Grafisk de sign: Øystein Vidnes set t med 9 / 11,5 pkt Lyon Text No. 2 Papir : 150 g Garda matt Trykk: Ednas Print Alle foto: Egon Askvik, unntatt side 6: Frøydis Geithus side 70: Ingar Husabø side 146: Kristian Kløvvik Nord side 104–105: Ine Jeanette Skjerven © SKALD 2015 e -po st: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-225-9
FØREORD 2 0 14 vart eit veg s kilje i mi presteteneste. Det året intervjua og fotograferte eg over hundre kyrkjemedlemer i mitt eige sokn. Aldri før har eg høyrt så mange formulera si tru, sine tankar og sine meiningar på ein så direkte og likefram måte. Det gjer inntrykk når menneske står fram med seg og sitt. Det har gjeve meg mykje å tenkja på, og eg er djupt takksam for tilliten som er synt meg. Leikanger er ein liten kommune med litt over to tusen innbyggjarar. 90 % av dei er medlemer i Den norske kyrkja. Med sine 800 offentlege arbeidsplassar har bygda mange tilflyttarar. Fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane ligg her, og her er mange statlege verksemder. Leikanger er også ei av dei største fruktbygdene i landet, med kring 80 000 frukttre. Kyrkja er frå mellomalderen, bygd kring 1250 og ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. I nesten eitt år snakka eg med kyrkjefolk i alle aldrar om livet, kyrkja, trua og Gud. Mykje har eg fått lov å dela til ålmenn refleksjon – noko av det kjem aldri på trykk. Takk til Leikanger sokneråd, Skald forlag og Bjørgvin bispedømme som var viljuge til å satsa på dette litt sære prosjektet. Professor Stephanie Dietrich ved Diakonhjemmet sin høgskule har sagt at utfordringa for Den norske kyrkja i dag er å gjera medlemene – dei døypte – meir medvitne om at det er dei som er kyrkja. Me treng alle auka medvit om dette. Det er å vona at boka vert eit bidrag. L eikang er , ju li 2 0 1 5 Egon Askvik
Bjør nar E g gu m A ala n d Døypt 31. mai 2009 i Leikanger kyrkje
Må du synge alle tonane i fjellet Eg går i Askedalen barnehage. Eg kjem ikkje på nokon kyrkjesongar, men akkurat no har eg lært ein song frå Pocahontas-filmen. Eg kan alle versa.
Du tror du eier jorden som du trår på, med døde ting du tar i kongens navn. Men jeg vet at hvert tre og hvert et vesen har et liv, har en mening, er til gagn. Du tror du er et menneske som andre, som ligner og som tenker slik som deg. Men hvis du følger faret til en fremmed ser du ting du aldri så før på din vei. Har du noen gang hørt ulver hyle natten lang, sett gaupen smile i sitt stjernespill? Må du synge alle tonene i fjellet, må du male alle farger i en vind. Norsk versjon av Disney «Colors of the Wind»
De t er m a ng e fleire vers. Bestevenene mine heiter Viljar, Sander og Johan, og me likar best sandkassen. Der leikar me med bilar og firhjulingar som me brøyter med – og lastebilar. Det er både jenter og gutar i sandkassen. Jenter kan også køyra lastebilar! Eg hugsar då presten var på påskelunsj i barnehagen. Han fortalde om Jesus og påska. Då vaktene og soldatane kom og tok Jesus til fange, og dei gjorde narr av han. I fireårsboka er det forteljingar om Jesus, då han stilna stormen og om han som hadde hundre sauer, men mangla ein og gjekk ut og leita etter han. Og om han som var så liten og klatra. Sakkeus. Me var i kyrkja då tante Elianne og Ole-Johnny gifte seg. Me hadde dress og skjorte med slips.
Bjørnar bur med mamma Runa og pappa Steinar. Aksel er storebror, Helge er vetlebror. Bjørnar står til høgre på bildet. Tante Elianne gifta seg med Ole-Johnny i august. Då dei kom ut av kyrkja, blas dei såpeboblar på brudeparet. Fadrane til Bjørnar heiter Geir Eggum og Evelyn Eggum.
[ 18 ]
[ 19 ]
Ka m illa Bru h e im B orlaug Døypt 27. juni 1999 i Leikanger kyrkje
Me kom opp att med eit stort smil Eg hadde eit heilt fantastisk konfirmantår. Det fekk meg til å tenkja over kven eg sjølv er. På ein av turane skulle kvar av oss gå bak ein stor stein og opna eit skrin, då skulle me få sjå noko verdfullt. Me kom opp at t med eit stort smil: I skrinet var det ein spegel. Men det er ikkje alltid lett å tenkja godt om seg sjølv. Eg-perla i Kristuskransen handlar om dette. Kristus-kransen er ein perlekrans med ulike perler med ulike fargar. Kvar perle symboliserer noko i den kristne trua. Eg synest den er eit flott symbol på alt det me har gått gjennom dette året. Armbandet betyr noko for meg, og eg kjem til å ta godt vare på det. Og så har det mange fine fargar, så det matchar alt. Med oss på undervisninga var ei som heiter Rita. Ho fortalde si historie. Den gjorde sterkt inntrykk på meg. Ho hadde fyrst vore gjennom hjartestans og skulle endeleg byrja attende i jobb. Då kolliderte bilen ho sat på med. Ho var nær ved å døy og vart fortald at ho i alle fall vart pleietrengande resten av livet. Men ho reiste seg. Trente i rein trass. Likevel la ho ikkje skjul på at ho hadde mist mykje, både jobben sin og mannen som like etter døydde av kreft. Ho sleit med sjølvbildet og livet, og kjende seg ubrukeleg. Mykje av det ho sa, kunne me kjenna oss att i. Du er verdfull sa ho at eg-perla kviskrar. Særleg godt hugsar eg turen i Sogndalsdalen. Me fekk i oppgåve å teikna Gud. Det var ei vanskeleg oppgåve. Eg tenkjer meg nesten automatisk Gud som mann. Men eg veit ikkje, er han ei makt? Eller ei kraft?
Uansett trur eg Gud, denne krafta, har skapt og framleis skapar livet på jorda. På turen i Sogndalsdalen laga me jentene ein rapp på songen Måne og sol. Det var veldig gøy! Å vera døypt betyr for meg at eg høyrer til Gud, og at eg har vakse opp i ei kristen tru. At kyrkja er heimen min, og at eg alltid er velkomen der. Eg er stolt av det eg trur på. Stolt av å vera kristen. Gjennom konfirmantåret fann eg meir ut av trua, fekk vita meir om bakgrunnen. Eg lærte meir om Jesus og fekk lyst å lesa og læra meir om kristendommen. Konfirmasjonsdagen var eg i fokus. Alle var der for meg. Det var kjempefint vêr, og eg sto tidleg opp. Bunaden min hadde eg på meg, og eg synest eg var fin og staseleg! Under forbøna var eg ein av dei fyrste som gjekk fram til altaret. Eg var veldig nervøs for å snubla i trappa. Tante Ann Helen, ein av fadrane mine, var med meg fram. Saman med presten la ho handa på hovudet mitt under forbøna. Eg trur ho syntest det var kjekt. Dei andre fadrane er Brith, Marius og onkel Arild. I konfirmasjonstida tenkjer du litt meir på kven som er fadrane dine. Etter kyrkja reiste me til hotellet på Knausen og åt middag. Mamma viste bilde av familien og frå ulike epokar i livet mitt. Syster mi, Ida Maria, talte. Eg er veldig glad i henne.
Kamilla vart konfirmert i Leikanger kyrkje pinsedag, 8. juni 2014. Her er ho saman med Mari Felde Liljedal, Helene Risnes Wolff, Linda Volldal Lekven og Alicja Rejs. På kyrkjetrappa saman med Andres Øverbø, Erlend Henjesand, Magnus Hagen Myrmel, Stian Sælid Njøs og Mari Felde Liljedal. Kamilla bur saman med mamma Lillian og systera, Ida Maria. Ein dag i veka og annakvar helg er dei hjå pappa, Tony. Ho spelar handball og fotball på fritida, elles vert det mykje lekser. Men ho passar på at ho får tid saman med venene sine.
[ 38 ]
Olav Nor s t e in E g gu m
Døypt 25. desember 1984 i Leikanger kyrkje
Trur på min måte Eg har ei tru, sjølv om eg trur på min måte. Eg ber når eg er langt nede. Men eg gløymer diverre ofte å takka når eg opplever det gode. Kyrkja er for meg det trygge som held oss fast i gode tradisjonar og vanar. Dåp og konfirmasjon har aldri vore noko diskusjonstema i familien, det har vore sjølvsagt. Og det er der eg skal enda mine dagar og ein gong skal gravleggjast. Eg er ikkje sikker, men eg ynskjer at det er noko etterpå. det som står i Bibelen om livet etter døden, tek eg ikkje bokstaveleg. Eg er glad i dei kristne verdiane, og trua betyr at eg aldri er åleine. Av far min fekk eg eit bilde som han hadde då han var liten. Eg hadde det på rommet mitt, og no er det Aleksander som har det. Det er bildet av engelen som vernande fylgjer barnet på kanten av stupet. Eg vil gjerne tru det, men eg spør stundom Gud: Er eg på rett spor? Er det ei meining med dette, eller er det berre flaks? No til dags er det kjekt å vera til gudsteneste. Men eg må innrømma at eg til tider har tykt det har vore langdrygt og kjedeleg. For meg gjer det godt når presten er engasjert og det er mykje musikk. Det hender at
det dukkar opp nokre fantastiske songarar. Det er eit høgdepunkt. Før gjekk eg i kyrkja julaftan, men så vart det så folksamt at eg slutta. Så ei julaftan vart eg invitert til å vera med og syngja i kyrkja. Det vart ei delt oppleving. Eg fekk mykje skryt etterpå, men eg var så veldig nervøs og litt gruggen i stemma. Det vart ikkje betre av at eg song saman med profesjonelle Mari. Kritikaren i meg seier: Søren – du skulle ha gjort det betre. Likevel var det kjekt å verta spurd. Bibelhistorier eg hugsar er Jesus som metta 5000 med fem brød og to fisk, lidingssoga – særleg krossfestinga, og så den mørke historia om Judas. Og korleis Jesus gjorde vatn til vin. Moses si kryssing av Raudehavet har og gjort inntrykk. Av salmar må det vera Fager kveldssol smiler. Bestemor song alltid den for oss ungane når me skulle leggja oss. Då koste eg meg, der eg låg, godt innpakka i dyna.
– Eg likar godt å syngja og er med i Leikanger mannskor. Det er ein fin gjeng. Eit høgdepunkt er Palmerevyen. Då tek medet skikkeleg ut, både med sminke og kostyme. Me spelar for om lag 1200 menneske kvart år. Eg er glad for at eg begynte der, seier Olav. Han har vore eineforsyrgjar for Aleksander. Han jobbar på Skatteopplysninga og er sambuar med Anna. Dei fekk ein gut i juli 2015.
[ 68 ]
S i v A n e t t e Slin de T hor s n e s Døypt i 28. mars 1976 i Norum kyrkje
Likar best familiegudstenestene Eg tenkjer ikkje så mykje over mitt medlemskap i kyrkja, men det er her eg høyrer til. Det er ein trygg grunn for meg. Barnetrua har eg med meg frå miniklubben, sundagsskulen og kristendomsundervisninga. Me se i er of t e at me ikkje går i kyrkja, men det er i grunnen ikkje sant. Ungane er døypte, me deltek i dåp i familien, eg er fadder, alle konfirmasjonane, vigslane og gravferdene. Det vert kanskje rettare å seia at me går mykje i kyrkja? Det har aldri vore noko diskusjon hjå oss om døyping av barna eller om me skulle gifta oss i kyrkja. Eller om me skal til kyrkje når ungane får utdelt bøker og liknande. På skulen har me også den fine tradisjonen med at tredje klasse er ansvarleg for eit julespel til skulegudstenesta før jul. Det er stor stas, og foreldra stiller på galleriet i kyrkja for å sjå på. Kyrkja er staden me kan finna ro for tankane. Ritualet er viktig. Det gir oss tryggleik. Me kviler i det. Då eg var yngre, syntest eg preikene
tok utruleg lang tid. Og mykje var uforståeleg. Men då kunne eg sitja og tenkja på andre ting. Eg likar best familiegudstenestene som er no for tida, gjerne med dåp og ungar som opptrer. Det er meir sosialt og samlande når breidda er der.Det har mykje å seia kven som er prest. Det er viktig at presten er open og trygg i møte med ulike menneske, og at presten har ei samlande rolle. Eg ser for meg at det kan vera ganske krevjande. Eg tykkjer det er vanskeleg å finna ord som definerer forholdet mitt til den kristne trua. Kanskje det er fleire som har det slik? Men eg ynskjer at kyrkja skal stå like sterkt i framtida, og at det skal vera rom for allsidigheit. Og at kyrkja skal vera open for alle.
Siv Anette er gift med Alf, og dei har fire barn: Jim og Kent (bildet), Malin og Sandra. Ho er med i aktivitetane deira, både trening og kampar, og ho er lagleiar for eldstejenta sitt handballag. Siv Anette er lærar på Leikanger barneskule og stortrivest med andreklassen sin. Ho synest ho har beste jobben i verda. Ho gjennomfører no eit treårig løp for å ta ein master i spesialpedagogikk innan feltet Spesifikke lærevanskar, med masteroppgåve om sjølvbilde og angst.
[ 84 ]
A rvid Bre n n s e t
Døypt 16. februar 1946 i Nesse bedehus i Balestrand
Som om du er litt til overs For tre år sidan vart eg pensjonist. Eg treivst i jobben min. Det var ikkje ein dag eg kjeda meg. Ofte tidleg på plass om morgonen, og jobben var viktig for min identitet. Difor var det ein stor overgang å slutta. Sl i k t rur e g det er for mange. Du kjenner deg unyttig for samfunnet. Som om du er litt til overs. Og alt går vidare utan deg, som om ingenting var hendt. Men at eg likte arbeidet mitt, vil ikkje seia at alt var like kjekt. Som distriktssjef i Mesta fekk eg i 2003 oppgåva å seia opp over tjue personar i samband med ei omorganisering av verksemda. Som pensjonist er det viktig å kopla seg til aktivitetar og ikkje siga saman. Eg er veldig sports-interessert og er ein ivrig skyttar. Eg deltek aktivt både i konkurransar og på den administrative sida. Eg har drive litt med danseinstruksjon og har dei siste åra vore instruktør på seniordansen. Me samlast i Leikvang annankvar torsdag kveld. Seniordansen er ein eigen organisasjon med eigne danseformer. Danseformene er like over heile Europa. Ein kan trygt seia at kyrkja ikkje har gått føre når det gjeld kroppsleg utfalding. Ho har i det store og heile heller stått for det motsette. På leirstader og forsamlingslokale har det vore reglar med forbod mot dans. Det er kanskje slik framleis, for det eg veit. Eg trur det generelt er mykje
kroppsforakt i kristne miljø. Og det er berre unntaksvis du ser folk smila i kyrkja, og å klappa er visst heller ikkje god teologi. Alkohol har eg aldri smakt. Eg vart provosert av dei som måtte drikka seg til mot for å by opp ei jente til dans. Det bør ikkje vera så vanskeleg at du må ha kunstige stimuli. Eg har ikkje opplevd drikkepress, men får ofte spørsmål om kvifor eg ikkje drikk. Å møta opp til gudsteneste er ikkje for meg. Dei gongene eg har vore i kyrkja, har gudstenesta vore heller traurig. Det høyrest litt krast ut kanskje, men ein skal jo vera ærleg. Prestane har ein preikestil som stort sett er lik. Eg går ut frå at den er tillært. For meg vert det for mykje ovanfrå og ned. For meg hadde det vore langt betre om dei snakka meir naturleg, meir folkeleg og alminneleg. Prestane verkar og ofte formanande. Det likar eg heller ikkje. Det er eit ordtak som er viktig, men vanskeleg på leva opp til: Ver mot andre som du vil at andre skal vera mot deg. Dette er for meg eit eksempel på kristne verdiar som er viktige for meg.
Arvid er instruktør på seniordansen i Leikvang. Han er pensjonist. Han var tilsett i Statens vegvesen frå 1975 og var distriktssjef i Mesta Sogn og Fjordane frå 2003. Arvid vaks opp på ein gard i Nessadalen i Balestrand. Langt frå folk, i fylgje han sjølv. Gift med Kari, dei har tre barn: Anne, Marit og Øyvind.
[ 148 ]
Olg a Lys n e
Døypt 1. juli 1934 i Øystese kyrkje i Hardanger
Ei brutal vending Eg hugsar det som det var i går. Sjølv om det er tjuesju år sidan, står det heilt klårt og tydeleg for meg. Presten Sæter kom på døra med dødsbodskapen. Då tok livet ei brutal vending. Det var s on e n vår, Kjell, som hadde teke sitt eige liv. Eg greidde ikkje ta det inn. Det var komplett umogeleg. Eg forstod ingen ting. Eg tenkte kanskje at det skulle verta betre med åra, men det er like gale kvart år. Det har vore vanskeleg å godta det. Ungane våre har vore og er til mykje hjelp for oss. Det er eg så glad for. Me samlast mykje og er i lag. På den tida dreiv me butikk, og me kunne ikkje stengja, så det var berre å stå på. Men eg hugsar folk kvidde seg for å koma på butikken, dei visste ikkje kva dei skulle seia til oss. Det er forståeleg. Men eg hadde ei venninne som drog meg med på ting. Handarbeid var den store hobbyen min. Det slutta eg heilt med. Men etter nokre månader byrja eg att. Heldigvis. No kan eg ikkje vera det forutan. Det er godt å halda på med. At sonen vår tok sitt eige liv, gjorde vel at det kjennest hardt å vera i kyrkja, for når me er i kyrkja, tenkjer me på han. Me har vel elles hatt eit ganske normalt forhold til kyrkja. Rundt juletider gjekk dit. Men det var travle tider med mykje arbeid i butikken og med ungane. Når sundagane kom, prioriterte me å koma oss til fjells. Me måtte koma oss ut! Heldigvis hadde me hytta på Hemsedalsfjellet som me reiste til så ofte me kunne. Så det vart lite med kyrkjegong på vanlege sundagar. Ein av songane eg set pris på, er Det er makt i de foldede hender. Den var mykje spelt i Ønskekonserten på radio tidlegare.
Det er makt i de foldede hender, i seg selv er de svake og små. Men mot allmaktens Gud du dem vender, han har lovet at svar skal du få. Det er svar underveis, engler kommer med bud. Om det drøyer de fram dog skal nå. For det lovet jo løftenes trofaste Gud, kall på meg og du hjelpen skal få Trygve Bjerkrheim
Olga var yngst i ein syskenflokk på seks og er gift med Olav. Dei dreiv i alle sine yrkesaktive år daglegvarehandel i Årdal, Stongfjorden, Skjolden og Balestrand. Frå 1973 til 1993 dreiv dei Lysne-bui – ein landhandel – på Hanahaug i Leikanger. Olga og mannen fekk fire barn. Ho har vore aktiv i helselaget og pensjonistlaget.
[ 170 ]
Odd Eg gu m
døypt 1. juni 1916 i Leikanger kyrkje
A n na E g gu m
døypt 2. januar 1921 i Leikanger kyrkje
Omvending har me ikkje vore borti Me kan hugsa attende til ei tid då det var eit stort skilje mellom omvende og uomvende. Det kunne skapa splitting i familiar og mellom vener når nokon vart kristne. Me ser på oss sjølve som kristne, men omvending har me ikkje vore borti. Odd: Det vart fortald om mor mi at ho gjekk trufast til kyrkje og var med i foreining. Men ho vart likevel ikkje rekna som kristen. Du måtte gå i bedehuset og reisa deg opp, viss ikkje, vart du skyvd vekk. A n na: Den kristne trua har vore sjølvsagt for oss. Eg tykkjer det er fælt når nokon let vera å døypa ungane. Lat småbarna koma til meg og hindra dei ikkje, for slike høyrer Gudsriket til, står det i Bibelen, og det har me vore vane med å gjera. A n na: Me hugsar ein spesiell dag i 1945. Den 30. juni gifte me oss. Presten kom frå Hafslo, og me hadde 80 gjester. Etterpå spelte musikklaget til dans på Høyheimslageret. Det var knapt med mat på den tida, men me hadde herleg laks til middag. Odd: Og rabarbragraut til dessert. Anna: Men elles var me ikkje mykje til kyrkje. Me dreiv Eggum Transport og hadde fleire bilar og sjåførar. Det var eit travelt liv. Odd køyrde sjølv ruter i heile Sør-Noreg. Særleg haustane var travle med fruktkøyring. Eg førte rekneskap, og i tillegg hadde me tre barn i heimen. A n na: Eg trur på Gud og vil til himmels. Men det kan vera vanskeleg å tru når nære og kjære døyr. Odd opplevde å missa far sin som fem åring og måtte veksa opp utan han. Me mista også ein svigerson så alt for tidleg, berre 30 år gamal. Eg bed mitt Fadervår, og kveldsongen me har sunge for alle barn og barnebarn, er Fager kveldssol smiler:
Fager kveldssol smiler, over heimen ned, jord og himmel kviler stilt i heilag fred. Berre bekken brusar frå det bratte fjell. Høyr, kor sterkt det susar i den stille kveld. Ingen kveld kan læra bekken fred og ro, ingen klokke bera honom kvilebod. Så mitt hjarta stundar bankande i barm, til eg eingong blundar i Guds fader-arm von Fallersleben/Peter Hognestad
Anna og Odd har vore gift i nesten 70 år. Dei har tre barn, åtte barnebarn og elleve oldebarn. Dei dreiv Eggum Transport i mange år.
[ 202 ]