Kvardagsmat av Anita Stokke Blomvik

Page 1

Kvardagsmat A N I TA STO K K E B LO M V I K


teks t: Anita Stokke Blomvik foto: Anita Stokke Blomvik des ign: Ă˜ystein Vidnes font: Vollkorn & p22 Underground papir: 150 g Hello fat matt trykk: gps, Slovenia Š skald 2018 www.skald.no ISBN 978-82-7959-288-4 isbn 978-82-7959-288-4

9 788279 592884


ALFABETISK OVERSIKT

affogato 154

avokado- og kyllingsalat 145

bakt søtpotet med tacofyll 133

blomkålsuppe 51

brennsnut 75

brokkolisalat 141

brokkolisuppe 61

butterdeigspai med bakte beter 99

bønneburgar med heimelaga dressing 96

chiligryte 137

daddelkuler med pekan 161

den beste pizza sausen 118

digge kjøttbollar i brun saus 76

druesalat 146

eggepanne 22

enkel pesto med valnøtter 18

enkel rekeskalkraft 48

fiskekaker med asiatiske nudlar 29

fiskekaker med potetstappe og erter 26

fiskepinnar 71

170


glutenfri pizza med pepperoni 116

gresk yoghurt medsjokolade og nøtter 153

grønsakskraft 47

jukse-bacalao 84

kantarellsuppe 57

koppkake 158

kraftkoking 43

krema blåskjel 91

krema klippfisksuppe 92

krydderkokte plommer med vaniljeis 165

kvit chorizopizza med speltbotn 115

kyllingform med soltørka tomat og spinat 130

kyllingkraft 44

kyllingsuppe 72

laks med krema pasta og ruccola 83

lasagne 124

linsegryte med tomat 104

mangosmoothie 157

nudelsuppe 58

omnssteikte jordskokkbåtar med enkel salsa verde 100

pai 149

pasta med pesto og tomat 16

pasta penne med avokadosaus 103

pastasløyfer med erter og speke skinke 21

potetsalat 142

171


pytt i panne 68

pølsegrateng 127

quesadilla 35

restemat 38

salat med spekeskinke og nøtter 36

sashimi 30

sjokolademandlar 162

spagetti med heimelaga saus 67

spagetti med sjampinjong og erter 107

sprø pizza med spekeskinke 112

steikt torsk med paprikasaus 80

superenkel fiskegrateng 123

søtpotetsuppe med curry 54

te med ingefær og sitron 166

teriyakilaks i bolle 87

tomatsuppe 64

torsketaco 88

tortillapizza 33

viltgryte med reinskav 134

172


4


FORORD Å lage god mat treng slett ikkje å vere vanskeleg. Når vår familie kan klare det, kan alle klare det. Denne boka er den eg skulle ønske at eg fann då eg gjekk i gang på kjøkkenet og ville at familien min skulle ete heimelaga mat. Kunnskapen heldt knapt nok til å lage kvit saus, og vi tenkte at vi måtte ha ein pose for å kunne lage middag. Eg ville at vi skulle ete ekte mat, i staden for halvfabrikata som vi var vane med. Etter kvart har vi fjerna oss heilt frå posematen, og lagar heimelaga mat frå botnen av, utan å ha gått verken husmorskulen eller kokkelinja. Mi meining er at det går heilt fint for alle å lage heimelaga mat, uansett kor lite tid du har brukt på kjøkkenet eller har tenkt å bruke der i framtida. I denne boka prøver eg å skildre så enkelt som råd korleis du skal gjere det, slik at du får eit godt resultat allereie første gongen du prøver ei oppskrift. Etter kvart som du blir meir driven på kjøkkenet (for eg trur du får sansen for å lage mat, du òg!), kan du tilsette og smake deg fram til nye vriar og variantar av oppskriftene som du finn her i boka – akkurat slik kokkane gjer. Når du lærer deg nokre basiskunnskapar, er det mykje lettare å lykkast på kjøkkenet – og mykje kjekkare å vere på kjøkkenet. I staden for å sjå på matlaging som eit ork og ei plikt, utfordrar eg deg til heller å leite etter matgleda. Når du veit kva du skal gjere i ulike situasjonar, blir alt så mykje kjekkare. Ingen likar å halde på med noko dei ikkje kan. Slik trur eg det er med alt her i livet. Brukar du tid på noko, og blir trygg i det, blir det kjekt. Akkurat denne strategien har eg brukt på kjøkkenet heime også. Mengdetrening er tingen. Prøv, feil, lær. Og plutseleg så forstår du kjøkkenspråket, du også! På vegen dit skal eg gi deg gode tips og dele mine favorittoppskrifter. Og det første tipset får du allereie no: Du treng ikkje lære alt på ein dag! Ta ei oppskrift du synest ser god ut, og lag ho eit par gongar. Då blir du trygg på ho og klarar å lage retten utan å stå med nasen ned i boka. Då tør du å invitere nokon, utan at det blir for mykje stress, og du kan plutseleg lage din eigen vri på retten. Det blir det matglede av! Eg håper du går i gang på kjøkkenet og finn matgleda, du òg! Lykke til! Beste helsing Anita

5


2


MIDDAG PÅ 10–15 MINUTT Dei dagane det plutseleg dukkar opp eit foreldremøte, ein fotballkamp eller ein dugnad, og du treng middag kjappare enn kjappast. Får du nokon til å dekke bordet samstundes som du lagar maten, rekk du lett å servere middag. Dette går faktisk raskare enn å steike ein frosenpizza!

15


28


FISKEKAKER MED ASIATISKE NUDLAR Har du lyst på fiskekaker, men med litt meir eksotiske smakar til? Prøv denne versjonen med asiatisk vri! I lag med nudlar med kort koketid og rå, knasande grønsaker, blir middagen ferdig på få minutt. Nudlane kjøper du på helsekostforretning, eller du kan bruke vanlege frå daglegvarebutikken. Kjapt og godt blir det uansett.

10–15 min / 4 porsjonar • • • • • • • • • •

4 store fiskekaker 2 ss smør/olje 2 vårløk 3 gulrøter 200 g (bokkveite)nudlar 2,5 cm ingefærrot 1 ss sesamolje 3 ss soyasaus ½ lime 2 ss sesamfrø

Slik gjer du: 1 2 3 4 5

Kok opp ein liten kasserolle med vatn og la nudlane trekke som det står på pakken. Del fiskekakene i terningar og steik dei i smør/ olje til dei blir bruna og varme. Del vårløk, gulrot og ingefærrot i tynne strimlar, bruk gjerne ein mandolin om du har. Hell av kokevatnet på nudlane og bland inn soyasaus, sesamolje og limesaft. Bland dei rå grønsakene inn i nudlane og server med fiskekaker og sesamfrø på toppen.

29


32


TORTILLAPIZZA Tortillalefser liggande igjen etter tacoen? Legg dei i frysaren, så kan du enkelt diske opp med tortillapizza neste gong du er svolten. Finn fram god topping og la lefsene få ein kjapp tur i steikeomnen. Ta-daaa! Fiks ferdig tortillapizza!

10–15 min / 2 porsjonar • • • • • • • • •

2–4 tortillalefser 3–4 ss pizzasaus Litt spekeskinke 1 dl riven mozzarellaost ½ raudløk i ringar 1 liten sjampinjong i skiver Litt salat/ruccola ¼ raud paprika Nykverna pepar

Slik gjer du: 1 2 3 4 5

Set omnen på 200 grader over- og undervarme. Legg lefsene på eit steikebrett. Smør pizzasaus på lefsene og fordel løk, sjampinjong, paprika og spekeskinke utover. Avslutt med ost. Steik midt i omnen i ca. 10 minutt, til osten er gyllen. Server med nykverna pepar og litt grønt på toppen. Mmmm!

33


RESTEMAT Det er ingen mat som gir meg meir glede på ein travel kvardag enn restemat. Mat som tek få minutt å varme opp og som gir minimal oppvask, er vel ei kvar småbarnsmor sin draum? Når du først lagar skikkeleg mat, blir det for dumt å kaste restane. Fyll dei i boksar og legg i kjøleskap og frysar. Dette er gull verdt på travle ettermiddagar. Her får du seks tips til kva du kan gjere med restemat! S E K S T I P S T I L KO R L E I S D U K A N P I M P E R E ST E M AT E N

1 2

3

4 5

6

38

Steik han i panne! Gjerne med godt med smør i botnen på litt høg varme, slik at maten blir karamellisert og får ekstra smak. Perfekt for gratengar. Strø litt ost over og set han i steikeomnen. Har du spagetti- eller pastarestar frå dagen før? Vips, så har du ein pastagrateng i staden. Vil du verkeleg gjere deg flid, kan du lage ein kvit saus, ha i eit egg og røre inn pastarestane her. Då brukar du prinsippa frå fiskegratengen på s. 123. Varm det i ein kasserolle. Har du restar frå ei gryte? Ha det i ein kasserolle og varm opp under omrøring. Legg du lokk på mellom røringa, går det endå fortare. Og så smakar gryter som regel alltid betre dagen etter, utan at du treng gjere noko. Kjem det rett frå frysaren, er det god hjelp i å tilsette 1–2 dl vatn i botnen av kasserollen. Då slepp du at det brenn seg før det tinar. Server godt brød til! Har du litt for lite mat til at det kan bli ein mettande middag? Med eit godt brød til blir det plutseleg meir mat. Legg til ein god salat. Alt blir betre med litt grønt til. Ein salat ved sidan av gratengen din gjer at det plutseleg blir ein ny rett. Vil du pimpe salaten endå meir, kan du tilsette nøtter, kjernar eller ost i tillegg til grønsakene. Server det som tapas. Har du litt restar av det eine og litt av det andre, så varm alt og set det på bordet, gjerne med godt brød til her òg. Då er det litt for ein kvar smak, og vips – du får tømt frysar og kjøleskap samstundes som at alle vert mette.


39


DIGGE KJØTTBOLLAR I BRUN SAUS Digge kjøttbollar er ein super middag å servere ein dag etter jobb og vanlege plikter. Middagen er på bordet på 30 minutt, kanskje endå raskare når du verkeleg får det i fingrane, og det smakar nydeleg. Den hemmelege ingrediensen for å få ekstra god smak på kjøttbollane og sausen er Worchestershiresaus. Smak på flaske, altså!

30 min / 4 porsjonar k j øt t b o l l a r • • • • • • • • •

500 g kjøttdeig 3 ss kavring/brødrasp 1 løk 1 ts salt ½ ts pepar 1 egg 1 dl frisk persille pluss ekstra til servering 1 ss Worchestershiresaus 2 ss smør/olje til steiking

b ru n s au s • • • • •

2 ss smør 2 ss mjøl (glutenfritt om det trengst) Ca. 5 dl vatn (eller vatn pluss kraft/buljong) 1 ts Worchestershiresaus ½ ts salt

i t i l l eg g t r e n g d u • Kokte poteter • Frisk persille • Tyttebærsyltetøy

l ag g j e r n e d o bbe l p o r s jo n o g f rys ne d

76

Slik gjer du: 1 Set over potetene. 2 Bland saman alt til kjøttbollane. Eg brukar helst ei matmølle og køyrer alt saman til det blir ein jamn masse. 3 Form kjøttbollar ved hjelp av ei spiseskei, og steik dei på middels–høg varme til dei er godt bruna på alle sider. Legg dei så til sides på ein tallerken, slik at du kan bruke steikepanna til å lage brun saus. 4 Smelt smør i steikepanna og rør inn mjølet. Rør rundt til jamninga har fått brun farge. Spe med litt og litt av vatnet/krafta, og rør godt mellom kvar gong, slik at du unngår klumpar. Kok opp sausen, og smak så til med Worchestershiresaus, salt og pepar. Legg kjøttbollane i sausen, og la dei trekke til potetene er klare. 5 Server kjøttbollar med kokte poteter, ei raus mengde frisk persille på toppen, og gjerne tyttebærsyltetøy til. tips: Har du ikkje kavring/brødrasp? Bruk havregryn i staden.


77


JUKSE-BACALAO Bacalao er ein av favorittrettane til min bedre halvdel. Difor har eg laga ein jukse-versjon av denne, slik at vi kan ete bacalao midt i veka – utan bløytlegging av klippfisk først. Klarar du å planlegge eit døgn i forvegen, er det berre å byte ut torsken med klippfisk og lage ekte bacalao i staden. Då lèt du klippfisken vere med i gryta heilt frå du har i potetene.

30–40 min / 4 porsjonar • • • • • • • • • • • •

84

1 løk 2 fedd kvitløk 1 raud paprika 5–6 poteter Ca. 400 g torsk 400 g hakka tomat på boks 1–2 ss tomatpuré Ca. 2 dl vatn 15–20 svarte oliven ½ ts salt ¼ ts pepar Ein neve friske urter (oregano/timian/persille)

Slik gjer du: 1 Del løken, kvitløken og paprikaen i terningar. 2 Skrell og del potetene i 5 mm tjukke skiver og fisken i store terningar. 3 Fres løk, kvitløk og paprika i nøytral olje. 4 Ha i hakka tomat, tomatpuré, vatn, salt og pepar. Kok opp. 5 Ha i potetskivene og la småkoke under lokk i 20 minutt til potetene er møre. Vend forsiktig eit par gongar. 6 Legg fisken innimellom potetskivene, slik at det ligg lagvis så godt det lèt seg gjere. Ha i litt meir vatn om det trengst for å dekke alt. 7 La trekke (ikkje koke) i ca. 5 minutt til fisken er ferdig. 8 Ha over oliven og friske urter, smak til med salt og pepar. 9 Set gryta rett på bordet og server med godt brød.


85


DEN BESTE PIZZASAUSEN Med eit glas av denne pizzasausen i frysaren er terskelen for å lage heimelaga pizza låg. Har vi ikkje tid til å vente på at deigen skal heve, er det tortillapizzaen (s. 33) vi går for. Då tinar vi pizzasausen nok til at vi kan skrape den ut over tortillaen, hive på litt fyll og smelle den inn i omnen. Har du grillelementet på i omnen din, går det superkjapt. På 1-2-3 har du nydeleg pizza med den beste heimelaga sausen.

40 min / ca. 1 liter pizzasaus • • • • • • • • • •

1 løk 1 ss olivenolje 2 fedd kvitløk 2–3 ss tomatpuré 2 boksar (800 g) hakka tomat 1 ts basilikum 1 ts oregano 1 klype chilipulver ½ ts salt ½ ts sukker

Slik gjer du: 1 2 3 4 5 6 7 8

l ag g j e r n e d o bbe l p o r s jo n o g f rys ne d

118

Del løken i terningar og steik han i olivenolje til den blir blank. Ha i finhakka kvitløk, basilikum, oregano og chilipulver og la det frese med i 1–2 minutt. Ha i tomatpuré, hakka tomat, salt og sukker. Kok opp og la småkoke i 20–30 minutt. Køyr sausen glatt ved hjelp av ein stavmiksar eller ein blender. Fordel sausen over på små glas på 1–2 dl og la avkjøle. Set på lokk, merk det med «pizzasaus» og legg glaset i frysaren. Smil for deg sjølv og gled deg til enkel pizza dei neste vekene.


119


128


129


KYLLINGFORM MED SOLTØRKA TOMAT OG SPINAT Kylling, soltørka tomat og spinat passar godt saman. I denne forma steiker du først kylling, løk og kvitløk gyllent i ei panne, før alt går i omnen ein kjapp tur. Vi serverer ris til, men pasta funkar også veldig bra sidan matfløyta blir som ein saus. Enkel og god kvardagsmiddag til heile storfamilien.

30 min / 4 porsjonar • • • • • • • • • • •

400 g kylling 2 ss rapsolje 2 ts basilikum 1 ts salt ½ ts pepar 1 raudløk 2 fedd kvitløk 100 g babyspinat 3–4 ss soltørka tomat i bitar 3 dl matfløte 1 ss maisenna

• 3 dl jasminris • 6 dl vatn • 1 klype salt

Slik gjer du: 1 2 3 4 5 6

7 8

9 10

130

Mål opp ris, vatn og salt i ein liten kasserolle og kok opp under lokk. La småkoke utan omrøring i ca. 20 minutt til risen er ferdig. Set omnen på 225 grader over- og undervarme. Del kyllingen i bitar, raudløken i båtar og finhakk kvitløken. Steik kyllingen i olje til den blir gyllen. Krydre med basilikum og salt. Ha raudløk i panna saman med kvitløk og steik vidare i 1–2 minutt. Ha i babyspinat og rør inn soltørka tomat. Spinaten fell saman når han får litt varme, så ikkje fortvil om det ser fullt ut i panna di i starten. Trekk panna til sides. Rør ut maisenna i ⅓ av matfløyta, til det er fritt for klumpar. Bland saman med resten av matfløyta og hell i panna. NB! Dersom panna ikkje toler steikeomn, må du ha alt over i ei eldfast form no. Steik midt i omnen ca. 15 minutt, til kyllingforma har fått litt farge. Server kyllingform med ris til.


131


KOPPKAKE Koppkake, eller Cake in a Cup som det heiter i resten av verda, er kake på få minutt. Med ingrediensane blanda i ein kopp er det berre å la det få ein tur i mikroen før alt er klart. Perfekt når det skal vere kake på senga ein bursdagsmorgon. Dette er ei mektig kake som gjerne kan delast på to.

5 min / 1–2 porsjon • • • • • • • •

158

4 ss kveitemjøl 3 ss sukker 2 ss kakao 1 egg 3 ss mjølk 3 ss nøytral olje 1 ss kaffi ½ ts vaniljesukker

Slik gjer du: 1 Bland saman alt i ein stor kopp. 2 Set koppen i mikroomnen på full styrke i 1,5 minutt. Kaka er best når ho er mjuk i midten. 3 Nyt! tips: Treng du glutenfri versjon? Bruk lys glutenfri kakemiks i staden for kveitemjøl.


159


i s b n 978-82-7959-288-4

skald.no

Kvardagsmat

Følger du Anita sine gode råd, lærer du knepa som gjer det både lettare og kjekkare å lykkast på kjøkkenet. Heimelaga mat kvar dag er absolutt mogleg. For som ho seier: «Kan vi klare det, så kan alle klare det!»

Kvardagsmat

Du får oppskrifter for dagar der heile familien skal på trening og det knapt er tid til å lage middag, oppskrifter til ein heilt vanleg tysdag og oppskrifter på gode rettar til dagen du får huset fullt.

A N I TA STO K K E B LO M V I K

Anita Stokke Blomvik står bak den populære matbloggen Kvardagsmat. Der har ho sidan 2013 delt sine beste tips og oppskrifter på korleis ein enkelt får til heimelaga mat i ein travel familiekvardag.

A N I TA S TO K K E B LO M V I K


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.