Hjelp til Selvhjelp nr 1 2020

Page 26

LIV SM EI STR I NG | N E PA L

Ein betre kvardag med livsmeistring For 17 år gamle Ghiumati og 19 år gamle Sabita Gharti Chhetri har utdanningsprogrammet Samvad betydd svært mykje. For dei to jentene har erfart korleis det er å bli mobba, diskriminert og sett ned på fordi dei var litt annleis enn alle dei andre. Tekst & Foto: EGIL MONGSTAD Sted: Sirpa, NEPAL

Samvad har endra kvardagen vår. Opplegget er verkeleg bli

D

ei to jentene vaks opp kvar for seg og viste ikkje om kvarandre før dei blei med på livsmeistringsprogrammet Samvad. Her oppdaga dei at dei hadde ein ting felles. Som babyar, berre nokre få månader gamle, vart dei begge to utsett for ei ulukke som gjorde at dei fekk store skader på føtene. Skadane har gjort at dei aldri har kunna gå ordentleg og dermed heller ikkje kunna leike, springe og være aktive ute med vener. Mykje aleine

– Eg var mykje aleine. Det var ikkje

26

hjelp til selvhjelp 1 2020 | www.strommestiftelsen.no

så lett å få vener, men eg hadde tre – fire gode vener på skulen. Men me kunne eigentleg aldri leike saman ute. Det vart for vanskeleg for meg, fortel Sabita. Også Ghiumati fortel om mobbing, det å være mykje åleine, og bli sett utanfor på skulen. – Eg hadde også vener, men det var få som kom på besøk, og det var ikkje mykje eg kunne være med på utanfor heimen. Eg kan hjelpe til og gjere husarbeid, koke og stelle heime, men eg kan ikkje være med ute og kutte gras, plante og dyrke jorda, og hjelpa til med utearbeid, seier ho.

Studera

Begge to heldt på med utdanning, og er elevar i Samvad-klassen der dei bur, nokre kilometer utanfor Sirpa. – Eg vil ta ein bachelorgrad i språk og studere nepalsk. Draumen er å bli lærar og ein dag kunne undervise, enten her i Sirpa eller i skular andre stader i landet, fortel Sabita som ynskjer å studere, rett og slett for å få et betre liv. Eit betre liv

Kampen mot det å bli diskriminert var kanskje den aller største grunnen til at dei to jentene valde å bli med i Samvad.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.