Plasticus maritimus

Page 1


Innkjøpt av Norsk kulturfond.

Støtta av DGLAB – Directorate-General for Books, Archives and Libraries / Culture – Portugal.

Originaltittel : Plasticus maritimus, uma espécie invasora (Editora Planeta Tangerina, 2018)

F O r F attarar : Ana Pêgo og Isabel Minhós Martins

i llustrasj O nar: Bernardo P. Carvalho Omsetjing : Øystein Vidnes, mnO

design: Joana Pardal og Bernardo P. Carvalho

s ats O g gra F isk tilpassing til n O rsk : Øystein Vidnes

F O ntar : Martina Plantijn og Neutraface 2

p apir : Livonia Zero Offset, 100 g

t rykk O g innbinding : Livonia Print Klimatransparent produksjon

© Ana Pêgo and Isabel Minhós Martins, 2018. © Bernardo P. Carvalho, 2018.

© skald 2024 www.skald.no

isbn 978-82-7959-383-6

Klimatransparent bokproduksjon:

Denne trykksaka er klimakompensert med utgangspunkt i ClimateCalc. Kompensasjonen er kjøpt hos: South Pole. www.climatecalc.eu CC-000090/LV

Plasticus maritimus

Alt om plast i havet

a v An A Pêgo O g isabel minhós m artins i llustrert av b ernard O p . Carvalh O Omsett av Øystein vidnes

Innhald

Kva er så viktig med havet? 18

Arten Plasticus maritimus 28

Ut i felten 54

Vanlege funn 68

Uvanlege funn 82

Kan vi ikkje berre resirkulere? 104

Kva kan vi gjere? 116

Vil du vite meir om plast? 158

FELTGUIDE

STRANDA MI (OG KVA HO KAN FORKLARE)

Nokre barn har ein hage eller ein bakgard å leike i. Eg var så heldig

n æringskjed A i h Avet

Alt som lever, treng næring, og det får dei frå andre levande organismar, enten det er plantar eller dyr. Dei store et dei små. Det er det vi kallar ei næringskjede. I havet begynner alt med mikroalgane, som er dei minste.

1. Nedst i næringskjeda er mikroalgane eller planteplanktonet. Dei er den viktigaste næringa for mange dyr i havet.

2. Dyreplankton er bitte små dyr, som fiskelarvar og små krepsdyr, dei er eitt steg høgare i næringskjeda og er næring for mange slags småfiskar.

3. Deretter kjem dei middels store fiskane, og dei store, og dei gigantiske …

Vi veit at litt av planteplanktonet festar seg til dei bitte små plastbitane som flyt rundt i havet – mikroplasten. Og når vi veit at planteplanktonet er nedst i næringskjeda, veit vi kva som skjer vidare: Alle dyra som et planteplankton, et plasten også. Og dei dyra som et dyra som et planteplankton – dei et plast, dei også! Og ein av desse dyreartane er vi, menneska.

k O nklusj O n: For at jorda skal halde seg frisk, må planteplanktonet i havet også vere friskt. For planktonet er nedst i næringskjeda som store delar av livet på jorda er avhengig av.

Ein gong til:

8 millionar tonn plast

ut i havet kvart år

KVAR HAMNAR PLASTEN?

Ein skulle kanskje tru at det var mest plast i områda der det er mest folk eller langs kysten, men slik er det ikkje. Plasten er spreidd i hava over heile kloden. Til og med i dei mest avsidesliggande områda som på Nordpolen eller dei mest isolerte øyene i Stillehavet.

Det vi ser på strendene våre, er berre toppen av isfjellet. Plasten flyt ikkje berre i vatnet, men ligg også i store mengder på havbotnen.

Plasten held seg ikkje flytande til evig tid. På grunn av algar eller andre dyr som festar seg til han, blir han etter kvart tyngre og søkk til botnen. Det same hender når eit stykke emballasje blir fylt med vatn og blir så tungt at det ikkje flyt lenger.

Christopher Kim Pham, ein forskar ved universitetet på Azorane i Portugal, er ein av forfattarane bak ein studie som prøver å finne svar på kvar plasten hamnar, og spesifikt kor mykje som hamnar på havbotnen langs kysten av Europa.

Studien blei gjennomført 32 stader i Atlanterhavet og Middelhavet, og det blei funne plast alle stadene. Til og med så langt som 3000 kilometer frå kysten, midt ute i Atlanterhavet og ofte på svært store djupner.1

Som forskaren Pham sa: «Plasten kom dit før oss!»

KOR LANG TID TEK DET FØR PLASTEN BLIR BROTEN NED?

Plasten blir langsamt broten ned, men kor lang tid det tek, er avhengig av fleire ting: kva type plast det er, storleiken på objektet og miljøforholda (sollys, vasstemperatur, straumar) der han er eller har vore. Til dømes bruker plast på havbotnen mykje lengre tid på å bli broten ned fordi vatnet er kaldare og det er mindre lys og mindre erosjon der. Plast er laga av olje, som er eit organisk materiale, og då skal det teoretisk sett til slutt bli brote ned til karbondioksid (co2) og vatn. Men ingen veit kor lang tid det vil ta, fordi det er så kort tid sidan materialet blei oppfunne at vi ikkje har observert heile

Omtrentleg nedbrytingstid for havsøppel

Eingongsbleier 50 til 100 år

Juicekartong 100 år

Brusboks 80 til 100 år

Plastflaske 450 år

Fiskesnøre 600 år

Data frå den portugisiske havplastorganisasjonen aplm

Kva er eit biologisk nedbrytbart materiale?

Eit biologisk nedbrytbart materiale er eit materiale som ved hjelp av bakteriar og andre organismar blir brote ned slik at det til slutt ikkje er noko anna igjen enn karbondioksid og vatn (dvs. stoff som finst i naturen). Plast blir broten ned veldig sakte, og det kan ta mange hundre år før han er heilt borte.

FAREN MED GIFTSTOFF

Plast har spesielle kjemiske eigenskapar. På den eine sida er det eit materiale som er i stand til å trekke til seg (adsorbere) andre stoff. Forureining i vatnet legg seg på overflata av plasten, så plast som har lege lenge i havet, inneheld nesten alltid store mengder giftstoff som på ein eller annan måte har hamna i havet. Av og til er det gamle og forbodne kjemiske stoff, men dei finst framleis i vatnet.

På den andre sida kan plasten også frigjere dei stoffa han er sett saman av. Når dei blir utsette for varme, kan visse typar plast frigjere både tilsetjingsstoffa frå produksjonen og forureininga som har festa seg på han. Ei gruppe tilsetjingsstoff som har vist seg svært helseskadelege, er ftalat – stoff som gjer plasten mjuk.

Resultat: Plast kan innehalde store mengder giftstoff. Og sjølv om plasten blir broten ned til svært små partiklar, er giftstoffa framleis til stades. Når dei kjem inn i næringskjedene til dyra i hava, blir desse stoffa overførte til menneskekroppen gjennom fiskane og skaldyra som vi et.

MIKROPLAST ER EIT MAKROPROBLEM

Medan plasten driv rundt i hava, blir han utsett for fleire typar påkjenning frå kulde, varme, sol, salt, bølgjer, vind og kontakt med sand og steinar. Gradvis blir plasten sprø, går i stykke og endar som tusenvis av bitte små partiklar. Alle desse partiklane som er mindre enn 5 millimeter, kallar vi «mikroplast».

To typar mikroplast:

 Primær mikroplast: Dette er plast som blir laga med vilje i bitte små storleikar. Eit døme er mikroperler, små partiklar som blir tilsette hudkremar, skrubbekremar og reingjeringsprodukt for

kroppen – og til og med i tannkrem. Eit endå større problem er plastpellets (på engelsk ofte kalla nurdles) – små perler som blir brukte til råmateriale i produksjonen av plast. Perlene blir sende med skip til fabrikkar over heile kloden i gigantiske fat. Ofte går det hol på fata, og perlene hamnar i havet.

 Sekundær mikroplast: Bitar av plast som har gått i oppløysing.

PLAST

smeltar brest blir deformert

tørkar

sprekk

knekk

forvitrar

mikroplast

Sjølv om mikroplasten er bitte liten og nesten usynleg, er han eit alvorleg problem. Det er umogleg å fjerne desse partiklane frå havet, dei kjem inn i kroppen til organismene i havet og påverkar alle som er ein del av næringskjeda, inkludert menneska.

på yndlingsstranda mi.

Flygande sugerøyr

To forskarar som studerte havskjelpadder i Costa Rica, oppdaga for nokre år sidan ei skjelpadde som hadde store problem med å puste. Etter å ha granska saka konkluderte dei med at eit plastsugerøyr blokkerte det eine naseboret hennar. Dei to forskarane filma forsøket på å fjerne sugerøyret og bestemte seg for å dele videoen på sosiale medium. Filmen gjekk viralt, og etter det bestemte fleire seg for å slutte å bruke sugerøyr.

I 2021 blei eingongssugerøyr av plast forbodne i EU. Alternativa er sugerøyr i ulike materiale som kan brukast fleire gonger. Og det finst eingongssugerøyr i papir. Papirsugerøyr held seg ikkje i 300 år, slik som plastsugerøyra gjer, men forsking har vist at dei inneheld fleire giftige fluorstoff enn plastsugerøyra. Desse stoffa er samla under namnet PFAS (som står for per- og polyfluoroalkylsubstansar). På engelsk har dei også tilnamnet forever chemicals (evige kjemikaliar), fordi dei blir verande og hopar seg opp både i naturen og i menneskekroppen. Og dessutan er papirsugerøyra ofte innpakka i plast.

Sugerøyr er ikkje ein viktig gjenstand i liva våre. Bortsett frå menneske som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing treng å bruke dei, klarer vi oss heilt fint utan! Berre i Europa er det estimert at vi bruker 36 millionar eingongssugerøyr kvart år.

I tillegg til at plasten frå sugerøyra ikkje alltid blir resirkulert, har dei tradisjonelt vore pakka inn i plast som er endå lettare enn sugerøyra, slik at begger delar flyr frå terrassar og søppeldunkar og hamnar i havet. Dette skjer ofte på kafear og restaurantar nær kysten, men det kan også skje langt frå sjøen. Alt som skal til, er eit vindpust og ein bekk i nærleiken.

NÅR CONTAINERAR RAMLAR I HAVET

(fulle av plast)

Kvart år blir det sendt om lag 250 millionar containerar med last over havet! Nesten alt vi kjøper, 90 prosent av alle produkta vi bruker, har på eitt eller anna tidspunkt reist over havet i ei slik stor kasse av metall. Av og til skjer det ulykker, og nokre av desse containerane fell over bord. Når containarane er heile og lukka, flyt dei rundt på overflata og utgjer ein fare for skipsfarten. Men ofte endar dei med å bli knuste, etter å ha kollidert med skip eller knausar, og spreier lasta si ut i vatnet.

Mellom 2008 og 2022 er det estimert at det kvart år har falle i snitt 1566 containerar i vatnet.1

1) Tal frå World Shipping Council, www.worldshipping.org

NOKRE KJENDE TILFELLE:

Badeandcontaineren

Januar 1992

Det mest kjende tilfellet er kanskje eit skip som skulle frakte badeleiker frå Hongkong til USA. Under ein kraftig storm fall containerar med 29 000 av desse leikene over bord! Det var blå skjelpadder, grøne froskar og raude beverar, men dei som blei mest kjende, var utan tvil dei gule endene. Endene (og vennene deira) blei tekne med havstraumane og begynte å drive i land i Australia, Hawaii og Alaska. Og dette blei svært nyttig for forskarar: Oseanograf Curtis Ebbesmeyer såg dette forliset som eit utmerkt høve til å lære meir om havstraumane. Han følgde med på reisene til endene og vennene deira og bad folk om å melde frå om funna. Sidan då har endene ikkje berre blitt brukte for å studere straumane, men også som ein indikator på kor lang tid det tek for syntetiske materiale å bli brotne ned i havet.

Resirkulering har framleis ein lang veg framfor seg

Før produserte og brukte vi mindre plast, men vi visste òg mindre om konsekvensane av plast i naturen. I tillegg fekk ordet «resirkulering» oss til å ta det med ro. Så lenge vi sende plasten til resirkulering, var det ingen problem, for plasten ville på magisk vis bli omgjord til nye gjenstandar. Enkelt! Roa tok slutt då vi begynte å bli klare over problema med plast og resirkulering.

Bli med og dykk ned i dette havet av problem. Plastproblem. Ikkje veldig trivelege. Tør du?

Mykje gjenstår:

I verda: Berre 15 % av plasten som blir produsert i verda, blir samla inn for resirkulering, og berre om lag 9 % blir faktisk resirkulert! 1

I Europa: Her blir om lag 35 % av all plasten samla inn for resirkulering, men talet for dei enkelte landa varierer mellom 20 % og 40 %. Når det gjeld emballasje – altså innpakning av ting vi kjøper – blei om lag 46 % faktisk resirkulert.2

I Noreg: Her blir 44 % av all plast samla inn til resirkulering. Men ein rapport frå 2023 viser at det berre er halvparten av dette (22 %) som faktisk blir resirkulert. Resten blir brent eller lagra på fyllingar. Rapporten viser også at vi sender mykje av plasten til resirkulering i utlandet, fordi vi manglar kapasitet til å gjere det i Noreg.3

1) Kjelde: Global Plastics Outlook (rapport frå OCDE, februar 2022)

2) Kjelde: Plastics Europe, «Plastics – The Facts 2022»

3) Kjelde: www.energiogklima.no/to-grader/ekspertintervju/bare-en-femtedel-avplasten-i-Norge-resirkuleres

TING VI FINN PÅ FOR Å LATE SOM

OM PROBLEMET IKKJE FINST

Å handtere dette problemet er ikkje enkelt. Så ofte vel vi å stikke

hovudet i sanden og late som om problemet ikkje finst. Når det skjer, finn vi på alle slags unnskyldningar for å handtere situasjonen.

Her er nokre av tankane som kan hindre oss i å handle (no!):

Jorda er stor, naturen er mektig, og kloden er uforgjengeleg.

Men næringslivet bryr seg vel òg om miljøet?

Men før eller seinare vil vitskapen og teknologien finne opp noko nytt!

Eg treng ikkje å tenkje på dette fordi institusjonane og styresmaktene vernar om miljøet og folket. Dei har kontroll på situasjonen.

(1) Jorda er stor, naturen er mektig, og kloden er uforgjengeleg.

Motsett av kva mange trur, er naturen skjør. Og det er lett å forstå kvifor: Sidan alle elementa i naturen er knytte saman og påverkar kvarandre, har éi endring konsekvensar for andre. Det er klart at jorda er tilpassingsdyktig, men den har òg ei grense.

(2) Men før eller seinare vil vitskapen og teknologien finne opp noko nytt!

Motsett av kva mange trur, kan ikkje teknologien løyse alle problema. Teknologien kan ikkje produsere oksygenet vi treng for å puste, den kan ikkje regulere klimaet på jorda, og den kan ikkje hindre at millionar av tonn plast slepper ut giftige stoff når han forvitrar eller blir eten av dyr.

(3) Men næringslivet bryr seg vel òg om miljøet?

Klart det finst mange selskap som har ekte miljøomsyn og investerer i forsking og ny teknologi for å betre påverknaden dei har på miljøet og samfunnet. Men selskapa endrar seg berre når dei føler at forbrukarane krev det. (PS: Det er på tide at vi blir meir kravstore!)

(4) Eg treng ikkje å tenkje på dette fordi institusjonane og styresmaktene vernar om miljøet og folket. Dei har kontroll på situasjonen.

Dei økonomiske ressursane (akkurat som naturressursane) er ikkje uendelege, og ein er nøydd til å prioritere. Med andre ord, det må veljast kva pengane skal brukast til (Bygge ein skule? Eit sjukehus? Redde ein art?). Det er òg mykje press, til dømes frå selskapa som prøver å forsvare sine interesser. Og trass i åtvaringar frå forskarar blir ikkje alltid tiltak sette i verk til rett tid.

No kan vi ikkje lenger seie «Å, eg visste ikkje ...»

Manglande informasjon fører til at vi ikkje alltid er bevisste på miljøproblema. Plast i havet er eitt døme. Nokre folk bruker framleis eingongsfat og eingongskoppar i plast fordi dei ikkje veit at desse tinga ikkje alltid blir resirkulerte. Enkelte kastar q-tips i do fordi dei aldri har tenkt på at dei då kan ende opp i havet. Dette ville sikkert vore annleis om alle hadde tilgang til informasjon og visste konsekvensane av det dei gjer.

Det er sant at plast har blitt eit problem relativt nyleg, og det er relativt nyleg at vi har begynt å snakke om det, så informasjonen har ikkje nådd alle enno. Men dei som allereie veit, må også handle og spreie ordet, for problemet stadig blir verre.

Vi vil vel ikkje at dette skal skje?

Om vi ikkje gjer tiltak, vil det i 2050 vere meir plast enn fisk i hava (i kilo).1

1) Kjelde: Ellen MacArthur Foundation – Rapport 2016

Det finst absurde ting å sjå i butikkane, slik som skrelte bananar eller appelsinar i isoporpakningar eller plastfolie! Naturen lagar frukt med naturleg emballasje, og vi kastar han og erstattar han med plast.

Eg har endra meg:

Før eg blei oppteken av plast i havet, var eg ikkje slik som eg er i dag. Ofte når eg oppdaga eit problem, venta eg berre på at nokon skulle gjere noko.

Etter eit visst punkt endra eg haldning. Eg ville skrive til dei ansvarlege. Skrive høfleg. Åtvare og forklare konsekvensane.

Presentere alternativ. Dele meldingar. Insistere. Protestere når dei gjorde det motsette av det dei sa dei skulle gjere.

Du kan òg

endre deg!

GODE EKSEMPEL

Heldigvis finst det allereie mange gode eksempel på nye haldningar til desse problema.

I 2024 er EU forventa å vedta ei ny emballasjeforordning som seier at all innpakning skal kunne gjenvinnast eller brukast omatt. Det blir heller ikkje lov å lage emballasjen altfor stor, slik mange gjer i dag.

I 2018 slutta Kina å importere søppel frå andre land, nemleg plastavfall, som dei tidlegare tok imot mykje av, utan å klare å handtere det godt nok.

I 2016 blei Frankrike det første landet i verda som forbaud eingongstallerkenar, koppar og bestikk av plast. I 2019 innførte EU det same forbodet.

Vil du vite meir

om plast?

Då ho var lita, hadde Ana Pêgo stranda som leikeplass. Ho gjekk turar, kika på det yrande livet i fjøra og samla fossil.

Alt dette var så spennande at ho bestemte seg for å bli biolog, for å studere det fargerike dyrelivet nærare. Men etter kvart

såg Ana meir og meir av noko som likna på ein ny, mangfaldig dyreart: plast. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus.

Med ei eineståande formidlingsevne og stort pedagogisk overskot fortel Ana Pêgo historiene bak avfallet som flyt i land langs kysten vår. Ho forklarar djuptgåande kvar plasten kjem frå, korleis han påverkar livet på kloden og kva problem han fører med seg. Men ho viser oss også korleis vi kan gå fram for å endre utviklinga.

Kvar time hamnar det tusen tonn plast i havet.

Det tilsvarer eit lastebillass med plast kvart einaste minutt! Er det ikkje på tide at vi gjer noko?

«Det som er så bra med Plasticus Maritimus boka evnar å bevisstgjere barn utan å snakke til dei på ein barnleg måte.» nuno gomes garcia , Luso jornal

«Suverent skriven, glimrande dokumentert, med klar og tilgjengeleg informasjon. (…) Rørande, inspirerande og dessverre heilt naudsynt. Dette er ei bok som fortener ein plass i alle bokhyller.» Ricochet Jeunes

skald.no isbn 978-82-7959-383-6

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.