LESERINNLEGG
Jula har passert, med tid for lutefisk, pinnekjøt og ribbe. Dei siste åra har ribba vore ekstra omdiskutert. Organisasjonar og enkeltpersonar dreg gong på gong fram verstingtilfelle, og stemplar heile svinenæringa som ei forferdeleg næring. Det er på tide med meir fakta, og mindre forvridde bilete i debatten. Som ungdomar med landbruksrelatert utdanning er det ekstra interessant å følgje debatten kring husdyrproduksjon. Den er prega av mykje feilinformasjon. Dagens utdanningar innanfor husdyrhald og landbruk har eit stort fokus på velferd, 40 Utgåve 01 Årgang 76
etologi og berekraft. Dette er sjølve grunnlaget for gode produksjonsforhald. I tillegg har veterinærstudiet eit auka fokus på forebyggande arbeid hjå dyr. Husdyrfagstudiet har eigne fag om dyrevelferd og alt vi lærer gjennom utdanningsløpet er gjennomgåande prega av at dyra skal ha det optimalt. Det er framtidsretta og prega av eit berekraftig fokus på avl, ernæring, etologi og behandling. Som framtidas fagfolk meiner vi det er ekstra viktig at dette lyftast fram, og vi er trygge på at norske bønder i alle produksjonar er imøtekommande for å gjennomføre tiltak som er best mogleg for
dyra. For å kunne gjennomføre slike tiltak er bøndene og landbruket avhengige av gode tilskotsordningar, økonomi og støtte frå politikarar og oss forbrukarar. Dei siste åra har svinenæringa hatt stort fokus på dyrevelferd. Det viktigaste tiltaket som næringa har innført er Dyrevelferdsprogram for gris. Programmet inneberer systematisk jobbing med dyrevelferd, slik at ein i størst mogleg grad sikrar og dokumenterer god dyrevelferd for all norsk gris. Alle typar svinebesetningar i Norge er omfatta av dyrevelferdsprogrammet. Dyrevelferdsprogrammet stiller mange