Gertrude Stein: Alice B. Toklas' sjølvbiografi

Page 1

gertrude

stein

alice b. toklas’ sjølvbiografi



ger t rud e s t ein

ALICE B. TOKLAS’ SJØLVBIOGRAFI f rå e nge ls k ve d bri t bi ld øe n

s ka l d 201 8


a n d r e bø ker i ser i en : fra nz kaf ka: Forvandlinga og andre forteljingar (2016) mary s h e lley : Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016) jam es joyc e : Dei døde (2017) gu stave f lau bert : Madame Bovary (2017) ro bert m u sil : Tre kvinner (2017) sa mu e l bec kett : Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (2018) Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypene Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Boka er innkjøpt av Norsk kulturråd. Støtta av Norsk kulturfond.

o r ig inalt ittel : The Autobiography of Alice B. Toklas (1933) tekst : Gertrude Stein om setjar : Brit Bildøen s e r i e d esig n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes sats : Øystein Vidnes illu str asjo n : Andreas Töpfer fo ntar : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk, av Stefan Ellmer papir : Munken Print Cream 1.8, 90 g t rykk o g inn bind ing : Livonia Print

© ska l d 2018 www.skald.no isbn 978-82-7959-276-1 ISBN 9788279592761

9 788279 592761




1 fø r eg kom ti l par is

Eg er fødd i San Francisco, California. På grunn av dette har eg alltid føretrekt å leve i eit temperert klima men det er vanskeleg, på det europeiske kontinentet og sjølv i Amerika, å finne eit temperert klima og leve i det. Far til mor mi var ein pioner, han kom til California i 1849, han gifta seg med bestemor mi som var veldig glad i musikk. Ho tok timar hos far til Clara Schumann. Mor mi var ei stillferdig og sjarmerande kvinne som heitte Emilia. Far min var av polsk patriotisk opphav. Grandonkelen hans stilte eit regiment for Napoleon og var oberst for dei. Far hans gjekk frå mor hans like etter at dei gifta seg, for å kjempe på barrikadane i Paris, men ettersom kona kutta underhaldet hans, kom han snart attende og levde eit liv som konservativ velståande godseigar. Sjølv har eg aldri hatt sans for vald og har alltid funne glede i broderi og hagestell. Eg er glad i målekunst, møblar, gobeleng, hus og blomster ja til og med 7


grønsaker og frukttre. Eg likar å ha utsikt men eg likar å sitje med ryggen til. I barndommen og ungdommen førte eg det føyelege livet som høyrer til min klasse og min stand. Eg hadde nokre intellektuelle eventyr på denne tida men dei var svært stillferdige. Da eg var rundt nitten år gammal var eg ein stor beundrar av Henry James. Eg meinte at The Awkward Age kunne ha blitt eit heilt utmerkt teaterstykke, så eg skreiv til Henry James og foreslo at eg skulle dramatisere det. Eg fekk eit nydeleg brev tilbake, og da, i det eg følte kor utilstrekkeleg eg var, raudna eg for meg sjølv og tok ikkje vare på brevet. Kanskje kjende eg på den tida at eg ikkje var verdig til å behalde det, i alle fall så finst det ikkje lenger. Fram til eg var tjue var eg svært opptatt av musikk. Eg studerte og øvde flittig men snart verka det så fåfengt, mor mi var død og det var inga uovervinneleg sorg, men det fanst inga verkeleg interesse som dreiv meg vidare. I forteljinga om Ada i Geography and Plays har Gertrude Stein gitt ei svært god skildring av meg slik eg var på den tida. Frå da av og i om lag seks år hadde eg hendene fulle. Eg levde eit bra liv, eg hadde mange venner, mykje moro mange interesser, livet mitt var rimeleg innhaldsrikt og eg treivst med det men eg strålte ikkje akkurat i det. Dette fører meg til brannen i San Francisco som resulterte i at den eldre broren til Gertrude Stein og kona hans kom frå Paris tilbake til San Francisco og dette førte til ei fullstendig endring i livet mitt. 8


På denne tida levde eg saman med far og bror min. Far min var ein stille mann som tok ting på sin stille måte, sjølv om han hadde sterke kjensler. Den første forferdelege morgonen under brannen i San Francisco vekte eg han og fortalde han at byen hadde blitt råka av eit jordskjelv og no stod i brann. Det vil gi oss dårleg rykte austpå, svara han og snudde seg for å sove vidare. Eg hugsar at ein gong da bror min og ein kamerat hadde dratt for å ri, kom ein av hestane tilbake til hotellet utan ryttar, mor til den andre guten begynte å lage ei frykteleg scene. Ta det med ro, frue, sa far min, kanskje det er min son som har blitt drepen. Eitt av prinsippa hans kjem eg alltid til å hugse, dersom du må gjere noko så gjer det med stil. Han fortalde meg også at ei vertinne aldri skulle orsake seg for feil i hushaldet, om det finst ei vertinne så skjer det, nettopp fordi det finst ei vertinne, ingen feil. Som sagt så levde vi alle godt saman og eg bar ikkje på noko oppriktig ønske eller nokon tanke om forandring. Det var det brotet i rutinane i livet vårt som brannen skapte, følgt av inntoget til Gertrude Steins eldre bror og kona hans, som gjorde utslaget. Med dei tre små Matisse-måleria sine hadde Mrs. Stein tatt med seg dei første moderne kunstverka som kryssa Atlanteren. Eg blei kjend med henne i ei tid da alt stod på hovudet og ho viste dei til meg, ho fortalde også mange historier om livet sitt i Paris. Etter kvart fekk eg sagt til far min at eg kanskje ville dra frå San Francisco. Det skaka han ikkje opp, trass i alt var det på den tida mange som kom og gjekk og det var mange venner av 9


meg som reiste. I løpet av eit år hadde eg også reist og eg hadde komme til Paris. Der drog eg for å treffe Mrs. Stein, som i mellomtida hadde returnert til Paris, og der i huset hennar møtte eg Gertrude Stein. Eg var imponert over korallbrosja ho hadde på seg og av stemma hennar. Eg må nesten seie at eg berre tre gonger i livet mitt har møtt eit geni og kvar gong var det ei klokke som ringde inni meg og eg tok ikkje feil, og eg må nesten seie at i kvart tilfelle så var det før genikvaliteten i dei var oppdaga. Dei tre genia eg har lyst til å snakke om er Gertrude Stein, Pablo Picasso og Alfred Whitehead. Eg har møtt mange framståande menneske, men eg har berre kjent tre førsteklasses geni og i kvart tilfelle så var det noko som ringde inni meg ved første augekast. Eg har ikkje tatt feil i nokon av dei tre tilfella. Det var slik det nye meiningsfylte livet mitt begynte.


2 da eg kom t i l pa r is

Dette hende i året 1907. Gertrude Stein hadde akkurat sendt Three Lives i trykken, ei bok som ho gav ut for eiga rekning, og ho var djupt inne i The Making of Americans, tusensidersboka si. Picasso hadde nettopp gjort ferdig portrettet av henne, som ingen på den tida likte bortsett frå målaren og den som blei måla, og som no er så berømt, og han hadde nettopp begynt på det underleg kompliserte bildet av tre kvinner, Matisse hadde nettopp fullført det første store lerretet sitt, Bonheur de Vivre, som gav han eit rykte som fauvist eller villmann. Det var denne tida som Max Jacob seinare kalla kubismens heroiske tidsalder. Eg kan hugse at eg for ikkje lenge sidan høyrde Picasso og Gertrude Stein snakke om forskjellige ting som hadde skjedd på den tida, ein av dei sa, men alt dette kunne ikkje ha skjedd på det eine året, å, sa den andre, kjære deg du gløymer at vi var unge da og vi fekk gjort ganske mykje på eit år. 11


merknad

Dette er ei bok eg lenge har håpa ville komme ut i ny utgåve på norsk. Den førre utgåva, på bokmål, er frå 1977 og er nesten ikkje å oppdrive lenger. Sjølv har eg måtta låne eit fillete og plastra eksemplar frå Deichmanske bibliotek kvar gong eg har hatt lyst til å lese «Alice B. Toklas’ selvbiografi» i omsetjinga til Kari Risvik. Men no får denne sundlesne boka kanskje kvile seg litt i magasinet, for omsider tok eg meg på tak og omsette den sjølv. Og kvifor bør akkurat denne romanen vere tilgjengeleg for dagens lesarar? Den kom ut så langt tilbake som i 1933, og det er ikkje så veldig mange som veit kven Gertrude Stein var eller som har lese noko av henne. Men dette verket er noko heilt for seg sjølv. For det første er boka utruleg morosam, i alle fall om ein har sansen for litt perfid og slem humor. Den gir eit interessant og på ingen måte nøytralt innblikk i kva som rørte seg i kunstmiljøet i Paris på tidleg nittenhundretal. Og det som kanskje gjer den særleg aktuell no, er at boka er ein frekk leik med biografisjangeren. Her brukar Gertrude Stein sin partnar Alice B. Toklas som forteljar, og tittelen gir inntrykk av at dette er Alices sjølvbiografi. Men ein skal ikkje lese lenge før ein skjønar at det er Gertrude som er hovudpersonen her. Dei som skriv og pratar om modernismen, har ein tendens til å gløyme – eller oversjå – dei mange kvinnene som var med på å skape ein heilt ny måte å skrive og tenke litteratur på. Gertrude 335


Stein leverte ikkje berre tekstar som var så nyskapande at det gjekk år og dag før nokon tok sjansen på å gi dei ut. Ho elska også å opptre som guru for forfattarane i sin generasjon, og ein finn mange kjende (mannlege) forfattarnamn blant dei som oppsøkte henne. Sjølv var ho ikkje spesielt opptatt av å løfte fram sine kvinnelege samtidige. Men det kjem tydeleg fram kva Gertrude Stein meiner om disiplar som Ernest Hemingway, Paul Bowles og F. Scott Fitzgerald. Ikkje alle kjem like heldig frå det i hennar subjektive framstilling. Stein, som sjølv lenge sleit med å bli utgitt og anerkjent, hadde stor påverknadskraft både i kunst- og litteraturmiljøet. Under lesinga kan ein gjerne tenke at ho kanskje overdriv si rolle, men det må i så fall berre vere ørlite grann. Nettopp fordi Stein i denne boka låner Alices stemme, har det blitt den mest tilgjengelege av bøkene hennar. Det er nesten snakk om normalprosa, om ein skal sjå litt stort på det. Men ein del lesarar vil nok sakne eit og anna teikn i setningane, Gertrude Stein hadde ein livslang skepsis mot teiknsetjing. Spørjeteikn brukar ho ikkje i det heile, ho nærer djup mistru mot kolon og er ikkje glad i komma heller. For å lette lesinga litt, har eg forsynt teksten med ein handfull fleire komma enn Stein fann nødvendig. Men i det store og heile har eg halde meg til hennar praksis, som gir ein heilt spesiell leseflyt og rytme. Heilt tilfeldig og merkeleg nok så har det ganske nyleg komme nye utgåver av denne boka også i Danmark og Sverige. Det blir spennande å sjå om dette betyr at det er ei vaknande interesse for Gertrude Steins forfattarskap i vårt hjørne av verda. Brit Bildøen

v e i h o l m e n, m a i 201 8


9 788279 592761

alice b . toklas ’ s j ølvbi ogr afi

om sett av b rit b ildøen

gertrude

stein

st e in

b r it bi ldø e n (f. 1962) kjem frå Aukra og er no busett i Oslo. Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1991 og har sidan gitt ut fleire romanar, barnebøker og omsetjingar, i tillegg til ei essaysamling og eit teaterstykke. Bildøen har lenge hatt eit nært forhold til forfattarskapen til Gertrude Stein og ser på ho som ei svært viktig stemme i verdslitteraturen.

Eg likar å ha utsikt men eg likar å sitje med ryggen til.

1 93 3

g ert r ude ste i n (1874–1946) var ein frontfigur i den modernistiske litteraturen og ein inspirator for mange kunstnarar og forfattarar i samtida. Ho viser at modernismen, som ofte vert knytt til dystre mannlege forfattarar, også var full av leik, uventa sprell og kvinner som ikkje brydde seg om konvensjonar. Stein har hatt stor påverknad på kunsten og litteraturen og blir i dag kalla «The Mother of Modernism».

Romanen Alice B. Toklas’ sjølvbiografi er ein kultklassikar og ei av dei mest tilgjengelege bøkene til Gertrude Stein, som for si tid var så nyskapande at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til sin partnar, sekretær, kokk og muse, Alice, fekk ho endeleg ein publikumssuksess og skapte eit verk så annleis at det også i dag er overraskande lesnad. Romanen er underhaldande og tørrvittig og gir eit godt bilde av det spesielle og internasjonale kunstnarmiljøet i Paris på byrjinga av 1900-talet. Stein vart skulda for å utlevere kunstnarane i boka på ein måte som gjorde at dei to kvinnene til slutt sat vennelause att. Romanen er såleis eit godt døme på at verkelegheitslitteraturen langt frå er noko nytt fenomen.

alice b. toklas’ sjølvbiografi

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.