2 minute read

Forord: Om kunnskapsutvikling i praksis

Denne boka er ei innføring i fag- og forskingsområdet praktisk kunnskap. Boka er resultat av eit samarbeid på Senter for praktisk kunnskap ved Nord universitet i Bodø. Men ho er ikkje berre skriven for studentar knytte til Senteret på master- og doktorgradsutdanning. Vi vender oss til alle som ønskjer å orientere seg om grunnleggjande omgrep og metodar i denne typen praksisforsking. Det er ikkje ei oppskriftsbok ein kan følgje slavisk, men ei allmenn orientering om fagområdet for dei som ikkje kjenner det. Kapitla er skrivne av ulike forfattarar som kvar og ein står ansvarleg for innhaldet i sine kapittel. Ein kan lese kapitla kvar for seg, men boka er samstundes eit heilskapleg produkt, og innhaldet følgjer ein felles plan.

Tilnærminga som ligg til grunn, er på ingen måte ny, men som eit eige akademisk fagområde med forsking, utvikling og utdanning er det relativt ferskt. I 1997 etablerte Høgskulen i Bodø eit tverrfagleg hovudfagsstudium i profesjonsstudiar, seinare gjort om til master i praktisk kunnskap. Samstundes vart Senter for praktisk kunnskap skipa som ei sjølvstendig eining. I 2009 fekk Høgskulen, med Senteret i spissen, godkjend eit doktorgradsprogram bygd over same lest: Ph.d. i studium av profesjonspraksis. Dette var eit studium som ikkje berre var retta mot forsking på praksisar i profesjonar høgskulen på den tida utdanna fagfolk til, men mot alle typar yrkespraksisar. Programmet vart ein hjørnestein i oppbygginga av det nye universitetet, Universitetet i Nordland og seinare Nord universitet, med refleksiv og praksisnær profesjonsforsking som ein klar profil i forsking, formidling og utdanning.

Forståinga av det vi står overfor i forsking på praktisk kunnskap, har vore i stadig utvikling i møte både med empiriske og teoretiske studiar. I ei lærebok som dette kan ein ikkje vente å finne alt utdjupa, så vi viser til anna litteratur der det står meir om emnet. Som lesaren vil sjå, er dette ofte bøker og artiklar vortne til i vårt eige miljø, men vi viser òg til originallitteratur frå ei rad filosofar, vitskapsteoretikarar og andre fagfolk. Studiet av praktisk kunnskap har eit stort anegalleri, og mykje av dette er relativt komplisert fagstoff. Vi håper at

denne boka kan gjere innføringa i tankegangen lettare, og takkar studentar for tilbakemeldingane og alle kollegaer elles som har vore med i arbeidsprosessen fram mot ferdig bokprodukt.

Nokre må vi særleg takke. Etableringa av fagområdet praktisk kunnskap i Noreg på 1990-talet var del av eit skandinavisk fellesprosjekt med den svenske arbeidslivsforskaren Ingela Josefson i spissen, i spann med Ruth Olsen, Jens-Ivar Nergård og Anders Lindseth. Desse var sentrale i arbeidet med utviklinga av fagområdet. Nokre andre vil vi også gjerne trekkje fram i dette arbeidet frå tidleg på 1990-talet og fram til i dag: Jacob Meløe, Eva-Lena Dahl, Svein Haugsgjerd, Viggo Rossvær, Helga Finstad, Uffe Juul Jensen, Morten Raffsnøe-Møller, Kari Martinsen, Tore Nordenstam, Bengt Kristensson Uggla, Randi Kårhus, Finn Thorbjørn Hansen, Maria Johansson, Siv Oltedal, Bjørg Fossestøl, Betty Ann Solvoll, Dag-Erik Hagerup, Inger Danielsen, Linda Hoel, Bo Goransson, Berit Støre Brinchmann og Jarle Sjøvoll.

Miljøet bak boka har òg fått viktige impulsar frå Martha Nussbaum, Joseph Dunne, Günther Heimbrock, Thomas Luckmann og Lester Embree. Desse har vore med og drøfta fagområdet på internasjonale seminar i Bodø. Ein takk går til Kjersti Sunde Mæhre for gjennomlesing og innspel til manuset. Ein varm takk går òg til alle våre andre kollegaer, først og fremst på Södertörn Högskola i Stockholm og Stockholms Dramatiska Högskola, men òg våre danske kollegaer i Aarhus.

Bodø, 30. august 2021

Kåre Sigvald Fuglseth og Catrine Torbjørnsen Halås (red.)

This article is from: