Verda treng gode formidlarar som når ut med kunnskapen sin. Men kunnskap åleine er ikkje nok. For at kunnskapen skal kome til nytte og bety noko for lesaren, må du fortelle historier med spenning og driv. I Den gode historia – skriveråd for engasjarende forskingsformidling lærer du korleis. Den erfarne formidlaren Åsmund H. Eikenes deler sine mest effektive verkemiddel for å fortelle gode historier om forsking, saman med ti konkrete skriveråd for å meistre skriveprosessen frå start til slutt. I boka lærer du å fortelle gode historier ved å – skape spenning – strukturere ein tekst – argumentere for ei sak – bruke allsidige skriveverktøy – skrive klart og tydeleg Anten du er student, forskar, forfattar eller føredragshaldar, blir du ein betre formidlar etter å ha lese denne boka. Åsmund H. Eikenes er biolog, forskar, forskingsjournalist og forfattar. Han har skrive fleire populærvitskaplege bøker, ei illustrert faktabok for barn og ein samtidsroman. Eikenes er medlem av Akademiet for yngre forskere og har undervist i forskingsformidling ved Universitetet i Oslo i fleire år.
ISBN 978-82-15-04848-2
Den gode historia omslag3korr.indd 1
28.09.2021 13:36
Den gode historia
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 1
27.09.2021 10:56
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 2
27.09.2021 10:56
Åsmund H. Eikenes
Den gode historia Skriveråd for engasjerande forskingsformidling
universitetsforlaget
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 3
27.09.2021 10:56
© Universitetsforlaget 2021 ISBN 978-82-15-04848-2 Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering gjorde med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel. Prenta med tilskot frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo. Språklege val i denne boka som ikkje følgjer gjeldande normer, er medvitne val tatt av forfattaren. Spørsmål om denne utgåva kan rettast til: Universitetsforlaget AS Postboks 508 Sentrum 0105 Oslo www.universitetsforlaget.no Omslag: Mette Gundersen Sats: ottaBOK Trykk og innbinding: 07 Media – 07.no Boka er sett med: Palatino LT Std 10/14 pkt. Papir: Munken Print White
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 4
29.09.2021 15:03
INNHALD
Introduksjon. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7
DEL 1 KRAFTA I EI GOD HISTORIE. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9 Kapittel 1 Å skape spenning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 13 Kapittel 2 Dei store linjene . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25 Kapittel 3 Argumentasjon og retorikk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 34 Kapittel 4 Formidlingsteori i praksis . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 44 Kapittel 5 Forsking som formidling . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 51 Kapittel 6 Kampen om merksemda . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 63
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 5
27.09.2021 10:56
6
Innhald
DEL 2 HANDVERKET BAK EI GOD HISTORIE . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 71 Kapittel 7 Skriveerfaringar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 75 Kapittel 8 Fem gode råd for skriveprosessen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 80 Kapittel 9 Fem gode råd for klart språk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 87 Avslutning . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 101 Takk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 102 Referansar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 103
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 6
27.09.2021 10:56
INTRODUKSJON Å drive med forskingsformidling betyr å dele ny kunnskap og viktige oppdagingar frå forskingsfronten med folk flest. Ein allsidig formidlar vekslar mellom å skrive korte og lange populærvitskaplege tekstar, halde engasjerande foredrag, delta i offentlege debattar og bidra som ekspert i radio og podkastar. Det ser enkelt ut når erfarne formidlarar briljerer på scena eller på boksidene, men bak suksessen ligg det mykje hardt arbeid og mange timar med trening. Det tar tid å bli ein god formidlar, og dei fleste har nytte av gode råd på vegen. Denne boka er mitt bidrag. Sidan 2019 har eg hatt ansvaret for undervisninga i forskingsformidling ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Oslo. Undervisningstilbodet er ein del av fakultetet si satsing på kompetanseutvikling for studentar og forskarar. I eitt emne får ivrige bachelor- og masterstudentar verktøy til å forandre verda med faga sine, og i eit anna emne får kunnskapsrike ph.d.-kandidatar erfaring som hjelper dei til å bli allsidige formidlarar i framtida. Eg har sett stor pris på å diskutere formidling med studentar og forskarar innan naturvitskap, men også frå ei rekke andre fagfelt, inkludert medisin, arkitektur, filosofi og samfunnsvitskap. Diskusjonane har vist at mange av verktøya og strategiane for god formidling fungerer på tvers av fagfelta, og at det er eit stort behov for undervisning og ressursar som støttar fleire unge forskarar til å formidle godt om faga sine. I denne boka får du verktøy og råd for å dele ny kunnskap med folk flest, slik at forskingsresultata og kunnskapen frå faget ditt kjem samfunnet til gode. Eg tar utgangspunkt i mitt eige fagområde, naturvitskap, og legg mest vekt på arbeidet med skriftleg formidling. God tekst er grunnlaget for mykje av arbeidet som formidlar, og råda om å fortelle
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 7
27.09.2021 10:56
8
Introduksjon
gode historier er relevante både for å lage gode sceneshow, for å illustrere ei barnebok og for å utvikle videomanus. Boka er retta mot deg som er student eller ung forskar, og som har lyst til å bli ein formidlar. Kanskje du vil lære å skrive populærvitskaplege tekstar for eit magasin, eller kanskje drøymer du om å stå på ei scene og underhalde eit publikum som ikkje kjenner fagfeltet ditt? Eller kanskje vil du lære korleis du kan kommunisere komplekse problem og innovative løysingar på ein arbeidsplass som endå ikkje finst? Evne til formidling gjer deg godt rusta til framtida, både som forskar og i ei karriere utanfor akademia. Og samfunnet treng fleire engasjerte, kritiske og nyskapande formidlarar. Boka er delt i to delar. Den første delen handlar om dei sentrale verkemidla for å fortelle ei god historie: å skape spenning og bygge ei historie som heng saman. Vidare skal vi utforske korleis gode historier kan ta plass i samfunnsdebatten eller bli ein del av forskarkvardagen. Den andre delen av boka handlar om arbeidet med å få historiene ned på papiret, sjølve tankeprosessen gjennom skrivinga. Eg har samla mine aller beste skriveråd for å organisere skriveprosessen og skrive klart. Dei enkle verktøya kan du ta i bruk for å skrive, tenke og kommunisere endå betre om faget ditt. Målet med boka er å utruste deg til å bli ein allsidig formidlar. Eg håpar verktøya og skriveråda hjelper deg til å engasjere og utfordre folk flest med ny kunnskap. Slik kan formidlinga få store ringverknader, både for deg og for framtida. La oss begynne.
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 8
27.09.2021 10:56
DEL 1
Krafta i ei god historie The most powerful person in the world is the storyteller. The storyteller sets the vision, values and agenda of an entire generation that is to come. STEVE JOBS
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 9
27.09.2021 10:56
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 10
27.09.2021 10:56
N
år eg les ei god bok, så gløymer eg kven eg er. Dersom historia er skikkeleg god, kan eg kjenne pulsen til hovudpersonen som dunkingar i mitt eige bryst. Eg lever meg inn i biljakta, kjenner vinden som susar forbi det opne vindauget, høyrer lydane av dekka som skrensar mot asfalten. Eg spenner kroppen når bilen rundar ein sving, ser skiltet som fortel at vegen tar slutt, og gispar etter pusten når bilen går over kanten. Heldigvis går det som oftast bra til slutt. Eg pustar letta ut, legg frå meg boka. Det er noko heilt spesielt med gode historier. Vi kan kjenne den oppdikta, fiktive spenninga som faktiske, ekte kriblingar i vår eigen kropp. Kvifor er det slik? Det korte svaret frå lange tradisjonar av litteraturvitskap er at vi plasserer oss sjølve og følelsane våre midt i handlinga. Når vi les, relaterer vi til dei grunnleggande behova i historia, og søker relasjonar, spenning og tryggheit. Vi blir slukt, kan flykte ut av vår eigen kvardag og oppleve nye ting. Det fungerer utmerkt, og vi vil ha meir. Hollywood har sjølvsagt skjønt greia for lenge sidan og spyttar ut film etter film bygd rundt same formel: Ein heilt vanleg person blir kasta ut i noko ukjent og uventa, må løyse eit problem og samtidig oppdage noko nytt om seg sjølv og kva det betyr å vere menneske. Ringenes Herre, Flåklypa, Frost. Dei liknar kvarandre meir enn vi likar å innrømme, men det fungerer. Dei er innmari gode historier. Gode historier gjer at vi kan sjå føre oss engasjerande situasjonar og leve oss inn i handlinga. Vi skapar bilete i hjernen og legg til assosiasjonar, erfaringar, minne, lyder og luktar. Vi blir transportert inn i historia, vi bryr oss om hovudpersonen, og vi kjenner spenninga på kroppen. Ei god historie kan få store ringverknader.
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 11
27.09.2021 10:56
12
Del 1 Krafta i ei god historie
Eg meiner at vi formidlarar har mykje å lære av gode historier. Vi kan hente inspirasjon frå gode historier for å nå fram til lesarane, engasjere publikum, påverke samfunnsdebatten og bidra til eit opplyst demokrati. Det betyr ikkje at alle typar formidling alltid skal likne Hollywood-filmar, men eg trur at vi som formidlarar kan ha både nytte og glede av å forstå meir av magien som ligg gøymt i ei god historie. Og viktigare for denne boka: Korleis kan vi bruke elementa i gode historier til å formidle komplekse og viktige forskingsresultat? I den første delen av boka er målet å gjere nettopp det: overføre kunnskap om gode historier til arbeidet med å drive forskingsformidling. Vi skal først utforske prinsipp og modellar som hjelper oss å forstå korleis ei god historie fungerer, og vi startar med å skape spenning og organisere teksten på ein måte som gjer at lesarane kan få glede av den gode historia di. Gode historier er ikkje berre for å underhalde på ei scene, men gode historier kan også vere med på å forandre verda. Det gir oss formidlarar stor makt, men vi må bruke den klokt. Mot slutten av denne delen skal vi derfor utforske retoriske verkemiddel som støttar opp under solid, engasjerande og påliteleg formidling, før vi diskuterer korleis formidling kan ta plass i samfunnsdebatten og bli ein del av forskarlivet.
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 12
27.09.2021 10:56
Kapittel 1
Å SKAPE SPENNING Gode historier skaper spenning, enten som dramatikk og mysterium eller i form av undring og utforsking. Spenninga gir driv til historia, og lesarane blar vidare til neste side. I dette kapittelet lærer du å skape spenning i ein tekst. Det er akkurat så enkelt som det ser ut til.
Kva er det som står på spel? Sjå føre deg at du er to hundre tusen år tilbake i tid, og at du sit rundt eit leirbål saman med ei handfull andre menn og kvinner, også dei av arten homo sapiens. På andre sida av bålet står ein mann med utstrekte armar, det gulraude lyset flakkar over ansiktet hans. Han fortel at då dei prøvde å krysse elva, så ramla ein av brørne dine uti den strie straumen og drukna. Du kjenner frykta for elva og sorga over tapet av eit familiemedlem, men du tenker også at det sikkert er lurt om du held deg unna elva framover. Konsekvensane av ikkje å lære av historia ved leirbålet er fatale. Dersom du ikkje forstår alvoret, ikkje skjønar at elva er svært farleg, så risikerer du også å ramle uti og døy. Eitt av argumenta for kvifor gode historier fungerer så godt, tar utgangspunkt i den oppdikta scena over. Frå eit evolusjonsbiologisk perspektiv er hjernen vår utvikla for å leve seg inn i dramatiske historier. Historiene avgjer om vi overlever og får barn, og kan vidareføre gena våre og entusiasmen for gode historier til neste generasjon. Litt forenkla kan vi seie det slik: Det var dei beste historiefortellarane og dei beste lyttarane som ikkje ramla ut i elva. Dei overlevde, fekk barn, fortalde nye historier om elva, og mange tusen generasjonar seinare er
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 13
27.09.2021 10:56
14
Del 1 Krafta i ei god historie
vi her, klare til å bruke dei same verktøya for å fortelle endå fleire gode historier. Gode historier har to fortrinn. For det første så kan vi sjå situasjonane føre oss. Vi lagar rike bilete av orda på arket, supplert med fargar, lydar og lukter frå vår eigen fantasi. Vi engasjerer oss visuelt. For det andre kan vi relatere til personane og til handlinga. Vi plasserer oss sjølve inn i situasjonen, bryr oss om det menneskelege i historia og håpar på det beste. Vi engasjerer oss emosjonelt. Kombinasjonen av å engasjere både visuelt og emosjonelt er svært viktig. Utan å sjå føre seg innhaldet klarar ikkje lesaren å sette seg sjølv inn i situasjonen, og utan å kunne relatere til det som skjer, blir det vanskeleg for lesaren å bry seg. Og så skjer det noko viktig. Ein kontrast, ein konflikt, eit gap eller ei utfordring får oss til å kjenne på ei spenning. Noko er ikkje som det skal vere. Noko står på spel. Fordi vi både kan sjå situasjonen føre oss og relatere til handlinga, så gir spenninga driv til historia. Vi må finne ut kva som skjer. Vi blar vidare, vi lener oss fram på stolen, vi er hekta. Kontrastar, spørsmål og utfordringar gir driv og motivasjon for å lese vidare, og til å finne fram til svaret. Dersom historia manglar spenning og driv, blir ho flat og utan retning. Lesarane ramlar av og forstår ikkje kvifor dei skal bry seg. Ei god historie treng at noko står på spel. I romanar og spelefilmar tar spenninga som oftast utgangspunkt i noko personleg og menneskeleg. Til dømes kan hovudpersonen oppdage at familiehistoria inneheld ei stor løgn, og resten av romanen handlar om korleis hovudpersonen nøstar opp i sanninga. Vi bryr oss om situasjonen fordi vi kan relatere til ønsket om å høyre til ein familie og vere trygge, og vi ønsker det same for andre. Spenninga i historia blir vår eigen. Spenninga og drivet er ofte knytt til veldig konkrete og menneskelege
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 14
27.09.2021 10:56
Kapittel 1 Å skape spenning
15
behov, og dei handlar om liv og død, om sex og romantikk, om identitet og sjølvrealisering. I mange forskingsprosjekt er det derimot den nye kunnskapen som står på spel, og forskingsfronten er langt unna ein menneskeleg kvardag. Dei fleste har erfart at det kan vere nokså vanskeleg å engasjere publikum med fakta om mikroskopiske prosessar, abstrakte teoriar og komplekse fenomen. Behovet for ny kunnskap kan likevel skape spenning. Også idear og tankar kan skape spenning og utfordre oss, og tankeeksperiment kan vere glimrande utgangspunkt for å utfordre seg sjølve og andre. Løysinga er å plassere lesaren inn i historia. Resultatet er ei historie som ikkje lenger handlar om noko abstrakt, men om lesaren sitt liv. Det er til dømes nokså vanleg å nytte spørsmål for å løfte fram kontrastane i historia, til dømes slik: Kva om alt du trudde du visste om kreftgåta, ikkje var sant? Eller: Kva om minna du har frå barndomen, eigentleg er oppdikta av din eigen hjerne? Iveren etter ny kunnskap og svar på spørsmåla skapar eit effektivt driv i historiene, og vi les vidare på grunn av kontrasten mellom det vi ikkje veit, og det gjerne vil vite. Andre gonger handlar spenninga om livet som forskar, om eit menneske som legg ut på ei oppdagingsreise for å finne svar på store forskingsspørsmål. I begge eksempla kan vi relatere oss til mennesket i historia, enten oss sjølve eller til forskaren. Som lesarar vil vi forstå kva som er nytt, vi vil oppdage korleis ting heng saman, og vi vil vere med på reisa. Vi bryr oss fordi noko viktig står på spel, og fordi historia handlar om å vere menneske. Gode historier gjer altså at lesarane relaterer til menneskelege behov og blir engasjerte av ein kontrast, ein konflikt eller ei utfordring. Lesarane bryr seg, dei vil ha svar, og dei les vidare. Det betyr at vi som formidlarar kan planlegge effektive, gode historier som handlar om folk, og bruke rikeleg med kontrastar, konfliktar og utfordringar for å engasjere. Alt vi treng, er tre små ord.
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 15
27.09.2021 10:56
16
Del 1 Krafta i ei god historie
Og, men, derfor Når eg held foredrag om forsking på kroppsvæsker (basert på den popu lærvitskaplege boka SPRUT), fortel eg av og til denne historia: «På femtitalet var det ei rekke mytar om sex og forplanting, og ein av teoriane gjekk slik: Det er farten til sædcellene på veg ut av penis, sjølve spruten, som er den avgjerande faktoren for om kvinna blir gravid. Men forskar Alfred Kinsey vart ikkje overtydd av denne forklaringa, og bestemte seg for å gå vitskapleg til verks. Derfor inviterte han ei lang rekke framande menn heim til loftet sitt, der dei etter tur spruta ut over eit laken på golvet medan forskaren stod klar med eit måleband.» I utdraget gøymer det seg tre magiske ord. Eg har lært dei av marinbiolog og forfattar Randy Olson. I boka Houston, we have a narrative foreslår han at vi kan nytte tre enkle, men avgjerande ord for å fortelle ei god historie: og, men, derfor. Dei tre orda limer saman fire element til ei kort og effektiv historie. Bindeleddet og set saman kontekst og noko spesifikt, før ordet men skapar ein kontrast og spenning. Spenninga må ha ei retning, og derfor fortel oss at konsekvensane er tydelege. Dei tre små orda som gøymer seg i eksempelet, etablerer situasjonen og driv historia vidare. Starten fortel at vi er på femtitalet, og at temaet er sex. Så kjem eit konkret, visuelt bilete av sædceller som dei aller fleste kan sjå føre seg (enten dei vil eller ikkje). Koplinga med ordet og bidrar til flyt og framdrift og flyttar lesaren frå det generelle til det spesifikke temaet. Neste setning startar med ordet men og indikerer at det kjem ein kontrast eller noko ukjent. Det som står på spel, er at teoriane frå femtitalet kanskje ikkje stemte, og eg lovar indirekte at foredraget vil innehalde eit vitskapleg svar på spørsmålet. (I tillegg er det ikkje til å komme unna at ei slik historie også skapar spenning i rommet, der publikum førebur
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 16
27.09.2021 10:56
Kapittel 1 Å skape spenning
17
seg på kvar den uventa seksualundervisninga kjem til å ende: Kor pinleg kjem det til å bli?) Den siste setninga i eksempelet startar med ordet derfor og held oppe drivet i historia. Ordet derfor indikerer også at spenninga får konsekvensar, og fører til konkret handling. Forskaren er i aksjon, og handling og visuelle bilete driv historia framover mot spørsmålet: Kva viser målebandet om kor langt sæden sprutar? (I Kinsey sitt utval av 300 menn draup dei fleste rett ned, medan ein handfull skaut opp mot ein halvmeter bortover golvet. I den populærvitskaplege boka Penis skriv forfattar og urolog Sturla Pilskog at det ikkje er unormalt å sprute 30–60 cm, sjølv om det som vanleg er stor variasjon.) Eg og Randy Olson er ikkje dei einaste som har tatt dei tre små orda i bruk. Det er tydelege spor av kontekst, kontrast, konsekvens i mange populærvitskaplege bøker og foredrag. Her er tre gode eksempel: Boka Hvaleventyret av Andreas Tjernshaugen opnar med ei scene frå ein søndag i 1865, der Olof Larsson og svogeren Carl Hansson prøver å drepe ein blåkval som har stranda i Askimsviken utanføre Göteborg. Etter 30 timar med stikking, hakking og hogging stilnar den massive kroppen. Eg ser den brutale scena føre meg og tenker vidare på den gongen eg fekk hakeslepp av å sjå eit ekte, gigantisk kvalskjelett på Naturhistorisk museum. Bileta og assosiasjonane har gitt meg kontekst for temaet, og eg er engasjert. Litt seinare trekker forfattaren inn dåtidas politiske debatt om kvalfangst og starten på det norske kvaleventyret. Eg får vite at Vestfold var verdas kvalfangstsentrum i 70 år, og at blåkvalen, det største nolevande dyret på jorda, nesten vart utrydda. Og så kjem spørsmålet som set retning og gir driv til resten av boka: Hadde det vore ei ulykke om blåkvalen forsvann? Eg blar om for å finne ut av kva konsekvensane av kvaleventyret kunne ha blitt.
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 17
27.09.2021 10:56
18
Del 1 Krafta i ei god historie
Matematikar Hannah Fry nyttar ein liknande strategi i boka om algoritmar, kalla Hallo, verden. Kapittelet om makt opnar med ein situasjon som gir kontekst for temaet. Sjakkspelar Garry Kasparov slo stort sett alle konkurrentane sine. Men då han møtte IBM si datamaskin Deep Blue i 1997, tapte han. Algoritmen vann, og kontrasten var eit stort nederlag for Kasparov. Hannah Fry trekker deretter fram ein refleksjon som gjer at historia gjeld alle. Når ikkje eingong ein mann som Kasparov klarte å utkonkurrere algoritmane, korleis skal vi vanlege folk få det til då? Og mot slutten av innleiinga deler Fry dei potensielle konsekvensane for samfunnet: «Resultatet er at vi ikke aner hvor mye makt vi har gitt fra oss, eller om vi har latt det gå for langt.» Eg blar vidare med ei blanding av fasinasjon og uro. Dei to eksempla liknar kvarandre ved at ei konkret scene og ein kontrast får store konsekvensar for historie og samfunn. Det er elegant og effektivt, men det er ikkje den einaste måten å gjere det på. I bokform kan dei to forfattarane ta plassen som trengs for å bygge tekstane og spenninga langsamt. Andre gonger må det skje mykje kjappare. I dei tre første setningane i TED-foredraget til Ellen Støkken Dahl og Nina Dølvik Brochman, forfattarane av Gleden med skjeden, skjuler det seg to kontrastar. Ellen opnar foredraget slik: We grew up believing that the hymen is a proof of virginity. But it turns out, we were wrong. What we discovered is that the popular story we’re told about female virginity is based on two anatomical myths. The truth has been known in medical communities for over 100 years, yet somehow these two myths continue to make life difficult for women around the world. Sidan tittelen på foredraget er «The virginity fraud», er konteksten alle reie streka opp. Det skal handle om sex og om mytar. Med den første
9788215048482_Eikenes_Den gode historia.indd 18
27.09.2021 10:56
Verda treng gode formidlarar som når ut med kunnskapen sin. Men kunnskap åleine er ikkje nok. For at kunnskapen skal kome til nytte og bety noko for lesaren, må du fortelle historier med spenning og driv. I Den gode historia – skriveråd for engasjarende forskingsformidling lærer du korleis. Den erfarne formidlaren Åsmund H. Eikenes deler sine mest effektive verkemiddel for å fortelle gode historier om forsking, saman med ti konkrete skriveråd for å meistre skriveprosessen frå start til slutt. I boka lærer du å fortelle gode historier ved å – skape spenning – strukturere ein tekst – argumentere for ei sak – bruke allsidige skriveverktøy – skrive klart og tydeleg Anten du er student, forskar, forfattar eller føredragshaldar, blir du ein betre formidlar etter å ha lese denne boka. Åsmund H. Eikenes er biolog, forskar, forskingsjournalist og forfattar. Han har skrive fleire populærvitskaplege bøker, ei illustrert faktabok for barn og ein samtidsroman. Eikenes er medlem av Akademiet for yngre forskere og har undervist i forskingsformidling ved Universitetet i Oslo i fleire år.
ISBN 978-82-15-04848-2
Den gode historia omslag3korr.indd 1
28.09.2021 13:36