
3 minute read
6Ferdigstillinga. Kongevalet
Utkastet og den endelege Grunnlova er prega av praktiske overleggingar om kva som kunne verke som fungerande rettsreglar. Dermed kutta dei ut prinsipp og verdiformuleringar som framstod som for generelle.
Arbeidet gjekk raskt unna på Eidsvoll. Konstitusjonskomiteen brukte i alt åtte dagar på å skrive sitt utkast og Riksforsamlinga brukte åtte dagar på å debattere og vedta.19 Det var votering av paragraf for paragraf og ofte hardkøyr på framdrifta. Røystetala er ikkje alltid oppgitt, men svært ofte vart framlegg vedtatt samrøystes. Alle visste nok at ein måtte bli ferdig før Karl Johan kom nordover igjen til Skandinavia med den trente svenske hæren som var i alliert kamp mot Napoleons hærar. Eit påfallande trekk er at Stortinget vart sterkare og røysteretten vidare enn tilfelle var i nokon av utkasta.
6Ferdigstillinga. Kongevalet
Den 11. mai var voteringane over og den vedtatte grunnlovsteksten gjekk til redaksjonskomiteen med medlemene filosofiprofessor Georg Sverdrup, byfut og sorenskrivar Christian Adolph Diriks og sorenskrivar Lauritz Weidemann. Dei var ferdig med sitt arbeid til den 16. mai. Komiteen «oplæste og fremlagde Constitutionen saaledes som den af same var bragt i Orden og Stiil», heiter det i referatet frå Riksforsamlinga. Og det blei «bifaldt».20 Det var redaksjonskomiteen som delte Grunnlova inn i fem delar:
A.Om Statsformen og Religionen. (§§ 1 og 2) B.Om den udøvende Magt, Kongen og den kongelige
Familie. (§§ 3–48) C.Om Borgerret og den lovgivende Magt. (§§ 49–86) D.Om den dømmende Magt. (§§ 87–92) E.Almindelige Bestemmelser. (§§ 93–110)
Allereie framlegget frå konstitusjonskomiteen hadde i hovuddrag den same rekkjefølgja, men inndelinga som redaksjonskomiteen gjorde førte òg til ei meir uttrykkjeleg prinsipiell innleiingsføresegn i del B, der det no blei ståande i § 3: «Den udøvende Magt er hos Kongen, hvis Tittel er …» mot den vedtatte, som lydde slik: «Regentens Titel er …» utan at noko var sagt om utøvande makt.21 I del C gjorde den vedtatte formuleringa alt bruk av uttrykket «lovgivende Magt», men denne vedtatte føresegna vart flytta fram som § 49 og dermed som første paragraf i del C, slik: «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, …»22 Del D fekk ikkje ei like flott innleiingsføresegn, men fekk iallfall overskrifta om den dømmande makt. Med desse grepa blei den endelege Grunnlova mykje tydelegare strukturert rundt dei tre statsfunksjonane.
Redaksjonskomiteen gjorde ein god del språklege endringar, men få som hadde noko å seie for realiteten bortsett frå omskrivinga av § 2 der føresegna om religionsfridom for alle «christelige Religions-Secter» blei tatt ut. Om dette, sjå kommentaren til tidlegare § 2.
Den grunnleggjande strukturen i Grunnlova var dermed at folkesuvereniteten var det overordna prinsippet. Maktfordelinga var knytt til det, slik at Stortinget alltid ville vinne fram til slutt. Kongen hadde berre utsetjande veto i lovsaker og ikkje veto i saker om grunnlovsendring.23 I forvaltningssaker var det derimot få restriksjonar på kongemakta. Til dømes hadde Stortinget inga grunnlovsbestemt rolle i militære spørsmål, bortsett frå løyvingsretten. Det blir somtid sagt at den norske Grunnlova hadde ei sterk utøvande makt samanlikna med andre grunnlover i samtida. Til det er å seie at ingen grunnlover som overlevde revolusjonsperioden som tok slutt i 1814, hadde så sterk nasjonalforsamling med lovgivande, skattleggande, løyvande og kontrollerande makt som den norske.
Den 17. mai blei prins Christian Frederik tilbydd den norske trona ved vedtak i Riksforsamlinga. Same dag, underskreiv presidenten, visepresidenten og sekretæren den vedtatte Grunnlova på vegner av Riksforsamlinga. Av dette følgjer dateringa av Grunnlova på 17. mai. Den blei overgitt prinsen som grunnlag for kongemakta. Og prinsen aksepterte den 19. mai og var dermed konge frå den dagen.24
Den nye Grunnlova blei mellom anna av Frederik Stang karakterisert som «democratisk-monarkisk».25 Dette omgrepet tok ikkje sikte på omfanget av røysteretten, men på rolla for folket i Grunnlova. Men i tillegg var røysteretten for menn vid. Den gjennomgåande tanken var at uavhengige menn over 25 år skulle ha røysterett. Kvinner, lønsarbeidarar og tenarskap var avhengige og fall utanfor.26
Ordninga av Stortinget var då slik at i vanlege lovsaker var Stortinget delt i Odelsting og Lagting, men der-
19 Slik Eirik Holmøyvik, Maktfordeling og 1814 (2012) s. 409–410. 20 Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 65. 21 Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) § 3 på s. 380, jf. s. 439 og 36. 22 Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) s. 451 (§ 78), jf. s. 52 og 388. 23 Sjå Holmøyvik, Maktfordeling og 1814 (2012) s. 453–463 og 515–517. 24 Riksforsamlingens forhandlinger I (1914) underskrivinga s. 79, voteringa i kongevalet s. 67–78, aksepten og eidsavlegging s. 103–103. 25 Frederik Stang, grundlovbestemte Ret (1833) s. 64. 26 Sjå kommentaren til § 50 for utviklinga av røysterettsreglane.