g r a f i s k de s ig n : Øystein Vidnes · oysteinvidnes.org b ok a e r s e t t m e d Fedra Serif b 8,5 / 12,5° om s l ag s f o t o : Hans Kristian Krogh Hanssen f or s at s : D30 aust Sygnefjell, trykt, 1960. Kjelde: Kartverket, Gradteigskart 1:100 000,
f o t o:
Hans Kristian Krogh Hanssen: s. 2–3, 51, 68-69, 114, 176, 178–179, 182–183, 184–185, 188–189, 196, 197 Norvald Tveit: s. 75, 76, 119, 121 Sondre Kvambekk: s. 64–65, 103 Sigri Sandberg: s. 66, 89, 101, 125, 126-127, 128, 136–137, 139, 140–141, 145, 148, 151, 155, 158–159, 163, 166–167
i l l u s t r a s jona r :
s.21: «Skadi Hunting in the Mountains», H. L. M. av Mary H. Foster 1901. Frå Asgard Stories: Tales from Norse Mythology
s.35: Kjelde: Kartverket, Rektangelmåling 1:100 000, 30d-1, handteikna, 1842 s. 39: «Fra Jotunheimen, Hurrungene», måla av Johannes Flintoe, 1837, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, utsnitt
pa p i r : Munken Lynx 130 g t ry k k : Spindulys, Kaunas © s k a l d 2015 e-p o s t : forlag@skald.no www.skald.no
isbn 978-82-7959-223-5
til Astri D., den raude tr책den
IN N H A L D inn l ei ing : Frykt og jubel og fjellhjartedunk · 9
1: J E G E R A R , GYG R E R , B U D E I E R O G T H E R E S E · 13 Fangstfolket kjem.................... 17
Så kjem kunstnarane................ 37
Til Jotunheimane..................... 19
Og bydamene.......................... 42
Til seters............................... 25
No kjem Slingsby..................... 50
Ho Gjendine Slålien.................. 29
Slingsby på Storen.................... 52
Ferd over fjell.......................... 31
Frk Therese Bertheau................ 56
Keilhau oppdagar Jotunheimen.... 33
2 : A S T R I D R Æ G N I O G FJ E L L F O L K N O T I L D A G S · 6 4 Juli og første møte med Astri....... 69
Jostein Aasen og ei
September og ulukker............... 78
uopna sjampanjeflaske.............. 107
Fire gutar prøver seg på Storen .... 88
Ei kjærleikshistorie.................. 109
Han toppglade........................ 98
Ho som angra......................... 113
Fjellførarane .......................... 104
Då Astri klatra Storen................ 118
3 : PÅ V E G M O T J U B E L · 12 7 Vår og førebuingar................... 129
Mot Store Austabotntind (2203 moh.)
Store Ringstind (2124 moh.)
og eit møte med frykt................ 154
og glede................................ 133
Mellomspel og ein ankel
Til Lauvnostind (1950 moh.)
i feil vinkel............................. 169
med ei fjelljente...................... 143
Horungtindernes løve:
Laila på hotellet...................... 152
Storen (2406 moh.)................... 172
l i t t er at u r l i s t e · 198
1 J EG ER AR , GYG R ER ,
B UD EI ER
OG TH ER ES E
Turtagrø, år 1900, Foto: Howard Priestman (tilhøyrer Norsk Fjellmuseum).
38
Nettopp fjella er òg seinare og heilt fram til vår tid nytta
som det fremste nasjonalsymbolet vårt. Fjella er ikkje berre
hjartet i landet vårt, men fast grunn, og det vi har bygd lan-
det vårt på, både fysisk og psykisk. Og no kom kunstnarane.
Eg har omtala nokre av dei i samband med seterdrifta, men
dei var fleire, som rømte frå byane, for å skrive og teikne og måle og komponere natur.
Berre to år etter turen til Keilhau og Bock i 1820 målar den
danskfødte portrett- og landskapsmålaren Johannes Flintoe
Sæterliv under Skagastølstindene, og måleriet Hurrungene er blant
dei tidlegaste bokillustrasjonane i Norge. Første gang han
reiser til Sogn, i 1819, er det for å vitje kunstnarvenen Gerhard
Munthe, foreldra hans held til i Ytre Kroken, på austsida av Lusterfjorden. Flintoe er pioneren blant kunstnarane som oppdagar den norske fjellnaturen, men fleire følgjer i spora
hans og lagar kunst av same motiva.
Og det kjem fleire og fleire ettersom hundreåret og roman-
tikken blomstrar. Frå midten av 1800 blir folkelege tradisjonar og liv stadfesta i både skrift, bilete og tonar – og dette
materialet blir heilt essensielt i bygginga av nasjonen og den
nasjonale sjølvkjensla fram mot 1905 og unionsoppløysinga.
Henrik Wergeland er ein av dei første store forfattarane våre
som fór til fjells. Allereie i 1832 reiste han over Sognefjellet og skreiv dikt både om Fanaråken, Store Skagastølstind – og om
den djupe fjorden som har «suget Sorthed af Hurungers Skygge». Om Store Skagastølstind skriv Wergeland:
En Snehvirvl rundt den svarte spids, lig splintret sejl om mast! Det var en Verdens Skibbrud, hvis den mast av sten, den Fløj af Is i Skyers havgang brast.
Johannes Flintoe måla «Fra Jotunheimen, Hurrungene».
39
to step on the flowers, was really painful to me. The little darlings all seemed to be singing in chorus, ’Welcome! welcome! This is the time to come here; the snows have all gone, and we come to brighten the earth. Og så er han jo ein av dei som ivrar sterkast etter å få fleire
kvinnfolk i fjella. I 1884 tek han med seg kona si. Dei klatrar mellom anna Lodalskåpa og Romsdalshorn. Men det skulle
gå 18 år etter Slingsby før Storen fekk kvinnfolkbesøk. Då kom
Therese Bertheau.
F R K T HE R E S E B E R T H E AU Bertheau, ja. Ho var ei av dei første som lét det upraktiske
skjørtet falle, under ein av Torfinnstindane, ein julidag i 1894.
Og i dagane og åra etter dette blir ho ein av dei viktigaste aktørane i denne nye tindesporten.
Therese Kathrine Bertheau vart født 23. november 1861 i
Skjeberg. Faren var ordførar og trelasthandlar, men døyr når
ho berre er tre år. Mora Borghild sit att med døtrene, og dei
flyttar etter kvart til Oslo. Like i nærleiken bur Ivar Aasen – og
unge Therese hjelper denne mannen, med innkjøp av varer
– og ho steller han når han er sjuk. Fortel nynorskmannen frå nordvest henne noko om fjella? Noko om vest?
Therese tek lærarskuleeksamen ved Nissen pigeskole i 1879.
Dette var den høgste utdanninga for kvinner på denne tida.
Så her var det ein elite, eit sterkt miljø, og til og med fjellfolk.
Yndlingslæraren til Bertheau, Henriette Wegner, underviste
i naturhistorie og sende elevane sine lange brev med pressa
fjellplanter frå sommarferiane sine. Bertheau treff også si gode klatreveninne Antoinette Kamstrup her.
Ho kunne no forsørgje seg sjølv – og underviste i norsk, en-
gelsk og fransk og sannsynlegvis også tysk. Språkkunnskapen
56
Therese Bertheau på Store Dyrhaugstind. Storen i bakgrunnen, Henning Tønsberg til høgre. Frå dnt si årbok, 1982. Foto: Ullén.
57
68 Astri Drægni, fjelldronninga på Turtagrø.
J U L I O G F Ø R S T E M Ø T E ME D A S T R I Ho gløymer det aldri. Då ho kom over Sognefjellet frå Oslo
første gongen. Kveldssola skein på Smørstabbreen. Ho skein
på alle fjella, på heile verda. Og Astri var forelska. Ho var 20 år. Ho visste det ikkje då, at desse fjella skulle bli utsikta hennar i over 45 år – og ein del av henne for alltid.
Eg dreg ned frå fjellet, følgjer vegen nedover til tre og fjord
og Skjolden og vidare utover mot Gaupne. Tek av til høgre, snirklar meg opp nokre svingar. Fjellvertinna på Turtagrø har
blitt 81 år og bur her, i eit kvitt hus i indre Sogn. Og no opnar
ho døra, ønskjer velkomen og serverer saft og kaffi og skiver med kvitost – og så hostar ho litt og byrjar fortelje.
69
Frieri pĂĽ Vardanosi, sommaren 2014. Trude DrĂŚgni og Marius Olsen. Foto: Privat.
112
Trude og Marius ser på kvarandre, og innimellom sparkar
ho han litt på foten under bordet, når han snakkar som han
gjer.
– Du treng kanskje ikkje fortelje alt, seier ho.
Og eg sit der og ser at Marius er litt våt i augo og kjenner at
synet mitt òg vert litt uklart. Og Marius seier han alltid har
hatt ei uro i kroppen før. Men ikkje no lenger. No er han i mål.
– Eg skjøna at ho var jenta i livet mitt. Og eg hadde jo rett.
No er jakta over.
Trude ler litt og seier det er gjensidig. Og i sommar fridde
han, med Hurrungane og Storen rett i fleisen, på farmor Astri
sin hemmelege plass på Vardanosi. Han hadde spurt mor til
Trude om handa hennar først. Og no skal dei altså gifte seg. 27 juni, på Turtagrø, i dei same omgivnadene som dei fann kvarandre i, i den utsikta dei båe elskar.
Trude seier ho gruer seg litt til den bryllaupstalen. Marius
smiler og seier han har bestemt seg for det, at han ikkje skal
gjere henne flau.
Roser på bordet. Frukt. Mandlar. Te. Sjokolade. Utanfor
berre våt skog. Ein by i det fjerne. Natt og regn og så stille, så
stille. Eg sit i bilen etter å ha sagt ha det, og må sitje der litt for meg sjølv før eg køyrer heim.
HO SOM ANGR A Morgonen etter sit eg i bilen i retning nordvest. Trude har fortalt om veninna si, Mariann Fuglesteg. Ho er oppvaksen i
Fortun, og med alle skrønene, sogene og skrytet kring Storen.
For nokre år sidan hadde kjærasten planar om å fri der oppe. Men så vart vêret dårleg, og det vart ikkje tur.
113
– Blir det litt mykje for deg, dette, Sigri? Korleis skal du be-
grense deg?
Om natta grublar eg. På det. Korleis eg skal få med alt eg
vil – og få alt dette til å henge saman. Eg reiser heim, og så går den vinteren.
Storen forsvinn i tanketåkehav.
125
Store Ringstind og Soleibotntindane.
3 PÅ
V EG
M OT
JUB EL
eit hektisk mål for meg? Er det nøydd å vere farleg for at eg skal bli tilfredsstilt? Nei, det trur eg verkeleg ikkje. Eg veit at andre
treng det meir farleg enn meg. Eg vil jo helst berre vere ute.
Auke pulsen, senke pulsen, alt dette. Puste inn, kjenne roa.
Men så vil eg jo opp òg. Eg vil jo det. Lysta er attende. Og
eg trur eg vil kjenne meg trygg med trygge folk. Eg har skam-
laust lyst på denne toppen. Og ei sånn lyst har eg sjeldan kjent.
Og no har vi altså funne ein ny dato. 4–5. juli. Der omkring.
Det kjem heilt sikkert til å vere mykje snø der framleis, men same kva. Eit forsøk på tur blir det.
M O T S T O R E AU S TA B O T N T IN D (2 2 0 3 M O H .) O G E I T M Ø T E ME D F RY K T Det har blitt fredag 19. juni. Klokka 07.00 møter eg fjellførar Endre Vonheim på trappa på Turtagrø. Vi skal til Store
Austabotntind, fjellførarane sitt absolutte favorittfjell, eitt
av dei aller vakraste i Norge, seier dei. Eg har smurt matpakke, tatt med sjokoladekjeks, får hjelm, sele, stegjern. Så køyrer vi
eit stykke. Opp i tåka. Opp i våt snø.
– Skyene har vore her i natt og stengt fuktigheita inne, seier
Endre.
Og så går vi i dette gråkvite. Ser berre kvarandre. Og alt det
gråkvite. Innimellom glimt av fjell, før alt sprekk og vi går ut
av skyene og ser toppane som har vore skylause her i heile natt, for her er det hardare snø, lettare å gå. Og no ser vi fjell på
fjell. Store Ringstind frå baksida. Soleibotntindane. Storen i det fjerne.
Endre fortel om spreke mor si som nesten er meir i fjellet
enn han. Og til jul fekk ho Storen i presang, han skal ta henne
154
Endre Vonheim og tåke.
155
158
159