Bortom allfarveg

Page 1


• OV E R N

1 Ca A n 2 f vas T T T I N G lo elem 3 T 15 ark re 10 4 2 topph 9|2 y t 5 H Aurl tene 1 a a 6 T ukåse nd 22 9 ung n 2 7 B estø 6 ir l 8 K dbox 3 en 31 råk 5 9 T ene unh s fy Lod eimsF r 39 10 ge 44 jørå B 11 N ritann am ia 4 & T sen S 9 rain alm Exp on erie nce 53

9

8

61

30

12 A r 13 N ctic H or ide Bou dic away 57 14 N tiqu e Ba a u 15 W stho rn 6 l 16 N olf Lo men 62 7 orq dge Skj uest 72 ærh res au 17 S ort 76 gen no Kir whote 18 J kene l s o 19 S tka Fj 80 e a 20 ndøy llstue 8 Var a Br 21 N ang ygg 4 or er L e 88 Lod densk odge ge 9 iöld 93 8

79

60

29

53

40 26 25

24

54

7

49

34 44

62

78

41

28

43

42

77

27

4

76 75 2

1

22

59

11

31

6 5

23 68

12

80

3

50

63

55

51

74

14

69

52

21

39

32 10

33

81

13


+58

+19

56 35

57

37

38

36 45 47

15

70

48 73

65

16

18

72

67 20

71

46

• MAT &

22 H DR ei Cho mdal I K K E 23 L kola ind de Ølk heim 106 24 omp Ber ani Adv gen Fj 109 25 P entu ord ar res Vos k Hote 112 26 seva l n S 27 Hmalah gen 11 au ove 6 Gar gen tunet 119 28 dsm Slin at 1 2 d 29 C e Vi 2 30 hristia ngard Kam n G 125 aar Sko i d 12 31 S tholm 8 t 32 E randb en 132 a 33 S xperie ren 13 6 n æ 34 terst ce 140 Til a d E G Fr lise ård 1 43 35 Na Mari eum us 14 Røy ann 6 ’s k Sup eri & p e 36 K rclu 37 Mvitnes b 150 G 38 eløyv ård 1 Biv ær 5 39 rost pub 5 Isfj 1 ord 67 161 Rad io 1 71

17

66

• FJORD

40 F 41 Minnafj & ! FJ E LL o 42 olden rden 1 F 78 1 43 iskevo 83 Tro llen 44 llfot 18 5 V e 45 istenfj n 190 Efjo or 46 rdtr den 19 S i 47 kjome angele 2 Bei n 1 t1 Kat sfjordg 98 95 te u tro ratgu bben, l b l k b 48 Tru jerring en og mp tro a 203 llet 205 ØYA 49 R N 50 y-Hel H le 51 R idra 2 sund 1 208 52 Vøvær 2 0 1 ær 5 Bul lande a 53 F nde t og t 54 røya 2 218 Gri 2 55 S p 22 2 mø 4 Ve la m 56 iholm ed H e 57 S adsel n 227 ør- øya 2 58 Sen Sør ja 2 35 øya 38 242

• STREN

59 S D 60 tolen 2 E R Vet 4 61 B vika 8 2 l i 62 mssa 50 Rau nd e ø 63 H ra 2 n 252 64 ovdsu 54 O n 65 tervik det 2 5 Isn a 66 esto 258 6 Gre ften n 67 Luo se Jak 260 vtta obs t 26 elv 2 63 6 GRE 68 F NDE 69 eda 27 R N 0 70 austd Hav al 2 71 B nne 72 s u 72 K gøyn 275 e 73 Mongsfj s 278 eh ord og G amn 281 am vik 286

• OPPLE

74 B ru V I N jett fjellhå G A R 75 H egryt lene e 76 avens 292 Em 295 ma anuel u 77 R sole Vigel an u 78 amner m 298 d A e 79 ursjøv iret 30 Tro ege 80 llky n 301 rk H 81 Mansha ja 3085 arm llare ors n 31 lott 0 et 3 13

o v e r n at t i n g s s ta d e r · k r å k e n e s f y r

5


kjærast med den du tek med deg inn i boksen. Forholdet kan ha vart litt lenger i den største modellen, som er like brei, men 5,1 meter lang. Dei kan også levere ein mindre toalett- og dusjmodul i same stil. «Med einvegsvindauge», påpeika Asbjørn. Grunntanken var å utvikle eit iaugefallande overnattingsprodukt som skulle gjere det optimalt å nyte naturen. No jobbar dei saman med samarbeidspartnarar om å setje opp hytter i inn- og utland, for deretter å tilby eit så stort utval av «fuglekassar» som mogeleg til eventyrlystne overnattingsgjestar. Forretningsmodellen er inspirert av overnattingsplattforma Airbnb. Samarbeidspartnarane kjøper inn og får sett opp hytter med sengeplassar som vert marknadsførte og selde via nettstaden til Birdbox. Dei har avtale med eit eksternt selskap som reingjer hyttene og gjer dei klare til neste gjest, om utleigaren vil sleppe dette. «Vi sel hytter til verksemder som vil stå for drifta i flott natur, så kan dei sjølv leggje til eigne aktivitetar i sitt nærmiljø. Slik vonar vi å kunne hjelpe med å gjere fantastiske naturopplevingar tilgjengelege på ein berekraftig måte», forklarte gründeren. Men enn så lenge driv dei i småskala. To av hyttene vert drivne av aktørar i Sunnfjord, medan den tredje vert leigd ut av eit selskap i Telemark. I 2019 hadde dei gjestar frå ulike land, medan det i pandemiåret nesten berre var norske ferierande. «Eit kinesisk par budde på Fauske, og seint på kvelden ein vakker sommardag ringde mannen til Torstein. ‘Ei ku rett utanfor stirer på oss med eitt auge. Er det trygt?’ hadde han spurt tydeleg nervøs», lo Asbjørn og skunda seg å fortelje at Torstein hadde klart å roe dei ned. Det er ikkje mange åra sidan det krydde av kyr, griser og høner overalt i jordbrukslandet Kina, men den rivande industrialiseringa har ifølgje Verdsbanken redusert talet på ekstremt fattige med 850 millionar sidan 1980-åra, og eit strigla storbysamfunn er no norma for dei fleste. På Fauske ligg både toalett og eit enkelt kjøken med propanbluss i ein gamal gråfalma sommarfjøs som står ti meter unna, utanfor synslina frå boksen. Haustnatta eg opplevde regna det ekstremt, sjølv for Sunnfjord å vere. Regndropane dyssa meg i søvn og vekte meg på morgonen. Eg stod opp seint og kokte kaffi på propanblusset, medan store regndropar slo ned i blekktaket over fjøsen. Så skunda eg meg over i hytta og drakk kaffi og åt skiver med geitost. Livet var herleg, og eg vart sitjande og nyte augeblinken. Med kjærast i armkroken hadde han truleg blitt endå betre. 36

o v e r n at t i n g · b i r d b ox


Eg leita etter gode grunnar til å bli ei stund til, då vêret brått letta. Og for ei utsikt som openberra seg, med Heilefjellet i det fjerne! Ikkje veldig ulikt utsikta eg er vaksen opp med heime i Klettalia i Naustdal, der mamma framleis bur, men det gjorde ingenting. Eg vert aldri lei den utsikta, sjølv ikkje frå ein annan vinkel, og vart sitjande og smile eit par timar til.

o v e r n at t i n g · b i r d b ox

37


terrassen og naut den milde trekken frå fjorden. Med kvart vårt glas etter å ha spretta ei flaske Gusbourne Brut Reserve, den med gulltopp. Engelske kvalitetsbobler i boblebad under open himmel er aldri feil. Boblene hadde vi teke med oss, utvalet på det lokale polet i Fiskå er ikkje det du reiser hit for. Vinmonopolet har etter kvart fått mange utsal i Noreg, men dette var det minste eg hadde sett. På TunheimsFjørå Lodge takkar dei høgare makter for bestillingsutvalet. Ved sida av stampen står det ein svær utegrill, der har store mengder biff, griseribber og chilipølser blitt grilla. Og får ikkje dette deg til å bli varm nok, er det badstue med eigen veranda på andre sida av huset. Noko for alle smakar. Så brukar då også dei fleste besøkjande det meste av tida i eller rundt dei hengande husa. Om lag halvparten av gjestane på TunheimsFjørå Lodge er utanlandske. Det skuldast i stor grad at den uvanlege arkitekturen og dei ville omgjevnadene har fått bein å gå på via sosiale medium. Ein del av dei besøkande lagar maten sjølv, medan stadig fleire ønskjer å maksimere det luksuriøse opphaldet ved å bli oppvarta av ein profesjonell gourmetkokk. Guide er det berre utanlandske turistar som ber om, nordmenn klarar sjølve å navigere i det godt merkte turnettet i kommunen. «Det er veldig mange flotte og godt merkte fjellturar i området her. Både Ringfjellet og Blåfelden er minst like spektakulære som Besseggen, og så får vi gå i fred», forklarte Webjørn. For mindre spreke gjestar og dei med tømmermenn står det ein gapahuk under 600 meter i luftline unna, på det 260 meter låge Tunheimshornet som gjev ei flott panorama-utsikt over både Fiskå, TunheimsFjørå Lodge og Stadlandet. Radarparet Webjørn og Nils Olav var lenge spente på om det ville gå rundt, i alle fall etter at det kvalitetsmessige tok litt av. Men frå og med sommaren 2020 har dei sett svarte tal. «TunheimsFjørå Lodge var aldri meint som noka pengemaskin, men ei langsiktig investering. Og så er det viktig å ha det moro når vi held på», sa Nils Olav. Han er ein hyggjeleg og lågmælt kar. Ein av dagane eg var på vitjing saman med Caroline, ringde det på døra rundt lunsjtider. På trammen stod han med nysteikte sveler med aluminiumsfolie over, på eit porselensfat. «Eg tenkte at de måtte få ei lokal delikatesse til føremiddagskaffien. Dei er framleis varme, eg steikte dei sjølv for fem minutt sidan», sa han blygt og skunda seg mot bilen sin. Eg fekk så vidt ropa eit «tusen takk» attende før doningen rulla av garde bortetter grusvegen. 46

o v e r n at t i n g · t u n h e i m s fj ø r å l o d g e


o v e r n at t i n g · t u n h e i m s fj ø r å l o d g e

47


19 SANDØYA BRYGGE MJØLVIK, TROMSØ · 70,03° N, 18,56° A · 2 MOH. SPRING OG TING: sandoyabrygge@gmail.com

e g s k u l l e t i l Sandøya Brygge som opna i 2019, i eit nedlagt fiskebruk og det tilknytte bryggehuset. Etter ein heftig oppussingsjobb vert det flotte anlegget no leigt ut til reiseglade. Det tek ein halvtime med buss og to timar med ferje berre frå Tromsø å nå paradiset, og eg gjekk forventningsfull av mf «Karlsøy». Sandøya Brygge ligg 30 meter frå kaia. Det var Tore Lorentzen og kona, Karin Bloch-Hansen, som saman med veneparet Rune Muladal og Berit Sellæg Aagesen kjøpte det gamle fiskebruket i 2014 utan heilt å vite kva dei skulle gjere med det. «Det var utruleg lite gjennomtenkt og eit heilt vilt prosjekt. Vi var alle i full jobb, og bygningane var i latterleg dårleg forfatning, men plassen er berre heilt magisk», mimra Tore over ein kaffikopp. «Oppussinga begynte i det små. Vi har gjort mykje», sa han og tok ein slurk kaffi med ein dash mjølk i før han såg meg rett i augo og opna munnen att. «Vi har gjort jævlig mykje!» På tre år har dei pumpa fire tonn med isolasjon i veggane, måla alle rom, fått installert nytt elektrisk anlegg, bygd nye bad, rehabilitert den gamle, falleferdige kaia og bygd opp att bryggehuset. «Vi har aldri hatt eit heilt definert mål for kva vi ville med plassen. På den eine sida ønskjer vi at andre skal få oppleve denne fantastiske øya ute i havgapet, samstundes vil vi bruke staden sjølve, men kvar gong vi har vore her ute, så har vi berre jobba», sukka Tore. I praksis har det blitt ein kombinasjon, med besøkjande som kjem i rykk og napp. Tore tilrår at gjestar blir på øya i minst tre dagar for å rekke over alt, sjølv om øya på det meste berre er 3,5 kilometer lang og 2,5 kilometer brei. Sandøya og øyane rundt er råe, med ville strender og kvasse fjell, og ikkje minst havet som byr på tallause aktivitetar. På Sandøya Brygge står det heller ikkje på fasilitetane. Det er eit profesjonelt industrikjøken i det nyoppussa bryggehuset, og i det gamle fiskebruket fem meter unna er det fire hyblar med eigne mindre kjøken og soverom. I midten ligg ei storstove, bibliotek, nokre ekstra soverom og fleire moderne bad. Sandøya Brygge kan leverast med eigen kokk, men du kan også ordne med mat og drikke sjølv, og nyte måltidet anten i storstova 88

o v e r n at t i n g · s a n d øya b ryg g e


o v e r n at t i n g s s ta d e r · k r å k e n e s f y r

89


Deretter serverte ho den eine fantastiske retten etter den andre, ståande under open himmel på kaia. Grilla kamskjel i smørsaus, østers au naturelle, ein rå kråkebolle som hadde passert smakstestinga til Mariann, og kolsteikte kuskjel. Som høyrest noko meir eksklusivt ut på engelsk, mahogny clam. I Noreg var det truleg ein fiskar som kom opp med namnet, i Storbritannia ein marknadsførar. Det mest imponerande med kuskjela er likevel at dei kan bli eldre enn noko anna dyr. Eit 507 år gamalt skjel vart funne utanfor Island i 2006 og hadde då levd sidan 1499. Våre eksemplar var berre spedborn med sine rundt 15 år. Ein kan finne alderen ved å telje vekstlag, som årringar på eit tre. Mariann gav meg tre kamskjel til. Himmelsk! Eg uttalte eit langstrekt «mmmmmmmmm» av gastronomisk glede. Det er noko ved det å ete ute. Noko som gjer det takknemleg å vere kokk. Utan at eg på nokon måte har grunn til eller ønske om å snakke ned Mariann sine kokkekunstar. At ho enda opp som sjømatkokk, overraska ingen som kjende ho som lita. Saman med brørne leika ho mykje i fjæra eller var ute med båt. Fangsten hadde dei i ei tralle som dei trilla frå dør til dør og selde, for det meste fisk og krabbar. Brørne kalla verksemda si for as Fiskegreiene, og Mariann fekk vere med som «rævdiltar». Pengane for fangsten vart putta i ei gamal sparebøsse. «Eg var med i båt frå før eg kunne gå», mimra ho smilande under den rufsete mørke luggen, før vi pakka saman og heiv tomme skjel på sjøen, låste naustet og sette kursen attende mot Sotra. Vel om bord stilte eg mitt siste spørsmål. «Kva har vore det verste med pandemien?» «At Leonardo DiCaprio måtte avbestille!» Så nær var Mariann altså ved å vere åleine med sjølvaste Leonardo på ein holme. At ho fekk meg på besøk i staden, var ei fattigsleg trøyst. Filmstjerna gjekk i alle tilfelle glipp av ei heilt annleis kulinarisk smaksoppleving under open himmel. Eg vonar for begge sin del at han berre har utsett besøket. 114

m at & d r i k k e · b e r g e n fj o r d a d v e n t u r e s


m at & d r i k k e

115


35 NEUMANN’S

RØYKERI & SUPPERCLUB

MELBU, HADSEL · 68,49° N, 14,80° A · 3 MOH. SPRING OG TING: neumannsupperclub.com

på vesle svinøya rett sør for Melbu vart Neptun sildoljefabrikk bygd i 1910, som den mest moderne i heile landet. Ved hjelp av eit amerikansk maskinsystem som opna for kontinuerleg pressing av kokt sild, klarte ein å produsere 5000 liter råstoff per time, meir enn ti gonger så mykje som tidlegare. Melbu vart ein pulserande tettstad den gongen, men med overgang til fabrikktrålarar gjekk dei fleste fabrikkane på land over ende i 1980-åra. Fabrikken i Melbu vart freda, og dei 17 bygningane gjorde om til museum i 1991. Svinøya er no kopla til fastlandet med ein molo, som eg spaserte over i den iskalde vinden. Svære, grøne tankar og store gule og grå lagerbygg er ein del av fabrikkanlegget, og assosiasjonane gjekk til alt anna enn gourmetmat av høgste kvalitet. Men i det tidlegare separatorrommet til sildoljefabrikken er det nettopp det tyske Peter-Harry Neumann serverer. Han kom til Oslo som kokk, etter å ha drive restaurantar i Canada, usa og Tyskland. I feriane reiste han ofte med familien til Skrova i Lofoten. Heile familien likte somrane med sol 24/7, og Peter-Harry begynte å leite etter eit eigna lokale for å kunne starte sin eigen restaurant, men ikkje i noko tradisjonelt bygg. Draumen var å servere mat i ein lavvo, men kokken kom aldri over eit einaste høgreist telt her i nord. Den gamle fabrikken snubla han over ved ei tilfeldigheit i 2011. Han fall pladask for bygningen og potensialet som låg der. Med pågangsmot og illusjonar sette Peter-Harry seg føre å opne så snart som mogeleg, men på vegen vart han møtt av realitetar som to års prosjektering og eit norsk byråkratihelvete som fekk det til å knyte seg i magen for tyskaren. For å få endane til å møtast jobba han samstundes som kjøkensjef i Stokmarknes berre eit kvarters køyretur lengre nord. Til slutt opna Neumann’s Røykeri & Supperclub i 2015, men dei to første åra vart tøffe. «Melbu er det siste hjørnet av ingenting, og eg hadde absolutt ingen forbindelse til Vesterålen, men ungane hadde fått seg katt og treivst her, så vi stod han av. Og så likar eg utfordringar. Å drive restaurant i byen er enkelt, der er det massevis av folk.» 150

m at & d r i k k e · n e u m a n n ’s r øy k e r i & s u p p e r c l u b


m at & d r i k k e

151


186

fj o r d & fj e l l · f i s k e v o l l e n


Dei litt over hundre bygga på Fiskevollen er ikkje berre naust og fiskebuer. Det aller eldste bygget som framleis står, er frå 1650 og er ei ljørbu. Slike vart bygde før pipa vart vanleg og består av ein firkanta bygning med opning i taket, eldstad i midten og briskar til å sitje på langs veggane. Golvet er av hardtrampa jord. Dit tok bonden med ein trekasse med tørrvarer, poteter og tjukkmølk som supplerte fisken frå sjøen, og delte maten med familie og vener. Dag Aadne Sandbakken har vore på Fiskevollen fleire gonger om året sidan han var liten pjokk, i over 65 år, og ønskte meg smilande velkomen til gards. Både foreldra og besteforeldra hans hadde lott her, og med sin halvlott kan han fiske etter røye annakvart år med base i ei av dei fire røyebuene sør i sjøen. Lottlaget har ein del strikte reglar, som at inga bu kan vere på over 50 kvadratmeter og ingen uthus over 20. «Det gjer at ingen har noko større eller flottare stad enn andre, og det skaper auka samhald. Fiskevollen er mitt paradis på jord! Det er unikt i miljø, landskap og det vi driv med her, for vi snakkar om eit levande fiskevær der vi etter beste evne prøver å halde på særpreg og tradisjonar utan innlagd straum, vatn eller kloakk», sa Dag Aadne utan forsøk på å dempe entusiasmen. Han set pris på besøkjande, så lenge dei respekterer staden for det han er. Innanlandsfiskeværet er ikkje nokon temapark, men ein felles gardsplass som vert brukt av lotteigarane, dei fleste med røter i bygda, det vil seie i Øvre Rendal. Nesten alle besøkjande kjem køyrande, men ein del legg fjellturen til eller frå Sølen innom Fiskevollen, og enkelte tek til og med kajakken fatt frå Femunden gjennom sjøar, elvar og stryk til Sølensjøen eller nedover elva Sølna som renn ut i nordenden av sjøen. Alle som vitjar Fiskevollen er velkomne til å kjøpe fiskekort og bidra til å halde sikbestanden nede. Som ekstra motivasjon kan svele, røykt sik, rabarbrasaft og andre lokale delikatesser kjøpast frå vaktbua ved inngangen til vollen. Kvar lotteigar har ein huskvote og ein liten skogteig, der han eller ho kan hente tømmer til eige hus. På ein lott kan det maksimalt vere fire fiskebuer og fire uthus, til dømes ei ljørbu, to naust og ein kjell. Sistnemnde er eit garnhus der fiskarane hengjer opp garna sine utanom fiskesesongen, slik at ikkje mus og rotter et dei sunde. Fiskevollen er primært eit sommarsamfunn, sjølv om både Dag Aadne og fleire andre gjerne hoppar på scooteren og tek turen også i vinterferien eller til påske. For i vinterhalvåret vert ikkje grusvegen brøyta. Rundt 1915 oppstod ein ny tittel her: Sølensjøkongen. Den første kongen, Reodor Wardenær, var den mest produktive, kunnskapsrike og dedikerte fiskaren i si tid. Men det var ikkje desse eigenskapane fj o r d & fj e l l · f i s k e v o l l e n

187


196

fj o r d & fj e l l


Det eg likar best med Kjerna, er at fjellet frå parkeringslomma i Skjellesvikskaret, ni kilometer frå Skarberget ferjekai, ser ut som eit ganske vanleg og preglaust fjell. Men etter ein knapp time langs ein godt merkt sti openberrar det seg ei mektig utsikt bak eit loddrett stup. Eg fekk eit skikkeleg sug i magen så snart eg var under ein meter unna. Toppen som stikk ut og opp, er røff og spiss på avstand, men innbyr til flotte foto. Den tredje triangelvinkelen ligg på toppen av spisse Kuglhornet, eller Kulhornet, som går for å vere eit vanskelegare fjell å klatre enn Stetinden. Hit kjem ein ikkje utan klatreguide, og det var for seint på hausten til at nokon ville ta turen med meg opp. I sommarhalvåret er det ingen som kjenner denne toppen, og dei fleste andre i området, betre enn fjellguide Timme Ellingjord. Han kallar turen til Kuglhornet for ein spennande klatretur med veldig eksponert ferdsel over lang tid. «Dette er skikkeleg fjellklatring på eit middels vanskeleg nivå, samanlikna med Stetinden som er ein eksponert gåtur. Kuglhornet vert gjerne omtala som Stetinden sin veslebror, men småsøsken prøver jo gjerne å strekkje seg etter dei eldre og kan derfor overraske veldig», blinka han og smilte. Men han åtvarar mot å prøve seg utan klatreutstyr. På baksida er det ein elendig og bratt sti som er både gjørmete og sleip. Timme bur i Kjeldebotn nord for Efjord og har full kontroll på toppane i området. Han meiner at fjella på nordsida av Efjord er noko snillare og betre merkte enn på sørsida. Favorittfjellet er majestetiske Stortinden, som ein ser frå Verdenssvaet og som ein kan gå på om ein held fram vidare opp frå Kjerna. Timme driv med klatre- og fjellguiding gjennom verksemda Hvitblikk og gjer unna tusenvis av høgdemeter kvart einaste år. Han finn det utruleg spennande og lærerikt å guide heilt ulike typar menneske. Det einaste som irriterte meg, var at eg ikkje sjølv hadde vore ute tidleg nok på året til å få Timme til å vise meg veg til toppen av Kuglhornet.

fj o r d & fj e l l

197


lyset frå eit fyr, men visste ikkje kva for eit. Då det begynte å lysne, såg mannskapet land på tre sider, ikkje berre i nord og vest. Dei var i alle fall i ukjent farvatn og trong hjelp for å ikkje gå på grunn. Mannskapet fyrte av ein kanonsalve og heisa losflagget for å synleggjere ønsket om lokalkunnskap. På Varnes fyr på Lista, rett sør for Hidra, stod Ingeborg og såg utover havet. Ho bad fyrvaktaren bli med ut og hjelpe, men han meinte at vêret var for dårleg. «Skal vi la skipet gå ned rett føre auga våre? Dei er jo menneske! For Guds skuld, kom igjen!» hadde ho ropt og så sprunge ned til naustet. Sonen og svigersonen til fyrvaktaren følgde etter kvart motvillig etter. Dei kunne ikkje la ei jente reise ut i stormen åleine og fekk saman lagt ut ein seksæring. Gutane rodde, medan Ingeborg sat bak. Det var vanskeleg å ro i så mykje sjø, slik som båten vart kasta rundt, men dei kom stadig nærare «Neptune» og vart etter kvart oppdaga av mannskapet. Minutt seinare hadde roarane fått båten nær skipssida, og Ingeborg tok imot ei trosse som vart kasta frå dampskipet før ho blei heist om bord. «God bless you!» ropte ein av passasjerane. Så såg dei at det var ei jente og det gjekk eit gisp gjennom folkemengda på dekk: «Grace Darling», sa dei i kor. Grace var dotter av fyrvaktar William Darling og budde på Longstone fyr ved den britiske austkysten mellom Edinburgh og Newcastle. 7. september 1838 gjekk skipet «Forfarshire» på grunn og brotna i to like ved. William og Grace rodde ut og redda åtte menn og ei kvinne frå skipet. Nyheita om dåden gjekk raskt rundt heile Storbritannia, og Grace Darling vart på kort tid ei heltinne det vart samla inn pengar til og skrive både songar og dikt om. Attende på Listafjorden nesten 14 år seinare herja stormen framleis, men stemninga hadde blitt mykje betre etter at Ingeborg og dei to karane hadde kome om bord. Kaptein Brownless følgde dei lokale sine råd om å segle på austsida av Andabeløy, og ei tryggleikskjensle breidde seg omsider blant både passasjerar og mannskap. Roarane ville få robåten heim att og forlét skipet kort tid etter, medan Ingeborg vart med «Neptune» inn til trygg hamn i Flekkefjord. Mary Brownless, kona til kapteinen, var gravid med sitt tredje barn og djupt takksam. Ho fekk oppassar John Hochley til å gje gjennomvåte Ingeborg eit pledd. Samstundes ordna Hochley til eit brett med krus, gav eitt til Ingeborg, heva eitt sjølv og sende dei andre rundt før han ropte: «A toast to our own Grace Darling!» Kalde Ingeborg tok ein djup slurk og hosta kraftig av det sterke rombrennevinet. Passasjerar og mannskap på «Neptune» samla inn pengar til Ingeborg, desse brukte ho seinare til å få bygd hus saman med ekte212

øya r · h i d r a


mannen Reinert på Hidra, og huset vart sidan bygd om til postkontoret på Rasvik. Først 13. november vart det skrive om Ingeborg si tapre losbragd i osloavisa Morgenbladet. Endå seinare vart ei kolteikning av at ho vart løfta om bord i «Neptune», trykt i The Illustrated London News. Nyheiter spreidde seg ikkje så raskt i dei dagar. Caroline og eg hadde rusla ned frå loshuset til det gamle posthuset. Utanfor tok vi kvar vår iskaffi kjøpt frå den ørvesle butikken som nærast heng over sjøen i Rasvåg. Det verka urealistisk at noko så dramatisk kunne ha hendt på ein så roleg stad. Men så ligg då storhavet like utanfor.

øya r · h i d r a

213


Tordis Rasmussen flytta til Røvær i 1958 og begynte som lærar. Så trefte ho mannen sin og vart verande på øygruppa. Vi møtte kvarandre på samfunnshuset som for høvet hadde vore nytta til ei skulegudsteneste. Smilande ønskte den spede, gråhåra kvinna meg velkomen og fortalde kor glad ho var at tendensen endeleg såg ut til å snu. «Interessa for å bu her ute har auka. Etter at vi starta med både barne- og ungdomsskule, har vi sett ei kulturell oppblomstring», fortalde Tordis med innleving og entusiasme. I sentrum, om ein kan utpeike nokon stad på ei 1,47 kvadratkilometer stor øy som det, heng det eit infoskriv frå dei som bur her. Røværingane etterlyser fleire røværingar og skildrar øysamfunnet som ein øybuardraum og eit paradis for småbarnsfamiliar, med full grunnskule og trygge rammer. Dei har lenge kjempa for rutebåttilbod, og med ti avgangar på kvardagar er det langt betre enn mange andre stader i Bygde-Noreg. Hurtigbåten til Haugesund tek 25 minutt. På 1800-talet kunne det vere så mange som tjue tusen fiskarar på vesle Røvær, noko som var altfor mykje. Det oppstod matmangel, 216

øya r · r ø væ r


husmangel og farlege helsetilhøve, noko som førte til klager over skrantande sanitære tilhøve. Utedoar eksisterte ikkje, og dei måtte leve med «det største svineri med ekskrement og annen uhumskhet over alle marker». Røvær vart kalla ein møkkabinge, og dei fastbuande var irriterte på fiskarane som spytta i hytt og vêr utan å tenkje på smittefaren. Dessutan sov dei i rom der det om morgonen ikkje var mogeleg å få eit lys til å brenne fordi det ikkje var nok surstoff att i lufta. «Det var problem å finne ein stad å sove tørt. Men for ti øre natta kunne fiskarane overnatte på eit fiskarloft. Husverten hadde ein stokk og dunka stokken på kvar side av mannfolka. Om stokken trefte golvet, måtte mannfolka flytte seg nærare kvarandre, då låg dei ikkje tett nok», vidarefortalde Tordis historia ho sjølv hadde fått høyre mange år tidlegare. Katastrofen som råka fiskeværet fredag 13. oktober 1899, lever framleis i minnet til alle som bur her. Av dei 130 dåverande fastbuande omkom 30 på veg heim frå ei gravferd på fastlandet, då skuta dei var om bord i gjekk rundt i ein orkan som overraska alle. Tolv enker og 36 farlause ungar sat att. Det var arrangert pengeinnsamlingar over heile landet og i usa, som mange hadde utvandra til, og ulukka skapte eit endå sterkare samhald og endå meir omtanke enn før. Tordis meiner at begge delar sit i framleis. Venskapen kan ein også merke på butikken som Gerda Nedrebø driv, med god hjelp av kjærasten Daniel Jensen. Som å gå inn på ein irsk pub der alle kjenner alle; for ein service, for ei stemning. Så har då også Gerd alltid budd her ute, sjølv om ho først tok over drifta i 2016. Det offisielle namnet på butikken er Nærbutikken Røvær, men selskapet bak har kanskje Noregs beste butikknamn: Røværkjøp as. øya r · r ø væ r

217


Ernst Olav nytta høvet til å fortelje oss at mange på Smøla meiner at det er deira øy som er Thule eller Ultima Thule, den nordlegaste staden som vert nemnd i den greske antikkens litteratur. Pytheas frå Massalia sigla i alle fall rundt Storbritannia og var høgst sannsynlegvis i Noreg rundt 325 år før vår tidsrekning. Så kranglar Ernst Olav og dei andre lærde om det var Smøla, Dønna eller Træna grekaren kalla Thule. Dagen etter stod Veiholmen for tur. Øygruppa ligg heilt ytst på Smøla og fekk vegsamband i 1977, 27 år etter at ideen først vart lansert. Lokalt vart riksveg 669 lenge kalla Atlanterhavsvegen, men det namnet kuppa offisielt vegen mellom Bud og Averøya litt lengre sør i 1989, og vegen til Veiholmen vert no kalla Skjergardsvegen. Namnet på Veiholmen har heller ikkje noko med vegen å gjere, men med vatnet. For veig tyder væske eller god drikk og viser her truleg til ferskvasskjelda Gulltjønna, som sjøfarande gjennom alle tider har nytta nær 232

øya r · s m ø l a m e d v e i h o l m e n


seglingsmerket Verkjen på Innveien. Den høge steinvarden frå 1887, og tidlegare vardar på same stad, har opp gjennom tidene vore nytta for å sikte inn kvar dei mange gode fiskeplassane i området låg. Veiholmen har også ei uvanleg god hamn, etter at ho vart utvida og forbetra gjennom eit omfattande arbeid som starta i 1928. Då vart alle innløpa blokkerte og hamna tømt for saltvatn. Deretter vart fleire skjer sprengde og massane brukte til ein molo som skulle ta unna for dei verste stormane. Sjeldan har eg opplevd så mange hyggjelege og imøtekomande menneske på norsk jord som på Smøla, og Veiholmen spesielt. Truleg snakkar vi om Noregs mest opne og imøtekomande tettstad. Forfattar Kurt Sivertsen, som bur her og viste oss rundt, forklarte bakgrunnen. «Ein gong skulle eg på Samvirkelaget. Eg kom heim att tre dagar seinare», lo han. «Om vi ikkje stoppar opp, men berre går forbi, så vert vi oppfatta som arrogante. Vi slår alltid av ein prat, om det så berre er om vêret. Truleg har det med plasseringa vår å gjere. Før vegen kom, var det få som kom på besøk, og dei som kom, ville vi gjerne ta godt imot», forklarte han. Det merkar ein også på utelivet, dei lokale tek kontakt med framandfolk utan å blunke, på særs unorsk vis. Dagen før hadde Kurt vore på rakfisklag og kome heim først litt etter midnatt. Rett etter heimkomst hadde ein nabo banka på, og dermed var ikkje Kurt i seng før klokka tre. «Det kallar ein å gå på lyset. Andre stader i Noreg heiter det nachspiel», smilte Kurt og tok seg ein sigarett. Han var ikkje heilt i slag, det hadde ikkje berre vore vatn i glasa natta før. Vi fekk han med på Liebhaber, kaffistova i ein tidlegare liten kiosk på Veiholmen. Ho er oppkalla etter eitt av mange skip som gjekk ned under ein eksepsjonelt heftig storm i 1899. Der serverte dei krutsterk kaffi til Kurt, medan vi andre testa den vidgjetne chilikaffien som sparka litt ekstra. Frå baristaen fekk vi historia bak namnet på staden. Stormen hadde vore så kraftig at rundt 140 menneske hadde stroke med, og natta vart sidan berre kalla Titrannatta. Mannskapet på fem frå «Liebhaber» hadde vore mellom dei heldige og klart å kare seg opp på eit skjer 300 meter unna, i dag heiter det Liebhaberskjeret. Karane hadde vore i tjueåra, og alle som ein fann dei seg kone på Veiholmen og gjorde sitt for samfunnet: Kvar av dei fem fekk mellom ti og tolv born. Etter ei så sterk forteljing måtte eg bestille ein runde kaffi til. Og så fekk vi sanneleg servert lunsj også.

øya r · s m ø l a m e d v e i h o l m e n

233


63 HOVDSUNDET BODØ · 67,40° N, 14,57° A · 100 METER X 2

m e l l o m fa st l a n d e t n o r d for Bodø og den vesle øya Litlhovden ligg Hovdsundet som er delt på midten med ein liten sandbanke, og det gjer det mogeleg å gå tørrskodd til holmen. Rett over sundet på fastlandssida ragar ei stupbratt fjellside nesten 80 meter rett opp, noko som gjev gode høve til å ta det perfekte biletet i fugleperspektiv, med det som ser ut som ei sydhavsstrand i bakgrunnen. Motivet har gått sin sigersgang i nordlandskretsar, men også utanlands har enkelte fått auga opp for den utilgjengelege staden. Eg gjekk frå nord og følgde ein godt merkt sti eit par kilometer, før både stien og stifinnarkunnskapane mine forsvann. Deretter var det berre å kople inn retningssansen og gå på måfå i nokolunde rett retning over toppen på det vesle Hovden-fjellet midt på. Det er mellom tre og fire kilometer å gå frå næraste veg, anten frå Mjelle i nord eller Finnvika i sør på Hovdenhalvøya. I begge tilfella er det delvis ulendt terreng, noko som stoppar dei minst ihuga. Det er naturlegvis mogeleg å reise ut med båt, men ein bør uansett opp i høgda for å få det perfekte overblikket. Då eg kom over siste bakketoppen som hadde sperra for utsikta over sundet, venta godkjensla og ein aldri så liten adrenalinrus nær stupet. Bileta eg hadde sett, kunne ikkje måle seg med det ekte synet. Heldigvis er det framleis slik. Og eg var mutters åleine. Den kritkvite stranda med turkisgrønt sjøvatn som vaska inn mot skjelsanden på begge sider, gav den perfekte stemninga til ein nistepakkepause. Vestover ligg Landegode, medan Mistfjorden og fjella ved Kjerringøy kan skimtast mot nord. Har du tilgang på båt, finst det fire holmar ved sida av kvarandre som er bundne saman med liknande strender under 20 kilometer og ei ferjekryssing lengre nord. Den mest landnære av Silsandholmane ligg berre 200 meter utanfor Laukvika ved riksveg 834, så i verste fall kan ein svømme ut dit. Det hadde teke lengre tid å gå ut enn eg hadde planlagt, og brått var det tid for jobbmøte via Teams. Heldigvis er det god telefondekning på det meste av halvøya, og eg tok del i møtet gåande utan kameraet slått på, eg gjekk trass alt gjennom skog og over myrer i ulendt terreng, 256

strender · hovdsundet


langt frå næraste sti. Kvar gong eg hadde noko å bidra med, galdt det å høyrast så lite andpusten ut som mogeleg, samstundes som eg måtte unngå å la stadig nye utrulege utsikter påverke stemma. Då det utan forvarsel dukka opp ein dobbel regnboge, var det ikkje anna råd enn å slå av mikrofonen også. Akkurat i det eg skulle setje meg inn i bilen, var møtet ferdig. Nøgd kunne eg konstatere at eg hadde teke del frå verdas vakraste møterom.

strender · hovdsundet

257


at dei på sikt har tru på at dette skal gå rundt og kunne hjelpe med å finansiere fleire hytter. No har dei løyve til to, «Hugin» er ferdig. Den neste skal ikkje overraskande heite «Munin». Det fløymer over med gjennomføringskraft på Amla, og eg vert overraska om det stoppar med det. Allereie vert det kviskra om tenkjelege og utenkjelege byggverk i norrøn stil. Hugin og Munin vert eit slags par, men dei skal ikkje liggje veldig nær kvarandre, for Falck Husum-familien vil at gjestane skal kunne kjenne på fridomen og einsemda i skogen og nyte draumeutsikta mellom trea utover Sognefjorden. «Fulltidsjobben min er å tatovere i Sogndal, og det elskar eg verkeleg», fortalde Fred Ivar. «Eg har alltid vore glad i handverk, eg har hatt skinnverkstad, drive med treskjering og sjølvsagt hjelpt til på garden.» Han har stor interesse for norrøne ting og gamle byggjeskikkar og meiner Urnes og Borgund er dei råaste stavkyrkjene vi har. Særleg Urnes stavkyrkje ved Lustrafjorden har han henta mykje inspirasjon frå. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at familien Falck Husum er perfeksjonistar. Sett bort frå kvitevarer, stikkontaktar og glas så er alt heimelaga. Både inn- og utsida av hytta kan ein studere i timevis og stadig oppdage nye norrøne motiv eller symbol mellom utskjeringane. Dei tre brørne og faren har brukt mykje tid på å gå rundt i skogen og leite etter dei beste treemna. Dei har nytta fure til hytta og meiner fjellfure av ein viss alder er best. Ho veks sakte, så det vert tett mellom årringane. Då vert trevirket hardare og meir solid. Og gode furetre har dei god tilgang til i den 3000 mål store skogen som høyrer til eigen gard. Det vert sagt at trevirket til dei største og beste skipa som vart bygde i vikingtida, kom frå skogane rundt Kaupanger. «Vi skjer opp stokkane på eit mobilt sagbruk som mellom anna består av ei motorsag. Det er viktig å få med alen, eller kjerneveden. Eigentleg vrengjer vi treet slik at innsida kjem ut, då held treet seg lenger og sjølvimpregnerer seg på sett og vis», forklarte dei entusiastisk. For å få den gamle stavkyrkjeutsjånaden brenner dei utsida av treet, pussar med stålbørste og smørar det inn med beis eller olje. Fred Ivar og dei andre har funne ut at det er kinesisk treolje som gjev fargen som er nærast dei eldgamle kyrkjebygga. Brørne har fleire ville idear, men ville ikkje røpe anna enn at dei har planar om å byggje eit tradisjonelt langhus i vikingstil gøymt i skogen og spa med badestamp, badstue og massasjerom i norrøn stil, med panoramautsikt frå Amlabukti i nord, utover Sognefjorden i vest og tvers over fjorden i sør. Spa-tomta ligg allereie klar, nokre meter høgare opp i terrenget enn sjølve hytta. 302

opplevingar · ramnereiret


Namnet Ramnereiret har dei gjeve staden på grunn av dei mange ramnepara som lever i området. Familien matar ofte ramnane og håpar at også besøkjande kan oppleve dei flotte fuglane på nært hald. Eg såg nokre ramnar, men dei var skye, og eg kunne berre drøyme om å få ein til å lande på skuldra mi. Hjortar krydde det derimot av i området mellom familiegarden og hytta. På kvelden gjekk eg tur med hovudlykt, og det var magisk å sjå refleksjonen i auga som svevde oppover, lykta var ikkje kraftig nok til at eg såg resten av dyra. Alle måltida vert laga av May og presenterte av Kathrine Langeland som er vinkelner og servitør. Begge to var kledde som valkyrjer, det vil seie dei unge og fagre kvinnene som oppvarta falne krigarar med mjød og evigungt svinekjøt i Valhall. Sidan kjærasten min var på jobb i hovudstaden, fekk eg henta inn ei lokal følgje til middag. Frøydis Geithus frå Sogndal er ein av verdas mest kjende bryllaupsfotografar. Vi har kjent kvarandre i årevis, og ho sa seg villig til å la seg oppvarte med trerettars middag i Ramnereiret. Til aperitiff valde vi mørkt lokalt øl servert i ei kjenge, det vil seie eit slags tradisjonsrikt ølbeger i tre, finurleg utskore med eit drakehovud opplevingar · ramnereiret

303


KJELDER bri x, lise : New Record: World's oldest animal is 507 years old, Science Nordic, 2013: archive.is/20131115121158/ http://sciencenordic.com/new-record-world%e2%80%99soldest-animal-507-years-old

Marinbiologisk mangfold i Andfjorden marine verneområde. Rapport fra havforskningen, Havforskningsinstituttet, 2020: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/ rapport-fra-havforskningen-2020-30

c i llizza, chris : Yes, of course Donald Trump wants his face added to Mount Rushmore, cnn, 2020: edition.cnn. com/2020/08/10/politics/donald-trump-mt-rushmore-kristi-noem/index.html

jac ob s en, in g eb j ørg s t en e og Toft, Bjørn M.: Adle e' gåne : nedtegnelser om tragedien som rammet øysamfunnet Røvær, fredag, den 13. oktober 1899. Haugesund, Akademisk fagforlag, 1999.

da h l , au dun lie dah l; Strand Kristoffer; Iversen, Hanne Herland og Iversen, Bjørnar: Naturparadiset Smøla, Partner Forlag, 2019

k a rt v er k et : Kartdata, 2021: norgeskart.no

da h le , børge ; Dahle, Øystein; Faarlund, Nils; Jensen, Aage; Næss, Siri; Setreng, Sigmund K. og Wagle, Finn: Arven og gleden : et festskrift til naturen. Råd for øko-filosofi og Tapir akademisk forlag, 2010. e lterva ag , ar ne : Vetvik og kirkegården ved havet. Kulturhistorisk leksikon, Leikanger, 1968: leksikon.fylkesarkivet.no/article/92f6e1ff-a2b3-4251-8a4c-38de200d40d1/ gr avrok , øys te in: Sagnet om Beisfjordgubben: beisfjordil.no/wp-content/uploads/2016/04/Sagnet-omBeisfjordgubben.pdf

klaves ta d, l a r s o l e : Fra Fredagshølet til Isegran: historien om de mest forunderlige stedsnavnene i Fredrikstad, Hvaler og Råde. Gyldenstierne forlag, 2016. k val h eim , v eg a rd og Myhre, Odd Gunnar: Da spriten fløymde. Skavøypoll multimedia, 1996: www.skavoypoll-multimedia.com/leigefilm l ar s en, ar n e m a rt in : Ære og avmakt - historien om Ingeborg Los. Portal forlag, 2008. m ac k ay, h a m is h : Why are Nike trainers washing up on beaches? bbc, 2019: https://www.bbc.com/news/ uk-48464664

h o el , ole jac o b: Skal vise frem Trondheim for en million tv-seere. Adresseavisen, 07.11.2020.

o' b r ien, s h a ne: Thirsty? These towns in Ireland have the most pubs per person. Irish Central, 2020: www.irishcentral.com/travel/towns-most-pubs-per-person-ireland

h u sa, viv ian ; Gonzalez-Mirelis, Genoveva; Kutti, Tina; Mortensen, Pål; Søvik, Guldborg; Jensen, Gjertrud; Bakkeplass, Kjell og Skjoldal, Hein Rune:

si v ert s en, k urt : Veiholmen – et øysamfunn i endring, Veiholmen velforening, 2019

Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond. Foto: Sjå fotolista s. 319. Alle andre foto: Gunnar Garfors Grafisk form: Øystein Vidnes Font: Newzald, Söhne og National av Kris Sowersby Papir: Munken Lynx 120g Trykk og innbinding: etn Grafisk, Skien Svanemerka trykksak Lisensnr 2041 0749 © skald 2021 www.skald.no

isbn 978-82-7959-330-0



Gunnar Garfors er verdas mest vidreiste person. No har han pakka sekken til ei personleg ferd rundt om i Noreg for å finne fram unike ferieopplevingar ikkje så mange veit om. Stadene ligg ikkje nødvendigvis så veldig langt utanfor allfarveg, men likevel suser mange av oss rett forbi dei på veg til meir populære reisemål. I boka møter vi ei mengd spennande menneske som gjennom fasinerande historier og over 450 foto, viser fram sine hemmelege favorittar. Her finn du inspirasjon til å reise litt utanfor den oppstaka løypa for å gjere din ferie til eit uforgløymeleg minne. skald ISBN 978-82-7959-330-0 skald.no

isbn 978- 82- 7959- 330- 0

9

788279 593300

g u nnar g ar f o r s (f. 1975) er opphaveleg journalist og jobbar for NRK i Oslo. I 2018 vart globetrottaren den første som for andre gong besøkte alle verdas 198 land. Han skriv òg om reise for The Guardian og er kjend for reisepodkasten Globusrulett.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.