Utanfor er dagen lik den i går. Det kan sjå ut som ein heilt vanleg dag. Ei forteljing om tap, trøyst og håp.
9 788279 592532
Utgitt med støtte av Norsk kulturråd. g r a f i s k f or m : Øystein Vidnes f on t : Feijoa, av Kris Sowersby pa p i r : 150 g Munken Lynx t r y k k o g i n n b i n di n g : Livonia Print © s k a l d 2017 www.skald.no i s b n 978-82-7959-253-2
s k a ld 2017
Utanfor er dagen lik den i gĂĽr. Det kan sjĂĽ ut som ein heilt vanleg dag.
Det er heilt vanleg vêr. Bilar køyrer på vegen i heilt vanleg fart. Lund hentar avisa som vanleg i pysjen.
Det er ein heilt vanleg torsdag. Jon held ei humle i handa, det er ikkje heilt vanleg. Jon stryk pĂĽ ho, kjenner pĂĽ vengene. Ho er mjuk, ho har pels. Ho flaug i gĂĽr, men ikkje i dag. Humler skal ikkje liggje stille.
Det blir aldri vanleg igjen, det blir aldri som før, tenkjer Jon. Det er ein farfar mindre i verda, og dei der ute veit det ikkje. Hadde dei visst, ville verda stütt stille, nett som humla.
Korleis kan ein trøyste ein som nett har mista far sin? Jon held varsamt om humla. Har du ei lita eske? spør han. Pappa har ei fyrstikkeske, og humla für god plass nedi. Med litt bomull blir det mjukt og fint.
Jon puttar eska i lomma, og når han vil, kan han ta ho ut og stryke ho. Eska får plass i lomma på dressbuksa også. Og når pappa pussar nasen og tørkar auga sine i kyrkja, legg Jon nasen sin mot humlepelsen.
Utanfor er dagen lik den i går. Det kan sjå ut som ein heilt vanleg dag. Ei forteljing om tap, trøyst og håp.
9 788279 592532