Sju galningar

Page 1

roberto ARLT

SJU GALNINGAR

Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for Skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypane Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900­talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i Skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg.

Støtta og innkjøpt av Norsk kulturråd.

Støtta av Sur­programmet, ei støtteordning for omsetjing i regi av det argentinske utanriksdepartementet. (Obra editada en el marco del Programa Sur de Apoyo a las Traducciones del Ministerio de Relaciones Exteriores, Comercio Internacional y Culto de la República Argentina.)

Omsetjaren har motteke støtte frå Norsk oversetterforening og Norsk Kulturråd.

orig inalV erk : Los siete locos (Editorial Latina 1929) t ekst : Roberto Arlt o msetjar : Øystein Vidnes, mno

serie D esign : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes sats : Øystein Vidnes i llustrasjon : Andreas Töpfer f ontar : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk av Stefan Ellmer p apir : Munken Print Cream 1.8, 90 g t rykk og innbin D ing : Livonia Print © skal D 2024 www.skald.no

isbn 978 ­ 82 ­ 7959 ­ 374 ­ 4

ISBN 978-82-7959-374-4

97 882 79 59 37 44

roberto arlt SJU GALNINGAR

frå spansk V e D

øystein V i D nes

skal D 2024

8

Overraskinga

Straks han opna den frosta glasdøra inn til administrasjonen, fekk Erdosain lyst til å snu. Han skjønte at han var fortapt, men det var for seint.

Der inne venta direktøren, ein kortvaksen, tettbygd mann med villsvinhovud, grått og kortklipt hår med sveis som Umberto I av Italia og eit urokkeleg blikk som tok alt inn gjennom eit par grå fiskeauge. I tillegg var det Gualdi, bokhaldaren, liten, mager, glatt, med granskande auge, og underdirektøren, sonen til villsvinhovudet, ein vakker ung mann på tretti med eit kynisk oppsyn, heilt kvitt hår, beisk stemme og eit hardt blikk som faren. Ingen av desse tre personane – direktøren bøygd over rekneskapen, underdirektøren djupt installert i ein lenestol med eit bein dinglande over armlenet eller herr Gualdi respektfullt ståande attmed skrivebordet – svarte då Erdosain helste. Underdirektøren var den einaste som såg opp: – Vi har fått greie på at du er ein svindlar, som har underslått seks hundre pesos.

– Og sju cent, la herr Gualdi til, medan han la trekkpapir over signaturen til direktøren på ei side i rekneskapen.

9

Først no, liksom med eit stort krafttak i oksenakken, løfta direktøren blikket. Med fingrane stappa inn i knapphola på vesten sende han ut eit skarpt blikk som utan uvilje, mellom halvlukka augnelok, granska det uttærte, uttrykkslause ansiktet til Erdosain.

– Kvifor går du så dårleg kledd? spurde han.

– Eg tener ingenting som innkrevjar.

– Og pengane du har stole frå oss?

– Eg har ikkje stole noko. Det er løgn.

– Så du er altså i stand til å legge fram rekneskap for det heile?

– Ja, viss de ønskjer det, innan middag i dag.

Svaret redda han inntil vidare. Dei tre mennene veksla blikk, og til slutt trekte underdirektøren på skuldrene og sa, med godkjenning frå faren:

– Nei … du har tid fram til i morgon klokka tre. Ta med deg rekneskapsbøkene og kvitteringane … Du kan gå.

Denne avgjerda kom så overraskande på Erdosain at han nedslått blei ståande og sjå på dei tre. Ja, på alle tre. På herr Gualdi, som hadde audmjuka han slik endå han var sosialist, på underdirektøren, som hadde stirt så hånleg på det frynsete slipset hans, på direktøren, som vende det glattbarberte villsvinhovudet stivt mot han med eit kaldt, svinsk blikk gjennom den grå spalteopninga i dei halvopne auga.

Men Erdosain rørte seg ikkje. Han ville seie dei noko, han visste ikkje kva, men noko som skulle få dei til å forstå den store ulykka i livet hans, og han blei ståande, nedslått, med det svarte, firkanta pengeskapet framfor auga. Han

10

blei krummare og krummare for kvart minutt, kjende han, der han nervøst stod og tvinna bremmen på den svarte hatten sin bak på ryggen, og blikket blei fjernare og ulykkelegare. Brått plumpa han ut:

– Så eg kan gå?

– Ja …

– Nei, eg meiner, kan eg få ut løna mi i dag og …

– Nei. Gi kvitteringane til Suárez, og klokka tre i morgon møter du her, med alt.

– Ja … alt, sa Erdosain, før han snudde seg og gjekk utan å helse.

Han gjekk nedover gata Chile til Avenida Paseo Colon. Han kjende seg trengd opp i eit hjørne av usynlege krefter. Det skrånande sollyset avslørte dei eklaste avkrokane i gata. Tankane kokte i han, ei mølje av tankar så ulike at berre det å skilje dei frå kvarandre ville ha teke mange timar.

Seinare slo det han at han ikkje ein augneblink hadde funne på å spørje seg kven som hadde forrådt han.

Sinnstilstandar

Han visste han var ein tjuv. Men kategoriar interesserte han ikkje. Ordet tjuv gav dårleg gjenklang i det indre rommet hans. Der rådde ei anna kjensle grunnen, den dreiande stilla som bora seg som ein metallsylinder inn i hjernemassen og gjorde han døv for alt som ikkje hadde med ulykka hans å gjere.

11

Det stille kvervlande bekmørket avbraut kontinuiteten i tankestraumen, evna til å resonnere fall frå kvarandre og gjorde han ute av stand til å assosiere staden han kalla heim, med ein institusjon med namnet fengsel.

Han tenkte telegrafisk, utelet preposisjonar, noko som sleit på nervane. I fleire tomme timar gjekk han rundt og kunne ha utført kva som helst slags brotsverk utan å kjenne noka form for ansvar. Ein dommar ville sjølvsagt ha vore ute av stand til å forstå fenomenet. Men Erdosain var tom, eit skal av eit menneske som rørte seg med vanens kraft.

Når han hadde halde fram med å jobbe i Sukkerkompaniet, var det ikkje for å stele ei større mengd pengar, men fordi han håpte på ei ekstraordinær hending – noko verkeleg ekstraordinært – som skulle gi livet hans ei uventa vending og redde han frå katastrofen som banka på døra.

Denne draumaktige, urolege stemninga som fekk han til å gå rundt som ein søvngjengar, gav Erdosain namnet «angstsona».

Erdosain tenkte seg at denne sona låg over byane, i to meters høgd, og han såg henne for seg som saltområde eller ørkenar teikna inn på kart med ovale område fulle av prikkar, tett i tett som silderogn.

Angstsona var eit produkt av menneskeleg liding. Som ei skodde av giftig gass flaut ho sakte frå eit punkt til eit anna, trengde seg gjennom murar og bygg, utan å miste si flate og vassrette form, det var ein todimensjonal angst som let etter seg ein smak av tårer i halsane han hogde som ein giljotin.

12

Slik var forklaringa Erdosain gav seg sjølv idet dei første kvalmetoktene av fortviling sette inn.

– Kva er det eg gjer med livet mitt? spurde han seg sjølv. Kanskje ville han med dette spørsmålet prøve å spore opp kvar angsten kom frå, angsten som fekk han til å lengte etter eit liv der morgondagen ikkje var eit framhald frå dagen i dag, ikkje ein måte å måle tida på, men noko anna, noko stadig uventa, som handlinga i nordamerikanske filmar, der ein tiggar plutseleg viser seg å vere sjefen for ein hemmeleg orden og den eventyrlystne sekretæren ein forkledd mangemillionær.

Denne trongen til mirakel, som det ikkje var mogleg å stille – mislykka oppfinnar som han var, og ein forbrytar på randa av å kome i fengsel – gav Erdosain i dei påfølgjande grubleria ein vilt syrleg smak i munnen og tandre tenner som etter å ha togge sitron.

Under desse omstenda kokte han i hop det villaste vås. Han fantaserte om at dei rike, som var leie av å høyre på klageropa frå dei fattige, bygde enorme bur trekte av hestespann. Bødlar, utvalde for sin styrke, jakta på dei elendige med hundefangarlykkjer, han såg den følgjande scenen klart: ei mor, høg og tjafsete, sprang etter buret der den einøygde son hennar stod og ropte mellom sprinklane, før ein «hundefangar», lei av å høyre på ropa, slo henne sanselaus med handtaket på lykkja.

Idet dette marerittet bleikna vekk, sa Erdosain forskrekka til seg sjølv: – Men kva er det slags menneske, kva er det slags menneske eg er?

13

Og sidan fantasien hans framleis blei driven av den same impulsen som laga marerittet, heldt han fram:

– Eg skulle ha blitt fødd som lakei, ein slik parfymert, ussel lakei som rike prostituerte har til å snøre kjolelivet sitt medan elskaren ligg utstrekt i sofaen og røyker ein sigar.

Og på ny spratt tankane hans vidare, denne gongen til kjøkkenet i kjellaren på eit luksuriøst herskapshus.

Rundt bordet sat det to tenestejenter, i tillegg til ein sjåfør og ein arabisk undertøy- og parfymeseljar. Erdosain var der også, han hadde på seg ei svart jakke, som ikkje dekte rumpa hans, og eit kvitt, smalt slips. Plutseleg ropte «herren» på han, ein mann som var dobbeltgjengaren hans i fantasien, men ubarbert og med briller. Han visste ikkje kva denne herren ønskte av han, men han kom aldri til å gløyme det underlege blikket herren gav han då han forlet rommet. Så gjekk herren tilbake til kjøkkenet for å utveksle skitne historier med sjåføren, som, til fryd for hushjelpene og togn frå den pedofile arabaren, fortalde korleis han hadde forført dottera til ei rik dame, ei lita spire av ei jente.

Og Erdosain sa igjen til seg sjølv: – Ja, eg er ein lakei. Eg har ei ekte lakeisjel.

Og han beit tennene saman i velnøye over å fornærme og fornedre seg sjølv i eige påsyn.

Ein annan gong såg han seg sjølv kome ut av soverommet til ei einsleg gammal attergløyme, med andektig ansikt og ei tung nattpotte i hendene. I det same støytte han på ein prest – ein hyppig gjest i huset – som smilande og usjenert spurde:

14

– Korleis går det med dei religiøse pliktene, Ernesto?

Og han, Ernesto, Ambrosio eller José, levde sitt tarvelege, grisete, hyklerske tenarliv.

Eit skjelv av galskap gjekk gjennom han når han tenkte på dette.

Han visste – åh, han visste altfor godt! – at han frivillig krenkte og sølte til sjela si. Og idet han med overlegg kasta seg ned i søla, kjende han skrekken frå mareritta der du fell ned i avgrunnen og veit at du ikkje kjem til å døy.

For til tider kjende han ein trong til å audmjuke seg, som helgenane som kyssa dei ureine sine sår – ikkje av medkjensle, men for å påkalle nåden frå Gud, som på si side kjende avsmak ved synet av dei som søkte himmelen med slike motbydelege trusprøver.

Men når desse bileta forsvann og berre «ønsket om å kjenne meininga med livet» stod att i sinnet hans, sa han til seg sjølv:

– Nei, eg er ikkje ein lakei ... det er eg verkeleg ikkje ...

Og han fekk lyst til å gå til kona si og be henne ha medkjensle med han, ha medynk med dei forferdelege og nedrige tankane hans. Men når han tenkte på kor mange gonger han hadde måtta ofre seg for henne, blei han fylt av eit blindt raseri som berre gav han lyst til å drepe henne. Og han var sikker på at ho ein dag ville gi seg til ein annan mann, og det la seg som ei ny linje i rekneskapen over faktorane som utgjorde angsten hans.

Så då han stal sine første tjue pesos, vart han overraska over kor lett «det» kunne gjerast, kanskje fordi han først trudde han måtte overvinne ein serie med skruplar som

15
338

På nyåret i 2009 traska eg rundt i gatene i Buenos Aires og slong innom bokhandlar, brukthandlar og kafear på veg til eller frå spansktimane eg tok den vinteren – som jo ikkje var nokon vinter, men ein heit bysommar på den sørlege halvkula. Ofte hadde eg ei tilfeldig setning frå den chilenske forfattaren Roberto Bolaño i tankane, ein lausriven blurb om ein argentinsk forfattar med same fornamn: «La oss, for å vere beskjedne, seie at Roberto Arlt er Jesus Kristus.» Når ein forfattar gir ein annan ein slik attest, tenkte eg, så må eg lese. Men eg fann ikkje bøkene til Arlt i dei første bokhandlane eg saumfor. «Arlt?» sa ein forundra antikvariatinnehavar, før han tok til å leite inst i krokane på butikken sin. «Arlt er noko forelda politisk vrøvl.» Kanskje var det ikkje akkurat det han sa, og spansken min var noko famlande. Eller kanskje var det slett ikkje han som sa det, men ein av dei fritttalande eksistensane eg blei kjend med på ein bar kvelden før. Men der eg stod og bladde gjennom ei støvete, dårleg trykt og dårleg innbunden bok av Roberto Arlt frå hyllene på antikvariatet, dalte leselysta. Forelda politisk vrøvl? Hadde eg straks

339 Merknad

skjønt kor høgt nivå det var på dette vrøvlet, hadde det ikkje teke så mange år før eg faktisk las Arlt. I staden kjøpte eg ei samleutgåve av Jorge Luis Borges – fordi ho skulle ta seg staselegare ut i bokhylla?

Roberto Godofredo Christophersen Arlt (1900–1942) var eitt år yngre enn den langt meir kjende landsmannen Jorge Luis Borges (1899–1986), og høyrde såleis til den same forfattargenerasjonen. Men Arlt levde på alle måtar eit mindre privilegert liv, noko som hadde stor innverknad på forfattarskapen, både tematisk og stilmessig. Eller rettare sagt: Stil hadde Arlt knapt råd til, ifølgje han sjølv: «Det blir sagt om meg at eg skriv dårleg. Det kan vere. Uansett ville eg ikkje ha nokon problem med å sitere mange menneske som skriv godt, men som berre blir forstått av sine eigne familiemedlemmer. For å skape stil treng du komfort, inntekt og eit sorglaust liv. Men folk som nyt slike fordelar, unngår som regel bryet med litteratur.»*

Som så mange andre på starten av 1900 ­talet var foreldra til Arlt europeiske innvandrarar til den argentinske hovudstaden. Den tyskspråklege faren var frå Posen, som den gong høyrde til Preussen, no Poznan´ i Polen. Heime snakka dei tysk, men mora var frå Trieste, snakka italiensk og las Dante for vesle Roberto Godofredo, som var den einaste av tre søsken som overlevde oppveksten i slummen i Buenos Aires. Forholdet til den strenge og valdelege faren kasta skuggar over barndommen, og Arlt blei utvist frå skulen då han var åtte år. Han måtte bli sjølvlært og prøvde seg i mange ulike jobbar, som assistent på eit bibliotek,

* Frå forfattaren sitt forord til Los Lanzallamas [Flammekastarane], oppfølgjaren til Sju galningar, som kom ut i 1931.

340

blekkslagar, målar, mekanikar, sveisar, hamnearbeidar, disponent i ein mursteinsfabrikk, før han etter kvart bestemte seg for journalistikken. Frå 1926 til han døydde, gav han ut ei rekke bøker: fire romanar, to novellesamlingar, to samlingar med avisspalter og ti skodespel, og i tillegg har det kome fleire posthume utgivingar. Arlt levde eit liv med stadige pengeproblem, og hadde – akkurat som Remo Erdosain i denne romanen – ambisjonar som oppfinnar. Mellom anna registrerte Arlt eit patent på eit gummimateriale som skulle gi riftfrie damestrømpebukser.

Blant dei fire romanane han skreiv, rekna Arlt sjølv Sju galningar (1929) som hovudverket. I samtida blei han ofte kritisert for sin «låge» stil. Då boka kom ut, las kritikarane henne som ei realistisk skildring og kritiserte forfattaren for dårleg grammatikk og romanhandverk. Men ettertida ser på Arlts skrivestil som innovativ, med ei blanding av ulike språk og måtar å fortelje på. Han braut reglane for kva som var god litterær tone i Argentina i samtida, og var med på å bane veg for den mangfaldige flaumen av fiksjon frå Latin­Amerika ein generasjon seinare. Men Sju galningar kjennest samstundes framleis både relevant, underhaldande og notidig, med sin brodd mot pengesamfunnet og sitt skarpe blikk for outsiderane, for menneska sine materielle vilkår, og ikkje minst med ei sjeldan samling fargerike karakterar som det er genuint vanskeleg å forstå seg på.

Kven er så dei sju galningane? Det einaste som er sikkert, er at det er fleire enn sju gode kandidatar å ta av i romanen. Vi har sjølvsagt den forpinte hovudpersonen Remo Erdosain. Vi har apotekaren Ergueta. Den løgnaktige Astrologen. Halliken

Arturo Haffner, også kalla Melankolske Alfons. Det stakkars bortføringsofferet Gregorio Barsut. Og den tvilsame Alfredo

341

Bromberg, også kjend som Mannen som såg Jordmora. Det blir seks. Om den sjuande galningen er forfattaren sjølv («nedskrivaren av denne historia»), Erdosains kone Elsa, hora Hipólita, også kjend som Den halte, eller ein av dei andre personane i denne ville fiksjonen, får vere opp til lesaren å dømme. Persongalleriet er mannsdominert – kvinnene er bokstavleg talt horer eller madonnaer (helst begge delar), men forfattaren manglar ikkje blikk for undertrykkinga i det argentinske samfunnet på denne tida og heller ikkje empati for dei som blir råka, sjølv om han ikkje behandlar romanpersonane sine pent.

Forfattarskapen til Roberto Arlt er lite kjend i vår krok av verda. I 1972 gav Kjartan Fløgstad ut ei omsetjing av ei novelle, «Spøkjelseskapteinen», på Samlaget. Og det er den einaste bokutgivinga av Arlt på eit nordisk språk – før no.

Når ein skal omsetje Roberto Arlt, er det ei utfordring at det er så mange utgåver av bøkene i omløp. Allereie i Arlts levetid kom det ut fleire utgåver av Los siete locos på to ulike forlag, med litt ulike versjonar av ein del avsnitt, og det eine av forlaga forsømte å gi forfattaren høve til å lese korrektur og godkjenne boksatsen.

No når forfattarskapen har falle i det fri, som det heiter, kryr det av ulike versjonar, både digitalt og papir, utan at dei oppgir kva utgåve dei er baserte på. Denne omsetjinga baserer seg i hovudsak på utgåva frå Biblioteca Aayacucho (utgitt første gong i 1978), som er rekna som den mest «definitive», men eg har også konsultert Obra Completa (Biblioteca del Sur, 1991).

Etter sin altfor tidlege død, har Roberto Arlt fått eit stadig sterkare ry som ein av dei viktigaste argentinske forfattarane frå 1900 ­talet. Forfattarane i den såkalla latinamerikanske boomen – eller bløminga – frå 1960 ­åra og framover henta Arlt

342

fram frå gløymsla og omtalte han som ei inspirasjonskjelde.

Faktisk til ei slik grad at Roberto Bolaño (1953–2003) – mannen bak blurben som vekte nyfikna mi – følte han måtte setje skapet på plass. Han beundra Arlt, men ville slett ikkje opphøgje han. I ein polemisk tekst der Bolaño med raske sveip teikna opp eit komplekst kart over argentinsk litteratur, skreiv han mellom anna: «Sett som eit skap eller ein kjellar er Arlts verk fint. Sett som stova i huset er det ein makaber vits. Sett som kjøkken er det eit løfte om matforgifting. Som baderom vil det ende opp med å gi oss skabb. Som bibliotek er det ein garanti for litteraturens undergang.»*

Så kanskje er Arlt altså ikkje Jesus Kristus likevel. Blurbar er alltid misvisande. Men noko utanom det vanlege er han definitivt. I den hakkete og gjentakande prosaen sin dreiv Arlt uærbødig omgang med røyndommen, leikte med lesaren og opna sinnet for uventa perspektiv. Skildringa hans av ansikt og kroppsspråk er som små kubistiske måleri i skrift. Blandinga hans av det høge og det låge, det hardkokte og det mjuke har hatt merkbare ringverknader i kulturen. Om du ikkje har lese Arlt, har du lese nokon som har gjort det. Eller sett nokon: Av alle TV­seriane om kriminelle nettverk som er å finne på strøymetenestene i dag, er det vel ingen som ikkje er indirekte påverka av Roberto Arlt.

I dag kan vi sjå at det var få som i 1920 ­åra skreiv så fritt og utan omsveip om skuggesidene ved livet. Og som klarte å ta temperaturen på samtida: Det politiske vrøvlet som Astrologen og dei andre galningane kokar i hop, er vilt nok til at det nesten blir

* Frå Roberto Bolaño: «The Vagaries of the Literature of Doom», i Between Parenthesis: Essays, Articles and Speeches, 1998–2003

eit realistisk og profetisk bilete av det politiske kaoset i Argentina, og verda, som kom etter romanen. Og om vi ikkje passar oss, kan det jo fort dukke opp nye arvtakarar til den uhyggelege Astrologen på dei mest uventa stader.

Øystein Vidnes leikanger, april 2024

Veit du kva, det er ikkje så hyggeleg å døy no når sommaren er rett rundt hjørnet.

omsett av øystein vidnes

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.