TEGN-TIL-TALE
Inger Birgitte Torbjørnsen – Randi Neteland – Edit Bugge
TEGN-TIL-TALE
i barnehage og skole
universitetsforlaget
© Universitetsforlaget 2023
ISBN 978-82-15-05992-1
Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med rettighetshaverne er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning og kan straffes med bøter eller fengsel.
Henvendelser om denne utgivelsen kan rettes til:
Universitetsforlaget AS
Postboks 508 Sentrum
0105 Oslo
www.universitetsforlaget.no
Tegnillustrasjoner er gjengitt med tillatelse fra Statped. Statped har ikke ansvar for det faglige innholdet i dette produktet.
Forsidebildet er fra Solås barnehage og viser kapittelforfatter Gunn Marit Edland sammen med Matheo Zielinski Grastveit og Lodve Haukebø-Bye.
Omslag: Marit Jakobsen (Tekst og Tekstil AS)
Sats: ottaBOK
Trykk og innbinding: Aksell
Boken er satt med: Adobe Garamond Pro 11/14,5
Papir: 100 g Amber Graphic 1,25
Forord
Vi fekk ideen til denne antologien etter å ha arrangert ein konferanse om teikn-tiltale i barnehagen ved Høgskulen på Vestlandet 15. oktober 2020. Den store interessa for konferansen og diskusjonane blant deltakarane tydde på at det var behov for deling av kunnskap og utvikling av faglitteratur. Vi inviterte derfor føredragshaldarane og andre sentrale fagpersonar til å vere med på å lage antologien. Tusen takk til alle dykk som heldt innlegg på konferansen og til alle dykk som høyrde på og kom med kloke spørsmål og innspel! Takk også til dykk som vart med på å skrive i antologien, og takk til dei anonyme fagfellane!
Vi vil også rette ein stor takk til Universitetsforlaget, og særleg forlagsredaktør Laila Brantenberg og manuskoordinator Hilde Haug. Takk også til HVL og særleg til forskargruppene Språk og samfunn og Tegnspråk, tolking og kommunikasjon, som har støtta prosjektet både fagleg og økonomisk.
Teikn-til-tale er ein metode for å gi språkleg støtte til personar som, i ein avgrensa tidsperiode eller store delar av livet, har behov for det. For mange høyrande personar er dette ein god inngangsport til tale- og skriftspråket. Vi vil framheve at teikn-til-tale ikkje berre er eit praktisk hjelpemiddel for å formidle at ein er svolten eller har lyst til å lese i ei bok. Det handlar om så mykje meir – om å inkludere alle i samfunnet vårt og om å sikre at alle menneske får oppfylt menneskerettane sine: retten til å ytre seg, retten til utdanning og retten til å vere herre over sitt eige liv.
Vi håpar at fleire får oppleve at denne retten blir oppfylt når dei kan kommunisere med omverda, for eksempel gjennom teikn-til-tale.
God lesing!
Innleiing
Denne antologien presenterer ny kunnskap om bruk av teikn-til-tale og andre typar teikn som språkstøtte for barn, i Noreg og i andre land. Slike teiknsystem til språkstøtte skil seg frå fullverdige teiknspråk, sjølv om teikna oftast er henta frå teiknspråk. I barnehage og skule blir teikn-til-tale særleg brukt med barn som av ulike grunnar har forseinka generell eller talespråkleg språkutvikling, men òg som språkstøtte til alle barn på småbarnsavdelingar, eller som støtte til barn som har norsk som andre talespråk. Teikn som språkstøtte ser ut til å vere nyttig for fleire ulike grupper høyrande barn, fordi dei då kan dra nytte av både talespråk og teikn. Den talespråklege basisen i teikn-til-tale og tilsvarande språkstøttesystem gjer imidlertid at dei eignar seg dårleg for barn som har sterkt hørselstap, og denne barnegruppa skal og må derfor heller få møte eit fullverdig og rikt teiknspråk, som norsk teiknspråk (jf. barnehageloven § 19h og opplæringsloven § 2-6).
I Noreg i dag er teikn-til-tale i bruk i svært mange barnehagar og i ein del skular. Ei undersøking i Hordaland (Torbjørnsen, 2020) viser at over 50 % av barnehagane brukte teikn-til-tale i større eller mindre grad i kvardagen. Frå praksisfelt og fagmiljø opplever vi eit sakn etter forskings- og faglitteratur som kan styrke denne eksisterande praksisen, og denne boka vil bøte på denne mangelen.
Lesarane av denne boka har ulik erfaring både med teikn som blir brukt i språkstøtte, og teiknspråk i Noreg. Vi anbefaler at du har Tegnbanken (www.tegnbanken.no) eller appen Tegnordbok tilgjengeleg medan du les, slik at du kan sjå videoar av teikna som blir omtalt i kapitla. Viss ikkje noko anna er kommentert, er illustrasjonane henta frå Tegnbanken. Forfattarane brukar versalar når dei refererer til teikn: Det vil seie at BOK viser til teiknet for det mentale omgrepet bok (jf. illustrasjon på starten av kapittelet).
Illustrasjon 1 BOK viser til det mentale omgrepet bokDen samansette målgruppa for denne boka gjer at delar av ho femner vidare enn vanlege vitskaplege antologiar. Åtte av dei tolv kapitla presenterer ny vitskapleg innsikt og er fagfellevurderte gjennom double-blind peer review, i tråd med prosessen for å bli vurderte som vitskaplege publikasjonar etter Norsk vitskapsindeks (NVI). Desse kapitla er skrivne av Arnfinn Muruvik Vonen (kapittel 1), Wenche Rognlid og Gunn Irene Suhr (kapittel 3), Inger Birgitte Torbjørnsen (kapittel 4), Elin Stampeløkken (kapittel 6), Gro Hege Saltnes Urdal og Tobba Therkildsen Sudmann (kapittel 7), Inger Birgitte Torbjørnsen og Gro Hege Saltnes Urdal (kapittel 9), Maria Elofsson (kapittel 10) og Cathrine Evensen (kapittel 11). Til saman gir desse kapitla eit kunnskapsoversyn over internasjonal og nasjonal forsking på bruk av teikn som språkstøtte for barn, og forholdet mellom norsk teiknspråk og teikn-til-tale, med bidrag frå sentrale fagpersonar i mellom anna språkvitskap og teiknspråkslingvistikk, pedagogikk og spesialpedagogikk. Dei anonyme fagfellane som har vurdert desse kapitla er ekspertar frå tilsvarande og tilgrensande fagfelt frå heile Norden, og teiknspråklege fagfolk har vore med i alle ledd i arbeidsprosessen med denne boka. Dei fire andre kapitla (kapittel 2 og 8 av Nina Braadland, kapittel 5 av Mia Johansen og kapittel 12 av May Britt Nordtveit og Gunn Marit Edland) gir ny og viktig innsikt i teikn-til-tale frå eit brukarperspektiv, barnehagelærarperspektiv, foreldreperspektiv, og perspektiv frå mange års arbeid med og kamp for barns rett til språkleg inkludering.
Antologien byrjar med kapittelet Teiknspråk, talespråk og teikn-til-tale. Grensedragingar og møtepunkt av professor Arnfinn Muruvik Vonen ved OsloMet storbyuniversitetet. I dette kapittelet gir Vonen ein språkvitskapleg definisjon på teikn-til-tale, og forklarer kva skilnadar og likskapar det er mellom teikn-til-tale, talespråk og teiknspråk. Kapittelet gir også døme på korleis ein kan analysere denne typen språkbruk.
I kapittel 2, Tegn-til-tale – for alle av Nina Braadland, får vi ei praktisk innføring i kva teikn-til-tale er og korleis ein kan ta i bruk teikn-til-tale. I dette kapittelet er det mange konkrete døme. Braadland gir mellom anna forslag til kva teikn ein bør byrje med, og korleis ein kan bruke teikn-til-tale for å snakke om abstrakte omgrep.
Kapittel 3 av Wenche Rognlid og Gunn Irene Suhr ved Statped har fått tittelen Tegn-til-tale – framvekst og praksis i Norge. Kapittelet fortel om korleis teikn-til-tale vaks fram som ein metode, som ei alternativ og supplerende kommunikasjonsform (ASK), for å støtte språkutviklinga og kommunikasjonen til og med menneske som har språk- eller talevanskar, og om kva som er dagens lovverk og praksis.
Kapittel 4, med tittel Teikn-til-tale til alle i barnehagen av Inger Birgitte Torbjørnsen ved Høgskulen på Vestlandet, fortel om korleis teikn-til-tale brukast i norske barnehagar i dag. I tillegg til det «tradisjonelle» bruksområdet teikn-til-tale som alternativ og supplerande kommunikasjon brukar i dag mange barnehagar teikn til alle barn. Artikkelen går nærare inn på denne praksisen og viser kva som kan vere positivt med ein slik bruk.
I kapittel 5 skriv Mia Johansen om korleis ho sjølv hugsar det å vekse opp med teikn-til-tale, i kapittelet Mine erfaringer med tegn-til-tale. Mia Johansen har Downs syndrom og fortel om erfaringane frå oppstart med teikn-til-tale og om overgangen frå barnehage til skule og vidare til vaksenlivet. Kapittelet gir innblikk i korleis teikn-til-tale har vore viktig som kommunikasjonsmiddel, og at teikn-til-tale var ein føresetnad for ho for å kunne lære seg å lese og skrive. I kapittelet gir ho også gode råd til lærarar og andre som skal arbeide med barn og vaksne som har språkvanskar.
Kapittel 6, Bruk av tegn-til-tale som supplerende kommunikasjon ved språkvansker, av spesialpedagog Elin Stampeløkken skildrar støttepedagogar sine erfaringar med å bruke teikn-til-tale med barn som har språkvanskar. Kapittelet gir særleg innsyn i den viktige vaksenrolla i kommunikasjonssituasjonar med barn som treng støtte, og gir også ein teoretisk bakgrunn for kva som kjenneteiknar god kommunikasjon.
Kapittel 7, av Gro Hege Saltnes Urdal og Tobba Therkildsen Sudmann ved Høgskulen på Vestlandet, har fått tittelen «… hvis jeg kunne, så hadde vi kunnet …» Fellesskap og kommunikasjon på egne vilkår. Tittelen viser til fellesskapets betydning for god kommunikasjon, og kapittelet viser korleis analoge og digitale verktøy kan brukast i arbeidet med barn som kommuniserer med teikn-til-tale.
Kapittel 8 av Nina Braadland har tittelen Tegn-til-tale i et inkluderingsperspektiv. Her argumenterer Braadland for at teikn-til-tale ikkje berre er ein reiskap for kommunikasjon, men også eit verkemiddel for å legge til rette for at alle menneske, også dei som har nedsett funksjonsevne, kan få oppfylt menneskerettane sine.
Kapittel 9 har fått tittelen Trist? Trøytt? Tørst? Korleis kan bruk av teikn hjelpa dei yngste i barnehagen til å kommunisera behov og kjensler? og er skrive av Inger Birgitte Torbjørnsen og Gro Hege Saltnes Urdal ved Høgskulen på Vestlandet. Kapittelet gjer greie for forsking om korleis teikn-til-tale kan brukast med dei yngste barna i barnehagen, og særleg korleis dette støttar barna i å uttrykke behov og kjensler.
Kapittel 10, Tegn som alternativ og komplementær kommunikasjon som arbeidsmetode i en flerspråklig barnehage, av Maria Elofsson, gir innblikk i korleis ein kan bruke teikn-til-tale som kommunikasjonsmiddel i fleirspråklege barnehagar. Kapittelet gir døme på korleis teikn-til-tale fungerer som ei forsterking og tydeleggjering av verbalspråket, og diskuterer korleis dette kan vere fordelaktig i ein overgangsfase for fleirspråklege barn.
Dei føregåande ti kapitla viser altså korleis ulike grupper barn og unge har nytte av å bruke teikn-til-tale, sjølv om fleire kapittel også trekker fram at teikn-til-tale ikkje eignar seg for barn som har sterkt hørselstap. I kapittel 11 viser Cathrine Evensen kvifor det er slik: «Når talen går for fort, faller tegnene ut.» Hvorfor tegn-til-tale ikke er tilstrekkelig for hørselshemmede i barnehagen.
I kapittel 12 gir May Britt Nordtveit og Gunn Marit Edland eit oversyn over Suksesskriterier for vellykket organisering i praksis, med bakgrunn i eigne erfaringar frå Solås barnehage. Kapittelet gir slik eit godt utgangspunkt for lesarar som vil i gang med godt arbeid i barnehage og skule etter å ha lese ut denne boka.
Med dette gir denne antologien ny kunnskap og ny innsikt om bruk av teikn-til-tale og andre typar teikn som språkstøtte for barn i barnehage og skule. Vi håpar at denne boka også vil kunne bidra til å auke den kunnskapsbaserte praksisen i opplæringa der teikn som språkstøtte styrkar inkluderinga av ulike grupper høyrande barn. I tillegg trur vi at auka kunnskap om teikn-til-tale også gjer det lettare å sjå korleis teikn med talespråksbasis ikkje er tilstrekkelig for barn med stort hørselstap, og at denne kunnskapen vil bidra til at alle barn får tilgang til eit fullverdig og rikt språk og språkmiljø.
Kapittel 1
Teiknspråk , talespråk og teikn-til-tale. Grensedragingar og møtepunkt
Arnfinn Muruvik Vonen, OsloMet – storbyuniversitetetInnleiing
I dette kapittelet skal vi sjå på kva teikn-til-tale er, og ikkje minst undersøke kva for likskapar og skilnader vi kan finne mellom teikn-til-tale, teiknspråk og talespråk. Dette skal vi dels gjere ved å sjå korleis desse omgrepa blir brukte i faglitteraturen, og dels skal vi analysere to korte videosnuttar (Statped, 2022a). I videosnuttane blir eitt og same innhald presentert to gonger, og den eine blir presentert som norsk teiknspråk og den andre som teikn-til-tale. Videoanalysen vonar eg kan hjelpe oss til å gjere samanlikningane våre meir konkrete enn dei elles lett blir.
Det faglege perspektivet i kapittelet er språkvitskapleg, ikkje pedagogisk. Det vil mellom anna seie at eg ikkje kjem til å presentere og diskutere faglitteratur som drøftar kva eit barn kan tape eller vinne på å bli eksponert for teikn-til-tale, samanlikna med å eksponere barnet for talespråk og/eller teiknspråk. I staden skal eg fokusere på å finne døme på likskapar og ulikskapar mellom teikn-til-tale, teiknspråk og talespråk som kommunikasjonsformer.
Illustrasjon 1.1 TEIKNKva er teikn-til-tale?
Ein «metode»
Teikn-til-tale forstår ein gjerne som det å snakke talespråk i roleg tempo samtidig som ein bruker handteikn (handrørsler) til eitt eller fleire av orda i setninga (sjå Torbjørnsen, 2020). Den norskspråklege faglitteraturen (Tetzchner & Martinsen, 2002; Braadland, 2005; Fjæran-Granum & Granum, 2007; Suhr & Rognlid, 2009; Engelstad, 2011; Stampeløkken, 2016; med fleire) omtaler ofte teikn-til-tale som ein «metode» for å fremje språk og kommunikasjon. Ein metode er jo ein måte å gjere noko på, noko ein bruker for å nå eit mål, altså eit slags verktøy, og det er gjerne pedagogiske samanhengar som blir brukte som døme i denne litteraturen. Den vaksne, til dømes barnehagelæraren, vel å bruke metoden teikn-til-tale for å leggje til rette for at barnet, eller barna, skal få ei best mogleg talespråkleg utvikling. I slike omtalar er ein ofte nøye med å få fram at teikn-til-tale ikkje er noko språk, slik som norsk talespråk og norsk teiknspråk, men ein metode, eit hjelpemiddel.
Men kva tyder eigentleg dette at teikn-til-tale er ein metode, til skilnad frå eit språk? Tenk på ein talespråkleg forelder eller ein talespråkleg barnehagelærar som les ei bok høgt for eit barn, eller som på ein skogtur passar på å peike på tinga som barnet og den vaksne ser rundt seg på skogturen, og seie kva dei heiter. Også slike handlingar frå den vaksne si side kan sjåast som «metodar» for å fremje språkutviklinga hos barnet. Og «metodar» kan vi kalle dei sjølv om språket den vaksne nyttar til det, er norsk talespråk. Er ikkje då norsk talespråk òg ein «metode»? Og tilsvarande er vel òg norsk teiknspråk ein «metode» om det er ein teiknspråkleg vaksen vi snakkar om.
Alle tre kommunikasjonsformene kan i og for seg seiast å vere både «metodar» (for dei kan jo brukast som verktøy for eit mål) og «språk» (for dei er system som kan brukast til å kommunisere). Det kjem til dømes an på om vi ser på dei med språkvitskaplege eller pedagogiske auge. Det er likevel ein viktig språkvitskapleg skilnad mellom «metoden» teikn-til-tale og «språka» norsk og norsk teiknspråk, men det er mogleg at nemningane «metode» og «språk» ikkje er dei beste til å setje ord på han. Med eit språk meiner språkforskarar gjerne eit uttrykkssystem som har blitt til og blitt halde ved like ved at barn har vakse opp i eit miljø der dette systemet har vore det primære, det som vanlegvis blir brukt av omgjevnadene. Teikn-til-tale er ikkje eit system som har blitt til og blitt halde ved like på denne måten. Høyrande barn som veks opp i ein talespråkleg familie, har full tilgang til dei kommunikasjonsformene som foreldra vanlegvis bruker til kvarandre og til barnet. Sjåande barn, om dei så er høyrande eller døve, som veks opp med teiknspråklege foreldre som snakkar teiknspråk med kvarandre og med barna sine, har òg full tilgang til dei kommu-
Tegn-til-tale er en metode for språkstøtte der man kombinerer talespråk i rolig tempo med tegn til ett eller flere ord i setninga. Tegna er (ofte) henta fra tegnspråk, og tegn som språkstøtte ser ut til å være nyttig for ulike grupper hørende barn. Tegn-til-tale blir brukt i mange barnehager og skoler i dag, særlig i kommunikasjon med barn med forsinka språkutvikling, men også i hele barnegrupper på småbarnsavdelinger eller med barn som har norsk som andre talespråk.
Tegn-til-tale i barnehage og skole er en fagfellevurdert, vitenskapelig antologi med mål om å styrke eksisterende praksis med forsking og faglige begrunnelser. Boka har bidrag fra sentrale fagpersoner fra utdanningsinstitusjoner og praksisfeltet, blant annet språkforskere, pedagoger, spesialpedagoger, ei mor og en som selv brukte tegn-til-tale i oppveksten.
Boka passer for alle som vil lære mer om god kommunikasjon og inkludering i barnehage og skole.
Inger Birgitte Torbjørnsen, Randi Neteland og Edit Bugge har med seg bidragsyterne Nina Braadland, Gunn Marit Edland, Maria Elofsson, Cathrine Evensen, Mia Johansen, May Britt Nordtveit, Wenche Rognlid, Elin Stampeløkken, Tobba Therkildsen Sudmann, Gunn Irene Suhr, Gro Hege S. Urdal og Arnfinn Muruvik Vonen.
ISBN 978-82-15-05992-1
9 788215 059921
788215 9 059921