Reisa til verdas farlegaste land

Page 1

PERSSON TENREIRO

Viss du seglar over verdas største hav, der mange sjømenn fann si våte grav, kjem du til ei mørk og skummel strand i verdas aller farlegaste land.

REISA TIL VERDAS FARLEGASTE LAND

Bli med på ei spøkelsesreise der du møter fæle kjemper, kvesande tussar, ei rufsete prinsesse og gigantiske sjøuhyre. I verdas største slott er det både skrekk og grusom gru, men ikkje ver redd, følg med – det finst ein veg ut!

Malte Persson og Rui Tenreiro har skapt ein mystisk og spennande eventyrroman for alle aldrar. Boka ber tradisjonelle element frå gamle soger og regler, klassiske eventyr og gode gamaldagse grøssarar.

REISA TIL VERDAS FARLEGASTE LAND MALTE PERSSON RUI TENREIRO

ISBN 978-82-7959-270-9

9 788279 592709


REISA TIL VERDAS FARLEGASTE LAND

© TEKST Malte Persson, 2012 © ILLUSTRASJONAR Rui Tenreiro, 2012 © GJENDIKTING Simen Hagerup, 2017 First published by Bonnier Carlsen, Stockholm, Sweden. Published in the Norwegian language by arrangement with Bonnier Rights, Stockholm, Sweden TYPOGRAFI

Lena Thunell

LAYOUT NORSK UTGÅVE PAPIR

Øystein Vidnes

150 g Amber Graphic

TYPESNITT

Cochin

© SKALD 2017 E - POST

forlag@skald.no

www.skald.no ISBN 978-82-7959-270-9


REISA TIL VERDAS FARLEGASTE LAND

MALTE PERSSON RUI TENREIRO Gjendikta av SIMEN HAGERUP

SKALD 2017


Bak myra finst ein innsjø, kald som is, der ei øy ligg gøymd i tåkedis. For å kome deg dit fram må du symje gjennom grums og slam og nattsvart vatn med gufne dunstar. Dessutan må du kunne visse kunstar for å lure sjøuhyre som lukt av menneske gjer yre.


På øya bur ei kjempe i eit skur. Han vil du ikkje gjere sur! Han ser fæl ut og er lett å lure, for knollen hans er like trong som skuret. Men sei no ikkje høgt at han er stygg, han synest nemleg det er gøy, ver trygg, å røske frå kvarandre kroppen din og koke han i parafin. Sei heller at du synest han er topp, då blir han glad og et deg ikkje opp.


Kjempa vaktar over eit stort berg, så høgt at kjempa kjenner seg som dverg. Viss du klatrar fleire dagar og unngår fjellvampyrane som jagar, vil du endeleg få kjenne vinden som blæs iskaldt på den høgste tinden. Når klatringa til slutt er overstått, står du framfor verdas største slott: Tusen rom og tusen høge murar, tusen golv som tusen koner skurar! Tusen mørke tårn som luter, millionar glas med måla ruter. Framfor døra står ein ilter stut som hatar barn og lyder namnet Knut. Han har forgylte horn og nasering, og viss han ser deg kome: Spring!



I det neste rommet du kjem inn i, bygger fire drakar bu. Der har kongen gøymt sin skatt som dei vaker over dag og natt. Kan du nå eit pengestykke, gøym det. Men heile skatten? Berre gløym det! Den som bråkjekt stoler på si lykke mister ofte heile stykket og endar opp partert på drakegrill – og det er ikkje noko som du vil!


Smyg vidare til kongens salar der hoffet søv mens kongen talar. Han har det med å halde mange taler som er veldig, veldig lange! Det er nok best å stappe voks i øyret, så du slepp å måtte høyre om alle landa i vår vide verd dit han vil sende hæren sin på ferd. Og pass deg godt så ikkje vakta slenger deg ned i fangesjakta.


Her blĂŚs det sterkt, og ved ei stong har nokon bunde fast ein stor ballong. Ta sats, kliv opp i han, kast loss, no fĂĽr du flyge heim til oss som ikkje torde ĂĽ bli med pĂĽ ferda til det farlegaste landet i verda!



PERSSON TENREIRO

Viss du seglar over verdas største hav, der mange sjømenn fann si våte grav, kjem du til ei mørk og skummel strand i verdas aller farlegaste land.

REISA TIL VERDAS FARLEGASTE LAND

Bli med på ei spøkelsesreise der du møter fæle kjemper, kvesande tussar, ei rufsete prinsesse og gigantiske sjøuhyre. I verdas største slott er det både skrekk og grusom gru, men ikkje ver redd, følg med – det finst ein veg ut!

Malte Persson og Rui Tenreiro har skapt ein mystisk og spennande eventyrroman for alle aldrar. Boka ber tradisjonelle element frå gamle soger og regler, klassiske eventyr og gode gamaldagse grøssarar.

REISA TIL VERDAS FARLEGASTE LAND MALTE PERSSON RUI TENREIRO

ISBN 978-82-7959-270-9

9 788279 592709


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.