
4 minute read
14Grunnlova 1940–1945
ved at kongen ikkje kunne skaffe ny regjering. Det var dermed ei grunnlovstilvising i 7. juni-vedtaket. Men grunnlovsteksten var ikkje formelt endra. I si tid, hausten 1814, hadde Grunnlova måtte endrast på grunn av unionsinngåinga. No var det tid for å reversere dette. Den 18. november 1905 gjorde Stortinget etter ein del prinsipiell debatt eit vedtak som hadde slik innleiing:
«For at bringe grundlovens lydelse i overensstemmelse med stortingets beslutning af 7de juni 1905 bestemmes: Grundlovens §§ 11, 15, 38, 42 og 93 er ophævede. Efternævnte paragrafer lyder som følger: …»47
Som ein kan forstå av vedtaksteksten, hadde det vore diskutert kva kompetanse Stortinget hadde i den dåverande situasjonen når ein ikkje ville eller kunne følgje dei vanlege endringsreglane i dåverande § 112 (no § 121). Gjennomgåande var prinsippet at ein berre skulle endre det som var forårsaka av unionen og dermed følgde av 7. juni-vedtaket, slik ein ser av formuleringa av vedtaket, og ikkje vedta slikt som elles ville vere fornuftig å gjere med det same. Det innebar på mange punkt å gå tilbake til tekst frå Eidsvollsgrunnlova, men ein del av det som hadde kome inn i Novembergrunnlova, blei verande. Eit døme på at ein likevel ikkje heilt gjekk tilbake til det som hadde stått i Eidsvollsgrunnlova var at ein heldt på ordet «selvstændigt» i § 1 i staden for å gå tilbake til at Noreg var eit «uafhengigt» rike.48 På grunn av bruken av prinsippet for den ekstraordinære grunnlovsendringa blei det behov for andre moderniseringar av Grunnlova i åra som kom etter 1905.
I 1905 fullførte statsminister Michelsen det parlamentariske system i Noreg ved å forklare den nye kong Haakon 7. at det ikkje lenger var noko personleg kongemakt i den norske Grunnlova. Kongen måtte følgje fleirtalet i regjeringa.49 Og regjeringa hadde berre Stortinget som basis. Men sjølve parlamentarismen blei først grunnlovfesta i 2007 i § 15.
Etter 1905 med etablert parlamentarisme var det behov for ytterlegare endringar i Grunnlova og ei rekkje større og mindre endringar blei gjort dei første åra. Dei viktigaste gjaldt statsrådsbehandling av utanrikssaker, verknaden av kontrasignatur og formalisering av at kongens vetorett ikkje gjaldt andre stortingsvedtak enn lovsaker.50 I 1931 kom den viktige endringa i § 26 andre ledd om Stortingets medverknad ved traktatinngåing.
14Grunnlova 1940–1945
Norsk statsrettshistorie gjennom okkupasjonsåra gjeld i liten grad Grunnlova direkte og vil ikkje bli behandla særleg utførleg her. Den makta som kong Haakon 7. utnytta i 1940 ved det såkalte «Kongens nei» til krav frå tyske okkupasjonsstyrkar om å utnemne ei tyskvenleg Quisling-regjering, var ikkje utøving av personleg regjeringsmakt, men «abdikasjonens makt». Kongen hadde påverknadskraft gjennom sin rett til å abdisere, som ikkje er regulert i Grunnlova, men hadde blitt praktisert både i 1814 og i 1905. Gjennom krigsåra vart nok likevel oppfatninga av Grunnlova som viktig styrka i opinionen, mellom anna fordi kong Haakon og eksilregjeringa i London heldt sterkt på at det dei gjorde var basert på Grunnlova i kombinasjon med konstitusjonell naudrett. Kongen skal òg gjennom heile krigen ha gått med eit eksemplar av Grunnlova på innerlomma.
Den styresmakt som det tyske okkupasjonsstyret i Noreg hadde gjennom sine organ, dei kommissariske statsrådane, frå 24. september 1940, og frå den såkalte statsakta på Akershus 1. februar 1942 og dei følgjande dagane då Vidkun Quisling blei erklært som leiar av ei «norsk, nasjonal regjering» med tittel ministerpresident, var ikkje avleidd frå Grunnlova. Dei var rettsleg sett organ for det tyske okkupasjonsstyret. Grensene for kva desse organa kunne gjere, måtte dermed følgje av krigens folkerett.51 Ministerpresidenten tilla seg uavgrensa rett til å gi lover som avveik frå Grunnlova. Vedtaka skulle medunderskrivast av fagministeren, og om dei var avvik frå Grunnlova, også av justisministeren.52 Quisling vedtok også ei direkte grunnlovsendring ved at «jødeparagrafen» som var oppheva i 1851 blei gjeninnført i Grunnlova § 2.53
Rettsstillinga til dei norske lovlege styresmakter med konge og regjering i London under krigen bygde på konstitusjonell naudrett og på den såkalte Elverumsfullmakta frå 9. april på Hamar. Innkallinga skjedde i medhald av Grunnlova § 68 om høve til å halde storting andre stader enn i hovudstaden. Regjeringa styrte gjennom provisoriske anordningar, men som ofte gjekk langt
47 J.V. Heiberg, Unionens opløsning 1905 (1906) s. 1010. Dette er eit verk som samlar alle offentlege dokument om og knytta til unionsoppløysinga. 48 Om endringane i 1905, sjå elles kommentarane til Den svensk-norske union og til §§ 121 og 1. 49 Sjå Ola Mestad, «Unionsoppløysinga i 1905: parlamentarisme, strategi og statsrett», i Ola Mestad og Dag Michalsen (red.), Rett, nasjon, union.
Den svensk-norske unionens rettslige historie 1814–1905, Oslo 2005 s. 403–408. 50 Sjå kommentarane til §§ 28 og 30, § 31 og §§ 80 og 78. 51 Sjå Castberg, Statsforfatning I (1964) s. 125 og 127–128. 52 Castberg, Statsforfatning I (1964) s. 127 med tilvising til kunngjeringar i Norsk Lovtidend 1942 1ste avd. s. 83 og 115. 53 Grunnlovsbestemmelse 12. mars 1942 om tilføyelse til Grunnloven § 2 (jøders utelukkelse fra riket), jf. Norsk Lovtidend 1942 Avd. 2 s. 136.