Robert Musil: Tre kvinner

Page 1

robert

musil

tre k vinner


a n d r e bø ke r i ser i en : fra nz ka f ka: Forvandlinga og andre forteljingar (2016) mary s h e lley : Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016) jam es joyc e : Dei døde (2017) gu stave f lau bert : Madame Bovary (2017) Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypene Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Boka er støtta av Norsk kulturfond og Bundeskanzleramt Österreich.

o rig inaltittel : Drei Frauen (1924) «Grigia» (1921), «Die Portugiesin» (1924), «Tonka» (1923) tekst : Robert Musil om setjar : Øystein Vidnes s e r i e d esig n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes sats : Øystein Vidnes i llu str asjo n : Andreas Töpfer fo nta r : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk, av Stefan Ellmer papir : Munken Print Cream 1.8, 90 g trykk o g innbind ing : Livonia Print

© ska l d 2017 www.skald.no isbn 978-82-7959-256-3 ISBN 978-82-7959-256-3

9 788279 592563


innhald

Grigia ¡ side 7 Den portugisiske jenta ¡ side 39 Tonka ¡ side 69



g r ig ia

7


8


D

et kjem ei tid i livet der det slakkar tydeleg ned, som om det nølte med å gå vidare eller ville ta ei anna retning. Det kan godt hende at det i denne tida er lettare å bli råka av ei ulykke. Homo hadde ein liten son som var sjuk. Det varte eit år, utan å bli betre og utan å vere farleg, legen insisterte på eit langt kuropphald, og Homo kunne ikkje få seg til å ta avgjerda om han skulle vere med. Det verka på han som eit for langt opphald borte frå seg sjølv, frå bøkene, frå planane, frå livet. Han såg på sin eigen motstand som uhorveleg sjølvoppteken, men han var kanskje heller sjølvoppløysande, for Homo hadde aldri tidlegare vore ein einaste dag vekke frå kona si. Han hadde elska henne høgt og elska henne enno høgt, men denne kjærleiken hadde på grunn av barnet blitt noko deleleg, som ein stein som vatnet har trengt inn i og 9


pressa delane stadig lenger frå kvarandre. Homo var forundra over denne nye eigenskapen, at kjærleiken hadde blitt noko han kunne ta frå kvarandre, utan at nokon av delane så vidt han visste, hadde gått tapt. Og så lenge førebuingane til avreisa heldt på, fall det han ikkje inn å tenkje på korleis han skulle kome seg gjennom sommaren åleine. Han kjende berre ein sterk motvilje mot bade- og fjellbyar. Han blei åleine igjen, og den neste dagen fekk han eit brev som inviterte han til å ta del i eit selskap som ville gjenopne dei gamle venetianske gullgruvene i Fersenadalen. Brevet var frå ein herr Mozart Amadeo Hoffingott, som han for nokre år sidan hadde blitt kjend med på ei reise, og som han i nokre få dagar hadde hatt til venn. Likevel tvilte han ikkje ein augneblink på at det dreidde seg om ei ærleg og heiderleg sak. Han sende to telegram. I det første sa han frå til kona at han straks skulle reise og ville ettersende kvar han kom til å opphalde seg. I det andre takka han ja til tilbodet og sa seg villig til å bidra til grunnarbeida som geolog og kanskje med ein større pengesum. I P., ein morbær- og vindyrkande, isolert og rik italiensk småby, møtte han Hoffingott, ein stor, vakker mørk mann på hans eigen alder som ustanseleg var i rørsle. Selskapet rådde over store amerikanske midlar, fekk han høyre, og arbeidet skulle ha stor stil. Inntil vidare skulle ein førebuande ekspedisjon gå inn i dalen, der dei to og tre andre deleigarar skulle vere med. Hestar blei kjøpte inn, utstyr var på veg, og arbeidarar blei tilsette. 10


Homo budde ikkje i vertshuset, men hos ein italiensk kjenning av Hoffingott, utan at han heilt visste kvifor. Det var tre ting som slo han der. Senger som på eit kjølig vis var useieleg mjuke med vakker mahogniramme. Eit tapet med eit useieleg flokete, smaklaust, men absolutt uutgrundeleg og framandt mønster. Og ein gyngestol i rotting. Når ein sat i denne og gynga og samstundes såg på tapetet, blei heile mennesket til eit bølgjande virvar av ranker som i løpet av to sekund vaks frå ingenting til full storleik og trekte seg tilbake inn i seg sjølv. Lufta i gatene var ei blanding av snø og Syden. Det var i midten av mai. Om kveldane lyste store gatelampar som hang i tverrspente vaierar, så høgt oppe at gatene under blei liggande som mørkeblå juv der ein måtte gå på mørk botn medan kvitfresande soler hang og duva oppe i verdsrommet. Om dagen såg ein ut på vinmarker og skog. Dei hadde vinteren etterlate raude, gule og grøne på farge. Fordi trea ikkje mista blada, var det visne og det nyvaksne samanfletta som på gravkransar, og små raude, blå og rosa villaer låg strødde utover som klart synlege terningar, kjenslelaust utstilte for heile verda, plasserte ut etter ei forunderleg formlov dei sjølve ikkje kjende til. Men lenger oppe var skogen mørk, og fjellet heitte Selvot. Over skogen låg dei snødekte fjellslettene som slyngde seg i veldige bølgjeslag over mot nabofjella og langs sidedalen der ekspedisjonen skulle rykke inn. Når det kom menn ned frå desse fjella, for å levere mjølk og kjøpe polenta, så hadde dei nokre gonger med seg store druser av bergkrystallar eller ametystar, som i enkelte 11


sprekkar her skulle vekse like frodig som blomstrar på engene andre stader. Og slike uverkeleg vakre eventyrbilete forsterka inntrykket av at overflata på dette landskapet som glitra like fortruleg framandt som ein stjernehimmel, skjulte noko som var verdt å trakte etter. Då dei reid inn i fjelldalen og passerte Sankt Orsola klokka seks, høyrde dei, ved ei lita steinbru over ein fjellsprekk tilvaksen med buskar, om ikkje hundre så i alle fall to dusin nattergalar. Det var fullt dagslys. Då dei hadde kome inn i dalen, kom dei til ein underleg landsby. Han hang i ei bergskråning. Kløvstien som førte dei dit, sprang til slutt beintfram frå den eine hella til den neste, og eit par små avstikkarar slyngde seg som bekkar ned i engene. Når ein stod på vegen, hadde ein berre vanskjøtte og fattigslege gardshus framfor seg, men vende ein blikket opp frå engene nedanfor, fekk ein inntrykket av å vere ført tilbake til ein forhistorisk pålelandsby, for mot dalsida stod alle husa på høge pålar, og utedoa svevde litt bortanfor som overbygde berestolar på fire slanke, trehøge stenger. Heller ikkje landskapet rundt landsbyen var utan særmerke. Ei meir enn halvsirkelforma forskansing av høge, taggete fjell skråna bratt ned mot eit søkk omkring ei mindre, skogdekt kjegle i midten, slik at det heile minte om ei tom randkakeforma verd, der eit lite stykke hadde blitt skore ut av bekken djupt nede, slik at ho lente seg gapande mot den andre, høgare breidda der landsbyen låg, akkurat som bekken i ei sveipande rørsle nedover dalen. Rundt omkring i snøen var det stablar med krungleved og nokre spreidde rådyr. På skogkollen 12


i midten var orrhanen allereie i gang med paringsleiken sin, og på engene på solsida blomstra blomstrane med gule, blå og kvite stjerner, så store at ein skulle tru at dei var dalarar nokon hadde rista ut av ein sekk. Men om ein steig om lag hundre fot opp bak landsbyen, så kom ein til ei flat hylle, ikkje altfor brei, dekt av åkrar, enger, løer og spreidde hus. På eit framspring ut mot dalen stod kyrkja og såg ut over verda, som på godvêrsdagar spreidde seg ut i det fjerne som havet framfor eit elvedelta. Ein kunne knapt skimte kvar det frodig gyllengule låglandet slutta og himmelens usikre skygolv begynte. Det var eit herleg liv som no tok til. På fjellet om dagane, ved gamle samanrasa tunnelinngangar, ved nye leitestader eller på vegane utover i dalen, der ein brei veg skulle leggast, i ei enorm luft som allereie var mjuk og svanger med den komande snøsmeltinga. Dei strødde pengar ut blant menneska og herska som gudar. Dei sette alle i sving, menn og kvinner. Mennene blei delte inn i arbeidslag og fordelte rundt på fjella, der dei måtte bli verande i vekevis. Kvinnene danna berekolonnar som frakta verktøy og proviant til dei på knapt framkomelege stiar. Skulen, eit steinbygg, blei omgjord til eit lager der varene blei oppbevarte og fordelte. Der ropte ei skarp herrestemme opp ei etter ei av kvinnene som stod og småprata medan dei venta, og dei store, tomme ryggkorgene blei lasta til knea bøygde seg og halsblodårane svall. Når ei slik vakker, ung kvinne var fullasta, stod auga ut, og munnen blei ståande open; ho tredde tilbake i rekka, og på eit teikn begynte dei no forstumma lastedyra å setje den eine foten 13


framfor den andre i ei lang, buktande rørsle langs vegen. Dei bar på ein dyrebar og sjeldan last av brød, kjøt og vin, og dessutan jernreiskapar som det ikkje var så nøye med, så forutan kontantløna fekk dei mange nyttige ting til gardsarbeidet; difor bar dei børa med glede og takka endåtil mennene som hadde kome med denne velsigninga hit til fjells. Og det var ei herleg kjensle. Her blei du ikkje, som overalt elles i verda, vurdert ut frå kva slags menneske du var, om du var påliteleg, mektig og frykta eller pen og vakker, nei, uansett kva slags menneske du var, og uansett korleis du såg på livet, fann du kjærleik her, for du hadde kome med velsigninga. Kjærleiken sprang framfor deg som ein herold, han var overalt, låg nyoppreidd som ei gjesteseng, og menneska heldt velkomstgåver framfor deg. Frå kvinnene strøymde det fritt ut, men det hende òg ein gjekk forbi ei eng der det stod ein gammal bonde og vinka med ljåen som døden sjølv. Det budde forresten merkelege folk i denne dalenden. Forfedrane deira hadde kome som bergmenn frå Tyskland på den tridentinske biskopsmakta si tid, og enno sat dei inneklemde som forriven tysk stein mellom italienarane. Den gamle måten dei levde på, hadde dei halvt bevart og halvt gløymt, og det dei hadde bevart, forstod dei knapt sjølve lenger. Fjellbekkane reiv grunnen vekk under dei om våren, dei hadde hus som ein gong stod på ein haug, men som no stod på kanten av ein avgrunn, utan at dei gjorde noko med det. Og på den andre sida spylte den nye tida alt slags elendig skrot inn i husa deira. Der var det billege, polerte skap, vittige postkort og oljetrykk, men av 14


og til hadde dei kokekar som kunne ha vore i bruk allereie på Martin Luthers tid. Dei var nemleg protestantar, men sjølv om det vel ikkje var noko anna enn sta klamring til eiga tru som hadde verna dei frå kulturell utsletting, var dei ikkje gode kristne. Dei var fattige, så nesten alle mennene forlét konene sine kort tid etter giftarmålet, drog til Amerika og blei verande i årevis. Då dei kom tilbake, hadde dei med seg litt sparepengar, truløysa og ein vane med å besøke bordella i byane, men ikkje sivilisasjonens skarpe sinn. Homo fekk heilt i starten høyre ei historie som opptok han umåteleg. Det var ikkje lenge sidan det hende, kanskje ein gong i løpet av dei siste femten åra, at ein bonde som hadde vore vekke lenge, kom tilbake frå Amerika og la seg saman med kona si på soverommet. Dei fryda seg ei stund over å vere saman igjen og naut livet inntil sparepengane tok slutt. Då dei nye sparepengane som skulle kome etter frå Amerika, endå ikkje hadde kome, gjekk bonden i gang – slik alle bøndene i dette området gjorde – med å tene til livets opphald som reisande kramkar, medan kona heldt fram med å drive det lite innbringande jordbruket. Men han kom ikkje tilbake. Derimot dukka bonden frå Amerika opp på ein av dei andre avsidesliggande bondegardane. Han kunne fortelje kona akkurat kor lenge det var sidan sist, og forlangte å få det same å ete som han hadde fått på avskjedsdagen. Han visste alt om kua, som for lengst var vekke, og kom greitt overeins med barna, som ein annan himmel hadde skjenkt han enn den som i mellomtida hadde kvelva 15



merknad

«Feilen med denne boka er at ho er ei bok. At ho har omslag, rygg, sidetal. Ein burde brette ut eit par sider, legge dei mellom glasplater og byte dei ut frå tid til anna. Då ville ein sjå kva ho er …», skreiv Robert Musil (1880–1942) ein gong i eit utkast til forord til ei nyutgjeving av novellene sine. Forfattarskapen til Musil skilte seg frå det meste, både i samtida og ettertida, og det han jakta på var sanninga, ikkje lesarane. Robert Musil var fødd i Klagenfurt i Austerrike, men hadde ein omflakkande barndom på grunn av dei ulike stillingane til faren, som var ingeniør. Då han var 12 år blei han sendt på militær kostskule, ei erfaring han skreiv om i debutromanen Die Verwirrungen des Zöglings Törleß (Unge Tørless, 1906). Som forfattar hadde Musil ei langsam og gradvis utvikling, men allereie etter debuten blei han utropt til eit stort talent. Han reiste til Berlin for å studere, var soldat i første verdskrigen og busette seg i Wien. Seinare flytta han tilbake til Berlin, der han møtte ein av sine store heltar, Franz Kafka, og var vitne til framveksten av nazismen. Forutan romanane skreiv han skodespel, noveller, essays og dagbøker. 131


Musil er ein av dei mest gåtefulle forfattarane i det førre hundreåret, og ein treng ikkje å lese mykje i nokon av bøkene hans for å oppdage denne eigenskapen. Den monumentale romanen Der Mann ohne Eigenschaften (Mannen uten egenskaper, utgitt i tre bind, det siste posthumt) var uløyseleg knytt til han sjølv og hans eigen måte å sjå verda på. Romanen går føre seg i Wien, rett før utbrotet av første verdskrigen. Musil rakk aldri å fullføre romanen før han døyde i krigseksil i Geneve i 1942, nesten gløymd av samtida. Kanskje kunne han aldri ha blitt ferdig heller, på same måten som ein aldri kan kome heilt til botns i seg sjølv – eller for den del lære eit anna menneske å kjenne tvers igjennom. Etter at Musil døydde, vaks ryet hans etter kvart, og han blir i dag samanlikna med forfattarar som Franz Kafka, Thomas Mann, James Joyce og Marcel Proust. Sjølv om Musil både var utdanna ingeniør og doktor i psykologi, var det litteraturen han valde å bruke kreftene sine på, og dei var formidable i meir enn éin forstand – det blir sagt at Musil stilte i symjehallane i Wien og Berlin med kroppen til ein kroppsbyggar, men han dreiv seg sjølv for hardt, og helsa svikta til slutt. Når det gjaldt det sjelelege var han ein motstandar av psykoanalysen, som fekk eit veldig gjennomslag i samtida hans. I motsetnad til Sigmund Freud, meinte Musil at det verkeleg undermedvitne var utanfor rekkevidda til det rasjonelle, vitskaplege språket. For å skjøne det inste i mennesket måtte noko anna til, eit anna språk: dikting. I novellene møter vi ei meir konsentrert form enn i den meir vidtfemnande, essaysistiske romanen. Både forteljemåten og sjølve språket er fortetta, men samstundes rike på detaljar. Kvart av elementa er nødvendige, samstundes som kvar setning opnar 132


for nye vegar i forteljingane, gjer dei uføreseielege, rastlause, overraskande – og formidabelt utfordrande å omsetje. Historiene i Tre kvinner er svært ulike, men eit stikkord for alle er unntakstilstand. Dei mannlege hovudpersonane møter kvinner som forandrar liva deira – men meir enn sjølve møta er det noko utanfrå som påfører forandringane. Dei tre historiene skildrar korleis ulike krefter påverkar tilhøvet mellom personane i tre svært ulike situasjonar, samfunnsklasser og geografiar. Kvinnene har gitt namn til novellene og til samlinga, men samstundes blir dei observerte på lang avstand, nesten berre glimtvis, som om forteljaren delvis har tapt dei av syne og vegrar seg mot å mane dei fram att. I «Grigia» blir det normale livet sett til sides av eit gruveprosjekt som snur alt på hovudet, både for dei lokale innbyggjarane i fjellområdet og dei tilreisande utbyggjarane. Hovudpersonen Homo – i norsk daglegtale tenkjer ein kanskje ikkje på at ordet homo er latin og tyder menneske, men her kan det vere på sin plass å påpeike det – møter bondejenta Grigia, og det blir eit møte mellom kulturar og klasser som er så ulike at det truar med å overskugge alt, og ta ifrå dei sjølve identiteten deira som menneske. «Den portugisiske jenta» blir teken med til eit framandt land, der både ho og den mannlege hovudpersonen blir sette på livstruande prøver. Dette er den einaste teksten til Robert Musil som går føre seg i ei historisk fortid. «Tonka» er derimot ei moderne, realistisk og illusjonslaus Romeo og Julie-forteljing, der forholdet mellom ei arbeidarklassejente og ein overklassegut blir dømt til undergang av haldningane til samfunnet, som dei også sjølve blir prega av. 133


Likevel er ikkje dette først og fremst idélitteratur. Alle tre historiene har eit underliggande ekko av levd liv, som held dei frå å flyte ut i det abstrakte. Banda mellom desse tekstane og biografien til forfattaren er vanskelege å ignorere. Robert Musil tenestegjorde som soldat i Dolomittane under første verdskrigen, og møtte ei bondejente ved namn Magdalena Lenzi, som ikkje mangla på likskapstrekk med Lene Maria Lenzi i novella «Grigia». Nyleg dukka det også opp eit bilete av ein uniformskledd Robert Musil og andre soldatar rundt talrike vinflasker på eit bord som passar inn i historia: «Då det hadde blitt mørkt, møttest alle på ein liten prestegard der dei hadde leigd eit rom som blei brukt som klubblokale». Under soldattenesta si blei Musil alvorleg sjuk, og mista så mykje vekt at til og med hovudet hans krympa. Dette, i lag med krigserfaringa, dukkar opp i «Den portugisiske jenta»: «Så han gjorde ein vits ut av det og sa at alle åra med berre krigarar og ingen danna kavalerar rundt seg vel hadde krympa kraniet hans.» Den tilsynelatande mest sjølvbiografiske av novellene er «Tonka». Ho synest å bygge på Musils forhold til arbeidarklassejenta Herma Dietz, som han tok med seg til Stuttgart og Berlin. Dietz døydde i 1907, etter ein spontanabort, diagnostisert med syfilis. Den namnlause hovudpersonen i novella lar seg vanskeleg overtyde om noko anna enn at Tonka har vore utru, og har blitt smitta av ein annan mann. Desse kvalane blir kanskje stilte i eit underleg lys av at Robert Musil sjølv – i motsetnad til hovudpersonen i novella – hadde fått behandling for syfilis i 1902, og sjansane for at den reelle Herma Dietz var smitta av ein annan var låge. Men ingenting i novella tilseier at forteljaren går god for tenkemåten til hovudpersonen, han blir like mykje stilt ut som dei fiendtlege omgjevnadene. 134


Å sjå novellene som ein nøkkel til forfattaren sitt liv, eller forfattaren sitt liv som ein nøkkel til novellene, blir naturlegvis feil, også i dette tilfellet. I litteraturen sin prøvde Robert Musil å løyse den gåta som var han sjølv, men på same tid var det òg eit forsøk på å finne ut korleis det moderne mennesket skulle møte ei tid der alt var i ferd med å rase saman rundt det. Øystein Vidnes l e i k a n g e r i s o g n, o k t o b e r 2 017


robert

musil

mus il

skalds klassikarar er ein serie av

ISBN 9788279592563

omsett av øystein vidnes

9 788279 592563

I novellesyklusen Tre kvinner utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne. Han skildrar korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar og maktspel. Møta med bondejenta Grigia, den portugisiske adelsjenta og arbeidarklassekvinna Tonka utløyser omveltingar i livet til personane, og korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse. Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst, og forfattaren viser seg som ein presis analytikar av det mest intime sjelslivet. Musil skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving, på same tid som han observerer personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar.

tr e kvi nn e r

øyste i n vi dn es (f. 1976) er frå Vanylven på Sunnmøre og no busett i Leikanger i Sogn. Vidnes debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2003 og arbeider i dag i tillegg som grafisk designar, omsetjar, kritikar og illustratør. Han har omsett fleire verk frå ulike språk og har blitt premiert for omsetjingane sine. Vidnes har dessutan gjendikta fleire verk av den portugisiske nasjonaldiktaren Fernando Pessoa.

Alle detaljane var heslege og til saman danna dei lykke.

1 924

ro b ert mus i l (1880–1942) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane i den tyske modernismen, og er i dag mest kjend for den ufullenda romanen Der Mann ohne Eigenschaften. Musil blir samanlikna med samtidige forfattarar som Franz Kafka, Thomas Mann, James Joyce og Marcel Proust. Han har hatt stor påverknad på mange seinare forfattarar både i heimlandet Austerrike og utanfor, eksempelvis Thomas Bernhard, Elfride Jelinek, Milan Kundera og J. M. Coetzee.

tre k vinner

vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.