Rune Timberlid (f . 1950) er journalist og forfattar frå Sogndal . Han har mellom anna vore redaktør i Firda og Sogn Avis, og gitt ut fleire kriminalromanar .
Foto og illustrasjon
Omslagsillustrasjon: Tor Sponga 2−3: Knut Rumohr, framsideillustrasjon til heftet Slaget ved Fimreite 1184–1984, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, 1984
15, 24 og 72: Sigrid Svartefoss
16−21, 130−131 (foto) og 136−137: Dronefoto, Arne Glenn Flåten
26–27: Finn Loftesnes
34 (begge), 37, 40 og 143: Anders Kvåle Rue / Nordicimage .com
42: Dronefoto, Håvard Nesbø
45: Ståle Ådland
46 og 50: Linoleumstrykk, Karl Nilssen
52−53: Hans Gude, «Vikingskip i Sognefjorden/Bleia sett fra Kaupanger» (1889) . Foto: Nasjonalmuseet/Anne Hansteen
57 og 63: Andreas Bloch
60−61, 130−131 (teikning på foto) og omslag: Tor Sponga
70: J . C . Dahl, «Vinter ved Sognefjorden» (1827) . Foto: Børre Høstland/Lathion, Jacques/ Nasjonalmuseet
Fram kristmenn, krossmenn og den heilage Olavs menn
–
og lat oss
fare spreidde
Kong Sverre sitt krigsrop
Eg vil kjempe for dette landet med odd og egg, så lenge livet er meg forunt
og landsmenn vil følgje meg
Kong Magnus i tale undervegs til Fimreite
Kvamsøy
Fimreite
Sogndal
Kaupanger –Lusakaupang
Færøyane
Fødd i Bergen. Foreldra var Gunnhild og handverkaren Una.
Sverre Sigurdsson
Magnus Erlingsson
Fødd i Etne. Foreldra var Erling Skakke og Kristin, dotter av kong Sigurd Jorsalfare
Bergen
Etne
Trondheim
Erkefiendar i
Perioden frå år 1130 til 1240 var ei svært uroleg tid i Noreg . Desse hundre åra blir omtalt som borgarkrigstida, og historikaren Kåre Lunden har kalla perioden for eit permanent politisk og militært sjokk for landet . I stor grad var det økonomiske grunnar til all uroa . Mellom anna tilførte norske vikingar lenge landet store verdiar etter tokt i andre delar av Europa . Men på midten av 1000-talet var det slutt på vikingtida . Verdiane utanfrå stoppa opp, men samstundes auka folketalet jamt og trutt . Ressursane måtte delast på fleire . Store gardar vart oppdelte, og mange bønder vart leiglendingar . Slikt blir det strid av . Bondeopprør var daglegdags . Samstundes prøvde mange å bli konge, og kongsemne gjekk ikkje av vegen for drap og tortur for å nå målet sitt . Og heilt sentralt i denne urolege tida stod kongane Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson . Dei var erkefiendar . Begge hadde eit brennande ønske om å bli einekonge i Noreg, og mange menn skulle stupe før den eine av dei to kongane endeleg stod igjen som sigerherre på valplassen . Magnus Erlingsson var frå Etne i Sunnhordland . Han var son til stormannen Erling Skakke og Kristin, som var dotter til kong Sigurd Jorsalfare . Magnus var med andre ord ein overklassegut, men skikk og sedvane i mellomalderen sa at du måtte vere son av ein konge om du rettmessig skulle ha kongetittel . Magnus Erlingsson hadde såleis ikkje noko rettmessig krav på kongetittel . Det brydde dei mektige lendmennene på Vestlandet seg lite om . Dei trong ein ny konge etter at Inge Krokrygg vart drepen i 1161, og valet fall på den fem år gamle Magnus . Lendmennene meinte det fekk halde at gutungen hadde ei mor som var kongsdotter . Faren fekk med seg den stadig mektigare kyrkja på dette, og Magnus vart teken til konge same året som Krokrygg fall . To
I 1163 vart den unge kongen Magnus Erlingsson salva og krona i Kristkyrkja i Bergen.
Sverre Sigurdsson vart etter alt å døme fødd i Bergen, men flytta i vesterveg då han var gutunge.
år seinare vart barnekongen, som den første kongen i Norden, krona og salva .
Sverre Sigurdsson var bergensar . Han vart offisielt fødd i 1151, men mykje tyder på at han i realiteten var nokre år eldre . Faren heitte Unas, ein kar som levde av å lage kammar . Fem år gammal reiste Sverre til Færøyane, der han vart oppdregen av onkelen Roe, som var biskop . Sverre utdanna seg til prest . På Færøyane voks Sverre opp mellom bønder og fiskarar . Dei verdiane han fekk i oppveksten tok han med seg vidare i livet . Mange av Sverre sine talar var prega av sunt bondevit .
I 1176 kom Sverre tilbake frå Færøyane og utfordra Magnus ved å gjere krav på kongemakt . Sverre reiste rundt kysten frå Trondheim til Sverige for å samle støtte, men fekk ikkje folk med seg . Bak påstanden om at Sverre var kongsemne, låg ei historie så fantastisk at ingen historikarar i dag festar lit til ho . Då Sverre drog frå Noreg, var han sonen til ein handverkar . Då han kom tilbake, var han vorten kongsson . Ifølgje Sverre hadde mora Gunnhild reist til Roma for å skrifte for paven om at Sigurd Munn var den eigentlege faren hans . Alt tyder på at dette var ein bløff . Sverre skriv til dømes ikkje eit ord om dette i kongesoga om seg sjølv .
At Sverre ikkje samla støtte som konge, skuldast mellom anna at folk flest var meir enn nøgde med Magnus Erlingsson . På denne tida var han i ferd med å overta som konge for fullt . Inntil då hadde i praksis faren Erling Skakke styrt landet på vegner av sonen . Erling rydda på brutalt vis unna alle som prøvde å utfordre sonen .
Først då Sverre kom til Värmland i Sverige i 1177, fann han folk som hadde tru på han . Tidlegare på året hadde Magnus Erlingsson leia hæren sin i eit slag ved Re i Vestfold . Motstandar var oppkomlingen Øystein Møyla . Han og hæren vart lett nedkjempa av Magnus . Øystein Møyla vart drepen, og det som var igjen av hæren hans rømde til Sverige . På dette tidspunktet talde denne hæren visst nok berre 70 mann . Men dei var på jakt etter ein ny leiar, og valet fall på den påståtte kongesonen som hadde kome frå Færøyane . Hæren
Berre éin konge står
Eit vakkert fjordlandskap opnar seg når du nærmar deg Fimreite ein fin junidag . Området er omkransa av snødekte fjell, bøane er kledde i den vestlandske grønfargen, og i midten ligg den blå fjorden . Det kan vere vanskeleg å tenkje seg dette kulturlandskapet som scene for ein kaotisk og dramatisk slutt i ein lang strid om kongemakt i Noreg . Fredag 15 . juni 1184 hadde starta på svært dramatisk vis i distriktet . Men Sverre hadde i det minste spart liv i bygdene han plyndra og brende . Det skulle ikkje vare lenge . Den fine sommardagen skulle ende som den blodigaste dagen i Sogns historie . Utpå dagen kom tolv langskip ut Sogndalsfjorden, og la seg til ved Fimreite . Etter alt å dømme stoppa Sverre her for å vente på resten av flåten sin . To skip skulle kome etter frå Sogndal . Dessutan var dei seks skipa Sverre sende til Kaupanger ikkje komne tilbake . Sverre valde nok staden fordi det var ei trygg hamn . Området var langt frå eit sentrum i Sogn på den tida . På Fimreite låg storgarden Fimreite, men det er usikkert om det var fleire bruk der på 1100-talet . På andre sida av fjorden låg storgarden Nornes og seks–sju mindre bruk . Ved nonstid sat Sverre og mennene hans og åt om bord på skipa . Nons var eit måltid om ettermiddagen –ofte etter klokka 15 . På land hadde Sverre plassert vakter som heldt utkikk utover sjølve Sognefjorden . Folka stod slik at dei berre såg ein sektor av fjorden vestover . Utpå ettermiddagen oppdaga vaktene seglskip som kom innover fjorden . Dei greidde ikkje avgjere om dette var handelsskip eller fiendeskip . Sverre gjekk difor på land for å sjå nærare på flåten som nærma seg . Skipa sigla ikkje samla, og på det meste såg dei ti–tolv skip . Tidvis forsvann nokre ut av syne, slik at dei berre såg seks–sju skip . For Sverre var synet ikkje til å misforstå . Mot dei kom kong Magnus Erlingsson med krigsflåten sin .
«Det er ikkje til å leggje skjul på at dette er ufred . Dette er heilt sikkert langskipssegl», slo Sverre fast . Langskipa var ganske smale og lange skip, og var dei viktigaste krigsskipa i mellomalderen . Langskip gjorde god fart når mannskapet både rodde og brukte segl . Eit sjøslag i mellomalderen var krig i sakte film . Sverre og Magnus hadde difor tid til å førebu striden som ubønhøyrleg nærma seg . Kongane skulle dessutan tale både lenge og vel til hærane for å kveike stridslysta og fortelje korleis dei skulle kjempe . Ved Fimreite blåste Sverre til landgang for hæren sin . Då soldatane var samla, bad Sverre mennene sine om eit råd . Dei skulle møte ein talmessig overlegen fiende . Sverre spurde om hærmennene ville kjempe på skipa eller på land .
For Sverre og hæren ville det vore ei dårleg løysing å gå i land . Nesten alle i Sogn støtta Magnus . Og Sverre var ikkje akkurat blitt meir populær etter at hæren hans hadde plyndra og brent både Sogndal og Kaupanger . Men Sverre fekk svaret han ønskte seg . Hæren hans let seg ikkje skremme av å møte ein fiende som hadde fleire skip, større hær og meir våpen . Birkebeinarane hadde fleire gonger kjempa mot overmakt og vunne . Dessutan hadde Sverre eit godt kort på hand: I tidlegare slag hadde han vist seg som ein mykje
smartare hærførar enn Magnus . Vanlegvis stod sjøslag nær kysten der det var lettare å trekke seg unna . No skulle slaget stå 150 kilometer inne i ein fjord . Herifrå var det svært vanskeleg å rømme . I talar til hærane sine gjorde både Sverre og Magnus det klart at den eine av kongane ikkje ville dra levande frå slaget som venta . For å styrke flåten før slaget, sende Sverre ein båt innover mot Sogndal for å hente dei to skipa som låg igjen der . Deretter kommanderte han flåten til å ro dei to skipa i møte . Sverre sin flåte flytta seg sakte innover langs land ved Fimreite . Samstundes sende kongen i land folk for å sanke stein som skulle brukast som kastevåpen . Andre spikra opp skansekledning på skipa og klargjorde dei for kamp . Då dei kom aust for Storeholmen, hadde dei fri sikt langt innover fjorden . Der såg dei at mannskapet på dei to skipa som mangla, rodde på
Kong Sverre talar til sine soldatar før slaget. Teiknaren har plassert Sverre og flåten på nordsida av fjorden.
harde livet utover mot Fimreite . Då var det ingen grunn for Sverre til å flytte flåten lenger . Han la skipa med akterenden inn mot strandkanten for å gjere seg klar til å møte Magnus . Flåten til Magnus stemna innover Sognefjorden med 26 skip . Magnus sjølv var om bord på kongeskipet sitt då slaget nærma seg . Skipet heitte «Skjeggen», og var eit stort langskip med 26 par årer . Om bord stakk kong Magnus seg klart ut . I beltet hang eit staseleg og berømt sverd som heitte Fiskrygg . Magnus bar dessutan ei skjorte som var halvt kvit og halvt skarlagensraud . Kanskje ikkje så rart at motstandarane heldt han for å
Sjøslag i mellomalderen var kaotiske og brutale. Dette er slaget ved Fimreite slik teiknaren ser det.
Storeholmen
Vesleholmen
Øygarden
I 1961 dykka marinarkeologane på eit område i munningen i fjorden, på to område vest for Vesleholmen og to område aust for Storeholmen. Året etter dykka dei langs land mellom Nornes og Danøyri, ved Øygarden og langs land austover til halvveges mellom Klubben og Høl.
Fimreite
Haug
Klubben
Danøyri
Høl
Nornes
Jakt på spor etter slaget
Heilt utan spor etter slaget ved Fimreite er vi ikkje . Opp av sjøen i området er det kome seks avlange steinar . Arkeologar meiner dette er steinar som vart brukte som kastevåpen under slaget . To av desse
steinane er utstilte på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum i Kaupanger . Tre steinar ligg på museets lager, og ein sjette stein er i dag ved Vest-Telemark Museum . Dei fleste steinane dukka opp ei tid etter at den kjende arkeologen Amund Helland sette Fimreite-slaget på kartet med ein artikkel i Bergens Museums Aarbog i år 1900 . Helland var svært interessert i slaget, og kom til Fimreite for å studere topografien og snakke med lokalkjende .
Stein var eit lett tilgjengeleg og billig våpen under sjøslag, der kastevåpen var særleg viktige . Soga om kong Sverre fortel at to typar stein vart brukt som kastevåpen ved Fimreite . Kong Sverre sin hær gjekk i land og henta stein i forkant av slaget . Kong Magnus og hans hær hadde med seg hard brynestein, kalla hardstein, frå Eidsborg i Telemark . I mellomalderen vart slike steinar omtalt som hardsteinargrjot . Desse brynesteinane var også gode kastevåpen, men vi veit ikkje kor mykje slik stein Magnus frakta med seg heile vegen rundt kysten . Dette hadde nok også med vekt å gjere . I 1906 skreiv Amund Helland to artiklar i Aftenposten etter å ha sett dei første steinane som var funne ved Fimreite . Han konkluderte med at dette ikkje var brynesteinar som kong Magnus hadde med seg austfrå . Likevel levde lenge ei myte om at steinane var brynesteinar frå det kjende steinbrotet i Eidsborg . For å slå fast fakta ein gong for alle, vart fem av steinane analyserte før 800-årsmarkeringa av slaget i 1984 . Konklusjonen var klar: Alle steinane er av ein type gneis som finst på begge sider av Sogndalsfjorden . Men sidan steinane vart funne eit godt stykke frå land, var det ikkje ei god
Nornes
I dette området vart det søkt med AUV.
Storeholmen
Haug
Øygarden
Klubben
Danøyri
Ølmheim
Høl
Nye søk etter spor i fjorden
Den 10 . juni 2022 gjekk første turen med Sogndal Dykkarklubb sin RIB-båt til Fimreite . Folka i klubben var ikkje vanskelege å få med på å søke etter nye spor frå slaget . Spenninga var ved starten av prosjektet til å ta og føle på både for dykkarane og forfattaren . Alt kunne skje . Det kunne liggje ein historisk skatt og vente på oss der ute . Eller det kunne bli eit nytt resultatlaust søk . Fleire av folka i dykkarklubben er lommekjende på terskelen ytst i Sogndalsfjorden . No skulle dei gå målretta til verks og leite etter konkrete gjenstandar . Også selskapet Veseth AS i Bergen vart med på laget . Dei såg verdien av å bruke sin hydrografiske kompetanse og utstyr for å leite etter historiske spor . Økonomisk støtte frå lokale krefter, privatpersonar og bedrifter gjorde søket mogleg . Dermed var det berre å hive seg uti det . Er det så viktig å vite meir om eit slag i mellomalderen? Ja, det er snakk om ei sentral hending i landets historie . Ny kunnskap om eit stort og viktig slag har ein verdi i seg sjølv . Det er heilt naturleg at historieinteresserte, og folk som bur rundt fjorden, er fascinerte over tanken på at den fredelege fjorden kan skjule spor . Dessutan kan funn vere utgangspunkt for vidare søk som kan auke kunnskapen både om slaget og tidsepoken .
Ei heilt anna sak er kva det er realistisk å finne godt over 800 år etter at slaget stod . Alt organisk materiale frå slaget er naturlegvis borte . Til dømes blir knoklar på døde personar fortærte av mikroorganismar og dyr innan hundre år . Metall rustar, og treverk blir fortært . Samstundes gir den teknologiske utviklinga nye moglegheiter både for søk frå overflata og nede på botnen . Erfaringane frå søk etter andre norske sjøslag taler sitt tydelege språk . Det er vanskeleg å finne spor etter eit sjøslag 800 til 1000 år etter slaget stod . Så langt er
104 Såkalla side-scan vart brukt saman med multistråle-ekkolodd.
1. Kurt Kvam med metalldetektor som vart brukt under søk etter metall i botnen.
2. Arne Frode Barsnes, Kurt Kvam og Jan Edvardsen har avslutta eit søk i nærleiken av Høl.
Slaget ved Fimreite kan ha blitt avgjort i området ved småbruket Høl, men vi manglar enno handfaste prov på dette. Sterk straum kan ha ført dei kjempande flåtane lengre innover fjorden. Her er ein illustrasjon av korleis det kan ha gått føre seg.
Høl
Sogndalsfjorden
Nornes
Fimreite
I denne boka følgjer vi forfattar Rune Timberlid si lidenskapelege jakt etter spor som kan kaste nytt lys over historia. Vi får òg lese om den spennande og dramatiske opptakten til slaget –og får ei levande skildring av kampen der Magnus Erlingsson til slutt måtte bøte med livet.
ISBN 978-82-7959-362-1 15. juni 1184 stod det endelege slaget mellom Sverre Sigurdsson og Magnus Erlingsson i Sogndalsfjorden ved Fimreite. Tusenvis av hærmenn kjempa i timesvis og fire store skip gjekk under. Er det mogleg å finne restar etter slaget i fjorden med hjelp av dykkarar og moderne teknologi?