4 minute read
Leserinnlegg: Svinenæringa
Jula har passert, med tid for lutefisk, pinnekjøt og ribbe. Dei siste åra har ribba vore ekstra omdiskutert. Organisasjonar og enkeltpersonar dreg gong på gong fram verstingtilfelle, og stemplar heile svinenæringa som ei forferdeleg næring. Det er på tide med meir fakta, og mindre forvridde bilete i debatten.
Som ungdomar med landbruksrelatert utdanning er det ekstra interessant å følgje debatten kring husdyrproduksjon. Den er prega av mykje feilinformasjon. Dagens utdanningar innanfor husdyrhald og landbruk har eit stort fokus på velferd, etologi og berekraft. Dette er sjølve grunnlaget for gode produksjonsforhald. I tillegg har veterinærstudiet eit auka fokus på forebyggande arbeid hjå dyr. Husdyrfagstudiet har eigne fag om dyrevelferd og alt vi lærer gjennom utdanningsløpet er gjennomgåande prega av at dyra skal ha det optimalt. Det er framtidsretta og prega av eit berekraftig fokus på avl, ernæring, etologi og behandling. Som framtidas fagfolk meiner vi det er ekstra viktig at dette lyftast fram, og vi er trygge på at norske bønder i alle produksjonar er imøtekommande for å gjennomføre tiltak som er best mogleg for dyra. For å kunne gjennomføre slike tiltak er bøndene og landbruket avhengige av gode tilskotsordningar, økonomi og støtte frå politikarar og oss forbrukarar.
Advertisement
Dei siste åra har svinenæringa hatt stort fokus på dyrevelferd. Det viktigaste tiltaket som næringa har innført er Dyrevelferdsprogram for gris. Programmet inneberer systematisk jobbing med dyrevelferd, slik at ein i størst mogleg grad sikrar og dokumenterer god dyrevelferd for all norsk gris. Alle typar svinebesetningar i Norge er omfatta av dyrevelferdsprogrammet. Dyrevelferdsprogrammet stiller mange
krav til svineprodusentar. Bonden må ha systematiske rutinar, samt dokumentere oppfølging av sjuke og skadde dyr. I tillegg skal det vere obligatorisk besøk av veterinær som føl opp bonden når det kjem til rutinar for bruk av sjukebinge og korrekt avliving, fôr- og vasstilgang, oppstalling og dyretettleik, førekomst av halebiting på dyra i besetninga og registrert på slakteriet og bruk av strø- og rotemateriale. Det er også obligatorisk kompetansekrav for alle bønder som skal drive med gris.
Det har lenge vore strenge krav for kastrering av gris, noko som gjer kastreringa i Norge til ein av dei beste i verda. I dag er det lovfesta at det berre er veterinærar som skal kastrere gris. Norge er blant dei einaste landa som har påbod om lokalbedøving før kirurgisk kastrering, samt smertestillande etter inngrepet. Alternativet er ei vaksine. Den fører til at testiklane skrumpar inn, og dermed forhindrar rånelukt og dårleg smak på kjøtet . Denne vaksinen er ikkje hundre prosent effektiv og ved bruk av vaksinen vil rånane ha kjønnsdrifta si mykje lenger enn ved kirurgisk kastrering. Det fører til at dei vert meir urolege og slost meir i fjøset.
Sjølv om næringa har fått til mykje er det mange tiltak dei ynskjer å gjennomføre får styrke dyrevelferda. Blant anna skal det skal arbeidast vidare med at det skal vere klare konsekvensar for bønder som ikkje følgjer regelverket og betre oversikt og oppfølging gjennom systematisering og kontroll. Næringa skal systematisere data innhenta i Dyrevelferdsprogrammet for å få ei betre oversikt over utviklinga av dyrevelferda i svinenæringa, og gjere det enklare for slakteria å fange opp bønder som ikkje føl regelverket. I tillegg skal opplysingar frå Mattilsynet sine eksisterande kontroll på slakteria brukast for å følgje opp utviklinga på dyrevelferda. Når det gjeld halm og strø hjå grisane er næringa i samtalar med Innovasjon Norge om tilskot for å prøve ut nye bingeutformingar, gruppestorleikar, aktivitetsareal og liggeareal.
Haldningsskapande arbeid er svært viktig. Dårlege haldningar gjev dårleg åtferd. Noregs Bondelag og Norsvin har gått saman om å organisere besøksringar for bønder i svineproduksjonen. Målet er at alle svinebønder skal få besøk. Pilot for besøksringar var planlagt og avtalt med oppstart i vår, men er utsett inntil vidare på grunn av koronapandemien. Dessutan ynskjer næringa å løfte dyrevelferd som tema i alle organisasjonar i næringa, og ta det opp ved ulike høver der bøndene samlast.
Eit spennande forskingsprosjekt som førgår no for å auke dyrevelferda er DigiPig. Dette er eit prosjekt der forskarar jobbar med å lage eit overvakingsprogram som skal kunne kjenne igjen negativ og positiv åtferd hjå slaktegris. Eit slikt digitalt overvakingssystem som varslar bonden om avvik gjennom ein mobilapp vil løfte dyrevelferda. Med eit slikt varslingssystem kan bønene tidleg oppdage dyr med problem og sette i gang førebyggjande tiltak tidelgare enn i dag. Dette er eit godt eksempel på innovativ forsking som gleder oss til å del i som studentar og i yrkeslivet.
Vi opplever at vår generasjon kan vere splitta i oppfatninga av kva som er god dyrevelferd og korleis utviklinga bør vere framover. Det er diverre slik at det blir færre og færre som har eit forhold til dagens svineproduksjon og landbruket elles. Sjølv om forsking er viktig vert formidling av forsking minst like viktig dei komande åra. Det er mange avgjerder som skal takast av politikarar, organisasjonar og forbrukarar og dei må vere basert på berekraft og heilskap.
Så står det att å takke svinebøndene, og alle andre norske bønder, som står på kvar dag; for dyra sine, og for at vi skal få mat på bordet. Vi som er den komande generasjonen i det norske landbruket er stolte over å ta del i ei framtidsretta næring som vil forbruker, bonde og ikkje minst dyra sitt beste. Mykje har allereie blitt gjort og som vi ser vil det vere eit stort fokus på dyrevelferd også i åra framover. Det gjere at du kan ete julemiddagen med god samvit. Den er produsert med omsorg og kjærleik for dyra.
Marit Andrisdotter Kvam
husdyrvitenskapstudent
Steffen Fjellestad
veterinærstudent
Bergljot Oldre
veterinærstudent
Henning Røyneberg
bachelor i husdyrfag - velferd og produksjon