Forord: Om kunnskapsutvikling i praksis
Denne boka er ei innføring i fag- og forskingsområdet praktisk kunnskap. Boka er resultat av eit samarbeid på Senter for praktisk kunnskap ved Nord universitet i Bodø. Men ho er ikkje berre skriven for studentar knytte til Senteret på master- og doktorgradsutdanning. Vi vender oss til alle som ønskjer å orientere seg om grunnleggjande omgrep og metodar i denne typen praksisforsking. Det er ikkje ei oppskriftsbok ein kan følgje slavisk, men ei allmenn orientering om fagområdet for dei som ikkje kjenner det. Kapitla er skrivne av ulike forfattarar som kvar og ein står ansvarleg for innhaldet i sine kapittel. Ein kan lese kapitla kvar for seg, men boka er samstundes eit heilskapleg produkt, og innhaldet følgjer ein felles plan. Tilnærminga som ligg til grunn, er på ingen måte ny, men som eit eige akademisk fagområde med forsking, utvikling og utdanning er det relativt ferskt. I 1997 etablerte Høgskulen i Bodø eit tverrfagleg hovudfagsstudium i profesjonsstudiar, seinare gjort om til master i praktisk kunnskap. Samstundes vart Senter for praktisk kunnskap skipa som ei sjølvstendig eining. I 2009 fekk Høgskulen, med Senteret i spissen, godkjend eit doktorgradsprogram bygd over same lest: Ph.d. i studium av profesjonspraksis. Dette var eit studium som ikkje berre var retta mot forsking på praksisar i profesjonar høgskulen på den tida utdanna fagfolk til, men mot alle typar yrkespraksisar. Programmet vart ein hjørnestein i oppbygginga av det nye universitetet, Universitetet i Nordland og seinare Nord universitet, med refleksiv og praksisnær profesjonsforsking som ein klar profil i forsking, formidling og utdanning. Forståinga av det vi står overfor i forsking på praktisk kunnskap, har vore i stadig utvikling i møte både med empiriske og teoretiske studiar. I ei lærebok som dette kan ein ikkje vente å finne alt utdjupa, så vi viser til anna litteratur der det står meir om emnet. Som lesaren vil sjå, er dette ofte bøker og artiklar vortne til i vårt eige miljø, men vi viser òg til originallitteratur frå ei rad filosofar, vitskapsteoretikarar og andre fagfolk. Studiet av praktisk kunnskap har eit stort anegalleri, og mykje av dette er relativt komplisert fagstoff. Vi håper at
9788215049663_Fuglseth og Halås_Innføring i praktisk kunnskap.indd 13
20.09.2021 13:33