. Forholdet må byggja på openheit og tillit, og foreldra må føla at dei kan ta opp hendingar som opptar dei i forhold til barnet - sjølv om dette inneber kritikk av barnehagen. Me vektlegg resultata frå brukarundersøkingar og munnlege tilbakemeldingar frå både personal og ­foreldra. Kommunikasjon er ein fellesnemnar for alle samarbeidsformer, og barnehagen vil jamnleg vurdera kommunikasjonen i forhold til foreldresamarbeidet. Samarbeid med andre instansar: • Stord kommune • FUS as og Trygge barnehager as • andre barnehagar/barnehagepersonell i kommunen og i FUS

• skriftleg info via MyKid eller mail, frå dagleg leiar eller pedagogar

• Langeland skule

• foreldrebrev frå kvar gruppe med praktisk og fagleg informasjon, samt glimt frå kvardagen

• HVL (Høgskulen på Vestlandet) og Fitjar vidaregåande skule

• foreldresamtalar • foreldremøte om hausten

• PPT (Pedagogisk psykologisk teneste) og førebyggjande barnevern

• foreldremøte om våren for nye foreldre

• NAV

• helsestasjon

• sommarfest og/eller andre arrangement Når nye foreldre får plass i Olderdalen FUS kultur­ barnehage, får dei tilsendt skriftleg info frå oss: ­«Infohefte til nye foreldre» vedtekter, barne­hagerute, og «Velkommen-skriv» med forslag til tilvenning, opplysningsskjema, godkjenningsskriv, helse­attest o.l.

19


Samarbeid barnehage – skule Rammeplanen seier: «Barnehagen skal, i samarbeid med skolen, legge til rette for barns overgang fra barnehage til første klasse og eventuelt skolefritidsordningen. Dette skal skje i nært samarbeid med barnets hjem.» I Stord kommune er det laga ein overgangsplan for barnehage – skule som alle skal følgja. Planen er tilgjengeleg på kommunen si heimeside: www.stord.kommune.no, og den er tilgjenglig for foreldra i Olderdalen via MyKid. Overgangsplanen seier bl.a. at me skal: • informera om overgang barnehage – skule på foreldremøte/foreldresamtalar • gi nødvendig info til skule om enkeltbarn, med foreldra sitt samtykke • ha barnesamtalar og uformelle samtalar, ein-til-ein og i gruppe • laga ”Barnet si mappe” i samarbeid med barnet, og foreldra skal godkjenne innhaldet i mappa.

Det siste året i barnehagen får dei eldste barna vera med på litt anna enn dei andre barna. Me vil at det siste året i barnehagen skal gi ekstra gode minner og flotte opplevingar!

20


21


Barna sin medverknad Barnehagelova §3: «Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltagelse i planlegging og ­vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modning.»

Gode situasjonar kor barna sin medverknad kjem tydeleg fram:

Me har valt å jobba med prosjekt over korte/lengre periodar, og i prosjekta tek me utgongspunkt i barna sine interesser og ynskjer. Dei eldste barna kan sjølv fortelje og formidle kva dei syns er kjekt, spennande og interessant.

• leik

Gjennom observasjon av/kunnskap om dei minste barna får me godt kjennskap til kva som interesserar/ opptar dei.

ved observasjon av barn 

Dei yngste barna uttrykkjer seg ofte ved bruk av kroppsspråk/kroppshaldning, følelsar og mimikk.

«Den gode hjelpar» 

Det er viktig for oss at barna får eigarforhold til ­prosjekt me jobbar med, og det er ei prioritert opp­ gåve i Olderdalen.

innkjøp: dei eldste barna og personalet lagar  handleliste og gjer innkjøp til ting me treng t.d. i forhold til prosjekt

 Samtalar i ulike situasjonar • samling • samvær i små grupper • tur • rutinesituasjonar som måltid, garderobe og stell • ein-til-ein-situasjonar • barnesamtalar -> formelle og uformelle i planarbeid som tankekart kor barna er aktivt  deltakande tankekart i samband med prosjektarbeid 

Dei vaksne er gode rollemodellar for barna, er ­engasjerte og tar barna i Olderdalen FUS kulturbarnehage på alvor. Personalet har respekt for barna og barna sine ­ynskjer/ behov og har kjennskap til/forståing for barna sitt perspektiv.


Planleg�ing, dokumentasjon og vurdering Me planlegg bl.a. ut frå Rammeplanen og anna lovverk, kunnskap, interesse og erfaring, og barna sine ynskjer og interesse. Årsplanen er ein plan med informasjon til foreldre/ føresette, eigar, kommune, osv. I tillegg er årsplanen eit arbeidsreiskap for personalet for å sikra kvaliteten i arbeidet med barna. Dokumentasjon i barnehagen skal vera grunnlag for personalet si refleksjon og læring, og den skal synleggjera barna si utvikling og læring gjennom leik og aktivitet. Dokumentasjon kan og gi utanforståande eit innblikk i kva barna lærer, opplev og kva dei gjer i barnehagen.

• • • •

brukarundersøkingar frå FUS pedagogisk dokumentasjon studentar HMS-runde

Vurderinga skjer ved behov i løpet av året dersom praksis ikkje fungerar slik målsetjinga var. Ved å bruke dette verktøyet: praksis -> dokumentasjon -> vurdering -> korrigering kan me diskutere, reflektere og evt. korrigere praksisen vår slik at den blir betre. Våren 2019 skal me vurdera to prosjekt som me jobbar med heile barnehageåret 2018/2019:

Dokumentasjon i Olderdalen skjer i hovudsak gjennom:

• Eit inkluderande barnehage- og skulemiljø • Språkløyper

• • • • • • • • • • • •

Me har brukt tid både på personalmøter og planleggingsdagar til desse prosjekta.

dagleg samtale med foreldra bilete/plakatar frå turar/aktivitetar teikningar/barna sitt arbeid utstillingar skriv til heimen frå dagleg leiar eller pedagogar foreldresamtalar prosjektmapper observasjonsarbeid foreldreframsyning i forbindelse med prosjekt Facebookside skriftleg dokumentasjon etter foreldresamtalar «Dagen i dag» via MyKid

Når dokumentasjonen har eit formål blir den pedagogisk. Den skal føra til fornya praksis og endring i barnehagen og såleis vidareutvikla vår pedagogiske praksis. Målet med vurderingsarbeid er å sikra kvalitetsutvikling og erkjenna at barnehagen treng endring heile vegen, samt oppfylla kravet i lov om barnehage §10 om kommunen sitt ansvar for tilsyn.

Målet for «Eit inkluderande barnehage- og skulemiljø» er: Ein inkluderande barnehage og skule som hindrar utanforskap og som bidrar til læring, utvikling og livsmeistring. Målet for «Språkløyper»: Styrka alle barn og elevar sine språk, lese og skrivedugleikar.

Kor�igering

Praksis

Vurdering

Dokumentasjon

Vurdering i Olderdalen skjer i hovudsak gjennom: • pedagogmøter, personalmøter, planleggingsdagar og avdelingsmøter • observasjon • samtalar med barn/barneintervju med 5–åringane • samtalar med foreldre

23


24


Kompetanseplan 2017 - 2020 Olderdalen FUS kulturbarnehage byggjer opp kompetansen til personalet gjennom langsiktig kompe­ tanseplan utfrå eigne behov, satsing frå statleg og kommunalt hald, og felles kompetanseheving i FUS.

Eit godt språkmiljø for alle barn

Frå 2017 - 2020 vil me ha fokus på kompetanse­ heving innan desse områda:

• Tilgong til bøker

Kurs i regi av FUS:

• Kvardagssamtalar, god dialog og god kommunikasjon

• «Egenledelse i lek og læring» • Førstehjelpskurs kvart 2. år

• Bruke begrep som er tilpassa alder, setja ord på det me gjer • Vaksne er gode rollemodellar • Samlingar, songstunder, rim og regler

• Barna får støtte og veiledning i eiga språkutvikling

• SmartMat

Danning og kulturelt mangfald:

Kurs i regi av Olderdalen:

• Barn og vaksne deltek aktivt i eit inkluderande fellesskap

• HLR og livredningsprøve

• Respekt for ulikhetar

• Kurs i samband med prosjekt/satsingsområde

• Verdsetje mangfald

Kurs i regi av FOS (Forum for oppvekst i Sunnhordland): • Me deltek på aktuelle kurs på planleggingsdagar • HMS og brannvernkurs for dagleg leiar og verneombud • Kundeløfte – Alle barn er best • Vidareutdanning for pedagogar

• Leik og læring hand i hand Barn med særskilte behov: • Barn som har behov for og treng ekstra støtte, får tidleg og rett hjelp • Tidleg og tverrfagleg innsats • Eit godt pedagogisk tilbod til barn

• Frå assistent til fagarbeidar • Veiledningspedagogikk for pedagogane Pedagogisk leiing – barnehagen som lærande organisasjon • Tileigna seg og dela kunnskap. • Ped.leiarmøter, avdelingsmøter, personalmøter, kurs og planleggingsdagar • Veiledning fagarbeidarar/assistentar • Gode rutinar • Godt foreldresamarbeid • Serviceinnstillte og imøtekomande vaksne overfor barn og foreldre

25


Omsorg, leik, danning og læring Rammeplanen seier at årsplanen skal vise korleis barnehagen jobbar med omsorg, leik, danning og ­ ­læring.

Barn må få støtte og rettleiing når det gjeld hand­ lingar og haldningar.

Omsorg, leik, danning og læring må sjåst i samanheng. Barn lærer når dei leikar og leiker når dei lærer. Det er mykje god læring i omsorg, og det er mykje omsorg i god læring. Barn lærer i alle situasjonar, og uformelle situasjonar er like viktig for danning hos barn som dei formelle situasjonane.

Danning og medverknad kan bli sett på som gjen­ sidige prosessar. Slik kan barn få eit positivt forhold til seg sjølv og si eiga læring, dei kan utvikle respekt og forståing for det som er annleis. Alle barn har krav på å bli møtte som den dei er. Personalet skal hjelpe ­barna til å forstå at handlingane deira kan gå ut over andre. Ikkje alle handlingar er akseptable.

Å vise omsorg er det same som å bry seg om nokon. Omsorg er ein føresetnad for barna sin trygghet og trivsel.

Danning skjer der det er trygghet og gjensidig respekt ut frå barnehagen sitt verdigrunnlag, personalet si ­erfaring og i samarbeid med heimen.

I Olderdalen har me fokus på leik. Me tar barna sine innspel på alvor ved å vera i nuet, vera til stades og gi tid og rom for leik.

- danning er ein livslang læringsprosess

Om morgonen har me frileik inne. Nokre leikar familie­ leik, andre konstruerer og bygger, og endå andre ­spelar spel eller les bøker.

- danning og haldningar heng saman: eit danna menneske er eit menneske som har og viser respekt for seg sjølv, for andre, for naturen og miljøet.

I uteleiken ser me ofte barna i roller som piratar, ­kokkar, brannmann, politi og butikkansatte.

Læring går føre seg i alle situasjonar i barnehage­ kvardagen, og er ein viktig del av sjølvstendiggjeringa og meistringsfølelsen til barna. Nokre barn lærer gjennom å sjå, andre lyttar, medan andre må delta ­aktivt for å tileigna seg læring og erfaring.

Gjennom leik får barna og erfaring med konflikt­ løysing, noko som kan vera til god hjelp i framtida. I leiken førebur barna seg på vaksenlivet, og me ser både framtidige arkitektar, lærarar, sjukepleiarar og tømrarar. Det er fascinerande og svært lærerikt for personalet å observera barna i leik, både inne og ute. Rammeplanen seier at leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Når barn leikar legg dei grunnlaget for vennskap, ­læring og sosial kompetanse. Visjonen vår handlar og om leik og kor viktig leiken er for barna. Omsorg, leik og læring bidrar til danning hos barna. Danning er ein prosess som skjer gjennom livet, og i samspel med omgivelsane.

26

- danning skjer gjennom omsorg, leik og læring

Dette må me vaksne i barnehagen vera bevisste på. For å kunna utvikla sjølvstendige barn, må personalet i barnehagen sjå kvart enkelt barn, og ivareta barnet sine ynskjer, behov og utviklingsmulighetar så langt det let seg gjera. For å få til dette deler me difor barna i mindre grupper deler av dagen. Barna har meiningar, tankar og kjensler på lik linje med oss vaksne. Alle barn har noko dei meistrar utfrå sitt modningsnivå. For dei vaksne i barnehagen vert det viktig å sjå barna og gje dei bekrefting på det dei kan, for så å stimulera til vidare utvikling og tileigning av kunnskap. Gjennom tilrettelegging av aktivitetar brukar me leik som innfallsvinkel til læring. Leikegrupper er ein måte å øva på sosial kompetanse, språk og kommunikasjon.


Omsorg i Olderdalen:

Leik i Olderdalen:

• Kviletid på litlebasen med eigen vognvakt, og moglegheit for kvil på Etla Metla etter behov.

• Me fordeler leiker og utstyr på rom og deler barna inn i grupper etter alder. Kvar avdeling har sine leiker og barna flyttar etter kvart som dei vert eldre. Me lagar ulike leikemiljø ut fra barna sine interesser.

• På litlebasen har me trygge fang og vaksne som ladestasjonar. På storebasen er dei vaksne ladestasjonar og støttande stillas. •

Me deler inn i små grupper/leikegrupper, då er det lettere å sjå enkeltbarnet. Me lærer barna å visa omsorg/hjelpe /trøste/ ta imot omsorg. Etterkvart som barna blir eldre får dei andre oppgåver. Den gode hjelpar får ekstra fokus i samlinga og får vera med å hjelpa til i daglegdagse gjeremål.

I samlinga: synleggjere kven som er på avdelinga og kven som ikkje er tilstades, ved td. å lage hus med bilder av kvart barn, eller klossar med namn som viser kven som er til stades og kven som ikkje er til stades.

• Ynskjer kvart barn og forelder velkomen om morgonen, me er venlege og imøtekomande. • Sjå kva barnet treng sjølv om barnet ikkje uttrykkjer det verbalt. Me er lydhøre, for enkelt barnet i den store barnegruppa. • Tar barnet på alvor og er anerkjennande vaksne, slik at barnet opplev seg sjølv som viktig og verdifull.

• Leser bøker, går på tur saman, fortell eventyr o.l. for å få felles erfaringar. • Dei vaksne er observante i leiken, og rettleiar barna der det trengs for å fremme ønska samspel. • Me vurderar når det er behov for at vaksne kan vera deltakarar i leiken • Me tar initiativ til leik og samspel for å sikre at alle blir inkludert i leiken på det stadiet dei er. • Me har respekt for leiken i forhold til å leggje til rette for, og prioritere tid til leik. personalet er gode rollemodellar • Leik = glede, læring og sosial kompetanse • Barna får utvikle sosiale, kognitive og motoriske evner • Tid til leik, mulighet for utvikling • Personalet tar barna på alvor -> «Møter jeg et barn så møter jeg et menneske»

• Bruka tid i stellesituasjonen.

27


Progresjonsplanar i forhold til fagområda i rammeplanen Gjennom arbeidet med fagområdet «KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST» står det i rammeplanen at personalet skal: • skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer

• invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme • støtte barna i leiken med og utforskinga av skriftspråket


Kommunikasjon, språk og tekst 0 – 3 år

Mål: Barnet skal utvikle språk for å kunne uttrykke kjensler, løyse konfliktar, ynskjer og erfaringar. Gjennom språk lærar barna å skape positive relasjonar i leik med andre barn og vaksne.

Kva gjer me: Me brukar språket aktivt og snakkar om det me ser (set ord på gjenstandar, kroppsdelar osv.). Barna er i en sterk utvikling av språket sitt, og uttrykkjer seg på ulik måte både verbalt, kroppslig, med mimikk og lydar. Dei vaksne må være lydhøre overfor barnas ulike uttrykksformer Me fortel eventyr, les bøker, brukar snakkepakken, syng songar (samlingspose) og lyttar til musikk. Dramatisering.

3 – 6 år

For denne aldersgruppa er visualisering og konkretisering viktig.

Vaksne som gode rollemodellar/tilstadeværande vaksne

Barnet skal bruke språket til å uttrykke kjensler, ynskjer og erfaringar. Det skal løyse konfliktar og skape positive relasjonar i leik og anna samvær med andre barn og vaksne.

Verktøy som Språksprell og Snakkepakken

Barnet skal vidareutvikla omgrepsforståinga og bruka eit variert ordforråd.

Lesa bøker som er tilpassa aldersnivå, rim og regler, dikt, song, eventyr og spel

Presentere barna for, og legg til rette for at dei skal få positive relasjonar til tekst og bilete som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskapar og samtaler, og som inspirasjon til fabulering og nyskaping. Få kjennskap til tal og bokstavar.

Flanellograf Samtalar med barn i formelle og uformelle situasjonar

Samling Laga eventyr/forteljing og dikta Dramatisering av situasjonar/rollefigurar Rolleleik og dramaleik Øva på å lytta til andre, turtaking Ha tal og bokstavar tilgjengelig på avdelinga. Snakka om kjensler gjennom ulike virkemiddel Musikk med ulike kjensleuttrykk Øve på å ta i mot kollektive beskjedar

29


Gjennom arbeidet med fagområdet «KROPP, RØRSLE, MAT OG HELSE» står det i rammeplanen at personalet skal:

• vere aktive og nærverande, støtte og­ utfordre barna til variert kroppsleg leik og anerkjenne barnets meistring

• bidra til at barna utviklar eit bevisst­ forhold til retten til å bestemme over eigen kropp og respekt for andre sine grenser

• bidra til at barna kan tileigne seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile

• leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna

• gi barna tilgang til varierte og u ­ tfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehage området

• kjenne og praktisere nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggjande tiltak som gjeld barn

30


Kropp, rørsle, mat og helse 0 – 3 år

Mål: Barna skal læra å bruka kroppen både grovmotorisk og finmotorisk. Barna skal oppleve glede av å ferdas ute i naturen. Motivere barna til å bruke kroppen. Fokus på hygiene og bordskikk.

Kva gjer me: Barna leikar aktivt på puterommet. Her kan dei boltre, utfordre og utvikle seg grovmotorisk. Finmotorisk utvikling gjennom aktivitetar som for eksempel: måling og teikning. Gå tur i nærmiljøet der borna får trena på å bevega seg i ulendt terreng. Etter kvart gå turar utan vogn. Rørslesongar/leik og dans/bevegelse, gjerne med musikk. Fokus på normal kvardagskost. Vasking av hender før og etter måltid, dotrening, vasking ved stell.

3 – 6 år

Barnets vidareutviklar kroppskontrollen, grov og finmotorikken, rytmen og den motoriske kjenselevna.

Dans og songar med rørsler Ulike regel og rørsleleikar Praktisera god hygiene og bordskikk

Gje barnet erfaringar som gjer at dei utvikla glede ved å bruke kroppen til utfordring og utforsking i naturen

Motivere til «sjølvstendetrening», samt gje oppleving av mestring ved kontroll og oversikt på eigne ting.

Fokus på hygiene og bordskikk

Klippe, teikne, male og andre finmotoriske aktivitetar. Øve på pinsettgrep.

Fokus på sunne matvarer, dyrke eigne grønsaker

Fysisk aktivitet inne og ute Korte turar og lange turar i skog og mark til ulike årstider Ute minimum 2 timar pr. dag uansett vær Tilby normal kvardagskost i barnehagen og på tur Frukt og/eller grønsaker kvar dag Kunnskap om/kjennskap til korleis kroppen fungerar Samle inn teikningar til barnet si mappe (Issa Bissa)

31


Gjennom arbeidet med fagområdet «KUNST, KULTUR OG KREATIVITET» står det i rammeplanen at personalet skal: • samtale med barna om deira eigne og andre sine kunstnariske og kulturelle uttrykk • gi rom for, støtte og styrkje barnas bearbeiding av møte med kunst og kultur • vere lydhøyre, anerkjenne og respektere barns eigen tradisjonskultur og barnekultur • vere lyttande og merksame på dei ulike kulturelle uttrykka til barna, vise respekt for ytringsformene deira og fremje lysta til å gå vidare med å utforske dei estetiske områda

• motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og la dei få utvikle varierte uttrykksformer • synleggjere og skape estetiske dimensjonar i inne-og uteromma i barne¬hagen • gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunst-og kulturuttrykk frå fortid og samtid • bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa


Kunst, kultur og kreativitet 0 – 3 år

Mål: Formingsaktivitetar der borna får prøva forskjellige metodar og utfordra sin kreativitet. Barna skal bli kjent med forskjellige fargar og metodar å laga barnekunst på.

3 – 6 år

Barnet får kjennskap til fleire eventyr og forteljingar og dei møter ulike musikk sjangrar. Dei møter ulike former for dramatisering og kunstformidling. Dei meistrar meir i høve formingsaktivitetar. Barnet byrjar sjølv å uttrykke barnekulturen. Gje barna erfaring med verkemiddel, teknikk og form for å kunne uttrykke seg estetisk. Utvikla eiga evne til å bearbeide og kommunisere inntrykk og sjølv gje varierte uttrykk gjennom skapande aktivitetar Dei skal få kjennskap til lokal og nasjonal kulturarv.

Kva gjer me: Måla bileter på ulike måtar; bruka hender, føter og penslar i forskjellige størrelsar. Teikning på ark, tavler og asfalt. Ulike formingsaktiviter til ulike høgtider.

Dei større barna leiker regelleikar som smittar over på yngre barn Tema/ prosjekt arbeid med ulike aktiviteter knytta til dei estetiske faga Vaksne legg til rette for aktivitetar med ulike materiale, kjennskap/erfaring/eigenskapar Setja opp ei forestilling, tildeling av roller (eigenskapar, stemmebruk), musikk, kostymer, rekvisita, kulissar, mikrofonbruk, Stå på ein scene (fokus på seg/bli trygg) Forteljingar og historiar Fremja kreativiteten hos barn Ha eit estetisk fint og innbydande miljø Sommarfest med framsyning Kulturbarnehage med fokus på dei estetiske områda Drama: rolleleik, utkledning, dramatisering, teater og dukketeater Forming: utvikle skaparglede, ulike materiell og nye metodar Musikk: song og dans, lytta/bruka variert musikk, spela ulike instrument, musikkleikar Teikne frå fortellinger og opplevingar (Issa Bissa)

33


Gjennom arbeidet med fagområdet «NATUR, MILJØ OG TEKNIKK» står det i r­ ammeplanen at personalet skal: • leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring • gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd • synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i naturen • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomen saman med barna

34


Natur, miljø og teknikk 0 – 3 år

Mål:

Kva gjer me:

Barna skal bli kjent med forskjellige dyr.

Er ute på tur i skog og mark kvar veke.

Oppleva dei ulike årstidene.

Oppdagelsesferd i naturen, kikkar på blader, pinnar, stein osv. Bli kjend med ulike formar og forskjellige storleikar. Observera og bli kjend med ulike dyr, insekt og vekstar.

Oppleva gleda av å ferdas i naturen.

Leikar ute kvar einaste dag uansett ver.

3 – 6 år

Tid og rom for leik og utforsking.

«Gode hjelpar» med værmeldar.

Oppleva gleda ved å ferdast i naturen gjennom alle årstider og all slags vær.

Fast turområde som me held i orden. Me ryddar alltid opp etter oss på tur. Tar med boss og liknande heim.

Kjennskap til naturen sitt mangfald og det som lever og veks der. Barna skal utvikle respekt for naturen og ta vare på den.

Ha ulike materiell til forsking og konstruering tilgjengelig på avdelinga.

Gode opplevingar som gjev barna fellesskap og tilhørighet. Barna skal få erfaringar med natur, miljø og teknikk.

Faste turdagar til ulike områder i all slags vær. Skog, sjø, leikeplassar, akebakken Jobba med fysikk, kjemi og naturprosjekt Kjennskap til dei ulike årstidene og kva som kjenneteiknar desse. Bli kjent med dyr og insekter i nærmiljøet. Kunne namnet på dei mest kjente dyr, fuglar, insekter, trær og blomar. Markere dei ulike årstidene Ta vare på/læra om miljøet, barna plukkar søppel ute i barnehagen. Aktivitetar, samling, måltid i bålhuset Planta og så om våren Læra om blomar, planter og dyr Uteleikeplass i skogen med lavvo og bålpanne

35


Gjennom arbeidet med fagområdet «ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI» står det i rammeplanen at personalet skal: • formidle forteljingar og skape rom for barnas opplevingar, samtalar, erfaringar og tankar om religion, livssyn, etikk og eksistensielle tema

• samtale med barna om religiøse og kulturelle uttrykk og vere bevisste på korleis deira eiga deltaking kan støtte og utvide tenkinga til barna

• utforske og undre seg over eksistensielle, etiske, religiøse, livssynsmessige og filosofiske spørsmål saman med barna

• identifisere verdikonfliktar i kvardagen, reflektere over verdiprioriteringar og haldningar og ha eit bevisst forhold til korleis desse kjem til uttrykk i arbeidet med barna

• bidra til å utvikle barnas toleranse, interesse og respekt for kvarandre og for menneske med ulik kulturell, religiøs eller livssynsmessig tilhøyrsle • gi barna kjennskap til og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i den kristne kulturarven og andre religionar og livssyn som er representerte i barnehagen


Etikk, religion og filosofi 0 – 3 år

Mål:

Kva gjer me:

Barna skal bli kjent med etikk, religion og filosofi.

Bli kjend med dei ulike høgtidene, og dramatisere nokre av dei religiøse forteljingane.

Læra forskjell på rett og galt, og utvikla empati.

Finne små augneblink i kvardagen der me undrar oss saman med barna.

Vera gode mot kvarandre.

Synga for maten. Vera ein god lekekamerat. Den vaksne skal vera en trygg base, sitja på golvet og vera tilgjengeleg, ha eit ledig fang om naudsynt. Me har fokus på å skape gode, trygge relasjonar mellom barn og vaksen.

3 – 6 år

Få kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar, samt andre religionar og livssyn på barnegruppa.

Ha respekt og toleranse for andre.

Fokus på korleis me er mot kvarandre, korleis vil eg at andre skal vera mot meg.

Stimulere til fabulering og filosofering.

Synge for maten, takke for maten, formidle juleevangeliet og påskebodskapen gjennom dramatisering. Formidle andre religionar og tradisjonar gjennom bøker, historiar og musikk. Barnet får fortelje om markering av eigne høgtider. Formidle etiske perspektiv gjennom bøker, drama, historiar og gode samtalar. Øve på å vente på tur. Me skal ta barnas undring og fabulering på alvor. Stille spørsmål for å få barnet til å fabulere meir. Vere ein god rollemodell, skape historiar. Gi barnet tid til å tenke, få tid til å gje eit svar. Vera filosoferande vaksne og gode rollemodellar.

37


Gjennom arbeidet med fagområdet «NÆRMILJØ OG SAMFUNN» står det i rammeplanen at personalet skal: • sørgje for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen både for dei sjølve og for andre

• gi barna forståing for at samfunnet er i endring, og at dei er ein del av ein historisk, notidig og framtidig samanheng

• introdusere barna for personar, stader og samfunns­institusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsle og hjelpe barna med å orientere seg og ferdast trygt

• gjere barna kjende med samisk kultur og levesett og knyte det samiske perspektivet til merkedagar og kvardagsliv, kunst og kultur og mattradisjonar

• gi barna like moglegheiter, fremje likestilling og motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme

38

• gi barna gryande kjennskap til kor viktige menneskerettane er, særleg barnekonvensjonen


Nærmiljø og samfunn 0 – 3 år

3 – 6 år

Mål:

Kva gjer me:

Barna skal møta og bli kjent med nærområdet.

Me går turar og ser på dyr, gravemaskinar (industriområder) og det som er rundt oss.

Bli kjent med turområder.

Me deler barna inn i mindre grupper, og lagar trygge og gode omgjevnadar for barna.

Barna skal få god kjennskap til kven dei er, eigen familie, kven bur eg med, osv.

Jobbe med prosjekt; meg sjølv i familien min.

Barnet skal oppleve at dei har påverknad i felleskapet i barnehagen.

Gå turar i nærmiljøet.

Barna skal verta kjent i nærmiljøet rundt barnehagen.. Barna skal oppleve at det vert tatt like stort omsyn til gutar og jenter i barnehagen. Får kjennskap til krigen og frigjeringa . Får kjennskap til demokratiske prosessar.

Meg sjølv i barnehagen.

Ta buss, besøke småbedrifter. Ha fokus på kva som finnest i vårt nærområde. Det fysiske miljøet skal vera tilrettelagd for leik for begge kjønn. Bordaktivitetar/formingsaktivitetar kan og vera tilrettelagd for interesseområde til begge kjønn. Gode hjelpar, som er med å hjelper den vaksne å legg til rette for måltider m.m. for resten av gruppa.

Barna skal oppleve at jenter og gutar er likestilte.

39


Gjennom arbeidet med fagområdet «MENGD, ROM OG FORM» står det i rammeplanen at personalet skal: • bruke matematiske omgrep reflektert og aktivt i kvardagen • bruke bøker, spel, musikk, digitale verktøy, naturmateriale, leiker og utstyr for å inspirere barna til å tenkje matematisk • gjere barna meir nysgjerrige og styrkje mate matikkgleda og interessa for matematiske samanhengar med utgangspunkt i uttrykksformene til barna

• leggje til rette for matematiske erfaringar gjennom å bidra med matematiske idear og utdjupande samtalar i leik og kvardag • stimulere og støtte barnas evne til problemløysing og hjelpe dei til å vere uthaldande


Mengd, rom og form 0 – 3 år

Mål: Barna får byrjande interesse for teljing. Barna får byrjande begrepsforståing.

Kva gjer me: Me tel ilag med barna, tel ulike gjenstandar, kor mange barn det er på gruppa. Eventyr, eksempelvis «Geitekillingen som kunne telle til ti». Me brukar begrep som stor, liten, bak, foran og liknande. Me set ord på former som for eksempel runding og firkant, og fargar.

3 – 6 år

Barna skal møte rom, tall og form på ulik måte. Barna får gryande forståing av mengde/antal Barna får kjennskap til ulike system, t.d. vekedagar og årstider

Pusle, spele enkle spel, sortere, telje i samling Bygge hytter, rulle ned bakker, klatre, krype under-over-inni osv. Den gode hjelper er med å dekke bord, Song og songleikar, regler. Legge til rette for leik som gir erfaring med ulike typar mål, måleiningar og målreiskapar.

41



Kontaktinformasjon Dagleg leiar: Anne Mari Vestvik Matre

Adresse: Myrateigen 2, 5412 Stord

Telefon: 53 49 30 08 Tlf. dagleg leiar: 415 32 347 Kontor: 415 32 348 (mandag, tirsdag og fredag) Akka Bakka 1: 415 32 391 Akka Bakka 2: 415 32 349 Bonka Rakka: 415 32 350 Etla Metla: 415 32 351 Sjong Dong Fillifjong: 415 32 389 Issa Bissa: 415 32 390

Mail: dl.olderdalen@bhg.no

Heimeside: www.olderdalen.bhg.no Facebookside: Olderdalen FUS

Opningstid: 06.30 – 16.30 Sommarstengt i veke 29 og 30

Meir utfyllande informasjon ang. praktiske opplysningar, osv. finn du i hefte: «Info til nye foreldre» og i tilvenning-/velkommen-skrivet.

43


www.olderdalen.bhg.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.