Ulstein I Dag nr 1 2012

Page 1

I DAG U l st e i n

NR 1 2012. I DAG ER EIT nyheitsMAGASIN FRÅ Ulstein

ny viking i nordsjøen ulstein bridge vision™ påliteleg som få SAMSPEL SKAPER RESULTAT


ULSTEIN

2

SAMSPEL SKAPER RESULTAT INNHALD 4 ein ny viking 6 påliteleg som få 8 vindu mot framtida 10 samarbeid skaper suksess 12 nytt om design

ULSTEIN I DAG Nr 1 2012 UTGIVAR Ulstein Group ASA Tlf: 7000 8000, www.ulstein.com REDAKTØR Lene Trude Solheim ASS. REDAKTØR Tonje Øyehaug Ruud BIDRAGSYTARAR Helen Eiken, Blue-C PRODUKSJON Tonje Alvestad, Portalia TRYKKING EgsetViketrykk

X-BOW® – EIT patenteRT produkt Den bakoverlente baugen gir redusert fartstap i bølgjer. Dette gir auka hastigheit eller lågare kraftforbruk, og dermed betra drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp til luft. Baugforma eliminerer dunk og slag frå sjøen og gir ein meir komfortabel arbeidsplass.

Det har vore eit aktivt år for oss i ULSTEIN og det har vore fleire høgdepunkt gjennom året. Kontrakten med GC Rieber Shipping på levering av eit avansert subsea konstruksjonsfartøy og lanseringa av framtidas bruvisjon er to viktige milepælar. Bruvisjonen blei godt mottatt av både kundar og leverandørar, og ein er no i ferd med å utvikle dei første produkta som ledd i å realisere visjonen. Vi er straks klare til å levere praktskipet Seven Viking, eit toppmoderne IMR-fartøy av typen SX148 til Eidesvik Offshore og Subsea 7 og deira oppdragsgjevar Statoil. Vi kan også glede oss over at dei to første plattformforsyningsfartøya av typen PX121 til Blue Ship Invest er etterspurde i marknaden. Begge har fått langtidskontraktar med Apache. I tillegg kan vi med stoltheit sjå tilbake på leveransar av to “state-of-the-art” seismikkskip til Polarcus både til avtalt tid, kvalitet og pris. Fleire nye spennande ting er på gong: Vi har utvikla ein konseptdesign på eit kystvaktskip for den amerikanske verftsgrupperinga Vigor. Vi har selt tolv design for offshore forsyningsfartøy av typen PX105 til Seatankers, og to design på plattformforsyningsskip av typen PX121 til Britoil. I tillegg kjem salet av ein design på eit støttefartøy for vindmølleinstallasjon til Siem Offshore for bygging på Fjellstrand, den første med ULSTEIN-design for bygging på eit norsk verft utanom Ulstein Verft. Seven Borealis med SOC5000-design frå ULSTEIN blei levert tidlegare i år. Det er med glede at vi registrerer at fartøyet blir omtalt som eit flaggskip for Subsea 7. Vi jobbar for tida med fleire spennande prosjekt og innanfor mange ulike område i

verdikjeda vår. Vårt hovudmål er å på best muleg måte utnytte kompetansen vi har innanfor ulike område av konsernet. Vi skaper morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Det er viktig å ta dei rette avgjerslene og jobbe målretta med implementering, slik at vi kan halde fram med å gjere visjonen vår om til verkelegheit. Vi ønskjer å bidra til å skape utviklande og attraktive bu- og arbeidsregionar. ULSTEIN har i ei årrekkje bidrege med midlar til aktivitetar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt som ikkje har direkte med forretningsdrifta vår å gjere. I år markerer vi ferdigstillinga av SOSbarnebyen Porto Alegre i Brasil. I løpet av tre år har vi støtta totalrenovering av denne barnebyen, ein viktig milepæl for oss og alle borna som bur der. Hødd sitt cupfinaleeventyr i fotball har synt oss at det umulege er muleg og vi gratulerer alle involverte. Vi har støtta Hødd med midlar i både gode og dårlege tider og er i dag stolt hovudsponsor for breiddegruppa. Mange har retta augo mot Sunnmøre etter cupsigeren, og set dette i samanheng med korleis sunnmøringen er som type. Stoltheit, samarbeid og omstillingsevne er nøkkelord, og viktige årsaker til at vi lykkast saman også i den maritime klynga. Det same gjeld Dimna IL som har oppnådd svært gode resultat innan friidrett på landsnivå. Difor realiserer vi no visjonen til Dimna IL og Ulstein kommune gjennom å bidra til at dei siste midlane for den nye Ulsteinhallen kjem på plass. Hødd, Dimna IL og ULSTEIN har mykje til felles. Langsiktig målretta arbeid i kombinasjon med samspel vil alltid skape resultat.

FRAMSIDEFOTO: ULSTEIN GROUP INNSPELING AV SUPPORTARFILM FOR HØDD I SAMBAND MED UTDOKKINGA AV SEVEN VIKING. FOTOGRAFI OG ILLUSTRASJONAR: ULSTEIN (Lene Trude Solheim, Tonje Øyehaug Ruud, Tonje Alvestad, Christina Vossen, Øyvind Gjerde Kamsvåg, Bente Andreassen Pilskog, Johannes Røren), Tony Hall, Per Eide Studio, AHO, Remøy Shipping (Inge Svenn Nærø), Bourbon Offshore Norway (Bjørn Holm/Arnstein Lystad), Ingrid Verschuren, June R. Johansen, SOS-barnebyer (Nina Edholm), EDT Offshore (Yair Meivar), Aerolin.


I DAG NR1/2012

3

EIN NY viking inntek nordsjøen


ULSTEIN

4

smidige seven Eidesvik Offshore, Subsea 7 og Ulstein Group har samarbeidd om å utvikle ‘Seven Viking’, neste generasjons IMRfartøy for krevjande miljø. Leveringa av skipet markerer byrjinga på ei ny Viking-tid i stormfulle Nordsjøen.

innan energisektoren, treng selskapet produkt og service i verdsklasse frå leverandørane sine, fortel Stuart Fitzgerald, Vice President Norway i Subsea 7.

Eidesvik Offshore, Subsea 7 og ULSTEIN har samarbeidd tett om å utvikle neste generasjons IMR-fartøy for Statoil. Skipet er eit ICE-C-klassa fartøy med ein mannskapskapasitet på 90, og er eigd i fellesskap av Eidesvik og Subsea 7 gjennom selskapet Eidesvik Seven AS. Skipet skal arbeide i det barske klimaet i Nordsjøen, og skal utføre ulike og krevjande oppgåver for Statoil, mellom anna inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar (IMR) av undersjøiske oljeinstallasjonar, i tillegg til avskalingsbehandling og RFO-operasjonar (Ready For Operations). Komplekst – Skipet er svært komplekst, og det var i prosjektet viktig å optimalisere utstyrsarrangementet, der mykje er

integrert i hangaren, før sjølve byggearbeidet starta. Til å vere eit slikt avansert skip, har byggetida vore ganske kort, så den perioden vi har kunna bruke for å fullføre alt engineeringsarbeidet har vore hektisk, men det har gitt gode resultat, seier prosjektleiar Ellen Sofie Hiberg Ottesen i Eidesvik. Medan Eidesvik har fokusert på skipet sine maritime eigenskapar for å skape ein best muleg arbeidsplattform, har Subsea 7 spesielt arbeidd med dei teknisk operasjonelle løysingane. ‘Finst ikkje maken’ – Statoil er ein pionér og eit verdsleiande føretak, og for å kunne halde seg i front

– Fartøyet sine spesifikasjonar er like eineståande som det miljøet det skal operere i. Statoil bad oss innfri ei rekkje strenge krav, og saman med ULSTEIN og Eidesvik har vi brukt all vår samla erfaring for å levere 100% etter spesifikasjonane. Innsatsen har resultert i ‘Seven Viking’ – eit skip skreddarsydd for IMRoperasjonar og som det ikkje finst maken til i marknaden. Smidige Seven Prototypskipet har X-BOW®-skroglinjedesign, som gir mindre og mjukare rørsler i transitt og auka stabilitet i dei fem meter høge bølgjene som er typiske for Nordsjøen. Stabiliteten er svært god, noko som vanlegvis har samanheng med storleik, men denne nye kompakte SX148-designen har ei lengd på ‘berre’ 106,5 meter og ei breidd på 24,5 meter. Skipet er difor også smidig, noko som vert forsterka av ei toppfart på 16 knop, og dette gjer at ‘Seven Viking’ lett kan manøvrere i tronge rom, slik som mellom plattformer, og kome til i vanskeleg tilgjengelege område.


I DAG NR1/2012

5

“Seven Viking har makelaus teknisk og operasjonell kapasitet innan sitt område. Vi har arbeidd saman for å finne gode løysingar” Stuart Fitzgerald, Subsea 7

Optimal kapasitet Sjølv om storleiken er avgrensa, så har skipet stor kapasitet til å frakte både mannskap og store mengder subseautstyr takka vere ei smart utforming der skrogvolumet er maksimert og utstyret integrert i ein stor hangar. – Skipet er optimalisert for dei oppgåvene det skal utføre, seier Fitzgerald. – Det har kapasitet til å frakte alt naudsynt vedlikehaldsutstyr, noko som gjer at det kan møte ei kvar utfordring og operere kontinuerleg, med minimal nedetid. I tillegg er buområdet plassert i avstand frå arbeidsområda for å sikre at mannskapet kan kvile uforstyrra. Vi meiner vi har skapt eit moderne, effektivt og komfortabelt arbeidsmiljø, noko som bidreg til den operasjonelle tryggleiken om bord. Sikkerheit og miljø HMS (helse, miljø og sikkerheit) har vore eit anna hovudfokus i prosjektet, i følgje Vidar Øvstedal, offshoresjef i Subsea 7: – Vi har utvikla gode løysingar for å sikre trygge og effektive operasjonar. Blant desse er eit skreddarsydd modulhandteringssystem (MHS) som er integrert i skipet sin hangar for å gi sikker utsetjing og opphenting av opp til 70 tonn tunge undervassmodular, seier han.

– Samarbeid og kommunikasjon er særs viktig under krevjande forhold, og vi har difor samla alt operasjonsmannskap i eitt område direkte over hangaren, og store vindu i kontrollromet gir full oversikt over arbeidsareala om bord. Skipet er også utvikla med tanke på å møte dei strengaste krava til arbeidsmiljø, og har komfortklassen COMF-V(3) med lave støy- og vibrasjonsnivå. Ved å velje elektriske vinsjar til mellom anna ROV (fjernstyrte miniubåtar), MHS og hjelpeutstyr, har vi oppnådd eit lavast muleg støynivå i hangaren. Vidare er det installert persontransportkorger og utstyrskraner i hangaren for å minimere arbeid i høgda og manuell handtering av utstyr. Skipet sitt høge fribord gjer det også tryggare for dekksmannskapet, fortel Øvstedal. Han legg til at miljøomsyn har vore viktig i utviklinga av skipet, som ber klassenotasjonen Clean Design. Miljøtiltak omfattar blant anna dieselelektrisk framdrift, som reduserer utslepp til atmosfæren, og elektriske vinsjar som gir nullutslepp av hydraulikkolje. Så sjølv om ‘Seven Viking’ skal kjempe i Nordsjøen, vil det fare skånsamt fram. Morgondagens teknologi i dag Fitzgerald meiner samarbeidet mellom

partane og kunden har gjort at dei både saman og kvar for seg har heva seg til nye høgder. – ‘Seven Viking’ har makelaus teknisk og operasjonell kapasitet innan sitt område. Vi har arbeidd saman for å finne løysingar i tråd med kunden sine krav, og med dette skipet tek utviklinga innan IMR-fartøy eit stort steg framover. Når dei beste jobbar saman dei beste blir utfordringar til mulegheiter, og du ser kva du faktisk kan oppnå, understrekar Fitzgerald.

FaKta: Eidesvik Offshore opererer ein moderne flåte med spesialiserte fartøy innan forretningsområda supply, seismikk og subsea. Subsea 7 er ein undervassoperatør innan engineering, konstruksjon og service for offshore energiindustrien. ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip.


ULSTEIN

6

påliteleg SOM FÅ Reiarlaget GC Rieber Shipping utfordra ULSTEIN på å utvikle eit subseafartøy med høg kapasitet basert på designen SX121 frå ULSTEIN. Resultatet er eit fartøy, som i tillegg til førsteklasses utstyr og eigenskapar, vil vere maksimalt tilgjengeleg for operasjonelt arbeid, takka vere ‘Operation+’, ein ny og høgare standard innan operasjonell sikkerheit.

– Dette førsteklasses fartøyet vil styrke posisjonen vår innan subseaområdet, seier Irene W. Basili, konsernsjef i GC Rieber Shipping.

‘Operation+’ er utvikla av ULSTEIN i samarbeid med GC Rieber Shipping, og designteamet frå ULSTEIN har levert eit produkt som sikrar minimal operasjonell nedetid og maksimal effektivitet og pålitelegheit. Dette er viktige kvalitetar for eit fartøy som skal utføre oppdrag innan subsea og offshorekonstruksjon på store havdjup, langt frå land og under krevjande vêrforhold. System i særklasse – ‘Operation+’ er ei vidareutvikling av GC Rieber Shipping sin ‘fail-to-safe’-tankegang. Med ‘fail-to-safe’ meiner ein at skipet skal kunne styrast trygt etter ein stor enkeltfeil i eitt av systema om bord, og dermed kunne


I DAG NR1/2012

7

Nokre av dei sentrale designarane som har utvikla det nye fartøyet for GC Rieber Shipping, frå venstre Per Arne Riksheim, Ann Katrin Barstad, Geir Sivertstøl og Terje Våge.

avbryte ein pågåande operasjon på ein sikker måte. ‘Operation+’ tek dette prinsippet eit steg vidare til at skipet skal kunne halde fram med ein operasjon utan å avbryte sjølv om ein slik feil oppstår, seier Bjørn Valberg, teknisk direktør i GC Rieber Shipping. Kraft og framdrift (hovudmaskineriet), hjelpesystema og styringssystema om bord i fartøyet er sette saman i system på ein så solid måte at ein større enkeltfeil i eitt av desse, som til dømes i ein thruster (sidepropell), i kjølesystemet eller i hovudtavla, ikkje vil hindre det i å sluttføre ein pågåande operasjon. Dermed kan reiar

• Redundans At eit skip har redundans, inneber at der er installert to eller fleire hovudsystem (hovudmaskineri saman med hjelpesystem og styringssystem) på ein slik måte at om det eine hovudsystemet skulle svikte fullstendig, så vil ikkje det påverke attverande system. Der vil då vere nok systemkapasitet til at fartøyet kan halde fram arbeidet tilfredsstillande.

og oppdragsgjevar vere visse på at fartøyet gjennomfører oppdraget effektivt og utan fordyrande opphald. Rått på redundans Subseafartøyet vil typisk utføre operasjonar der verktøyet DP (dynamisk posisjonering) vert nytta. Under slike oppdrag er driftssikkerheit spesielt viktig. – Fartøyet er unikt fordi det gjennom ‘Operation+’ har eit høgare redundansnivå, som enkelt forklart betyr systemkapasitet, enn det DNV sin nest høgaste notasjon for dynamisk posisjonering, DYNPOS-AUTR, krev. Dette er muleg ved at hovudmaskineriet

• Dynamisk Posisjonering Dynamisk posisjonering er eit databasert system som kontrollerer og styrer propellar og sidethrusterar, og som optimaliserer bruken av desse slik at fartøyet held seg på ein fast posisjon eller følgjer ei fastlagt rute som operatøren har lagt inn. Vind, bølgjer og straum vert fanga opp av måleutstyr. Desse målingane fortel DP-systemet kva retning og kva kraft det må bruke på propellar og sidethrusterar for å halde skipet i posisjon.

er sett saman av ei firdelt hovudtavle, hovud- og sidethrusterar og dieselmotorar, som kan fungere i grupper på to, tre eller fire alt etter behov. Denne konfigurasjonen gjer maskineriet svært fleksibelt og driftssikkert, og dersom det oppstår ein stor enkeltfeil, vil fartøyet likevel behalde tilstrekkeleg av kraftpakken og framdrifta til å kunne fortsette DP-operasjonen utan opphald, forklarar Geir Sivertstøl, sjefsingeniør innan elektriske system i Ulstein Design & Solutions. Fartøyet, som er bygg nummer 300 frå Ulstein Verft, er planlagt levert i første kvartal 2014.

• GC Rieber subseafartøy, SX121 – 130 meter langt og 25 meter breitt – kan ha eit mannskap på 130 – toppfart på 14,5 knop – utstyrt med ei kraftig 250-tonns aktiv hivkompensert offshorekran – stort lastedekk – kan ha med to ROV-ar – utstyrt med moonpool – designa med SURF-kapasitet


ULSTEIN

8

ULSTEIN BRIDGE VISION™

vindu mot fRAMTIDA Sidan lanseringa på oljemessa hausten 2012 har den nye bruløysinga ULSTEIN BRIDGE VISION™ fått stor merksemd. Norske reiarar er ofte ivrige på å ta i bruk ny teknologi. Det gjer at skipa deira er i fremste rekke når det gjeld grad av nyskaping.

Konseptet er ei heil rekke innovasjonar utvikla med brukaren i fokus, mellom anna: Infografikk på eller ved bruvindua; eit system som automatisk tilpassar seg til den enkelte brukar sitt føretrekte oppsett; og ergonomisk utforming av arbeidsstasjonane.

Prosjektleiarane Per Ivar Roald frå Ulstein International og Kjetil Nordby frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo er engasjerte i den vidare utviklinga av ULSTEIN BRIDGE VISION™. – Mange kundar og leverandørar oppsøkte oss etter lanseringa og sa at dette kunne dei tenke seg å vere med på, seier prosjektleiar i ULSTEIN, Per Ivar Roald. – Fleire leverandørar har utstyr som kan passe inn i konseptet vårt, og andre ynskjer å vidareutvikle løysingar dei har i dag. Også klassemyndigheitene og Sjøfartsdirektoratet ynskjer å spele på lag.

Brukaren i fokus ULSTEIN har, saman med Arkitekturog designhøgskolen i Oslo, Høgskolen i Ålesund og Kwant Controls, sett ein uredd og innovativ ny kurs for framtidas maritime operasjonar. Med ein fokus på å skape betre, tryggare og enklare løysingar for mannskapet, har partane utvikla eit banebrytande konsept som gir store forbetringar i styringa av skip.

– Forholda for brukaren på arbeidsstasjonane på brua har vore eitt av dei viktigaste fokusområda i prosjektet. Saman har vi skapt eit arbeidsmiljø på framtidas bru som sentrerer seg kring menneska som arbeider der. Konseptet femner både om utforminga av arbeidsplassane og om nye måtar å samhandle med brusystema på, seier produktansvarleg for bru i ULSTEIN, Arne Ove Rødstøl. SPELTEKNOLOGI Medan ein på lanseringa presenterte eit reint konsept, arbeider ein no for fullt med å utvikle produkt som kan verkeleggjere konseptet. Kjend teknologi frå mellom anna spelindustrien, og som er i bruk i dag på enkelte fly og bilar,


I DAG NR1/2012

9

Viktig informasjon vil bli vist gjennom optisk projeksjon, anten direkte på bruvindua på aktre bru, eller på store monitorar direkte under bruvindua på framre bru.

skal tilpassast ei framtidsbru. Formålet er å gjere det tryggare om bord. – På dagens bru må ein flytte seg mykje omkring for å slå av alarmar og sjekke statusar. Slik vi legg opp brua skal alle system og alarmar vere tilgjengelege frå arbeidsstasjonen, fortel Rødstøl. Norske reiarar er offensive med å ta i bruk ny teknologi, noko som gjer at skipa ofte har ein stor grad av innovative element i seg. Per Ivar Roald vonar reiarane også vil fatte interesse for ULSTEIN BRIDGE VISION™: – Fleire personar arbeider med å utvikle produkt til brua. Vi ser for oss ei gradvis implementering, og eg vonar at det første skipet med ULSTEIN BRIDGE VISION™bru vil vere leveringsklart om eit par-tre år, seier han. revolusjon meir enn evolusjon Tore Ulstein, som er sjef for Marknad & Innovasjon og styreleiar i Ulstein Group, forklarar at auka sikkerheit og forenkla

Avdelingsleiar bru, Roar Kjærstad, og leiar for utvikling, Rune Volden, i Ulstein Power & Control arbeider med å realisere det første delproduktet som kan inngå i ULSTEIN BRIDGE VISION™. løysingar har vore dei leiande prinsippa og drivkrafta bak utviklinga av konseptet ULSTEIN BRIDGE VISION™. – Samhandlinga mellom brukarane og dei komplekse brusystema har blitt lettare. Det er ein bru-revolusjon meir enn det er ein bru-evolusjon, og eg trur at ULSTEIN BRIDGE VISION™ kan verte ein innovasjon på linje med X-BOW®, seier han.

ULSTEIN BRIDGE VISION™ er eit samarbeid mellom ULSTEIN og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO), Høgskolen i Ålesund og Kwant Controls B.V. Prosjektet er støtta av Norsk Designråd og Noregs Forskingsråd.


ULSTEIN 10

samarbeid skaper suksess

Plattformforsyningsfartøya ‘Rem Hrist’ og ‘Rem Mist’ var nyleg i dokk ved ULSTEIN for å korrigere tank- og eksosløysingane. – Arbeidet gjekk på rekordtid, og alle er fornøgde med ei svært vellukka ombygging, seier kaptein Ole Petter Nygjerde på ‘Rem Hrist’. X-BOW® skroglinjeform, i kombinasjon med dieselelektrisk framdriftssystem, skulle sikre optimalt drivstofforbruk, hastigheit, sjøeigenskapar og evne til å halde posisjon. Skipa blir i Nordsjø-samanheng karakteriserte som store PSV-ar, med dødvekttonn på 4528, og stor kapasitet på tørrbulk, væsker og dekkslast. Skipa er sertifiserte som beredskapsfartøy for 250 personar, og begge har langsiktige kontraktar med Statoil.

visekonsernsjef og med ansvar for marknad og innovasjon i ULSTEIN.

Vasseksos for framtida Det er ei kjent problemstilling at eksos frå forsyningsskip vert dratt inn i ventilasjonsanlegga på riggane. Kontraktøren hadde også eit sterkt ynske om fri sikt frå brua for å få endå betre operasjonell sikkerheit. Skipa skulle difor utstyrast med vasseksosløysing frå Mecmar, ei løysing som er utprøvd på fleire andre typar båtar (forsvar, hurtiggåande, yachtar), men som ikkje har vore prøvd ut på offshoreskip tidlegare. – Med utvendig eksos ville ein ikkje få dei store eksosrøra gjennom innreiinga og brua. Det ville difor gi 360-graders fri sikt, ein ville få mindre støy, vibrasjonar og frigjort plass i innreiinga, fortel Tore Ulstein, som er

– Det er ingen tvil om at vasseksos kan vere løysinga for framtida, hevdar kaptein Ole Petter Nygjerde på Rem Hrist, men varierande lastkondisjonar gjorde at systemet ikkje greidde å tilpasse den rette balansen på sjøvassinjeksjonen, og då greidde det ikkje å bitte sotpartiklane.

– Presystemtestinga verka veldig lovande, men det synte seg at som prototyp på eit offshoreskip var ikkje denne løysinga så god som ein kunne håpe, fortel Ronny Dimmen ved Ulstein Verft. Han var prosjektleiar då skipa vart bygde, og han var også prosjektleiar då vasseksossystemet seinare vart bygd om.

– Tilbakemeldingane vi fekk gjorde oss overtydde om at noko måtte gjerast. Vi bygde om eksosen ved å legge eksosrør frå B-dekk og opp utvendig på skipet, i bakkant ved trapp. Også veivhusventilasjonen går utvendig. Dette gjer at ein framleis har fri sikt frå bru, og ein får eit lavare støy- og vibrasjonsnivå i innreiinga. Alt i alt er vi svært nøgde med resultatet, understrekar

Dimmen. Løysinga ein kom fram til, vart så vellukka at designområdet i ULSTEIN vurderer å innarbeide denne i framtidige design. Tankløysingar Moderne plattformforsyningsfartøy har tre gongar større dekkslastkapasitet enn skip bygde for berre ti år sidan. Samtidig blir klassekrava til yting, sikkerheit og miljø stadig strengare. Det gjer at skipa blir stivare, noko som gjer dei meir stabile, men samtidig krappare og dermed meir ubehagelege å vere om bord på. – Rulling er eit generelt problem for PSV-ar. Det gjer at skipa til Remøy Shipping ved levering var utstyrte med to passive rullereduksjonstankar i akterskipet og éin i forskipet. Slike tankar reduserer rulling, og tilfredsstiller reiarlaget sine spesifikasjonar med krav til ulike lastkondisjonar, fortel Ulstein. – Under tøffe forhold i Nordsjøen har Rem Hrist og systerskipet gått med mjuke rørsler i transitt og manøvrert seg smidig rundt i tettpakka offshoreriggområde, men ein opplevde at skipa hadde krappe rørsler,


I DAG NR1/2012

11

REM MIST OG REM HRIST UTE PÅ gullfaksFELTET.

seier Ulstein og forklarar: – Den såkalla GM-en (metasenterhøgda) er ein av hovudfaktorane som påverkar rulling på fartøyet. Med høg GM vil skipet oppføre seg stivt med korte rulleperiodar. Ein kan redusere verknaden av dette ved måten ein lastar skipet på, til dømes å fylle tankane høgare oppe i fartøyet, utnytte tankar med større fri væskeoverflate, laste dei tankane som ligg lengst mot skutesida og unngå fylling av tankar i botnen av fartøyet. I tillegg vil bruk av rullereduksjonstankar med rett fyllingsnivå i høve til vêr og vind redusere rullinga ytterlegare. Frå tanke til handling – Saman med reiarlaget vurderte vi ulike alternativ, og i august 2012, 18 månader etter at Rem Hrist gjekk frå Ulstein Verft, var skipet attende ved verftet for ombygging. Det vart installert ein ekstra rullereduksjonstank mellom A- og B-dekk. Ved å nytte alle rullereduksjonstankane, og laste fartøyet optimalt, har ein auka operabiliteten og høgna komforten om bord i fartøyet. Seinare har også systerskipet gått gjennom same ombygginga, fortel prosjektleiar Dimmen, og kaptein Nygjerde er fornøgd: – Det var inndokking, ombygging og utdokking på rekordtid, og vi fekk akkurat det vi trengde. Vi har opplevd storm og bølgjer opp mot 10-12 meter, og fartøyet sine sjøeigenskapar både måler seg med og overgår andre fartøy i marknaden. Reinare luft og ein behageleg arbeidsplass har skapt

Ronny Dimmen ved Ulstein Verft og kaptein Ole Petter Nygjerde før levering av søsterskipa, som no framstår i forbetra utgåver. eit anna miljø om bord. Alle er fornøgde. Ombygginga var svært vellukka, seier han. Samarbeid er vegen til suksess Innovasjon tek ofte ei todelt tilnærming. Medan det er ein risiko å satse alt på innovasjonsutvikling, vil ein langsam, jamn strategi, ‘best practise’, ikkje vinne nokon gullmedalje i dagens teknologiløp. – Spørsmålet er ikkje anten-eller, men å makte å gjere begge delar samtidig, seier Tore Ulstein, og held fram: – Innovasjon krev ein vilje til å tenke nytt og ta risiko, men nokre gongar er dette berre første steg i ein mykje lengre prosess, der

innovasjonen må justerast eller utviklast vidare. Ved å ta i bruk og vidareutvikle ny teknologi i produkt og tenester, har eit selskap mulegheit til å oppnå varige konkurransefortrinn, seier han. nye konkurransefortrinn – Erfaringane frå Rem Hrist og Rem Mist gir vesentleg verdi for Remøy Shipping, og gir ULSTEIN ei mulegheit til å vidareutvikle kunnskap og erfaringsgrunnlag frå våre eksisterande produkt og design. Saman med Remøy Shipping har vi løyst utviklingshinder på ein måte som har gitt oss nye konkurransefortrinn, og det er dét innovasjon handlar om, understrekar Tore Ulstein.


ULSTEIN 12

BRITOIL NY I PSV-Marknaden

Reiarlaget Britoil Offshore Services har bestilt to plattformforsyningsskip av PX121-designen og utstyrspakkar frå ULSTEIN. Skipa vert Britoil sine første i PSV-marknaden, og vert bygde ved deira eige verft, PT Britoil Offshore Indonesia.

Britoil har base i Singapore. Dei har i dag ein flåte på 40 skip, i hovudsak ankerhandteringsskip og lekterar, og selskapet har meir enn 25 års erfaring i skipsservice og transport. Ei gruppe frå Britoil deltok tidlegare i år på prøveturen til ‘Blue Fighter’, det første av denne designtypen. – Dette er eit gjennombrot for ULSTEIN sine PSV-design i søraust-Asia.

Kontrakten inkluderer ein omfattande utstyrspakke med design, engineeringsstøtte og hovudutstyr. I tillegg kjem ei stor kraft- og kontrollpakke som omfattar elektrisk framdriftssystem, integrert bruløysing, konsollar, radio- og navigasjonsutstyr, ULSTEIN IAS® og ULSTEIN COM®, fortel Sigurd Viseth, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions.

tolv på Éin gong – Vi har eit etablert samarbeid med Sinopacific-gruppa, som har bygd ti skip av vår design tidlegare. På dei fleste prosjekta har det vore byggeoppfølging frå ULSTEIN med eit eige prosjektteam på staden.

Sinopacific-verftet Zhejiang gjekk hausten 2012 inn på ein kontrakt med ULSTEIN på tolv designpakkar for plattformforsyningsfartøy av PX105-design til Seatankers Group. Kontrakten inkluderer ei omfattande utstyrspakke på design, engineering og utstyr. Sidan salet av Ulsteinkonsernet til Vickers (1999), har ULSTEIN selt 90 skipsdesign, av desse 65 med skroglinjeforma X-BOW®. Dei første selde skipa gjekk i hovudsak til norske reiarlag, medan denne serien på 12 går til Kypros-baserte Seatankers Group. Skipa vert bygde i Kina. – Dette er eit stort prosjekt ved eit moderne verft med stor kapasitet og stort potensial, kommenterer teknisk direktør Espen Sørensen i reiarlaget, og prosjektleiar ved Ulstein Design &

Solutions, Johannes Røren, føyer til: – Arbeidet med skipa er i god gjenge, og tre av skroga er allereie sjøsette. Kort leveringstid gjer at ULSTEIN og verftet i fellesskap må prestere maksimalt framover. Første skip er planlagt for levering i første kvartal 2013, og er sikra langtidskontrakt med Apache. – Sjølv om vi i dag sel mange design til utlandet, kjem utstyret til skipa i stor grad frå Noreg, kommenterer administrerande direktør Sigurd Viseth i Ulstein Design & Solutions, og held fram:

Skipa er 88,9 meter lange og 19 meter breie. Dei vert utstyrte med dieselelektrisk framdrifts-system, og ei omfattande elektropakke frå Ulstein Power & Control. Dei får Azipull 100-propellar, og vil kunne halde ei fart på 15,5 knop. Lastedekksarealet vert på i overkant av 1000 m2 og skipa får ei dødvekt på 4700 tonn.

Bygginga av dei første fartøya er allereie godt i gang ved verftet i Kina.


I DAG NR1/2012

X-BOW® i UNITEN?

US Coast Guard skal fornye flåten med opp til 25 nye OPC-skip (Offshore Patrol Cutter), og fleire verft har levert tilbod. Vigor går for X-BOW®-designen. – X-BOW®-en har eigenskapar som tilfredsstiller Kystvakta sine krav, nemleg høgare vedvarande fart i bølgjer, ein stødig plattform for å sette ut båtar og lande helikopter, redusert slitasje på mannskapet, lengre tid i teneste og lavare produksjonskostnader. Det største hinderet vil vere å få aksept for den ukonvensjonelle designen, seier Matt von Ruden, sjef for OPCprogrammet i Vigor, og pensjonert kystvaktkaptein. – Vi lanserte difor ein marknadskampanje mynta på avgjerdstakarane i Kystvakta, statlege funksjonærar og heile den maritime industrien, og vi har fått svært positiv respons.

Designen er basert på ULSTEIN sin SX151-design. Skipet er 100 meter langt og 16,4 meter breitt. Arbeidsfarta ligg typisk mellom 5 og 22 knop, og skipet har difor kombinert dieselmekanisk/ dieselelektrisk framdrift. Det er innreidd for 124 personar, har helikopterdekk og -hangar, og hangar for tre redningsbåtar. I 2015 blir det klart kven som får kystvaktkontrakten.

Design til Shell ULSTEIN har utvikla ein konseptdesign for eit skip som fraktar flytande gass (LNG Carrier) på oppdrag for Shell International Trading & Shipping Company Ltd. ULSTEIN er ein av fleire som er involverte i dette spanande prosjektet. Illustrasjonen vart brukt som førstesidebiletet på Shell si nettside då dei hausten 2012 lanserte ein App om energiinnovasjonar.

Seven Borealis Djupvasskonstruksjonsfartøyet Seven Borealis vart levert til Subsea 7 tidleg i 2012. Basert på ULSTEIN sin SOC5000-design, er fartøyet utstyrt med verdas største roterande mastekran som kan løfte 5000 tonn over hekken. Skipet arbeider med utbygginga av undervassdelen til gassfeltet Martin Linge.

von Ruden har sjølv vore fleire dagar på eit X-BOW®-skip i Nordsjøen: – Eg ville sjå om påstandane om eigenskapane stemde – og det gjorde dei, understrekar han.

FØRSTE EKSTERNE I NOREG Installasjonsstøttefartøyet av ULSTEIN sin nye design SX163, tinga av Siem Offshore i oktober, vert det første fartøyet frå ULSTEIN som vert bygd ved eit eksternt verft i Noreg. Fjellstrand i Hardanger skal bygge fartøyet som skal brukast til installasjon, reparasjon, vedlikehald og generelle serviceoppgåver innan marknadene for fornybar energi og olje og gass offshore. – Fornybar energi er ein ny marknad for ULSTEIN, og vi er glade for at Siem valde vår design, seier administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions, Sigurd Viseth, og legg til at kontrakten inneheld ein opsjon på éin design til av same type.

13

Leverer til Spania Ferdigstillinga av to plattformforsyningsfartøy av PX105-design til EDT Offshore er flytta frå eit kriseramma verft i Sevilla til La Naval-verftet i Bilbao. I samband med endringa har Ulstein Design & Solutions inngått kontrakt med byggeverftet på engineering og utstyrsleveransar.

Skipet vil vere 74 meter langt og 17 meter breitt, og innreidd for 60 personar. Det vert utstyrt med kraner og eit hivkompensert (AHC) gangbrusystem for trygg overføring av personell til faste eller flytande konstruksjonar.


ULSTEIN 14

– SOM EI SVANE

Plattformforsyningsfartøya ‘Blue Fighter’ og ‘Blue Prosper’, dei første av i alt seks fartøy av ULSTEIN sin PX121-design, har fått både langtidskontraktar og lovord denne hausten. ‘Blue Fighter’, som er i langtidskontrakt for operatøren Apache i britisk sektor av Nordsjøen, inngjekk i oktober 2012 ny eittårskontrakt med same selskap og med

opsjon på eitt år til, gjeldande frå februar 2013 når noverande kontrakt er ferdig. Samtidig sikra også søsterskipet ‘Blue Prosper’ seg kontrakt med same operatør

og i same område frå midten av oktober, etter å ha gått på spot- og korttidskontraktar sidan overlevering i byrjinga av september. Tilbakemeldingane frå mannskapa om bord i dei to fartøya har vore svært gode, og kaptein på ‘Blue Prosper’, Trond Brandal, har sendt ULSTEIN fylgjande lovord om fartøyet: “Hei. Ligg uti havet og lastar/lossar dekkslast. Båten fungerer heilt topp, og over forventingane. Vi ligg i posisjon som eit plaster. Før mannskapsskiftet fekk vi testa dei fleste bulkcargosystema, og alt verka heilt fint. Vi har ikkje hatt nokon operasjonelle feil. Vi fekk testa skuta i litt ruskevêr sist vi gjekk frå land. Hadde hastelast om bord, og ordre om “beste fart de kan gjere”. Hadde 35-40 knops vind inn 30-40 grader på styrbord baug, gjekk med 15,5 knop, og skuta gjekk som ei svane. Inga slingring, ingen sjøsprøyt, berre fryd og gaman. Mannskapet er heilt imponert over verknaden av X-BOW®. Dei hadde ikkje trudd det om dei ikkje hadde opplevd det, seier dei. Keep up the good work!” Skipa er kontraherte av Blue Ship Invest for bygging ved Ulstein Verft, og dei resterande fire skipa skal leverast i løpet av 2013.

UTFORSK EXPO

Bedriftsutstillinga ULSTEIN EXPO viser Ulstein Group si fortid, notid og visjonar for framtida gjennom film, lydopptak, bilete, gjenstandar og tekst. Den moderne utstillinga nyttar mange interaktive element slik at kvar enkelt kan gå rundt og trykke, sjå, høyre og oppleve. Historie er ikkje noko trøytte greier, det kan vere veldig underhaldande, og gjennom snart 100 år har mangt og mykje skjedd i ULSTEIN-samanheng som ein kan oppleve i bedriftsutstillinga vår, ULSTEIN EXPO.

Her kan du få deg ei god latterstund med historier om hendingar og personlegheiter ved verftet. Du kan fylle på med filmar frå 50-60-talet, då pels og hattar var standardpåkleding på dåpane, samtidig som potetleiken og å hoppe bukk var

populære aktivitetar på dåpstur. Er du mest interessert i nyare ting, finst der eit utal amatørfilmar som mannskap på ULSTEIN-båtar har lagt ut på nettet, vi har også filmar om ULSTEIN frå blant anna Discovery Channel, NRK og TV2, og alle dåpsfilmar gjennom tidene er sjølvsagt der. Eit interaktivt kart viser kvar ULSTEINskipa er akkurat no. ULSTEIN EXPO er ope alle kvardagar fram til kl 16. Ein kan også avtale ei gruppeomvising ved å kontakte resepsjonen.


I DAG NR1/2012

15

fest for bourbon rainbow

Over: ‘Bourbon Rainbow’ på prøvetur. Til høgre: Gudmor Julianne Vik frå Bourbon Offshore Norway ved dåpen på ‘Bourbon Rainbow’.

‘Bourbon Rainbow’ er det siste i ein serie på fire plattformforsyningsfartøy av typen PX105 bygd for Bourbon Offshore Norway ved Zhejiang-verftet i Kina.

Skipet har ei lengde på 88,9 meter, ei breidde på 19 meter, dødvekttonn på 4290 tonn og maks hastigheit på 15,5 knop. Skipet er utrusta for ein permanent kapasitet på 25 personar. Dei fire skipa i denne serien er svært effektive og fleksible. Medan vanlege forsyningsfartøy typisk fraktar seks-sju ulike typar last, kan desse skipa frakte 21 ulike typar produkt. Dette kan ein gjere

ved å bruke kombinasjonstankar, MACS-tankar, som kan kombinere tørrbulk med flytande bulk. Samtidig er der 12 vanlege tankar om bord. Skipa kan dermed ta eit mykje større produktspekter. Alle tankane har kvar si pumpe, det gjer at ein kan losse tankane uavhengig av kvarandre med kvar sitt rørsystem. Det gjer lossinga sikrare og meir effektiv.

Besøkte SOS-bARneby

I haust var Tore Ulstein med familie i Brasil der han mellom anna besøkte barnebyen Porto Alegre. ULSTEIN betalar for renoveringa av barnebyen, som vart etablert i 1975. SOS-barnebyer er verdas største hjelpeorganisasjon for foreldrelause og forsømte barn, og har totalt 500 barnebyar.

Det er tre årsaker til at born kjem til barnebyane: Misbruk, vald, eller at dei er utstøtte frå familien. I Porto Alegre vert det gjort ei omfattande renovering av husa, golvet vert tatt opp og murpussen vert tatt av veggane, før det heile vert bygd opp att. Husa vert også utvida. – Vi gjesta blant anna huset til ei SOS-mor med seks born frå 11-16 år. SOS-mora fortalde at ho ikkje har eigne born sjølv, men føler at borna ho tek seg av er som hennar eigne, seier Tore Ulstein.

– Besøket i barnebyen gjorde stort inntrykk på oss, og styrka den oppfatninga vi allereie hadde om at SOS-barnebyer gjer ein svært viktig innsats for vanskelegstilte born fleire stader i verda, understrekar han. Ulstein Group er sidan 2010 hovudsamarbeidspartnar for SOS-barnebyer, og gir eit bidrag på 1 million kroner i året, spesielt øyremerka Porto Alegre. Dette kan vere med på å betre utdannings- og framtidsutsiktene til barn og unge i eit område av verda der selskapet er aktivt.


VINN

EIN I PAD MINI !

TEIKNEKONKURRANSE! Vi inviterer alle born under 16 år til å teikne framtida sin ULSTEIN-hødd-BÅt! Send teikninga di til ULSTEIN GROUP, KOmmunikasjonsavdelinga, Postboks 158, 6067 ulsteinvik eller i e-post til info@ulstein.com. VINNAREN FÅR ein IPAD mINI! Alle får premie :)

ULSTEIN GROUP Postboks 158 6067 Ulsteinvik

Tlf: 7000 8000 gr@ulstein.com www.ulstein.com www.facebook.com/ulsteingroup


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.