Store spel. Soga om Vesås i verda

Page 1

Store spel Soga om Vesås i verda

S OGA OM V E SÅ S I V E R DA

ISBN 978-82-7959-304-1

Store spel

ISBN 978-82-7959-304-1

9 788279 593041

SKALD

ARNE VINJE

Arne Vinje skildrar i denne boka verda gjennom garden Vesås i Vinje. Han fortel om særprega personar, tragiske lagnader, handverk, kunst og sterke tradisjonar, og om korleis garden og bygda gradvis blir del av større politiske og økonomiske samanhengar. Kva framtid har Vesås og norske gardar i dette biletet? Tarjei Vesaas voks opp på Vesås, noko som viser att i forfattarskapen hans. Boka granskar korleis denne fjellbygda kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, korleis ein åndeleg gigant som Aasmund Olavsson Vinje kunne vekse fram her og kvifor folkekulturen kunne bløme så rikt i eit materielt fattig samfunn. Grunntemaet er korleis folk tek i bruk eigne ressursar, formar omgjevnadene sine og sjølve blir forma av den naturen dei er del av – vekselspelet som Tarjei Vesaas kalla «det store spelet».

ARNE VINJE


Foto: Anne Vesaas: 6, 21, 34, 39, 41, 42, 58, 68, 70, 72, 74, 75, 78, 86, 87, 88, 91, 105, 107, 110, 112, 113, 115, 118, 120, 126, 143, 145, 149, 151, 179, 183, 194, 230, 231, 261, 266, 278, 279, 280, 285, 286, 288, 290, 291, 297, 303, 311 Amund Søberg: 44, 51, 284, 298, 320, Olav Vesaas: 12, 86, 88, 196, 212, 221, 224, 236, 239, 241, 243, 246, 247, 250, 251, 270, 306, 308 Johan Brun: 19, 188 Øyvind Johnsen: 31, 55, 193, 229, 232, 247, 248, Sigrid Vesaas: 32, 109, 274 Arne Vinje: 38, 220 Eli Vesaas: 112, 210, 211, 240, 242, 244, 272, Eivind Vesaas: 158, 159, 165, 169, 171, 173, 174, 175, 177, 180, 205, 207, Dagne Vesaas 189 Signe Vinje: 268 Ingebjørg Vaagen: 235 Olav Erlend Aslaksen: 281, 292 Ånond Vesaas: 96 Leif Berge: 14 TA/Ronald Haakonsen: 218, Varden/Halvor Ulvenes: 255, 273 Nasjonalbiblioteket: 25, 131 Nordiska Museet: 64 Tim Scrivenere/ALAMY: 27 Privat foto: 16, 23, 83, 89, 93, 98, 99, 100, 106, 123, 124, 125, 129, 130, 135, 136, 140, 145, 147, 154, 153, 155, 156, 157, 158, 159, 167, 168, 176, 178, 191, 198, 204, 206, 222, 228, 230, 237, 245, 258, 265, 273, 276, 282 Postkort/Mittet: 97 Postkort/Normanns Kunstforlag AS: 185 Oslo Museum: 133 Christoffer Gade Rude: 137 Vest-Telemark Museum: 141, 219 (Jostein Granlid) Kart: Sigrid Vesaas: 37, 40, 52, 195, 217, Silje Nes: 215 Måleri/teikning: Øystein Vesaas: 23, 103, 139, 203, 281 Harald Aasland: 48

Med støtte frå: Norsk kulturråd Vinje kommune Nynorsk kultursentrum Vinje historielag Biletredaktør: Sigrid Vesaas Font: Adobe Caslon Pro, Futura Papir: Magno Natural 120 g. Trykk: Livonia Print © SKALD 2020 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-304-1


Vi stĂĽr pĂĽ ei plattform av fortid og ser i eit brennande no mot ei komande framtid. Jon Bojer Godal


Innhald

F Ø REORD

9

V E SA AS -L AN D

VESAASANE

13

Natur og kultur 15 Eit episk element 17 Røter 19 Garden og menneskets økologi 21 Kontroll over naturen? 24 Vekstens kostnader 26 Spel mot spel 28 Så mange spørsmål 30 V ESÅS

33

Garden og namnet 33 Namnet Vesås 34 Opphavet til garden 39

45

1657 46 Tor Gunnarsson 48 Furu eller grån? 51 Hoskuld og Lodvor 53 Anne Vesaas og Hans Jacob Wulf 57 Kornet: Frå gudslån til internasjonal handelsvare 60 Stengt inne i bygda 61 Sondre Torsson 63 Gunnar Torsson 65 Kjetil Torsson 66 Aslak Byrte 67 Halvor Sondreson 71 Tarjei Halvorsson 74 Stutte liv 77 Epidemien og vaksinatøren 78 Tarjei og Aanund Knutsson Vesaas 80 Anne og Rikard 84 Rosemåling 86 Olav Tarjeisson 89 Amerika-fararar 90 Framgang 99 Redaktøren frå Vinje 100 Skogen – mykje arbeid, men auka avkasting 103 Tømmer – mål og verdi 104 Tarjei O. Vesaas 106 Kunnskapen i gardsdrifta 108 Tarjei tek over 115 Politikaren 118 Familien 122 FLEIRE VEGAR

127

Verda kjem nær 127 Sigrids reise 129 1892 130 Øystein Vesaas 136 Kvar sin veg 146 Langeli, Huso 149


N Y E TID ER

15 5

Fakta og fiksjon 156 Mat i bygd og by 164 Mjølk er mange ting 165 Samvirket i landbruket 172 Folket på Vesås 172 Odelsguten 180 Vinje ungdomslag 181 Eivind 190 Aanond 193 Hus og tun 194 Krigen 199 Det bynære jordbruket 201 E T T E R KRIGSÅRA

205

Den konfliktfylte jordbrukspolitikken 208 Tokke-utbygginga 213 Eli 223 Eli og Olav 227 N Y E VIN DAR

235

Jordbruk og skogsdrift på syttitalet 238 Livet i friluft 244 Samarbeid og verdiskaping 252 Neset fôrdyrkingslag, Bøgrend sag Vesaas-kurven 255 Vesaas og Vesås på film 256 Frå korn til mjøl 260 Valfarten til Vesås 261 Vinjeutstillinga 263 Ei kunstinteressert bygd 264 Mjonøy 264 Endringar 267 Reiseliv 272 Nytt generasjonsskifte 275 Tale i gravferda etter Olav Vesaas 281 Kva no? 283

KVIF OR DET B ØR BU F O LK PÅ VESÅS • 289

Tvisyn 292 Sjølvforsyning og sjølvberging 300 Verda som dirrar 302 Kriseforståing og klimakur 305 Staten mot staten: Riksantikvarens kritikk av «Klimakur 2030» 309 Eit vendepunkt? 310 Notar 313 TILLEGG

325

Tidslinje 326 Slektsskjema 327 Kart over eigedomen (utmarka) 331 Litteratur 333


12


Vesaas-land Ein gard er noko for seg sjølv. Historia om kvar einaste gard vil avspegle skiftande tider, ulike naturlege vilkår og heile spekteret av lagnader hjå dei som har hatt garden som bustad, arbeidsplass og føresetnad for sine liv. Ingen historier vil vera like, og dei fleste vil innehalde dei elementa som òg kjenneteiknar menneskelivet: vekst og forfall, triumf og tragedie, ro og oppbrot. Slik er det med garden Vesås òg. Men i tillegg er Vesås spesiell på grunn av tilknytinga til ein av dei sentrale diktarane i norsk litteraturhistorie. Gjennom romanane, novellene og poesien til Tarjei Vesaas er det skapt eit litterært univers der denne garden saman med bygda og landskapet er ein slags botn, mest som ei attkjennande kjerne som fiksjonen er spunnen rundt. Det er nesten blitt slik at ein ser Vesås gjennom diktinga til Vesaas, og dei som har vore i Vinje les gjerne Vesaas med Vesås i minnet. Det er slett ikkje berre i Vinje at slike koplingar skjer. Forfattaren Hans Herbjørnsrud, som fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1980 og seinare ei lang rekke andre prisar, har tydeleg og direkte gjort sin eigen gard i Heddal til eit knutepunkt mellom røyndom og dikting. I artikkelen «Her har alt skjedd og her kan alt skje»3 gjer han grundig greie for denne samanhengen og dei herleg forførande teknikkane han nyttar for å skape naturlege og tilforlatelege omgjevnader for dei fantastiske novellefigurane sine: «Det skal helst ikkje vera nokon konflikt mellom dei skogkarta Tømmersalslaget ritar og det landskapet novellene mine teiknar.» Herbjørnsrud understrekar at det lokalgeografiske utgangspunktet ikkje avgrensar diktinga, korkje for han sjølv eller andre forfattarar. Tvert om er mange høgdepunkt i verdslitteraturen knytte til konkrete stader, og dei har gjerne ei biografisk form. Som døme på verk der det personlege og lokale blir gjort ålment på tvers av tid og rom, nemner Herbjørnsrud Ulysses av James Joyce og På sporet av den tapte tid av Marcel Proust, og legg til

13


forfattarane Franz Kafka, Samuel Beckett og William Faulkner som døme på det same. Og ikkje minst Tarjei Vesaas. «Mellom alle dei mange forfattarane i si samtid, raga han opp som Diktaren. Vesaas var odelsgut, og hadde – i motsetnad til meg sjølv – vett og styrke til å seia frå seg garden då han merka at vengene bar. I dei rikaste bøkene sine nyttar også han sitt eige landskap i Vest-Telemark som scene Tarjei Vesaas, 1967. for handlinga. Rett nok er det eit stilisert Vinje han skildrar, men ingen er vel i tvil om at fantasien hans grodde opp av det lokale like rotfast og rakt som dei snøkledde granene han meinte var eit bilete på det heimslege». Dette lendet kallar Hans Herbjørnsrud Vesaas-land. Nemninga omfattar så vel det flokete og ugreie landskapet i VestTelemark som den tilsvarande innfløkte hugen til den som bur der, og særleg til den som gjev seg diktinga i vald. Der er Aasmund Olavsson Vinje eit sentralt døme. «Tanken hans er like kaprisiøst vekslande som den naturen han voks opp i, full av bråkast og tverre vendingar, tvisynt og vinglande, ustadig og omskifteleg. Naturen i heimegrendene er blitt menneskenatur hos Vinje». Tarjei Vesaas formulerte sjølv på ein varsam måte denne samanhengen mellom det ytre og indre landskapet: «Tenkjer Telemark er det mest mangslungne her finst. Kinck seier at Setesdal er køyrd inn i landet som ei plogfòr, ei lang og enkel line, og slik er det med mange andre dalføre, men i Telemark gjeng dalane på langs og tvers til ein vase av dalar som det skal kjens folk til å klare seg ut av. Og som landet er, er òg folket kanskje. Ein kann råke på det mjukaste der, so ein blir rar, so ein blir bån att. Det kann hende ein at ein blir standande som i visa og seia forunderlege ord: Eg tikje so vent om ditt gule hår som epli dei dryp på kviste –

Men i neste blink kann ein hava forrekna seg og stanga panna mot ubøygjeleg stivsinn og trass, ein hovmodig adelstått som rår i vidgreina teleætter, der dei reknar seg jamgode med kven det 14


er. (…) Det er som det slæst inni telen um telen. Han er jamleg ein hard hals, men på same tid lever der i dalane hans den vaknaste sansen for poesi, han kann njota det finaste. Og like vaken er sansen for gilde hestar og kanskje mest fe, for skiløyping, for karstykke, for tolleknivar.»4 Er det ein slik samanheng mellom naturlandskapet og menneskehugen? I denne historiske vandringa gjennom Vesaasland – eller snarare Vesås-land – møter me ulike mennesketypar, som i alle andre land. Her er alle slags lagnader. Mange av dei kunne godt ha figurert i romanar, men dei fleste og dei eldste møter me helst i forbifarten og i slike situasjonar som folkeminnet har teke vare på for ettertida. Etter kvart lyser kjeldene godt og stabilt nok til at det er mogleg å gjeva meir enn nokre glimt, og fram mot vår eiga tid veit me mykje meir om ein del av personane på og ikring Vesås enn det er plass til å formidle her. N AT U R O G K U LT U R

Så er det då også Vesås boka handlar om, like mykje som menneska som har vore knytte til garden. Ja, det er dette vekselspelet mellom menneska, naturen, arbeidet, lokalsamfunnet og verda utanfor – det såkalla storsamfunnet – som er sjølve temaet. Alle desse faktorane samlar seg i garden. Garden er ei dynamisk eining som formar naturen og landskapet, styrer menneska og blir sjølv styrd av dei. Og garden rekk ut over seg sjølv, han er del av ein vidare krins av gardar og grender, og denne krinsen er også i stadig utvikling og endring i takt med sine omgjevnader. Dette økologiske (eller meir presist humanøkologiske) perspektivet legg vekt på at vekselverknaden mellom naturen og menneska skaper lokale kulturar med kvar sitt særpreg, og formar dei som bur der. Det er ikkje urimeleg å gå ut frå at Tarjei Vesaas og Hans Herbjørnsrud hadde dikta på andre måtar om dei ikkje hadde vakse opp i Vinje og i Heddal. Eller kanskje dei ikkje hadde dikta i det heile. Korkje naturen eller kulturen lagar lagnad, berre eit ufatteleg tal moglegheiter. Folk er ulike, jamvel om dei er sysken som veks opp saman. Tilsvarande liknar gardane i bygda på kvarandre, samstundes som dei har individualitet. Åkrar, reinar, rydningsrøysar, slåtterøysar, steingardar, murar, tufter, hus til ulike føremål og av ulik alder, gamle holvegar, nyare køyrevegar, kulturminne frå ei fjern fortid 15


32


Vesås

GARDEN OG NAMNET

Om lag trehundre meter etter at vegfarande vestover på E134 – truleg utan å vera klar over det – har passert brua over det vesle vassdraget som deler Bøgrend i to, tek Vesåsvegen av til høgre. Gardsvegen går slakt oppover i nordleg retning, og svingar så meir mot vest i krysset med Fetveitvegen. Derifrå ber det opp i ein tett granskog, og eit langt stykke er lite anna å sjå enn skogen, heilt til landskapet brått opnar seg mot vest og sør. Der ligg Vesås. På ein avsats i det skrånande landskapet, nesten 660 meter over havet, er husa på den gamle garden samla kring eit fint tun: stoga, driftsbygningen, loft og bur, kårstoga; og ende bakom, på hi sida av vegen, ligg eldhuset og badstoga. Litt lenger unna er smia. Tunet ligg der liksom opphøgd, omkransa av åker og eng, og med eit storfelt utsyn til skoglier og høgfjell i aust, sør og vest. I nord er gardens eigne skogar. Ein ser vidt frå Vesås, men ein ser ingen grannar. Garden ligg «for sjave seg», og så langt frå europavegen at trafikkstøyen ikkje når hit. Midt mellom grendene Bøgrend og Vinje, men rekna som høyrande til Bøgrend. Sjølve namnet Vesås – kanskje meir kjent i skriftforma og familienamnet Vesaas – er mest som eit stempel på telemarkskulturen. I vide krinsar, nasjonalt og internasjonalt, gjev det assosiasjonar til romanar og poesi; meir lokalt òg til handverk og kunst.

33


Tarjei som den mest tradisjonsbundne av dei. Det lèt seg skjøne: Han var frå Vesås, der dei slett ikkje hadde for vane å suge til seg det nye berre fordi det var nytt, anten det var landbruksteknologi, samfunnssyn eller kjønnsroller.208 Om denne konservatismen ikkje var like inngrodd hjå Tarjei Vesaas som hadde reist i mange land, lese mykje og møtt mange ulike menneske alt som ung forfattar, så var nok spenningane kring den såkalla kvinnefrigjeringa til stades òg på Midtbø. Men spenningar kan vera fruktbare på mange vis, så sant dei ikkje blir så sterke at strengene ryk. Dei rauk ikkje. Tvert om, sa Halldis, ekteskapet voks seg heller sterkare med tida, og tok fyrst slutt då Tarjei døydde 15. mars 1970. Ein treng ikkje krevje ei meining med livet for at det skal vera godt og meiningsfullt å leva. At det er meining i arbeidet ein går til kvar dag, er vel så avgjerande. «Etter 40 års skriving kan eg seia at eg ikkje ein dag har angra på det eg har brukt tida mi til», skreiv Tarjei i 1965. «Når eg tenker tilbake fyllest eg av takksemd fordi eg har fått arbeide med det eg helst ville. Det er altfor mange som ikkje får det.» 209 Halldis avsluttar den siste memoarboka si slik: «I det fargerike mangfaldet skil to ting seg ut som det eg er mest takksam for å ha hatt og framleis har: samliv, og arbeid.

Halldis og Tarjei på Midtbø. Foto: Johan Brun

188


Samlivet med den næraste og med barn og barnebarn og alle eg er knytt til med gode band. Og arbeidet. Så mange slags arbeid, heile «det lange bevægede arbeids velsignede dag». Lykka ved å ha fått alt dette i så rikt mål, det vil eg tru kjem til å bli det siste eg ser stå.»210 No skulle det vera mogleg å skimte eit svar på spørsmålet om korleis det var å vekse opp i Guri og Olav på trappa til Midtbø. denne heimen, der arbeidet med litteraturen var så sentralt og så ulikt andre heimar i bygda. «Det hende nok at kameratane mine erta meg då eg var liten med ord som: «Far din gjer ingenting, han slit ut buksene sine berre i foe (baken)». Då måtte eg av og til ta knyttnevane i bruk for å forsvare forfattarstanden», fortel Olav Vesaas.211 Men han legg til at slike små kontroversar ikkje var uttrykk for dei generelle haldningane i lokalsamfunnet. Me har sett at vinbyggane hadde sans for litteratur og kunst, og no tykte folk flest det var gildt å ha to profesjonelle og høgt verdsette forfattarar midt iblant seg. Familielivet, skriv Olav, var prega av gjensidig tillit. Han nemner i ein parentes at han i tidlege ungdomsår, som protest mot litteraturveldet på Midtbø, hadde tenkt å utdanne seg til teknikar, men slik blei det ikkje. Olav tok lærarskuleeksamen og gjekk deretter vidare til Universitetet i Oslo, der han tok cand. philol.-eksamen i nordisk i 1968. Hovudfagsoppgåva handla om Dyregodt-bøkene til Tarjei Vesaas. Slik blei litteraturen faget for Olav òg, men med eit anna utgangspunkt enn foreldra: Feltet hans var journalistikk og formidling. Like etter hovudfagseksamen blei han tilsett i NRK, og gjennom radioen blei han snart ei kjend røyst som leiar for mange program om kultur, litteratur og språk. I nærare 30 år arbeidde han i kringkastinga, med eit avbrot på to år då han var forlagssjef i Det Norske Samlaget. Olav Vesaas har òg hatt ei lang rekkje verv og offentlege oppgåver, mellom anna fleire litteraturutval i Norsk kulturråd, styret for Nordens hus i Reykjavik og Norskfinsk kulturfond. Han har redigert fleire diktantologiar og skrive biografiar om Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas og Halldis 189


HUS OG TUN

Øystein Vesaas var arkitekten bak tilbygget på stoga i 1938. Truleg var dette fyrste gong det blei bygt hus etter teikning på Vesås. Desse skissene var utkast som ikkje blei fylgt fullt ut.

Snittet syner stoga, ivistoga og «banken», slik huset er i dag. Teikna av Sigrid Vesaas.

194


«Birkeland-hytta» bygd 1950 (?) rivast 2020 –ny 2021

Badstoga Eldhuset

Smia

tilbygg 2013

Låa

Kårstoga

bygd 1952

bygd 1972

Veslebur

Loftet

bygd 1735

Planteikning av tunet.

Kvar generasjon gjer sine endringar. Førebels siste byggjetrinn 2017: «Banken» blir rausta om for å få plass til vaskerom. Stein og Olav inspiserer.

195


Gjestebodsfolket samlast i tunet, enno tidleg pĂĽ kvelden. Foto: Ă˜yvind Johnsen

232


233


234


Nye vindar Hausten 1971 var Eli i Oslo; ho tok til med vidareutdanning i biletvev på Statens lærarskule i forming. Etter den hektiske sommaren 1972, dominert av bryllaup, bygging av kårstoge til Aanund og Ingebjørg og EF-strid, heldt ho fram med denne utdanninga. Det var pendling att og fram til hybelen i Oslo – eit fanteliv, eigentleg, og mange hadde vanskar med å skjøne at ungkona på Vesås innretta seg slik. Men for Eli var det viktig å få seg ei god utdanning, og dessutan blei ho driven av interessa for faget. Olav støtta henne i dette, likeins hennar eigen familie. Det var trass alt berre tale om nokre få år, og om ho la studia til sides no, ville det vera mykje tyngre å taka dei opp att seinare. På same måten som Olav nytta seg av reiskapen til sylvsmeden Tarjei Vesaas, gjorde Eli seg nytte av vevstolmakaren. Den avsluttande oppgåva hennar i faglærarklassa i vev ved Statens

Ja til kvarandre, nei til EU.

235


288


Kvifor det bør bu folk på Vesås Det virvar av forskjellige og ganske tvilsomme stammer som til sammen utgjør det norske folk, er blitt formet av natur og livsvilkår i noen tusen år, til det er blitt en slags enhet av mangfoldigheten. Og det virvar av akrer satt på ende, korn dyrket i steinrøyser, gjensidig kiv og felles ulønnsomhet som utgjør det norske jordbruk, det må på en eller annen måte ha lønnet seg allikevel, eftersom det har vært med på å holde liv i dette folket gjennom det samme antall tusen år. Og tilsammen er dette dobbeltvirvaret rett og slett Norge. Sigurd Hoel: «Bør det bo mennesker i Norge?», i Tanker fra mange tider, Gyldendal 1948

Å sjå til er ikkje Vesås i 2020 mykje ulik garden for hundre år sidan. Det hjelper sjølvsagt at «dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå», men liksom Veggsfjødd og Ormeggine står også buret og loftet på sine faste plassar, og midt imot ligg framleis stoga tung og stø og held heile tunet i famnen sin. Inne er sjølve daglegstoga så å seia uendra. Golvet av breie furuplankar er bulkete her og der, slite av føtene og treskorne til mange generasjonar av vesaasar. I himlinga er det feste til akslingen på rennebommen252 – stoga var òg ein arbeidsplass. Innreiinga er tradisjonell: Langbordet der Tarjei Vesaas sat ved den eine enden og skreiv dei fyrste romane sine, veggfaste benkar og elles kubbestolar; i eine hjørnet er gruva eller peisen med skòra der dei hengde grytene, i to andre er kronsengene, den eine i to høgder. Innmed gruva er skiva – ei bordplate som er festa til veggen med hengsler og med ein hengsla fot i framkant. Garden i endring. Skiva kan lett hektast opp, og tente som matbord 289


og samarbeide og til å tenkje sjølvstendig og langsiktig. Sjølvbergingsevna føreset samfunn utan markerte klasseskilje. Alt dette er skildra i historia om Vesås, som i dette høvet er ei representativ historie – dei norske bygdene var i større eller mindre mon prega av sjølvberging til langt inn i førre hundreåret. Det kom som nemnt godt med den gongen, men ingen har gløymt at sjølvbergingssamfunna var jamt over materielt fattige. Folk ønskjer seg ikkje attende dit. Det er det heller ingen som seier at dei skal: Det er like umogleg for eit samfunn å gå attende til ein tidlegare historisk tilstand som det er for eit menneske å bli yngre. Derimot er det ikkje berre mogleg, men òg tvingande naudsynt, å styre utviklinga i retning av auka sjølvberging att. Trongen for endring er no så allment akseptert at omgrepet «det grøne skiftet» har lagt seg innåt det eldre og noko slitne «berekraftig utvikling». Mange fryktar at det blir med retorikken, men det er eit faktum at styresmaktene etter kvart bind seg til konkrete mål og politiske program med sikte på omfattande omleggingar av økonomi og næringsliv. Spørsmålet er berre om det monar. VERDA SOM DIRRAR

Krigsåra 1940–45 står framleis som den verste krisa Noreg har gjennomlevd i nyare tid. I 1941 skreiv Tarjei Vesaas eit stykke han kalla «Fred og land», der han skildrar spenninga, stemninga og uvissa i den mørkaste tida på året, like innunder jol. Ute snør det tett. «Det store landet er mørkt, og også byane ligg mørke om kvelden.» Så skifter vêret. Neste dag kjem milde vindar med regn, og snøen som nyss hadde kome, brånar. Slik er landet vårt. «Vi er så hjarteleg i trumål med det, med vind og vêr og veksling. Det er norsk vêr. Vi vil ha det mot andletet vårt i alle dagar. Men vi gløymer vêret, for alt dette andre ikring oss som vi ikkje skjønar og ikkje toler: Verda som dirrar.» 264 Vêret representerte normaliteten for den litterære seismografen frå Vinje. I dag er det vêret som varslar avviket og skaper uro. No dirrar verda att, i ei slags bylgje av kriser. Finanskrisa i 2008 og 2009 var skakande nok, ikkje minst fordi nesten ingen såg at ho kom, og fordi ho spreidde seg så lynraskt i den rike delen av verda. Også realøkonomien blei så skadd 302


at delar av han ikkje har kome seg enno, trass i at statane greip inn med kraftige tiltak for å berge dei store finansinstitusjonane frå konkurs. Finanskrisa heldt seg innanfor det økonomiske systemet. Ho demonstrerte kor ustabilt dette systemet er, kor avhengig verda er blitt av at det surrar og går, og kor lite det lèt seg styre. Men finanskrisa gjekk ikkje laus på sjølve dei biologiske livsvilkåra våre, og fekk snautt verknader for Vinje. Det gjorde derimot koronakrisa, pandemien som råka verda tidleg på våren 2020. Eit nytt virus spreidde seg lynraskt over heile kloten, gjennom dei same kanalane som har skapt stadig meir omfattande handel og reiseliv over landegrensene. Mot det dødelege lungeviruset stod jamvel supermaktene makteslause. Der var ingen vaksine og ingen kur, og sjukdomen covid-19 smitta lett der menneske var samla. Stader som gatene, butikkane, kyrkjene, flyplassane, bussane, trikkane, skulane, universiteta og arbeidsplassane var farlege stader å vera. Fotballkampar, konser303


Store spel Soga om Vesås i verda

S OGA OM V E SÅ S I V E R DA

ISBN 978-82-7959-304-1

Store spel

ISBN 978-82-7959-304-1

9 788279 593041

SKALD

ARNE VINJE

Arne Vinje skildrar i denne boka verda gjennom garden Vesås i Vinje. Han fortel om særprega personar, tragiske lagnader, handverk, kunst og sterke tradisjonar, og om korleis garden og bygda gradvis blir del av større politiske og økonomiske samanhengar. Kva framtid har Vesås og norske gardar i dette biletet? Tarjei Vesaas voks opp på Vesås, noko som viser att i forfattarskapen hans. Boka granskar korleis denne fjellbygda kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, korleis ein åndeleg gigant som Aasmund Olavsson Vinje kunne vekse fram her og kvifor folkekulturen kunne bløme så rikt i eit materielt fattig samfunn. Grunntemaet er korleis folk tek i bruk eigne ressursar, formar omgjevnadene sine og sjølve blir forma av den naturen dei er del av – vekselspelet som Tarjei Vesaas kalla «det store spelet».

ARNE VINJE


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.